2f 19. februar 2013

11
NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE Det er februar 2013, og mindre enn eit år til Dalsfjordsambandet står ferdig. Hafs er brulagt med store forventningar. Men kva finst av konkrete planar for vekst og utvikling? Vi drog til Fjaler på jakt etter brueffekten. Brua over kva?

Upload: firda-media-as

Post on 07-Feb-2016

245 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Næringsliv i Sogn og Fjordane

TRANSCRIPT

Page 1: 2F 19. februar 2013

NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE

Det er februar 2013, og mindre enn eit år til Dalsfjordsambandet står ferdig. Hafs er brulagtmed store forventningar. Men kva finst av konkreteplanar for vekst og utvikling? Vi drog til Fjaler på jakt etter brueffekten.

Brua over kva?

Page 2: 2F 19. februar 2013

Det er 11 bitande minusgrader. FotoobjektetArve Helle poserer ved Dales nye landemer-ke, dessverre altfor dårleg kledd. Rastlaussprett han rundt og slit med å stå stille. Kan-skje eit godt bilde på ein utålmodig ordførarsom om nokre månader vaknar opp til einlokal samferdslerevolusjon det er knytt storeforventningar til. Om kort tid seier dei folke-valde i Fjaler kommune etter alle solemerkeja til å inngå eit forpliktande samarbeid omdet viktige næringsutviklingsarbeidet mednabokommunane Askvoll og Hyllestad.Mykje tyder på at grannekommunane vilgjere same vedtaket. Og grunnen er sjølvsagtbrua.

– Det er ei heilt naturleg utvikling av atDalsfjordsambandet kjem på plass. Vi harallereie godt samarbeid innan landbruksfor-valtninga med Askvoll og vi har bygt eit godtverktøy med Hafs interkommunale barne-vernsteneste. Med brua på plass er nærings-utvikling utan hemmande kommunegrensereit naturleg steg, der utviklinga på Lutelan-det sjølvsagt vil vere eit viktig tema, seierArve Helle.

Men på eitt punkt meiner Fjaler-ordføra-ren at kommunane ikkje berre må stå åleine,men jamvel vere tøffe konkurrentar med nyekommunikasjonar på plass.

– Dalsfjordbrua gir oss ein heilt ny fellesbu- og arbeidsmarknad. Folketal har mykje åseie for kommunale skatteinntekter og egtrur det blir ein tøff, men sunn konkurranseom å bli det mest attraktive området å slå segned i, seier Helle.

– Det er over ti år sidan Hafs-kommunaneførste gong ville greie ut kommunesamanslå-ing. Melder ikkje den diskusjonen seg pånytt?

– Jau. Vi vedtok i 2002 å leggje debattenpå is til samband over fjorden kom på plass.No er vi snart der, og vi har allereie hatt deiførste samtalane om å få i gang att dennedebatten, seier ordføraren.

Skulle Hafs kommune bli ein rea-litet, vil debatten om kvar folk bur og jobbarbli mindre avgjerande – i alle fall sett medordførarauge. Men dit er det langt, og Hellehar, til liks med mange andre, meir kortsikti-ge utfordringar knytt mot Dalsfjordsamban-det.

– Eg er samd i at vi no må få konkretisertein del prosjekt opp mot bruopninga. Milli-ardsatsinga forpliktar oss. Samtidig ser vi fråandre liknande prosjekt, til dømes trekant-sambandet på Stord, at dei store synergipro-sjekta og nyetableringane først materialiser-te seg ei tid etter at prosjektet stod ferdig.Ting må få lov å setje seg, folk må få oppleveendringa det blir å ha mindre enn ein halvti-me frå Flekke til Askvoll, før ein kan forventeallverda, meiner ordføraren.

Dalsfjordbrua opnar ein alternativpendlarveg til Førde også for askvollingar.Men i så fall må fylkespolitikarane følge medi timen.

Han vil samarbeide om det meste, oger jamvel klar for å drive fellesnæringsutvikling. Men når det gjeldkvar framtidas hafsarar skal byggjeog bu, lovar Fjaler-ordførar ArveHelle naboane tøff konkurranse.

I dag er det fleire som jobbpendlar fråAskvoll til Fjaler enn omvendt. Slik vil detogså bli med ny fjordkryssing. Mest spenninger det knytt til korvidt ein del som i dag pend-lar Askvoll-Førde, vil nytte seg av Dalsfjord-sambandet til Førde-pendlinga si.

Fleire verksemder i Dale, som til dømesEnoro som bidreg til innpendling frå Førdetil Fjaler, etterlyser også betre kollektivtilbodfor jobbpendling. Men berre få veker førHovudutval for samferdsle skal vedta nyttrutetilbod, gjeldande frå mai månad, kaningen seie noko sikkert om årets rutetilbodfangar opp Dalsfjordbru-effekten som kjemseinare i år.

– Det kjem endringar i busstilbodet, menkva endringar er enno ikkje avgjort, sa fagko-ordinator for kollektivtransport hos sam-ferdsleavdelinga ved Sogn og Fjordane fyl-keskommune, Eva Fosshagen til Firda seinast21. januar.

– Ingenting er avgjort, men det er naturlegdå at rutene mellom Førde og Dale blir for-lenga til Askvoll, seier Fosshagen.

Svend Arne Vee tekst

14 TYSDAG 19.02.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Page 3: 2F 19. februar 2013

LOVAR KONKURRANSE: Fjaler- ord-førar Arve Helle er klar for å samar-beide med nabokommunane om detmeste, men lovar at han vil gjere dethan kan for å få nytilflyttarar til åetablerer seg i Fjaler. – Ein sunn konkurranse, meiner Helle. Begge foto: Bent Are Iversen

EI NY TID: Med Dalsfjord-brua kanden gamle debatten om kommune-samanslåing vere på gang igjen, trurFjaler-ordførar Arve Helle.

