klage på sentralt gitt eksamen

35
1 Klage på sentralt gitt eksamen § 5-9. Klage på karakter til skriftleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling. Oppbevaring av eksamenssvar ved skriftleg eksamen Klageinstansen for vurdering av skriftleg eksamen i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Fylkesmannen i kvart fylke nemner opp klagenemnda. Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen. Når det gjeld klage på karakter til skriftleg eksamen, prøver nemnda alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn nemnda at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ein ny karakter.

Upload: rania

Post on 19-Mar-2016

135 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

Klage på sentralt gitt eksamen. § 5-9. Klage på karakter til skriftleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling. Oppbevaring av eksamenssvar ved skriftleg eksamen - PowerPoint PPT Presentation

TRANSCRIPT

Page 1: Klage på sentralt gitt eksamen

1

Klage på sentralt gitt eksamen§ 5-9. Klage på karakter til skriftleg eksamen. Klageinstans og

klagebehandling. Oppbevaring av eksamenssvar ved skriftleg eksamen

Klageinstansen for vurdering av skriftleg eksamen i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Fylkesmannen i kvart fylke nemner opp klagenemnda.

Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen.

       Når det gjeld klage på karakter til skriftleg eksamen, prøver nemnda

alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn nemnda at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ein ny karakter.

Page 2: Klage på sentralt gitt eksamen

2

Klage på sentralt gitt eksamen 2007

Resultat av klagesensur for Hordaland 0,8 % av elevane i Hordaland klaga

- Engelsk:12 klager – 8 karakter opp - 4 uendra

- Norsk sidemål:23 klager – 8 karakterar opp – 15 uendra

- Norsk hovudmål: 28 klager – 4 karakterar opp (1 opp 2 karakterar)

– 2 ned – 22 uendra- Matematikk:

5 klager – 1 karakter opp

Page 3: Klage på sentralt gitt eksamen

3

Klage på lokalt gitt eksamen

Få klager på munnleg eksamen - mellom 3 og 10klager i året

I 2007: 5 klager- 2 medhald - 3 avslag

Page 4: Klage på sentralt gitt eksamen

4

Klage på lokalt gitt eksamen§ 5-10. Klage på karakter ved munnleg eksamen. Klageinstans og

klagebehandling        Ved munnleg eksamen kan det berre klagast på formelle feil som kan ha noko å

seie for resultatet. Ved klage på munnleg eksamen hentar rektor inn fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til Fylkesmannen når det gjeld klagar i grunnskolen, og til fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, når det gjeld klagar i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.

       Dersom klagaren får medhald i klagen ved munnleg eksamen, skal karakteren

annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg eksamen, skal prøvesvaret bedømmast av ein ny sensor.

       Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Eleven skal få

melding om faget med same frist som ved ordinær prøve.

Page 5: Klage på sentralt gitt eksamen

5

Klage på lokalt gitt eksamen

• Kva er ein formell feil?- at eksamensinstruksen ikkje vert følgd

- at det skjer noko uventa som har innverknad på at eleven ikkje får vist kompetansen sin slik han/ho har krav på

Page 6: Klage på sentralt gitt eksamen

6

Klage på lokalt gitt eksamenDøme på formell feil - klage i 2007 som fekk medhald:”Slik Fylkesmannen tolkar forskriftsendringa som vart gjeldande frå 01.08.06

er både faglærar-og sensorrolla styrka når det gjeld påverknad og medverknad ved lokalt gitt eksamen (munnleg eksamen i grunnskolen). Sensor har fått større påverknad på kva eleven skal eksaminerast i, jf. forskrift til opplæringslova § 3-24 2. ledd: ”Den eksterne sensoren avgjer i samarbeid med skolen kva eleven skal eksaminerast i…”. Og eksaminator har fått tildelt ei rolle som sensor: ”Prøvesvara ved lokal eksamen skal vurderast av to sensorar, og den eine kan vere faglæraren til eleven….. Ved lokale eksamenar har faglæraren plikt til å delta i vurderinga som sensor”. Dette inneber at faglæraren får ei aktiv rolle i vurderinga og karaktersetjinga av den einskilde elev, men dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.

