nyhende pÅ nynorsk/menu/sta… · skistjerne therese johaug har objektivt ansvar for at ho ikkje...

4
kort klart & TORSDAG 27.10.2016 NYHENDE PÅ NYNORSK 18 Foto: Karin Flølo / Klar Tale og Elisabeth Tønnessen / UiS VAL: Gunn Narten er brannkonstabel. Anders Christoffersen valde å bli sjukepleiar. Kvinner er sjukepleiarar, menn sløkker brannar Gunn og Anders viser at det ikkje må vere slik. – Eg hadde ikkje høyrt om damer i brannvesenet, seier Gunn Narten til Klar Tale. No reddar 30-åringen folk frå bilvrak og dykkar gjennom farleg røyk. Ho køyrer brannbil og bergar folk og hus. Narten er brannkonstabel og kvinne. Berre sju av 320 brannkonstablar i Oslo er kvinner, ifølge avisa VG. I Asker og Bærum jobbar det tre kvinner. – Dette er den beste jobben i verda. Men eg kunne gjerne jobba med fleire kvinner, seier Narten. Anders Christoffersen ville bli hjelpepleiar. Han var den einaste guten i klassa. Han studerte vidare og blei sjukepleiar. Om nokre år blir han lege. Nokre pasienter trur at han er legen når han kjem inn i rommet. Eller vaktmester. Berre éin av ti sjukepleiarar er menn, ifølge kanalen NRK. – Å vere sjukepleiar er mykje meir enn berre pleie og stell, seier han. Karin Flølo [email protected] Vel annleis Les meir på side 4 – Mange nordmenn har råd til å satse på musikk. MIDDELHAVET: Flyktningar held fram med å krysse Middelhavet i båt. Det norske skipet Siem Pilot redda 2.400 flyktningar i helga. Dei blei redda utanfor Libya. Søndag blei ein liten gut fødd om bord. Mor og barn blei frakta til sjukehus i Italia. ARGENTINA: Folk demonstrerer mot drap på kvinner i heile Argentina. Ei 16 år gammal jente blei valdteken og drepen i oktober. Tre menn er arresterte. Ein annan mann drap nyleg tre kvinner i byen Godoy Cruz, skriv nyhendebyrået NTB. Redda mange på havet Protesterer mot drap på kvinner

Upload: others

Post on 11-Aug-2020

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK/menu/sta… · Skistjerne Therese Johaug har objektivt ansvar for at ho ikkje får i seg ulovlege stoff. «Objektivt ansvar» består av to ord. «Objektivt»

kortklart& TORSDAG

27.10.2016

NYHENDE PÅ NYNORSK

18Fo

to: K

arin

Flø

lo /

Kla

r Tal

e og

Elis

abet

h T

ønne

ssen

/ U

iS

VAL: Gunn Narten er brannkonstabel. Anders Christoffersen valde å bli sjukepleiar.

● Kvinner er sjukepleiarar, menn sløkker brannar Gunn og Anders viser at det ikkje må vere slik.

– Eg hadde ikkje høyrt om damer i brannvesenet, seier Gunn Narten til Klar Tale. No reddar 30-åringen folk frå bilvrak og dykkar gjennom farleg røyk. Ho køyrer brannbil og bergar folk og hus.

Narten er brannkonstabel og kvinne. Berre sju av 320 brannkonstablar i Oslo er kvinner, ifølge avisa VG. I Asker og Bærum jobbar det tre kvinner. – Dette er den beste jobben i verda. Men eg kunne gjerne

jobba med fleire kvinner, seier Narten.

Anders Christoffersen ville bli hjelpepleiar. Han var den einaste guten i klassa. Han studerte vidare og blei sjukepleiar. Om nokre år blir han lege.

Nokre pasienter trur at han er legen når han kjem inn i rommet. Eller vaktmester. Berre éin av ti sjukepleiarar er menn, ifølge kanalen NRK. – Å vere sjukepleiar er mykje meir enn berre pleie og stell, seier han.

Karin Flø[email protected]

Vel annleisLes meir på side 4

– Mange nordmenn har råd til å satse på musikk.

MIDDELHAVET: Flyktningar held fram med å krysse Middelhavet i båt. Det norske skipet Siem Pilot redda 2.400 flyktningar i helga. Dei blei redda utanfor Libya. Søndag blei ein liten gut fødd om bord. Mor og barn blei frakta til sjukehus i Italia.

ARGENTINA: Folk demonstrerer mot drap på kvinner i heile Argentina. Ei 16 år gammal jente blei valdteken og drepen i oktober. Tre menn er arresterte. Ein annan mann drap nyleg tre kvinner i byen Godoy Cruz, skriv nyhendebyrået NTB.