Spår kamp om framtidas nybyggjarar

Kva kan Dalsfjord-sambandet bety for diverksemd og har dekonkrete planar somfølge av at brua kjem?

Vi ser at kundegrunnlagetvårt blir ein del større oghåper at dette vil gi posi-tivt utslag på omsetjingavår. Vi har alt gjort nokregrep somå utvidelagerka-pasitetslik atdaglegeprosessarblir meireffektive.Vi må sjå korleis detteutviklar seg, men dersomdet betyr at vi på sikt måbygge ut, utvide opningsti-der og liknande, vil vi sjølv-sagt vurdere dette fortlø-pande.

Vi arbeider for utviklinginnan næring og ytertenester for medlemmeneog kommunen i nærings-saker.Brua betyrat vi nofår eitstørre oglettare til-gjengelegbu – ogarbeids-område og det ser eg sompositivt for fjalerbedriftene.Eg ser for meg tettaresamarbeid over fjorden,men også auka konkurran-se, noko som er sunnetrekk for positiv utvikling.

Brua gjer at våre tilsette iAskvoll-regionen fårvesentlegbetrekommuni-kasjon.Vidare vildennaturleg-vis bli vik-tig for åtrekkje til seg endå fleiretalent til bedrifta vår. Sel-skapet har lenge hatt fokuspå å rekruttere unge ognyutdanna, og dette foku-set vil vi halde oppe og for-sterke endå meir framover.

DETTE VILBRUA BETY

Inger Loftheim, Askvoll Sjømat og Delikatesser AS:

Linda Hovland, Fjalernæringsutvikling:

Edgeir Aksnes, adm.dir.i Enoro (tidlegare Elis):

TYSDAG 19.02.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Page 4: 2F 19. februar 2013

16 TYSDAG 19.02.   2013TEMA NÆRINGSLIV

– Eg har eit inderleg ønskje omat Dalsfjordbrua skal revitaliserelokalpolitikken. Det skal i alle fallikkje stå på spennande oppgå-ver for dei som vil bli framtidasfolkevalde.

Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) hardårleg tid. I løpet av kalenderåret skalho erstatte den gamle arealplanen ikommunen med ei heilt ny. Den gamlevar visstnok så utdatert at den ikkjekunne rullerast. Så ventar arbeidet medny kommunedelplan for Atløysamban-det. Her har ordføraren heller ikkje hatttolmod til å vente på fylkeskommunen,og i staden starta løpet sjølv.

For kort tid sidan sende kom-

munen hennar i lag med andre Hafs-kommunar også ein brei invitt fråSolund i sør til Bremanger i nord om åkome saman og diskutere dagens kom-munegrenser. Responsen herifrå varmangslungen og skal følgast opp ras-kast mogleg. Legg du til at Melvær også

skal drive eit Askvoll som står midtoppi statusen som omstillingskommu-ne, så forstår du teikninga.

– Vi har inga tid å miste! Brua stårsnart klar, og då må vi ha styr på alledesse tinga – i tillegg til å ha fiks ferdignye, attraktive tomter for unge som

Spår ein ny politisk vå

Lokalpolitikken har gittmang ein nyvald kommune-styrerepresentant ein kalddusj dei siste åra

Frida Melvær

Kva kan Dalsfjord-sambandet bety for diverksemd og har dekonkrete planar somfølge av at brua kjem?

DETTE VILBRUA BETY

Dalsfjordsambandet inne-ber større marknad bådemedomsyn tildei tenes-tene vikan tilby,og tilgangpåarbeids-kraft.Mark-nadsføring må tilpassast ogtenester må tilretteleggjasti høve nye utfordringar.Større marknad gjev ogsågrunnlag for utvikling avnyeendra tenestetilbod.

Brua utløyser eit størreomland for oss og vi fåreit betydeleg større kun-degrunn-lag, dåkan viutvikleoss og blisterkare.Med eitstørreomland åkonkurrere på, så er detviktig at vi viser oss tyde-leg på utval og pris, dethar vi tenkt å gjeregjennom marknadsføring.

Vi ser brua som eit av deiviktigaste instrumenta forå få ein meir livskraftigregion iDalsfjor-den. Hellesombedrift vilsjølvsagtogså dranytte aveit størreog meir allsidig arbeids-kraftområde. Det blir ogsålettare med rekrutterings-arbeid. Den mest konkreteendringa vil truleg bli at vivil tilrettelegge meir forreisande og turistar tilbedrifta. Brua opnar for atHelle vil kunne overleve i eiknallhard internasjonalkonkurranseverd i mangeår til dersom vi klarar å dranytte av dei ekstra forde-lane brua gir.

Kenneth Herland,AutoMarin AS:

Bjørn Magne Solheim,Askvoll Bygg og Interiør:

Torodd Helle, Helle Fabrikker:

Page 5: 2F 19. februar 2013

TYSDAG 19.02.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

ønskjer å etablere seg hos oss, seierMelvær.

For å lande alle ambisjonane harAskvoll kommune styrkt administra-sjonen den siste tida. Det trur ordføra-ren vil vere vel investerte pengar.

– No går vi inn i ei tid der mangeunge vil sjå heimover og spørje seg omkva «nye Askvoll» kan tilby, seier ho.

Sjølv har Melvær vore rundt påein del jobb- og karrieremesser sisteåret. Og tilbakemeldingane er tydele-ge:

– Ved sidan av interessant jobb erdet tre ting som gjeld for dei unge:Rimelege pendlaravstandar, godebuforhold og nærleik til offentlegetenestetilbod som skule, barnehage ogfritidsaktivitetar. Dette er kanskje opp-lagte svar, men ikkje mindre utfor-

drande for ein kommune å svare opp avden grunn, seier Melvær.

– Har ein liten kommune politiskgjennomføringskraft for å løyse såmange utfordringar på så kort tid?

