rådgivende biologer as - hamnsundsambandet

13
NOTAT Rådgivende Biologer AS Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no 5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected] 1 Tilleggsregistreringer ornitologi Hamnsundsambandet, Møre og Romsdal 11.-12. juni 2013 Ole Kristian Spikkeland, Rådgivende Biologer AS Bergen, 6. september 2013 INNLEIING Rådgivende Biologer AS har i 2012 og 2013 utført granskingar av terrestrisk og marint naturmiljø, samt naturressursar, i samband med planane for bygging av Hamnsundsambandet i Møre og Romsdal (sjå Eilertsen & Eilertsen 2013, Eilertsen & Haugsøen 2013, Eilertsen mfl. 2013). Arbeidet er utført på oppdrag frå Nordplan AS, som er engasjert av Hamnsundsambandet AS. Vegsambandet omfattar kommunane Giske, Haram og Ålesund. Planen er at desse kommunane skal bindast saman med hjelp av ein undersjøisk tunnel under Grytafjorden, anten via Ellingsøy (to alternativ) eller Valderøy (eitt alternativ). Tiltaket medfører, forutan tunnel, vegbygging og store arealbeslag i sjø og strandsone. Dette notatet oppsummerar tilleggsgranskingar av fugl, basert på synfaringer i tiltaksområda 11.-12. juni 2013 ved ornitolog Ole Kristian Spikkeland i Rådgivende Biologer AS. Granskinga er ei suppler- ing til allereie utarbeida KU for naturmiljø (Eilertsen mfl. 2013), då mange eksisterande faunaopplys- ningane, spesielt om sjøfugl, har vist seg gamle og utdaterte. Det rettast takk til Asbjørn Schjelderup og båtførar Sigmund Thorholm på Kalvøya for verdifull hjelp under første del av feltarbeidet, og til Nordplan AS, ved Heidi Hansen, for oppdraget og for eit godt samarbeid undervegs i prosessen. Figur 1. Straumen ved Høgholmen (t.v.). Svartbakpar på Lyngholmen (t.h.). Ærfugl ho med nyklekte ungar ved Kverve (under). Foto: Ole Kristian Spikkeland.

Upload: others

Post on 08-Feb-2022

3 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

1

Tilleggsregistreringer ornitologi Hamnsundsambandet, Møre og Romsdal 11.-12. juni 2013

Ole Kristian Spikkeland, Rådgivende Biologer AS

Bergen, 6. september 2013

INNLEIING

Rådgivende Biologer AS har i 2012 og 2013 utført granskingar av terrestrisk og marint naturmiljø,

samt naturressursar, i samband med planane for bygging av Hamnsundsambandet i Møre og Romsdal (sjå Eilertsen & Eilertsen 2013, Eilertsen & Haugsøen 2013, Eilertsen mfl. 2013). Arbeidet er utført på

oppdrag frå Nordplan AS, som er engasjert av Hamnsundsambandet AS. Vegsambandet omfattar

kommunane Giske, Haram og Ålesund. Planen er at desse kommunane skal bindast saman med hjelp av ein undersjøisk tunnel under Grytafjorden, anten via Ellingsøy (to alternativ) eller Valderøy (eitt

alternativ). Tiltaket medfører, forutan tunnel, vegbygging og store arealbeslag i sjø og strandsone.

Dette notatet oppsummerar tilleggsgranskingar av fugl, basert på synfaringer i tiltaksområda 11.-12.

juni 2013 ved ornitolog Ole Kristian Spikkeland i Rådgivende Biologer AS. Granskinga er ei suppler-

ing til allereie utarbeida KU for naturmiljø (Eilertsen mfl. 2013), då mange eksisterande faunaopplys-

ningane, spesielt om sjøfugl, har vist seg gamle og utdaterte. Det rettast takk til Asbjørn Schjelderup og båtførar Sigmund Thorholm på Kalvøya for verdifull hjelp under første del av feltarbeidet, og til

Nordplan AS, ved Heidi Hansen, for oppdraget og for eit godt samarbeid undervegs i prosessen.

Figur 1. Straumen ved Høgholmen (t.v.). Svartbakpar på Lyngholmen (t.h.). Ærfugl ho med nyklekte

ungar ved Kverve (under). Foto: Ole Kristian Spikkeland.

