kyrkjebladnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav...

16
Nr. 3 HAUSTEN 2016 Årgang 61 www.nord-fron.kirken.no Kvam kyrkje Kvikne kyrkje Skåbu kyrkje Sødorp kyrkje KYRKJEBLAD for NORD-FRON Intervju med Gudrun på side 7–9. Sommaren 1952 hadde Gudrun Lunde sommarjobb på Nord-Fron kommune sin aldersheim på Veikle i Kvam. Ho vart fast tilsett hausten 1953, 14 år gamal! Her står ho «på gjengrodde stier» på Veikle: «Det var ei tropp her, framfor det som var hovudinngangen til alders-avdelinga. Her kom oss med frukosten og kveldsmaten på brett frå kjøkenet». Foto: Kjartan Ruset. Frå Veikle til Nye Sundheim

Upload: others

Post on 15-Jan-2020

4 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

Nr. 3 • HAUSTEN 2016 • Årgang 61

www.nord-fron.kirken.no

Kvam kyrkje

Kvikne kyrkje

Skåbu kyrkje

Sødorp kyrkje

KYRKJEBLADfor

NORD-FRON

Intervju med Gudrun på side 7–9.

Sommaren 1952 hadde Gudrun Lunde sommarjobb på Nord-Fron kommune sin aldersheim på Veikle i Kvam. Ho vart fast tilsett hausten 1953, 14 år gamal! Her står ho «på gjengrodde stier» på Veikle: «Det var ei tropp her, framfor det som var hovudinngangen til alders-avdelinga. Her kom oss med frukosten og kveldsmaten på brett frå kjøkenet». Foto: Kjartan Ruset.

Frå Veikle til Nye Sundheim

Page 2: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

2 Kyrkjeblad for Nord-Fron

TIL TENESTE

SØDORPSvanhild TarudOddveig Margrethe Lunde LyngstadBjørg Margrethe KongsliMartha DahlenBorger HvattumOddlaug Kristine DahlBjarne Magnar RundtomRandi Birkelund, bisettelse Sør-Fron

SKÅBUAlv Magnus Skjæveland Skjegstad

SØDORPAnnabelle Gårderløkken,Ella UnderdalshaugenLucas Andrè AndersenEmilie MyromslienAria LohaugenOlea Marie Ringstad Agdestein

KVAMSigrid Holten

SKÅBULine Julton Skogheim og Hans-Terje Hoel HjørringHanne Kleiven og Pål Thore Aasmundstad

KVAMMaria Stakston og Bjørn Andre Flateng RundtomInger Fjellstad og Dag Robin OlafsenPetra Sletten og Frode CarlsenGro Solberg og Ole-Jakob Grauphaugen

Døypte Vigde

Døde

Kyrkjeblad for Nord-Fron – Nedregate 50 – 2640 VinstraKontonummer: 2095.49.59776

NESTE NUMMERav «Kyrkjeblad for Nord-Fron» kjem ut i desember 2016.

Frist for stoff: 28. november.

HEIM OG KYRKJE

KYRKJEBLAD FOR NORD-FRONRedaktør: Kjartan Ruset tlf 416 25 803 E-post: [email protected]

Redaksjons-komité: Randi Brendløkken (Skåbu), Anders Hage (Kvikne), Egil Myhre (Kvam), Per Ottesen (Sødorp), Jens Petter Ous

Kyrkjekontorets e-post-adresse: [email protected]

Heimeside: www.nord-fron.kirken.no

TAKKtil alle tilsette i kyrkja, og til bygdefolket for godt samarbeid

gjennom alle år! Takk for alle gåver eg fekk då eg slutta!Aud

Nord-Fron kyrkjekontorTlf 612 16 290Kyrkjeverje: Ragnar LøsnesløkkenTlf 612 16 292Sekretær. Grete BakkenTlf 612 16 290

KONTORTIDER:Kl 09.00-12.00og elles etter avtale

SOKNEPREST:Jens Petter OusTlf. kontor 612 16 293Mobil 975 74 993Ingibjørg JohannsdottirTlf kontor 612 16 294Mobil 401 78 914

DIAKON:Ingunn LiseterTlf kontor 612 16 286Tlf mobil 976 82 694

TRUSOPPLÆRAR:Hildegunn Maria Haanes RusetTlf kontor 612 16 286Tlf mobil 959 35 300

KANTORAR:Lars A Mensonides Tlf: 95 46 03 51Cindy van der LedenTlf: 95 46 13 56

SØDORP SOKNSoknerådsleiar:Åse Brit KappelslåenTlf 415 07 846 Kyrkjetenar/gravar:Anders StøTlf 612 90 974/909 60 650Kyrkjetenar:Frank VarpestuenTlf 456 06 026Vikar: Ivar Kvande

KVAM SOKNSoknerådsleiar:Eli Anita LillereitenTlf 996 22 966Kyrkjetenar:Svein Fredrik KjæstadTlf 908 45 584

KVIKNE SOKNSoknerådsleiar:Kristian EkreTlf 612 95 832/911 31 563Kyrkjetenar:Jan SmikopTlf 951 22 470

SKÅBU SOKNSoknerådsleiar:Unni Bøyum KlugeTlf 932 92 209Kyrkjetenar:Jan SmikopTlf 951 22 470

FAMILIE-RÅDGJEVINGKirkens FamilierådgivingStorgt 21, 2670 OttaTlf 612 30 536Kl 09.00 – 14.00

