ein- vakker- dag

13

Upload: det-norske-samlaget

Post on 24-Mar-2016

226 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

anna gavalda Eg vil at nokon skal vente på meg. Noveller. Frå fransk ved Ragnar Hovland. 2001, 2005, 2007 Eg elska ho. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2002, 2007 Saman er ein mindre aleine. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2005, 2007, 2008 Lykka er ein sjeldan fugl. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2009, 2010 Anna Gavalda Det Norske Samlaget Oslo 2010 Roman Frå fransk ved Tove Bakke

TRANSCRIPT

Page 1: Ein- vakker- dag
Page 2: Ein- vakker- dag

anna gavalda

Eg vil at nokon skal vente på meg. Noveller. Frå fransk ved

Ragnar Hovland. 2001, 2005, 2007

Eg elska ho. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke. 2002, 2007

Saman er ein mindre aleine. Roman. Frå fransk ved Tove

Bakke. 2005, 2007, 2008

Lykka er ein sjeldan fugl. Roman. Frå fransk ved Tove Bakke.

2009, 2010

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 2

Page 3: Ein- vakker- dag

Anna Gavalda

EIN VAKKER DAG

Roman

Frå fransk ved Tove Bakke

Det Norske Samlaget

Oslo 2010

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 3

Page 4: Ein- vakker- dag

Originaltittel: L’Échappée belle

© Le Dilettante Paris 2009

© norsk utgåve Det Norske Samlaget 2010

www.samlaget.no

omslag: Tove Laila Nilsen

førtrykk: Samlaget

skrift: Adobe Garamond

papir: 90 g Munken Print Cream 1.5

trykkeri: AIT Otta AS

Printed in Norway

ISBN 978-82-521-7562-2

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 4

Page 5: Ein- vakker- dag

Eg hadde knapt opna bildøra og fått halve

ræva inn på setet, før svigerinna mi gjekk laus på

meg:

– Men altså … Høyrde du ikkje at vi tuta?

Vi har stått her i ti minutt!

– God dag, svarer eg.

Bror min snudde seg. Og blunka kjapt.

– Bra med deg, gla’jenta?

– Jo da.

– Skal eg ta sakene dine i bagasjerommet,

eller?

– Nei da, elles takk. Eg har berre denne vesle

veska, og så kjolen … Den legg eg berre bak på

hylla her.

– Er dét kjolen din? Augebryna peiker mot

dei samantulla fillene i fanget mitt.

– Ja.

– Og kva … kva er det?

5

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 5

Page 6: Ein- vakker- dag

– Ein sari.

– Sett på makan …

– Nei, makan har du aldri sett, sa eg vennleg.

Berre vent til eg får han på meg.

Liten geip.

– Kan vi køyre, da? kjem det frå bror min.

– Ja. Nei, forresten … Kan du stanse hos

arabaren på hjørnet først, eg har gløymt noko …

Svigerinna mi stønnar.

– Kva skal du no ha?

– Hårfjerningskrem.

– Og slikt kjøper du hos arabaren?

– Hå, eg kjøper alt, eg, hos min kjære Rachid.

Absolutt alt!

Ho trur ikkje på meg.

– Er vi klare da? Kan vi køyre?

– Ja.

– Har du ikkje på deg selen?

– Nei.

– Og korfor har du ikkje på deg selen?

6

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 6

Page 7: Ein- vakker- dag

– Klaustrofobi, svarer eg.

Og før ho får begynt på refrenget om avvi-

sing av transplanterte organ og dødeleg utgang

og rehabilitering på Garches og alt, legg eg til:

– Og no vil eg sove litt. Er heilt gåen.

Bror min smiler.

– Har du nettopp stått opp?

– Har ikkje lagt meg enno, presiserer eg og

geispar.

Det er ikkje sant, sjølsagt. Eit par timar har

eg jo sove. Men det var for å terge svigerinna mi.

Og ho bit på. Ho bit på kvar gong, det er det

som er så fint med ho.

– Kva har du no vore ute på? mullar ho og

himlar med augene.

– Var heime.

– Hadde du fest?

– Nei, spelte kort.

– Kort?!

– Ja. Poker.

7

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 7

Page 8: Ein- vakker- dag

Ho rister på hovudet. Men forsiktig. Det

ligg føn & lakk i lufta.

– Så kor mykje tapte du? fleiper bror min.

– Ingenting. Eg vann faktisk.

Ljomande stilt.

– Er det lov å spørje kor mykje? Ho kika på

meg over dei italienske solbrillene og greidde

ikkje å halde seg lenger.

– Tre tusen.

– Tre tusen! Tre tusen kva?

– Nei … euro, sa eg truskyldig, – liten vits i

å surre med rublar, vel …

Eg gliste for meg sjøl og krølla meg saman på

setet. Der hadde eg gitt vesle Carinemor litt å

tyggje på for resten av turen …

Eg høyrde berre kor det knaka i hjernevin-

dingane der framme:

«Tre tusen euro … knak knaak knaaak …

Kor mykje måtte ikkje ho selje av tørrsjampo og

hovudverktablettar for å tene tre tusen euro? …

8

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 8

Page 9: Ein- vakker- dag

knaak knaak knaak knakk … Pluss dei faste ut-

giftene, pluss arbeidsgivaravgifta, pluss kommu-

neskatten, pluss husleiga og minus momsen …

Kor mange gonger måtte ho ikkje dra på seg den

kvite kittelen for å tene tre tusen euro netto? Og

sjukeforsikringa … åtte, og to i mente … Og

med feriepengar … blir ti, gonge med tre …

knaak knaak knakk …»

Ja. Eg måtte glise. Der eg sat og vart vogga i

søvn av duren frå familiebilen deira, med nasen

i olbogen og knea oppunder haka. Eg var rime-

leg stolt av meg sjøl, for svigerinna mi er er ikkje

berre-berre …

Svigerinne Carine har utdanna seg i farmasi,

men vil heller vi skal seie innan medisin, ho er

altså apotekar, men vil heller vi skal seie farma -

søyt, og driv altså apotek, men vil heller vi skal

seie laboratorium.

Ved desserten kvir ho seg ikkje for å sitje

og syte over bokhalderiet, går med kirurgkittel

knept til haka og med påstroken etikett med

9

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 9

Page 10: Ein- vakker- dag

namnet sitt på mellom to blå farmasisymbol.

No er det mest karotenkapslar og rumpe -

strammarkrem det går i, det er også der det er

mest å hente, men ho sjøl vil heller seie at ho

har optimalisert den parafarmasøytiske sektoren

sin.

Svigerinne Carine er temmeleg føreseieleg.

Da det openberra seg for Lola søster mi og

meg kva vi hadde fått inn i familien – direkte -

leverandør av antirynkekrem, Clinique-forhand -

lar og detaljist for Guerlain – kasta vi oss om

halsen på ho som to kvelpar. Oioioi! Gjett om

kroningsseremonien var klar da den dama skulle

presenterast i heimen! Vi lovde at vi alltid skulle

handle hos ho frå no av, og var meir enn villige

til å kalle ho både dokter og professor Lariot-

Molineux, så ho skulle like oss.

Vi var klare til å ta forstadsbana for å komme

på besøk, til og med! Og da … For Lola og meg

å skulle ta forstadsbana heilt til Poissy, da går vi

verkeleg langt.

10

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 10

Page 11: Ein- vakker- dag

Vi som slit berre vi kjem utafor ring 1 …

Men så trong vi ikkje dra dit heller, for da

det lakka mot slutten på denne første søndags-

lunsjen, greip ho oss begge i ein arm, slo blikket

ned og betrudde seg:

«Det er slik at … eg æh … kjem ikkje til å

kunne gi dykk nokon rabatt, fordi … ja, for be-

gynner eg først med dykk, ikkje sant … ja, de

forstår kva eg meiner … så blir eg … ja, da kan

det jo fort balle på seg, vel?» «Ikkje bitte lite

grann eingong?» svarte Lola og lo, «ikkje prøver

eingong?» «Jo dét, ja …» hadde ho svart og pusta

letta ut, «prøver, så. Ingen problem.»

Og da ho var gått, tvihaldande på handa til

bror min så han ikkje skulle flyge sin veg, stod

Lola og sende luftkyss etter dei frå balkongen og

murra: «Dei prøvene sine, dei kan ho ta og

stappe opp der du veit …»

Der støtta eg ho hundre prosent, og så riste

vi smulane av duken og snakka om noko anna.

Men no får ho ikkje levande fred for oss. Det

11

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 11

Page 12: Ein- vakker- dag

hender vel ikkje éin gong at vi treffer Carine

utan at eg begynner å snakke om mi venninne

Sandrine som er flyvertinne, og om rabattane ho

får ordna for oss i taxfree-en.

Eksempel:

– Du Carine … Kva trur du vi betaler for

Estée Lauder sin eksfoliant med dobbel nitro-

geneffekt og vitamin B12 ?

Ikkje noko «tenk på eit tal» for vår Carine

da, nei. Ho tenkjer. Ho konsentrerer seg, lukkar

augene, får opp i minnet listepris til forhandlar,

reknar ut marginen, trekkjer frå skattar og av-

gifter og plumpar til sist ut med:

– Førtifem?

Eg snur meg til Lola:

– Hugsar du kva du måtte gi?

– Æh … unnskyld? Kva snakkar de om?

– Den tofase-peelingen din frå Estée Lauder

med nitrogen og vitamin B12 du veit, som San -

drine ordna for deg her om dagen?

– Ja, kva med den?

– Kva gav du?

12

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 12

Page 13: Ein- vakker- dag

– Nei det … alt du spør om … Tjue og

noko, trur eg …

Det er så vidt Carine får lyd ut av seg:

– Tjue euro! For eksfolianten med B12 til

Lauder! Og dette er du sikker på?

– Trur det …

– Ja vel, til den prisen må det vere juks!

Sorry, jenter, juks og bedrag … Dei har hatt

niveakrem på piratkrukker, meir skal det ikkje til.

Eg beklagar å måtte seie det, ho gnir det trium -

ferande inn, – men her er de faktisk ute for svin-

del! Rein svindel!

Lola tar på seg ei sørgjeleg mine:

– Er du sikker?

– Heeeeiiiilt sikker. Eg kjenner trass alt kost-

prisen til mine eigne produsentar! Og når ein

veit at dei utelukkande bruker essensielle oljar

hos Lau…

Det er da eg snur meg til søster mi og spør:

– Du har ’an ikkje her?

– Har kva her?

– Kremen, vel …

13

Ein vaker dag ferdig.qxd:Gavalda 26-03-10 15:14 Side 13