Page 2: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

2

METODE

Metode, datagrunnlag og områdeskildring er gjort greie for i hovudrapporten for Hamnsundsambandet (Eilertsen mfl. 2013). Under det supplerande feltarbeidet, utført i hekkeperioden 11.-12. juni, blei alle

delområda synfarte til fots eller med båt, sjå sporloggar i vedlegg 1. Det blei nytta kikkert og teleskop,

og elles lytta aktivt etter fugl. Vêrtilhøva var gode. Alle potensielle inngrepsområde blei fotograferte.

Figur 2. Kyrkjesundet med Didrikholmen (t.v.) og Langholmen (t.h.). Foto: Ole Kristian Spikkeland.

TILTAKSPLANAR

Tre alternativ skal utgreiast: V2: Ytterland-Kalvøya-Hamnsund; E1: Kverve-Kalvøya-Hamnsund og

E3: Hella-Hamnsund. For samtlege skal det etablerast veg mellom Kalvøya og Hamnsund (figur 3-6).

Figur 3. Dei tre alternativa for vegsamband under Grytafjorden (kjelde: Nordplan AS).

Page 3: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

3

Alternativ V2: Ytterland – Kalvøya – Hamnsund

Alternativ E1: Kverve – Kalvøya – Hamnsund

Alternativ E3: Hella – Hamnsund

Figur 4. Venstre: Veg og tunnelpåhogg ved Ytterland på Valderøya, alt. V2. Høgre: Tunnelpåhogg

ved Kalvøya, som er det same for både alt. E1 og V2. Veg, bru og fylling over Kalvøysundet til Lyng-

holmen (kjelde: Nordplan AS).

Figur 5. Venstre: Veg over Torholmen og vidare anten over Sjukholmen eller Didrikholmen, alt. E1,

E3 og V2. Høgre: Veg, bru og fylling frå Sjukholmen eller Didrikholmen over til Hamnsund, alt. E1,

E3 og V2 (kjelde: Nordplan AS).

Figur 6. Venstre: Veg og tunnelpåhogg ved Kverve på Ellingsøy, alt. E1. Høgre: Veg og tunnel-

påhogg ved Eidsbukta på Ellingsøy, alt. E3 (kjelde: Nordplan AS).

Page 4: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

4

VERDIVURDERING

FUGL OG PATTEDYR

Feltgranskingane i 2013 stadfesta i stor grad det generelle inntrykket ein har hatt av fugle- og pattedyr-

faunaen i dei ulike tiltaksområda innanfor Hamnsundsambandet, og som ligg til grunn for verdi-vurderingane som blei gjort i hovudrapporten (Eilertsen mfl. 2013).

Figur 7. Utsyn frå Hamnsund, med Torholmen og Sjukholmen til høgre. Foto: Ole Kr. Spikkeland.

Kalvøya og holmane, Haram

Frå hovudrapporten (Eilertsen mfl. 2013): «Vest på Kalvøya er det registrert eit yngleområde for

gråmåse og svartbak med viltvekt 1. Yngleområdet er avgrensa av Folkestad (1996), som skriv: ”Dette

er ein nyetablert koloni i eit område der det rundt 1970 hekka rundt 2000 par måsar, men der kolonien

vart borte etter at det kom raudrev på øya.” I 1995 vart det registrert 20 par gråmåse og 10 par svart-bak her. Kalvøyholmen og Terøyholmen er begge registrert som yngleområde for vade-, måse- og

andefuglar, med viltvekt 1. Registreringane stammar frå seint 1970-tal og tidleg 1980-tal, og er kun

oppgjeve med feltdato, ikkje skriftleg referanse. På Kalvøyholmen er det ein måsekoloni, nokre ærfugl og grågås, og på Terøyholmen er det grågås og måsar. På synfaringa den 17. og 18. september 2012

vart følgjande fugleartar observert på ulike holmar og skjer mellom Kalvøya og Hamnsund:

Makrellterne, sildemåse, gråmåse, svartbak, fiskemåse, storskarv, lomvi, storspove, tjeld, gråheire, havørn og stare. I tillegg syner Naturbasen og Artsdatabankens artskart (www.artsdatabanken.no) at

strand- og sjøtilknytte artar som grågås, ærfugl, siland og teist finst i dette området. Ei synfaring på

forsommaren ville gjeve ein meir utfyllande artsliste. Sannsynlege sporvefuglartar i dei ulike

tiltaksområda vil vere skjerpiplerke, linerle, steinskvett, raudstrupe, svarttrost, bergirisk, skjor, kråke og ulike meiseartar.»

