helse på 3/2011

12
Kosteleg! Vis kva du kan Felles EPJ Fonna Fase 2 Historisk skattekiste i øvste etasje NITO Min gode kollega Graviditet og tilrettelegging 5 i korridoren NR. 3 / OKTOBER 2011 Arbeidsplass for store magar

Upload: helse-fonna

Post on 09-Mar-2016

260 views

Category:

Documents


8 download

DESCRIPTION

Les siste utgåve av Helse på for 2011.

TRANSCRIPT

Page 1: Helse på 3/2011

Kosteleg! Vis kva du kan Felles EPJ Fonna Fase 2

Historisk skattekiste i øvste etasje NITO Min gode kollega

Graviditet og tilrettelegging 5 i korridoren

nr. 3 / oktober 2011

Arbeidsplass for store magar

Page 2: Helse på 3/2011

2 Helse På! / Internmagasin

«Lågkarbo» er eit omgrep for diettar med under 150 gram karbohydrat per dag. Av dei som tillet minst, finn vi såkalla lågkarbo-høgfeitt-diettar (LCHF). Her oppmodar ein om å pøse på med feitt i form av fløte, bacon og smør. Fedon Lindberg representerer eit meir moderat alternativ. Han tilrår «langsame karbohydratar» som fullkornsprodukt, grønsaker og belgvekstar, i motsetnad til «raske karbohydratar» med mykje sukker. Fedon Lindbergs råd ligg nær opptil helse-myndigheitene sine tilrådingar.

Som slankemetode har lågkarbo vist seg omtrent like effektiv som tradisjonelle lågkaloridiettar. Vekttapet kan i starten vere noko høgare med lågkarbo, mykje fordi det gir større væsketap. Eit så og seie karbohydratfritt kosthald over lengre tid lar seg vanskeleg kombinere med familieliv og sosialt samvere. Mange blir slappe eller får hovudverk. I verste fall kan ein utvikle mangelsjukdommar. Lågkarbo inneber ofte mykje kjøtt og metta feitt. Forsking tyder på at høgt inntak av raudt kjøtt aukar kreftrisikoen. Metta feitt er knytt til hjarte-karsjukdom. Hos nokon kan høgt proteininntak over tid føre til nyreskade. To nyare befolkingsstudiar viser samanheng mellom visse typar lågkarbokosthald og tidleg død.

Lågkarbo gir stabilt blodsukker og auka proteininntak, faktorar kjente for å forlenge kjensla av å vere mett. Dette kan du òg få til ved å: • styre unna sukker og andre «raske karbohydratar» • ete minst kvar fjerde time• bruke grønsaker til og mellom måltida• auke litt på inntak av protein og redusere på karbohydratar• supplere langsame karbohydratar med moderate mengder av umetta feitt frå matoljer, feit fisk, nøtter, avokado og majones • vere fysisk aktiv.

Lågkarbo kan altså gi vekttap på same måte som lågkalori-diettar. Men det er ikkje bare talet på badevekta som be- stemmer helsa vår. Korleis eit strengt lågkarboregime påverkar kroppen over tid har vi enno for lite kunnskap om. Den gylne middelveg er nok framleis å tilråde.

Kosteleg!

Lågkarbo – fantastisk eller farleg?

Du kan vinne flott allversjakke i GoreTex frå BaseCamp og karaffel og glas frå Hadeland. Alt du må gjere er å gå inn på FonnaNett og logge deg på Kompetanseportalen, der du kan registrere di utdanning og arbeidserfaring.

Vis kva du kanDin kompetanse er viktig for Helse Fonna. Regi-strerer du CV-en din i Kompetanseportalen før 24. november, er du med i trekninga av flotte premiar.

Helse Fonna sine tre kliniske ernæringsfysiologar; Hild Mari Kristoffersen, Inger Helene Kvala og Eli Moksheim vil i kvart nummer av Helse På fortelle om arbeidet dei gjer i spalta Kosteleg! Dei gir gode råd om kost og ernæring til pasientar – og tilsette.

Det er viktig å synleggjere og dokumentere sin kompetanse, meiner Eddy Mikkelsen (t.v.)og Sissel Rasmussen i HR.

