kjære 8. klassing og foreldre/føresette! invitasjoninvitasjon til konfirmantåret 2015/2016 k 2 16...

4
Kjære 8. klassing og foreldre/føresette! Invitasjon til konfirmantåret 2015/2016 KONFIRMANT 2 16

Upload: others

Post on 15-Feb-2021

5 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • Kjære 8. klassing og foreldre/føresette!

    Invitasjon til konfirmantåret 2015/2016

    KONFIRMAN

    T2 16

  • For nokre veker sidan fekk du heftet Konfirmant 2016 i posten. Dette heftet handlar om å vera konfirmant.

    No vil kyrkjelyden din invitera deg til å verta med oss i konfirmasjonstida 2015/2016.

    Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare.

    Dersom du ikkje er døypt, kan du vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.

    Kjære deg!

    Konfirmasjonstida hos oss har fylgjande opplegg:- Kick off for alle konfirmantane i Valen kyrkje onsdag 19. august med undervisning, sosialt program og matøkt.- 8 gudstenester, inkludert presentasjonsgudsteneste, lysmesse, samtalegudsteneste og konfirmasjonsgudsteneste.- Fellessamlingar i Valen kyrkje (Om lag 8-10 onsdagar).- Weekend til Brandøy 8. - 10 januar 2016 (evt. ei kveldssamling for dei som ikkje har høve til å vera med.)- Tenesteoppgåve med innsamling til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon.- Miljøtiltak/deltaking i kristent ungdomsarbeid i kyrkjelydane som Nattcafe, Ope hus og Hobbyklubben i Uskedalen.

  • Innskriving for alle konfirmantgruppene: Valen kyrkje, onsdag 10. juni kl. 17.00På denne samlinga reknar vi med at ein av foreldra/føresette vert med.

    Fyll ut og ta med innmeldingsskjemaet! Det vert ein kort informasjon og så leverer éin og éin skjemaet sitt og vert kryssa av på lista.

    KostnaderKonfirmantane betalar ingenting for undervisningsmateriellet. Vi kjem tilbake til betaling for konfirmant-weekend og eventuelt andre ekstra-arrangement når det er aktuelt.

    Kick off! For alle konfirmantane i Valen kyrkje onsdag 19. august kl. 17.00-19.30.

    PresentasjonsgudstenesteneUskedal kyrkje: Søndag 30. august kl 17.00 Husnes kyrkje: Søndag 6. september kl. 11.00 (Husnes, Herøysundet og Sunde)Valen kyrkje: Søndag 6. september kl.17.00Holmedal kyrkje: Søndag 13. september kl. 11.00

    Det er fint om de som foreldre/føresette er med på dei gudstenestene som konfirmanten deltek på i løpet av konfirmasjonstida.

    Konfirmasjonane 2016Uskedal kyrkje: Søndag 24. april Husnes kyrkje: Søndag 24. april (Husnes 1 og 2)Holmedal kyrkje: Laurdag 30. april (ikkje konfirmasjon 1. mai).Valen kyrkje: Kristi himmelfartsdag torsdag 5. mai. Husnes kyrkje: Søndag 8. mai (Sunde og Herøysund)

  • Vi ynskjer at konfirmasjonstida skal bli ei fin tid for kvar einskild. Då er det viktig at alle gjer sitt til at det skal lukkast, og vi har sett opp nokre ordensreglar:

    1) Møt presis til alle samvær (helst nokre minutt før). 2) Fråvær. Har du god grunn til å vera borte frå eit samvær, må føresette be deg fri på førehand (andre fritidsaktivitetar er vanlegvis ikkje gyldig grunn.) Er du borte frå undervisningssamvær p.g.a. sjukdom, må konfirmantlærar/prest få melding seinast dagen etter (gjerne på SMS eller mail). Må nokon ha fri frå ei av dei gudstenestene som alle skal vera med på (t.d. lysmessa), må vi få beskjed så lang tid på førehand at konfirmanten kan møta på ei tilsvarande gudsteneste i ei av dei andre kyrkjene.3) Ta med til kvart undervisningssamvær: Konfirmanthefte og skrivesaker.4) Ro og orden. I alle samvær skal det vera ro og orden som gjev høve til konsentra- sjon og arbeid. Slik kan utbytte av samværa verta best mogeleg. 5) Mobiltelefonar. På undervisningssamværa har me mobiltelefonen avslått/lydlaus.

    Så ynskjer vi vel møtt og vonar det vert ei fin konfirmasjonstid med gode opplevingar!

    Husnes kyrkjekontor i Valen kyrkje Klubbavikjo 9 - 5451 ValenTlf.: 53 48 27 40www.kyrkja-kvinnherad.no

    Med venleg helsing

    Lina HålandSokneprest i Uskedal sokn

    trusopplæring i den norske kyrkja

    Eilevandekyrkje- i Kvinnherad

    trusopplæring i den norske kyrkja