kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · kyrkjelyden kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i vinje nr....

12
KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019

Upload: others

Post on 26-Jul-2020

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

KYRKJELYDENKyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje

Nr. 73 Advent og jol 2019

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

Page 2: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

Lovnader om kjærleik Jolehelsing frå biskop Stein Reinertsen

Ein handverkar var kjent for ikkje å kome når han hadde lova. Grunngjevinga hans var: «Ein kan ikkje både love og halde på ein gong.» Vi har vel alle gjort våre eigne erfaringar i høve til dei lovnadene vi sjølv har gjeve, og dei som andre har gjeve til oss. Det er ikkje alltid samsvar mellom ord og handling.

Rudolf Nilsen skriv i eit av dikta sine: «Intet er mer som skrift i sand enn løfter om kjærlighet.» Det du skriv i sand, vert ikkje ståande. Vind og bølger viskar skrifta ut. Det blir gløymt for alltid. Skal lovnader ha ein verdi, må dei oppfyllast. Lovnader om kjærleik må få praktiske utslag i handlingar som visar at du er glad i eit menneske.

Når keisar Augustus påbyr at alle skal skrive seg inn i manntal, skriv samstundes Gud seg inn i historia vår ved at Jesus blir født som eit barn. Juleevangeliet startar slik på latin: «Factum est» - fakta er. Ein har sagt at julenatt fekk Gud adresse på jorda. «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda», skriv Johannes. Ordet fotografere kjem frå gresk og tyder direkte oversett «å skrive med lys». Når Jesus skriv seg inn i verda, teiknar han eit bilete av korleis Gud er, med ord og ikkje minst i konkret handling.

Guds lovnader om kjærleik vert synlege når han vert ein av oss. Guds lovnader om kjærleik får sitt aller tydelegaste teikn når Jesus gjev livet sitt for vår skuld. Så høgt er vi elska av Gud. Gud ønsker å skrive seg endå lengre inn enn i historia vår. I Austkyrkja seier dei: «Kristus blei det vi er, for at vi skal bli det Han er». Han ønsker å skrive seg inn i våre liv. Det er det som kallast å tru. Trua er ein relasjon til Jesus. Johannes skriv i juleevangeliet sitt: «Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans». Jula fortel oss at Gud ikkje skriv sine lovnader om kjærleik i sand, men i handling.

Med ønske om ei velsigna julehøgtid! Stein Reinertsen Biskop i Agder og Telemark

Redaksjonen heng seg på biskopens helsing, og ynskjer alle lesarane ei god adventstid og ei gledeleg jol!

2

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 2 04.12.2019 17:51:34

Page 3: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

Kyrkja i Vinje og Rauland www.vinje.kyrkja.no

KYRKJEKONTORET

Kjell Magne Grave, kyrkjeverje Tlf. 35 06 25 87 – mob. 481 20 117 E-post: [email protected]

Sekretær Reidun Nystog Tlf. 35 06 25 85 – mob. 992 15 269 E-post: [email protected]

PRESTANE

Sokneprest i Vinje Tor Eivind Erikstein Tlf. 952 37 673 E-post: [email protected]

Hallvard N. Jørgensen, vikarprest Vinje og TokkeTlf. 959 22 984E-post: [email protected]

KYRKJELYDSPEDAGOG Ingen tilsett i denne stillinga for tida

ORGANISTANE Robertas Lamsodis, mob. 970 97 475 Vaida Lamsodiene, mob. 414 58 747

KYRKJETENARANE Vinje og Nesland: Knut Rune Tveiten Tlf. 952 02 298

Grungedal: Tone Edland Tlf. 959 30 407

Rauland og Øyfjell: Olav Jore Tlf. 909 41 722

Møsstrond: Hilde Hovden Tlf. 915 92 913

DIAKONEN Eilev Erikstein Tlf. 911 13 580 E-post: [email protected] Nettstad:www.prostidiakon.no

Arbeidet med bladet vart avslutta 3. desember 2019. Redaksjonen av denne utgåva er Åsta Østmoe Kostveit, Grethe Sørbø Solstad, Kari Bjåen, Tor Eivind Erikstein og Oscar Johan Garnes

"Kyrkjelyden" sitt bankkontonummer er: 0540 16 91040

3

Diakonalgang med Eilev og IvarEilev Erikstein har vore diakon i Vest-Telemark i meir enn 28 år, og Ivar Solbu soknediakon i Sauherad i 43 år (!).