– Det trur eg. Samtidig så håpar egat alle moglegheitene som no ligg føreoss kan gjere det meir interessant åvere lokalpolitikar igjen. Eg skal ikkjeleggje skjul på at lokalpolitikken hargitt mang ein nyvald kommunestyrere-presentant ein kalddusj dei siste åra, ogkanskje framstått som lite motive-rande. No får vi som folkevalde einunik sjanse til å påverke framtida iregionen vår gjennom vala vi gjer, seierMelvær.

Svend Arne Vee tekst

MÅ VÅGE Å TENKE STORT:– Næringslivet i regionen vår harfor lengst slutta å forhalde seg tilkommunegrenser. Når brua er påplass er det på høg tid at vi politi-karar tek etter og tenkjer på samemåte som dei, meiner Askvoll- ordførar Frida Melvær (H). Her fråei synfaring langs sambandet foreit år sidan. Foto: Bent Are Iversen

år i Hafs

Litt i skuggen av Dalsfjord-sambandet, jobbar Stongfjor-den vekst trottig vidare medplanar om kryssing av Førde-fjorden. No er temaet hurtig-båt.

Planane om brukryssing av Førde-fjorden fekk seg eit skot for baugen ifjor, då Norconsult la fram sin rap-port som ikkje nett vende tommelenopp for ei framtidig brukryssing avFørdefjorden.

Det har ikkje stoppa Roy Sævikog Stongfjorden vekst frå å jobbevidare med å betre kommunikasjo-nane nordover frå Askvoll.

Etter det 2F kjenner til, pågårdet uformelle samtalar mellom eiprosjektgruppe beståande avnæringslivsrepresentantar fråkommunane Flora, Naustdal, Fjalerog Askvoll og Fjord 1. ProsjektleiarRoy Sævik ønskjer ikkje å kommen-tere detaljane i planane, men stad-festar at det har vore møte mellomprosjektgruppa og Fjord 1 for å son-dere korvidt ei hurtigbåtrutemellom Askvoll/Flokeneset og tilFlorø kan vere liv laga.

– Vi må sjå på realitetane. Askvollkommune vil aldri kunne skape eitnæringsliv i stand til å sysselsetjealle som bur i Askvoll. Dei storemotorane ligg rundt oss i form avFørde og Florø, og store delar avAskvoll orienterer seg mot begge

desse kraftsentera. Vi må utviklegode og attraktive bumiljø i vårkommune, og samtidig jobbe for åbetre kommunikasjonane. Det erdet vi gjer no, seier Sævik.

Med Dalsfjordsambandetpå plass, vil til dømes folk i Dale haein times pendletid til jobbmarkna-den i Florø, dersom ei hurtigbåtrutefrå Askvoll til Florø kjem på plass.

– Dette vil revolusjonere heileområdet med tanke på jobbmarkna-den. Flora og Førde har arbeids-marknader som kompletterer kvar-andre. Dermed kan både mann ogkone finne attraktive arbeidsplassar– og likevel bu i delar av HAFS. Fårvi til dette, vil det skape ei dramatiskendring, med positivt forteikn, trurSævik.

Stongfjorden vekst-leiarenhar trass i negative rapportar ikkjeskrinlagt draumen om bru over Før-defjorden ved Ålesundet.

– Vi må jobbe både langsiktig ogkortsiktig. Ei pendlarrute med hur-tigbåt er den kortsiktige løysinga.Ser vi Dalsfjordsambandet, Bre-manger II og Ålesund-bru som iso-lerte prosjekt, kan dei vere vanskele-ge å forsvare. Sett samla vil dei verenøkkelprosjekt i ein framtidig nyytre kystveg, seier Sævik.

Svend Arne Vee tekst

REVOLUSJON: Roy Sævik i Stongfjorden vekst trur hurtigbåt frå Askvoll og vidare tilFlorø vil revolusjonere heile området med tanke på jobbmarknaden.

Foto: Ingunn Osland

Dale–Florø sentrumpå éin time?

Page 6: 2F 19. februar 2013

18 TYSDAG 19.02.   2013TEMA NÆRINGSLIV

MEIR LOKALHANDEL?– Om det nye Dalsfjord-sambandet skal føre tilmindre handelslekkasjemot Førde, så må det nye-tableringar til. Og desse måkome frå ungdom som harnye idear og solid innsats-vilje, seier senterforenings-leiar i Dale, Oddleif Jarstad.Foto: Bent Are Iversen

Med 25 års butikkdrift i bagasjen, ogmed eit solid lokalt nettverk, merkarOddleif Jarstad at noko er på gang påbegge sider av Dalsfjorden.

– Folk i Dale, ja for så vidt heileFjaler og heile Hafs snakkar om det nyeDalsfjord-sambandet. Mange har storeforventningar. Mange er optimistar ogtrur på ny giv. Men når det kjem tilkonkrete planar, blir det ofte litt stil-lare. Det er på høg tid at næringsdri-vande i Askvoll, Dale og andre staderkjem på bana med litt konkrete og djer-ve planar, seier senterleiaren ved Dalesenter.

– Meiner du at folk sit for mykje pågjerdet?

– Eg håpar ikkje det. For det kan viikkje tillate oss.

– Kva meiner du?– Altså, når storsamfunnet stiller opp

og legg éin milliard på bordet til nyinfrastruktur, så må vi ta lokalt ansvar.Vi kan jo ikkje byggje ei bru og ikkjegjere noko meir. Vi må delta lokalt, ytenoko tilbake, våge noko – elles er jobruinvesteringa på sett og vis bortkas-ta, slår han fast.

Men Jarstad er langt frå pessimist.Han trur dei komande fire-fem måna-dene blir svært viktige, og at ting idenne perioden kjem til å røre på seg.

– Vi er i ein sonderingsfase, eg møtermange som snakkar om at ein no måkome saman, meisle ut nye tankar forregionen. Kome nærmare kvarandrementalt før brusambandet er eit fak-tum, seier Jarstad.