Page 3: Helse på 3/2011

3

kvifor skal eg registrere meg?– I det moderne arbeidslivet er det viktig å synleggjere og dokumentere sin kompetanse. Det er ikkje lenger slik at alle har same jobb på same stad i 40 år. Fleire av oss tar vidare- og etterutdanning og søkjer eigenutvikling og nye utfordringar. Det seier Sissel Ras-mussen som er rådgivar i eining for organi-sasjon og kompetanse. Ho meiner ein opp-datert CV er eit godt hjelpemiddel for deg som tilsett og for leiaren din. – Tilsette i Helse Fonna har ulik kompetanse som er viktig for føretaket. I Kompetanseportalen kan leiarar søkje opp folk med riktig kompetanse til særskilte prosjekt eller utfordringar.

Slik går du fram:1. Gå inn på FonnaNett2. Klikk på Tilsettesida i menyen til venstre3. Klikk på Kompetanseportalen frå menyen til venstre4. Logg på med brukarnamn og passord. Har du ikkje passord, kan du klikke Glemt passord/Nytt passord og få eit nytt sendt til din e-post5. Fyll ut skjema.

Treng du hjelp? Sjå video og presentasjon av korleis du går fram på Tilsettesida. Det blir òg halde undervising ved Haugesund, Odda, Stord og Valen. Oversikt over undervisinga finn du på Tilsettesida. Lukke til!

Vis kva du kanHelse På er Helse Fonna sitt internmagasin. Du kjenner nok igjen bladet frå tidlegare – då var pasientar og pårørande målgruppa. No har Helse på fått ny drakt og eit nytt publikum: Deg! Helse på kjem fire gonger i året. Ta gjerne kontakt med redaksjonen om du har innspel.

Illus

tras

jon:

Kar

i Nyt

un, H

else

Ber

gen.

Ansvarleg utgivar: Helse Fonna HF e-post til redaksjonen: [email protected] tekst: Stina Steingildra & Eirik Dankel Foto: Eirik DankelLayout: ABACUS Kommunikasjon AS trykk: Senter Grafisk AS

Page 4: Helse på 3/2011

4 Helse På! / Internmagasin

– Heile organisasjonen gjorde ein god jobb då vi bytta system til DIPS i vår. Vi er likevel ikkje heilt i mål, og vi skal bruke denne delen av prosjektperioden til å kome dit, seier Torbjørn.– Fase 2 vil både innebere betring av måten vi bruker DIPS på og innføring av nye funk-sjonar. Innføring av elektronisk sjukepleie-dokumentasjon, operasjonsplanlegging og SMS-påminning til pasientar er eksempel på nye ting vi skal i gang med.

Pasienten i fokusForbetring og nye funksjonar er vel og bra, men ein kan jo spørje seg om det ikkje var ein betre idé om vi heller fekk litt meir tid til å bli kjent med alt det nye?– Eg trur ikkje det, svarar Karin. – Det er viktig å jobbe inn gode vanar medan dette

er nytt. Det er lett å legge seg til uvanar eller finne eigne måtar å gjere ting på, og det er uheldig om det får sette seg.Feil bruk av DIPS kan få store følgjer, både for pasientar og for Helse Fonna. Karin viser til store medieoppslag frå andre føretak, der innkallingsbrev ikkje har blitt sendt ut til pasienten eller det har vore usikkert om prøvesvar har blitt lese av behandlings-ansvarleg lege. Desse sakene har vore utløyst av ukorrekt bruk av DIPS. Føretaket kan òg gå glipp av viktige inntekter dersom ein ikkje gjer opp konsultasjonar.– Dersom vi klarer å motivere kvar med-arbeidar til å bli med på denne betrings-prosessen, vil det innebere vesentleg auka pasienttryggleik, seier Torbjørn.

Fagleg utviklingInnføring av elektronisk sjukepleiedokumen-tasjon er noko det er knytt stor spenning til. Karin forklarar kvifor.– EDS/Behandlingsplan, som delprosjek-tet heiter, blir ein ny måte å dokumentere på som handlar om mykje meir enn å gå frå manuell til elektronisk dokumentasjon.