Grafisk produksjon: Dale-Gudbrands Trykkeri a.s, www.dg-trykk.no

KVAMAnna NordlienJon Moen (frå Sel)Ingrid MoenRolf AulieLiv Torild Olsen

KVIKNEGerd Rognli TungeOla P. Rytviken

Page 3: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

Kyrkjeblad for Nord-Fron 3

Noko som har endra seg mykje i kyrkja dei seinare åra, både her i Nord-Fron og overalt i Den norske kyrkja, er nattverd-deltakinga. Den har bortimot fordobla seg på få år. Mykje av grunnen til det, er at brød og vin utdelast til forsamlinga ståande, med såkalla «intinksjon» (= «dypping»; ein får brødet i handa, og dyppar det sjølv i kalken med vin), i staden for som tidlegare at ein kneler ved alterringen og får vinen i små sær-kalkar. På den måten har nattverden vorte lettare tilgjengeleg. Nattverd med intinksjon har vore praktisert i andre kyrkjesamfunn gjennom lange tider. Vi minnest t.d. frå tida med Solidaritets-rørsla i Polen, då det vart feira katolsk messe på skipsverftet i Gdansk i Polen, og arbeidarane tok imot nattverdbrødet i arbeidskleda sine inne på verftområdet.

Innhaldet i nattverden er det same om den ytre form har skifta. I Luthers vesle katekisme heiter det:

«Kva er nattverden?Nattverden er vår Herre Jesu Kristi sanne lekam og

blod i og med brødet og vinen. Kristus sjølv har innsett nattverden for oss kristne til å eta og drikka»

Kva seier Guds ord om dette?Vår Herre Jesus Kristus, den natta han vart sviken,

tok han eit brød, takka, braut de, gav læresveinane og sa: Ta imot og et! Dette er min kropp som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg. Like eins tok han kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk så syndene blir tilgjevne. Kvar gong de drikk av han, så gjer det til minne om meg,

Kva får vi i nattverden?Det syner desse orda:»Gjeven for dykk» og «utrent for

dykk så syndene blir tilgjevne» Med desse orda gjev Gud oss i sakramentet tilgjeving, liv og sæle».

Tidlegare var «brødet» ein liten oblat som vart baka ved Diakonissehuset i Oslo. I det siste har ein i Nord-Fron og andre stader i Gudbrandsdalen gått over til å bruke det lokale bakverket «avlette» ( ordet er ein dialekt-variant av «oblat»).

Det jødiske påskemåltidet dannar bakgrunnen for nattverden. På Skjærtorsdag kom Jesus og disiplane saman for å halde påskemåltid, til minne om utferda frå Egypt. Påskemåltidet er framleis den største høgtida for jødane. Påskemåltidet var eit pakts-måltid, der Gud stadfeste si pakt med Israel. Gjennom Jesus oppretta Gud ei ny pakt med menneska, knytt til Jesus og hans offerdød på korset. Difor brukar Jesus ordet «pakt»: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod». «Pakt» er ein avtale som opprettar eit nært forhold mellom to partar.

Det vakraste uttrykk for Guds pakttruskap, for

hans lengsel til fellesskap med menneska, finn vi i Joh.opb 3,20: «Sjå, eg står framfor døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, vil eg gå inn og halda måltid, eg med han og han med meg». Slik talar den Gud som i Jesus Kristus utleverte seg til menneska i tenande kjærleik. Det er ikkje du som står utanfor, men Gud. Nattverden er eit kall om å sleppe Gud inn i ditt liv.

Nattverden kan ikkje forståast utan i religiøse kate-goriar. I brødet og vinen vert Jesu nærver materielt og åndeleg på same tid. Nattverden er i streng forstand mysterium – det som ikkje kan forklarast rasjonelt, men må erfarast i tru. Slik er det og i andre religionar; guddommens heilage nærver knyter seg på ulike måtar til noko fysisk og materielt.

Nattverden er tilliks med dåpen eit sakrament, tra-disjonelt definert som «eit ytre middel der Gud gjev oss sin nåde», også kalla «nådemiddel».

For igjen å tale med Luthers vesle katekisme (du finn den bak i vår nye salmebok):

«Korleis kan så store ting skje ved at vi et og drikk?Det skjer ikkje ved at vi et og drikk, men ved ordet

som seier: «Gjeven for dykk» og «utrent for dykk så synde-ne vert tilgjevne». Desse orda er hovudsaka i sakramentet, saman med det at vi et og drikk. Den som trur desse orda, han har det dei seier: tilgjeving for syndene».

Orda som knyter seg til sakramenta, dåp og natt-verd, er sjølve evangeliet: «Son, dotter – syndene dine er tilgjevne!».

Nattverden er for syndarar som treng Guds nåde. Difor synest mange det er fint å innta den botferdige stilling på alterringen. Av muslimar og katolikkar kan vi gjerne lære å vere meir frimodige i våre fysiske ut-trykk for tru og tilbeding. Svein Ellingsen seier det slik i ein nattverdsalme:

«Jesus, livets sol og glede,/her i brød og vin til stede,Av din helhets fylde gi oss,/fra vårt eget mørke fri oss!Livets sønderbrutte deler/bringer vi deg når vi knelerLa vår altergang få være/oss til frelse, deg til ære!»

Mange vegrar seg for å knele der framme, og har då kanskje i tankar Jesu forteljing om tollaren og fariséa-ren. Når vi får stå nede i kyrkja og ta imot sakramen-tet, er det fordi vi kjenner oss i slekt med han som stod nederst i tempelet og bad: «Gud, ver meg syndar nådig!» Såleis kan også den måten å motta sakramen-tet på, vere eit uttrykk for bot. - I alle høve, om vi knelar eller står, kan vi vere visse på nattverdens store gåve: «tilgjeving, liv og sæle».

Velkommen til nattverd!

Bli kjent med gudstenesta IIIAv Kjartan Ruset

Nattverden

Page 4: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

4 Kyrkjeblad for Nord-Fron

Iver Kleive og Sondre Bratland til Sødorp kirke

Av Arnt Frode Strandskogen

Våre folkekjære artister Sondre Bratland ( sang ) og Iver Kleive ( orgel ) gjester vakre Sødorp kirke onsdag kveld den 21. september kl. 19.00. Kirkekonserten kalles ”Barokke perler og folketonesmykker». Kjente artister gir publikum en sjelden konsertbegivenhet denne kvelden.

Iver Kleive regnes som vår største orgelmester. Kleive har laget arrangementene til Bratlands utvalg av folketo-ner. Med en fornyende skaperkraft blir melodiene ikledt musikalske smykker som gir tilhøreren fornyende opple-velse av kjente melodiganger. Dette tangerer flere sjangre og overrasker med rytme og harmoni. Dette inkluderer barokkens frodige stemmevev fremført av en populær organist.

Derfor er det spennende å høre et møte mellom slik orgelkunst og moderne orgelbyggerkunst. De fleste steder på Norgesturnèen er det digitalt orgel av produsenten Johannus som klinger. Så også i Sødorp kirke.

Sondre Bratland og Iver Kleive favner mange med sin konsert. Klangbunnen i vårt eget land og folk spiller med når kirkerommet er sted for slik tonekunst. Artistene tar seg tid til å hilse på og signere CD plater etter konserten. Fullsatte kirker vitner om musikkopplevelse av det helt sjeldne.

Det lokale «Norsk et lite kor» deltar med noen kor-nummer i starten av konserten. En god måte å knytte sammen lokalt og nasjonalt musikkliv på!

SALMEKVELDERVel møtt til en trivelig kveld med salmesang og kaffe!

Kommende salmekvelder:Torsdag 22. september - Sødorp

Torsdag 13.oktober - KvikneSøndag 30. oktober – Kvam

Alle kvelder kl 19

Page 5: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

Kyrkjeblad for Nord-Fron 5

Enda ein gong har busslaster med forventningsfulle konfirmantar, ungdoms- og vaksen-leiarar frå Lesja, Dovre, Sel og Nord-Fron teke turen over Strynefjellet til Nordfjord Folkehøgskule i Gloppen. Staden byr på store moglegheiter for konfirmant-aktivitetar ute og inne.

«Undervisninga» har vore erfaringsbaserte aktivitetar. Vi har vore ute på fjorden i båt, i S-løypa (samarbeids-løype), på pilegrimsvandring og i Vereide Kyrkje. Vereide kyrkje var samlingsstaden for å bli kjende med kyrkjas innhald og erfare det heilage. Dei kyrkjelege høgtidene, gudstenestas liturgiar og bli kjende med salmeskatten. I leirheftet var det utvalde salmar som konfirmantane vart kjende med gjennom heile leiren, og sangfaktoren har vore høg på heile leiren. Ungdomsleiarane har vore flotte førebilete og motivatorar til å gje ei god stemning.

Vi hadde stort sett godt ver. Det var med å gje god leirstemning og til å bade, padle kajakk eller drive med klatreaktivitetar i regi av folkehøgskulen.

Siste dagen på leir var ein arbeidsdag med førebu-ing til gjestebod og festkveld. Kvelden starta i Vereide Kyrkje med vigsel av «leir-vennskap», før vi gjekk til opp til skulen og feiring av gjestebodet. Det var festkledde ungdommar og leiarar som fekk flott middag og god dessert med innslag av underhaldning. Den tradisjonelle kveldsmessa blei avslutta på basketbana etter middagen, før festen heldt fram. Presten i Dovre Terje Raddum spela saksofon til polonesen, som gjekk ut på skule-plassen og ned til kveldsmessa. Etterpå vart det diskotek i gymsalen med nattmat og fest ut i dei små timane (………01.30).

Etter ein leir skal ein vera sliten, ha vorte kjend med nye menneskje, fått nye venskap og vere full av inntrykk og opplevingar! – Det vonar vi konfirmantane har fått.

Det rettas ein særskild takk til ungdomsleiarane. Dei gjorde en framifrå innsats saman med konfirmantane.

Konfirmantleiren 2016Så mange flinke ungdoms-leiarar!

Tekst og foto: diakon Ingunn Liseter

Deler av Nord-Frons jentelag (fotball). Guttelaget.

Page 6: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

6 Kyrkjeblad for Nord-Fron

3.juli 2016 var det ”tradisjonen tro” gudsteneste i Bakke-stugu. Det kom mye folk, 55 personer, deriblant dei som var med på kulturvandringa ned Geitryggen. Folk sette seg i bakken ovanfor stua og rundt omkring der det var plass; på benker, krakker og puter.

Skåbu Musikkorps stilte som vanleg opp. Det har så mykje å seie at det er tonefølgje til salmane. Det var sokneprest Ingibjørg Johannsdottir som forretta. Været var bra lenge, men da presten skulle til å avslutte, kom regnet.

Det var ikkje så mykje i starten, men det auka på, så folk ville gjerne under tak. Bakkestugus venner serverte kaffe og nydelege kaker, og det vart ganske fullt i den vesle stua. Men - der det er hjarterom er det også husrom!

Vi hadde ei veldig triveleg stund både ute og inne.R.B.

Bakkestugu-dagen

Fra Åmillom,der en kunne se spor etter Storofsen (1789). Foto: Unni Bøyum Kluge.

Været holdt helt til de siste ordene fra Inga - da rev vinden i prestekjolen og store regndråper blandet seg i selskapet. Men Bakkestugu har

hjerterom, og 55 gjester fant ly og kaffe!Foto: Unni Bøyum Kluge.

Page 7: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

Kyrkjeblad for Nord-Fron 7

Gudrun Lunde hadde sommarjobb på aldersheimen på Veikle i Kvam sommaren 1952. Hausten 1953 vart ho fast tilsett, som fjortenåring. I 1962 flytte ho med til Nord-Frons nye aldersheim, Sundheim. Der arbeidde ho til 2012, dei siste åra på dispensasjon. Ho var 73 då ho gav seg! Imponerande 60 år i omsorgsarbeid.Sjølv trekker ho frå 10 år, dei åra ho var heime og hjelpte mor si då ho vart åleine, og eitt år i utdanning. 50 år er imponerande nok. Det kvalifiserte til Kongens fortenstmedalje, som ho vart tildelt i 2010.

Gudrun er historie! Ho sa seg viljug til å dele litt av den historia med oss. No når den siste, store utbygginga på Sundheim snart er fullført, kan eit tilbakeblikk til Veikle vise den enorme utviklinga det har vore på desse seksti åra. Gudrun fortel:

– Det året eg var 13 fekk eg meg sommarjobb på Veikle. Det var ikkje mange plassar vi kunne få jobb den gongen. De’ va’ Veikle oss tydd’ te’! Året etterpå, då eg var ferdig med folkeskulen, spurde Anna Kjæstad, styrarinna, om eg kunne begynne fast.

– Du vart med andre ord «headhunted», som vi seier i dag!

– Ja, eg har støtt likt å stelle for folk! På Veikle likte eg meg kjempegodt. Sant å seie kjendest det som ein nedtur då vi flytte til Sundheim! På Veikle var vi som ein stor familie, 6-7 tilsette og eit par og tjue pensjonærar.

– Hugsar du kven som arbeidde på Veikle den gongen?

– Eg trur det! (Ho må tenke seg litt om, så kjem det:)– Anna Kjæstad var styrarinne. Då eg hadde sommar-

jobb, var Bergljot Ringen kokke. Mannen hennar, Anton Ringen, var gardsbestyrar på Veikle. Seinare kom Johan-nes Stebergløkken som gardsbestyrar. Han og familien budde og på Veikle. – Etter Bergljot kom Gunda Myr-haugen som kokke, og etter henne Karen Letrud. Marit Johnsen og Aud Hermansen var kjøkkenjenter. Anna Haugalien, Oline Slåen og Marit Aasmundstad (frå Hei-dal) var pleiarar. Olaf Berget stod for gardsdrifta saman med broren Ivar. Egon frå Danmark arbeidde som sveisar. Arbeidsgjevar for oss alle var Nord-Fron kommune, som åtte Veikle den gongen.

– Det var vel enkle forhold samanlikna med i dag?– Ja - og tungvint! Vi starta kl 7 med ein morgonkaffi

på kjøkkenet. Så var det å ta kvar si bytte med varmt vatn og gå på romma for morgonstell. Vinterstid måtte vi og fyre i omnane på romma. I tillegg til det daglege stellet av dei gamle, hadde vi også reinhaldet og klesvasken.

– Frukosten vart servert på romma. Dei sprekaste åt middag saman med arbeidsfolket ved langbordet på kjøk-

kenet. Dei andre fekk maten på romma. Vi gjekk med brett over tunet. Seks av pensjonærane budde på ein stor sal. Der var det eit langbord som vi sette maten på fyrst, og så gjekk vi derifrå rundt til dei andre romma. Det var to og tre på kvart rom, ingen hadde einerom.

Gudrun vert lang i blikket – ho er seksti år attende i tida.

– Men du verden, vi hadde mykje moro på Veikle,

Superveteranen Gudrun:

To kvinnealdrar i omsorg for andre!

Tekst og foto: Kjartan Ruset.

Gudrun Lunde var med på Sundheim frå fyrste stund i 1962 og fram til 2012. Ho kan meir enn nokon annan forstå den enorme utviklinga det har vore i eldreomsorga. Ho er imponert over den

siste utbygginga på Sundheim!

Page 8: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

8 Kyrkjeblad for Nord-Fron

også saman med dei gamle! Eg hugsar godt den gongen det var opningsfest på Kvam Bygdahus. Då kom vi veldig seint heim, eller tidleg kanskje, for å seie det slik! Vi rakk ikkje å byte til arbeidstøy, så då serverte vi mårråkaffien i festbunad! Det tykte dei gamle var stas, prata mykje om det etterpå.

– Såg de noko til presten på Veikle?– Ja, sokneprest Skåre heldt andakt stundom, eg trur

ikkje det var nokon fast dag. Doktor Kolvik kom når nokon var sjuke. Var det forkjøling på gang, kokte Anna eit brygg av sukkervatn og medisin-sprit. Hadde nokon vondt, så var det å ta ein Globoid. Det var omtrent det vi hadde å hjelpe oss med! Dei gamle fekk lov til å døy, når dei følte tida var inne.

– Når nokon døde, vart kista fyrst sett på stabburet. På gravferdsdagen vart det pynta med granbar og eine-kvist i gangen der dei eldre budde, og kista vart sett inn der. Dørene til romma stod opne, så ein kunne fylgje med på bisettelsen som presten forretta. Så vart kista ført til kyrkjegarden.

– Hugsar du nokon av pensjonærane?– Eg trur eg hugsar dei fleste! Det var eldre frå heile

Nord-Fron. Frå Kvikne hugsar eg ei Johanne Massengjor-det. Så hadde vi eit spesielt syskjenpar frå Ruste, Mari og Petter Moastuen. Ho Mari fylgde med på alt som skjedde, spesielt når det kom besøkande. Ho kunne og gje ei hjelpande hand i arbeidet, stundom litt motviljug. «Eg skal gjere arbeidet, og de får æra for det!» kunne ho då seie. Og så var det Amund Rønningen, som kvar dag gjekk til stasjonen og henta posten. Han kunne vere nokså sliten når han kom opp att. For ikkje å gløyme Petter Odden. Han sat heile tida i skålen og spikka «kose» (opptenningsflis).