Nøkkelordet er ungdom, meiner sen-terleiaren. Mykje av veksten og nyska-pingane trur han vil kome frå genera-sjonen som ikkje bryr seg omkommunegrenser og gamal fogderis-trid.

– Mobiliteten blant dei ungeer heilt annleis enn for vår generasjon.Ungdommane set seg lett i bilen og

– No må vi vise ossbrua verdig

OVER FJORDEN: – Med 25 minutt mellom Askvollsentrum og Dale vil folksjølvsagt handle meir hos naboen, seier Oddleif Jarstad.

– Det er på høg tid at generelle forventningar til Dalsfjordbru-effekten snart gir seg utslag i konkrete planar, meiner senter-foreningsleiar Oddleif Jarstad i Dale.

Page 7: 2F 19. februar 2013

TYSDAG 19.02.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Når storsam-funnet stilleropp og leggéin milliard påbordet til nyinfrastruktur,så må vi talokalt ansvar

Oddleif Jarstad,senterforenings-

leiar i Dale

besøkjer kvarandre, tek ein fest ilag og bryr seg ikkje om ein måfrå Hyllestad til Fjaler ellerAskvoll – eller til Gaular, Høy-anger eller Solund, for den del.Det er denne mentaliteten vi måsatse på. Vi har dessverre hatt ei«forgubbing» i handelsnæringa,både hos oss og andre stader. Vitreng nye og driftige ungdom-mar som nyetablerarar, konsta-terer Jarstad.

– Som senterforeningsleiarhåpar du sjølvsagt at Dale setseg i førarsetet?

– Vi må gjere vår jobb, Hylle-stad må byggje si framtid ogAskvoll det same. Med 25minutt mellom Askvoll sentrumog Dale vil folk sjølvsagt handlemeir hos naboen. Då blir detviktig at vi har eit komplemen-tært tilbod. Askvoll sin storestyrke blir jo at dei har Vinmo-nopolet, og i tillegg har dei eitanna viktig tilbod vi ikkje har i

Dale, nemleg ein el-butikk.Mange trur Dale allereie er iførarsetet, men faktum er atdetaljhandelen er større iAskvoll enn i Fjaler, konstatererhan.

Sjølv har han tre ønskje-draumar når det gjeld nyetable-ringar som følgje av bruopningog meir handelsmobilitet.

– Vi treng sårt ein Jernia-butikk eller tilsvarande. I tilleggbør det vere grunnlag for fleireetableringar innan sko og klede,og ikkje minst bør nokon medgode planar innan å opne kafearog nye møteplassar no kome påbana. Det handlar til sjuande ogsist om å skape nye, gode møte-plassar. Sjå berre kor mykjepositivt delikatesse-etableringarhar hatt å seie for Askvoll, seierJarstad.

Svend Arne Vee tekst

Kva kan Dalsfjord-sambandet bety for diverksemd og har dekonkrete planar somfølge av at brua kjem?

DETTE VILBRUA BETY

Gro Fivelsdal, rektor Dale vgs.: 

Eg forventar at brua utvidarkunde-gruppa vårnord omfjorden. Vihar ikkjeplanar omvesentlegeendringar istrategienvår.

Roy Myklebust i MassKjell Myklebust AS:

For rekruttering av arbeids-kraft vil brua føre til at folksom borpå andresida avfjordenlettare vilvurdere åta jobbhos oss.Dette erden vikti-gaste endringa. For ekskur-sjonar for elevane vil detvere enklare å komme overpå den andre sida av fjor-den. Vi har f.eks. bruktområdet rundt Hellebergetein del i friluftssamanheng.Vi har ikkje konkrete planarsom følgje av at brua kjem.

Arne Osland, direktør hos UWC:

Brua betyr svært mykje. Einstor del av elevane vårekjem frå Holmedal, Askvoll-området og øyane utanfor.Elevane fråBulan-det/Vær-landet måframleis bupå hybel,men forhå-pentlegvisvil nyebussrutergjere det mogleg for bulen-dingar/værlendingar å dag-pendle til skulen. For elevar,føresette og lærarar pånordsida av fjorden vert detmeir lettvint å komme segtil og frå skulen. Eg trur ògat brua vil ha positiv inn-verknad på rekrutterings-moglegheitene av lærarar.Dalsfjordbrua skaper einmykje større bu- ogarbeidsmarknad. Som skulehar vi fleire utviklingspro-sjekt på gang.

Page 8: 2F 19. februar 2013

20 TYSDAG 19.02.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Stein Olav Erikstad har drive med bilarså å seie heile livet, og både arbeidetog hobbyen viser att i ei ganske solidbilsamling. Ei bilsamling som du snartkan få låne frå.

For blant 86 nyregistrerte føretak i fylket i januarstarta jølstringen opp bedrifta «Rusta vrak bilut-leige». Bilinteresse har han hatt så å seie heilelivet, og bilar har han skrudd på sidan han tråkkarundt på sin første verkstadjobb som 15-åring.Mangt eit vrak har difor fått nytt liv når dei erlagt i henda til Erikstad, som til dagleg arbeidersom verksmeister på Førde Bilsal. Og dette skalno bli del av hans nye bedriftssatsing.

Stor bilparkBedrifta med det «catchy» namnet oppstod dåErikstad fann ut at han kunne dra nytte av mykjeav bilparken han hadde ståande.

– Eg hadde mykje bilar frå før, og har hattrikeleg med bilar opp gjennom åra. Eg har nestenikkje våga å telje, smiler Erikstad.

Namnet «Rusta vrak bilutleige» brukte hanikkje lang tid å komme på, men Erikstad presise-rer at bilane er i betre stand enn bedriftsnamnetskulle tilseie.

– Eg ville ha eit namn som fanga litt merk-semd, og som folk hugsar, seier Erikstad, som trurat han har lukkast med det.