I oktober takka Ivar av som diakon og i haust spela dei to inn fire såkalla "podcastar", kvar på omlag 20 min. Der auser dei av sine erfaringar som diakonar i til saman meir enn 70 år.

Dei reflekterer over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet, men ikkje minst om glede i møte med all slags folk i ulike situasjonar. Unge og gamle. "Det er rein nåde å få lov å vera diakon", seier dei. Podcastane er til inspirasjon og til bli litt klokare av, og sjølvsagt, når dei to kjem saman, er det god blanding av alvor og skjemt. Podcastane når ein via egna "appar" på smart-telefon, nettbrett eller pc, td med Spotify. Lenke finst og på nettsida og facebooksida til Eilev. Søkeord: "Diakonalgang".

Eilev fekk prisen! I år fekk Eilev den nasjonale diakoniprisen som Stiftelsen CRUX deler ut i samarbeid med det Norske Diakonforbund. I juryens si grunngjeving står det at Eilev har vore ein synleg diakon og ei tydeleg stemme i det offentlege rom på vegne av menneske i utsette og sårbare livssituasjonar. Vi takkar Eilev for at han valde Vest-Telemark og kyrkja her, som sin arena for sitt diakonale virke. Gjennom sin nærleik, kjærleik og kunnskap om menneska her, har han vore kyrkja sitt kroppspråk her i bygdene i meir enn 28 år. Gratulerer!!

3

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 3 04.12.2019 17:51:34

Page 4: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

Typisk norsk å dele av overflod? Eit sjølvsagt innslag i gudstenestene, også i jola, er at ein går kring altaret og gir ei gåve til eit godt formål. På det liturgiske språket heter det takkoffer, eller berre offer, sjølv om gåva berre sjeldan grip så djupt i lommeboka, at det kan seiast vere eit offer… Det er sokneråda som vedtek kven som skal få ofringane i samband med messene. I jola er Kirkens Nødhjelp ein av organisa-sjonane som ofte får ei slik ofring. Vi sender her vidare stoff frå Kirkens Nødhjelp, som gir ein glimt inn i ei

fødestoge i Shasamane i Etiopia, 240 km inn i landet frå hovudstaden Addis Ababa. Til dei som ikkje får høve til å ofre i kyrkja i jola, oppmodar vi om å sende pengar direkte til Kirkens Nødhjelp.

Slik gir du fram for å sende ei gåve til Kirkens Nødhjelp:

- Vipps eit valfritt beløp til 2426.- Send GAVE på sms til 2426 og gi 200

kroner.- Gåvekonto: 1594.22.87248

Rom for morskjærleik Som ein oase midt i det kaotiske sjukehuset, ligg eit lite rom med sengeplass til seks nybakte mødrer. Der får dei ro, hjelp og kvile. Og kanskje augekontakt med babyen sin for aller første gong. Tekst: Anette Torjusen Foto: Håvard Bjelland

Vi ser den vesle bylten med ein gong. I eit mjukt blått teppe mot den glisne plastmadrassen på senga av stål. Fatoma er stolt mor til lille Caaltuu, som bare er ein dag gamal. Ho blir liksom aldri ferdig med å stirre. Små grynt,

nokre få rørsler med hendene, før søvnen igjen tar overtak. Det er roleg, stille og berre mumling i rommet. Opnar vi døra, ser vi eit folkehav av travle legar, pasientar og pårørande.

Viktig å følgje dei opp Det er ikkje så rart at alle spring, for sjukehuset Melka Oda i Shasamane (Etiopia) skal gi helsehjelp til 400.000 menneske. På for liten plass og med for få tilsette. Men eit problem er løyst, og det er kor dei skal gjere av nybakte mødrer. For det var ei skikkeleg nøtt. Det var ingen ledige rom nokon stad på sjukehuset. Løysinga vart eit heilt nytt bygg midt på gardsplassen. Ikkje stort, men akkurat passe. Med støtte frå Kirkens Nødhjelp og samarbeidspartnar Tamra.