Feltgransking 2013: Både sjøfugl og meir landtilkytte fugleartar blei registrert med relativt få artar, og i svært låge individtal, under synfaringa 11-12. juni. Av sjøfuglartar blei observert; smålom, topp-

skarv, gråheire, grågås, ærfugl, siland, tjeld, strandsnipe, fiskemåse, gråmåke, svartbak, krykkje,

makrellterne, alke og lunde (figur 8). Eitt eksemplar av smålom blei skremt opp av sjøen i Torholm-sundet. Ved Sjukholmen blei seks toppskarv registrert i flukt, forutan at spreidde individ blei notert.

Ein grågås blei sett på overflukt i same området, medan alke, lunde og krykkje alle blei registrert i

svært låge antal, oftast enkeltvis, i dei djupare sjøområda ytst i Grytafjorden. Dei øvrige artane,

gråheire, ærfugl, siland, tjeld, strandsnipe, fiskemåse, gråmåke, svartbak og makrellterne, blei berre observert enkeltvis eller i par. Av ikkje-sjøfuglartar blei registrert spreidde eksemplar av ramn, kråke,

gauk, lauvsongar, linerle svarttrast, låvesvale, bokfink, bergirisk, grønsisik og gråsisik. På Terøy-

holmen og vestre del av Kalvøya blei det knapt registrert nokon sjøfugl, sjølv om desse lokalitetane er avmerkte i Naturbasen som yngleområde for vade-, måse- og andefuglar, med viltvekt 1. Kalvøy-

holmen vest for Kalvøy blei ikkje granska på nært hold. På bakgrunn av studiar med teleskop på stor

avstand, synast imidlertid sjøfuglen å nærmast mangle også på denne lokaliteten.

Page 5: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

5

Figur 8. Grågås på overflukt ved Sjukholmen (øvst t.v.). Svartbakpar som hekker ved Lyngholmen

(øvst t.h.). Smålom i Torholmsundet (midten t.v.). Makrellterne på næringssøk ved Buholmen (midten

t.h.). Austsida av Lyngholmen (nedst t.v.) og vestsida av Torholmen (nedst t.h.) vil begge bli råka av ulike utbyggingsalternativ. Foto: Ole Kristian Spikkeland.

Hamnsund, Haram

Frå hovudrapporten (Eilertsen mfl. 2013): «Heile neset vest for Hamnsund er registrert som beite-område for rådyr, med viltvekt 1. Det er elles ingen informasjon om fugl eller pattedyr frå dette

området i eksisterande databasar.»

Feltgransking 2013: I dei kuperte blandingsskogsområda, med innslag av kulturlandskap, på fastlandet i Hamnsund blei det registrert normalt høge artsantal, og tettleiker, av fugl. Som venta dominerte

sporvefugl, der følgjande artar blei notert: Lauvsongar, gransongar, gulsongar, låvesvale, linerle, svart-

trast, måltrast, raudvengetrast, jarnsporv, gjerdesmett, raudstrupe, kråke, ramn, kjøtmeis, granmeis, spettmeis, bokfink, grønfink, bergirisk, grønsisik og gråsisik (figur 9). I tillegg blei registrert ringdue,

gauk og spreidde eksemplar av sjøfuglartane toppskarv, gråheire, siland, tjeld, strandsnipe, fiskemåse,

Page 6: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

6

gråmåse, sildemåse og svartbak. Lauvskogområda baud på fleire hekkemogelegheiter for holrugande

artar. Dette gjaldt mellom anna innanfor den avmerkte naturtypen gamal lauvskog, ospeholt, i kyst-sona mot nordvest. Den høge tettleiken av rådyr, jf. Naturbasen, blei stadfesta (figur 9). I sjøen like

nord for hurtigbåtkaia blei dessutan observert eitt eksemplar av sel, mest sannssynleg steinkobbe.