Redda mange på havet

Protesterer mot drap på kvinner

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK/menu/sta… · Skistjerne Therese Johaug har objektivt ansvar for at ho ikkje får i seg ulovlege stoff. «Objektivt ansvar» består av to ord. «Objektivt»

2 TORSDAG27.10.2016NOREG

– Unge stressar seg sjukeHELSE: Lege Trond H. Diseth ved Rikshospitalet er bekymra. Fleire barn og unge blir sjuke av stress. Fire gonger så mange må på sjukehuset som for fem år sidan. Det skriv avisa VG.

Christina Henriksen svima av på jobb. Ho blei køyrd til sjukehus i ambulanse. Beskjeden frå legen var klar.

22-åringen hadde stressa seg sjuk.– Eg har alltid stressa, seier ho til avisa.

Lege Diseth seier at skulen gjer barna stressa, ifølge fagbladet Utdanning.– Skule og helsevesen må jobbe saman. Dei må gjere noko for å stoppe utviklinga, seier han.

Å stresse er ein naturleg del av livet. Tre av ti barn og unge merkar stresset på kroppen, seier Diseth. Nokon treng hjelp frå helsevesenet. Dei kan oppleve å bli lamma.

Karin Flø[email protected]

TURISME: Nord-Noreg tener mykje meir pengar på turistane. Turistane kjem for å sjå nordlyset. Hotella har fire gonger fleire overnattingar no enn i 2006. Det var då Noreg begynte med reklamar om nordlyset. Nordlys-kampanjane våre har fungert veldig bra, seier Cathrine Pia Lund i Innovasjon Noreg. Turistane bruker også meir pengar om vinteren, skriv kanalen NRK.

Jaktar på lyset i nord

FARGAR: Turistar reiser gjerne til Nord-Noreg for å sjå nordlys. Bildet er frå Tromsø i Troms.

Foto: Stoltz Bertinussen / NTB scanpixKort fortaltNorske havforskarar får lov til å undersøke Barentshavet på russisk side. Russland sa først nei.

Ei kvinne måtte slutte i jobben i Hordaland. Sjefen meinte ho jobba for tregt med å pakke fisk. Kvinna vann i retten og får jobben tilbake.

To personar blei slått og rana. Det skjedde i Stavanger i natt til laurdag. Søndag blei ein annan person forsøkt rana.

Tulla om menn som blir valdteknePOLITIKK: Atle Simonsen tulla om menn som er blitt valdtekne av kvinner. Simonsen jobbar som rådgjevar for helse-minister Bent Høie. Fleire meinte vitsen blei feil. Høie seier at det ikkje er greitt å tulle om valdtekt. Simonsen beklagar, skriv avisa VG.

Må slutte i TelenorJOBB: Rundt 180 personar må slutte i Telenor. Teleselskapet stenger kontora i Førde, Steinkjer og Lillehammer. I tillegg stenger dei ei avdeling for bedrifter i Stavanger. 60 av dei 180 personane jobbar på Fornebu i Bærum. Telenor seier årsaka er utvikling i teknologien.

Objektivt ansvar ● Skistjerne Therese Johaug

har objektivt ansvar for at ho ikkje får i seg ulovlege stoff.

● «Objektivt ansvar» består av to ord. «Objektivt» er eit anna ord for sakleg. «Ansvar» er ei forplikting. «Objektivt ansvar» betyr at du må ta ansvar, sjølv om du ikkje er skuldig.

● Objektivt ansvar gjeld også utanfor idretten. Du er skuldig om du køyrer på ein person med bilen din. Sjølv om personen spring ut i vegen.

ORD I NYHENDA

Foto: NT

B scanpix

Kjelde: NTB, NRK

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK/menu/sta… · Skistjerne Therese Johaug har objektivt ansvar for at ho ikkje får i seg ulovlege stoff. «Objektivt ansvar» består av to ord. «Objektivt»

TORSDAG27.10.2016 3 VERDA

Foto: NT

B scanpix

Kjempar om kontroll over MosulIRAK: Terrorgruppa IS har drepe 284 gutar og menn i byen Mosul i Irak. Dei blei skotne fredag, melder den amerikanske kanalen CNN.

IS kjempar for å behalde makta i byen. Dei har styrt byen i to år. Irakiske og kurdiske soldatar nærmar seg Mosul. Dei har teke kontroll

over fleire landsbyar i området. Søndag fekk dei støtte fra tyrkiske soldatar også.

