turmeny - s3-eu-west-1.amazonaws.com · dalen og fjellet ligg her og venter, på damer og karer,...

16
TURMENY VINTER OG VÅR 2011

Upload: others

Post on 26-Oct-2019

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

TURMENY

VINTER OG VÅR 2011

tilbod i samfunnet som vi kan bruke tida vår på. Handel eller «shopping» har for dei fleste av oss vorte ein livsstil. Prøv og droppe kjøpesenteret ein laurdag. Lag niste og kok kakao, og ta med deg familie og vener ut i friluft i staden. Eg er sikker i mi sak, den laurdagen kjem de til å hugse lenge.

Sit ikkje der og tru at du ikkje duger til å kome deg ut på ski, med fjellsko eller truger.Dalen og fjellet ligg her og venter, på damer og karer, gutar og jenter. Vi steller i stand så du lett kjem på gli. Ut i naturen i fjell og i li. Nå har eg sagt det skulle si. Bruk turåret godt, snart er det forbi.

Turklem fra Gry

Leder har ordetFør jul vart det for fyrste gong arrangert aktivi-tetskonferanse her i Norddalen. Den store interessa der viser at aktivitet og det å halde seg i form både psykisk og fysisk er noko mange er oppteke av. Det viktigaste er å få ungane i aktivi-tet. Det er vaksne sitt ansvar. Eg trur ikkje at problemet ligg i at ungar ikkje vil ut og røre på seg. For kroppen likar å bli brukt, men eg trur at vi vaksne ikkje tek oss nok tid eller rettare sagt, vi set det ofte på vent. Seinare, når vi får bedtre tid, til våren, til sommaren, og tida går … Dyrebar tid for ungar som veks veldig fort. Det aller viktigaste for oss i DNT-G er å få ungane ut i naturen. Vi kan ikkje stole på at skulen skal ta det ansvaret. Forskning viser at skulen har lite å seia for naturglede og aktiv bruk av naturen seinare i livet. Det er vi foreldre som har den store inn-verknaden der. Besteforeldre, slekt og vener kan og gjera mykje for at ungar skal få naturglede. Det er ikkje mykje som skal til heller, det å gå seg ein tur i skogen, eller oppover eit jorde, ned til elva. Kanskje kjøre til eit vatn og fyre opp bålet og kose seg. For eksempel ein tur til Thokampen for å sjå på utsikta utover Otta eller ei lita vandring oppover langs Aura for å sjå på dei fine bade-plassane der. Ein treng ikkje alltid desse lange vandringane i timevis for at interessa skal slå rot hjå dei minste av oss. Gjer vi dette av og til, og har det fint saman, er det sansynleg at ungane vil ta med seg denne gleda seinare i livet. Vi gjev dei ei gave i livet som ikkje kan kjøpast for pengar, og som aukar i verdi kvart år som går. Det er som ein sparekonto ... ein sparekonto for minner. Gode og verdifulle minner, som seinare gjev avkastning i auka livsglede og pågangsmot. Vi har så mange Eg og dei to minste på tur sommaren 2010

www.dntgudbrandsdalen.no 3

Måndag 17. januarMÅNESKINSTUR TIL TEIGSETRA VED VINSTRAStemningsfull vandring gjennom skogen opp til setra som ligg på stigen mot Bjørnsonprofilen. Stigen er open og er grei å gå med hovudlykt, vintersko og gamasjar. Vi tenner bål og et niste på toppen. Vinter-natta kan vere kald, så ha med gode vinterklede, vottar, ekstra klede til nedturen mm. Turen tek 3–4 timar. Frammøte: Sorperoa Handel kl. 19.00Turleiar: Gitte Bertelsen, tlf. 975 38 167 Påmelding: dagen førKart: 1718 II, Vinstra

Laurdag 29. januar DAGSTUR FRÅ NYSÆTRE PÅ DOVREFJELL TIL DOMBÅSStart ved parkeringa ved Kringluttjønn på Dovrefjell. Vi går forbi Nysætre og inn til Grisungvatna og tek ein kvil ved Skredalægerbue (hytte til Lesja Fjellstyre) Frå der går vi til Dombås via Grønsætre. Frammøte: Statoil Dombås kl 09.00 Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761 Påmelding: Innan torsdag 27. januar Kart: Hjerkinn 1519 lll og Dombås 1419 ll