– Det gjekk med mykje ved på Veikle?– Det skal vere visst! Om vinteren fyrte vi opp i om-

nane på romma ved morgonstellet. I eldhuset der vi vaska klede, fyrte vi i ein Jøtul-omn heile året. I storstua var det ein stor klebersteinspeis, som stod eit stykke ut frå veggen slik det var vanleg før. Mellom peisen og veggen kunne ein då stable ved. Ved juletider laga Olaf Berget eit flott lad med kvit bjørkeved, og la inn raud oreved så det vart ståande «God jul» med raude bokstavar i vedstablen. I storstua var det forresten juletrefest kvar jul. Då kunne det vere opptil hundre menneske der.

– Men attende til klesvasken, Gudrun. Hadde de vaskemaskin?

– Ikkje den fyrste tida eg var der. Då var det å vaske på gamlemåten, med vaskebrett og med koking. Vi kokte forresten såpe sjølve, av feitt frå slaktinga. Så fekk vi ei vaskemaskin, men tøyet måtte framleis kokast i den store ystepanna. Nokon tørketrommel fanst ikkje. Kleda måtte ut på snora, både sommar og vinter! Så var det til slutt å rulle og stryke tøyet.

– Kva med baking?– Den var det Anna Kjæstad som stod for. Vi hadde

heimebaka brød heile tida, og flatbrød og lefse. Anna hadde stundom ekstrahjelp til bakinga. Det hende og at vi hadde ekstrahjelp med klesvasken.

– Hadde de vaktordning og fritid?– Det var mindre med det! Vi pleiarar og kjøkkenjen-

ter budde i andre høgda i same huset som pensjonærane, så vi hadde i grunnen vakt heile døgnet. Skulle vi bort ein

Her budde dei 22 pensjonærane og fleire av dei tilsette. Skilnaden til dagens Sundheim er stor!

Styrarinne Anna Kjæstad og kjøkkenassistent Aud Hermansen med ei av dei eldre, Barbro Frjerdingren, som litt motviljug

let seg fotografere.Ei fristund ved sveive-grammofonen i tunet på Veikle: Fredrik

Berget saman med Torbjørg Krok og Oline Slåen.

Page 9: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

Kyrkjeblad for Nord-Fron 9

efta eller ein kveld, måtte vi forsikre oss at nokon av dei andre var til stades. Vi fekk ein fridag innimellom når vi hadde behov for det.

– Og lønna?– Det var 300 kroner i månaden, attåt kost og losji.

Kvar lønningsdag gjekk eg på postkontoret på Kvam stasjon og sette inn kr 150 i Postsparebanken!

I «Historia om Fron» bind II, har Ragnar Øvrelid inter-vjua Anna Kjæstad om livet på Veikle. Det er skildra ak-kurat slik Gudrun fortel det. Og Anna opplevde flyttinga til Sundheim akkurat slik som Gudrun, går det fram av intervjuet: «Ho var ikkje hauga på å flytte til det moderne Sundheim i 1962. Betjeninga ville og helst ha blitt på Veikle», heiter det i Øvrelids tekst.

Men til Sundheim kom dei. Og Gudrun kom etter kvart til å trivast også der, elles hadde ho ikkje halde ut i femti år! Ho hugsar godt dagen dei flytta, i slutten av september 1962.– Eg hugsar spesielt ho Marie Resset. Ho hadde fyllt 100 år om våren, og var nokså sprek. Juliane Bakken køyrde henne i den grøne drosja si, eg trur det var ein Chevrolet! Juliane tok førarkort då mannen hennar gjekk bort, og tok over hans drosjeløyve.

– Det var ein stor overgang å kome til Sundheim! minnest Gudrun. – Oss kom til det som heitte «Gamle-pleia» den gongen. Men allereide i oktober vart vi flytta opp i andre høgda, over fødeavdelinga. I april 1963 flytta eg forresten over på fødeavdeling, som nattevakt. Det var og ein overgang! Men det var fint å jobbe der og. Fødeavdelinga vart nedlagt i 1975. I 1979 begynte eg på hjelpepleiarutdanning på Gjøvik. Praksisen fekk eg på barneavdelinga, og i 1980 tok eg eksamen og vart autori-sert hjelpepleiar. Frå juli 1980 til ferien i 2012 var eg fast tilsett ved Sundheim.

7.februar i 2011 vart eit høgdepunkt i livet til oms-orgs-veteranen Gudrun: då stod ho på Slottet og takka Kongen for fortenstmedalja som ho hadde blitt tildelt hausten 2010. Ho hadde med seg dottera Guri. «Dere er så fine i dag, det er godt å se hvor dere kommer fra!» sa dronning Sonja ved det høvet. Ho kjende att Gudbrands-

dals festdrakt som dei to bar. Kongen og dronninga var trivelege og pratsame, tykte Gudrun. Det var fleire som mottok medalje og hadde sine fylgje med. Dei vart servert biteti, og ein kar med kvite hanskar serverte dei champag-ne! Forsamlinga vart delt i grupper, og så gjekk kongen og dronninga rundt kvar for seg og prata med gjestene. Gudrun kunne då nemne for Kongen at dei hadde ein god felles kjenning, nemleg Tordis Sande, vertinna på Sikkilsdalseter, som kongen kjende godt, og som Gudrun hadde arbeidd saman med på Sundheim.