Det er eit viktig fagutviklingsprosjekt som vil kome pleietenesta til gode. Innføring av EDS vil gjere tydeleg den viktige rolla pleie-personell har. All dokumentering skal skje i DIPS, i ein ny modul som heiter DIPS Behandlingsplan. Kvar post skal lage rettleiande behandlings-planar for sine pasientgrupper og planane skal brukast aktivt i behandlinga. I dokumen-teringa skal vi bruke standardspråk for sjukepleiediagnosar og forordningar som heiter NANDA og NIC. Alt pleiepersonell vil få opplæring i NANDA og NIC. – Når vi får ein standardisert måte å dokumentere på, kan rapportsituasjonen bli mykje enklare, seier Karin. Også Torbjørn ser fram til innføringa av elektronisk sjukepleiedoku-mentasjon. – Eg har sett DIPS Behandlings-plan, og det ser veldig bra ut. Denne delen av Felles EPJ Fonna Fase 2 vil òg bidra til auka kvalitet og pasienttryggleik, seier han.Torbjørn og Karin er samrøystes i kva dei trur er suksesskriteria for Fase 2:– Engasjerte medarbeidarar med lyst og vilje til å vere med på eit viktig løft for heile Helse Fonna. Akkurat slik vi såg i fase 1.

Felles EPJ Fonna:

FASe 2Helse på tok seg ein prat med prosjektleiar Torbjørn Saltveit og assisterande prosjektleiar Karin Mortensen for å finne ut kvifor vi eigentleg treng ein fase 2.

Page 5: Helse på 3/2011

5

oPtimALiSeringLeiar: Torstein Stavenjordmål: * Sikre at rutinane frå fase 2 blir følgt* Tiltak for at brukarane skal kunne jobbe lettare i DIPS* Sikre at rett dokument blir sendt til rett mottakar og handtert korrekt, med særleg fokus på henvisningar

eDS/beHAnDLingSPLAnLeiar: Turid G. Norheimmål: * Alle postar tar i bruk DIPS Behandlingsplan innan april 2012* Rettleiande behandlingsplanar for alle sentrale behandlingsforløp skal ligge føre* Behandlingsplan skal vere førsteval for utveksling av pasientinformasjon mellom pleiepersonell

ePJ - SkAnningLeiar: Lise Knapskogmål: * Innan utgangen av april 2012 skal ingen einingar lenger fylle på papir i papirjournal

oPerASJonSPLAnLeggingLeiar: Torkel Vilandmål: * Operasjonseiningane Stord, Odda og Haugesund skal erstatte SPISS(NAF-reg) og dagens Access-baserte operasjons- planleggingssystem med DIPS Operasjons- planleggingsmodul og -protokoll og DIPS Anestesi-registreringsmodul innan utgangen av februar 2012

gevinStreALiSeringLeiar: Bjørg Røstbømål: * Identifisere og gjennomføre tiltak for at Felles EPJ Fonna skal nå dei mål som er sett

integrASJonArmål: * Ta i bruk SMS-påminning til pasientar i enkelte einingar* Laboratoriesvar frå Unilab Helse Bergen skal mottakast i DIPS* Olympus-integrasjon for gastrolab

tALegJenkJenningHelse Fonna skal følgje prosessen med utrulling av pilot i Helse Bergen og basert på dette starte planleggingsaktiviteter for korleis dette seinare kan rullast ut i Helse Fonna

Bli betre kjent med delprosjekta i Fase 2

Vil hjelpe deg

Det seier sjukepleiar og leiar for delprosjekt Optimalisering, Torstein Stavenjord. Med seg i arbeidsgruppa har han mellom anna Evy Leivestad frå medisinsk kontorteneste. Jobben deira er å motivere og leggje til rette for betre bruk av vårt nye arbeidsverktøy.

I september kunne alle tilsette seie si meining om betringsområde i DIPS gjennom ei spørre-undersøking. Torstein seier svara frå under-søkinga vil vere grunnlaget for deira arbeid vidare. – Vårt arbeid skal ta utgangspunkt i det tilsette sjølv meiner er viktige betrings-område. Undersøkinga gjer òg at vi kan

planlegge felles undervising i det som er utfordringar for mange.

Torstein og Evy håper alle medarbeidarar vil gjere seg kjent med rutinane for DIPS og ta dei i bruk. – Søk informasjon og hjelp hos kvarandre. Kvar enkelt har eit ansvar for seg sjølv. Dersom kvar av oss tar det ansvaret, er vi på god veg til målet om ein betre arbeids-kvardag og auka pasienttryggleik.

– Vårt mål er at kvar og éin skal kjenne seg tryggare på DIPS. Vi trur det gjer arbeidsdagen enklare og frigir meir tid til pasientane.

Page 6: Helse på 3/2011

6 Helse På! / Internmagasin

Sjølv om dei ikkje kan snakke, har tinga som er samla i etasjen øvst i den freda, kvite murbygningen på Valen mykje å fortelje. Veggane famnar hundre år med psykiatri-historie – ei samling med minner etter kvardagane, behandlinga og livet til pasientane som var her. Nokon for ein kort periode, nokon så godt som heile livet.

Tinga i samlinga blei henta fram i lyset frå loft og kjellar på sjukehuset, men også frå folk i bygda i samband med hundreårs-markeringa til Valen sjukehus i 2010. Fram-leis kjem det nye ting. Ei av eldsjelene bak museet er Reidar Handeland, driftsleiar på sjukehuset.

– Drifta ved sjukehuset har alltid vore ein del av sjølve Valen, seier han. – Eg hugsar framleis namnet på mange av pasientane som var her då eg vaks opp. Som om eg kjenner dei.

SjølvforsyntAt sjukehuset blei lagt til Valen har fleire årsaker. Litt hendig for å få «gøymt bort» pasientane, trua på landleg ro og frisk luft i behandlinga og ikkje minst at det var praktisk. Sjukehuset er nemleg to gardar, og kunne dermed forsyne seg sjølv med kraft og mat med pasientane som gards-arbeidarar.

AktivitetSjukehuset skapte liv og arbeidslaga herfrå var eit vanleg syn i bygda. Nettopp det å vere i aktivitet har vore sentralt i behandlinga på Valen gjennom historia. Mange av pasientane var dyktige handverkarar, reine kunstnarar, og nokre av tinga dei laga finn du her på museet, som tekstilar, treutskjeringar og fiolinar. Utanfor kan du sjå resultat av arbeidet dei la ned i form av murar, vegar og skogsbruk.

– Ein pasient var så ivrig i arbeidet at han fekk ein veg oppkalla etter seg. Det seier litt om korleis pasientane var ein del av samfunnet her, fortel Handeland.

Den mørke historiaUtstillinga viser også mørkare sider av psykiatrisk behandling som elektrosjokk og lobotomi. På hyller står apparata og i monter ligg reiskapen som truleg gir deg frysningar nedover ryggen, og på ei seng ligg stroppane klare.

– Frå 1949 og seks år fram fekk 350 pasientar utført lobotomi her. Om det virka er høgst uklårt, seier Handeland og viser dei blanke instrumenta som no har vore unytta sidan 1955.

Poetisk kjøkkenlukeVi går gjennom gamle kontor med store tavler med namn på pasientar, forbi gamal-dagse legekontor, sengepostar, aktivitets-rom med vevar og høvelbenkar, daglegstove med grammofon, orgel og eige apparat for å krølle håret, og så inn på kjøkenet. Ein av dei meir kjende pasientane på Valen var diktaren Olav H. Hauge. På kjøkenbenken kan du lese diktet som skal vere inspirert av ei luke som blei brukt til å levere ut mat.

ei lukka verdI ein liten gang utanfor baderomma heng det fleire klede og vesker og på golvet ligg ein open koffert.

– På laurdagskveldane kledde ein seg opp, seier Handeland og ser på ein dress som heng på ein kleshengar. – Og oppi her, han går bort til den opne kofferten på golvet, - ligg tinga til ein pasient: Sko, skjorter, slips, ein elektrisk barbermaskin. Det er litt artig med den barbermaskinen. Han som eigde den hadde vore her lenge, og så ein dag skulle han skrivast ut. «Då må eg nok legge att barbermaskinen», sa han. «Kvifor det?» undra personalet. «For heime har vi jo ikkje elektrisitet», sa mannen. Han hadde då levd i det trygge huset på Valen i førti år, og verda – ho hadde gått vidare.

Historisk skattekiste i øvste etasje

På gamle Post A har entusiastar skapt eit museum over hundre års drift på Valen sjukehus.

Livet på Valen

Page 7: Helse på 3/2011

7

Frå ein sengepost.

Mange av pasientane var dyktige handverkarar. Desse fiolinane er laga av ein pasient på Valen.

Dansk inspirasjon

Siste helg i september er gruppa bak museet på Valen på tur til København for å feire det dei har bygd opp. Sjølvsagt skal dei også ta seg ein tur på sjukehusmuseum.– Vi vil gjerne gjere litt stas på dei som har vore med og bygd opp museet på Valen sjukehus, seier Reidar Handeland. – Dei som har brukt ettermiddagar og kveldar på å få det heile i stand. Samstundes kan det kanskje inspirere til vidare arbeid?

Sct Hans i roskildeEit av punkta på programmet for reisefølgjet på sju, er å besøke museet på Sct Hans-hospitalet. – Danskane har drive med slike museum lenge. Samlinga i Roskilde er ganske stor, og er kjent i psykiatrisk samanheng. Visste du at Amalie Skram sine skildringar av psykiatrisk behandling på St Jørgen er etter modell av Sct Hans? seier Reidar. – Eg gler meg til å helse på dei.Med på turen over Skagerrak er både sjukehus-tilsette og pensjonistar som har engasjert seg i samlinga på Valen. Bidrag til reisa har dei psykiatri- historisk interesserte fått av Helse Fonna og Kvinnherad kommune.

Reidar Handeland er driftsleiar på Valen.

Frå 1949 til 1955 blei det utført lobotomi på 350 personar på Valen sjukehus.

Mykje av tinga i samlinga er funne på Valen sjukehus. Pasientar kunne bu her store deler av livet og også døy her. Dei blei gravlagd på sjukehuset sin gravplass.

Sjå fleire bilete på www.helse-fonna.no

Også musikk kan vere ein del av behandlinga.

Page 8: Helse på 3/2011

8 Helse På! / Internmagasin

Fagforeiningane

I kvart nummer av Helse På får ein av fagforeiningane denne spalta til disposisjon.

For ingeniørar i helsevesenet

Min gode kollega

Ein litt vemodig dag blei til feiring av godt kollegaskap då Gunn Børve fekk utmerkinga Min gode kollega av Synnøve Engevik.

Frå vemod til feiring

Det er siste arbeidsdag ved laboratoriet i Odda for Synnøve Engevik. Etter 32 år skal einingsleiaren vende nasen mot den gamle heim- staden Stord og den nye arbeidsplassen Stord sjukehus. Etter-følgjaren hennar blir Gunn Børve. Kva dag kunne vel eigne seg betre til å rose ein god kollega?

– Eg synest dette var ein god anledning til å vise Gunn kor mykje eg set pris på henne. Ho er alltid positiv og stiller opp når nokon ber om hjelp, seier Synnøve.

– Det er ei veldig kjekk utmerking å få, og så må eg jo seie at det er gjensidig. Eg kjem verkeleg til å sakne Synnøve og støtta ho har gitt meg i alle år, svarar Gunn.

Kake og kaffi er kome på bordet. Det er ei hyggeleg og litt trist markering av Synnøve sin siste dag på jobb, men dei to kollegaene har godt humør og latteren sit laust.

– Vi kan prate om alt mogeleg og er gode vener. Det gjer at vi kan støtte kvarandre når noko er vanskeleg, anten det gjeld jobb eller

NITO er Noregs største organisasjon

for ingeniørar og teknologar med

67 000 medlemer. Vi organiserar

ingeniørar med høgskule- og

universitetsutdanning eller til-

svarande kompetanse. I Helse Fonna

har NITO omlag 115 medlemmer.

Bioingeniørane utgjer fleirtalet, men

medlemsmassen representerer også

ingeniørar innan HMS, teknisk,

medisinskteknisk, IT og radiografi.

NITO er opptatt av fagleg utvikling og løysingar for framtida. Derfor

er det oppretta ei rekkje faggrupper med stor fagleg bredde og

kompetanse. Ei av dei største og mest etablerte gruppene er Bio-

ingeniørfaglig Institutt, BFI.

NITO forhandlar lønn lokalt. NITO meiner at lokal lønnsdanning

basert på objektive kriterium vil gi medlemene best mogeleg og

ansvarleg lønnsutvikling. Individuelle lønnssamtalar er ein føresetnad

for at fordelinga av midlar skal skje på ein god måte og i tråd med

NITOs lønnspolitikk. NITO i Helse Fonna ønskjer å bidra til at

lønnssamtalar blir innført som eit viktig verktøy i fagleg utvikling

av arbeidsplassen og i det personalpolitiske arbeidet.

Både dagens arbeidsliv og kalkylar for framtidig behov for arbeids-

kraft, viser at ingeniørar er og vil bli ettertrakta vare. NITO ønskjer

å bidra til at ingeniørane i Helse Fonna opplever sine arbeidsplas-

sar som attraktive. Den beste framtida blir skapt av arbeidstakarar

som aktivt får delta og vere med å forme eit arbeidsmiljø i endring

og utvikling.

NITO har i alt sju tillitsvalde ved ulike avdelingar i Helse Fonna.

De tillitsvalde arbeidar for å ivareta medlemene på best mogeleg

måte og samarbeider i det daglege konstruktivt med arbeidsgivar.

Informasjon, kommunikasjon og samhandling er viktige moment

for å finne gode løysingar på utfordringar i kvardagen. For å styrke

dette arbeidet meiner NITO det er viktig å la seg involvere og bidra

konstruktivt i viktige prosessar. NITO samarbeidar no med arbeids-

givar for å kunne bidra til at arbeidsforholda for føretakstillitsvalgd

blir tilrettelagde. Trygge arbeidsrammer er viktig for at det skal vere

praktisk mogeleg å ha denne type verv.

Bente OmenåsFøretakstillitsvald NITO, Helse Fonna

Page 9: Helse på 3/2011

9

personlege ting. Også koser vi oss sjølvsagt innimellom. Eit godt arbeidsmiljø har ein når ein gler seg til å gå på jobb, seier Synnøve.

– Det at vi er eit lite miljø gjer oss kanskje meir samansveisa, legg Gunn til. – Samstundes har vi eit godt samarbeid med fagmiljøa våre i Helse Fonna, og særleg med blodbanken i Haugesund. Utvikling av fagmiljøet er noko eg vil satse på vidare.

– Ja, Gunn seier eg må halde kontakten og tipse om lure ting dei gjer på laboratoriet på Stord som kanskje kan ha overføringsverdi til Odda, seier Synnøve og smiler.

Den gamle sjefen har eit tips og to til etterfølgjaren sin:– Gunn er eit ja-menneske. Når ho skal vere leiar må ho nok lære seg å vere litt tøff òg. På ein liten stad som dette blir skiljet mellom leiar og medarbeidar viska litt ut, og det kan vere utfordrande.

«Eg har verdas beste kollega og medarbeidar her på lab Odda. Ho er svært kunnskapsrik, har utruleg god hukommelse og er alltid like blid, roleg og om-gjengeleg. Ho er vår lokale ekspert på blodbank her i Odda. Me kan spørja om alt innan blodbank og ho svarar så godt ho kan. Me ringjer gjerne heim til ho og når ho har fri for å spørja, ho er like blid, og

kan som regel gi oss eit svar. Aldri gir ho uttrykk for at det er dumme spørsmål. Ho er pliktoppfyllande og grei å ha med å gjera. Ho heiter Gunn Børve. Me er ikkje alltid så flinke å gi ros til kvarandre, men Gunn fortener absolutt all den velleta ho får. Og så er ho ei flott nynorsk-jente! Ho er og ei god støtte til meg som sjef.»