Laurdag 5. februar SKILEIK OG BÅLBRENNING PÅ MEADALEN Ta med skiutstyr og/eller akebrett for både små og store, mat til å varme på bål, kaffe og kjel.Vi bruker dagen i kuleløype, orgeltramp, hopping og andre aktivitetar i snøen.Frammøte: Soleggen på Meadalen kl 11.00Turleiarar: Tone og Knut Vole, tlf. 900 15 529 Påmelding: Inga påmeldingKart: Lom/Vågå 1:50 000

Sundag 6. februar TUR TIL IS-SLOTTA I VINSTRADALEN Dersom det er mykje is i vinter, er det ein fantastisk flott tur ned til jettegrytene i Vinstraelva. Det er ikkje langt å gå, men bratt opp og ned. Ein må ha god balanse og kunne gå utanom stig, men elles kan alle vere med. Fint for barn saman med vaksne! Varigheit omlag 2 timar.Frammøte: Peer Gynt-senteret kl. 12.00.Turleiar: Jo Engum, tlf. 926 84313 og Ingrid Agøy tlf. 971 24 895Påmelding: dagen førKart: 1718 II, Vinstra

Sundag 13. februarDALSETER – BINGSBUA – RUNDT SPRENPIGGEN. Morosam køyring tilbake til Dalseter, ca 18 km. Tur som passar for alle, vanlege langrennski kan nyttast. Fin tur for barn frå 10 år. Dersom det er strålande vèr og deltakarane ønskjer det, kan vi gå ein ekstra sløyfe innover fjellet.Frammøte: Statoil, Vinstra kl 09.00Turleiarar: Helle Hovden tlf. 916 62 040 og Magnar Bratlien tlf. 916 62 041Påmelding: dagen førKart: Turkart Gålå, Skeikampen, Kvitfjell

Åsne og Idun på Jettjern vinteren 2010

4 www.dntgudbrandsdalen.no

Fredag 18. februar FULLMÅNETUR – EFTANSÅE (DOVRE)Alle er hjartelig velkomne til triveleg kveldsstund i fullmåneskin. Vi finn ein fin plass ved Eftansåe og tenner bål, leiker og hyggjer oss. Blir vèret fint, får vi sjå ein stor og fin måne kome opp. Ta med godt med varme klede, sitteunderlag, niste/mat og varm drikkeFrammøte: P-plass ved Eftansaåe – kl 18.00 Turleiarar: Elin Marit Andgard, tlf. 481 96 875 og Berit FiksdahlPåmelding: Inga påmeldingKart:1519 III Hjerkinn

Fredag 18. februar MÅNESKINNSTUR Bli med på måneskinnstur til gapahuken i Nordherad. Vi går frå Sveomsrampa med lommelykt etter refleks-løype. Ta med mat, drikke og varme klede og hovud-lykt/lommelykt. Bål i gapahuken. Ta med mat til grilling. Turen passar for alle.Frammøte: Sveomsrampa kl. 18.00 (ovanfor Midtli Grendahus)Turleiar: Monica Øyen og Gunnar Vestad, tlf. 994 77 678, [email protected]åmelding: Inga påmeldingKart: 1618 I Vågå

Sundag 20. februarMANNINGSÆTRE TIL BØSÆTREVi går over fjellet frå Manningsætre på Dovre vestside til Bøsætre i Lesja. Bratt opp lia på setervegen (feller naudsynt), slakt terreng i fjellet. Grei nedkjøring til Bøsætre.Frammøte: Statoil, Dombås kl 09.00Turleiarar: Ola Tovmo og Berit Fiksdahl, tlf. 900 69 225Påmelding: fredag kveld for org. biler for heimturKart: 1419 II Dombås