ØkonomileigeLitt av hovudideen bak den nye utleigebedrifta erat den skal gi eit utleigetilbod i økonomiklassen.

Og sjølv om bilane har lagt nokre kilometer bakseg, er det ofte berre ein bil i sin enklaste formfolk ønskjer å leige. For små eller mellomstorevarebilar er noko dei aller fleste vil ha eit behovfor ein gong. Anten til flytting eller anna trans-port. Då er det ofte ikkje det nyaste og dyrastesom er naudsynt.

– Nokon kvir seg også for å køyre med hengar,eller har ikkje bilar med hengarfeste. Då kan detvere greitt å låne ein rimeleg leigebil for å fågjort jobben, seier Erikstad, og fortel at det erdenne marknaden han no siktar seg inn mot.

– Det er bil eg har levd og ånda for heile livet.Eg har ein fordel med at eg kan halde bilane igod stand sjølv, og eg reknar med at eg kan scorelitt på det, seier verksmeisteren.

Han ser for seg å leige ut bilar i det han kallarfor «økonomiklassen», frå 150 kroner og oppover.

– Ein eg kjenner skulle flytte ei madrass, ogenda opp med å leige ein heilt ny leigebil til 500kroner. Det er ofte ikkje det nyaste og beste folktreng, seier han.

Namnet skjemmer ingenBedrifta han no har starta opp vil primært vereeit sideprosjekt for Erikstad.

– Det er enno i startgropa, og vil ikkje verenoko fulltidsgeskjeft, men heller noko attåt, seierhan.

Men bilane har han, og i desse dagar vert deiregistrerte ein etter ein. Innan månadsskiftetreknar han med å ha storparten av bilane klar tilutleige. Primært vil han då tilby små/mellomstorevarebilar, men også ordinære personbilar.

Folk han har snakka med har påpeika at tenes-

ta han no skal levere er ønskt, og Erikstad er visspå at han vil få ei stadfesting på at ordtaket«namnet skjemmer ingen» er eit faktum.

– Det er litt av tanken bak. Folk skal kunneleige ein bil her, og kunne reise nøgde og tenkeat dette var ikkje eit rusta vrak likevel, seier han.

Idar Stadheim tekst og foto

Godt utrusta bilpark

Eg hadde mykje bilarfrå før, og har hattrikeleg med bilar oppgjennom åra. Eg harnesten ikkje våga åtelje.

Stein Olav Erikstad

KLAR FOR UTLEIGE:Stein Olav Erikstadstarta i januar oppbilutleigefirmaet«Rusta vrak bilutlei-ge». Der skal hantilby utleigebilar iøkonomiklassen,men bilane er i langtbetre stand ennfirmanamnet tilseier.

Page 9: 2F 19. februar 2013

TYSDAG 19.02.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Nye bedrifterADVOKATFIRMA BLIKRA, SLOTTERØY &FONN, AVD. FLORØ, AS▶ FloraDrive advokatverksemd, kjøp/sal/holdingav aksjar og kjøp/sag/utleige av fast eige-dom.Aksjekapital: 100.000 krOdd Bovim, dagleg leiar

AF KÅRSTAD AS▶ GaularHoldingselskap for aksjar i andre selskapsamt kjøp og sal av handelsvarer.Aksjekapital: 30.000 krFrode Kårstad, dagleg leiar

AHK HOLDING AS▶ GaularHoldingselskap for aksjar i andre selskap,kjøp og sal av handelsvarer samt utleige avfast eigedom.Aksjekapital: 30.000 krArnt Henning Kårstad, dagleg leiar

ANDERS SÆTRE (ENK)▶ Vik i SognAvvirkning av skog. Sagbruk 42. Maskinen-trepenør. Byggmontering. Utleige av motor-køyretøy. Utleige av maskiner ogutstyr.Innehavar: Anders Sætre

AQUAMARIN COACHING MARGUNN RITASOLSTRAND BELSVIK (ENK)▶ FloraHelsecoaching.Innehavar: Margunn Rita Solstrand Belsvik

AVEN KJØLETEKNIKK AS▶ FørdeSal/service av varmepumpar, kjøleanleggog andre tekniske installasjonar.Aksjekapital: 30.000 krArne Aven, dagleg leiar

BRYGGEN INTERIØR & KAFFE AS▶ VågsøyKafeverksemd, kursverksemd, samt vare-handel.Aksjekapital: 30.000 krStine Opheim, dagleg leiar

CAANIM AS▶ StrynÅ drive investering og konsulentteneste.Aksjekapital: 30.000 krÅge Bøe, dagleg leiar

CECILIE NORNES (ENK)▶ SogndalFruktdyrking.Innehavar: Cecilie NornesAgnar Nornes, dagleg leiar

CH MALERENE AS▶ FloraSal av varer og tenester som måle- ogrehabilitering av bygg og anlegg, lakkeringog mekanisk arbeid, utleige av arbeidskraft,og investering i andre verksemder.Aksjekapital: 30.000 krHenning Vedel, dagleg leiar

DALE BOK OG LEIKAR AS▶ FjalerDrive butikkhandel med bøker, papir, rekvi-

sita, leiker med meir.Aksjekapital: 100.000 krHilde Lervik, dagleg leiar

DALSØREN CAMPING (ENK)▶ LusterDrift av campingplass.Innehavar: Thomas Dalsøren

DAVID RYGG (ENK)▶ GloppenGrasproduksjon, sau, rev, og anna land-bruksrelatert.Innehavar: David Aleksander SælensmindeRygg

EIN MANN ALEINE RASMUS MO (ENK)▶ SogndalFøredrag innan: - motivasjon - verdigrunn-lag og visjon. Tek og oppdrag som mentorfor verksemder og enkeltpersonar. Har breierfaring i personutvikling innan offentlegog privat sektor.Dagleg leiar: Rasmus Mo