Når det er stadfesta at faglæraren ikkje var til stades under heile prøvesituasjonen, kan ho og i mindre grad vera med å drøfta karaktersetjinga og inneha rolla som sensor. Fylkesmannen vil peika på at dette kan vera eit brot på forskrifta som kan ha hatt noko å seia for resultatet av vurderinga.”

Page 7: Klage på sentralt gitt eksamen

7

Klage på lokalt gitt eksamenDøme på klage i 2007 som fekk medhald:Denne uttalen vart sendt til skolen som ein merknad og er ikkje grunnlag for vedtaket:”Klager skriver at det var sensor som stilte de fleste spørsmålene iden utdypende samtalen. Dette blir bekreftet i sensor sin uttalelse.

I instruksen fra kommunen står det at det er faglærer som har ansvar for,og styrer kommunikasjonen med eleven under presentasjonen ogutdypingssamtalen og at innenfor de rammene som faglærer legger, kansensor delta i samtalen med eleven. Og ut fra sensors uttalelse kan det seut for at faglærer har hatt en noe passiv rolle under samtalen. Det kan derfor se ut for at utdypingssamtalen ikke er gjennomført slikInstruksen legger opp til.

Siden det er sensor som avgjør karakteren etter å ha drøftet Karaktersettingen med faglærer, er det naturlig at sensor stiller spørsmålfor å ha et grunnlag å sette karakteren på.”

Page 8: Klage på sentralt gitt eksamen

8

Standpunktkarakterar

Standpunktkarakterane utgjer 80% avkarakterane på vitnemålet.

Korleis kan me kvalitetssikra denneforma for sluttvurdering?

Page 9: Klage på sentralt gitt eksamen

99

Klage på standpunktkarakterar i grunnskolenFtO: § 5-12:• Fylkesmannen er klageinstans dersom elevar eller føresette

ønskjer å klage på fagkarakterar eller på karakterar i orden og åtferd ved avslutta grunnskoleopplæring.

• Når klagen vert sendt tilbake til skulen for ny vurdering, presiserer Fylkesmannen kva for reglar ein meiner er brotne, eller det kan reisast tvil om er brotne.

”Fylkesmannen er i tvil om reglane er følgde.Klagen blir sendt tilbake til skolen for ny vurdering.”

Page 10: Klage på sentralt gitt eksamen

1010

Klage på standpunktkarakterar i fag

2000: 240 klager2001: 220 klager2002: 300 klager2003: 215 klager2004: 167 klager2005: 179 klager2006: 185 klager2007: 178 klager

Til vanleg er det om lag tre prosent av avgangselevane som nyttar seg av retten til å klaga på karakterane dei har fått.

Page 11: Klage på sentralt gitt eksamen

1111

Klager i 2007

Tal klager totalt: 178Ikkje medhald: 30Sendt tilbake for ny vurdering: 148

- av desse blei 49 heva, medan 80 er uendra- manglar tilbakemelding på utfallet av 19 klager.

Page 12: Klage på sentralt gitt eksamen

1212

Fordeling på skolar og kommunar

Det er 108 skolar med avgangselevar i fylket.

• Klagene fordelte seg i 2007 på 50 skolar i 17 kommunar.

• I 2006 kom klagene frå 45 skolar i 20 kommunar.

• 13 skolar har ikkje hatt klager dei fem siste åra.

Page 13: Klage på sentralt gitt eksamen

1313

Faga med flest klager i 2007

Dei fem faga med flest klager er:• Mat og helse (34)• Kroppsøving (32)• Kunst og håndverk (20)• Musikk (19)

Deretter følgjer natur- og miljøfag og KRL med 12 klager kvar.

Page 14: Klage på sentralt gitt eksamen

1414

49 karakterar blei heva i 2007 – i kva fag?

• Mat og helse 10• Kroppsøving 8• Kunst og handverk 7• Engelsk skriftlig 5• Musikk 4• Natur og miljøfag 4• KRL 3• Engelsk munnleg 2• Matematikk 1• Norsk sidemål 1• Norsk munnleg 1• Samfunnsfag 1• Tilvalsspråk skriftleg 1• Tilvalsspråk munnleg 1

Page 15: Klage på sentralt gitt eksamen

1515

Fordeling av klagene på karakterar:

Karakteren 1: 0Karakteren 2: 9 %Karakteren 3: 19 %Karakteren 4: 48 %Karakteren 5: 24 %Oppsummert:Svært låg/låg/nokså god kompetanse: 28%God/mykje god kompetanse: 72 %

Page 16: Klage på sentralt gitt eksamen

1616

”Flinke elever klager mest”

• Nesten 80 % av klagene på standpunktkarakterar i grunnskulen i 2006 gjaldt karakterane 4 og 5.