Laurdag 26. februar DAGSTUR FRÅ BJORLI TIL LESJASKOGVi tek skitrekket opp og går forbi Søreinbuvatnet. Frå der går vi inn til Nedre Mølmsvatnet og får deretter ein frisk nedkjøring til Lesjaskog. Frammøte: Texaco på Bjorli kl 09.30 Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761 Påmelding: innan torsdag 24.februar Kart: Aursjøen 1419 lV og Lesjaskog 1419 lll

Thea Hovemoen

www.dntgudbrandsdalen.no 5

Sundag 6. marsPÅ SKI PÅ SKJØLE – SKJÅKEin spanande og knallfin skitur for alle. Vi følgjer elva Skjøle på isen til Heimsætre i Lundadalen, frå der tar vi vegen attende til utgangspunktet, 2–3 timar. Lett tur, turski. Avhengig av snø/istilhøve frå vinter til vinter, ca 10 km.Frammøte: Biteko i Lundgrendi i Skjåk kl 11.00. Turleiar: Eldar Eggen tlf. 909 93 606Påmelding: dagen før Kart: Lundadalen

Sundag 13. mars SKITUR MED SKILEIK Vi går inn til Slomma frå Lemonsjøen Fjellstue. Her blir det lagt opp til skileik, aktivitetar og skitur etter alder og ynskje. Turen passar for alle. Ta med mat og drikke.Frammøte: Lemonsjøen Fjellstue kl. 11.00Turleiar: Knut Erik Tessnes, tlf. 997 43 221 og Evy Kveen, tlf. 954 15 125, [email protected]åmelding: Inga påmeldingKart: 1618 I Vågå

Sundag 13. marsJORAGJELET Vi startar ved Jorabrua på grensa mellom Lesja og Dovre og slepp oss ned på elveisen, følgjer gjelet innover forbi samløpet med Grøna og inn til gamle Reindølsbrua. Same veg tilbake. Passar ikkje for små barn, men elles ein lett og grei tur i spektakulære omgivnader.Frammøte: Statoil Dombås kl. 09.00Turleiarar: Kari K. Enger og Trond Berger tlf. 909 75 408Påmelding: Seinast fredag kveldKart: 1419 II Dombås

Laurdag 19. og 20. marsHELGETUR I LESJAFJELLETVi køyrer opp Fjellvegen på Lesjaverk og går til Vangsbue (hytte til Lesja Fjellstyre) og tek ein kvil der. Vidare går turen til Aursjøhytta med overnatting der. Retur same veg eller ned til Lesjaskog. Omlag 8–9 timer kvar dag Frammøte: Coop Lesjaverk kl 09.00 Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761 Påmelding: Innan torsdag 17.mars Kart: Aursjøen 1419 lV og Lesjaskog 1419 lll

Helga 24./25.–27. mars. FAMILIEHELG PÅ GLITTERHEIMAktivitetar og turar legg vi opp etter ver, føre og ynskje. Forutan skiturar kan vi renne, leike på ski, byggje iglo og snøhole. Mogelegheitene er mange for små og store. Praktiske opplysningar: Beltebiltransport inn til Glitterheim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/veg. Vanlege DNT-prisar for overnatting og kost. Kvar deltakar betaler for seg på Glitterheim. Ta med: Naudsynt utstyr for dagstur i høgfjellet, termos, lakenpose/sovepose, lommelykt, DNT medl. kort og klesskift. Frammøte: Veoli kl 17.00 for beltebilen både torsdag og fredag.

6 www.dntgudbrandsdalen.no

www.dntgudbrandsdalen.no 7

Turleiarar: Knut Vole, Kristine Sørlie tlf. 909 17 764, Monica Øyen, tlf. 994 77 678 Påmelding: Innan onsdag 20.mars til Knut Vole/GlitterheimFor meir informasjon: Knut Vole/Glitterheim, tlf: 61 23 18 33 / [email protected] Kart: Jotunheimen aust 1:50 000

Laurdag 26. marsSAUKAMPEN FRÅ VARDFJELLSETERDette er ein topptur dei fleste med vanleg skidugleik kan klare. Vi bruker 5–6 timer på turen, avhengig av vær og føre. Fjellski er tilrådd, og det er greitt med skifellar opp mot toppen.Frammøte: Statoil, Vinstra kl. 09.00Turleiarar: Helle Hovden tlf. 916 62 040 og Magnar Bratlien tlf. 916 62 041Påmelding: dagen førKart: 1718 III Skåbu

Sundag 27. mars FAMILIEDAG I PUNGDALENVi startar frå Mysuseter og går til Pungdalen (ca 2 km). Det er også mogleg å møte direkte i Pungdalen kl. 12.00. Der leiker vi i snøen og har det hyggeleg saman. Det blir servert mat over bål som ungane kan vere med å lage. Ta med drikke sjølve.