- For to år sidan hadde ikkje kvinnene somskulle føde eller hadde født, nokon stad å verepå sjukehuset. Men takka vere samarbeidet harvi no dette rommet. Det er i bruk heile døgnet,seier doktor Hawi Kidanu.Berre i august i år vart det fødd 500 babyar vedsjukehuset.

4

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 4 04.12.2019 17:51:34

Page 5: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

- Det er så utruleg viktig at vi kan følgje deiopp etter fødselen. Slik at dei kjem i gangmed amminga, får gitt barna vaksiner ogden helsehjelpa dei treng, forklarar ho.Sidan pågangen er så stor, kan dei berrevere der i 24 timar etter fødsel.- Vi skulle gjerne hatt dei der lenger, menvi får gjort mykje på 24 timar. Ikkje minstfortalt dei om at vi har helsestasjon og tettoppfølging av mor og barn på sjukehuset.

På sykehuset i Shashamene i Etiopia, er ett av venterommene som støttes av Kirkens Nødhjelp. Siden sykehuset er så fullt, brukes det til barselavdeling.

Å gjera Vest-Telemark til ein varmare stad å bu Kom med framlegg til kandidatar til diakoniprisen!

Sidan 1994 år har ein delt ut Diakoniprisen for Vest-Telemark. Prisen går til personar, lag eller organisasjonar som er med på «å gjera Vest- Telemark til ein varmare stad å bu». No er tida inne for å finne kandidatar. I fjor var det tilsette og innsette i Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend som fekk prisen. Send framlegg til Diakoniprisen 2020, med grunngjeving, til Prostidiakonen innan 1. april 2020. Prisen vert delt ut under Diakonisamlinga i Vinje laurdag 18.april 2020.

Fasteaksjonen 2020 er tysdag 31. mars Berre så det veit det: neste års fasteaksjon er fastsett til tysdagen før Palmesundag, altså tysdag 31. mars. Då kjem konfirmantar, foreldre og andre vandrarar (køyrarar), på dørene med bøsser og ber om gåver til Kirkens Nødhjelp. Dette er ein årviss tradisjon, som brukar å gi godt resultat for regionen vår. I fjor samla ein inn til reint vatn til land i Afrika og Asia. I dei seks Vest-Telemark-kommunane samla ein 265 000 kr, om lag 20kr pr. innbyggjar. Optimisme og glede er stikkord framfor 2020-aksjonen!

5

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 5 04.12.2019 17:51:34

Page 6: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

Kyrkjelydsbladet nov. – des. 1940

Ein bunke kyrkjelydsblad frå den første tida bladet kom ut, kom oss i hende i sommar, og er ei

kjelde til kunnskap om mellom anna krigsåra. Kyrkjelydane hadde prestar med klåre standpunkt mot okkupasjonsmaktene, noko som blei synleg i blada dei sende ut. Julenummeret 1940 var det Agnar Sandvik (A.S.), som var redaktør. Odd Godal (O.G) var og bidragsytar og skriv mellom anna om biskopane «som hev vore samla i Oslo til fleire dages møte med dryfting av stoda no.»Han etterlyser resultatet av drøftingane, og kommenterer at det er merkeleg at ein ikkje høyrer noko frå bispar som elles var raskt ute med meldingar frå møta sine.

Etter kvart kom det likevel ut meldingar både frå

bispemøtet og eit viktig møte i Calmeyer-gaten Misjonshus i Oslo der leiarane i dei ulike kristelege organisasjonane møttest saman med biskopane til drøfting av situasjonen. Erklæringane frå møta blei gjengjeve i sin heilskap i Kyrkjelyden. I bygdane knytt til Lårdal, Rauland og Vinje prestegjeld, fekk slik aktuell og oppdatert informasjon om kyrkjeleiarene sin ståstad dette første krigsåret.

Men og det heilt trivielle var det plass til – bladets økonomi:

«Me hev høyrt mange uttala seg om at dei set pris på bladet. Og det er me glade for. Det er vår von og vår vilje å halde fram med det, då me og er visse på att hev ei uppgåve i kyrkjelydane, ikkje minst i denne tidi. Dette året hev det av visse grunnar kome litt ujamt, men det skulle no kunne bli betre. Kontingenten er framleis 1,00 for året, men då dette no vert i knappaste laget, ville me vere takksame um ein eller annan ville betala litt meir. Stoff til bladet sender ein til presten Sandvik,Vinje

På gravferdsvandringa på Rauland kyrkjegard i sommar, stoppa ein mellom anna ved grava til Gro Vaa sin far. Der las ho eit dikt til far sin, som vi gjengir her på oppfordring fr mange av dei som høyrde det i sommar. Diktet fortel om ei tid som var, med folk som levde og bygde i desse grendene, og som slik er grunnlaget for dei liva vi no lever.

Til far. I hugen min der ser eg dei fiskevatn og fjell som alltid renn i minnet når dagen gjeng mot kveld. Eg ser så klårleg auren som splintrar vatnets fred med kåte sprell og fakter han dukkar atte ned. Og soli gyller blånen så endelaust av stad og stilla syng den tonen, den venaste av kvad. For den som tonen høyrer og i hug han fangar inn han gløymer aldri detta, det hefter i hans sinn. Til deg du seige fjellkar av gamalt fjellfolks ætt som er ein del av fjellet, det er din fødselsrett. Om liten guten trødde så traust med småe sko, du alt på denne tid hadde kjent ditt fjellfolks blod. Og barneleiken sorglaust gjekk til dei gamle fjell du lærde navn på fuglar på rupe, røy og tjeld om dyra snart du visste og vanar som dei bar. I leiken alvor blandast for du blei vaksen kar.

Og dragnaden og lengsler snart fyllte unge sinntil unge jenta fager, han lite med det vinn.Og fram stig vidda no i eit ljos forklåra reintog mosagrodde steinar høyrde det dei gløymde seint.Kvardagen kom såleis og vidda blei til mat.For heime venta munnar som kravde fulle fat.Om mannen kjende villskap då reinen stupa ned når sekken full var stappa då seig det på ein fred.Og mann og rein og vidde og vatn og alt var til Det var ein heilskap saman som saman vera vil. Han gav og tok og rådde med klokskap og med vidd og dei med tykke lekkjur i saman har seg smidd.Om mannen han blei gamal var fjellet like ungt dei stega som han sette, dei fall litt meire tungt Men ungdomsgløden fanga han atter når han såg ein reinflokk roleg beita omkring, og sume låg.

______________________________________________________________________________________

6

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 6 04.12.2019 17:51:34

Page 7: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

Grungedal takka

Ein fin oktobermed regn og sludd, arrangerte soknerådet i Grungedal eit lite "takkeparty" i kyrkjestoga. Frivillige i diakonutval, dåpsutval, orgelkomité, kyrkjelydsbladet, sokneråd m.fl. var inviterte. Ikkje alle hadde tid, men dei som kom kosa seg. Sjølv om biletet syner dei i ein alvorsprat...Ein mintes og Åsne Djuve Edland, ei klippe i kyrkjelydsarbeidet i årtier, både i soknerådet, men og i barnearbeid, som stod hennar hjarte nærast.

Soknerådsleiar Gerd Danbolt Svalastog leia, og takka kvar einskild for innsatsen med god mat, kaker - og ei fin rose. Her er det Kari Bjåen som får sin takk for sin innsats gjennom mange år i både barnearbeid og Kyrkjelyden - og som kasserar for soknerådet.

Biletet: F.v Tor Eivind Erikstein, Gudmund Tveito, Agnar Bratland, Sverre Romtveit, Tore Olav Svalastog, Josef Kili (skjult bak blomane), Sondre Bratland, Tone Edland og Borgny Romtveit. Nokre fleire var der, men som ikkje kom med på biletet. ___________________________________________________

__

Bjørn Nome sluttar - avskilsmesse 5. januarBjørn Nome sluttar i Tokke og Vinje for å ta til som sokneprest i Tvedestrand. Kyrkjelydane i Tokke og Vinje tek avskil med Bjørn på ei messe i Vinje kyrkje 5 januar 2020 kl. 11. Me ynskjer han Guds signing over det nye arbeidet og takkar han for det han har gjort for kyrkjelydane i Tokke og Vinje, gjennom dei åra han har vore her som prest