• Frå 2001 til 2006 auka talet på klager på karakterane 4 og 5 med nær 20 %.

• I 2007 var talet 72 %.

• Korleis blir informasjonen om klagerett gitt til elevar og foreldre som ikkje ligg i det øvre karaktersjiktet?

Page 17: Klage på sentralt gitt eksamen

1717

Klaga blir sendt tilbake for ny vurdering

FtO § 5 -12:Det er rektor og faglærar som skal gjennomføra ei ny vurdering, men det er rektor som set den endelege karakteren. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på.

Kva skjer på skolane når dei får ei klage tilbake for ny vurdering?

Page 18: Klage på sentralt gitt eksamen

1818

Skole A

Perioden 2003 – 2006:33 klager 6 fekk ikkje medhald

3 heva pga manglande varsling1 heva karakter23 uendra karakter

2007: 8 klager 2 fekk ikkje medhald

6 uendra karakter

Page 19: Klage på sentralt gitt eksamen

1919

Skole B

Perioden 2003 – 2006:13 klager 2 fekk ikkje medhald

11 uendra karakter2007: 16 klager 14 heva karakter

2 uendra karakter

Page 20: Klage på sentralt gitt eksamen

2020

Skole C

Perioden 2003 – 2006:11 klager 1 fekk ikkje medhald

1 heva pga manglande varsling6 heva karakter1 uendra karakterVi manglar tilbakemelding på 2

2007: 12 klager 5 heva karakter

7 uendra karakter

Page 21: Klage på sentralt gitt eksamen

2121

Klaga blir sendt tilbake… kva ser vi etter?

1. Om vurdering av eleven sin kompetanse er knytt opp mot kompetansemåla i faget

- om det går fram kva vurderingskriterie som ligg til grunn for karaktersetjinga i faget

- om det går fram om klagar er gjort kjend med vurderingskriteria i faget

Page 22: Klage på sentralt gitt eksamen

2222

Døme….”Om vurdering av eleven sin kompetanse er knytt opp mot kompetansemåla i faget - vurderingskriterie - er klagar gjort kjend med desse”

Mat og helseFaglæreruttale om eitt av dei tre hovudområda i faget: mat og livsstil• … klarer i middels grad å setje saman riktig kost og

begrunne valet med utgangspunkt i ernæringslæra og betydningen av helsefremjande livsstil.

• Han lagar oftast velsmakande mat, men han treng av og til hjelp til å forstå oppskrifter/utføre arbeidet.

• Han bruker som regel arbeidsreidskap, utstyr og tekniske hjelpemiddel på ein hensiktsmessig måte.

• Han er stort sett medviten på samanhengen mellom hygiene, helse og trivsel, men bryr seg ikkje alltid om å gjennomføre det i det praktiske arbeidet på heimkunnskapen. Han vurderast til karakteren 4 innafor dette området

Page 23: Klage på sentralt gitt eksamen

2323

… kva ser vi etter?

2. Kontakten med heimenKva skjer når kravet om varsling er falt vekk? § 3-2: • Skolen skal halde god kontakt med foreldra.. • Kontaktlæraren skal minst to gonger i året ha ein

planlagd og strukturert samtale med foreldra …og gjere greie for korleis eleven står i forhold til kompetansemåla i faga.

• Samtalen skal munne ut i ei oppsummering, mellom anna med sikte på å bli einige om kva det særskilt skal leggjast vekt på i det vidare arbeidet.