Frammøte: Mysuseter kl 11.00Turleiarar: Silje Sveen Lien, tlf: 932 18 592. [email protected]åmelding: Inga påmeldingKart: 1718 I Rondane

Sundag 3. aprilTOPPTUR PÅ SØDORPFJELLET PÅ TRUGER Vi går på truger opp til Gråhø. Turen tar minst 5 timar. På skaren er det ein lett tur, men i laus snø er det meir krevjande. Passar ikkje for små barn.Frammøte: P-plassen ved Sulseter kl. 10.30.Turleiarar: Jo Engum, tlf. 926 84 313 og Ingrid Agøy tlf. 971 24 895 Påmelding: dagen før (sei frå om du treng å låne truger).Kart: 1718 II, Vinstra

Laurdag 9. og sundag 10. aprilPYTTBUA – OVERNATTINGSTUROpplegg blir tilpassa deltakarane.Moglegheit for toppturar, eller berre turen fram og tilbake, Frammøte: Blir avtalt v/påmeldingTurleiarar: Kari K. Enger og Trond Berger tlf. 909 75 408Påmelding: Innan torsdagKart: 1319 II Torsvatnet

Fredag 8. april til sundag 10. april VINTERTUR I BREKKOMSFJELLET Turen startar fredag ved Trekanten hyttefelt med kort marsj til Vetåbua i stummande mørke. Målet for laurdagen vert Jammerdalsbu på Ringebufjellet. Følgjer stikkaløypa via Brekkomssaubua, Sveltjønnet og Kluftbua. Sundagen går vegen attende til Kluftbua, men endrar kursen til Borkebua/Gråhøgdbua. Ved fint ver og føre går turen oppom Store Kvia (1350 moh). Retur sørover til Brekkomssaubua og attende til Vetåbua og Trekanten hyttefelt. Dagsmarsjar kring

Familietuhelg på Glitterheim i 2010Bli med i år!

8 www.dntgudbrandsdalen.no

Tysdag 17. mai17. MAI-TUR TIL GALDHØPIGGENFellestur i samarbeid med Juvasshytta. Turen går i samla flokk frå Juvasshytta over Styggebreen.Frammøte: Juvasshytta kl 10.00Turleiarar: Anne Vangen tlf. 913 83 193 og Per Vole. Påmelding: Inga påmeldingKart: Galdhøpiggen 1518 II

Laurdag 21. mai VÅRTUR TIL GAMMELSÆTRE, DOVREVi går ein runde på beina på solsida av dalen på dei gamle skogs- og setervegane til Andgard og Tallerås. Frammøte: Dovre senter kl 13.00Turleiar: Elin Marit Andgard, tlf. 481 96 875 Påmelding: Innan dagen førKart: 1718 IV Otta

Sundag 22. mai SKITUR TIL GALDHØIGGEN Vi går på ski frå Juvasshytta over Styggebreen inn på Piggurda. Vidare til toppen går vi på beina. Familietur – passar for barn frå 6 år og eldre. Ta med det utstyret vinterfjellet krev. Atterhald om ope veg.Frammøte: Juvasshytta kl. 10.00 Turleiar: Anders K. Nordnes og Kristine Sørlie, tlf. 997 25 945 [email protected]åmelding: innan fredag 20.mai Kart: 1518 II Galdhøpiggen

6–8 timar avhengig av vær og føre. Lite krevjande tur i lett terreng. Frammøte: Gamle Prix i Fåvang sentrum, kl. 19.00Turleiar: Ane Horten Flyen, tlf: 404 99 234Påmelding: Seinast onsdag 6. april.Kart: Ringebu 1:50 000 eller 1817 II Goppollen + 1818 II Hirkjølen.