Figur 9. Hamnsund. Gråheire (øvst t.v.). Rådyr (øvst t.h.). Spettmeis (2. rekkje t.v.). Ungskog (2.

rekkje t.h.). Uthakka reirhol i osp (3. rekkje t.v.). Ospeholt med hekkemogelegheiter for holrugande

fugleartar (3. rekkje t.h.). Ulike fuglehekkebiotopar (nedst t.v. / t.h.). Foto: Ole Kristian Spikkeland.

Page 7: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

7

Eidsbukta, Ellingsøy

Frå hovudrapporten (Eilertsen mfl. 2013): «Eidsbukta er registrert som eit beite- og rasteområde for

vade-, måse- og andefuglar, med viltvekt 2. Lokaliteten er skildra som ein: ”Grunn poll med over-

vintrande vassfugl. Smalt utløp og store tidevassoner med sand og mudderbotn, gir rik biologisk

produksjon og variert strandfauna. Viktig beiteplass for fisk og sjøfugl. Lett tilgjengelig område som er

egna for undervisning.” Det er også markert ein trekkveg for hjort, med viltvekt 3, på tvers av vågen.

Nordflaggermus er registrert i lia nordaust for Eidsvågen, men vurderast å vere utanfor influens-

området.»

Feltgransking 2013: Det blei registrert svært lite fugl i og ved Eidsbukta (figur 10). I strandsona hadde

strandsnipe tilhald, mest sannsynleg som hekkefugl. Ingen sjøfugl blei registrert inne i sjølve bukta, men tjeld og ærfugl beita i strandsona sør for Fv107. Elles blei enkelteksemplar av fiskemåse, silde-

måse, svartbak og gråheire observert på overflukt. Blandingsskogen der tunnelpåhogget er planlagd,

hadde alminneleg rik sporvefuglfauna med karakteristiske artar som lauvsongar, gransongar, svarttrast,

raudstrupe, jarnsporv, kjøtmeis, grønfink og grønsisik. I tillegg blei ringdue notert. Av pattedyr blei observert ein rådyrbukk like nord for planlagd tiltaksområde.

Figur 10. Eidsbukta på Ellingsøy er aktuelt som veg og tunnelpåhogg for utbygging etter alt. E1.

Foto: Ole Kristian Spikkeland.

Kverve, Ellingsøy

Frå hovudrapporten (Eilertsen mfl. 2013): «På Kverve er det også registrert nordflaggermus. I eit

bunkersanlegg omtrent midt i traséen for ny veg (alt. E1) er det punktfesta eit overvintringsområde for

arten med viltvekt 3 (Michaelsen & Grimstad 2008). I følgje Fylkesmannen i Møre og Romsdal er det

også tre hekkelokalitetar unntatt offentligheit innanfor influensområdet på Kverve. Éin av desse art-ane har raudlistestatus sterkt trua (EN).»

Feltgransking 2013: Strandsona var tilhaldsstad for eit større antal ærfugl, der mange hoar med unge-kull beita i tidevassona (figur 11). Det låg også nokre få siland i dette området, dessutan blei observert

ein gråheire, eitt par tjeld og enkeltindivid av fiskemåse, gråmåse og svartbak. I ytste del av Ellings-

øyfjorden blei fleire alke, lunde, krykkje og toppskarv observert på næringssøk/gjennomtrekk. På dei busk- og skogkledde landområda blei desse artane registrert: Gauk, låvesvale, lauvsongar, raudstrupe,

jarnsporv, kråke, ramn, tornirisk, grønsisik, gråsisik og bokfink. På svaberga blei det sett linerle.

Page 8: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

8

Figur 11. Kverve på Ellingsøy, der tidevassona utgjer eit viktig beiteområde for ærfugl med ungekull.

Foto: Ole Kristian Spikkeland.

Ytterland, Valderøy

Frå hovudrapporten (Eilertsen mfl. 2013): «I fjellet aust for Ytterland er det registrert eit yngleområde for gråmåse med viltvekt 1. I følgje Folkestad (1996) hekkar rundt 20 par i dette området. Det er ikkje

annan informasjon om fugl eller pattedyr frå dette området i eksisterande databasar.»