Kyrkjelydsmøte i Rauland

Det blir halde Kyrkjelydsmte i Rauland kyrkje sundag 9. februar, rett etter gudstenesta som startar kl 1100. Dette er det første kyrkjelydsmøtet etter at dei nye sokneråda er konstituert. Årsmelding for 2019 og rapportar frå dei ulike aktivitetane i kyrkjelyden, står på sakslista.Dei andre sokna har ikkje bestemt dato når bladet går i trykken._____________________________________________

Framhald frå side 6, diktet "Til far" av Gro Vaa:Hanen spendes atter i handa stø som fjell og store bukken stupa alt før ein høyrde smell. Og mannen rik seg kjende då flokken den kvarv burt. Han tek og han sparer, og han har ingen om det spurt.

Den dagen ser eg beksvart når vidda mistar deg for kvar ein stein og grastust har du stempla med eit steg. For då blir fjellet fattig og mistar all sin glød. Det var her du fann til spenning til fred og dagleg brød. Til deg du trauste fjellkar den seinste av sitt slag når vidda deg burt mistar ho det beste frå seg gav. Det var du som kunne ære og temje og rå med og reise frå ho heil att med same ro og fred.

Bygdekvinnelaget hadde pynta Vinje kyrkje med alle slag frukter og grønsaker ein kunne ønske seg. Ein fryd for auge var dei og - før dei etterkvart blei etne. Men det er jo det ein skal med mat! Ete - og så takke. Det var hausttakke-fest i Vinje kyrkje 13. oktober. 4-åringane i kyrkjelyden var særleg inviterte. Dei skulle få boka si. Det var bønevandring i kyrkja, og til slutt utlodning. Pengane som kom inn i ofringa og utloddinga, gjekk til TV aksjonen CARE. Fint å takke for dei ein får, og gi til dei som ikkje har så mykje.

________________________________________

Fargerik hausttakefest i Vinje kyrkje

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 7 04.12.2019 17:51:34

Page 8: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

For mange born er det største juleønsket kvit jul. Sjølvsagt er det for å kunne bruke ski og kjelke, men og å kunne vere saman med edruelege foreldre. «Kvite dagar» er eit omgrep som er mykje brukt om alkoholfrie dagar.

Born ønsker vaksne som er til stades og som ter seg normalt og er hyggjelege. I desember blir det drukke dobbelt så mykje alkohol som i dei andre månadene i året. Juletradisjonane er fuktige i mange heimar, og mange born gruar seg til jul på grunn av drikkinga til dei vaksne.

Barn legg merke meir enn vi tror

Det treng ikkje å vere alkoholisme eller fyll før eit barn opplever det som utrygt å vere saman med vaksne med promille. Eit par glas er nok til at det skjer endringar i oppførselen hjå den som drikk. Born merkar endringane mykje raskare enn den vaksne sjølv. Born er ikkje opptekne av mengda som vert drukke, men konsekvensane av inntaket. Mange vaksne som drikk saman med born, tenkjer nok ikkje på at borna synes det er utriveleg.

Eilev skreiv om dette i spalta si i VTB 26.november.

Eit lite utdrag av det han skreiv, tek vi og med her

«Alkohol ser ut til å vera ein alt viktigare del av jolefeiringa. Det handlar kanskje ikkje så mykje om akevitten, eller drammen til middagen, og det er ikkje alltid mengda som gjer ungar redde. Heller dette kor viktig alkoholen blir for å koma i stemning

- Når pappa drakk måtte me vera stille sommus, fortalte ein om barndomsjola. - Når deiandre gleda seg til gåver og god mat, såg egfram til fyrste skuledagen etter ferien. Deivanlege dagane gav tryggleik. Drikkinga gjekkføre seg mest i helger og høgtider. Ofte varpappa ikkje veldig full, men eg lika heller ikkjehans alt for gode humør.»

Det er IOGT som køyrer Kvit jol- kampanjen. I fjor var det 17 000 menneske som skreiv at dei vil gje borna ei alkoholfri jul. På nettet kan ein også i år signere oppropet, men viktigast er det å gi eigne born gleda over ei «kvit jol».

hvitjul.no/

8

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 8 04.12.2019 17:51:35

Page 9: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

Tradisjonar

Åsta Østmoe Kostveit

I ei tid då alt endrast så fort, er det godt med faste punkter i livet, noko som vi veit skal koma og som er nokolunde likt frå gong til gong. Det gjev tryggleik, og gleda som er ved attkjenning. Slike tradisjonar er til dømes: Advenstskonsertane. Tredje søndag i advent, 15. desember, skal Rauland Musikkorps ha sin årvisse konsert i kyrkja. Det er korpsets gåve til bygda. I år får vi og høyra gruppa Fjellrøyst. Tor Eivind Erikstein leiar kvelden og Robertas Lamsodis er organist.

Helgemesse. Denne gamle tradisjonen er blitt høgtida med kveldsmesse i Rauland kyrkje frå 1986. Men høgtida er sjølvsagt eldre og går attende til 800-talet. Helgemess var tidfest til 1. november, men i 1771 blei dagen rasjonalisert til første søndag i november her i landet. Som merkedag blei framleis helgemess knytt til 1. november, som i verset om snøen: «MIkjelmess kan du vente meg (29.sept.). Vetnet kjem eg vissst (14. okt.) Kjem eg ikkje før helgomess (1.nov.) bøyer eg bar og kvist.»

Også denne helgemessa lyste Rauland kyrkje opp med ljos ute på gravene, levande ljos ved kyrkjebenkene og etter kvart mange små ljos kring altarringen. Diakon Eilev Erikstein og konfirmantar tende ljos for alle som var gått bort i dette året, og så kunne alle tenne ljos for sine. Hallvard Jørgensen var prest og delte ord og song med oss. Det var song og musikk av familien Lamsodis . Sjølv om det er ei sorgmesse, er det jamt ein god og fin kveld.

Jol Dette jolediktet fortel også om små og enkle tradisjonar, som gjev attkjenning og glede.

Julekvelden Én kveld i året tok vi hverandre i hendene og gikk rundt et grantre og sang

Det var lys på grenene og gaver til og fra med sløyfeband omkring og glede,

Alle ble som barn og fars barkeneve åpnet seg rundt juletreet,

I småskor på stuetrammen hørte vi i skumringslufta vage klemt fra kirkeklokker langt bortefra.

Og snøen dalte og engler dalte ned på jorda i skjul.

Inger Dordi Østmøe

9

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 9 04.12.2019 17:51:35

Page 10: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

Konfirmantane våren 2019 Det er tradisjon i Kyrkjelyden at vi har bilete av ungdomane som står til konfirmasjon i kyrkjene våre. Det er kyrkjelyden sine unge, som vi har ansvar for. Derfor er det viktig at vi ser dei og veit kven dei er. Vi kom litt på etterskot med dei som stod til konfirmasjon i vår, og syner dei difor fram no.

Konfirmantane i Rauland, Øyfjell og på Møsstrond våren 2019

Frå venstre: Åsulv Fehn Lid,Solveig Øien Nykos,lise Gardsteig Svalastoga, prest Ruth Miriam Kolstad Varhaug, Åshild Hovden, Even Skinnarland, Daniel Frøland, Hanna Aas Kongshem, Synne Vaa, Johanne Killingtveit, Linn Astrid Nystog, Ivar Eivindson Kåsa, Håvard Aas Kongshem

Konfirmantane i Vinje våren 2019:

Frå venstre: Even Saupstad, Heidi N. Kostveit, Liv Randi Groven, Lars Solberg, Halvor Høgset Hegg, Cecilia Sheine, Signe Tjønn, Svein Tveito Skjævesland

Bak frå venstre: Tor Einar Versto, prest Ruth Miriam Kolstad Varhaug, Olav Haugeberg Midtbø

Konfirmantane i Grunge våren 2019:

Frå venstre:Talleiv Haugarne, Nils Romtveit, Sigve Haugarne, Snorre Nicolay Gregersen, Emma Johanne Strandkås Kili, Elise Olsen Gunvaldjord, prest Ruth Miriam Kolstad Varhaug, Guro Brostigen Ringhus, Jens Kristian Eide, Mattis Christenson, Emil Vassbotten Apeland