Onsdag 20. – sundag 24. aprilTOPP-PÅSKE I JOTUNHEIMENStart: Onsdag: middag på Spiterstulen. Skjærtorsdag: Opp Hellstugubreen, moglegheit for å gå opp på Hellstugutindar. Ned vestre Memurubre til Memurubu.Langfredag: Frå Memurubu kvista løype til Glitterheim over Styggehøbreen. Moglegheit for å gå opp på Veotindar og Styggehøbretindar.Laurdag: Topptur frå Glitterheim. Til dømes Glitter-tind og toppar i området.Sundag fyrste påskedag: Over Veobreen og ned Veoskaret til Spiterstulen. Moglegheit for Store Memu-rutind.Du bør ha gått ein del i fjellet før. Det er mange opp- og nedstigningar kvar dag, men alle treng ikkje vere med opp på alle toppane. Turane krev fjellskiutstyr og klede for høgfjellet vinterstid. Overnatting med lakenpose eller sovepose.Pris: Alle betaler for seg sjølve på hyttene.Turleiar: Erfarne turleiararPåmelding: Knut Vole tlf. 900 15 529 innan 6. aprilKart: Jotunheimen aust og vest 1:50 000

Laurdag 7. maiTOPPTUR PÅ LESJASKOGVi går opp lia til vi møter snøen. Går så opp på Storhøe 1868 moh. Dette er ein liten dagstur med mykje stigning. Frammøte: ved hytta til Wiggo på Lesjaskog kl 09.00 Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761 Påmelding: Innan torsdag 5.mai Kart: Lesjaskog 1419 lll og Aursjøen 1419 lV

På tur til Galdhøpiggen 2469 moh

www.dntgudbrandsdalen.no 9

Sundag 29. maiTUR FRÅ BOTNEN (ØVRE SØDORP) TIL KLEIVSETRA OG SKARSSETRA Lett fottur i interessant lokalhistorisk område. Flotte utsiktspunkt.Omlag 3 timar.Frammøte: Botnen kl. 10.00Turleiar: Paul Hage tlf. 909 44 947Påmelding: dagen førKart: 1718 II, Vinstra

Sundag 29. maiTUR LANGS AURA I SKJÅK Langs Aura er kan ein sjå rester etter gamle bruer, kverner, stampe og kraftverk. Lenger oppe er fangst-groper og minne etter Heilag Olav. Dersom vassføring i bekken Spildra ikkje er for stor går turen opp til Bakkeåsen der vi ser på den nedlagte Bakkesetra og Åstreet som er største furutreet i Skjåk.Frammøte: Aura bru, kl. 12.00Turleiear: Per DagsgardPåmelding: Ingen

Sundag 5. juni SKUTELEN – SØR-FRONFamilietur til eit av Sør-Frons fine utsiktspunkt.Går frå Harpefoss og oppover i fint turterreng.Frammøte: Parkeringa Hernes Harpefoss kl 11.00.Turleiar: Liss Rønningen Gravdal og Tore Gravdal tlf. 410 20 291Påmelding: inga påmeldingKart: 1718 II Vinstra

Sundag 5. juniSJUGURDSSJØPIGGEN 1634 MOH Vi køyrer i lag inn til Sallisæter og parkerer der. 3 timers gange i lett terreng. Lett stigning. Tar fleire pausar og god matpause på toppen. Moglegheiter for å bade i Sjugurdsjøen på tilbaketuren. Fin utsikt til Refjellet, Jotunheimen og Heidal. Fin familietur. Passar for barn over 7 årFrammøte: Nybrua ovanfor Ridderspranget kl.11.00Turleiar: Synnøve Harerusten tlf. 995 82 456. Påmelding: Dagen førKart: 1718 II Sjodalen

Tur langs Aura i Skjåk.