Gudrun fekk dispensasjon eitt år om gongen, etter at ho hadde fyllt 70. Det var ikkje så lett å slutte. – Du vert glad i desse gamle! innrømmer Gudrun. Men sjølv kjen-ner ho seg ikkje gamal, i sitt åtteogsyttiande år. Ein dag etter arbeidstid vart Gudrun «kidnappa» og bortført med bind for auga. Då bindet vart bortteke, var ho i institut-tet til Annie Solberg, der ho fekk massasje, og så bar det vidare til eit festpynta Ruste bygdahus - og festen var for henne! Kollegaer på Sundheim og ein venninnegjeng som kalla seg «Driftige damer» stod for arrangementet.

Sommaren 2012 takka ho for seg på Sundheim. Ho er framleis aktiv saman med «Driftige damer». Dei arran-gerer stor julemesse, og har utsal i «Tyle’kroken» på Peer Gynt-senteret, der Gudrun tek sine vakter. Og så har ho barneborna Tuva (9) og Sture (6) å oppleve ting saman med. Hus og hage krev sitt, så livet er framleis både leve-leg og godt!

– Men kva seier du no, Gudrun, når nye Sundheim står ferdig? Du meiner vel ikkje at vi skal attende til slik det var på Veikle - sjølv om det kjendest som ein nedtur den gongen de flytta derifrå?

– Nei, det meiner eg ikkje! seier Gudrun nøkternt. - Men for meg er det fint å hugse den tida, for då kan eg setje meg ned og mimre!

Og takk for det, seier vi som fekk mimre ilag med denne Nord-Frons absolutte supervetaran i den kommu-nale omsorgstenesta. Med det føredøme ho viser i truskap og arbeidsglede, er ho ei utfordring til oss alle om framleis å slutte opp om Sundheim, og bidra til å fylle desse flotte bygningane med liv og innhald, til beste for våre eldre.

Veikle slik garden framstår i dag.

Page 10: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

10 Kyrkjeblad for Nord-Fron

Hilsen fra diakonen:

Den største glede du kan ha er å gjøre andre gladVi trenger hverandre, men noen ganger kan livet by på utfordringer. I møte med utfordringer som eksempelvis sykdom, tap av arbeid, livskriser, sorg eller alderdom, kan vi noen ganger kjenne oss aleine om livet vårt. Da kan det være godt å ha et medmenneske. Noen som kommer på besøk enten hjem til deg eller som en turvenn, cafévenn, telefonvenn eller kulturvenn.

Er dette noe for deg, så ta gjerne kontakt for en uforpliktende prat! Velkommen skal du være!

Ingunn Liseter, diakonen i Nord-Fron. tlf. 976 82 694 eller e-post: [email protected]

“Man skal sørge for hver dag at have et møde med et menneske, som man glæder seg til at møde. Så kommer glæden ved at vågne opp av seg selv”

(Benny Andersen)

Kurs for nye frivillige medarbeidere Vi holder kurs for nye frivillige medarbeidere til våre vaktrom på Lillehammer, Gjøvik og Hamar høsten 2016.

Kurssted: Moelv Kursstart: 3. november kl. 18.00-21.15. Påmeldingsfrist: 12. oktober

For påmelding eller spørsmål ta kontakt på epost: [email protected] eller på telefon: 61 26 95 11 eller 900 17 535.

Du kan også sende oss kontaktskjema Våre nye frivillige medarbeidere får op-plæring i å møte mennesker i krise. Våre metoder bygger på 40-års erfaring med krisetelefon og en visjon om å se, støtte og styrke våre medmennesker. Som frivillig medarbeider er du anonym.

Å snakke med folk om livet gir mening!

Ragnar Løsnesløkken - her i feriemodus! Han hadde sin fyrste arbeidsdag på Kyrkjekontoret måndag 12.september.

Velkommen til oss, Ragnar!

NORD-FRONs NYE KYRKJEVERJE

Page 11: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

Kyrkjeblad for Nord-Fron 11

Kontakt info til tlf. 23 22 79 30e-post til: [email protected] [email protected]

eller kontaktperson i [email protected]

Onsdag 30. november i Hamar domkirke er det messe for verdighet.

Se i dagspressen.

Trenger du... • Noen å snakke med? • En lytter? • Forbønn? Livet går ikke alltid på skinner. I blant strever vi med enkelte hendelser i livet. Noe kan være vanskelig å takle eller finne ut av. Kirkens medarbeidere har erfaring og kompetanse til å møte

mennesker med ulike behov i ulike livssituasjoner. Tilbudet er gratis og er uforpliktende. Kirkens medarbeidere

har taushetsplikt. Se adresseliste foran i bladet om du trenger oss.

INGEN SKALBÆRE ALENE

20 år 1996–2016

Overgrep skjer – men skal ikke skjeKirken er i mot, tar stilling og vil være til hjelp for den som trenger det. Stiftelsen Kirkens Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep er et kirkelig tilbud til mennesker som har vært utsatt for overgrep og krenkelser og et kompetansested på traumer og overgreps problematikk for kirke og samfunn

ikke skjeKirken er i mot, tar stilling og vil være til hjelp for den som trenger det. Stiftelsen Kirkens Ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep er et kirkelig tilbud til mennesker som har vært utsatt for overgrep og krenkelser og et kompetansested på traumer og overgrep-sproblematikk for kirke og samfunn Et kristent fellesskap som gir overgrepserfaringer rom, er et tryggere og sannere felleskap

Hva vil vi oppnå?• Skape større åpenhet og økt kunnskap om overgrep og krenkelser.• Styrke selvfølelse, tillit, verdighet, godhet, respekt og sunne grenser.• Legge til rette for og bryte ned hindringer for møte med den gode Gud.

Stiftelsen er et samarbeid mellom Kirkerådet for Den norske kirke, Norges KFUK/KFUM og Stiftelsen Diakonissehuset

Page 12: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

12 Kyrkjeblad for Nord-Fron12 Kyrkjeblad for Nord-Fron

I kyrkjestua på Sødorp laurdag 3.september var fullt hus då vi starta konfirmantundervisninga med ein kick-off. Truspplærar Hildegunn heldt appell om å vere ung og usikker, om å ta eigne sjølvstendige val og om trua på den kristne bodskapen. Etter ei god fruktpause, fekk vi bli kjende med kyrkjerommet i Sødorp Kyrkje. Kantor Lars og diakon Ingunn tok med seg ei gruppe til kyr-kjestua for å verte kjende med salmeboka og kyrkjas liturgi. Kjende og kjære salmer gjev salmeskatten verdi når ein kan syngje med, og det kan våre konfirmantar! Prestane Ingibjørg og Jens Petter hadde undervisning i kyrkja om skikk og bruk og ministrantoppgåvene. Til sist skreiv konfirmantane eit personleg brev til seg sjølve, som dei vil få på konfirmasjonsdagen i 2017. Til sist grilla vi ute i det flotte haustveret, før vi avslutta med kveldsmesse og nattverd i kyrkja.

Vi takkar alle dei flotte konfirmantane for ein flott dag!

På vegne av Ingunn, Hildegunn, Ingebjørg, Jens Petter og Lars.

Kick-Off med konfirmantane våre

Page 13: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

Kyrkjeblad for Nord-Fron 13

Visste duat barn og unge i kyrkja vår blir inviterte til eit opp-legg i kyrkja kvart år skreddarsydd til deira alder? Det er dette som utgjer satsinga på barn og unge i kyrkja vår! Denne hausten er det 4-, 5-, 7-, og 10-åringar som blir inviterte til kvar sine opplegg, i tillegg til arbeidet med konfirmantane.

Fireåringane får utdelt «Mi eiga kyrkjebok» under haust-takkegudstenesta, vi samlast i kyrkja ein ettermiddag i forkant for å bli betre kjent!

Femåringane blir invitert til å vere med å lære korleis korn blir til mjøl. Vi ser på gamle kvennhus i nærmiljøet vårt og bakar avletter. Avlettane blir brukt til nattverd i haustakke-gudstenesta.

Sjuåringane blir invitert til å vere med på juleverkstad kor vi lager fin juletrepynt og syng songar i lag.

Tiåringane kan få vere med og overnatte i kyrkja! Dette er ein spanande, artig og lærerik oppleving. Tenk å få rulle ut soveposen framfor alterringen og ete pizza i kyrkjebenken!

Barna og føresette får skriftleg invitasjon til opplegga i posten. De kan og ringe trusopplæraren om de lurer på noko.

Trusopplæraren

Dette er logoen og namnet til trusopplærings-reformen til den norske kyrkje. Namnet speglar mykje. Den mest direkte tolkin-ga er at det er knytt til bibelver-set frå 1.Kor 13,13: «Så blir dei ståande desse tre; tru, håp og kjærleik, men størst blant dei er kjærleiken». «Størst av alt» kan og peike mot at Gud er det største av alt. Eg vil legge ei

tredje tolking til grunn for arbeidet med barn og unge i kyrka vår: at størst av alt er barna våre. Det viktigaste vi kan gjere i kyrkja vår er å skape rom der barn og ungdom kan kjenne seg heime, gjerne saman med sine føresette.

I kyrkja er det rom for ettertanke og refleksjon, men og for leik og moro. Som mor til ein aktiv og ofte høglydt gut veit eg kor stressande det kan vere å vere stader der eg opp-lever det som lite akseptert med lyd og leven. Men slik er det ikkje i kyrkjene våre. For at ungane skal like seg i kyrkja er det viktig at de som foreldre veit at barn er velkomen hit som dei er. Lyttande, deltakande, leikande, spørjande, syngande og skravlande. Barn som lagar planlagd og mindre planlagd liv i kyrkja er velkome! Vi håper å sjå alle 4- og 5- åringar i kyrkja under hausttakkegudstenesta. Då blir alle barn, også små og store sysken invitert til å gå i prosesjon med haustens frukt og grønsaker. Ta med ei korg med noko godt de har hausta! Om de ikkje har anledning til å ta med noko så har vi nok ei ekstra korg på lur. Etter gudstenesta er det kyrkje-kaffe for alle. De er velkomne!

Hildegunn Maria Haanes Ruset

Trusopplæring i Nord-Fron hausten 2016Fireåringane

SKÅBU 25.sept kl 11.00 Hausttakke-gudstenesteSØDORP 25.sept kl 17.00 Hausttakke-gudsteneste i NB! Sødorp kapellKVAM 2.okt kl 17.00 Hausttakke-gudstenesteKVIKNE 2.okt kl 11.00 Hausttakke-gudstenesteFør-samling i kyrkja i veka før hausttakke-gudstenesta. Invitasjon kjem i posten.

Femåringanefår invitasjon i posten om samling for å bake avlette. NB! Deltek på hausttakke- gudstenesta saman med fireåringane (sjå ovanfor), og har med avlette til nattverden.

Sjuåringanefår invitasjon i posten til juleverkstad.

Tiåringanei heile Nord-Fron vert inviterte til «Lys våken» i Sødorp kyrkje laurd 26.november kl 18.00. Overnatting i kyrkja, og deltaking i gudstenesta sundag 27. kl.11.00

Page 14: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

14 Kyrkjeblad for Nord-Fron

Tlf. 61 29 49 40 - www.rondablikk.noRondablikk har lokaler som dekker det fleste behov:

• Barnedåp • konfirmasjon • bryllup.

Og om det er noen som runder år, er dere velkomne til å feire dette sammen med oss.

Nyt middagen til med utsikten til fantastiske Rondane.

Tlf. 612 18 000 - Web adr: www.s1g.no

Statoil Vinstra. Tlf 61 29 04 01

SØDORP, TLF. 61 29 15 46

www.dg-trykk.no

Lomoen - Vinstra Tlf. 61 21 60 00Fax 61 21 60 01

Tlf. 47 68 22 27

DIN ANNONSE HER?

Avd: Vinstra, Nedreg. 63, 2640 Visntra Avd: Fåvang, Stasjonsv. 1, 2634 Fåvang

Tlf 61 29 52 70

Tlf 915 750 74Vi hjelper deg med blomster til begravelse og andre anledninger.

Bjørke

Elvevegen 4 - Kvam. 906 39 181

TEIGEN – TANGENbyggfirma

Mob. 95 94 87 11 og 95 25 87 30

Tlf. 905 94 187 Bjørn Einar

Elvevegen 5, 2642 Kvam. Tlf: 98 26 68 80

KYRKJA I NORD-FRON er på Facebook! Sjå Kirka Nord-Fron

Page 15: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

Kyrkjeblad for Nord-Fron 15 @NYE ANNONSØRAR

er velkomne frå og med neste nummer. Ta kontakt med Kyrkjekontoret, tlf. 612 16 290. E-post: [email protected]

Tlf 61 29 54 50 Statoil Kvam

Tlf 61 29 44 30

KIWI KVAMTLF. 612 16 850

STØTT VÅRE ANNONSØRER!

STØTT VÅRE ANNONSØRER!

LØPRITTRENN

HVEM K AN S L Å

M I DT DA L E N S H U M O R D R O N N I N G O G S E LV E R K L Æ RT M O S J O N I S T

FOR ALLE!

Anne Kari Haugalien?

Aktive og mosjonister Flere distanser

Ulike utfordringer

E-post-adresser for tilsette i kyrkja

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

[email protected]

Page 16: KYRKJEBLADnord-fron.kirkene.net/filer/menighetsblad/Kyrkjeblad...kalken etter måltidet, takka, gav dei og sa: Drikk alle av den. Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som blir

Gudstenester i Nord-Fron september – desember 2016

FULLDISTRIBUSJON

Det kan koma endringar. Alle gudstenester vert annonsert i GD på fredagar. Sjå ellers nettsida: www.nord-fron.kirken.no

SØDORP KVAM KVIKNE SKÅBU18.s. i treeiningstida18.septemberSalme 38,10-16

11 Kyrkja HøgmesseKonfirmantjubileum Ingibjorg Johannsdottir

11 Høgmesse.Konfirmantjubileum.Jens Petter Ous

Onsdag 21.september

19 Kyrkja KONSERTIver Kleive, Sondre Bratland, Norsk et lite Kor.

Torsdag22.september

19. Kyrkja SalmekveldCvdLeden, LMensonides. Ingunn Liseter

19.s. i treeiningstida25.septemberLuk 9,57-62

17 Kapellet Hausttakkefest. 4-års-boka. 5-åringar deltekIngibjorg Johannsdottir

11 Hausttakkefest4-års-boka. 5-åringar deltekIngibjorg Johannsdottir

20.s. i treeiningstida2.oktoberMatt 18,1-11

17 Hausttakkefest4-års-boka. 5-åringar deltekJens Petter Ous

11 Hausttakkefest4-års-boka. 5-åringar deltek. Jens Petter Ous

21.s. i treeiningstida9.oktoberLuk 12,13-21

10.30 SundheimHøgmesse. Nattverd.Jens Petter Ous

Torsdag 13.oktober

19 Salmekveld.LMensonides CvdLeden, Ingunn Liseter

22.s. i treeiningstida16.oktoberLuk 10,25-37

11 KyrkjaHøgmesse. Nattverd,Jens Petter Ous

11 Høgmesse. Nattverd.Ingebjorg Johansdottir

19 KveldsmesseNattverd.Ingebjorg Johansdottir

23.s. i treeiningstida23.oktoberMatt 24,25-44

Kyrkjeleg tilsette i Nord-Gudbrandsdal på studietur – Berlin (Førebu komande års Reformasjonsjubileum)

Bots- og bønedag30.oktoberLuk 15,11-32

11 Kapellet Høgmesse. Nattverd.Jens Petter Ous

19 Salmekveld. LMensonides CvdLeden,Ingunn Liseter

Helgemesse6.novemberLuk 6,20-23

11 KyrkjaMinne- og forbøns-gudsteneste.

13 Minne- og forbøns-gudsteneste.

19 Minne- og forbøns-gudsteneste.

17 Minne- og forbøns-gudsteneste.

På alle gudstenestene over: Jens Petter Ous, Ingebjorg Johansdottir, Cindv vd Leden, Lars Mensonides

26.s. i treeiningstida13.novemberLuk 13,10-17

11 KapelletHøgmesse. Nattverd.Ingebjorg Johansdottir

Kr.kongsdag/ Doms.20.novemberJoh 9,39-41

17 Høgmesse.Nattverd.Ingebjorg Johansdottir

11 Høgmesse.Nattverd.Ingebjorg Johansdottir

Laurdag26.november

Sødorp kyrkje kl 18. LYS VAKENTrusopplæring for 10-åringane i Nord-Fron. Overnatting i kyrkja.

1.s. i adventstida27.novemberJoh 21,1-11

11 Kyrkja Familie-gudsteneste. 10-årsfasen.Lys Våken. IJ og JPO

19 LjosmesseKonfirmantane og Ingebjorg Johansdottir

2.s. i adventstida4.desemberJoh 14,1-4

17 LjosmesseKonfirmantane og Jens Petter Ous

19 Ljosmesse/KonsertKonfirmantane ogJens Petter Ous

3.s. i adventstida11.desemberJes 35,1-10

17 LjosmesseKonfirmantane og Ingebjorg Johansdottir