EXPEDITIONEN EIGEDOM AS▶ EidEige, drive og leige ut fast eigedom samtkjøp og sal av fast eigedom. Selskapet skalkunne kjøpe og selje aksjar eller andelar iandre foretak.Aksjekapital: 30.000 krEli Ragnhild Førde Aarskog, dagleg leiar

F OG A INVEST AS▶ FørdeKjøp og sal av aksjar.Aksjekapital: 100.000 krStyreleiar: Frode Steen

FJELLVEGEN ÅRDAL-LUSTER SA▶ ÅrdalOrganisasjonsform: SamvirkeforetakByggje og drive bomveg mellom Skisente-ret i Fardalen og Turtagrø i Luster.Frank Roger Eldegard, dagleg leiar

FJORD SERVICES AS▶ VågsøyRegnskapsføring og bedriftsrådgivning.Aksjekapital: 200.000 krJannicke Nygård, dagleg leiar

FJORDEN BEITELAG SA▶ NaustdalOrganisasjonsform: SamvirkeforetakBeitelaget skal samle beitebrukarar innanområdet for i fellesskap å legge forholda tilrette for best mogleg utnytting avutmarksbeite, redusere tap av dyr og sikredyrevelferd gjennom organisert tilsyn ogorganisert sanking.Magnus Øvrebø, dagleg leiar

FORSIKRINGSSPESIALISTANE VEST DA▶ GaularSal av forsikring/finansielle produkt.Arthur Fauske, dagleg leiar

FOTOIT STIG LABERG ØVSTETUN (ENK)▶ ÅrdalFototenester. Salg av IT-tenester. Salg avIT-utstyr.Innehavar: Stig Laberg Øvstetun

FRAMBRING AS▶ Eid

Innovasjon, Utleige av vognførar ogmaskinførartenester. Utleige av konsulent-tenester. Utleige av firmaet sitt utstyr, bil-park, med meir. Skogbruk.Aksjekapital: 30.000 krAsle Olav Botn, dagleg leiar

FRESVIK TRANSPORTLAG SA▶ Vik i SognTransport av eigne livdyr til og frå beite,samt lessing avlegging, reingjering og ved-likehald av transportvogn.Styreleiar: Jomar Magne Hov

FUREBUDA MATHUS AS▶ SeljeKafe/restaurant/pub, samt catering. Detskal serverast mat og drikke, med satsingpå sesongbaserte lokale råvarer.Aksjekapital: 200.000 krGjertrud Årvik, dagleg leiar

FØRDE SPA OG HELSE AS▶ FørdeSpabehandling, massasje, trening og vel-være. Kosthaldsekspertise samt konsulent-verksemd knytt til dette. Sal av produkterinnanfor desse områda.Aksjekapital: 30.000 krKent Roger Engdal, dagleg leiar

GINTAUTAS JUSKENAS (ENK)▶ GloppenByggjearbeid, renovering, reparere, produk-sjon av private bygg, utandørs og innan-dørs dekorasjon, betongarbeid etc.Innehavar: Gintautas Juskenas

GIT INVEST AS▶ FørdeInvestering i aksjar, verdipapirer, eigedomog andre verksemder.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Geir Inge Torrissen

GRIP AS▶ VågsøyFramstilling/sal av kurs og opplæring.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Hege Melsether

GROTLE JOHN ROAR (ENK)▶ Bremanger

Kystfiske.Innehavar: John-Roar Grotle

GROV GARD, KOLBJØRN TAKLO (ENK)▶ FloraJordbruksproduksjon, sauehald og grasdyr-king. Produksjon og sal av kjøt og ull fråsau. Skogpleie, hogst av tømmer for sal.Vedproduksjon for sal. Tilbyr av «Inn påtunet» tenester til offentleg sektor (underoppstart). Sal av kvalitetsrevisjon og fore-drag innan HMS til landbruket.Innehavar: Kolbjørn Taklo

GRÅTIND AS▶ GloppenKjøpe, utvikle, leige ut og selje fast eige-dom.Aksjekapital: 200.000 krStyreleiar: Olav Fuglestrand

GØRAN KÅRSTAD AS▶ GaularHoldingselskap for aksjar i andre selskap.Aksjekapital: 30.000 krDagleg leiar: Gøran Petter Kårstad

HELSEGROSSISTEN AS▶ SogndalImport, nettsal og postordre av helsekostog treningsprodukt samt nettbutikk.Aksjekapital:30.000 krStyreleiar: Kjell Torshaug

HORNVEGEN SA▶ EidOrganisasjonsform: SamvirkeføretakDrive vedlikehold og byggjing av veg.Lidvar Magne Aasen, dagleg leiar

HOVE ELEKTRO AS▶ Vik i SognElektrisk installasjon.Aksjekapital: 30.000 krJohn Ronny Hove, dagleg leiar

HS EIGEDOMSUTVIKLING AS▶ StrynEige og utvikle eigedommar og bygg, samtkonsulentverksemd.Aksjekapital: 50.000 krDagleg leiar: Knut Arild Løvdal Stauri

Advokatfirma Blikra, Slotterøy & Fonn, avd. Florø AS. Advokat Odd Bovim

Page 10: 2F 19. februar 2013

22 TYSDAG 19.02.   2013TEMA NÆRINGSLIV

HULDEFOSSEN GRUNNEIGARLAG SA▶ FørdeOrganisasjonsform: SamvirkefæretakLaget skal ivareta grunneigarane sineinteresser i høve til ålmenta sitt ønskje omsportsfiske og ivareta det biologiske mang-faldet av fiskeressursane i vassdraget. Inn-tekter kan skapast til dømes ved utleige avfiske.Ole Per Schei, dagleg leiar

HYEN VASSVERK SA▶ GloppenOrganisasjonsform: SamvirkeføretakSkaffe vatn til alle som bur innanforvassverket sitt naturlege forsyningsområde.Ola Lilloe-Olsen, dagleg leiar

