hespriholmen - hordaland · at berget var blitt kraftig oppvarma slo ein kaldt sjøvatn på slik at...

1
S TEINBROTET H ESPRIHOLMEN Steinbrotet på Hespriholmen er nært knytta til lokalite- ten på Sokkamyro i Langevåg. Hit blei grønsteinen frakta inn med båtar og omdanna til meir eller mindre ferdige øksar. Ved Sokkamyro blei det truleg produsert tusenvis av økseemne og øksar, og gjennom kontaktnettverk blei desse spreidde ut over store delar av Vestlandet (sjå kart). O PPDAGINGA Heilt sidan lokaliteten Sokkemyro blei oppdaga, hadde ein hatt eit stort problem, - kor kom all grønsteinen frå? Både arkeologar og geologar leitte etter steinbro- tet i heile Sunnhordland i 22 år utan hell. Grønsteins- brotet blei oppdaga tilfeldig då arkeologen Johs. Bøe, geologen Nils Kolderup og Arnt Hovland ein kveld i 1923 var ute på fisketur. Då dei kom forbi Hespriholmen såg dei to store groper i fjellet, - endeleg var grønsteinbrotet oppdaga. Shetelig var i Sverige då han fekk meldinga, og han fôr med ein gong til Bømlo, leigde seg ein båt og fossrodde ut til Nordøyane. Stein blei utvunnen frå brotet ved hjelp av eld og sjø- vatn. Det blei fyrt opp bål inn mot bergveggen og etter at berget var blitt kraftig oppvarma slo ein kaldt sjøvatn på slik at berget sprakk opp. På denne måten kunne ein bryte laus blokkar av fjellet. G RøNSTEIN SOM RåSTOFF Grønstein er omdanna lava med bassaltisk samansetjing. Omdanninga skjedde under den kaledonske fjellkjede- foldinga, og den grøne farga skuldast mineral som kloritt og epidot. Når ein byrja å lage øksar av grønstein og andre bassaltiske bergartar var ikkje dette fordi ein hadde dårleg med flint og trengde ei erstatting. Snarare var det tale om ei nyvinning og forbetring. Dei eldste typane grønstein- øksar, dei spissnakka trinnøksane, har heller inga open- berre førebilete av flint. Tilhogginga av grønsteinøksene gjekk føre seg med ein rund stein, ein såkalla knakkestein. I praksis var dette same teknikk ein brukte når ein skulle hogge til reiskapar av flint, men grønsteinen var langt seigare og det kravde meir kraft for å hogge han til. Derimot var han langt lettare å slipe enn den glasaktige flinten, og det er fyrst fleire tusen år seinare, i yngre steinalder, at ein byrja å produ- sere slipte flintøksar i Danmark. Sjølv om dei fleste på denne tida nok var i stand til å hogge sine eigne rei- skapar, har det nok kravt ei viss spesialisering å forma ei stor grønsteinsøks. Transportøko- nomisk var det nok betre å frakte ei ferdig øks eller eit emne enn ei stor blokk som kanskje kunne bli til ei øks. Brotet på Hespriholmen er freda ved lov. Du kan godt gå i land, men det er ikkje tillate å ta med seg eller bryta laus stein derfrå. Holmen er eit av Noregs eldste og viktigaste kulturminne frå steinalderen. Grønsteinsteinbrot på Hespriholmen. Foto: BERGEN MUSEUM Knakkestein funne på Hespriholmen. MØRE OG ROMSDAL SØR- TRØNDELAG OPPLAND BUSKERUD SOGN OG FJORDANE HEDMARK AKERS- HUS HORDALAND ROGALAND VEST- AGDER AUST- AGDER TELEMARK VEST- FOLD ØST- FOLD Distribusjonen av grønnsteinsøksar frå Hespriholmen. Grønsteinen var brote frå berget ved hjelp av eld og sjøvatn. HESPRIHOLMEN Hespriholmen ligg langt til havs blant Nordøyane vest for Bømlo. Det er ein av dei mest kjende arkeologiske funn- stadane frå steinalderen her i landet. På vestsida av Hespriholmen finn vi fleire store grønsteinbrot som vart utnytta gjennom heile steinalderen. Fyrste gongen det vart teke ut stein på Hespri- holmen var for ca. 8500 år sidan. Frå den gong har det vore samanhengande utvinning av stein her i nesten 5000 år, kan hende så langt fram som til byrjinga av bronsealderen omkring 1800 f.Kr. Brotet på Hespriholmen er freda ved lov. N GB Hespriholmen (Hespri Islet) is situated far out at sea among the Nordøyene (Northern islands) west of Bømlo. It is one of the most famous archaeological sites from the Stone Age in Norway. At the west side of the islet there are several large greenstone quarries, all used through the Stone Age, from ca 8500 years ago. The quarry was continually used for nearly 5000 years, until the beginning of the Bronze Age around 1800 BC. The quarry is protected by Norwegian Law. You can visit the islet, but it is forbidden to remove stones or extract stone from the quarries. The Islet is one of the oldest and most important heritage sites from the Stone Age in Norway. FREDA KULTURMINNE / PRESERVED CULTURAL HERITAGE / GESCHÜTZTE KULTURELLE ERBSCHAFT D Hespriholmen ( Das Hespri Inselchen ) liegt weit draussen auf dem Meer unter den Nordøyane (Nord-inseln) westlich von Bømlo. Hier gibt es eine der berühmtes- ten archäologischen Fundstellen aus der Steinzeit in Norwegen. Auf der West- seite des Inselchen finden wir mehrere grosse ”Grünstein” Steinbrüche. (Grünstein ist eine feinkörnige grüngefarbte Gebirgsart). Sie waren die ganze Steinzeit hindurch im Gebrauch, d.h. vor etwa 8500 Jahren. Sie wurde kontinuierlich beinahe 5000 Jahre gebraucht, bis Anfang der Bronzezeit um 1800 v.Chr.G. Der Steinbruch ist gesetzlich geschützt. Sie können das Inselchen besuchen, es ist aber im Steinbruch verboten, Steine zu entfernen oder abzuhauen. Das Inselchen ist eine der ältesten und wichtigsten Erb- schaften der Steinzeit in Norwegen. VIS OMSYN TIL NATUR, DYR OG KULTUR! HORDALAND FYLKESKOMMUNE Grafisk formgjeving: Arkikon / Geir Goosen Tekst, kart og illustrasjon: Arkikon Fotos: Fotoarkivet - © Bergen Museum Elizabeth Jan Warren, Hfk Redaksjon: Arkikon og Hordaland fylkeskommune Let alltid at grinda! Hund skal haldes i band. Trakk ikkje på dyrka mark. Far varsamt i høve kulturminnet Takk for at du tek med deg alt boss. Foto: Elizabeth Jan Warren Fargevariasjonar på spissnakkete trinnøksar av grønstein frå Hespriholmen. Den nedste variasjonen er vanligast. Ettar S.Alsaker