Page 24: Klage på sentralt gitt eksamen

24

… kva ser vi etter? - kontakten med heimen

Prinsipp for opplæringa

Samarbeid med hjemmetHeimen skal få informasjon om måla for opplæringa i faga, kva

fagleg utvikling elevane har i forhold til måla, og korleis heimen kan medverke til å fremme  måloppnåinga deira. Vidare skal heimen ha informasjon om korleis opplæringa er lagd opp, og kva for arbeidsmåtar og vurderingsformer som blir brukte. Det må også leggjast til rette for at foreldre og føresette får nødvendige opplysningar for å kunne delta i reelle drøftingar om utviklinga av skolen

Page 25: Klage på sentralt gitt eksamen

25

Døme… Kontakten med heimen

Fylkesmannen:I forskriftsendringa frå 01.08.06 kom det inn ein ny § 3-3 som viser til at elevane skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering, § 3-3, 2. ledd: ”Undervegsvurderinga skal ein gi løpande i opplæringa som rettleiing til eleven. Ho skal hjelpe til å fremje læring, utvikle kompetansen til eleven og gi grunnlag for tilpassa opplæring. Undervegsvurdering kan ein gi både med og utan karakter. Sidan kravet om skriftleg varsel ved fare for nedsett karakter er teke bort, vil vi understreka at dette stiller store krav til kvalitet og dokumentasjon på vurderingsarbeidet, noko som også føreset god og jamn kontakt med heimen gjennom året.

25

Page 26: Klage på sentralt gitt eksamen

26

… kva ser vi etter?

3. Tilbakemelding og rettleiing

§ 3-1. Rett til vurdering       …. Det skal leggjast vekt på å gi god tilbakemelding og rettleiing til

elevane.

§ 3-3. Undervegsvurdering og sluttvurdering        Elevane skal ha undervegsvurdering og sluttvurdering.        Undervegsvurderinga skal ein gi løpande i opplæringa som

rettleiing til eleven. Ho skal hjelpe til å fremje læring, utvikle kompetansen til eleven og gi grunnlag for tilpassa opplæring. Undervegsvurdering kan ein gi både med og utan karakter.

26

Page 27: Klage på sentralt gitt eksamen

27

Døme… ”Tilbakemelding og rettleiing”

Faglæraruttale: ”Eleven har fått både skriftleg og munnleg tilbakemelding på oppgåvene som det har vore arbeidd med.Eleven har fått munnleg rettleiing undervegs.Eleven har perm i faget, der alle papir skal vere tekne vare på og systematisert; oppgåver, skisser, eksempel, bilete, attendemeldingar og eigenvurderingar. Ved kvar vurdering har faglærar hatt ein individuell samtale med eleven, der ein forklarar vurderinga og karakter som vert gitt. Og korleis vidare arbeid kan løysast. Eleven/heimen har fått månadsrapportar, som viser kva resultat eleven har oppnådd. Ved terminslutt har eleven fått attendemelding på innlevert penn og eigenvurdering, samt skriftleg vurdering med karakter i vurderingspermen.”

27

Page 28: Klage på sentralt gitt eksamen

28

… kva ser vi etter?

4. Eigenvurdering

§ 3-1. Rett til vurdering       …. Det skal også leggjast til rette for at elevane kan

gjere god eigenvurdering.

§ 3-4. Vurdering utan karakter i fag …. Elevane skal kunne delta i vurderinga av sitt eige arbeid.

28

Page 29: Klage på sentralt gitt eksamen

29

Døme…. ”Eigenvurdering”

Faglæreruttale:Skriftlig egenvurdering i dans er i år kanalisert gjennom klassens egenvurdering i musikk, hvor dans hadde en egen del. Ellers er muntlig egenvurdering gjennomført i tilknytning til individuell veiledning og vurderinger. Eleven har gitt uttrykk for at han ser at han må jobbe med flyt i dansen, men også at han føler han klarer seg godt i linedance og har et godt engasjement.

Rektor uttaler:Skolen arbeider systematisk med vurderingsarbeidet i de ulike fagene. Det blir gitt både formell vurdering med karakter og uformell vurdering uten karakter. Gjennom elevsamtaler og systematisk egenvurderingsarbeid blir elevene kjent med vurderingskriteriene i faget. Egenvurderingsarbeidet følges opp med samtaler og er en viktig del av vurderingsarbeidet.