Feltgransking 2013: Planlagd veg og tunnelpåhogg på Ytterland kjem i eit sterkt kulturpåverka område

med vegkryss, busetnad og innslag av jordbrukslandskap. Her blei registrert; låvesvale, lauvsongar,

gransongar, blåmeis, granmeis, svarttrast, linerle, kråke, gråsporv, gråsisik og bokfink. I den bratte,

vestvende fjellsida aust for Rv658 hekka dessutan fleire par med fiskemåse og gråmåse. Dette stad-festar eksisterande informasjon i Naturbasen (figur 12).

Figur 10. Ytterland. Gråmåse (t.v.) og fiskemåse (t.h.) hekkar i bergveggen. Foto: Ole Kr. Spikkeland.

Page 9: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

9

Oppsummering fugl og pattedyr

Frå hovudrapporten (Eilertsen mfl. 2013): «Frå før er det registrert ein del viktige viltområde (viltvekt

1 til 3) i dei ulike tiltaksområda, og først og fremst er dette område som er viktige for ande-, måse- og

vadefuglar. Grunnlagsdataene i Naturbasen og Artskart om sjøfugl i tiltaksområdet er opp til 40 år gamle. Både regionalt, nasjonalt og internasjonalt (Vest-Europa) har sjøfuglbestandane gått

dramatisk tilbake i sidan 1970-tallet. Generelt har måker, terner og alkefuglar gått mest tilbake,

medan situasjonen er meir positiv for fleire artar av ender (bl.a. ærfugl), gjess og skarv. Talmaterialet frå Naturbasen og Artskart, indikerer nokså låge sjøfuglbestandar i influensområdet allereie for nokre

titals år sidan. I skjergarden mellom Hamnsund og Kalvøya har etablering av raudrev og mink vore

svært uheldig for bakkehekkande fugl, og det er har blitt betydeleg mindre fugl i dette området dei

siste 10-15 åra (Asbjørn Schjelderup, pers. medd.). Det er difor ikkje overraskande at det vart registrert lite sjøfugl på synfaringa i august 2012. Det må likevel påpeikast at synfaringa ikkje ble

utført i hekkeperioden på våren/førsommaren og difor har ein gått glipp av en verdfull moglegheit til å

oppdatere kunnskapsnivået. Øyene og holmane som vert råka av de føreslåtte vegplanane i Hamnsundområdet er best eigna som

hekkeområde for sjøfuglgruppene måker, ender og gjess. Av alkefuglar vil berre teist finne eigna

hekkemoglegheiter. Ved høge bestandstettleiker er det liten tvil om at dei aktuelle øyene/holmane vil

være attraktive område for hekking og næringssøk. Men mange sjøfuglarter viser en viss fleksibilitet ved valg av hekkeplass.

Av kjende fugleartar i influensområda har følgjande artar status som raudlista: Fiskemåse (NT),

makrellterne (VU), lomvi (CR), teist (NT), storspove (NT), stare (NT) og éin art unnateke offentligheit (EN). Av pattedyr finst blant anna hjort, rådyr, raudrev og mink, og faunaen vurderast å vere

representativ for distriktet. Artsmangfaldet er ikkje særskilt stort, og det er ikkje grunnlag for å seie at

artsinventaret er større enn ein kan forvente i slike område som ligg nær strandsone og sjø – og samstundes har noko innslag av kulturlandskap og skog. På bakgrunn av dette får temaet fugl og

pattedyr middels verdi.»

Feltgransking 2013: Synfaringane 11.-12. juni har nokså eintydig stadfesta dei inntrykka av tema fugl

og pattedyr som tidlegare er gjort greie for innanfor kvart av tiltaksområda for Hamnsundsambandet, sjå ovanfor. Registrerte arts- og individtal, spesielt for sjøfugl, er svært låge. Dette gjeld særleg når ein

tek omsyn til at eit stor fleirtal av artane berre er registrert på tilfeldig streif og/eller i randsonene til

dei ulike tiltaksområda. På areala som kan bli direkte råka av fysiske inngrep, blei berre «vanlege» artar registrert, sjølv om også desse stort sett var fråverande. Sporvefuglfaunaen var i langt større grad

alminneleg rik, spesielt i landområde med kratt- og skogvegetasjon. Ingen sjeldsynte, eller spesielt

krevjande, artar blei imidlertid registrert.

Nokre av dei tidlegare opplyste raudlisteartane blei ikkje observert under synfaringa. Dette gjeld:

Lomvi (CR), teist (NT), storspove (NT), stare (NT) og éin art som er unnateke offentligheit (EN).