10

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 10 04.12.2019 17:51:35

Page 11: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

Døypte i Vinje og Rauland sidan siste kyrkjelydsblad

Vinje kyrkje: Mari Teigland Bråstøyl Ellinor Marie Hagen

Rauland kyrkje: Ingen

Grunge kyrkje: Herman Romtveit Gugarden

Møsstrond kyrkje: Ingen

Nesland kyrkje: Gunhild Bringsvær-StoråslidHalvor Nordjore-Sandok

Øyfjell kyrkje: Tov Feglesteg

Ektevigde i kyrkjene sidan siste kyrkjelydsblad

Gravlagde i Vinje og Rauland sidan siste kyrkjelydsblad

Grunge kyrkje: Magnhild Lillemo

Nesland kyrkje: Ingen

Vinje kyrkje: Håvard TurtedalenHon Vaa

Ætt skal fylgja ættarrad...

Øyfjell kyrkje: Margit LidAudun Trovatn

Vinje kyrkje: Ingen

Rauland kyrkje: Ingen

Grunge kyrkje: Arnhild Romtveit og Ragnar Gugarden

Møsstrond kyrkje:Ingen

Nesland kyrkje: Ingen

Øyfjell kyrkje: Ingen

Møsstrond kyrkje: Anny Dagalid

Siste kyrkjelydsblad var hausten 2019

Rauland kyrkje: Ingen

«Tider skal koma, tider burt skal kverva,Ætt skal fylgja ættarrad

Aldri skal tagna tonen frå himlen,Sjeli sitt glade pilgrimskvad.»

11

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 11 04.12.2019 17:51:35

Page 12: kyrkjelyden - nr 73 - nr 73-for nett.pdf · KYRKJELYDEN Kyrkjelydsblad for kyrkjelydane i Vinje Nr. 73 Advent og jol 2019 kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 1 04.12.2019 17:51:34

GUDSTENESTER I KYRKJENE I VINJE DESEMBER 2019, JANUAR, FEBRUAR OG MARS 2020

DESEMBER

Sundag 01.12 Rauland kyrkje 11.00 Fredag 06.12 Grunge kyrkje 18.00 Sundag 08.12 Øyfjell kyrkje 17.00 Tysdag 24.12 Rauland kyrkje

Rauland kyrkje Vinje kyrkje

14.00 16.00 16.00

Onsdag 25.12 Vinje kyrkje Rauland kyrkje

11.00 11.00

Torsdag 26.12 Øyfjell kyrkje Grunge kyrkje

11.00 11.00

Sundag 29.12 Vågslid,Tyrvelidhallen 11.00 Tysdag 31.12 Rauland kyrkje 23.15

JANUAR Onsdag 01.01 Grunge kyrkje 11.00 Sundag 05.01 Vinje kyrkje 11.00 Laurdag 11.01 Møsstrond kyrkje 17.00 Sundag 19.01 Rauland kyrkje

Vinje kyrkje 11.00 16.00

Sundag 26.01 Grunge kyrkje 11.00

FEBRUAR Sundag 02.02 Øyfjell kyrkje 11.00 Sundag 09.02 Rauland kyrkje 11.00 Sundag 16.02 Grunge kyrkje

Hotelltomta 11.00 13.30

Sundag 23.02 Møsstrond kyrkje 12.00

MARS Sundag 01.03 Rauland kyrkje 11.00 Sundag 08.03 Grunge kyrkje 11.00 Sundag 15.03 Vinje kyrkje

Øyfjell kyrkje 11.00 11.00

Sundag 22.03 Rauland kyrkje 11.00 Sundag 29.03 Grunge kyrkje 11.00

Med atterhald om endring! Sjå gudstenestelista i Vest-Telemark blad.

• Vinje songlag har konsert i Vinje kyrkje 08.12. kl. 18.00• Kjetil Flatland har konsert i Øyfjell kyrkje 14.12.19 kl. 18.00• Rauland-, Haukeli -Edland musikkorps og koret Fjellrøyst har

konset i Rauland kyrkje 15.12.18, kl. 19.00.

Og så minner vi om at ...

kyrkjelyden - nr 73-test for trykk.pdf 12 04.12.2019 17:51:35