INGRID BERGSET DRESSAGE (ENK)▶ EidProfesjonell hestesport, sponsorarbeid, kursog aktivitetar.Innehavar: Ingrid Strøm Bergset

JONNY SUNDAL (ENK)▶ EidUtleige av hus, leiligheiter, maskiner, bilarog utstyr. Masseforflytning. Kjøp og sal avmotorvogner.Innehavar: Jonny Sundal

JORDEPLEROCK▶ LærdalOrganisasjonsform:Forening/lag/innret-ningProdusere og selje gode og berekraftigefestivalopplevingar til eit variert publikummed jordeple som gjennomgåande tema,og samstundes bidra til lokal utvikling ogverdiskaping. Foreninga har ikkje profittfø-remål.Dagleg leiar: Helge Evensen Bjørkum

JOSTEDALSBREEN ADVENTURE AS▶ StrynTilby aktivitetsbasert opplevelsesturisme.Aksjekapital:30.000 krDagleg leiar: Anne Kjos-Wenjum Armas

K.A. HOLDING AS▶ NaustdalImport/eksport, sal av handelsvarer, råd-gjevning og deltaking i andre verksemder.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Kai Leif Apelseth

KAUPANGER KRAFT AS▶ SogndalKraftproduksjon og sal av fornybar energi.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Nils Joachim Knagenhjelm

KINNVEGEN EIENDOM AS▶ FloraKjøp og sal av eigedom og utvikling aveigedom for sal.Aksjekapital: 30.000 krDagleg leiar: Frank Robert Klakegg

LISETH ELEKTRO AS▶ FloraElektrisk installasjonsarbeid.Aksjekapital: 30.000 krDagleg leiar: Bjarte Liseth

MASTCON AS▶ JølsterEigedom, konsulenttenester,import/eksport, bemanningstenester ogentrepenør tenester.Aksjekapital: 30.000 krMagne Herbjørn Støfring, dagleg leiar

MAURSTAD EIGEDOM AS▶ VågsøyInvestere i fast eigedom, kjøp av tomter ogeigedommar for utvikling og oppføring avbustader og liknande for vidaresal.Aksjekapital: 30.000 krPeder Ole Maurstad, dagleg leiar

MC XO TORHEIM AS▶ Jølster

Konsulenttenester innan transport og verk-stadnæring. Gjer også andre oppdrag vedførespurnad. Utleige av MC og bil.Aksjekapital: 30.000 krJan Kåre Torheim, dagleg leiar

MINIDOFFEN AS▶ StrynDrift av barnehage for barn under 3 år.Aksjekapital: 30.000 krCamilla Haugen, dagleg leiar

MOANE KRAFT AS▶ GloppenUtvikle, skaffe konsesjon for og bygge, eigeog drive kraftverk i Breidalselva og Lang-edalselva i Gloppen kommune.Aksjekapital:30.000 krStyreleiar: Ole Kåre Gimmestad

NANA KRISTJANA GUDRUN GUDMUNDS-DOTTIR (ENK)▶ VågsøyFrisørsalong. Sal av TIGI produkt.Innehavar og dagleg leiar: Kristjana GudrunGudmundsdottir

NAUSTDAL OG FØRDE SAUEIGARLAG SA▶ NaustdalOrganisasjonsform: SamvirkeforetakLegge forholda til rette for best moglegnytte av utmarksbeite, redusere tap av dyrog sikre dyrevelferd med organisert tilsynog organisert sanking.Dagleg leiar: Øyvin Mortensbakke

NOR-MAR SALMON AS▶ FloraEige aksjar i selskap med tilknyting til opp-drettssektoren.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Ingrid Kassen

OFFSHORE & MARINE SERVICES NORWAYAS▶ HøyangerNybygg, reparasjon og vedlikehaldsarbeidinnan bygg og anlegg, on- og offshore.Aksjekapital:30.000 krStyrets leiar: Agnar Førde

OPPLÆRING VEST AS▶ VågsøyGi tryggleiksopplæring til bedrifter, offent-lege og private personar.Aksjekapital:50.000 krDagleg leiar: Per Asle Madsen

ORTNEVIK TRE AS▶ HøyangerInnreiingsarbeid, innreiing av båtar og salav tømrartenester i bygningsbransjen.Aksjekapital: 30.000 krHelge Dyrrdal, dagleg leiar

RENATE RENDEDAL (ENK)▶ BalestrandGardsbruk.Innehavar: Renate Rendedal

RUSTA VRAK BILUTLEIGE▶ JølsterOrganisasjonsform: Norskreg. utenlandskforetakUtleige av bruktbilar.Dagleg leiar: Stein Olav Erikstad

SAMEIGE FALKENSTEIN B5▶ FørdeOrganisasjonsform:EierseksjonssameieStyreleiar: Trine Levanger

SAMEIGE KVÅLE PANORAMA▶ SogndalOrganisasjonsform: EierseksjonssameieStyreleiar: Einar Ylvisåker

SEA AND INDUSTRIAL MANAGEMENT ▶ EidUtføre prosjektleiing, byggeleiing og andrekonsulenttenester knytt til skipsbygging ogannan industri, samt sal av tilhøyrandevarer.Aksjekapital: 30.000 krJonny Hanebrekke, dagleg leiar

SELJEDALEN VASSVERK SA▶ Vik i SognOrganisasjonsform: SamvirkeforetakDrive vassverk, og har som føremål å skaffevatn til husbruk og anna bruk for Seljeda-len.Styreleiar: Jon O. Nummedal

SENNESET SJÅFØRTENESTER AS▶ SogndalUtleige av personlege sjåførtenester oganna verksemd knytt til dette.Aksjekapital: 30.000 krDagleg leiar: Helge Senneset

SKAADENS DETALJHANDEL▶ StrynOrganisasjonsform: EnkeltpersonforetakDrifting av kiosk.Innehavar: Aina Beate Håvik Skaaden

