vidareutdanning i lys og skugge
DESCRIPTION
Diktsamling av Eva JensenTRANSCRIPT
Eva Jensen
VIDAREUTDANNINGI LYS OG SKUGGE
Dikt og prosa
Samlaget
Oslo 2014
Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 3
Del 1
Fredriksen satte seg ned med hodet i hendene:
– Sørg ikke, sa jeg.
– Jeg sørger ikke, jeg tenker (…).
Tove Jansson
Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 5
7
snøen kjem, tidleg om morgonen; før folk har stått opp og
tent lys i kjøkkenet, før den første kaffien. Først fell eit
usannsynleg stort snøflak ned rett framfor lyset frå gatelykta,
så stort at den som ser på, ein augneblink lurer på om det var
ein fugl som sleppte seg ned. Så fell eit flak til.
Etter ei stund kjem det «som sloppe ut av ein sekk», det snør
tett, så tett. Og vinden kjem til, får snøflaka til å legge seg
diagonalt under lyset frå gatelyktene. Det snør.
Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 7
i den halvmørke morgonen beveger lyset frå lyktene på
løypemaskina seg langsamt framover i fjellsida.
Det store landskapet, den smale kjegla lys som rører seg i
skiftande tempo; raskt i dei flatare partia av løypetraseen,
møysommeleg i dei kuperte områda med meir vanskelege
kurver og brått fallande terreng.
Starte ein arbeidsdag: ta fatt, sjå kor landet ligg.
elgen står ved vegen med noko lyst ved øyra.
8
Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 8
ein spinkel grønfarge mot ei kvit gardin. Gulkvite skjermar
lyser mellom. Frost.
Sola sender firkantar av lys inn i rommet.
Det gløder i tre smilande hovudfotingar på veggen; ein blå,
ein brun, ein gul. Hovudfoting er: Eit teiknestadium i barnas
utvikling, menneskehovudet teikna som ein sirkel og med
beina som kjem rett ut frå sirkelen. Enno er ingen kropp
avbilda.
Jula over, og eg pakkar inn den heimelaga krybba. Eg pakkar
inn Josef og Maria og dei tre vise mennene. Eg pakkar inn
det bleike Jesusbarnet, laga av trolldeig. Eg legg ned palmane
(av papphylser og farga papir) og sauene (leikedyr). Ein
blånande ås av silkepapir i Betlehem har lausna. Eg hentar
limstiften og reparerer den, eg heller varsamt den finkorna
sanden frå stallen i ein tett pose, eg legg alt forsiktig ned i
skoeska.
mannen i kyrkja julaftan, som sat med eit leiketøys-esel
mellom hendene i fanget. Av og til vifta han formålslaust med
det.
9
Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 9
eg såg ein liten flokk på sju skarvar då eg gikk ut ein tidleg
morgon.
Inkarnasjonen av fargen svart i kvar fugl.
Eg lærte ordet «bananmodneri» frå eit skilt på ei lagerbygning.
Eg såg ein middelaldrande mann som kjørte ein rød
pickup. Ved sida av han i framsetet sat ein stor, gul labrador.
I vegkrysset snudde hunden hovudet til høgre og til venstre
samtidig som eigaren gjorde det, når han skulle sjekke om det
var klar bane.
Eg såg eit barn som gikk ut og song mellom dei to blokkene,
med ei kraftig, mørk stemme. Rommet mellom blokkene gav
god akustikk og ein særskilt klang. Barnet gikk omkring,
rusla på eit vis, mens det song.
(Det vesle barnet med den store stemma mellom blokkene.)
10
Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 10
yrkesliv, mislykka:
I ein av dei blakke periodane mine jobba eg som lærarvikar.
Eg kunne få telefon om morgonen med spørsmål om å stille
på ein skole kor som helst, på kort varsel. Ein gong mista eg
kontrollen over ein klasse med tjuesju seksåringar; dei blei leie
av å høre på meg og eit par–tre stykke tok til å krabbe og
krype rundt omkring. Snart kraup heile gjengen under bord
og stolar, over koseputer og bak skap.
Ein annan gong let eg ein sjetteklasse spele yatzy heile matte-
timen, eg tenkte at det trass alt hadde noko med tal å gjere.
Eg hadde lagt merke til at læraren hadde kopiert opp store
yatzyark til bruk i klassen, sikkert tenkt som ei belønning i ny
og ne.
Assistenten ville vise meg at han kunne meir om å vere i
denne klassen enn eg. Han samla opp misnøye, drøfta yatzy-
opplegget høgt med elevane, let heilt vere med å hjelpe meg,
slik at timen skulle bli dårleg til det siste.
Ein ungdomsskoleklasse lurte meg til å tru at den faste
musikklæraren deira nokre gonger let dei få velje i grupper
kva dei ville gjere, berre det hadde med musikk å gjere. Eg
gikk med på det under tvil. Nokre sette seg i ei gruppe for å
synge, andre kjørte musikkanlegget på full guffe slik at det
drønna gjennom gangane. Sjølv sat eg i eit hjørne med éin
roleg elev som hadde uttrykt ønske om å lære nokre grep på
gitar, eg lærte han Tom Dooley, på slutten av timen greidde
han den aleine.
11
Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 11
yrkesliv, vellykka:
Eg har poesitime i første og andre klasse, og lærer elevane
korleis dei kan finne ut noko om forma som dikta har. Vi les
nokre dikt om fargar. Ein liten gut rekker opp handa.
Overraska fortel han at orda «rosa for rose» berre fall ned i
hovudet hans.
Diktkurs, åttande klasse: Ei jente lagar eit dikt med setninga
«havet tenker stort».
12
Vidareutdanning i lys og skugge ferdig_a 18.12.13 10.07 Side 12