valprogram sogn og fjordane

17
FYLKESVALPROGRAM 2015–2019 MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Upload: mariel-eikeset-koren

Post on 22-Jul-2016

223 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Valprogram Sogn og Fjordane

FYLKESVALPROGRAM 2015–2019

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 2: Valprogram Sogn og Fjordane

TID FOR GRØN OMSTILLING

Fylkeskommunen har eit breitt samfunnsansvar, også på miljøområdet. Dette gjeld særleg overordna planlegging og samfunnsutvikling. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) vil nytte denne utviklingskrafta til å gjere Sogn og Fjordane til det fyrste fylket i Noreg som tek steget ut av fossilsamfunnet og inn i fornybarsamfunnet. I dette biletet er omstilling i næringslivet sentralt. Fylket har i dag ein mindre del av næringslivet knytt til olje- og gassindustrien enn resten av Vestlandet. Dette gjev fylket eit forsprang i omstillinga samfunnet må gjennom for å unngå klimakrisa.

1. KLIMA-, MILJØ- OG ENERGIPOLITIKK

Det er avgjerande å redusere utsleppa av klimagassar. I den rike delen av verda tyder dette i praksis at vi dei neste femti åra må kutte ut alle utslepp av klimagassar om vi skal nå målet om maksimalt 2 grader global temperaturauke. Det gjeld også i Sogn og Fjordane. Men sjølv om verda skulle lukkast med å nå dette målet, vil klimaet endre seg mykje og vi må tilpasse oss store og ukjende verknader av klimaendringane.

Vårt fylke er utsett for negative fylgjer i form av ekstremvêr, flaum- og skredhendingar. Samstundes er det avgjerande at vi ikkje skaper nye miljøproblem gjennom ein lite kunnskapsbasert, offensiv klimapolitikk. Miljøpartiet Dei Grøne vil redusere klimagassutsleppa der dei finst. Dette i staden for til dømes å skifte ut variert naturskog med granplantasjar for å binde karbon, eller å øydelegge dei siste restane av vassdragsnatur gjennom vasskraftutbygging. Dette er berre å bytte ut eitt miljøproblem med eit anna.

Den store energiutfordringa i Noreg er ikkje å tilføre samfunnet enno meir energi, men å redusere energibruken. Så lenge det ikkje finst system som sørger for at tilførsel av fornybar energi kjem i staden for, og ikkje i tillegg til eksisterande fossil energibruk, vil utbygging av meir fornybar energi gjere den nødvendige omstillinga til eit lavenergisamfunn meir vanskeleg.

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 3: Valprogram Sogn og Fjordane

Miljøpartiet Dei Grøne vil: • At fylkeskommunen saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane må

samarbeide med kommunane i fylket slik at dei får kartlagt forventa konsekvensar av klimaendringar i løpet av neste fireårs-periode

• Øyremerke kraftinntekter som fylket får til eit klimafond der kommunane kan søkje om tilskot til reduksjon av klimagassutslepp og energibruk

• At fylkeskommunen skal velje den leverandøren som kan dokumentere best miljøstandard på si verksemd og sine produkt eller tenester innafor ei ramme av inntil 10% høgare pris enn det økonomisk mest fordelaktige tilbodet ved offentleg innkjøp og investeringar

• Krevje at alle kommunar har laga ein handlingsplan for reduksjon av energibruk og utslepp av klimagassutslepp og kan dokumentere at tiltak i planen er gjennomført i løpet av neste kommunestyreperiode

• Stanse alle planar om vidare utbygging av vindkraft og vasskraft, og heller bruke samfunnet sine ressursar til å effektivisere dagens energibruk

• Omprioritere midlar frå ferjeavløysingsprosjekt til elferjer, ras-sikring og støtte til kollektivtransport

• Kjøpe inn elsykkel for å erstatte dagens kort-avstands tenestereiser med privatbil for all offentleg verksemd

• Vurdere fare for jordskred ved all større flatehogst av gran som skjer nær busetjing og sårbar infrastruktur

