vitenskapet infeksiøs lakseanemi – vaksineutvikling · infeksiøs lakseanemi –...

3
Infeksiøs lakseanemi – vaksineutvikling Dagens ILA-vaksiner har gjennomgått grundig testing for å dokumentere sikkerheit og effekt. Til tross for at det er krevjande, så er det fullt mogleg å laga sikre og effektive vaksinar mot ILA. FINNE-FRIDELL FRODE, AAS-ENG ANNE, KJETIL FYRAND, BERNT MARTINSEN, ANETTE FUREVIK, NORDERHUS EDEL ANNE, PHARMAQ AS Kontaktperson: frode.fi[email protected] ILA og ILA viruset Infeksiøs lakseanemi (ILA) er forårsaka av ILA-viruset (ILAV) som er eit virus i Ortomyxovirus-familien. ILA er svært smitt- sam, fører til auka dødelegheit og er ein meldepliktig sjukdom som primært rammar laksefisk. Diagnosen er basert på påvisning av ILAV og typiske makroskopiske teikn som mørk lever, anemi, bleikt hjerte og bleike gjeller, samt blodig veske i buken. ILAV er påvist i alle regionar der det er oppdrett av at- lantisk laks, og basert på molekylære metodar har arvestoffet til ILA-virus frå fisk frå ulike verdsdelar vore karakterisert. Desse arbeida viser at ILAV frå Nord-Amerika er ein annan variant enn den ein finn i Chile og i Europa (Nylund m.fl. 2006). ILAV vart påvist fyrste gong i Noreg i 1984 (Thorud m.fl. 1988), og ein hadde ein topp i utbrot fyrst på 90-talet. Dei siste ti åra har derimot ILA-situasjonen i Noreg vore delvis uendra, med om lag ti utbrot årleg. Geografisk har sjukdommen dei siste åra hovudsakleg vore påvist i Sør-Troms regionen, og då med flest utbrot i 2008 og 2009 (Veterinærinstituttet 2010). Tap basert på ILA er stort, og utgangen basert på ILA i dette området har vore så høg at heile merdar er destruerte. Det blir no vaksinert mot ILA i Sør-Troms, men det er for tidleg å konkludera med kva effekt vaksineringa har i felt (pers. med. Per Anton Sæter, MarinHelse). I Chile vart ILA diagnostisert over store delar av dei lakseproduserande regionane (region X og XI) i 2007 og 2008 (Godoy m.fl. 2008). På kort tid vart majoriteten av opp- drettsselskap som produserte atlantisk laks råka av ILA, og infrastruktur gjorde det van- skeleg å handtere store mengder infisert fisk. Produksjonen av atlantisk laks vart redusert med 80 prosent. ILAV vart påvist både i fersk- vatn (innsjøar med settefiskanlegg) og i sjø, noko som førte til endringar i regelverk og driftsformer, inkludert lakselushandsaming. Vaksinering mot ILA var ein del av strategien for å handtere situasjonen, og i løpet av 2009 var fleire kommersielle vaksinar tilgjengeleg. ILA-vaksineutvikling Pharmaq har marknadsføringsløyve for to ILA vaksinar i Chile (Alpha Ject micro 1 ISA og Alpha Ject 5-1). To vaksinar (ALPHA JECT micro® 1 ILA og ALPHA JECT micro® 7 siden 1965 Industrisøm og presenninger Rantex as tlf: 75127070 faks: 75127075 epost: [email protected] www.rantex.no 5 5 6 6 7 7 8 8 4 3 2 1 2 3 1 Hvit kant 4 Pakkes først Pakkes sist Avlusningspresenninger med oksygenslanger 10 gode grunner + Gode referanser + Komplett løsning med O2 + Fargemerking + Tallmerking + Gjennomgående stropper + Skreddersydd + Eneste med mørk duk + Norskprodusert + Norsk bruksanvisning + Kompakt Tabell 1 Veke 6 Veke 12 Total Score adheranse (skala 0–6) 0,9 0,9 St avvik adheranse 0,4 0,4 Melanin buk (skala 0–3) 0,3 0 Melanin organ (skala 0–3) 1 1 Antall fisk 15 15 30 fisk vart vaksinert med Alpha Ject micro 1 ISA. Etter 6 og 12 veker vart 15 fisk undersøkte etter Speilberg skala. Fisken gjekk i vatn som heldt 17°C i forsøksperioden. Tabell 2 AJ 5-1 AJ micro 1 ISA AJ micro 1 ISA + AJ 4-1* AJ micro 7 ILA Total Score adheranse 2,1 0,9 1,9 1,9 St avvik adheranse 0,3 0,3 0,3 0,3 Melanin buk (skala 0–3) 0,1 0,4 0,8 0,2 Melanin organ (skala 0–3) 1 1 1 1 Antall fisk 15 45 15 15 Fisken vart vaksinert, og etter 6 veker vart fisk undersøkt etter Speilberg skala. Fisken gjekk i vatn som heldt 17°C i forsøksperioden. * Alpha Ject micro 1 ISA i samstikk med Alpha Ject 4-1. AJ4-1 er vaksine tilgjengeleg i Chile mot furunkulose, vibriose, IPN og SRS. vitenskapet 54 norsk fiskeoppdrett #5.2011