Fra Dummdalsgrottene

10 www.dntgudbrandsdalen.no

www.dntgudbrandsdalen.no 11

Laurdag 18. juniGROTTETUR TIL DUMMDALENVi går inn i nokre av dei finaste grottene i Dummda-len.Ta med hovudlykt, hjelm/lue og klede som tåler å bli stygge. Frammøte: Parkeringa i Breiseterdalen, ca. 1 km. frå Bøverton kl. 10.00Turleiar: Ronny Nestvold, tlf 905 23 550.Påmelding: Seinast dagen førKart: Sygnefjell eller Jotunheimen

Sundag 19. juniBJØKNESETRA I LORDALEN – LESJAVERK Startar i Lordalen ved Bjøknesetra og går om Valåvat-net og ned til Lesjaverk. Forbi Valåfossen på tur ned. God stig. Ca 7 timar, men ikkje spesielt krevjande.Frammøte: S-laget Lora kl 10.00Turleiar: Eldrid Riise, tlf. 415 07 250Påmelding: Dagen førKart: Lesjaskog 1419 III

Torsdag 23. juni ST. HANS-FEIRING VED ODDEN I FINNDALENBål, musikk, sosialt samvær og grilling. Ta med grillmat og noko å sitja på. DNT serverer kaffe og biteti. Blir det fint ver, kan det bli tur til Klympen. Frammøte: Odden i Finndalen kl 19.00

Turleiarar: Kjell Andersen tlf. 905 87 749 og Gry Ramstad tlf. 996 22 959Påmelding: IngenKart: Lom 1618 IV og Vågå 1618 I)

Torsdag 23. juni ST. HANS-FEIRING – VENDALSVANNET, SØR-FRON Bål, sosialt samvær og grilling. Ta med grillmat og noko å sitja på. DNT serverer kaffe og biteti. Ta med instrument så tek vi dugnadspeling utover kvelden.Frammøte: Ved Vendalsvatnet kl. 18.00Turleiar: Marita Aanekre, tlf. 905 10 068Påmelding: IngenKart: Fåvang 1817 IV

Laurdag 25. juni LIAFJELLET I LOMVi skal sjå på fangstanlegg og andre kulturminne. Turen passar for alle og tek 4–5 timer. Frammøte: Kvammen Lia, Lom kl. 10.00 Turleiar: Reidar Marstein, tlf. 997 13 252 Påmelding: Dagen før Kart: 1618 IV LOM

Parti fra Imsdalen

Finndalen

12 www.dntgudbrandsdalen.no

Laurdag og sundag 25.–26. juniHELGETUR TIL JAMMERDALSBULaurdag parkerer vi ved Venabygdsmuen og går i lett småkupert terreng til Jammerdalsbu. Overnattar på Jammerdalsbu, sjølvbetent hytte. Sundag går vi om Hirisjøen tilbake til Venabygdsfjellet, ca 7 timer. Frammøte: Statoil, Vinstra kl 9.00Turleiarar: Helle Hovden tlf. 916 62 040 og Magnar Bratlien tlf. 916 62 041Påmelding: Innan 23. juniKart: Turkart Ringebu

Måndag 27. juni – fredag 1. juli BARNAS FJELLFESTIVAL – GLITTERHEIMTuren blir arrangert i samarbeid med DNT Oslo og omegn. Opplegget er for 3–5. klassingar og 6–7. klassingar. Fjellfestivalen vart arrangert fyste gong i 2010 og samla unge frå heile Noreg og vart svært vellykka. Aktivitetar som riding, klatring, padling,

fisking, tur til Glittertind, fjelldisko med live musikk og mykje meir. Kanskje får vi også ein overraskande gjest! Følg med, meir informasjon kjem.Påmelding: På nett frå 15.01.2010For meir info: Kontakt Knut Vole, tlf. 900 15 529, [email protected]: Jotunheimen aust 1:50 000

Laurdag 2. juliORMHUGGUTuren går frå Brekkomssaubua via Gluptjønnet over Midtre Kvia/Søre Kvia og ut til Ormhuggu. Her nyt vi nista i flotte omgivnader og med nydeleg utsikt til Ormsetra og Imsdalen. Ca. 6–7 timar. Middels krevjande tur i lett turterreng. Frammøte: Brekkomssaubua kl. 09.30Turleiar: Ane Horten Flyen, tlf: 404 99 234Påmelding: Innan fredag 1.juliKart: 1818 II Hirkjølen