Synnøve si grunngjeving for nominasjonen:

Gode kollegaer gjer arbeidsdagen vår rikare, trive-legare og meir fargerik. I kvart nummer av Helse på får du moglegheit til å gjere stas på din gode kollega. Send ein e-post til [email protected] med namn på han eller ho du vil nominere og grunngjeving for nominasjonen.

kven er Din goDe koLLegA?

Gunn Børve (t.v.) tek over for Synnøve Engevik som leiar for laboratoriet i Odda. Synnøve ville heidre sin gode medarbeiar på sin siste arbeidsdag som leiar.

Page 10: Helse på 3/2011

10 Helse På! / Internmagasin

Arbeidsplass for store magar

Tilrettelegging og god dialog med leiar Svanaug Løkling gjorde at Marie Kristine Kolstø

ikkje var éin dag vekke frå jobb i sitt andre svangerskap.

Graviditet og tilrettelegging

– Det er sikkert mange som gruar seg for å fortelje sjefen om graviditeten sin fordi dei ikkje vil vere til bry. Slik er det ikkje her, seier Marie Kristine. Sidan 2006 har ho jobba som sjukepleiar ved akuttmottaket i Haugesund. I løpet av desse åra har ho hatt to svanger- skap, og tilrettelegging av arbeidsplassen har vore viktig for henne begge gongene. Ho meiner god og tidleg dialog med leiaren sin er det viktigaste for å få til velfungerande ordningar.– Hos oss opplever eg at alle har ei positiv innstilling til tilrettelegging i svangerskapet. Det gjeld både Svanaug og dei andre som jobbar her. Vi stiller opp for kvarandre. Ein gong er det eg som treng tilrettelegging, ein annan gong er det kollegaen min.

god dialogVi har alle høyrt det sagt: Å vere gravid er ikkje ein sjukdom. Likevel, svangerskaps-relaterte plager kan vere årsak til sjukefråver. Med god tilrettelegging på arbeidsplassen kan arbeidsgivar og arbeidstakar saman hindre at svangerskapsrelaterte plager oppstår.Svanaug Løkling har god erfaring med å leggje til rette for sine tilsette. I fjor hadde ho åtte gravide medarbeidarar og sju av dei hadde behov for dette. Hennar filosofi er at tilrettelegging er arbeidsgivar sitt ansvar og at den tilsette sjølv skal sleppe å be om det. – For å få til eit godt samarbeid er det viktig at medarbeidaren gir beskjed så tidleg som mogeleg. Då kan vi planlegge godt saman.

motivasjonTil sjuande og sist handlar god tilrettelegging om motivasjon, trur Svanaug og Marie.– Leiaren må vere positivt innstilt og motivert for å leggje til rette for medarbei-daren sin, og den gravide sjølv må ha eit oppriktig ønske om å stå lengst mogeleg i jobb. For Marie har det aldri stått på motivasjonen.– Eg har eit meiningsfylt arbeid og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Jobben er viktig for meg.

Intervjuet med Marie og Svanaug blei gjort på Marie sin siste dag på jobb før ho gjekk ut i permisjon. Mindre enn tre veker seinare kom vesle Benjamin til verda.

Dei tiltaka gravide sjølv opplyser er viktige for å stå i arbeid, er relativt enkle å få til. Her er lista over dei 12 tiltaka flest gravide meiner er nødvendige i sine jobbar:

1. Færre tunge løft2. Mindre slitsamt arbeid3. Kortare arbeidstid4. Fleire pausar5. Betre moglegheit til å sitte ned6. Mindre arbeidsmengd7. Meir fleksibel arbeidstid

8. Fritak frå farlege stoff9. Mindre kvelds- og nattarbeid10. Mindre overtid11. Fritak røntgen/radioaktivitet12. Omplassering til anna arbeid

Det er ofte ikkje mykje som skal til: Ein kvilebenk eller ergonomisk tilpassing av stol og skrivebord. Fritak frå enkelte arbeids- oppgåver eller ein avtale om å få komme litt seinare eller gå litt tidlegare. Moglegheit for å gå dagvakt i staden for nattevakt. For nokon kan det vere meir omfattande tiltak som skal til, som om-

plassering til ei anna avdeling eller annan funksjon i svangerskapet.

Anne-Marie Eggerud er bedriftslege i bedriftshelsetenesta og arbeider mellom anna med tilrettelegging. Ho oppmodar leiarar til å ta kontakt med bedriftshelse-tenesta tidleg i prosessen.– Eit initiativ frå leiaren for å halde med-arbeidaren i arbeid lengst mogeleg er eit positivt signal til medarbeidaren om at ho er ønska. Det gir ei verdifull kjensle av å bli sett, seier Anne-Marie.Kjelder: nav.no og FAFO-rapport 413 Gravid og i jobb

Små grep, store resultat

Page 11: Helse på 3/2011

11

Vil du lære meir om tilrettelegging og få gode tips? Sjå www.idebanken.org/gravid

Page 12: Helse på 3/2011

5 i korridoren » Helse Fonna har fått retningsliner for bruk av sosiale media. Vi spurte fem i korridoren om dei er på Facebook

Donika PllalaStudent i praksis, Odda– Eg er ikkje på Facebook, eg ser ikkje poenget.

benedikte LundøStudent i praksis, Odda– Eg brukar det ikkje så aktivt, men kikkar på andre sine oppdateringar.

Sigrid kambestadSjukepleiar, Odda– Ja, eg legg ut arrangement når vener skal samlast, slik at eg kan holde oversikt over kven som kjem. Vi har klubb, spelekveld og festar.

reidun HaugstadSjukepleiar, Odda– Ja, mest fordi alle andre er der. Eg skriv ikkje så mykje sjølv.

inger grete SkeideSjukepleiar, Odda– Ja, eg er innom dagleg. Eg held kontakt med gamle vener og familie.

Graviditet og tilrettelegging

– Det handlar om å sjå moglegheitene

– Arbeidstakaren bør informere om graviditeten så tidleg som mogeleg, og arbeidsgivaren pliktar gjennom Arbeidsmiljølova å leggje til rette arbeidsplassen eller arbeidsoppgåvene, seier Åse. Ho råder til å etablere ein god relasjon mellom leiar og medarbeidar allereie før graviditet eller sjukdom blir aktuelt. – Då blir det enklare å samarbeide og finne dei rette løysingane når behovet oppstår. Potensialet for tilrettelegging er stort. Blant kvinnelege arbeids-takarar mellom 20 og 39 år, står gravide for ein tredel av alle fråversdagane, medan bare ein liten del av dette fråveret skuldast komplikasjonar i svangerskapet.

HR-avdelinga og HMS/Bedriftshelsetenesta er einkvar leiar sin gode støttespelar når medarbeidarar er gravide eller trenger tilrettelegging av andre helserelaterte årsaker. Dei kan regelverket, har kontakt med NAV og kan hjelpe med forslag til tilrettelegging. – Vi kjenner og forstår leiarane sin situasjon. Dei har alltid ein ressurskabal som skal gå opp. Desto viktigare er det å få til gode løysingar!Ho skjønar at nokon ser på tilrettelegging i svangerskapet som meir strev enn nytte. Ein gravid medarbeidar tenkjer kanskje at ho er til mindre bry for leiaren om ho bare sjukemeldar seg, medan leiaren kan vere bekymra for at prosessen skal vere tidkrevjande og økonomisk belastande. Åse meiner ein alltid skal ha den gravide sitt beste for auge. Tilrettelegging på arbeidsplassen kan hindre svangerskapsrelaterte plager og bidra til eit tryggare svangerskap. – Det er betre enn å bli så dårleg at ein må sjuke-meldast, seier ho.Kjelde: Gravid medarbeider. Å tilrettelegge er gull verdt. Brosjyre frå Idébanken.

Attføringskonsulent Åse Velle oppmodar leiarar og gravide medarbeidarar til å samarbeide om dei gode løysingane.