Upload: others

Post on 13-Jan-2020

4 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: HESPRIHOLMEN - Hordaland · at berget var blitt kraftig oppvarma slo ein kaldt sjøvatn på slik at berget sprakk opp. På denne måten kunne ein bryte laus blokkar av fjellet. g

Steinbrotet på HeSpriHolmenSteinbrotet på Hespriholmen er nært knytta til lokalite-ten på Sokkamyro i Langevåg. Hit blei grønsteinen frakta inn med båtar og omdanna til meir eller mindre ferdige øksar. Ved Sokkamyro blei det truleg produsert tusenvis av økseemne og øksar, og gjennom kontaktnettverk blei desse spreidde ut over store delar av Vestlandet (sjå kart).

oppdagingaHeilt sidan lokaliteten Sokkemyro blei oppdaga, hadde ein hatt eit stort problem, - kor kom all grønsteinen frå? Både arkeologar og geologar leitte etter steinbro-tet i heile Sunnhordland i 22 år utan hell. Grønsteins-brotet blei oppdaga tilfeldig då arkeologen Johs. Bøe, geologen Nils Kolderup og Arnt Hovland ein kveld i 1923 var ute på fisketur. Då dei kom forbi Hespriholmen såg dei to store groper i fjellet, - endeleg var grønsteinbrotet oppdaga. Shetelig var i Sverige då han fekk meldinga, og han fôr med ein gong til Bømlo, leigde seg ein båt og fossrodde ut til Nordøyane.

Stein blei utvunnen frå brotet ved hjelp av eld og sjø-vatn. Det blei fyrt opp bål inn mot bergveggen og etter at berget var blitt kraftig oppvarma slo ein kaldt sjøvatn på slik at berget sprakk opp. På denne måten kunne ein bryte laus blokkar av fjellet.

grønStein Som råStoffGrønstein er omdanna lava med bassaltisk samansetjing. Omdanninga skjedde under den kaledonske fjellkjede-foldinga, og den grøne farga skuldast mineral som kloritt og epidot.Når ein byrja å lage øksar av grønstein og andre bassaltiske bergartar var ikkje dette fordi ein hadde dårleg med flint og trengde ei erstatting. Snarare var det tale om ei nyvinning og forbetring. Dei eldste typane grønstein-øksar, dei spissnakka trinnøksane, har heller inga open-berre førebilete av flint.

Tilhogginga av grønsteinøksene gjekk føre seg med ein rund stein, ein såkalla knakkestein. I praksis var

dette same teknikk ein brukte når ein skulle hogge til reiskapar av flint, men grønsteinen var langt seigare og det kravde meir kraft for å hogge han til. Derimot var han langt lettare å slipe enn den glasaktige flinten, og det er fyrst fleire tusen år seinare, i yngre steinalder, at ein byrja å produ-sere slipte flintøksar i Danmark.

Sjølv om dei fleste på denne tida nok var i stand til å hogge sine eigne rei-skapar, har det nok kravt ei viss spes ia l i ser ing å forma ei stor grønsteinsøks. Transportøko-nomisk var det nok betre å frakte ei ferdig øks eller eit emne enn ei stor blokk som kanskje kunne bli til ei øks.

Brotet på Hespriholmen er freda ved lov. Du kan godt gå i land, men det er ikkje tillate å ta med seg eller bryta laus stein derfrå. Holmen er eit av Noregs eldste og viktigaste kulturminne frå steinalderen.

Grønsteinsteinbrot på Hespriholmen. Foto: BERGEN MUSEUM

Knakkestein funne på Hespriholmen.

MØRE OG ROMSDAL

SØR- TRØNDELAG

OPPLAND

BUSKERUD

SOGN OG FJORDANE

HEDMARK

AKERS-HUS

HORDALAND

ROGALAND

VEST-AGDER

AUST-AGDER

TELEMARK

VEST-FOLD

ØST-FOLD

Distribusjonen av grønnsteinsøksar frå Hespriholmen.

Grønsteinen var brote frå berget ved hjelp av eld og sjøvatn.

HESPRIHOLMENHespriholmen ligg langt til havs blant Nordøyane vest for Bømlo. Det er ein av dei mest kjende arkeologiske funn-stadane frå steinalderen her i landet. På vestsida av Hespriholmen finn vi fleire store grønsteinbrot som vart utnytta gjennom heile steinalderen. Fyrste gongen det vart teke ut stein på Hespri-holmen var for ca. 8500 år sidan. Frå den gong har det vore samanhengande utvinning av stein her i nesten 5000 år, kan hende så langt fram som til byrjinga av bronsealderen omkring 1800 f.Kr. Brotet på Hespriholmen er freda ved lov.

N

GB Hespriholmen (Hespri Islet) is situated far out at sea among the Nordøyene (Northern islands) west of Bømlo. It is one of the most famous archaeological sites from the Stone Age in Norway. At the west side of the islet there are several large greenstone quarries, all used through the Stone Age, from ca 8500 years ago. The quarry was continually used for nearly 5000 years, until the beginning of the Bronze Age around 1800 BC. The quarry is protected by Norwegian Law. You can visit the islet, but it is forbidden to remove stones or extract stone from the quarries. The Islet is one of the oldest and most important heritage sites from the Stone Age in Norway.

FREDA KULTURMINNE / PRESERVED CULTURAL HERITAGE / GESCHÜTZTE KULTURELLE ERBSCHAFT

D Hespriholmen (Das Hespri Inselchen) liegt weit draussen auf dem Meer unter den Nordøyane (Nord-inseln) westlich von Bømlo. Hier gibt es eine der berühmtes-ten archäologischen Fundstellen aus der Steinzeit in Norwegen. Auf der West-seite des Inselchen finden wir mehrere grosse ”Grünstein” Steinbrüche. (Grünstein ist eine feinkörnige grüngefarbte Gebirgsart). Sie waren die ganze Steinzeit hindurch im Gebrauch, d.h. vor etwa 8500 Jahren. Sie wurde kontinuierlich beinahe 5000 Jahre gebraucht, bis Anfang der Bronzezeit um 1800 v.Chr.G. Der Steinbruch ist gesetzlich geschützt. Sie können das Inselchen besuchen, es ist aber im Steinbruch verboten, Steine zu entfernen oder abzuhauen. Das Inselchen ist eine der ältesten und wichtigsten Erb-schaften der Steinzeit in Norwegen.

VIS OMSYN TIL NATUR, DYR OG KULTUR!

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Grafisk formgjeving: Arkikon / Geir GoosenTekst, kart og illustrasjon: ArkikonFotos: Fotoarkivet - © Bergen Museum Elizabeth Jan Warren, HfkRedaksjon: Arkikon og Hordaland fylkeskommune

Let alltid at grinda!Hund skal haldes i band.Trakk ikkje på dyrka mark.Far varsamt i høve kulturminnetTakk for at du tek med deg alt boss.

Foto: Elizabeth Jan Warren

Fargevariasjonar på spissnakkete trinnøksar av grønstein frå Hespriholmen. Den nedste variasjonen er vanligast. Ettar S.Alsaker