kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv....

9
Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement 1 FAU ved Gaupne skule. «FAU går sterkt i mot at ungar på Skarpamo skal bli fråtekne skuleskyss.» -I 2013 vart det montert veglys på ovannemnde strekning. Og Røneidsvegen er no asfaltert. (manglande lys og «slagholer» er tidlegare nytta som grunngjeving for farleg vegstrekning.) Frå Skarpamo og heim til krysset til Røneidsvegen, Jostedalsvegen, er det 60 km/t. Vegen har veglys og er oversikteleg. På Røneidsvegen er det 50 km/t. Smalare veg, mindre oversikteleg, men lite trafikk. Over gamlebrua er det 50 km/t og 2 t akseltrykk. Brua er smal, og det er ikkje passering for bil og gåande. Men denne brua er allereie skuleveg for barn på Røneid. -Elevar på Skarpamo har hatt gratis skuleskyss, men etter rådmann si vurdering er dette ei «betre –ordning» etter at veglys og fast dekke er på plass. Strekninga kan ikkje lenger reknast som særleg farleg eller vanskeleg skuleveg. 2 Haugen/Kvam og Bjørhusdal/Hoel. «Krav om fri vinterskyss i Krundalen (8.–10. klasse)» -Elevane dette gjeld innfrir avstandskravet til fri skuleskyss då dei går på ungdomsskulen i Gaupne. Difor er det Fylkeskommunen som har ansvaret for å organisera og finansiera skyssen heim – skule. Krav om annan hentestad enn busstoppen på Gjerde grunna særleg farleg veg å gå frå Haugane til Gjerde, må difor rettast til Fylkeskommunen ved Samferdsleavdelinga, jamfør: Skyssreglement for grunnskulen i Sogn og Fjordane 2.2 Farleg skuleveg: Fylkeskommunen har avgjerdsmynde i saker om særskild skyss pga farleg skuleveg, når avstanden heim - skule er over 2/4 km. Ved eventuell klage på avslag er Fylkesmannen eventuell ankeinstans. -PS: Familien Haugen/Kvam har to gonger tidlegare fått avslag av kommunen på at strekninga Haugen – Gjerde skal reknast som særleg farleg. Ei av klagane blei vidaresendt til Fylkesmannen som gav kommunen medhald (2012). -Etter gjeldande fylkeskommunale regelverk, frå 2013, skal altså Fylkeskommunen vera første rette handsamingsinstans ved nye saker her. -Saka vert ev å kom tilbake til etter handsaming i fylkeskommunen. 3 SU ved Jostedal oppvekstsenter. «Skuleelevar frå 1-4 klasse langs fv.604 bør ha rett på fri skuleskyss heile året.» «Skuleelevar frå 5-7 klasse langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss» -Espe – Jostedal oppvekstsenter: Strekninga Espe – Jostedal oppvekstsenter har ikkje vorte rekna som særleg farleg tidlegare. Heller ikkje i denne omgangen. Eit sentralt moment har vore det låge trafikktalet. Elles minner me om det som Fylkesmannen ofte skriv i svara sine når det gjeld vedtak om vegstrekningar skal reknast som særleg farlege eller ikkje: «Fylkesmannen legg til grunn at det alltid vil vere risikofylt for barn å vere i trafikken, og då spesielt for barn i barneskulen. Vurderingstemaet blir likevel om eleven sin skuleveg, sett i høve til føresetnadane hans, representerer ein fare utanom det vanlege.

Upload: others

Post on 02-Oct-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss: Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss

Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement 1 FAU ved Gaupne skule.

«FAU går sterkt i mot at ungar på Skarpamo skal bli fråtekne skuleskyss.»

-I 2013 vart det montert veglys på ovannemnde strekning. Og Røneidsvegen er no

asfaltert. (manglande lys og «slagholer» er tidlegare nytta som grunngjeving for farleg

vegstrekning.)

Frå Skarpamo og heim til krysset til Røneidsvegen, Jostedalsvegen, er det 60 km/t.

Vegen har veglys og er oversikteleg.

På Røneidsvegen er det 50 km/t. Smalare veg, mindre oversikteleg, men lite trafikk.

Over gamlebrua er det 50 km/t og 2 t akseltrykk. Brua er smal, og det er ikkje passering

for bil og gåande. Men denne brua er allereie skuleveg for barn på Røneid.

-Elevar på Skarpamo har hatt gratis skuleskyss, men etter rådmann si vurdering er dette

ei «betre –ordning» etter at veglys og fast dekke er på plass. Strekninga kan ikkje lenger

reknast som særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.