Samstundes blei følgande nye raudlisteartar registrert: Krykkje (EN), alke (VU), lunde (VU) og bergirisk (NT). Av desse vil berre bergirisk vere knytt til tiltaksområda som hekkefugl. Andre raud-

listeartar som blei registrert under synfaringane er: Makrellterne (VU), fiskemåse (NT) og strandsnipe

(NT). Berre strandsnipe kan reknast som sannsynleg hekkefugl. Arten kan hekke i eller nær alle tiltaksområda som femnar om strandsoner. Det finst ingen indikasjon på at makrellterne eller fiske-

måse per i dag hekkar innanfor nokon av tiltaksområda. På Ytterland hekkar imidlertid fiskemåse i

bergveggen like aust for planlagt tunnelinnslag.

Fugl og pattedyr har middels verdi.

Page 10: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

10

VERKNADER OG KONSEKVENSAR

FUGL OG PATTEDYR

Då verdisettinga for tema fugl og pattedyr ikkje er blitt endra på bakgrunn av synfaringane i hekke-sesongen 2013, og tiltaka er dei same som tidlegare, vil også verknader og konsekvensar bli uendra i

høve til kva som er gjort greie for i hovudrapporten (Eilertsen mfl. 2013) (sjå tabell 1-3):

Alternativ V2

Tabell 1. Verdi, verknad og konsekvens for dei ulike deltemaene ved etablering av Hamnsund-

sambandet, alternativ V2.

Tema Verdi

Liten Middels Stor Verknad (omfang)

Stor negativ Liten / ingen Stor positiv Konsekvens

anlegg Fugl og pattedyr

drift

--------------------------

--------------------------------------------------------

Liten negativ (-)

--------------------------------------------------------

Middels negativ (--)

Alternativ E1

Tabell 2. Verdi, verknad og konsekvens for dei ulike deltemaene ved etablering av Hamnsund-sambandet, alternativ E1.

Tema Verdi

Liten Middels Stor Verknad (omfang)

Stor negativ Liten / ingen Stor positiv Konsekvens

anlegg Fugl og pattedyr drift

--------------------------

--------------------------------------------------------

Middels negativ (--)

--------------------------------------------------------

Middels negativ (--)

Alternativ E3

Tabell 3. Verdi, verknad og konsekvens for dei ulike deltemaene ved etablering av Hamnsund-

sambandet, alternativ E3.

Tema Verdi

Liten Middels Stor Verknad (omfang)

Stor negativ Liten / ingen Stor positiv Konsekvens

anlegg Fugl og pattedyr drift

--------------------------

--------------------------------------------------------

Liten negativ (-)

--------------------------------------------------------

Middels negativ (--)

REFERANSAR

Eilertsen, L. & Eilertsen, M. 2013. Hamnsundsambandet, Møre og Romsdal. Konsekvensutgreiing for

naturressursar. Rådgivende Biologer AS, rapport 1686, 39 s.

Eilertsen, M. & Haugsøen, H.E. 2013. Marine granskingar 2013, Hamnsundsambandet. Møre og

Romsdal. Rådgivende Biologer AS, rapport 1755, 19 s.

Eilertsen, L., Eilertsen, M. & Spikkeland, O.K. 2013. Hamnsundsambandet, Møre og Romsdal. Konsekvensutgreiing for naturmiljø. Rådgivende Biologer AS, rapport 1685, 62 s.

Munnleg kjelde: Asbjørn Schjelderup, grunneigar, Store Kalvøy

Page 11: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

11

VEDLEGG 1: SPORLOGG FOR OLE KRISTIAN SPIKKELAND 11.-12. JUNI 2013

Ytterland, Valderøy, 11. juni 2013:

Kverve, Ellingsøy, 11. juni 2013:

Page 12: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

12

Eidsbukta, Ellingsøy, 11. juni 2013:

Øyane vest for Hamnsund, 11. juni 2013:

Page 13: Rådgivende Biologer AS - Hamnsundsambandet

NOTAT Rådgivende Biologer AS

Bredsgården, Bryggen Tel: 55 31 02 78 www.radgivende-biologer.no

5003 Bergen Fax: 55 31 62 75 [email protected]

13

Hamnsund, Haram, 12. juni 2013: