Økonomiplan 2018-2021 tiltakskatalog/media/hjartdal/dokumenter/info/2017... · alle tiltak er...

46
Økonomiplan 2018-2021 Tiltakskatalog

Upload: tranque

Post on 27-Aug-2018

213 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Økonomiplan 2018-2021

Tiltakskatalog

Innleiing

Tiltakskatalogen gir eit oversyn over tiltak som rådmannen har vurdert som relevante å leggje fram

kommunestyret i samband med handsaming av økonomiplan 2018-2021.

Nokre tiltak har blitt presentert før, utan at dei har fått politisk oppslutnad. Andre tiltak er nye.

Alle tiltak er presentert over same mal - eit tiltaksark.

I headinga på tiltaksarket er det eit nummer og eit namn på tiltaket. Nummeret finn ein igjen i

kommuneplanen sin handlingsdel/økonomiplan 2018-2021 pkt. 3.4

Under overskrifta kjem ein oversikt over tiltaket sin kostnad for alle fire åra i økonomiplanperioden.

Negativt forteikn tyder at det er ein redusert kostnad eller ein auka inntekt. Når det ikkje er forteikn

tyder det at det er ein auka kostnad eller ein redusert inntekt. Alle tal er oppgitt i heile 1000 kroner.

For investeringstiltaka er det lagt inn fleire liner med forklarande tekst knytt til brutto/nettoutgifter,

finanskostnad/finansiering og driftskonsekvensar.

Deretter følgjer ei beskriving av tiltaket (kva går det ut på).

Punktet forankring i overordna mål/plan synleggjer om dette er eit tiltak som følgjer opp statlege eller

lokale føringar som er gitt.

Konsekvensar av tiltaket skal primært synleggjere negative konsekvensar. Utgangspunktet er at det er

konsekvensar for kommunen, men konsekvensar for brukarar og tilsette er òg omtalt.

Punktet gevinstar synleggjer dei positive effektane av tiltaket.

Punktet risikoen er knytt til faren for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre, blir dyrare enn beskrive eller

at innsparinga ikkje blir så stor som forventa.

Kommunen har ein plikt til å drøfte effektiviserings- og nedskjeringstiltak med dei tillitsvalde. Det er

synleggjort om dette er gjort eller ikkje - og om kva for syn dei tillitsvalde har på tiltaket.

Det er viktig å merke seg at visse kombinasjonar av tiltak ikkje er mogeleg.

Kva for tiltak rådmannen tilrår at kommunestyret vedtek går fram av pkt. 3.5 i Kommuneplanen sin

handlingsdel/økonomiplan 2018-2021.

Driftstiltak

D-1 ARKIVDEPOT

2018 2019 2020 2021

- 190’ - 190’ - 190’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å melde seg ut av Interkommunalt arkiv Kongsberg IKS (IKA) og i staden kjøpe

arkivdepottenester frå privat selskap.

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvens:

Endringa inneber at kommunen går frå å vere eigar av eit arkivdepot (eigardel 0,9%, men der alle

eigarar har ei stemme i representantskapet) til å vere kunde hos eit privat selskap. IKA tilbyr «all-

inclusive» knytt til arkivtenester. Ved kjøp av tenesta frå private ligg det berre depottenester inne i

prisen. Arkivfaglege oppgåver/tenester ut frå dette må vi betale ekstra for. Det er tatt høgde for noko

kjøp av ekstratenester.

Gevinstrealisering:

Direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte kostnadar.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje kan bli gjennomført

Drøfting:

Tillitsvald er positiv til tiltaket.

D-2 ASFALTERING

2018 2019 2020 2021

500’ 500’ 500’ 500’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å asfaltere følgjande kommunale vegar i løpet av ein fireårsperiode:

- Holmvegen (1900m)

- Fossevegen (900m)

- Skojevegen (350m)

- Øygardsjordet

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at brukarane av kommunale tenester er nøgde med

servicenivået. Målet skal nås mellom anna ved å tenester med høg kvalitet.

Konsekvens:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vil gi kvalitative gevinstar for brukarane av vegane.

Tiltaket vil gi indirekte budsjettmessige gevinstar ved at forfallet stoppar opp og hindre enda større

utgifter i framtida.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Dersom prisen på arbeidet blir høgare enn berekna så vil konsekvensen vere at det er ei kortare

strekning som blir asfaltert.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har direkte tyding for dei tilsette.

D-3 BARNEHAGE – NEDLEGGING

HJARTDAL OG TUDDAL

2018 2019 2020 2021

Innsparing bemanning -1 625’ -3 251’ -3 251’ -3 251’

Innsparing drift bygg -300’ -600’ -600’ -600’

Samla innsparing -1 925’ -3 851’ -3 851’ -3 851’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å legge ned barnehagetilbodet i Tuddal og Hjartdal. Brukarane vil få tilbod om

barnehageplass i Sauland barnehage

Forankring i overordna mål/plan:

Kommuneplanen sin samfunnsdel seier at kommunen skal ha eit barnehagetilbod med god kvalitet,

og at kommunen skal ha ein effektiv ressursutnytting.

Bemanninga i tiltaket er forsvarleg og oppfyller lovens krav.

Konsekvens: Det vil bli lengre reiseveg for fleire brukarar.

Samfunnsmessige vil det bli eit tap for Hjartdal og Tuddal å miste barnehagen lokalt.

Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vil innebere direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte kostnadar og kvalitative

gevinstar i form av styrka fagmiljø.

Risiko: Det er knytt risiko til at barn som har eit fagleg behov for å gå i barnehage ikkje lenger vil bruke

tilbodet. Det er òg knytt risiko til at brukarar i dag i staden for nytt kommunalt tilbod vil nytte

private tilbod i andre kommunar. Da vil innsparinga blir mindre enn berekna.

Drøfting: Tillitsvalde er negative til tiltaket.

D-4 BARNEHAGE – NEDLEGGING

HJARTDAL

2018 2019 2020 2021

Innsparing bemanning -816’ -1 632’ -1 632’ -1 632’

Innsparing drift bygg -150’ -300’ -300’ -300’

Samla innsparing -966’ -1 931’ -1 931’ -1 931’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å legge ned barnehagetilbodet i Hjartdal. Brukarane vil få tilbod om

barnehageplass i Sauland barnehage

Forankring i overordna mål/plan:

Kommuneplanen sin samfunnsdel seier at kommunen skal ha eit barnehagetilbod med god kvalitet,

og at kommunen skal ha ein effektiv ressursutnytting.

Bemanninga i tiltaket er forsvarleg og oppfyller lovens krav.

Konsekvens: Det vil bli lengre reiseveg for fleire brukarar.

Samfunnsmessige vil det bli eit tap for Hjartdal å miste barnehagen lokalt.

Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vil innebere direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte kostnadar og kvalitative

gevinstar i form av styrka fagmiljø.

Risiko: Det er knytt risiko til at barn som har eit fagleg behov for å gå i barnehage ikkje lenger vil bruke

tilbodet. Det er òg knytt risiko til at brukarar i dag i staden for nytt kommunalt tilbod vil nytte

private tilbod i andre kommunar. Da vil innsparinga blir mindre enn berekna.

Drøfting: Tillitsvalde er negative til tiltaket.

D-5 BARNEHAGE – NEDLEGGING

TUDDAL

2018 2019 2020 2021

Innsparing bemanning -599’ -1 239’ -1 239’ - 1 239’

Innsparing drift bygg -150’ -300’ -300’ -300’

Samla innsparing -749’ -1 539’ -1 539’ -1 539’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å legge ned barnehagetilbodet i Tuddal. Brukarane vil få tilbod om barnehageplass

i Sauland barnehage

Forankring i overordna mål/plan:

Kommuneplanen sin samfunnsdel seier at kommunen skal ha eit barnehagetilbod med god kvalitet,

og at kommunen skal ha ein effektiv ressursutnytting.

Bemanninga i tiltaket er forsvarleg og oppfyller lovens krav.

Konsekvens: Det vil bli lengre reiseveg for fleire brukarar.

Samfunnsmessige vil det bli eit tap for Tuddal å miste barnehagen lokalt.

Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vil innebere direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte kostnadar og kvalitative

gevinstar i form av styrka fagmiljø.

Risiko: Det er knytt risiko til at barn som har eit fagleg behov for å gå i barnehage ikkje lenger vil bruke

tilbodet. Det er òg knytt risiko til at brukarar i dag i staden for nytt kommunalt tilbod vil nytte

private tilbod i andre kommunar. Da vil innsparinga blir mindre enn berekna.