Giftig røyk har skapt problem i områda rundt Mosul. Nesten tusen menneske har fått behandling. Røyken kom då IS sette fyr på ein fabrikk.

Over 5.000 menneske har

flykta fra Mosul etter at kampane starta. Det seier Dei sameinte nasjonane. Dei er redde for at IS brukar vanlege menneske som skjold. Dei er også redde for at IS drep folk i staden for å sleppe dei fri.

Maren [email protected]

● 46 år gammal, leiar for bondepartiet LGPU i Litauen.

● LGPU vann valet søndag. Partiet får flest plassar i nasjonal-forsamlinga. Partiet har berre hatt éin plass i forsamlinga til no.

● LGPU har ikkje sagt kva parti dei vil danne regjering saman med. Det melder danske TV 2.

NAMN I NYHENDA

Foto: NT

B scanpix

Ramunas Karbauskis

FRANKRIKE: 60 bussar venta i Calais i Frankrike måndag. Dei skulle frakte flyktningar vekk frå leiren «Jungelen». Mellom 6.000 og 8.000 menneske har budd der den siste tida. Dei vil til Storbritannia, men Storbritannia seier nei. Flyktningane blir sende til asylmottak rundt om i Frankrike i staden, skriv nyhendebyrået NTB.

Stenger leiren «Jungelen»

VEKK: Flyktningar fra Calais ventar på å bli frakta vekk.

Foto: Reuters / NTB scanpix

Hillary blir meir populærUSA: Hillary Clinton leiar før valet i USA. Det viser ei ny måling. Både Clinton og Donald Trump vil bli den neste presidenten i USA. Clinton får 50 prosent av stemmene i målinga. Trump får 38 prosent. Valet skjer 8. november.

Bør sove med foreldraUSA: Spedbarn bør sove i same rom som foreldra det første året. Det kan gjere faren for krybbedød mindre, viser ein amerikansk studie. Krybbedød er den vanlegaste årsaka til at spedbarn døyr.

Kort fortaltKvinner skal igjen få besøke det mest heilage rommet i moskeen Haji Ali. Moskeen ligg i Mumbai i India. Kvinner har ikkje fått besøkt rommet sidan 2011.

Tre personar er angripne av hai i Australia denne månaden. Ein mann blei skadd då han surfa i området Byron Bay måndag. Minst 77 menneske døydde i ei ulykke i Kamerun laurdag. Ulykka skjedde då eit tog spora av i byen Eseka. Kjelde: NTB

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK/menu/sta… · Skistjerne Therese Johaug har objektivt ansvar for at ho ikkje får i seg ulovlege stoff. «Objektivt ansvar» består av to ord. «Objektivt»

4

Blir stjerner på nett ● Unge, norske artistar

blir oppdaga på internett. Maybon vil nå draumen med «The Stream».

Mange unge sit med laptopen sin og lagar musikk. 17 år gamle Eivind Wøien er éin av dei. Han kallar seg Maybon.– Du treng berre ein PC og dei rette programma. Eg prøver å finne mi eiga greie. Målet er at andre skal høyre at det er musikken min, seier Wøien til Klar Tale.

Han lagar musikken på rommet heime i Gran i Oppland. Wøien gjer det allereie bra. Den eine låten hans er spelt 250.000 gonger

på tenesta Spotify. Han har også remixa ein låt for gruppa Marcus & Martinus.

No satsar Wøien på «The Stream» på kanalen TV 2. Deltakarane konkurrerer om å få folk til å strøyme musikken deira.

Han ønsker å bli like kjend som produsentane Seeb. Dei to nordmennene er kjende over heile verda. Fleire nordmenn gjer det bra i utlandet. Kygo, Alan Walker, Cashmere Cat og Matoma er nokre av dei.

Det er fleire grunnar til dette, meiner Vegard Waske. Han driv selskapet Upfront Artists

og er manager for fleire artistar.– Mange nordmenn har råd til å satse på musikk. Går det ikkje, kan dei flytte heim att til mamma. Vi er også litt sta. Vi vil gjerne gjere ting litt annleis enn andre. Då lagar vi også musikk som er litt annleis, seier han.

I dag blir flest oppdaga på internett.– Vi leitar etter talent på stader som Soundcloud, Spotify, YouTube og Hype Machine-bloggar, seier Leif Ribe. Han jobbar i plateselskapet Sony.

Maren [email protected]

KJEND: Eivind Wøien lagar musikk heime på rommet sitt. Han er heilt i toppen i TV-konkurransen «The Stream».

Foto

: TV

2

KULTUR Konstituert redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.

OPPGÅVA