29

Page 30: Klage på sentralt gitt eksamen

30

Oppsummering – kva ser vi etter?1. Om vurdering av eleven sin kompetanse er knytt opp mot

kompetansemåla i faget- om det går fram kva vurderingskriterie som ligg til grunn

for karaktersetjinga i faget- om det går fram om klagar er gjort kjend med

vurderingskriteria i faget

2. Kontakten med heimen

3. Tilbakemelding og rettleiing

4. Eigenvurdering

5. Om innhaldet i klagen er kommentert

Page 31: Klage på sentralt gitt eksamen

31

Erling Lars Dale og Jarl-Inge Wærness:Tilpasset opplæring og inkludering i skolefaglige læreprosesserForskningsprosjekt ”Sammenheng mellom eksamen og læring”:

…ble et utvalg lærere spurt om hva de synes var viktig når det gjaldt fastsetting av skriftlig standpunktkarakter.67% av lærerne mente at elevenes arbeidsinnsats i løpet av skoleåret i stor grad var viktig. Dette betyr at to av tre lærere har en vurderingspraksis som ikke er i overensstemmelse med gjeldende retningsgivende bestemmelser. Det vil si at vurderingspraksisen ikke har legal kvalitet.Det er interessant å legge merke til at enkelte lærere legitimerer trynefaktoren» som del av karaktersettingen. «Trynefaktoren» kan ses som et element i helhetsinntrykket som gjør karaktersettingen mer uforutsigbar. Et annet element er vurderingen av innsatsen som del av helhetsinntrykket. Hva dette helhetsinntrykket består av, holdes ofte skjult for eleven. En lærer sa for eksempel: «Det er ikke noe jeg sier ifra om.»

31

Page 32: Klage på sentralt gitt eksamen

32

Erling Lars Dale og Jarl-Inge Wærness:

Behovet for et felles begrepsapparat og tydelige overordnede retningslinjer kommer klart fram når vi nærmere analyserer elevenes opplevelse av vurderingen. For mange elever er det uklart om innsatsen er med i vurderingskriteriet, eller om det er innsatsen som bidrar til at en oppnår et bra resultat. En elev sa: «Men det teller jo også veldig positivt hvis en er aktiv i timene, hvis en spør og graver. Hvis en ligger på vippen og er aktiv, så går en ofte opp i karakter. Det er slik jeg har skjønt systemet,» sa han, og han forsto dermed at innsatsen inngikk i vurderingskriteriet.

Denne uklarheten mellom mål, vurderingskriterier, innsats og resultat synes å være utbredt. Mange elever forbinder åpenbart ikke karakteren med mål og vurderingskriterier. En elev sa: «Jeg vet egentlig ikke hva de vurderer ut fra. Jeg får aldri direkte opplyst kriteriene. Vi har spurt om det før, og da har vi fått beskjed om at det er en helhetlig vurdering.» Dette uttrykket er, som eleven sa, «ganske vagt.»

32

Page 33: Klage på sentralt gitt eksamen

33

Orden og åtferd§ 5-13. Klage på karakter i orden og i åtferd. Klageinstans og klagebehandling

       Ved klage på karakter i orden og i åtferd skal kontaktlæraren til eleven og rektor gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til klageinstansen. Fråsegna skal gjere greie for kva for karakterar i orden og i åtferd som har vore gitt tidlegare, kva for tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda, og ei fyldig grunngiving for karakteren. Kopiar av ordensreglementet for skolen, utskrift av protokollen som viser korleis skolen har behandla saka m.m., skal leggjast ved fråsegna. Ved klage i grunnskolen skal det også gjerast greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett ned, og eventuell annan korrespondanse med foreldra eller dei føresette. Klagaren skal ha kopi av fråsegna. Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde. Klageinstansen avgjer om klagen skal føre til at karakteren blir endra til gunst eller ugunst for klagaren.

Page 34: Klage på sentralt gitt eksamen

34

Tal klager

2007: Orden 3 klagerÅtferd 2 klager

2006: Orden 4 klagerÅtferd 4 klager

2005: Orden 3 klagerÅtferd 3 klager

Page 35: Klage på sentralt gitt eksamen

35

Få klager, men dei fleste har fått medhald – kvifor?• manglande dokumentasjon• uklart om elevens åtferd er brot på

ordensreglane• same brot på ordensreglane blir brukt for

nedsett karakter både i orden og i åtferd, t.d. ulovleg fråver

• manglande omtale av tiltak skolen har sett i verk

• manglande varsling• ikkje er tatt omsyn til eleven sine føresetnader