Drøfting: Tillitsvalde er negative til tiltaket.

D-6 BEMANNINGSREDUKSJON

STAB/SAMFUNNSUTVIKLING

2018 2019 2020 2021

-237’ -466’ -466’ -466’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å redusere bemanninga på kommunehuset med 0,7 årsverk.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at brukarane av kommunale tenester skal vere

nøgde med servicenivået og det er eit mål om at kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsplass.

Måla skal mellom anna nås ved å ha tenester av høg kvalitet og ved effektiv ressursnytting.

Tiltaket er ei konkretisering av kommunestyret sine rammereduksjonar innanfor

sentraladministrasjon i ØP 2017-2020.

Konsekvens:

Deler av bemanningsreduksjonen kan føre til redusert kapasitet til generell sakshandsaming i

rådmannen sin stab og til fellesfunksjoner.

Gevinstrealisering:

Tiltaket gir direkte budsjettmessige gevinst i form av redusert kostnad.

Deler av tiltaket er knytt til direkte uttak av gevinst i samband med nye digitale verktøy.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje kan bli gjennomført.

Drøfting:

Tillitsvalde er positive til tiltaket.

D-7 EIGEDOMSSKATT - AUKE

2018 2019 2020 2021

-1 750’ -1 875’ -1 875’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å auke promillesatsen for eigedomsskatt for bustadhus og fritidshus.

Eigedomsskattesatsen kan maksimalt bli auka med 1 promille per år (forslag i Statsbudsjettet).

Maksimal skattesats er 7 promille. I dag er skattesatsen 4,9 promille. I vedteken økonomiplan og

konsekvensjustert budsjett er det lagt inn ein skattesats på 5,9 promille i 2018. Dette tiltaket inneber

ein auke til 6,9 promille i 2019 og 7 promille frå 2020.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at brukarane av kommunale tenester skal ver

nøgde med servicenivået. For å nå målet skal vi mellom anna ha tenester med høg kvalitet.

Konsekvens:

Det er stor fare for protestar og negativ omtale av kommunen.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vil gi direkte budsjettmessig gevinst i form av auka inntekter.

Risiko:

Dersom tiltaket blir gjennomført er det ingen risiko knytt til storleiken beløpet.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har direkte tyding for tilsette.

D-8 EIGEDOMSSKATT

REVERSERE AUKE

2018 2019 2020 2021

1 750’ 1 750’ 1 750’ 1 750’

Beskriving:

I økonomiplanvedtaket for 2017-2020 er det ein føresetnad om å auke i eigedomskatten med 1

promille frå 2018. Tiltaket går ut på å ikkje auke eigedomsskatten slik det er vedtatt i

økonomiplanen, dvs. vidareføre promillesatsen på 2017-nivå.

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvensar:

Konsekvensen av tiltaket er mindre økonomisk handlingsrom.

Gevinstar:

Tiltaket kan gi indirekte gevinst i form av positivt omdøme.

Risiko:

Dersom tiltaket blir gjennomført er det ingen risiko knytt til storleiken beløpet.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har direkte tyding for tilsette.

D-9 INGEN EIGEDOMSSKATT

2018 2019 2020 2021

10 600' 10 600’ 10 600’ 10 600’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å redusere promillesatsen for eigedomsskatt for bustadhus og fritidshus. I tala ligg

det inne fjerning av eigedomsskatten på bustadhus og fritidshus. Det er mogeleg å vedta ein

reduksjon i skattesatsen utan å fjerne eigedomsskatten heilt for hus og hytter. Ein reduksjon på 0,1

promille gir ein inntektsreduksjon på 175.000,-.

Eigedomsskattelova gjer det mogeleg å fjerne eigedomsskatt på fritidshus. Dette vil innebere eit

inntektsbortfall på 8,2 millionar kroner.

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvensar:

Ved ein fjerning eller reduksjon av eigedomsskattesatsen vil ei auke på eit seinare tidspunkt

maksimalt kunne utgjere 1 promille per år (Forslag i Statsbudsjettet).

Gevinstar:

Tiltaket vil gi indirekte gevinst i form av positivt omdøme.

Risiko:

Dersom tiltaket blir gjennomført er det ingen risiko knytt til storleiken beløpet.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har direkte tyding for tilsette.

D-10 FLYKTNINGETENESTA

2018 2019 2020 2021

Reduksjon tilskot (i basis) 2 800’ 7 800’ 8 000’

Innsparing drift -1 800’ -4 800’ -6 000’

Bruk av flyktningfond -1 000’ -3 000’ -2 000’

Beskriving:

Tiltaket går ut på ein gradvis nedtrapping og avvikling av flyktningtenesta som følgje av signal om

stopp i busetting av nye flyktningar. I nedtrappingsperioden vil det bli brukt av tidlegare års

avsetning til fond.

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvens: Nedtrapping av tenestetilbodet vil skje gradvis slik at dei sist flyktningane som kom sist kan

gjennomføre sitt introduksjonsprogram og barn/elevar har fått nødvendig hjelp i samband med

integrering i barnehage og skule. Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstrealisering:

Tiltaket er nødvendig for å tilpasse tenestenivået til reduserte statlege tilskot.

Risiko: Det er ein risiko for at flyktningane vil ha behov for tenester, på lik line med andre innbyggjarar,

som må bli dekt over andre budsjett.

Drøfting: Tillitsvalde har forståing for tiltaket, og håper at det er mogeleg å gjennomføre utan oppseiing.

D-11 HELSESTASJON

2018 2019 2020 2021

40’ 40’ 40’ 40’

Beskriving:

I starten av perioden vil midlane bli brukt til innkjøp av utstyr og kompetanseheving for tilsette.

Seinare vil midlane bli brukt for å støtte skular/barnehagar og frivillig organisasjonar som gjer

særskilte tiltak i tråd med statlege føringar.

Forankring i overordna mål/plan:

Tiltaket er ei oppfølging av regjeringa si satsing på førebyggande tiltak for barn og unge i

statsbudsjettet. Kommunen får desse midlane spesifisert, men ikkje øyremerka gjennom

rammetilskotet.

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at innbyggjarane skal oppleve tryggleik, meistring

og livskvalitet. Dette skal nås mellom anna gjennom å jobbe systematisk med tidleg innsats som

bidrar til å utvikle trygge, helsefremjande og stimulerande miljø for alle.

Konsekvens:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vil gi kvalitative gevinstar i form av betre tenestekvalitet .

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Drøfting:

Tillitsvalde er positive til tiltaket.

D-12 HÅGÅN

2018 2019 2020 2021

-250’ -491’ -491’ -491

Beskriving: Tiltaket går ut på å redusere bemanning med 0,9 stilling.

Forankring i overordna mål/plan: I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at innbyggjarane opplever tryggleik, meistring og

livskvalitet og at Hjartdal kommune skal vere ein attraktiv arbeidsplass. Måla skal nås mellom anna

ved å legge til rette for at innbyggjarane meistrar eigne liv så lenge som mogeleg og gjennom

effektiv ressursnytting.

Tiltaket er ei konkretisering av kommunestyret sine rammereduksjonar innanfor omsorgstenestene i

ØP 2017-2020.

Konsekvens:

Tiltaket kan føre til negative konsekvensar for brukarane i form av sosial isolasjon og mindre

tilrettelagte tilbod. Tiltaket kan føre til auka arbeidspress. Gjennomføring av tiltaket kan føre til

oppseiing av tilsette.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vi gi direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte driftsutgifter.

Risiko:

Det er ingen risiko knytt til om tiltaket let seg gjennomføre slik situasjonen er i dag. Dersom det

kjem nye brukarar eller omsorgsbehovet til dagens brukarar endrar seg kan det vere risiko for at

tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Drøfting:

Tillitsvalde har forståing for tiltaket, og håper at det let seg gjennomføre utan oppseiing. Tillitsvald

er bekymra for tenestetilbodet til brukarane.

D-13 SENTER FOR INCEST OG

SEKSUELLE OVERGREP

2018 2019 2020 2021

10’ 10’ 10’ 10’

Beskriving: Tiltaket går ut på å inngå fleirårig avtale om driftstilskot til Senter for incest og seksuelle overgrep i

Telemark. Beløpet av dobla i forhold til tidlegare års tilskot.

