web brosjyre 2011 og 2012

28

Upload: angvik-gamle-handelssted

Post on 22-Mar-2016

221 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

I avvente av papirutgaven av vår hotellbrosjyre gir vi deg en liten smakebit i form av en web-brosjyre

TRANSCRIPT

Page 1: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 2: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 3: Web brosjyre 2011 og 2012

Lev godt. Senk skuldrane og lad batteriet

Idyll ved bryggekanten i Tingvollfjorden

Vertskap som er til stede, og som tar vare på deg

Smaker og lukter frå eit vidunderleg kjøkken

Nyt opphaldet- du kjem til å lengte tilbake

Ypperste kvalitet

To kulturelle godbitar i galleriet og museet

Atmosfære med levande lys og peiser – ro og fred

Råvarer fra Nordmøre og Romsdal – kortreist mat

Page 4: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 5: Web brosjyre 2011 og 2012

Angvik Gamle Handelssted går attende i tid til slutten av 1500-talet

når hollendarane ankra opp i bukta for å ta med tømmer. Historia

om hollendertida og John og Gurianna Angvik som skapte ei unik

grunderhistorie er fortalt i museet .

Tønnefabrikken som sto her, er som eit vagt minne. Den er no eit hotell.

Historia ligg i veggane og gir hotellet ekte sjel.

Angvik Gamle Handelssted er arven som lev

Page 6: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 7: Web brosjyre 2011 og 2012

•Hotellet opna den 22. september 2007

•Angvik Gamle Handelssted er ein del av Classic Norway Hotels

•Arkitekt er Nils Fiske fra Frei

•Bøkkerstua har fått namn etter bøkkarane som arbeidde i tønnefabrikken

•Angvik; av det gammelnorske angr, ”grasmark som faller ned mot sjøen”

•6 peiser og mange stuer skapar ein fantastisk atmosfære og varme

•Galleri – Spa – Selskapsavdeling – Museum – Restaurant – Vinkjeller

•Angvik Gamle Handelssted er utsmykka med 29 nasjonalromantiske bilete

Page 8: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 9: Web brosjyre 2011 og 2012

Det går alt gjetord om nattesøvnen i Angvik. Både senger og dundyner er av topp kvalitet. Kanskje er det freden og roen som får deg til å slappe av. Kanskje er det mat og drikke som gjer deg døsig. Kanskje er det komforten og atmosfæra som fins mellom veggane? Mest sannsynlig, så er det ein kombinasjon av alt. God natt og sov godt.

Summen av alle detaljer

Page 10: Web brosjyre 2011 og 2012

Bytte dette bildet !!!

Bytte dette bildet !!!

Page 11: Web brosjyre 2011 og 2012

Når dykk først skal jobbe kan dykk like gjerne gjere det på ein vakker stad.

Det er noke naturleg inspirerande over å ha møter i avslappande, diskre og

smakfulle omgivelsar.

Alle møteromma våre har dei tekniske hjelpemidlar som de forventar å finne

på møte- og kurshotell i dag. Sjå gjerne vår heimeside for oppdatert

informasjon om våre møtefasilitetar.

Jobb godt, og nyt godt!

Page 12: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 13: Web brosjyre 2011 og 2012

Nordvestlandet er eit skattekammer av kortreist mat. Filosofien til Angvik Gamle Handelssted er å bruke så mykje som mulig av det naturen tilbyr oss lokalt. Råvarer er foredla av våre flinke kokker, og komponert til spanande menyer. Bøkkerstua har 40 sitjeplasser, og Kjøpmannstua har plass til 12 gjester. Bordsete startar presis klokka 19.30, då kveldens meny blir presentert. Bord må tingast på førehand.

God Apetitt!

Page 14: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 15: Web brosjyre 2011 og 2012

Våre kokkar har utvikla eit kjøkken med sterke band til eigne tradisjonar

og til lokale råvarer med høg kvalitet. Måltida harmonerer med

nytelse, ro og den gode samtale. Vi håpar at klokka er gøymt vekk når du

sit til bords.

Menyens eleganse kjem klart til uttrykk med valg av viner fra vår vinkjeller.

Vi søker kvar dag den perfekte balansen mellom mat og vin. Ta gjerne del

i prosessen. Vi ordnar gjerne med vinsmaking i vinkjelleren på forespurnad.

Page 16: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 17: Web brosjyre 2011 og 2012

LIVET ER EIN FEST

OG EG ER EIT SMYKKE

_________________________ Angvik Gamle Handelssted har ein høg og særprega standard i historiske bygningar, delvis frå 1700 og 1800-talet. Som hotellet elles er Badehuset Spa ei blanding av gammalt og nytt med den same elegansen, noko som gir ei unik ramme med folkeleg sjel. Badehuset Spa består av to avdelinger: Bad & Velvære og Hud & Kroppspleie. Hos oss kan du gi kroppen eit løft i kvardagen gjennom inspirasjon, ro og positive opplevingar. Vi håpar avslappende varmebad, tyrkisk dampbad, isdusj, fotbad og hud- og kroppspleie vil gi deg ny energi .

Page 18: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 19: Web brosjyre 2011 og 2012

Angvik Gamle Handelssted gjev dykk idyllen og romantikken til ein av dei vakraste dagane i livet. Som brudepar får de rammene som gjer den spesielle dagen til noko heilt spesielt. For bryllup held vi hotellet eksklusivt for brudefølget. Som vertskap byr vi på det vesle ekstra av kompetanse og tryggleik, som gjer at de kan nyte dagen frå start til slutt.

Ein minneverdig dag fortener å feirast på ein minneverdig stad.

Page 20: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 21: Web brosjyre 2011 og 2012

I Museet Handelshuset Angvik vert vår historie fortalt. I Galleriet Tore Bjørn Skjølsvik finn de ei samling av rundt 75 kunsverk til ein av dei fremste kunstnarane i landet. Det vert også årlige gjesteutstillingar. Besøk gjerne galleriet eller museet i forkant av middagen, servert med litt forfriskning.

Page 22: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 23: Web brosjyre 2011 og 2012

Angvik Gamle Handelssted er ein flott kombinasjon av moderne byggeteknikk og gjenbruk av gamalt materiale. Både tønnefabrikken og gamle stabbur i Angvik og omegn har vært nytta i dei flotte bygningane. Angviksalen og Bygdestua var opprinnelig våningshuset på Haltvikgården. Den er gjenreist med stor dugnadsinnsats fra lokale eldsjeler. Angviksalen er storsalen på hotellet, og kan tilpassast til dei fleste arrangement. Her serverer vi middag til 100 personer, har kurs og møtevirksomhet, og arrangerer konsertar og dans.

Page 24: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 25: Web brosjyre 2011 og 2012

Opplevinga av Angvik Gamle Handelssted kan ikkje forteljast– sjølv ikkje med tusen ord. Den må opplevast! Rundt oss ligg vår flotte natur og gjer det heile endå vakrare. Vi har utleie av robåtar der du kan ta deg utpå fjorden. Vi har syklar der du kan oppleve stier og tilbaketrukne bygdevegar. Og med beina kan du nyte nokre av regionens flotte fjell. Ro, sjel og minner for livet.

Page 26: Web brosjyre 2011 og 2012
Page 27: Web brosjyre 2011 og 2012

Til Angvik kjem ein enklast med bil. Hotellet ligg om lag 5 mil til Molde, og 7 mil til Kristiansund. På brygga har vi nokre plassar som ein kan leggje til kai med båt, men det er bo- og spiseplikt på hotellet. Fra Angvik fins det mange fine dagsturar i området rundt. Sjå meir på vår heimeside, men vi nevner raskt Eikesdalen, Innerdalen, Molde, Krisitiansund, Atlanterhavsvegen, og den litt ukjende, men svært vakre Aursjøvegen.

Page 28: Web brosjyre 2011 og 2012