Utsikt fra Sødorp mot Harpefossdammen

www.dntgudbrandsdalen.no 13

Ny DNT-merka stig frå Skeikampen til Espedalen! Peer Gynt-stigen frå Skeikampen til Dalseter i Espedalen er no merka med raude T-ar, eit samarbeid mellom DNT-Gudbrandsdalen og turistbedriftene i Peer Gynts Rike. Startpunktet Skeikampen i sør ligg på vel 800 m.o.h., mens høgste punkt er fjellet Ruten med 1516 m.o.h. Ruta går gjennom roleg, men variert og vakkert høgfjells-terreng mellom Gudbrandsdalen og Gausdal og byr på mange fine opplevingar – frå flotte utsyn mot Rondane og Jotun-heimen til idylliske setergrender og glitrande fjellvatn. Ei rekkje fjellstuer og hotell undervegs tilbyr overnatting dersom ein ønskjer ein tur over fleire dagar, om ein ikkje vil bære med seg teltet og slå seg ned der ein sjølv ønskjer. Frå Espedalen kan ein gå vidare på DNT Oslo sitt T-merka stignett mot Gausdal vestfjell eller Jotunheimen. Både Dalseter, Skeikampen, Fefor, Gålå og Fagerhøi er fine startpunkt for kortare turar på den merka stigen. Frå sommaren 2011 vil det også bli DNT-merka frå stigen ved Skarbua mellom Skeikampen og Fagerhøi, til Kvitfjell og vidare frå Kvitfjell over Vendalen og inn på ruta Fagerhøi – Gålå ved Kantlia.Sjå turkartet Peer Gynts Rike, målestokk 1 : 50 000.

Dersom du har lyst til å vere med på stigmerkinga våren 2011, eller med ettersyn og vedlikehald av noko av stigen, ta kontakt med Kristen Brendhaugen, tlf. 958 18 673.

Det blir ei markering i juni 2011 med offisiell opning av den nye DNT-stigen. Informasjon kjem seinare.

God tur! Stigruppa i Midtdalen v/Kristen Brendhaugen.

14 www.dntgudbrandsdalen.no

Takk for at du gjev din andel til vårt arbeid!Du kan gje støtte til DNT Gudbrandsdalen gjennom Norsk Tipping. Gje beskjed til tippe-kommisjonær når du leverer tipping om at du vil gi DNT Gudbrandsdalen 5 prosent av innsatsbeløpet.

Grasrotandelen ble lansert 1. mars 2009 og det er Norsk Tipping som er operatør for denne ordninga. Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gje ein eigenandel på 5 prosent av innsats beløpet direkte til ein lokalorganisasjon. Grasrotandelen gjeld for alle spelarar til NorskTipping, bortsett frå Flax og Extra.

TRILLETURAR VINTER OG VÅR 2009 Barnas turlag sine trilleturar fortset kvar torsdag. Etter turen er det sosialt samvær for små og store deltakarar.Frammøte: Kvar torsdag ved Ottatunet kl 11.00Turkoordinator: Nina Hoff tlf. 986 04 395

TYSDAG 15. MARS KL 19.30

ÅRSMØTE PÅ DOVRE – TOFTEMO TURISTSTASJON Gryterett. Vanlege årsmøtesakerLysbilde frå turar

PRESENTASJON AV STYRET

LederGry RamstadSteindalsv. 142670 Otta996 22 [email protected]

KassererBerit Fiksdal2660 Dombås61 24 16 88 482 76 [email protected]

NestlederKnut Vole2686 Lom900 15 52961 23 18 33 [email protected]

StyremedlemMarita Aanekre Ånekre2647 Sør-Fron905 10 06861 29 97 [email protected]

Styremedlem Trine Sørumgård 2686 Lom97700 [email protected]

StyremedlemKjell AndersenHaugøyjeilen 92690 Vågå905 87 [email protected]