Forankring i overordna mål/plan: I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at innbyggjarane skal oppleve tryggleik, meistring

og livskvalitet. Målet skal mellom anna nås ved å leggje til rette for at menneske meistrar eige liv så

lenge som mogeleg.

Konsekvens:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vi gi direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte driftsutgifter.

Risiko:

Det er ingen risiko knytt til av tiltaket ikkje blir gjennomført..

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har tyding for tilsette.

D-14 INTERKOMMUNAL RÅDMANN

2018 2019 2020 2021

- 250' - 500' - 500' - 500'

Beskriving:

Tiltaket går ut på å inngå samarbeid med ein nabokommune om rådmannsfunksjonen.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsplass.

Det skal mellom anna skje ved å styrke leiarrolla. Samfunnsdelen peiker òg på at kommunen skal

søke interkommunalt samarbeid der det vil gje brukarane betre tenester.

Konsekvensar:

Konsekvensen av tiltaket vil vere at dei kommunale einingane i Hjartdal kommune blir underlagt

kommunal-/seksjonssjef i den kommunen det blir inngått samarbeid med. Talet på einingar i

Hjartdal er så lite at meirarbeidet for den andre kommunen blir vurdert som liten. Tiltaket kan føre

til oppseiing.

Gevinstar:

Tiltaket vil gi direkte budsjettmessig gevinst i form av reduserte driftskostnadar.

Risiko:

Det knytt risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre da det ikkje er teke kontakt med andre

kommunar for å undersøke interessa for eit slikt samarbeid.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med dei tillitsvalde.

D-15 INTERKOMMUNALT SAMARBEID

2018 2019 2020 2021

- 500’ - 1 000’ -1 500’

Beskriving: Tiltaket går ut på å etablere interkommunalt samarbeid innafor tenesteområde som gir ein

økonomisk gevinst i form av stordriftsfordeler.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel heiter det at vi skal oppnå betre servicenivå ved å utvikle det

interkommunale samarbeidet, vi skal gjere kommunen til ein meir attraktiv arbeidsplass gjennom

effektiv ressursutnytting.

Konsekvensar:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar for Hjartdal kommune. Gjennomføring av tiltaket kan føre

til oppseiing av tilsette.

Gevinstar:

Tiltaket vi gi budsjettmessige gevinstar.

Risiko:

Det er knytt stor risiko til tiltaket fordi det ikkje er gjort konkrete vurderingar av nye område for

interkommunalt samarbeid. Erfaringsmessig tek det lang tid å gjennomføre slike prosessar.

Drøfting:

Tillitsvalde har forståing for tiltaket, og håper at det let seg gjennomføre utan oppseiing.

D-16 KAD-PLASSAR

2018 2019 2020 2021

- 500’ - 500’ - 500’

Beskriving:

I samband med samhandlingsreforma fekk alle kommunar krav om å opprette akuttplassar (KAD-

plassar) for pasientar som hadde behov for tilsyn av lege, men som var for friske til å vere på

sjukehus. Hjartdal kommune etablerte KAD-plassar saman med Notodden lokalisert til legevakta.

Tiltaket går ut på å flytte KAD-plassane (definert som 0,3 sengeplassar) frå legevakta til Hjartdal

sjukeheim. Bø og Sauherad kommunar har sine KAD-plassar ved sine sjukeheimar og Notodden

kommune planlegg å flytte sine plassar til Haugmotun omsorgssenter.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at kommunen skal ha brukarvennlege og

framtidsretta tenester. Målet skal bli nådd gjennom å ta utgangspunkt i brukarane sine behov.

Tiltaket er ei konkretisering av kommunestyret sine rammereduksjonar innanfor omsorgstenestene i

ØP 2017-2020.

Konsekvensar:

Tiltaket inneber at eit rom på sjukeheimen blir bunde opp som KAD-seng. Dette er meir enn det

reelle behovet. Rommet/senga må derfor å kunn bli brukt til anna korttidsopphald med den risiko

det tyder for at det er fullt ved behov for plassen.

Gevinstar:

Tiltaket har ein direkte budsjettmessig gevinst i form av lågare kostnad.

Tiltaket vil gi ein kvalitativ gevinst ved at dei tilsette får ein meir utfordrande og interessant

arbeidsoppgåve og brukarane får ei teneste i sitt nærmiljø.

Risiko:

Det er ein viss risiko knytt til at tiltaket ikkje let seg gjennomføre. Avtale mellom Hjartdal

kommune og Sykehuset Telemark HF må bli endra.

Dersom tiltaket blir gjennomført er det ein risiko knytt til den budsjettmessige gevinsten.

Drøfting:

Tillitsvalde er positive til tiltaket.

D-17 KJØKKEN

2018 2019 2020 2021

-250’ -500’ -500’ -500’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å effektivisere drifta ved kjøkkenet.

Forankring i overordna mål/plan:

Tiltaket er ei konkretisering av kommunestyret sine rammereduksjonar innanfor omsorgstenestene i

ØP 2017-2020.

Konsekvensar:

Tiltaket vil gi mindre kapasitet og fleksibilitet.

Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstar:

Tiltaket vil gi ein direkte budsjettmessig gevinst i form av reduserte driftskostnadar.

Risiko:

Det er ikkje knytt risiko for at tiltaket ikkje blir gjennomført.

Ved gjennomføring av tiltaket er det er ein viss risiko for at omfanget av catering blir redusert, men

utgiftsreduksjonen vil uansett vere større enn inntektsbortfallet.

Drøfting:

Tillitsvalde har forståing for tiltaket, og håper at det lar seg gjennomføre utan oppseiing. Kjøkkenet

er ein trivselsfaktor.

D-18 KOMMUNEDELPLAN NORDBYGDA

2018 2019 2020 2021

-100’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å leggje arbeidet med kommunedelplan for Nordbygda på is.

Forankring i overordna mål/plan:

Planstrategi og kommuneplanen

Konsekvensar:

Konsekvensen av at det ikkje blir utarbeidd ein kommunedelplan i Nordbygda er at dei som ønskjer

å frådele tomt/bygge bustad der må søkje dispensasjon på lik line med andre LNF-område i

kommunen.

Gevinstar:

Tiltaket vil gi indirekte budsjettmessige gevinstar i form av redusert arbeidsmengde. Ressursane

kan bli prioritert til dei viktigaste tiltaka.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Drøfting:

Tillitsvald er positiv til tiltaket.

D-19 SØSKENMODERASJON/MENGDERABATT

KULTURSKULE

2018 2019 2020 2021

20’ 20’ 20’ 20’

Beskriving:

Tiltaket inneber innføring av søskenmoderasjon på 30 % og innføring av rabatt på 30% for dei som

deltek på fleire tilbod samtidig.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det ei målsetting at innbyggjartalet går opp. Det skal vi nå

mellom anna ved å ha eit attraktivt fritidsilbod for alle uavhengig av alder og fysiske føresetnader.

Konsekvensar:

Tiltaket fører til reduserte inntekter for kommunen.

Dersom økonomi er ein årsak til at nokon ikkje søkjer plass i kulturskulen, kan innføring av

søskenmoderasjon føre til at familiar med svak økonomi finn det meir attraktiv å søke plass i

kulturskulen.

Av same årsak kan søskenmoderasjon dermed føre til auka ventelister.

Gevinstar:

Tiltaket inneber kvalitative gevinstar for brukarane.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med dei tillitsvalde da tiltaket ikkje har tyding for dei tilsette.

D-20 LEGEVAKT

2018 2019 2020 2021

- 1 100’ - 1 100’ - 1 100’

Beskriving: Tiltaket går ut på å si opp avtale med Notodden kommune om interkommunal legevakt og erstatte

denne med avtale om interkommunale legevakt samen med Seljord og Kviteseid kommunar.

Tiltaket er nærmare beskrive i vedlagte notat.

Forankring i overordna mål/plan: I kommuneplanen sin samfunnsdel er det ei målsetting at brukarane av kommunale tenester skal

vere nøgde med servicenivået.

Tiltaket er ei konkretisering av kommunestyret sine rammereduksjonar innanfor omsorgstenestene i

ØP 2017-2020.

Konsekvensar: Tiltaket inneber at innbyggjarar og besøkande som har behov for legevakttenester må reise til

Seljord i staden for Notodden.

Gevinstar: Tiltaket vil gi direkte budsjettmessige gevinstar i form av lågare driftsutgifter.

Risiko: Det er knytt risiko til tiltaket. Legeforeininga er negative til forslaget og varslar at fastlegane i

kommunen vil slutte i sine stillingar dersom tiltaket blir gjennomført. Mange kommunar har

problem med å rekruttere fastlegar. Det er dermed risiko for at kommunen må leige inn lege via

vikarbyrå. Dette vil både føre til at innsparinga blir spist opp med auka utgifter, og at

fastlegetilbodet blir ustabilt.

Drøfting: Tiltaket er drøfta med tillitsvalde. Sjå punkt om risiko.

D-21 MUSEUM

2018 2019 2020 2021

30’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å auke tilskotsposten til drift av museum.

Både Tuddal museumslag og Heddal Mølle har tatt initiativ til ein konsolideringsprosess med Norsk

Industriarbeidarmuseum. I 2016 og 2017 har det vore ei mellombels auke i tilskot til museum

undervegs i denne prosessen. Tiltaket inneber ei vidareføring av dagens tilskot eitt år til.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål å utnytte kulturarven i den lokale verdiskapinga.

Målet skal nås mellom anna ved å søke regionalt samarbeid med kulturformidlingsinstitusjonar, og

ved å synleggjere viktige kulturminne som attraksjonar.

Konsekvensar:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar ut over det økonomiske.

Gevinstar:

Tiltaket vil på sikt (fullført konsolideringsprosess) ha kvalitative gevinstar knytt til forvaltning og

formidling av kulturarven.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har tyding for tilsette.

D-22 OPPVEKSTFAGLEG RÅDGJEVAR

2018 2019 2020 2021

64’ 383’ 383’ 383’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å utvide ressursen som oppvekstfagleg rådgjevar frå 50 % til 100 %.

Bakgrunnen for tiltaket er at statistikken viser at Hjartdal kommune over tid kjem dårleg ut på

resultat i skulen. Gjennomsnittlege avgangskarakterar i 10. trinn og resultat på nasjonale prøver (5.

og 8. trinn) ligg godt under landsgjennomsnittet.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel har kommunestyret vedteke følgjande strategiar:

- Vi har tenester av høg kvalitet

- Vi har lagt barnekonvensjonen til grunn for arbeidet

- Vi har jobba systematisk med tidleg innsats

- Vi har lagt til rette for barn og unge sin medverknad i samfunnsutviklinga

Konsekvensar:

Konsekvensen av tiltaket er isolert sett auka kostnadar.

Gevinstar:

Tiltaket vil gi kvalitative gevinstar. Målsettinga for gevinstrealiseringa er at kommunen over tid

skal oppnå minimum gjennomsnittlege skuleresultat. Det vil vere lettare å rekruttere rett

kompetanse i 100% stilling med eitt arbeidsområde.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Det er òg knytt ein viss risiko til at tiltaket ikkje har ønska effekt.

Drøfting:

Tillitsvalde er positive til tiltaket.

D-23 REINHALD

2018 2019 2020 2021

-200’ -200’ -500’ -500’

Beskriving: Tiltaket går ut på å redusere kor ofte det blir vaska i kommunale bygg. Reduksjonen vil vere knytt

til nye og meir reinhaldseffektive bygg, samt redusert reinhaldshyppigheit for administrasjonslokale

og storvask annakvart år. Tiltaket går vidare ut på at kjøkkenpersonalet på sjukeheimen tek over

oppgåver knytt til servering som i dag blir utført av reinhaldspersonalet.

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvens: Konsekvensane er at det enkelte gonger vil vere synleg at det ikkje er reingjort så ofte som før.

Tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstrealisering: Tiltaket vil gi direkte budsjettmessig gevinst i form av reduserte driftskostnadar.

Tiltaket gir kvalitative gevinstar ved at dei som lager maten «følgjer den» fram til den blir spist.

Risiko: Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Drøfting: Dei tillitsvalde er positive/har forståing for tiltaket, og håper at det lar seg gjennomføre utan

oppseiing.

D-24 RESPONSSENTER

2018 2019 2020 2021

Kostnader responssenter 400’ 584’ 584’ 584’

Innsparing drift -334’ -584’

Netto driftskonsekvens 400’ 584’ 250’ 0’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å sette i drift det responssenteret for velferdsteknologi som kommunane i

Kongsbergregionen tidlegare har vedteke at dei skal etablere.

Responssenteret er omtalt nærmare i eit eige notat som er vedlagt økonomiplandokumenta.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det vedtatt følgjande strategiar:

- Vi har søkt interkommunalt samarbeid der det vil gi brukarane betre tenester.

- Vi har lagt til rette for at menneske meistrar eige liv så lenge som mogeleg.

- Vi har tatt ut gevinstar ved bruk av digitale verktøy og løysingar.

- Vi har redusert bilbruken i kommunal teneste.

- Vi har i samarbeid med Kongsbergregionen vore offensive i utviklinga av digitale løysingar

for tenesteproduksjonen.

Konsekvensar:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar. Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing.

Gevinstar:

Det er lagt til grunn at tiltaket vil gi direkte budsjettmessige gevinstar i løpet av fire år slik at

tiltaket ikkje medfører varige driftsutgifter. På sikt vil tiltaket gi indirekte budsjettmessige gevinstar

i form av redusert behov for stillingsauke til tross for auke i talet på brukarar. Tiltaket vil òg gi auka

livskvalitet for dei brukarane som har ønske om å klare seg mest mogleg sjølv.

Risiko:

Det er ikkje knytt risiko til at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Kostnaden vil bli lågare dersom fleire kommunar enn dei sju i Kongsbergregionen blir med på

samarbeidet. Det er risiko for at det ikkje er mogeleg å ta ut dei økonomiske gevinstane i så stor

grad som det er lagt opp til.

Drøfting:

Tillitsvalde er positive til tiltaket, men håper at det let seg gjennomføre utan oppseiing.

D-25 RUS/PSYKIATRI

2018 2019 2020 2021

62’ 62’ 62’ 62

Beskriving: Tiltaket inneber kompetanseheving for tilsette som arbeider innafor feltet rus/psykiatri.

Forankring i overordna mål/plan:

Tiltaket er ei oppfølging av regjeringa si satsing på rus pg psykiatri i statsbudsjettet. Kommunen får

desse midlane spesifisert, men ikkje øyremerka gjennom rammetilskotet.

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at innbyggjarane opplever tryggleik, meistring og

livskvalitet og eit mål om brukarvenlege og framtidsretta tenester. Desse måla skal kommunen nå

gjennom tidleg innsats og langsiktig og systematisk arbeid.

Konsekvensar:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstar:

Tiltaket vil gi kvalitative gevinstar i form av meir kompetente tilsette og betre tenester for

brukarane.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje blir gjennomført.

Drøfting:

Tillitsvalde er positive til tiltaket.

D-26 SAULANDTUNET NÆRMILJØANLEGG/

AKTIVITETSPARK

2018 2019 2020 2021

20’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å gi kommunalt tilskot til Sauland Bygdelag sin søknad om spelemidlar til

Saulandtunet nærmiljøanlegg. Nærmiljøanlegget vil bestå av ein aktivitetspark og ein

sandvolleyballbane. Det blir sendt separate søknadar om spelemidlar for kvar del. Kommunalt

tilskot blir vurdert til kvar del.

Søknadssummen utgjer 8 % av anleggskostnadane.

Forankring i overordna mål/plan:

Kommuneplanen sin samfunnsdel har som mål:

- Å auke innbyggjartalet.

- At alle skal ha eit stimulerande nærmiljø med mogelegheit for eit aktivt liv.

- At kommunen nytter frivillige som ein ressurs.

Kommunen skal nå måla ved å ha eit attraktivt fritidstilbod for alle uavhengig av alder og fysiske

føresetnadar, ved at kommunen har jobba for at det skal vere lett å kome seg ut på tur i lokalmiljøet

og ved at det er skapt sosiale møteplassar.

I kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet har som mål:

- Nærmiljøanlegg er prioritert.

- Å gi kommunal støtte til anlegg som blir finansiert med spelemidlar. Kommunen vil

prioritere tilskot til nærmiljøanlegg.

Konsekvensar:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstar:

Tiltaket gir kvalitative gevinstar for lokalmiljøet.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje blir gjennomført.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har tyding for tilsette.

D-27 SAULANDTUNET NÆRMILJØANLEGG/

SANDVOLLEYBALLBANE

2018 2019 2020 2021

20’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å gi kommunalt tilskot til Sauland Bygdelag sin søknad om spelemidlar til

Saulandtunet nærmiljøanlegg. Nærmiljøanlegget vil bestå av ein aktivitetspark og ein

sandvolleyballbane. Det blir sendt separate søknadar om spelemidlar for kvar del. Kommunalt

tilskot blir vurdert til kvar del.

Søknadssummen utgjer 8 % av anleggskostnadane.

Forankring i overordna mål/plan:

Kommuneplanen sin samfunnsdel har som mål:

- Å auke innbyggjartalet.

- At alle skal ha eit stimulerande nærmiljø med mogelegheit for eit aktivt liv.

- At kommunen nytter frivillige som ein ressurs.

Kommunen skal nå måla ved å ha eit attraktivt fritidstilbod for alle uavhengig av alder og fysiske

føresetnadar, ved at kommunen har jobba for at det skal vere lett å kome seg ut på tur i lokalmiljøet

og ved at det er skapt sosiale møteplassar.

I kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet har som mål:

- Nærmiljøanlegg er prioritert.

- Å gi kommunal støtte til anlegg som blir finansiert med spelemidlar. Kommunen vil

prioritere tilskot til nærmiljøanlegg.

Konsekvensar:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstar:

Tiltaket gir kvalitative gevinstar for lokalmiljøet.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje blir gjennomført.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har tyding for tilsette.

D-28 REDUSERE SJUKEHEIMSPLASSAR

2018 2019 2020 2021

-300’ -600’ -600’ -600’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å redusere talet på sjukeheimsplassar frå 22 til 19 (inklusiv 1 KAD-plass).

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at innbyggjarane skal oppleve tryggleik, meistring

og livskvalitet. Kommunen skal nå målet mellom anna ved å leggje til rette for at menneske

meistrar eigne liv så lenge som mogeleg.

Fordelinga mellom sjukeheimsplassar og bustader med heildøgns omsorg blei tilrådd av

Ressurssenteret for omstilling i kommunane (RO) og er lagt til grunn for kommunestyret sitt vedtak

om å planlegge eit omsorgssenter.

Tiltaket er ei konkretisering av kommunestyret sine rammereduksjonar innanfor omsorgstenestene i

ØP 2017-2020.

Konsekvensar:

Dei negative konsekvensane av tiltaket er små fordi talet på eldre gå ned dei nærmaste åra. Dersom

bygging av omsorgssenteret blir realisert vil talet på omsorgsplassar totalt sett auke.

Dersom bygging av omsorgssenter ikkje blir gjennomført vil tiltaket gi kapasitetsutfordringar på

sikt.

Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstar:

Tiltaket vil gi direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte driftskostnadar.

Risiko:

På grunn av befolkningsutviklinga er det liten risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Behovet for institusjonstenester treng ikkje vere proporsjonale med befolkningsutviklinga. Dersom

behovet for institusjonstenester aukar vil det vere ein risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre

fullt ut.

Drøfting:

Tillitsvalde er positive til/har forståing for tiltaket, og håper at det ikkje er nødvendig med oppseiing

for å gjennomføre tiltaket.

D-29 EIN SKULE

2018 2019 2020 2021

Innsparing bemanning -1 900’ - 4 588’ -4 588’ - 4 588’

Innsparing drift bygg -500’ -1 100’ -1 100’ - 1 100’

Auka skyss kostnader 200’ 400’ 400’ 400’

Finansiering påbygg 33’ 180’ 195’ 213’

Samla innsparing -2 167’ -5 108’ -5 093’ -5 075’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å samle alle elevar frå heile kommunen ved Sauland skule.

Forankring i overordna mål/plan: I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål å auke innbyggjartalet og at brukarane skal vere

nøgde med servicenivået. Kommunen skal nå måla ved å ha gode tenester generelt, og eit godt

skuletilbod spesielt.

Det er vidare eit mål at Hjartdal kommune skal vere ein attraktiv arbeidsplass. Kommunen skal nå

målet mellom anna gjennom effektiv ressursutnytting.

Konsekvensar:

Elevane frå Tuddal og Hjartdal vil få lengre reiseveg til skulen.

Det vil berre vere ein rektor i kommunen slik at det kan bli nødvendig å finne «sparringspartnar» i

andre kommunar. Det er allereie etablert eit regionalt oppvekstfagleg samarbeid.

En mindre ombygging på Sauland skule (Garderobe for 1.-4. trinn) vil vere nødvendig.

Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstar:

Tiltaket vil ha direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte kostnadar.

Tiltaket vil ha kvalitative gevinstar i form av at elevane på mellomsteget og Sauland skule vil få eit

større fagleg og sosialt miljø.

Tiltaket vil ha kvalitative gevinstar i form av betre plass i barnehagane i Hjartdal og Tuddal.

Risiko: Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Det er ein risiko for at det ikkje er mogeleg å selje Gvammen skule og Tuddal skule med ein gang,

men det er heller ikkje lagt inn salsinntekter i budsjettet.

Dersom bygga ikkje blir selt vil forventa innsparing på bygningsdrift bli noko mindre enn forventa.

Det er ein risiko for at det kan bli etablert privatskule i Hjartdal kommune dersom tiltaket blir

gjennomført. Kommunen vil da få lågare rammetilskot og ansvar for nokre utgifter, men insparinga

vil framleis vere vesentleg.

Drøfting: Tillitsvalde har forståing for tiltaket, og håper at det let seg gjennomføre utan oppseiing.

D-30 SAMLING AV

MELLOMSTEGET

2018 2019 2020 2021

Innsparing bemanning -688’ - 1 684’ -1 684’ -1 684’

Innsparing drift bygg -250’ -600’ -600’ -600’

Auka skysskostnader 100’ 200’ 200’ 200’

Samla innsparing -806 - 2 019’ -2 013’ -2 006’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å overføre alle elevar frå 5.-7. trinn frå Hjartdal oppvekstsenter og Tuddal

oppvekstsenter til Sauland skule. I tala ligg det bemanningsreduksjon, auka skyssutgift og redusert

driftskostnad som følgje av sal av eit skulebygg i Hjartdal. Det er ikkje budsjettert med salsinntekt.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det et mål å auke innbyggjartalet og at brukarane skal vere

nøgde med servicenivået. Kommunen skal nå måla ved å generelt å ha gode tenester generelt, og eit

godt skuletilbod spesielt.

Det er vidare eit mål at Hjartdal kommune skal vere ein attraktiv arbeidsplass. Kommunen skal nå

målet mellom anna gjennom effektiv ressursutnytting.

Konsekvensar: Elevane på mellomsteget frå Hjartdal og Tuddal vil få lengre reiseveg til skulen.

Det sosiale og faglege miljøet ved Tuddal oppvekstsenter vil bli svekka.

Konsekvensane blir ikkje dei same i Hjartdal, da mellomsteget held til i Gvammen og ikkje på same

måte er ein del av det sosiale/faglege miljøet i Kyrkjekrinsen.

Det faglege miljøet ved oppvekstsentra vil bli svekka.

Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstar:

Tiltaket vil ha direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte kostnadar

Tiltaket vil ha kvalitative gevinstar i form av at elevane på mellomsteget vil få eit større fagleg og

sosialt miljø.

Risiko: Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre. Det er ein risiko for at det ikkje er

mogeleg å selje eit av skulebygga i Hjartdal med ein gang, og at forventa innsparing på

bygningsdrift derfor ikkje lar seg realisere med det første.

Drøfting: Tillitsvalde har forståing for tiltaket, og håper at det let seg gjennomføre utan oppseiing.

D-31 SAMLING AV SAULAND,

TUDDAL OG GVAMMEN

2018 2019 2020 2021

Innsparing bemanning -957’ -2 294’ -2 294’ -2 294’

Innsparing drift bygg -300’ -750’ -750’ -750’

Auka skysskostnader 100’ 200’ 200’ 200’

Samla innsparing -1 157’ -2 844’ - 2844’ -2 844’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å samle elevane frå Gvammen (5.-7. klasse) og Tuddal (1.-7. klasse) ved Sauland

skule. I Hjartdal vil oppvekstsenteret bestå av barnehage og 1.-4. klasse. I Tuddal vil det vere

barnehage.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det et mål å auke innbyggjartalet og at brukarane skal vere

nøgde med servicenivået. Kommunen skal nå måla ved å ha gode tenester generelt, og eit godt

skuletilbod spesielt.

Det er vidare eit mål at Hjartdal kommune skal vere ein attraktiv arbeidsplass. Kommunen skal nå

målet mellom anna gjennom effektiv ressursutnytting.

Konsekvensar:

Elevane frå Tuddal og frå mellomsteget i Hjartdal vil få lengre reiseveg til skulen.

Det sosiale og faglege miljøet ved Tuddal barnehage vil bli svekka.

Konsekvensane blir ikkje dei same i Hjartdal, da mellomsteget held til i Gvammen og ikkje på same

måte er ein del av det sosiale/faglege miljøet i Kyrkjekrinsen.

Det faglege miljøet ved oppvekstsentra vil bli svekka.

Gjennomføring av tiltaket kan føre til oppseiing av tilsette.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vil ha direkte budsjettmessige gevinstar i form av reduserte kostnadar

Tiltaket vil ha kvalitative gevinstar i form av at elevane som blir samla vil få eit større fagleg og

sosialt miljø.

Risiko: Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Det er ein risiko for at det ikkje er mogeleg å selje eit av skulebygga i Hjartal og Tuddal skule med

ein gang, og at forventa innsparing på bygningsdrift derfor ikkje lar seg realisere med det første.

Drøfting:

Tillitsvalde har forståing for tiltaket, og håper at det let seg gjennomføre utan oppseiing.

D-32 TILPASSA OPPLÆRING

2018 2019 2020 2021

73’ 73’ 73’ 73’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å innføre «Betre tverrfagleg innsats» (BTI) for alle kommunale tenester som

arbeider med barn og unge. BTI er ein samhandlingsmodell til bruk i kommunar for å betre den

tverrfaglege innsatsen i og mellom tenester for barn, unge og familiar.

Forankring i overordna mål/plan:

Tiltaket er ei oppfølging av regjeringa si satsing på førebyggande tiltak for barn og unge i

statsbudsjettet. Kommunen får desse midlane spesifisert, men ikkje øyremerka gjennom

rammetilskotet.

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at innbyggjarane opplever tryggleik, meistring og

livskvalitet. For å nå dette skal kommunen mellom anna arbeide systematisk med tidleg innsats

som bidrar til å utvikle trygge, helsefremjande og stimulerande miljø.

Konsekvensar:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstar:

Tiltaket gir kvalitative gevinstar i form av auka kvalitet på tenestene.

Risiko:

Det er ikkje risiko for at tiltaket ikkje blir gjennomført.

Drøfting:

Tillitsvalde er positive til tiltaket.

D-33 UTMELDING AV

INTERESSEORGANISASJONAR

2018 2019 2020 2021

-40’ -40’ -40’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å melde seg ut av følgjande interesseorganisasjoner/samarbeid:

- Osloregionen

- Fjellnettverket

- Utmarkskommunenes sammenslutning

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvensar:

Utmeldingane fører til at kommunen mister tilgang til fagleg nettverk (som i liten grad blir brukt i

dag). Kommunen mister eit talerør inn mot sentrale myndigheiter, men organisasjonane vil framleis

arbeide med saker som er i Hjartdal kommune sin interesse.

Gevinstar:

Direkte budsjettmessig gevinst i form av redusert kostnad.

Indirekte budsjettmessig gevinst i form av frigjort tid.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje kan bli gjennomført.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har tyding for tilsette.

D-34 VEDLIKEHALD BYGG

2018 2019 2020 2021

-700’

Beskriving: Tiltaket går ut på eit års stopp i alt planlagt vedlikehald av kommunale bygg.

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvensar: Tiltaket inneber at oppgraderinga av kommunale bygg stopper opp.

Gevinstar: Tiltaket gir direkte budsjettmessig gevinst på kort sikt.

Risiko: Det er ein viss risiko for at det oppstår situasjonar som gjer det nødvendig å bruke meir enn

budsjettert til uventa hendingar/reparasjonar.

Drøfting: Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har direkte tyding for tilsette.

D-35 VEDLIKEHALD VEG

2018 2019 2020 2021

-500’

Beskriving: Tiltaket inneber eit års opphald i planlagt vedlikehald av kommunale vegar.

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvensar: Tiltaket vil innebere auka forfall av det kommunale vegnettet.

Gevinstar: Tiltaket vil gi direkte budsjettmessige gevinstar på kort sikt.

Risiko: Det er ein viss risiko for at det kan skje uventa skader på vegnettet som må bli reparert og dermed

føre til meirforbruk. Det er ein viss risiko for at kommunen må betale erstatning for skade på bilar

dersom det ikkje er skilta godt om dårleg veg.

Drøfting: Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har direkte tyding for tilsette.

D-36 VI FRITID

2018 2019 2020 2021

Vi fridtid digital 263’ 10’ 10’ 10’

Vi fridtid sanserom 99’

Beskriving: Tiltaket går ut på å ta i bruk konseptet «Vi fritid digital» og «Vi fritid sanserom».

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål å auke innbyggjartalet, at alle skal ha eit

stimulerande nærmiljø med mogelegheit for eit aktivt liv og kommunen skal nytte frivillige som ein

ressurs. Desse måla skal mellom anna nås ved å:

- Ha eit attraktiv fritidstilbod til alle uavhengig av alder og fysiske føresetnadar.

- Jobbe for at det skal vere lett å kome seg ut på tur.

- Skape sosiale møteplassar.

- Samordne ressursane i lag og organisasjonar slik at det kjem alle i kommunen til gode.

- Styrke banda mellom ulike kulturar.

Konsekvensar:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar for kommunen.

Gevinstar:

Tiltaket vil gi kvalitative gevinstar ved at innbyggjarane får betre oversikt over fritidstilbodet i

kommunen.

Tiltaket vil gi indirekte kvalitative gevinstar ved at ekstern part har ansvar for å halde oversikt over

kontaktpersonar og aktivitetar i lag og organisasjonar oppdatert.

Risiko:

Det er ein risiko for at tiltaket ikkje blir optimalt da tiltaket har liten forankring blant lokale lag og

organisasjonar.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har tyding for tilsette.

D-37 VINJESENTERET

2018 2019 2020 2021

Beskriving:

Vinjesenteret for dikting og journalistikk oppmodar alle nynorsk- og dialektkommunar til å støtte

etablering av eit museum for nemnte tema med eit eingongsbeløp.

Det er ikkje søkt om konkret sum.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål å utnytte kulturarven i den lokale verdiskapinga.

Kommunen skal nå målet mellom anna ved å søke regionalt samarbeid med

kulturformidlingsinstitusjonar.

Konsekvensar:

Tiltaket fører ikkje til andre negative konsekvensar enn dei økonomiske.

Gevinstar:

Tiltaket gir ingen budsjettmessige gevinstar for kommunen.

Det er usikkert om tiltaket vil gi kvalitative gevinstar for kommunen.

Risiko:

Dersom Vinjesenteret ikkje oppnår fullfinansiering vil det lite truleg bli realisert. Eit eventuelt

kommunalt tilskot bør derfor vere under føresetnad av at prosjektet blir fullfinansiert og realisert.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har tyding for tilsette.

D-38 PUMPESTASJONAR

2018 2019 2020 2021

400’ 200’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å oppgradere tre kloakkpumpestasjonar i Sauland. Stasjonane er uforandra sida

70-talet.

Forankring i overordna mål/plan:

På nasjonalt nivå er det stort fokus på behovet for oppgradering og fornying av infrastrukturen knytt

til vatn og avløp.

Konsekvens:

Tiltaket vil føre til at pumpestasjonane tilfredsstiller dagens krav.

Gevinstrealisering:

Tiltaket gir indirekte budsjettmessige gevinstar i form av forlenga levetid for pumpestasjonane.

Tiltaket gir kvalitative gevinstar i form av betre arbeidstilhøve for dei tilsette.

Risiko:

Risikoen ved prosjektet er knytt til høgare pris enn stipulert.

Drøfting:

Tiltaket er ikkje drøfta med tillitsvalde da det ikkje har direkte tyding for tilsette.

Investeringstiltak

I-1 BIBLIOTEK

2018 2019 2020 2021

Brutto investering 300’

Finanskostnader 2’ 16’ 17’ 16’

Andre driftskonsekvensar -120’ -240’ -240’ -240

Netto driftskonsekvensar -118’ -224’ -223’ -224’

Beskriving: Tiltaket går ut på å skaffe elektronisk løysing for meirope bibliotek. Dette inneber at låntakarar som

det er gjort avtale med ved hjelp av lånekort og tilgangskode får tilgang til sjølvbetent bibliotek

utanom opningstid. I kombinasjon med dette er det tenkt eit interkommunalt samarbeid med

Notodden. Noko redusert bemanna opningstid må påreknast.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål at brukarane er nøgd med servicenivået på

kommunale tenester, og at dei er brukarvenlege og framtidsretta. Vi har nådd måla ved å søke

interkommunalt samarbeid der det kan gi brukarane betre tenester, og vore offensive i digitale

løysingar for tenesteproduksjonen.

Konsekvensar: Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstar:

Tiltaket gir direkte budsjettmessige gevinst i for av reduserte driftsutgifter.

Tiltaket gir kvalitative gevinstar i form av eit meirope bibliotek.

Risiko:

Det er ein risiko for at endeleg pris på investeringa kan bli høgare enn oppgitt.

Det er ein risiko for at innsparinga kan bli både høgare og lågare enn oppgitt da det ikkje er drøfta

med Notodden kommune. Notodden kommune har tidlegare vore interessert i eit samarbeid om

interkommunalt bibliotek.

Drøfting: Tillitsvald er positiv til tiltaket.

I-2 BILPARK

2018 2019 2020 2021

Kjøp 250’ 250’ 250’ 250’

Mva refusjon -43’ -43’ -43’ -43’

Innbytte -50’ -50’ -50’ -50’

Finansieringsbehov 157’ 157’ 157’ 157’

Lån 157’ 157’ 157’ 157’

Finanskostnader 1’ 20’ 39’ 57’

Beskriving:

Kommunen eig bilane som blir brukt i heimetenesta. Kommunen har fire biler. Det er lagt opp til

ein plan om utskifting av ein bil kvart år, dvs at kvar bil skiftas ut kvart 4. år. Dette er vurdert til å

vere den mest gunstige måte å forvalte den kommunale bilparken på. Det er i tillegg lagt opp til å

kjøpe ein bil til driftsavdelinga for å kunne redusere bruken av privatbil i tenesta.

Forankring i overordna mål/plan:

Tiltaket er ikkje forankra i overordna mål/plan

Konsekvens:

Jamn utskifting av bilparken sikrar nødvendig driftssikkerheit og driftsøkonomi.

Gevinstrealisering:

Tiltaket gir kvalitative gevinstar i form av jamn utskifting av bilparken.

Risiko:

Risikoen ved tiltaket er knytt til om ein oppnår den innbytte pris som er forventa for å kunne kjøpe

nye bilar innafor den budsjettramma som er sett.

Drøfting:

Dei tillitsvalde er samd i tiltaket.

I-3 HJARTDAL OPPVEKSTSENTER

2018 2019 2020 2021

Brutto investering 300’

Finanskostnader 2’ 10’ 11’ 11’

Beskriving: Tiltaket er knytt til avdeling Kyrkjekrinsen, går ut på å:

- bygge om mellomparti i to etasjer for generelt meir plass og for aktiviteter

- montere solavskjerming.

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvens: Tiltaket har ingen negative konsekvensar, men er unødvendig å gjennomføre dersom det blir

endring i skulestrukturen.

Gevinstrealisering: Tiltaket vil gi kvalitetsmessige gevinstar i form av eit meir funksjonelt bygg.

Risiko: Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Drøfting: Tillitsvalde er positive til tiltaket dersom det ikkje skjer endringar i skulestrukturen.

I-4 INNGANGSPARTI LEGEKONTORET

2018 2019 2020 2021

Brutto investering 250’

Finanskostnader 2’ 9’ 9’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å bygge universelt utforma inngangsparti til legekontoret.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel heiter er det eit mål at innbyggjarane opplever tryggleik,

meistring og livskvalitet. Målet skal nås ved at det blir lagt til rette for at menneske meistrar eigne

liv så lenge som mogeleg og ved at vi har brukt prinsippa om universell utforming ved kommunale

bygg og uteområde.

I diskriminering og tilgjengelighetesloven heiter det at «virksomheter rettet mot publikum har plikt

til å tilstrebe tilgjengelighet til lokalene for alle brukergrupper».

Konsekvens:

Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstrealisering:

Tiltaket vil gi direkte økonomiske gevinstar i form av redusert straumforbruk. Nåverande dør utan

automatikk står ofte open.

Tiltaket vi gi kvalitative gevinstar for brukarar som kan klare seg sjølv på veg inn og ut av

legekontoret.

Tiltaket vil gi indirekte økonomiske gevinstar i form av meir effektiv arbeidsdag for dei tilsette

som ikkje treng å hjelpe brukarane inn og ut av lokala.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Drøfting:

Tillitsvalde er positive til tiltaket.

I-5 OMSORGSSENTER -

REHABILITERING

Budsjett Økonomiplan

Tidlegare 2018 2019 2020 2021 Total

Brutto investering 6 500’ 30 000’ 32 084’ 68 584’

Tilskot - 26 000’ -26 000’

Mva refusjon -1 350’ -6 000 -6 417’ -13 767’

Finansieringsbehov 5 150’ 24 000’ -333’ 28 817’

Lån 5 150’ 24 000’ -333’ 28 817’

Finansieringskostnader 180’ 861’ 937’ 927’

Andre driftskonsekvensar 1 000’ 1 000’

Netto driftskostnader 1 180’ 1 861’ 937’ 927’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å gjennomføre ein ombygging og utbygging av Hjartdal sjukeheim med 20

sjukeheimsrom og 15 omsorgsbustader med heildøgns omsorg slik det blei lagt fram for

kommunestyret i april 2017. Prosjektet vil bli gjennomført som totalentreprise.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel heiter det at kommunen skal nå målet om fleire innbyggjarar

ved å ha eit variert bustadtilbod. Det er vidare eit mål at innbyggjarane skal oppleve tryggleik,

meirstring og livskvalitet. Målet skal nås mellom anna ved å leggje til rette for at menneske

meistrar eige liv så lenge som mogeleg. Bustader med heildøgns omsorg er ein viktig del dette.

RO-rapport definerer tal på sjukeheimsrom og omsorgsbustader.

Sluttrapport forprosjekt Hjartdal omsorgssenter definerer løysingsforslag.

Mandat hovudprosjekt Hjartdal omsorgssenter definerer organisering og framdrift.

Det har vore sett av midlar til bygging av omsorgssenter i budsjettet frå 2016, men bygging har så

langt ikkje kome i gang.

Konsekvensar:

Drift av sjukeheimen må i byggeperioden flyttast til leigde lokale utanfor kommunen. Notodden

omsorgssenter er mest aktuelt.

Gevinstar:

Tiltaket gir både direkte og indirekte budsjettmessige gevinstar. Reduserte driftsutgifter for

rehabilitert bygg og mindre tid til kjøring i heimebasert omsorg.

Tiltaket gir kvalitative gevinstar for brukarar og tilsette. Alle rom får eige bad, ventilasjonsanlegg

av god kvalitet. Kommunen kan tilby bustad med heildøgns omsorg.

Risiko:

Dersom kommunestyret går tilbake til dette prosjektet må det ut på nytt anbod. Det er knytt risiko

til at prisen har gått opp sidan førre anbodsrunde. Det er knytt risiko om det er mogeleg å leige

eigna lokale til sjukeheimsdrift i byggeperioden.

Drøfting: Tillitsvalde er positive til tiltaket.

I-6 OMSORGSSENTER - NYTT

Budsjett Økonomiplan

Tidlegare 2018 2019 2020 2021 Total

Brutto investering 6 500’ 24 700’ 49 300’ 8 225’ 82 225’

Tilskot -20 000’ -20 500’ -40 500’

Mva refusjon -1 350’ -4 940’ - 9 860’ -1 645’ -17 795’

Finansieringsbehov 5 150’ 19 760’ 19 440’ -13 920’ 30 430’

Lån 5 150’ 19 760’ 19 440’ -13 920’ 30 430’

Finansieringskostnader 148’ 867’ 1 421’ 988’

Andre driftskonsekvensar 750’ 1 000’ 250’

Netto driftskostnader 898’ 1 867’ 1 671’ 988’

Beskriving:

Tiltaket går ut på å rive dagens sjukeheim og erstatte det med eit nybygg med 20 sjukeheimsrom

og 8 omsorgsbustader med heildøgns omsorg. Dei 4 nåverande omsorgsbustadane vil bli ståande.

På sikt kan omsorgssenteret bli bygd ut med ytterlegare 3 bustader med heildøgns omsorg.

Prosjektet vil bli gjennomført som totalentreprise.

Det ligg førebels ikkje føre godkjente teikningar av prosjektet. Det er forventa at dette vil kome på

plass før kommunestyret sitt ØP-/budsjettvedtak i desember.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel heiter det at kommunen skal nå målet om fleire innbyggjarar

ved å ha eit variert bustadtilbod. Det er vidare eit mål at innbyggjarane skal oppleve tryggleik,

meirstring og livskvalitet. Målet skal nås mellom anna ved å leggje til rette for at menneske

meistrar eige liv så lenge som mogeleg. Bustader med heildøgns omsorg er ein viktig del dette.

RO-rapport definerer tal på sjukeheimsrom og omsorgsbustader.

Det har vore sett av midlar til bygging av omsorgssenter i budsjettet frå 2016, men bygging har så

langt ikkje kome i gang.

Konsekvensar:

Drift av sjukeheimen må i byggeperioden flyttast til leigde lokale utanfor kommunen. Notodden

omsorgssenter er mest aktuelt.

Gevinstar:

Tiltaket gir både direkte og indirekte budsjettmessige gevinstar. Reduserte driftsutgifter i eit nybygg

og mindre tid til kjøring i heimebasert omsorg.

Tiltaket gir kvalitative gevinstar for brukarar og tilsette. Alle rom får eige bad, ventilasjonsanlegg

av god kvalitet. Kommunen kan tilby bustad med heildøgns omsorg.

Risiko:

Det er knytt risiko til om reelle byggekostnadar etter anbodsprosess vil vere i samsvar med

budsjettanslag.

Det er knytt risiko til om prosjektet vil få så store tilskot frå Husbanken som ein har lagt inn som

føresetnad. Ei gradvis omlegging av Husbanken sine tilskot i perioden 2017-2020 inneber ein risiko

for ikkje å få tilskot dersom utbygging blir utsett. Frå 2021 blir det berre gitt tilskot til

kapasitetsutviding.

Det er knytt risiko om det er mogeleg å leige eigna lokale til sjukeheimsdrift i byggeperioden.

Drøfting: Tillitsvalde er positive til tiltaket.

I-7 REGIONALE IKT-TILTAK

2018 2019 2020 2021

Brutto investering 785’

Finanskostnader 6’ 170’ 170’ 166’

Beskriving: Tiltaket går ut på å delta samen med dei andre kommunane i prioriterte interkommunale IKT-tiltak.

For 2018 er dette knytt til anskaffing av felles sak/arkivsystem og utskifting av

oppvekstadministrative løysingar da dei som blir brukt i dag ikkje lenger blir oppdatert.

Forankring i overordna mål/plan:

Digitaliseringsstrategien for Kongsbergregionen legg dei overordna føringane for den konkrete

tiltaksplanen for digitalisering i Kongsbergregionen i 2018.

Konsekvens: Deltaking i programmet vil gjere det mogeleg for Hjartdal kommune å vere med på den

digitaliseringa som er nødvendig for å utvikle effektive tenester. Å anskaffe slike løysingar saman

med andre kommunar gir rimelegare kostnadar enn om kommunen skulle gjere det sjølv. I tillegg

har Hjartdal kommune verken kompetanse eller ressursar til å gjere slike tiltak sjølv. Felles

løysingar legg til rette for tenestesamarbeid.

Gevinstrealisering:

Tiltaket gir indirekte budsjettmessige gevinstar i form av meir effektiv tidsbruk.

Tiltaket gir kvalitative gevinstar i form av brukarvennlege system.

Risiko:

Erfaringsmessig har Kongsbergregionen god gjennomføringsevne på sine tiltak, sjølv om

vedtaksprosessane knytt til interkommunale tiltak kan vere tidkrevjande.

Drøfting:

Dei tillitsvalde samd i tiltaket.

I-8 SAULAND BARNEHAGE - KJØKKEN

2018 2019 2020 2021

Brutto investering 200

Finanskostnader 1’ 7’ 7’ 7’

Beskriving: Tiltaket inneber ei mindre utviding av kjøkkenet i samband med reparasjon etter ei vasslekkasje.

Forankring i overordna mål/plan: I kommuneplanen sin samfunnsdel heiter det at vi skal ha eit barnehagetilbod med god kvalitet.

Konsekvens: Tiltaket har ingen negative konsekvensar.

Gevinstrealisering: Tiltaket vil gi kvalitative gevinstar i form av eit meir funksjonelt kjøkken.

Risiko: Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Det er ein viss risiko for at prisen kan bli høgare etter at anbod er innhenta.

Drøfting: Dei tillitsvalde er positive til tiltaket.

I-9 SAULAND BARNEHAGE –

LAGER OG VOGNSKJUL

2018 2019 2020 2021

Brutto investering 250’

Finanskostnader 2’ 8’ 9’ 9’

Beskriving: Tiltaket går ut på å bygge eit kombinert lager og vognskjul. Vognskjulet vil vere soveplass for dei

som søv i vogn.

Forankring i overordna mål/plan:

Konsekvens: Det er ingen negative konsekvensar knytt til tiltaket.

Gevinstrealisering: Tiltaket vil gi kvalitative gevinstar for brukarane.

Tiltaket vil gi indirekte økonomiske gevinstar for dei tilsette på grunn av meir effektiv tidsbruk.

Risiko: Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Drøfting: Dei tillitsvalde er positive til tiltaket.

I-10 SAULAND REINSEANLEGG

2018 2019 2020 2021 Total

Investering 1 200’ 12 000’ 13 200’

Mva refusjon -240’ -2 400’ -2 640’

Finansieringsbehov 960’ 9 600’ 10 560’

Lån 960’ 9 600’ 10 560’

Finanskostnad 22’ 259’

Beskriving: Tiltaket går ut på å byggje nytt reinseanlegg i Sauland. Kostnaden det første året er knytt til

prosjektering.

Forankring i overordna mål/plan: I kommuneplanen sin samfunnsdel er det eit mål å auke innbyggjartalet. Målet skal mellom anna

nås ved å leggje til rette for eit variert bustadtilbod gjennom framtidsretta planlegging.

Det er vidare eit mål at den kommunale organisasjonen er miljøvenleg. Målet skal nås mellom anna

ved at kommunen har eit avløpsnett som er tilpassa eit endra klima og bruksmønster.

Forureiningslova og fara for utslepp.

Norsk vann sine tilrådingar om fornying.

Konsekvens: Tiltaket vil ikkje ha negative konsekvensar for kommunen.

Gevinstar: Tiltaket vil gi miljømessige gevinstar i form av mindre kjemikaliebruk og mindre utslepp.

Tiltaket vil gi indirekte økonomiske gevinstar ved at det gjer det mogeleg å auke bustadbygginga i

Sauland.

Tiltaket vil gi indirekte økonomisk gevinst i form av vesentleg meir effektiv drift av anlegget.

Risiko: Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre.

Det er ein viss risiko for at kostnaden kan bli høgare ved innhenting av anbod.

Drøfting: Tillitsvald er positiv til tiltaket.

I-11 OPPGRADERING IKT

2018 2019 2020 2021

Brutto investering 700’

Finanskostnader 4’ 121’ 121’ 119’

Beskriving: Tiltaket går ut på å oppgradere IKT utstyr til tilsette og elevar, samt utbetre nettverk, kabling og

trådlaust nett. K-IKT har gjort ein grundig kartlegging av kommunanes behov for oppgradering for

at tilsette og elevar skal få ein effektiv kvardag.

K-IKT handterer løpande drift og vedlikehald av IT-systema og investeringar i felles IT

infrastruktur. Kommunane må sjølv finansiere lokale kostnader til IKT utstyr og infrastruktur.

Forankring i overordna mål/plan:

I kommuneplanen sin samfunnsdel heiter det at kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsplass.

Målet skal nås mellom anna ved effektiv ressursutnytting og ved bruk av digitale verktøy og

løysingar.

Konsekvensar: Tiltaket har ingen negative konsekvensar for Hjartdal kommune.

Gevinstar:

Tiltaket gir indirekte budsjettmessige gevinstar i form av meir effektiv tidsbruk.

Risiko:

Det er ingen risiko for at tiltaket ikkje let seg gjennomføre

Drøfting:

Dei tillitsvalde samd i tiltaket.