2. EIT FRAMTIDSRETTA NÆRINGSLIV Sogn og Fjordane treng eit kreativt og nyskapande næringsliv med langt fleire grøne arbeidsplassar. Då er det viktig å halde på naturressursane og verdiskapinga lokalt heller enn å halde fram med å sende energi og andre råstoff ut av fylket. Fylket må gå over frå å vere eit einsidig råvareeksporterande fylke til i større grad å vidareforedle eigne råvarer. Mangesyssleri og innovasjon – til skilnad frå spesialisering og standardisering – har tradisjonelt vore suksessoppskrift på næringsutvikling i fylket, og den oppskrifta må vi halde på for å ivareta busetting i fylket og halde oppe ei god samfunnsutvikling.

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 4: Valprogram Sogn og Fjordane

Miljøpartiet Dei Grøne vil: • Stimulere til gründerverksemd og fleire grøne arbeidsplassar • Vidareutvikle industri- og kompetansemiljø innan eksisterande og nye

næringar i fylket i grøn retning

• Utarbeide eit fylkesprogram for lokal vidareforedling av fornybar energi frå fylket og eit fylkesprogram for energisparing i private hushald, næringsliv og offentleg verksemd

• Stoppe all vidare planlegging og tilrettelegging for olje- og gassverksemd i fylket

• Avvikle ordninga med fylkeskommunal oljekonsulent i Florø og erstatte denne med ei ny stilling som rådgjevar for grøn næringsutvikling

• Lage eit fond for omstilling av arbeidsplassar som i dag er knytte til olje- og gassverksemd

• Arbeide for å få omgjort regjeringa sitt ja til gruvedrift i Engebøfjellet • Gje tilbod om gratis miljøskulering av næringslivet med mål om at

næringslivet i Sogn og Fjordane skal bruke miljøleiing og miljøkvalitet som konkurransefortrinn og dermed auke verdiskapinga i verksemdene og samstundes bidra til å møte viktige miljøutfordringar

• Gje støtte til miljøsertifisering av verksemder med mål om at halvparten av alle verksemder i fylket skal vere miljøsertifisert innan to kommunestyreperiodar

• Arbeide for at produkt vi treng for å forsyne næringsverksemder og hushaldningar lokalt vert produsert lokalt

• Stimulere til dialog og samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø • Satse på vidare utvikling og tilrettelegging av eit natur- og kulturbasert

reiseliv mellom anna innafor rammene til geoturisme

• Innføre eit øvre tak på tal turistskip og stille krav til lågt energibruk og utslepp

• Innføre avgift per turistskip – der midlane frå avgifta mellom anna skal nyttast til kulturlandskapstiltak innanfor landbruket

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 5: Valprogram Sogn og Fjordane

3. SAMFERDSLE FOR FRAMTIDA

I eit grisgrendt fylke som Sogn og Fjordane er visse typar og mengder transport ei særleg utfordring. Samstundes må vi redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. Då må vi tenke nytt om korleis det samla transportarbeidet skal organiserast framover. Miljøpartiet Dei Grøne vil difor ta initiativ til å utarbeide ein samla plan for transport, klima og miljø for Sogn og Fjordane med tilhøyrande økonomiplan og tilskotsordningar. Her vil vi la pengane følge dei transportprosjekta som gjev høgast sysselsetning, best transportøkonomi for brukarar og innbyggarane i fylket og reduserte klima- og miljøproblem.

Miljøpartiet Dei Grøne vil invitere alle dei politiske partia i Sogn og Fjordane til eit breitt samferdsleforlik. Fem hovudområde synast å vere eit nyttig utgangspunkt for eit slikt forlik: 1. Reduksjon av samla transportbehov 2. Overføre godstransport frå veg til sjø 3. Prioritere ras-sikring, utbetringar og vedlikehald av eksisterande

vegstrekningar i staden for bygging av gigantbruer og lange tunnellar 4. Legge til rette for gratis kollektivtransport i tettstadane og byane i fylket 5. Prioritere sykkelstiar og el-løysingar i lokalsamfunna Miljøpartiet Dei Grøne vil sjå dagens vegpengebruk i samanheng med å betre dei samla transportvilkåra for alle i Sogn og Fjordane. Dette blir avgjerande for framtidsfylket. Det same gjeld ein ansvarleg regional omstillingspolitikk etter nedgangen i oljeprisen og i høve regjeringa sine vedtekne klimamål der reduksjon av utslepp frå transport er eit hovudtema. Samferdslepolitikk må difor også vere miljøpolitikk. Den grøne samferdslepolitikken handlar om å redusere transportbehovet, om å ta i bruk ny teknologi og om å legge til rette for eit godt og mangfaldig kollektivtilbod. Samstundes er omstilling innan transport eit tiltak for klimatilpassing. Elbil kan vera eit godt alternativ også utanfor tettstader og byar, der ein skal reise litt lengre strekningar, og el-sykkel er eit godt eigna alternativ der

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 6: Valprogram Sogn og Fjordane

pendlingsavstanden ikkje er for stor. På stader som Førde, Florø og Sogndal er det viktig å betre kollektivtransport. I heile fylket vil Miljøpartiet Dei Grøne støtte opp om ordningar, som til dømes appar for samkøyring. Næringslivet kan også redusere sitt samla transportbehov ved ytterlegare å legge til rette for bruk av heimekontor.

Miljøpartiet Dei Grøne vil: • Gå imot nye store veg- og bruprosjekt og heller bruke pengane på

tilrettelegging for sjøtransport, oppgradering av eksisterande vegar og heilårsveg Vik-Voss

• Arbeide for miljøvenleg ferjedrift, med bruk av elektriske ferjer og kabelferjer

• Arbeide for gratis ferjer for passasjerar • Hegne om arbeidsplassane om bord i ferjene • Prioritere sykkel, buss, båt og bane framfor personbilisme og flytransport • Prioritere nærmiljø- og sikkerheitstiltak i vegpolitikken, til dømes rassikring

og tunnellar bak sentrumsområder • Arbeide for vesentlig billigare kollektivtransport, både einskildreiser og

periodekort • Arbeide for at kollektivhaldeplassar og terminalar er tilstrekkeleg skjerma

mot vêr og vind, og for at dei skal ha informativ ruteopplysning tilgjengeleg

• Arbeide for at køyretøy som går på biogass eller elektrisitet skal prioriterast ved tildeling av drosjeløyve

• Støtte opp om forsknings- og pilotprosjekt knytt til hydrogen og andre utsleppsfrie energiformer

• Arbeide for at by- og tettstadsutvikling baserer seg på redusert dagleg behov for privatbil

• Arbeide for at fylkeskommunen går over til elektriske bilar og andre nullutsleppsløysingar

• Arbeide for at det skal byggast ut hurtigladepunkt i alle kommunar i fylket innan kort tid

• Arbeide for å erstatte vegsalt med alternativ som grus, oppvarma sand og treflisprodukt, i kombinasjon med betre brøyting

• Arbeide for konkretisering og gjennomføring av klima- energi- og miljøkriterier i fylkeskommunale anbodsprosessar i transportsektoren og at desse kriteria skal ha avgjerande vekting i høve økonomi ved val av leverandør og produkt

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 7: Valprogram Sogn og Fjordane

4. VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Eit mangfaldig skuletilbod er eit inkluderande skuletilbod der mangfaldet av elevane sin kunnskap og erfaringar blir verdsett og alle elevar får like moglegheiter; uavhengig av om dei er flinke i matematikk, har grøne fingrar, eller trivast best på sjøen. Ein slik skule må ta utgangspunkt i einskildeleven sine føresetnader og ynskje, samt i lokale og regionale behov og utfordringar. Læraren og den einskilde skule må få fridom til å velje undervisningsmetodar og moglegheit til å sikre elevane reell medråderett gjennom elevdemokrati i skulane. Vidaregåande opplæring skal vidare utvikle elevane sine sosiale ferdigheiter og verdiar, og ruste elevane til å stå opp for sine eigne og andre sine rettigheiter. Miljøpartiet Dei Grøne vil: • At den offentlege skulen skal vere berebjelken i den vidaregåande

opplæringa, eventuelt med ikkje-kommersielle friskular som supplement der dette er ynskjeleg