Upload: trankhanh

Post on 07-Aug-2019

212 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Infeksiøs lakseanemi – vaksineutviklingDagens ILA-vaksiner har gjennomgått grundig testing for å dokumentere sikkerheit og effekt. Til tross for at det er krevjande, så er det fullt mogleg å laga sikre og effektive vaksinar mot ILA.

Finne-Fridell Frode, AAs-enG Anne, kjeTil FyrAnd, bernT MArTinsen, AneTTe Furevik, norderhus edel Anne, phArMAq AsKontaktperson: [email protected]

ILA og ILA viruset

Infeksiøs lakseanemi (ILA) er forårsaka av ILA-viruset (ILAV) som er eit virus i Ortomyxovirus-familien. ILA er svært smitt-sam, fører til auka dødelegheit og er ein meldepliktig sjukdom som primært rammar laksefisk. Diagnosen er basert på påvisning av ILAV og typiske makroskopiske teikn som mørk lever, anemi, bleikt hjerte og bleike gjeller, samt blodig veske i buken. ILAV er påvist i alle regionar der det er oppdrett av at-lantisk laks, og basert på molekylære metodar har arvestoffet til ILA-virus frå fisk frå ulike verdsdelar vore karakterisert. Desse arbeida viser at ILAV frå Nord-Amerika er ein annan variant enn den ein finn i Chile og i Europa (Nylund m.fl. 2006).

ILAV vart påvist fyrste gong i Noreg i 1984 (Thorud m.fl. 1988), og ein hadde ein topp i utbrot fyrst på 90-talet. Dei siste ti åra har derimot ILA-situasjonen i Noreg vore delvis uendra, med om lag ti utbrot årleg. Geografisk har sjukdommen dei siste åra hovudsakleg vore påvist i Sør-Troms regionen, og då med flest utbrot i 2008 og 2009 (Veterinærinstituttet 2010). Tap basert på ILA er stort, og utgangen basert på ILA i dette området har vore så høg at heile merdar er destruerte. Det blir no vaksinert mot ILA i Sør-Troms, men det er for tidleg å konkludera med kva effekt vaksineringa har i felt (pers. med. Per Anton Sæter, MarinHelse).

I Chile vart ILA diagnostisert over store delar av dei lakseproduserande regionane (region X og XI) i 2007 og 2008 (Godoy m.fl. 2008). På kort tid vart majoriteten av opp-drettsselskap som produserte atlantisk laks råka av ILA, og infrastruktur gjorde det van-skeleg å handtere store mengder infisert fisk. Produksjonen av atlantisk laks vart redusert med 80 prosent. ILAV vart påvist både i fersk-vatn (innsjøar med settefiskanlegg) og i sjø, noko som førte til endringar i regelverk og driftsformer, inkludert lakselushandsaming. Vaksinering mot ILA var ein del av strategien for å handtere situasjonen, og i løpet av 2009 var fleire kommersielle vaksinar tilgjengeleg.

ILA-vaksineutvikling

Pharmaq har marknadsføringsløyve for to ILA vaksinar i Chile (Alpha Ject micro 1 ISA og Alpha Ject 5-1). To vaksinar (ALPHA JECT micro® 1 ILA og ALPHA JECT micro® 7

siden 1965

Industrisøm og presenninger

Rantex astlf: 75127070 faks: 75127075epost: [email protected]

5 5

6 6

7 7

88

4

3

21

2

3

1

Hvit kant

4

Pakkes førstPakkes sist

Avlusningspresenningermed

oksygenslanger10 gode grunner+ Gode referanser+ Komplett løsning med O2

+ Fargemerking+ Tallmerking+ Gjennomgående stropper+ Skreddersydd+ Eneste med mørk duk+ Norskprodusert+ Norsk bruksanvisning+ Kompakt

Tabell 1 Veke 6 Veke 12

Total Score adheranse (skala 0–6) 0,9 0,9

St avvik adheranse 0,4 0,4

Melanin buk (skala 0–3) 0,3 0

Melanin organ (skala 0–3) 1 1

Antall fisk 15 15

30 fisk vart vaksinert med Alpha Ject micro 1 ISA. Etter 6 og 12 veker vart 15 fisk undersøkte etter Speilberg skala. Fisken gjekk i vatn som heldt 17°C i forsøksperioden.

Tabell 2 AJ 5-1 AJ micro 1 isA

AJ micro 1 isA + AJ 4-1*

AJ micro 7 iLA

Total Score adheranse 2,1 0,9 1,9 1,9

St avvik adheranse 0,3 0,3 0,3 0,3

Melanin buk (skala 0–3) 0,1 0,4 0,8 0,2

Melanin organ (skala 0–3) 1 1 1 1

Antall fisk 15 45 15 15

Fisken vart vaksinert, og etter 6 veker vart fisk undersøkt etter Speilberg skala. Fisken gjekk i vatn som heldt 17°C i forsøksperioden. * Alpha Ject micro 1 ISA i samstikk med Alpha Ject 4-1. AJ4-1 er vaksine tilgjengeleg i Chile mot furunkulose, vibriose, IPN og SRS.

v i t e n s k a p e t

54 norsk fiskeoppdrett #5.2011

ILA) er i tillegg tilgjengeleg i Noreg ved unn-tak frå krav til marknadsføringsløyve i sona i Sør-Troms. Alle desse vaksinane er injeksjonsvaksinar som skal administrerast intraperitonealt (i.p). ILA-komponenten i vaksinane består av inaktivert ILAV. Legemiddellovgivningen i ulike land (monografiar, direktiv og retningslinjer) be-stemmer kva dokumentasjon som må til for å få godkjent ein vaksine. Det må visast om-fattande dokumentasjon av kvalitet, sikker-heit og effekt. Sikkerheitsdokumentasjonen omfattar vurdering av sikkerheit for konsu-ment, for fisken og for operatør, samt for miljø når det er relevant, medan effektdokumenta-sjon viser kor god beskyttelse ein vaksine gir. Fokus for denne artikkelen er å belyse korleis dokumentasjon av sikkerheit og effekt blir ut-ført i praksis, eksemplifisert gjennom studier gjort med Pharmaq sine ILA-vaksiner.

Sikkerheit

For å vise at ein vaksine har en akseptabel sik-kerheitsprofil i fisk blir det gjennomført kli-niske forsøk. Fisken blir vaksinert med dobbel vaksinedose, og deretter blir fisken obdusert etter seks og tolv veker for å sjå etter lokale re-aksjonar (samanvoksing og melaninutvikling). Funna blir karakteriserte etter Speilberg-skala (Midtlyng m.fl. 1996), og det blir undersøkt 15 fisk ved kvart tidspunkt. I tillegg gjen-nomfører Pharmaq ein ekstra evaluering av vaksinane, der vaksinert fisk går ved 17°C. Ein slik auke i temperaturen skapar kraftigare reaksjonar i fisken, og kan såleis vere eit verdi-fullt verktøy for å evaluere sikkerheitsprofilen til vaksinane. Erfaring viser at evaluering et-ter seks veker ved 17°C avdekkar potensialet ein vaksine har for å skapa samanvoksingar i bukhola på fisken. Dette er også vist i forsøk der fisken er vaksinert med Alpha Ject micro 1 ISA og evaluert seks og tolv veker seinare (tabell 1).

Det generelle biletet etter vaksinering er at vaksinar som inneheld ein eller fleire bak-teriekomponentar skapar meir samanvoksing i buken samanlikna med vaksine som kun inne-held virus. Dette gjeld også for vaksinar som inneheld ILA. Graden av samanvoksing er innanfor det akseptable (tabell 2). Resultata frå tabell 2 viser god overeinsstemming med foreløpige tilbakemeldingar frå felt i Chile. Fisken har lite samanvoksing i buken, og viser god tilvekst.

Effekt

Pr. i dag må effekt av vaksinar dokumente-rast gjennom kontrollerte fiskeforsøk i labo-ratorium samt eventuelt feltforsøk. Labora-torieforsøk inneber at ein må bruka ein smittemodell som kan skilje mellom gode og dårlege vaksinar. Ein ILA-smittemodell kan til dømes vera basert på injeksjonssmitte,

Figur 1. Resultat frå for-smitte med ILAV. Dei ulike fortynningane av ILAV gir ulike dødelegheitskurver som gir nyttig informasjon for val av smittedose til hovudforsøket.

Figur 2. Resultat frå vaksinering og smitteforsøk med chilensk ILAV. Dei ulike vaksinane har ulik mengde ILAV, noko som tydeleg påverkar effekten.

badsmitte eller ved å bruke kohabitant smitte. Den kan gjennomførast på ferskvatn eller ved å smitte smoltifisert fisk i sjøvatn. Basert på ei rekkje forsøk har desse parametrane vore eva-luerte, og det viser seg at i.p.-smitte i fersk-vatn gir ein robust smittemodell for å vur-dere effekt av ILA-vaksiner. Forsøksoppsettet er basert på akklimatisert ILA-fri laks (ca. 30 g), som går på 12 grader i ferskvatn, og 12:12 natt:dag. Forsøka er gjennomførte på Industrilaboratoriet i Bergen. Fisken blir vaksinert ved i.p.-injeksjon av anbefalt vaksi-nedose eller fysiologisk saltvant i kontrollfis-ken, og etter seks veker blir fisken i.p.-smitta. Smitten blir gjort i ferskvatn ved i.p.-injek-sjon av ILAV med kjent dose/konsentrasjon og opphav.

For å sjekke at fisken har den ønska sensi-

tiviteten for ILAV og at viruset har den for-venta virulens blir det gjennomført for-smitte (smitte av uvaksinert fisk med ulike dosar, figur 1). Dei ulike fortynningane i ein for-smitte vil gi eit godt bilete av kva dose ein bør bruka i hovudforsøket.

Etter at for-smitten er gjennomført, kan den vaksinerte fisken smittast med den opti-male konsentrasjonen. Målet er å oppnå mel-lom 60 og 80 prosent akkumulert dødelegheit i uvaksinert kontrollgruppe. Figur 2 viser resultat frå eit smitteforsøk der ein har laga eksperimentelle vaksinar med ulikt innhald av ILAV, og resultatet viser tydeleg at mengde ILAV i vaksinen er avgjerande for å oppnå god effekt.

Forsøk viser at det ikkje berre er mengde ILAV i vaksinen som skapar beskyttelse i lak-

v i t e n s k a p e t

55norsk fiskeoppdrett #5.2011

sen, men også opphavet til viruset. Enkelt sagt, betyr dette at best mulig beskyttelse mot norske eller chilenske variantar av ILAV, blir oppnådd ved å ha norsk eller chilensk ILAV-isolat i vaksinen. Figur 3 viser beskyttelse i forsøk der ein har nytta eksperimentelle vaksinar produsert med medium mengd ILAV frå høvesvis Nord-Amerika og Noreg.

Interferens med diagnostiske metodar

Sidan vaksiner inneheld inaktivert ILAV har det vore spekulert på om arvestoffet frå desse kan påverka dagens sensitive diagnostikk-metodar (PCR-baserte), dvs. at ein ikkje kan greie å skilja mellom vaksinert og smitta fisk. For å evaluere dette, er det gjennomført forsøk

der det er teke prøvar av gjeller, hjerte og nyrer i ein tidsserie etter vak-sinering (1, 2, 3, 5, 6, 9 og 12 veker). Det er også gjennomført forsøk på normal (12°C) og låg (8°C) temperatur. Hjerteprøvar er tekne di-rekte frå bukhola, samt at nokre prøvar er bevega «att og fram» i buk-hola for potensielt å bli kontaminerte. Etter prøvetaking er analysar for ILAV-segment 7 og 8 gjennomført ved Patogen Analyse. Alle prøvar er negative. Dette visar at sjansen for falske positive etter vaksinering er liten, men for ytterlegare å redusere risikoen for vaksinekontamina-sjon, er det anbefalt å ta prøvar av hjertet direkte frå hjertehola for PCR-diagnostikk.

Samandrag

Dagens ILA-vaksiner har gjennomgått grundig testing for å dokumen-tere sikkerheit og effekt. Til tross for at det er krevjande, så er det fullt mogleg å laga sikre og effektive vaksinar mot ILA. Sidan det er viktig med høgt innhald, er det utfordrande å lage ein effektiv vaksine til ein akseptabel pris. Utviklingskostnader for ein effektiv ILA-vaksine (pengar og personale) utgjer om lag 45 millionar kroner for Pharmaq.

Resultat frå laboratorieforsøk må alltid følgjast opp med erfaringar frå felt. Status frå Chile, om lag eit år etter fyrste sjøsetjing av fisk vak-sinert med Pharmaq. ILA-vaksine, er at det ikkje har vore nokon ILA-utbrot på denne fisken. Vaksinen er også sikker i bruk, og viser lite samanvoksingar. I Noreg er det mindre erfaring sidan fisken har vore kort tid i sjøen, men dette blir opparbeida kontinuerleg. Vaksinering er ein av faktorane som kan bidra til redusert smittepress og vidare mindre dødelegheit og betre fiskevelferd.

Referansar:

Godoy M (2008) First detection, isolation and molecular characterization of infectious salmon anaemia virus associated with clinical disease in farmed Atlantic salmon (Salmo salar) in Chile. BMC Veterinary Research 2008, 4:28.

Nylund A (2006) Transmission of infectious salmon anaemia virus (ISAV) in farmed populations of Atlantic salmon (Salmo salar). Archives of Virology 152-1, 151-179.

Midtlyng P (1996) Experimental studies on the effecacy and side effects of intraperitoneal vaccination of Atlantic salmon (Salmo salar) against furunculosis. Fish & Shellfish immun 6: 335-350.

Thorud KE (1988) Infectious salmon anaemia in Atlantic salmon (Salmo salar). Bull Eur Assoc Fish Pathol 8: 109-111.

Veterinærinstituttet, Helsesituasjonen hos laksefisk 2010.

RISNESBÅT

Bergen Group Risnes AS har en ledende posisjon i våremarkeder som omfatter levering av driftsikre, fleksible ogeffektive arbeidsbåter til krevende kunder i Norge og utlandet.Våre arbeidsbåter for havbruk er allsidige med god stabilitet ogstor dekksplass. Båten er utviklet i nært samarbeid med erfarneoppdrettere og er konstruert for å dekke flest muligefunksjoner. Skroget er bygget i skipsstål, mens styrehus og lukerer utført i aluminium.

Bergen Group Risnes AS har erfarne og dyktige medarbeideresom gjør alt for at du som kunde skal bli fornøyd.

NYBYGG MARITIM SERVICE OFFSHORE TEKNOLOGI

Sunde Industriområde 35450 SundeTlf. 53 47 70 70www.bergengroup.no

Ta kontakt med oss på telefon 53 47 70 70

for en båtprat

Figur 3. Resultat frå vaksinering og smitteforsøk med chilensk ILAV. Negativ kontrollvaksine er AJ 4-1 som ikkje inneheld ILA. ILA-vaksinane inneheld ILA frå Nord-Amerika og Noreg, samt dei andre komponentane som er i AJ 4-1. Dette viser at ein oppnår uspesifikk beskyttelse ved å vaksinera, men best effekt oppnår ein ved å ha eit virusisolat i vaksinen som er nært i slekt med det ein smittar med.

v i t e n s k a p e t

56 norsk fiskeoppdrett #5.2011