2 Haugen/Kvam og Bjørhusdal/Hoel.

«Krav om fri vinterskyss i Krundalen (8.–10. klasse)»

-Elevane dette gjeld innfrir avstandskravet til fri skuleskyss då dei går på ungdomsskulen

i Gaupne. Difor er det Fylkeskommunen som har ansvaret for å organisera og finansiera

skyssen heim – skule. Krav om annan hentestad enn busstoppen på Gjerde grunna

særleg farleg veg å gå frå Haugane til Gjerde, må difor rettast til Fylkeskommunen ved

Samferdsleavdelinga, jamfør: Skyssreglement for grunnskulen i Sogn og Fjordane

2.2 Farleg skuleveg:

Fylkeskommunen har avgjerdsmynde i saker om særskild skyss pga farleg skuleveg,

når avstanden heim - skule er over 2/4 km.

Ved eventuell klage på avslag er Fylkesmannen eventuell ankeinstans.

-PS: Familien Haugen/Kvam har to gonger tidlegare fått avslag av kommunen på at

strekninga Haugen – Gjerde skal reknast som særleg farleg. Ei av klagane blei

vidaresendt til Fylkesmannen som gav kommunen medhald (2012).

-Etter gjeldande fylkeskommunale regelverk, frå 2013, skal altså Fylkeskommunen vera

første rette handsamingsinstans ved nye saker her.

-Saka vert ev å kom tilbake til etter handsaming i fylkeskommunen.

3 SU ved Jostedal oppvekstsenter.

«Skuleelevar frå 1-4 klasse langs fv.604 bør ha rett på fri skuleskyss heile året.»

«Skuleelevar frå 5-7 klasse langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss»

-Espe – Jostedal oppvekstsenter:

Strekninga Espe – Jostedal oppvekstsenter har ikkje vorte rekna som særleg farleg

tidlegare. Heller ikkje i denne omgangen. Eit sentralt moment har vore det låge

trafikktalet.

Elles minner me om det som Fylkesmannen ofte skriv i svara sine når det gjeld vedtak

om vegstrekningar skal reknast som særleg farlege eller ikkje:

«Fylkesmannen legg til grunn at det alltid vil vere risikofylt for barn å vere i trafikken, og

då spesielt for barn i barneskulen. Vurderingstemaet blir likevel om eleven sin skuleveg,

sett i høve til føresetnadane hans, representerer ein fare utanom det vanlege.

Page 2: Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss: Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss

Ein må ha i mente at det ikkje er uvanleg med dårlege og farlege vegar i Noreg. Vegane

kan vere smale, utan lys, vanskeleg føre og høg fartsgrense i høve til standard. Dette er

situasjonen for mange barn sin skuleveg, og kanskje i større grad enn elles i Sogn og

Fjordane.»

Skuleelevar på 1.-4 . trinn langs fv.604 bør ha rett på fri skuleskyss heile året.

Strekninga Bukti – Jostedal oppvekstsenter er allereie inne på lista over særleg farleg

strekning for dette alderssteget. Strekningane Prestanes – Jostedal oppvekstsenter og

Hesjevoll – Jostedal oppvekstsenter kvalifiserar og for å vere på lista med grunnlag i at

det er 80 km fartsgrense og nokre parti som er uoversiktlege med dårleg sikt. Alderen til

elevane er her eit vesentleg moment.

Formuleringa Bukti – Jostedal oppvekstsenter i oversikta over særleg farlege strekningar

kan bytast ut med forslaget frå SU: Hesjevoll – Jostedal oppvekstsenter, Prestanes –

Bukti – Jostedal oppvekstsenter.

Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss:

Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss frå Hesjevoll – Jostedal oppvekstsenter

gjeldande i tida 1. november - 15. april. Dette vedtaket fekk han hausten 2014.

Strekninga Bukti – Jostedal oppvekstsenter blei det søkt vinterskyss om i haust,

kommunen gav avslag og avslaget vart stadfesta av Fylkesmannen.

-Vinterskyss vil etter denne prosessen vere ei «betre-ordning» og rådmann finn ikkje

grunnlag for å gå inn på dette.

Prosess – ønskje om synfaring

Rådmannen tek ønsket om synfaring ved eventuelle klagesaker til etterretning.

Når det gjeld klagesaker til Fylkesmannen, er det Fylkesmannen sjølv som styrer

klagehandsaming og eiga ressursbruk og avgjer på sjølvstendig grunnlag om det er

naudsynt med synfaring.

4 Hans Olav Hellesøe

Innspel om «trafikktryggleik, materiell og sjåfør»

-Fylkeskommunen har godt fokus på dette tema og i «bestillinga» er eksempelvis dette

med bilbelte tema. Oppvekst har planlagt eit møte med Fylkeskommunen der rutinane til

sjåførane på skulerutene er tema og dette møte vil og ta inn tema omkring

bussmateriell.

5 Anita Haugen / Joar Duesund

«Me minner fortsatt på lovnaden om gratis skuleskyss ved kjøp av tomt/hus her på

Hestnes.»

-Påstanden har ikkje lete seg verifisera.

«Kanskje ikkje så tilfeldigt at desse endringane kom, så snart Hestnes-feltet var

ferdig utbygd.»

-Skyssaka om at ein del av Hestnesfeltet ikkje innfrir avstandskravet etter

opplæringslova kom opp fordi Fylkeskommunen gjennomførte ei kontrollmåling i fjor vår.

Kontrollmålinga skjedde på Fylkeskommunen sitt initiativ. Dette har Fylkeskommunen full

rett til, og kontrollmålinga vart gjennomført over heile fylket.

«Skal ikkje grunnskulen vera gratis?»

-Private skyssutgifter i denne samanhengen er ikkje i strid med prinsippet om gratis

grunnskuleopplæring. Etter opplæringslova er grensa for fri skuleskyss 2km / 4 km. (1.

trinn/ 2.-10. trinn). Under desse avstandsgrensene vert det vurdert som rimeleg at barna

Page 3: Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss: Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss

kan gå eller sykla til skulen. Om dei føresette vel å senda barna på buss eller vel å køyra

dei til skulen, er dette eit val og utgifter dei føresette må stå for sjølve.

Det vanlege er at kommunar og fylkeskommmunar praktiserer avstandsgrensa i tråd

med krava i opplæringslova. Berre her i fylket har me liknande saker som på Hestnes

både i Sogndal, Måløy og i Stryn. Avstandsgrensa vert følgt også i desse kommunane.

Rådmannen si innstilling om å følgja dei nasjonale avstandsgrenser samsvarar med

gjengs praksis i resten av landet.

«Men med ei utgift på kr 5 700 (som er barnebillettpris, og ein får ikkje meir rabatt enn

det....) pr år pr elev i transport, kan den vel ikkje kallast gratis lenger»

-Dette stemmer ikkje. Utgiften som det her vert referert til er kommunen sin

skysskostnad per elev per år. Private reisande - både vaksne og barn - kan kjøpa

periodekort som gjev om lag 50 % rabatt. Eit periodekort varar 30 dagar og kostar 340

kr for barn når strekninga er 3,1 – 6 km. Dersom ein kjøper periodekort frå midten av

august til midten av juni, vil den totale transportkostnaden vera 3 400 kr for eit barn.

-Inneverande skuleår betalar kommunen skyss for 12 elevar heimehøyrande på den

delen av Hestnes-feltet som ikkje innfrir avstandskrava. Dette tilsvarar kr 68 400,- per

år. Dersom ein tenkte seg at kommunen gjev ei betre-ordning for desse 12 elevane, vil

det kosta kommunen totalt kr 615 600,- gjennom skuletida, dvs. frå 2.-10. trinn. Luster

kommune opplever trongare økonomiske tider. Rådmannen kan ikkje utan vidare innstilla

på auka kommunale utgifter.

Ei eventuell betre-ordning enn det lovverket tilseier, vil i så fall vera ei politisk

prioritering.

«-Farleg kryss ved yx, vegen mellom Galden og Stolpen er uoversiktleg, tett skog,

mørkt, langt mellom gatelysa, dårleg lys og alltid manglande lys. Ofte sein brøyting, og

sein eller manglande strøing.»

-Ein gang- og sykkelveg er per definisjon ikkje å rekna som særleg farleg skuleveg.

Rådmannen ser at det er tilhøve ved gang- og sykkelvegen som kan betrast, og desse er

teke med i trafikktryggleiksplanen, og i området ved yx- stasjonen vert det gjort tiltak

før neste skuleår.

-Generelt har kommunen gode drifts- og vedlikehaldsordningar på kommunalt vegnett og

gangvegnett.

-FAU ved Hafslo hadde heller ingen særskilte merknadar til det kommunale

skyssreglementet og valte å ikkje senda inn høyringsuttale.

6 FAU Indre Hafslo oppvekstsenter

«Stor høgdeforskjell må vurderast når ein behandlar søknader om skuleskyss.»

«Område som Morki – oppvekstsenteret er ikkje medteke, men FAU reknar med det

kjem innatt når det er elevar som bur der.»

«FAU viser til klagesak om skuleskyss frå Joranger.»

-Strekningane Bruflat – Indre Hafslo oppvekstsenter og Morki – Indre Hafslo

oppvekstsenter har ikkje vorte vurderte i denne runden då det ikkje har vore søknadar

om skyss frå elevar her.

-I regelverket heiter det «særleg farleg eller vanskeleg skuleveg». Stor høgdeskilnad er

ein del av vurderinga i søknadar om skyss på dette grunnlaget.

-Kommunen ventar på avgjerd frå Fylkesmannen i klagesak om skyss for elev på 5. trinn

på strekninga Joranger – Indre Hafslo oppvekstsenter.

Page 4: Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss: Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss

7 FAU Luster oppvekstsenter

Vinterskyss Dale kyrkje – Luster oppvekstsenter

-Dette har ikkje tidlegare vore meldt som problematisk. I utgangspunktet er det mindre

snø så langt nede ved fjorden og vintervedlikehaldet er godt.

-I følgje oversikta over særleg farlege vegstrekningar har elevar på 1.-7. trinn fri skyss

frå og med Høyheimsvik til og med haldeplassen Luster sparebank. Unnataket er elevar

på 5.-7. trinn frå haldeplassen Luster sparebank til Luster oppvekstsenter. Det som av

kommunen vert vurdert som det mest kritiske punktet på denne strekninga er svingen

ved taubana til Harastølen og kryssing av fylkesvegen der. Kommunen vurderer at barn i

alderen 5.-7. trinn, er såpass modne og har nok trafikkerfaring til at dei klarar dette

greitt.

«Leksehjelp og skyss»

-Til liks med SFO er leksehjelp eit friviljug tilbod. Etter opplæringslova har ein ikkje rett

til fri skyss frå / til desse friviljuge tilboda. Kommunane har høve til å gje skyss etter

leksehjelp som betre-ordning, men det vanlege er å følgja det nasjonale regelverket og

ikkje gjera det då det ville medføra oppretting av fleire bussavgangar og vesentleg

høgare skyssutgifter.

8 Ungdomen sitt kommunestyre

-Ungdomen sitt kommunetyre hadde ingen merknadar

9 Luster Arbeiderparti.

-Innspel frå Luster Arbeiderparti vert vist til den politiske prosessen. Fleire av

innspela er vurderte i saka/ i kommentarar til høyringssvar.

Gaupne 07.03.16

Jarle Skartun

-rådmann

Vedlegg: Trafikktal og kartvedlegg.

Page 5: Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss: Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss

Oversikt vegstrekningar og trafikktal

Skule Vegstrekning ÅTD SDT VDT Årstal

Gaupne Fv 604 Skarpamo - Gaupne 781 1090 615 2014

Hafslo Fv 55 Sogn skisenter – Stolpen

Fv 55 Hestnes – Stolpen

FV 337 Moane – Hafslo sentrum*

2181

2678

2692

3237

1837

2312

2014

2010

Indre Hafslo Fv 55 Vad – Geitaneset** 2401 2653 1992 2014

Luster oppv. Fv 55 Høyheimsvik – Luster*** 1300 2000 900 2010-11

Jostedal Fv 601 Bukti – Hesjevoll ****

Fv 335 – Krundalen –Gjerde *****

421

>100

681 227 2014

Ordforklaringar

ÅDT – årsdøgertrafikk SDT – sommardøgertrafikk VDT – vinterdøgertrafikk

Trafikktala gjeld for siste året det vart gjort registreringar, Statens vegvesen Region

Vest.

* Ingen målepunkt på denne strekninga. Trafikktal viser vest for Moane. I ei klagesak frå

2009, gjev Fylkesmannen opp følgjande trafikktal for strekninga: Trafikktal frå statens

vegvesen viser at årsdøgntrafikken ved Moane er om lag 150 i retning Veitastrond. I

retning mot Hafslo er talet sett til 550 som vil auke jo nærare ein kjem Hafslo.

** Her har vi ikkje registreringar. Vi skal etablere ein ny fast stasjon i 2016 der du ser

den raude prikken i kartet. Her er data frå målepunktet vest for Gaupne sentrum, og så

kan ein samanlikne data frå denne og den mellom Heggmyrane og Stolpen.

*** Dårleg med registreringar. Det blei føreteke nokre målingar ved Nes camping i 2010-

2011. Tala er berekna ut frå dette.

**** Ingen målepunkt på sjølve strekninga, næraste registreringspunkt er Myklemyr.

***** Ingen målepunkt. Statens vegvesen trur det må vera under 100 i ÅDT.

Page 6: Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss: Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss

Fylkesveg 55 - Sogn Skisenter/Heggmyrane - Stolpen

Fylkesveg 55 - Hestnes - Stolpen

Page 7: Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss: Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss

Fylkesveg 55 - Vad - Geitaneset (avkøyring til Indre Hafslo/fv. 339)

Fylkesveg 55 - Høyheimsvik - Luster (Luster oppvekstsenter / Dale)

Page 8: Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss: Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss

Fylkesveg 337 - Moane - Hafslo sentrum

Fylkesveg 604 - Skarpamo - Gaupne (strekninga ned til fylkesveg 55)

Page 9: Kommentarar til høyringsinnspel kommunalt skyssreglement...Skuleelevar frå 5.-7. trinn langs fv. 604 bør ha rett til fri vinterskyss: Per i dag har ein elev (6. trinn i dag) vinterskyss

Fylkesveg 604 - Bukti - Hesjevoll i Jostedal