• Prioritere arbeidet for føre vidare eksisterande skulestruktur i Sogn og Fjordane og prioritere elevar sin rett til å gå på ein skule i nærområdet, samtidig som ein tar vare på elevane si moglegheit til å søke på andre skular

• Gje elevar med fullført grunnskule et reelt val mellom ein periode i arbeidslivet og vidaregåande opplæring

• Styrke yrkesfagsutdanninga og lærlingordninga for å sikre god rekruttering til det lokale nærings- og samfunnslivet

• Prioritere støtte til Sogn Jord- og hagebruksskule og klimafaget på Firda vidaregåande skule, og samstundes å styrke den maritime linja ved Måløy vidaregåande skule og samarbeide med United World College

• Arbeide for at alle dei vidaregåande skulane i fylket skal kunne etablere og utvikle nye, framtidsretta linjer som del av gjennomføringa av det grøne skiftet

• Styrke rådgjevartenesta

• Arbeide for meir fleksible inntaksreglar til ulike opplæringsprogram

• Utarbeide ei insentivordning for å stimulere til å komme tilbake til fylket etter fullført utdanning

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 8: Valprogram Sogn og Fjordane

• Sette fokus på innemiljø og sosialt miljø; til dømes mobbing og rasisme ved å styrke opplæringa innan konfliktløysing og elevane si evne til kritisk tenking

• Arbeide for fleire skulehagar • Styrke skulehelsetenesta og seksualundervisninga, auke fokuset på

valdtekter og overgrepsproblematikk i desse

5. KOMMUNESAMANSLÅING

Dersom kommunar sjølv ynskjer å slå seg saman, er Miljøpartiet Dei Grøne positive til det. Men vi kan ikkje sjå at ei kommunereform som påtvingast oss frå Oslo gjev noko form for vinst for lokalsamfunna i Sogn og Fjordane. Noreg er allereie mellom dei landa i Europa som har dei største kommunane, målt i flateinnhald, og Miljøpartiet Dei Grøne kan ikkje sjå at det å gjere kommunane endå større kan redusere nokre av dei utfordringane norske kommunar står overfor når vi saman skal skape ei grønare og meir berekraftig framtid. Tvert om meiner Miljøpartiet Dei Grøne at ei kommunereform vil få den motsette effekten. Større fysisk avstand mellom innbyggjarar og kommune- eller fylkessentra vil føre til dårlegare kvalitet på kommunale tenester og svekke lokaldemokratiet vårt. I tillegg vil den pågåande kommunereforma føre til auka transport og dermed auka klimagassutslepp og anna ureining.

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at ei vesentleg drivkraft bak kommunereforma er å skape større marknadseiningar for vidare privatisering og stordrift av kommunale tenester. Analysar frå Danmark, der ein nyleg har gjennomført kommunesamanslåing, viser at det heller ikkje automatisk er lønsamt å slå saman kommunar. Vi kan lett få meir byråkrati, ikkje mindre, om då ikkje kommunesamanslåing blir nytta til å leggje ned tenestetilbod i stor skala. Kommunereforma tek heller ikkje med i reknestykket kostnadane til sjølve samanslåingsprosessen, kostnadar som i mange tilfelle kan vere svært store. Miljøpartiet Dei Grøne er meir opptekne av å speglvende debatten om kommunesamanslåing og heller diskutere:

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 9: Valprogram Sogn og Fjordane

• Kva som er optimale tilhøve for ein kommune i Sogn og Fjordane vurdert ut frå kriterium som medbestemming, demokrati, nærleik mellom innbyggjarar og kommunale tenester, opplevd kvalitet på tenestene, tilgang på naturressursar og kva som er best for folk flest, klima og miljø?

• Fokus på å stanse veksten i dei største byområda i Norge, for på den

måten å leggje grunnlaget for å halde oppe livskraftige samfunn i resten av landet.

6. FISKERIRESSURSANE – FELLESKAPET SIN EIGEDOM Våre havområde, fjordar og elvar er verdskjende naturverdiar og viktige lokale ressursar i Sogn og Fjordane. Fiskerinæringa er arbeidsplass og kulturberar som skal legge grunnlaget for berekraftig næringsverksemd, lokal og kortreist matproduksjon og busetnad langs kysten også i framtida. MDG vil arbeide for at våre fellesverdiar blir forvalta klokt og langsiktig, at fellesskapet skal ha råderett over ressursane i havet og imot vidare privatisering av fiskeriressursane. Miljøpartiet Dei Grøne vil: • Arbeide for at fiskeripolitikk og forvalting av våre nære kyst- og

havområde blir ein ny og sentral del av fylkestinget sitt politiske arbeid • At fylkeskommunen skal ta ei rolle i å utvikle ein regional berekraftsmodell

for forvaltning av fiskeriressursar • Arbeide for å vidareføre Deltakarlova som seier at ein må vere aktiv fiskar

for å få ta del i fisket • Arbeide for å tilbakeføre fiskekvotar frå nokre få, rike aktørar, via

fellesskapet, til kystfiskargrupper • Prioritere fartøy under 11 meter og andre, mindre kystfartøy • Arbeide for å styrke Fiskeridirektoratet sitt kontor i Måløy • Arbeide for auka rekruttering til fiskaryrket, inkludert satsing på Måløy

vidaregåande skule • Legge til rette for støtte til etablering av fleire lokale fiskemottak i fylket • Utvikle den norske heimemarknaden for sjømat ved å opprette

fiskerisamvirke etter modell frå landbruket, med vekt på foredling og distribusjon av lokal, fersk fisk

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 10: Valprogram Sogn og Fjordane

• Ta initiativ til å utvikle ”Fiskarens marknad” etter modell frå ”Bondens marknad”

• Forby taretråling i Sogn og Fjordane • Arbeide for gjenetablering av tareskog og vern av oppvekstområde for

yngel og ungfisk • At fangst- og avlivingsmetodar skal ta omsyn til at fisk kan kjenne smerte • At EU sitt vassdirektivgjennomførast som aktiv del av fylkeskommunen sitt

arbeid

7. EIN MILJØMESSIG BEREKRAFTIG OPPDRETTSINDUSTRI Dagens oppdrettsindustri i Sogn og Fjordane er, som i resten av landet, prega av kortsiktig økonomisk profitt og ser ikkje ut til å handtere dei dokumenterte miljø-øydeleggingane industrien har skapt. Regjeringa har støtta oppdrettsindustrien sine ynskje om volumvekst utan å stille strenge og konkrete nok miljøkrav og etablere prosedyrar og sanksjonmidlar. Dette har påført samfunnet store miljømessige og økonomiske tap i form av ureining av fjordar og økosystem og er eit kritisk trugsmål mot sjøaure og vill-laks langs heile norskekysten. MDG vil arbeide for å gjere dagens ureinande oppdrettsindustri til ei rein framtidsnæring. Dersom produksjonsvolumet i oppdrettsindustrien i Sogn og Fjordane skal oppretthaldast, må også råvarene som brukast til fòr haustast miljømessig berekraftig. Miljøpartiet Dei Grøne vil: • Invitere det nye fylkestinget og interesserte aktørar i oppdrettsindustrien

til å arbeide for å gjere dagens ureinande oppdrettsindustri til å bli ei rein framtidsnæring gjennom eige prosjekt i Sogn og Fjordane

• Ikkje gje ut nye oppdrettskonsesjonar før miljøproblema i industrien er løyst

• Støtte vidareutvikling av lukka oppdrettsanlegg, og arbeide for at opne anlegg skal lukkast innan 2020

• Regulere råvarer til fôrproduksjonen til oppdrettsindustrien for å unngå at matfisk og anna menneskemat blir brukt til fôr

• Arbeide mot at genmodifiserte råvarer vert tillate i fiskefôr

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 11: Valprogram Sogn og Fjordane

• Innføre miljøskattlegging (grunnrente) av alle typar oppdrettsverksemd • Innføre tidsavgrensa konsesjonsvilkår med tilbakeverkande kraft • Innføre heimfallsordningar for oppdrettslokalitetar • Forby kitinhemmarar som medisin i oppdrettsindustrien i Sogn og

Fjordane • Satse meir på utnytting av algar og anna vegetabilsk sjømat, der dette er

miljømessig forsvarleg • Sikre betre dyrevelferd hos oppdrettsfisk, mellom anna ved å innføre

lågare maksimumsgrenser for tall fisk i en mir • Støtte forskingsprogram om dyrevelferd for oppdrettsindustrien og styrke

forskning på marin økologi, næringssaltutslepp, endringar i botnvegetasjon og innføring av nye artar

8. LANDBRUK – EI FRAMTIDSNÆRING I SOGN OG FJORDANE Norsk landbruk er inne i ei utvikling med stigande import av kraftfôr, kraftig vekst i investeringane i maskinar og bygningar – og fallande sjølvforsyning. Seks av ti nordmenn lever på mat frå utlandet eller av norske husdyrprodukt basert på importert kraftfôr. I husdyrhaldet aukar mengda av kraftfôrbaserte produkt frå svin og kylling. Norsk landbruk er på veg vekk frå det som lenge var nesten sjølvsagt, at maten er trygg å ete. I Sogn og Fjordane ligg stadig meir av matjorda brakk. I tillegg er jordvernet vikande. Stadig større driftseiningar med veksande gjeld, gjev usikker matforsyning. Dette er ingen veg til robust økonomi for bøndene. Med den rådande politikken går det mot avvikling for bøndene i store delar av Sogn og Fjordane. Det er eit samfunnsansvar at maten vi et blir dyrka ut frå naturgjevne føresetnadar og ressursgrunnlag. Bøndene er og skal vere sjølvstendig næringsdrivande, men ei trygg forvalting av felles ressursar krev både politisk styring og eit positivt folkeleg engasjement. MDG vil styrke landbruket ved å styrke økonomien og vri næringa i økologisk retning. Tollvernet må brukast aktivt for å auke matprisane til det beste for produsentane, medan støtteordningar og regelverk blir målretta mot sjølvforsyning, miljøvern og dyrevelferd.

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 12: Valprogram Sogn og Fjordane

Miljøpartiet Dei Grøne vil: • Arbeide for at landbrukspolitikken skal ta utgangspunkt i dei naturgjevne,

lokale føresetnadane, heller enn å ha størst moglege einingar som mål • At fylkeskommunen skal drøfte og utarbeide eigne ordningar til støtte for

ein spreidd bruksstruktur som er eineståande i landet, for å dempe dei negative effektane av den noverande landbrukspolitikken

• Arbeide for at eit årsverk i landbruket gir minst same inntekt som eit årsverk i andre fagarbeidaryrke

• At fylkeskommunen i større grad skal stimulere til foredling og utvikling av råvarer frå gardsbruka i fylket

• At beiteressursane må utnyttast betre • At fylkeskommunen slår ring om Bioforsk sin stasjon i fylket • Etablere økonomiske ordningar som stimulerer hausting og beiting av

dyrka areal som fell utanfor det konvensjonelle landbruket • At fylkeskommunen etter plan- og bygningslova skal drive eit strengt

jordvern • Bidra til å vidareutvikle Bondens Marknad på fleire stader i fylket

9. FØREBYGGANDE FOLKEHELSE Miljøpartiet Dei Grøne meiner at helsepolitikken må legge større vekt på arbeid for god helse og førebygge helseskade. Helsepolitikken må sjåast i samanheng med andre politikkområder. Grøn politikk vil redusere helseskadar frå ureining og fremje sunn mat. Vi vil også legge til rette for dagleg mosjon i form av gange og sykling og for kontakt med naturen. Eit trygt og inkluderande samfunn med små økonomiske skilnader er viktig også for folkehelsa. Både funksjonsfriske og menneske med nedsett funksjonsevne og kroniske sjukdomar er bidragsytarar til samfunnet. Vi vil legge til rette for at dei med redusert arbeidsevne kan få jobbe med tilpassa, meiningsfullt arbeid. Miljøpartiet Dei Grøne vil: • Legge ned dei regionale helseføretaka, og innføre meir direkte politisk

styring av spesialisthelsetenesta. Dei einskilde sjukehusa må få større MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 13: Valprogram Sogn og Fjordane

fridom til å sikre kortare ventetider og betre pasientbehandling, og ordninga med stykkprisfinansiering må avskaffast

• Ha eit breitt og kunnskapsbasert opplysingsarbeid om mat og helse. Dei næringstilknytte opplysingskontora bør erstattast av eit næringsuavhengig opplysingskontor for mat og helse

• Ha kjøtfri måndag og meir økologisk og kortreist mat i alle fylkeskommunale kantiner

• At alle offentlege institusjonar som har matservering må servere minst 50 prosent økologisk mat innan 2017

• At tannhelsetenester skal vere gratis fram til fylte 25 år. Deretter skal dei vere ein del av ordninga med eigenandel gjennom folketrygda

• Framleis regulere alkoholomsettinga strengt • Auke innsatsen for helseopplysing og helsetenester til personer frå andre

kulturar

10. MANGFALD I KULTURLIVET Miljøpartiet Dei Grøne ser på det å kunne uttrykke og engasjere seg i kulturlivet som ein menneskerett. Miljøpartiet Dei Grøne arbeider for eit samfunn som er tufta på grøne verdiar; der opplevingar og møte mellom menneske er meir verdifulle enn økonomisk vekst og materielle goder. Vi ynskjer at den fylkeskommunale kulturpolitikken skal støtte opp om og legge til rette for kultur og idrett, slik at desse på best mogleg måte kan vere sjølvgåande, frie og uavhengige. Eit fritt og aktivt idretts- og kulturliv skaper møteplassar og opplevingar på tvers av samfunnslag og nasjonalitet, stimulerer til mangfald og bidreg til eit inkluderande samfunn. Miljøpartiet Dei Grøne vil: • Ha fokus på mangfald i kulturpolitikken; flest mogleg skal oppleve mest

mogleg • Prioritere støtte til frivillige organisasjonar • La frivillege organisasjonar bruke fylkeskommunale bygg og anlegg

kostnadsfritt • Utvide og styrke tilbod som «den kulturelle skolesekken» «den naturlege

skolesekken» og «den kulturelle spaserstokken»

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 14: Valprogram Sogn og Fjordane

• Prioritere kyst- og fjordkulturen • Prioritere tilrettelegging av friluftsliv • Arbeide for fylkeskommunale initiativ for turvegar, turstiar og liknande på

tvers av kommunegrenser • Sette fellesskapet sine interesser framfor kortsiktig næring ved å arbeide

mot utbygging som øydelegg verdifulle kulturminner og friluftsområder • Søke å styrke bibliotektilbodet, og ivareta distriktsvennlige bibliotektilbod

som bokbåten • Pioritere barne- og ungdomsidretten, samt breiddeidrett, framfor

eliteidrett • Legge til rette for ungdom som ynskjer å kombinere utdanning og idrett • Arbeide for å ivareta moglegheita til gode naturopplevingar knytt til idrett

11. NATUR OG LIVSKVALITET Den reine og urørte naturen i fylket vårt gjev oss både eit ansvar og eit føremon. På den eine sida har vi eit ansvar for å ta vare på naturen nettopp som rein og urørt. På den andre sida gjev dette oss eit potensiale når det gjeld å trekke til oss busetting og næringsliv som etterspør nettopp den kvaliteten.

Miljøpartiet Dei Grøne vil seie: • Ja til fortetta bustadbygging i dei største sentra i fylket og nei til bruk av

dyrka jord til utbyggingsføremål • Ja til fjordfiske og nei til dumping av gruveavfall i fjordane våre • Ja til å oppretthalde dei ville lakse- og sjøaurebestandane i fylket • Ja til naturbasert reiselivsutvikling • Nei til meir snøskuterkøyring i utmark og innføre forbod mot vass-

skuterkøyring i fellesskapet sine sjøområder

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 15: Valprogram Sogn og Fjordane

12. SOGN OG FJORDANE – EIN MANGFALDIG REGION I EI MANGFALDIG VERD

Mange av utfordringane Sogn og Fjordane står overfor, ikkje minst klima-, energi- og miljøutfordringane, er også utfordringar vi møter over heile verda. Miljøpartiet Dei Grøne er medlem av det europeiske grøne partiet European Green Party, samt av det globale grøne nettverket Global Greens. Som grønt parti har vi eit internasjonalt fokus, også i fylkespolitikken.

Miljøpartiet Dei Grøne vil: • Arbeide for etablering av vennskapsregionar/fylke i andre delar av verda • Arbeide for at informasjon om EØS- og EU-prosessar som påverkar Sogn

og Fjordane blir gjort lettare tilgjengeleg • Arbeide for å etablere og finansiere utviklingsprosjekt med midlar frå ulike

EU-program og på den måtet styrke fylkeskommunens handlingsrom og budsjett

• Arbeide for sterkare samarbeid med regionar i andre land, med vekt på nord-sør-relasjonar

• Søke å styrke moglegheita for internasjonal utveksling av både elevar og lærarar i den vidaregåande skulen

• Arbeide for styrke informasjonsarbeid om europeiske utdannings- og forskingsprogram

• Arbeide for å sette internasjonal solidaritet høgare på dagsorden, mellom anna gjennom satsing på rettferdig handel (fairtrade)

• Arbeide for god norskundervisning og morsmålsundervisning for folk i fylket med innvandrarbakgrunn, både i og utanfor den vidaregåande skulen

• Ha fokus på nasjonale minoritetsgrupper sine rettighetar i Sogn og Fjordane

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Page 16: Valprogram Sogn og Fjordane

MILJØPARTIET DEI GRØNE SINE TRE TOPPKANDIDATAR TIL FYLKESTINGET

Stein Malkenes (63) frå Florø er Miljøpartiet Dei Grøne sin fylkesordførarkandidat. Stein er sjølvstendig næringsdrivande og gründer og har arbeidd som miljørådgjevar i inn- og utland i 20 år. Han er utdanna lærar og har tidlegare arbeidd som lærar og rektor i Floraskulen. Stein har vore leiar i Norges Naturvernforbund, i Norsk Fyrhistorisk Foreining og er no styreleiar i organisasjonen SalmonCamera. Han har også småbruk der han førebur villsaudrift. Kontakt gjerne Stein på telefon 913 62 733, eller [email protected].

Monica Gjesdal Larsen (45) bur og jobbar i Aurland ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, den einaste heiløkologiske jordbruksskulen i landet. Her har ho ansvar for grønnsaks- og urteproduksjonen og er praksislærar i dette. Monica hadde si grøne omstilling i 2004 då ho tok til på si utdanning som agronom i

økologisk landbruk, med eksamen i 2006, og har vidare pedagogisk utdanning frå NMBU i tillegg til studiar innan mat og agronomi. Frå tidlegare er ho utdanna innan kunstfotografi og kunsthistorie frå Kunsthøgskulen i Bergen. Monica sine overordna mål som andreplass på fylkeslista er å jobbe for eit berekraftig lokalsamfunn der ein tek vare på jorda, dyr og menneske og heilskapen. Kontakt gjerne Monica på [email protected].

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015

Foto: Monica Løvdahl

Page 17: Valprogram Sogn og Fjordane

Åsmund Kongsvik Aall (20) frå Leikanger står på tredjeplass på fylkelista. Åsmund interesserer seg for ski, friluftsliv, film foto og miljø, og i år har han gått på Lofoten folkehøgskule, som har eit utprega miljøfokus. Han byrjar til hausten på studiar ved NTNU i Trondheim, der han i tillegg til studiane håpar å involvere seg enno meir i den frivillege organisasjonen POW (Protect Our Winters), som har som mål å mobilisere

vintersportsamfunnet i miljøkampen. Kontakt gjerne Åsmund på tlf 418 59 524 eller [email protected].

MILJØPARTIET DEI GRØNE | FYLKESVALPROGRAM | 2015