SKAHJEM CONSULTING AS▶ AurlandOvernattingsverksemd i form av utleige,maskintjenester, konsulent og undervis-ningstenester, investering i andre selskap,eigedomsinvesteringar, finansielle investe-ringar samt kjøp og sal av utstyr/tenester.Aksjekapital: 30.000 kr

SKJERVEN TRADING (ENK)▶ SogndalOrganisasjonsform: EnkeltpersonforetakImport og sal av elektriske artiklar.Innehavar: Stian Andre Skjerven

SMART CONNECT AS▶ FørdeKjøp og sal av elektrisk installasjonmateri-ell, utvikling av produkt.Aksjekapital: 100.000 krDagleg leiar: Frode Steen

SNEKKA AS▶ FloraSelskapet skal forestå kjøp, utvikling og salav fast eigedom og anna verksemd.Aksjekapital: 1.000.000 krStyreleiar: Freddy Ulltang,

SNOP INTERIØR, HJEM OG ACCESSORIES V/CECILIE SANDE (ENK)▶ HøyangerSal av interiørvarer og tilbehør til hus ogheim, og accessories. (smykker, sjal m.m).Verksemda skal ha netthandel, og butikkpå sikt.Innehavar: Cecilie Sande

SOGNDAL HELSEKOST AS▶ SogndalSal av helsekost- og treningsprodukt ogandre nærståande produkt.Aksjekapital: 30.000 kr

SOGNDAL LODGE & GUIDING AS▶ SogndalLodge, guiding, føredrag, kortreist mat.Aksjekapital: 30.000 krDagleg leiar: Sander Buene og Sigrid Hen-jum

SOLBERG EL-SERVICE AS▶ SogndalDrive installasjonsarbeid innan elektro,prosjektering og utføring av elektriskarbeid for nærings- og privatkundar.Aksjekapital: 30.000 krLars Erik Solberg, dagleg leiar

STURLA ELLINGVÅG (ENK)▶ FloraProduksjon av film, video og fjernsynspro-gram.Innehavar: Sturla Ellingvåg

Nye bedrifter

Førde Spa og Helse AS, Kent Roger Engdal.

Page 11: 2F 19. februar 2013

TYSDAG 19.02.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

CO2 utslipp ved kombinert kjøring 154- 179 g/km. Drivstofforbruk ved kombinert kjøring 0,59 - 0,77 l/mil.Avbildet modell kan avvike fra annonsert tilbud.

Ford Kuga er fortsatt bilen for alle slags kjøreforhold. Utover det er den helt ny. Innvendig og utvendig. Med mer plass, mer komfort, mer stil og med nye, smarte, teknologiske nyvinninger. Sikkerheten erhevet ytterligere. Men prisen? Den er senket. Vi sier ikke mer. Du er invitert til eksklusiv førpremiere.

ford.no

FØRPREMIEREPÅ NY OG STØRRE KUGA!

SUNNARVIK TRANSPORTTJENESTER (ENK)▶ FloraUtleige av sjåfør og transporttenester.Innehavar: Per Egil Sunnarvik

SUNNFJORD LANDBRUKSTENESTER SA▶ FørdeOrganisasjonsform: SamvirkeforetakSkaffe avløysing slik at medlemene fårregelmessig fritid og avløysing under sjuk-dom.Kari Stokkebekk, dagleg leiar

SØRESTRAND BYGDESERVICE (ENK)▶ HøyangerVerksemda satsar på utføring av arbeidrelatert mot skog- og landbruk samt kom-munale tenester.Innehavar: Bjarte Inge Sørestrand

TD FØRDE AS▶ FørdeSal av varer/tenester innanfor IKT ogalarm/kontrollsystem for private og bedrif-ter i Norge.Aksjekapital: 500.000 krRune Ness, dagleg leiar

TRE VEST AS▶ BalestrandProduksjon og sal av trelast, i tillegg tilandre tenester og investeringar som natur-leg høyrer saman med dette.Aksjekapital: 300.000 krJan Erik Johansen, dagleg leiar

TØMRAR EN MYKLEBUST (ENK)▶ GloppenTømrarverksemd, oppføring av bygningar,vedlikehald, rehabilitering.Innehavar: Endre Nilssen Myklebust

UNIPRO NORGE AS▶ FørdeFremstilling/sal av kjemiske produkt.Aksjekapital: 30.000 krDagleg leiar: Steffen Aamot

VANGSNES SKOGSVEGLAG SA▶ Vik i SognOrganisasjonsform: SamvirkeforetakByggje og halde ved like skogsveg.Styreleiar: Ole Kristian Endregard

VINDEDAL TØMMER OG VEG SA▶ LærdalOrganisasjonsform: SamvirkeforetakVedlikehalde eksisterande skogsbilvegar iVindedalen, samt å drive tømmerhogst.Kjell Mikal Espeland, dagleg leiar

YTRE SOGN OG SUNNFJORD LANDBRUKS-TENESTER SA▶ AskvollOrganisasjonsform: SamvirkeforetakÅ skaffe avløysing slik at medlemene fårregelmessig fritid, avlastning i onnetider ogavløysing under sjukdom. Det kan ogsåvere naturleg å yte andre tenester somstyrker landbruket, eller vere utviklande forlokalmiljøet.Michael Milde, dagleg leiar

ØVRE REDAL KRAFT AS▶ NaustdalÅ bygge, eige og drive kraftverk.Kapital: NOK 300.000,00Styreleiar: Einar Tefre

ÅLHUS BARNEHAGE SA▶ JølsterOrganisasjonsform: SamvirkeføretakEige og drive barnehage til det beste formedlemmane, og deira barn. Føremålet erikkje kapitalavkasting til medlemmane, ogeit eventuelt overskot skal godskrivasteigenkapitalen i føretaket.Dagleg leiar: Odd-Ingar Brevik

En mann aleine Rasmus Mo (ENK) RasmusMo.