SekretærGitte BertelsenTorehaugvn. 342640 Vinstra61 29 04 54 975 38 167 [email protected]

VaramedlemSilje Sveen LienNyseterjordet 262670 Otta932 18 59261 23 12 [email protected]

www.dntgudbrandsdalen.no 15

VIKTIG INFORMASJON – FELLESTURER OG ARRANGEMENT

FørehaldArrangøren kan avlyse eller endre ein tur eller eit arrangement på grunn av vanskelige vêrforhold, få deltakarar, mangel på turleiar eller liknande. Vi tek og førehald om endringar på opningstider på hytter, trykkfeil osv. Som deltakar på turar og arrangement arrangert av DNT Gudbrandsdalen kan du bli teke bilde av. Disse bildane kan bli brukt til publikasjonar eller på våre nettsider. Dersom du vil reservere deg frå å bli teke bilde av må du informere turleiaren om dette ved turstart.

TurleiarTurane våre leiast av lokale fjellfolk som har egen erfaring og kjenner området og turmålet. Turleia-ren er ikkje profesjonell med fjellføring som yrke. Dei som er turleiarar på våre turar gjer dette først og fremst fordi dei har glede av å vere på tur, og ønskjer å dele naturopplevinga med andre.

Klede og utstyrDet er viktig å ha med gode klede for alt slags ver når du skal til fjells sommar som vinter.

PåkledningUllundertøy, kleder som fungerer i aktivitet og når du er i ro. Vindtett bukse og jakke. Fjellsko.

Under ser du forslag til pakkelisteKart, kompass, førstehjelpssaker, kniv, lommelykt, reparasjonsutstyr

Mat og drikkeSolbriller, solkremVarme kleder til skiftRegntøy

For overnatting på hytteToalettsaker, handkleLakenpose eller soveposeNøkkel til selvbetjeningshytterDNT medlemskort

SikkerheitSkulle det skje uhell eller ulykker undervegs har turleiaren kjennskap til førstehjelp. Det er og ein føresetnad at den enkelte deltakar er bevisst på sitt ansvar som deltakar. Dersom det må tilkallast hjelp kan det ta lang tid før hjelpen når fram fordi det fortsatt er mange områder i fjellet med dårlig mobil-telefondekning.

ForsikringarDeltaking på DNT Gudbrandsdalen sine arrange-ment skjer på deltakarens eige ansvar. Arrangøren tek ikkje på seg ansvar for økonomiske følgjer av moglege uhell/-skader som måtte inntreffe under avvikling av arrangementa. For alle turar er det viktig at ein ser på kartet og vurderer turen i forhold til egen form. Ein kan også kontakte turleiar for å få informasjon.

Pris på medlemskapet 2011Merk at medlemskapen følgjer kalenderåret

og gjeld frå 1. januar til 31. desember 2011.

Hovedmedlem: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 530,-

Student/ungdom (19–26 år. Født 1983–1990) . . . . . . . . . . . . 295,-

Skoleungdom (13–18 år. Født 1991–1996) . . . . . . . . . . . . 175,-

Honnørmedlem (Født 1944 eller tidligare). . . . . . . . . . . . . . . . . 410,-

Husstandsmedlem (til hoved-, student- honnør- eller livsvarig medlem) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 240,-

Barnas Turlag (0–12 år. Født 1999–2011) . . . . . . . . . . . . . . 100,-

Livsvarig medlem. . . . . . . . . 25 x hovedmedlemspris

Innmelding via hjemmesiden vår, medlems-service på tlf. 400 01 870 eller e-post: medlem@turistforeningen

BReturadresse: DNT GudbrandsdalenSteindalsvegen 14, 2670 [email protected]

Forsidebilde av Kjell Andersen.

Vi har ein avtale som gir 15 % rabatt (20 % på G-Sport Otta) på alt innan fjellutstyr

til medlemmer i DNT Gudbrandsdalen (ta medlemskortet med).

Avtalen gjeld hos:

LOM – OTTA – DOMBÅS – BJORLI

RINGEBU – VINSTRA – OTTA – VÅGÅ

SKJÅK – VINSTRA