nheter tirsdag 7. oktober 2014 etnedal stiftar...

1
NYHETER 4 TIRSDAG 7. OKTOBER 2014 ETNEDAL: Ein av hytteeigarane sa under dialogmøtet fredag at han hadde rekna ut at hytteeigarane bidreg med om lag 5,5 millionar kroner i eigedomsskatt i Etnedal. Rådmann Kai Egil Bachér seier dette talet kanskje er noko høgt, men at det totale eigedomsskatt- budsjettet i år er på 6,5 millionar. – Ved innføring av eigedoms- skatten kom 75–80 prosent av inntektene frå dei 2200 hyttene i Etnedal. Marknadsverdien av- gjer, og det er klart den ofte er hø- gare på hytter enn på hus. Bachér seier det er umuleg å svara på kor mykje kommunen bidreg med overfor hytteeiga- rane, men han seier store delar av den kommunale administrasjo- nen er innretta mot hyttefolket: 80–90 prosent av teknisk saksbe- handlinga er retta mot hyttene. Assisterande rådmann, Siri Ødegård, seier kommunen har auka beredskap på mange om- råde på grunn av mange hytter. Hyttene bidreg med mykje i eigedomsskatt som han meinte var viktig for kontakt med bygdefolket. Ordførar Toril Grønbrekk sa det no er lite aktivt, men at det er ynskjeleg å få det i sving att. Hytteforum vil koma Arne Braadland sa ein for å koma vidare må samle seg om eit felles samarbeidsforum med kommu- nen, og at ein då kan spara ein stor organisasjon på Valdres-nivå. – Ja, eg saknar veldig eit slikt organ, som kan brukast til å høyre hytteeigarane. Så ynskjer de det, er me i kommunen veldig interes- serte i å få det til, sa rådmannen. Møtet munna ut i at det bør bli etablert eit dialogorgan, kanskje med fem personar, som kan føre samtaler med kommunen. Sender snart invitasjon Det vart diskutert å oppnemne eit interimsstyre alt fredag, men dette vart utsett. Kommunen vil i nær framtid sende brev og skrift- leg invitere dei 15 hytteeigarfo- reiningane i Etnedal til å delta i dialogforumet. Toril Grønbrekk seier det er viktig at foreiningane sjølve finn ut korleis dei skal vera repre- senterte. Geografi blir viktig. Ho seier kommunen er særs positiv til dialog med hytteeigarane, som ikkje minst bidreg stort i potten for eigedomsskatt. FAKTA Hyttedialog i Etnedal: Etnedal kommune inviterte fredag til felles dialogmøte med dei 15 hytteeigarforeiningane. Rundt 30 personar deltok på møtet, der stemninga var god. Det er 2200 hytter og 1400 innbyggjarar i Etnedal kommune. I nær framtid vil Etnedal kommunen invitere hytteeiga- rane til å velja sine representan- tar til eit dialogforum for nærare samarbeid med kommunen. På eit møte fredag vart det konkludert med at Etnedal kommune inviterer dei 15 lokale hytteeigarforeininga- ne til eit dialogforum. HELGE GUDHEIM [email protected] BRUFLAT: Det var god og fortetta stemning i kommunestyresalen på Bruflat fredag ettermiddag då til saman rundt 30 personar frå hytteeigarforeiningane i Etnedal møtte offentlege tenestemenn til dialogmøte. Samarbeid på dagsordenen Etnedal kommune inviterte til møtet, etter å ha hatt kontakt med fleire av foreiningane i for- skjellige saker. Kommunen bad i forkant om innspel, og fleire slike kom. Dei danna grunnlag for programmet, som omhandla hyt- teprosjekt for Valdres, løyper-sti- gar-jakt-fiske, vatn-avløp-reno- vasjon og det vidare samarbeidet. Ombod eller dialogforum? Rådmann Kai Egil Bachér sa i si innleiing at mykje av det som har kome fram, syner at det er lite usemje, og at ein ofte tenkjer likt. Han sa det har vore nemnt eit hytteombod i møtet med kom- munen – noko han gjerne såg på. – Me ynskjer godt samarbeid med dykk. Kommunen arbeider med ein serviceplan, og me vil gjerne ha ein hytterepresentant inn i dette servicerådet, særleg for å kommentere planarbeid. – Kvar er turlaget? Jan-Morten Kjelstad spurte kvar det har vorte av Etnedal turlag, Etnedal stiftar hytteforum Godt frammøte frå hytteeigarforeiningane då kommunen inviterte til dialog God stemning: Dei mange hytteeigarane som møtte opp fredag, uttrykte glede over invitasjon til auka dialog med Etnedal kommune, og takka for det. Dialog: Etnedalsordførar Toril Grønbrekk (i midten) tok imot hyttefolket fredag, mellom andre godt supplert av rådmann Kai Egil Bachér. BRUFLAT: – Eg trur rådmannen kjem til å spela inn eit forslag om auka tilskot til løypekjøring i Et- nedal under den komande bud- sjettbehandlinga. Dette sa nettopp rådmann Kai Egil Bachér til «Valdres» i ein samtale etter møtet med hyttefol- ket på Bruflat fredag. – Eining, repliserte ordførar Toril Grønbrekk, og la til: – Eg trur det dermed er vedteke ... Etnedal kommune bidreg i år med rundt 325.000 kroner til dei 300 kilometrane med løypekjø- ring i kommunen. I tillegg har dei løyvt 100.000 kroner til for- betring av løypenettet. Det går også med noko meir pengar til bygging av klopper etc. Under møtet var det ein av hyt- teeigarane som sa det for dei er tre viktige ting i forhold til kom- munen: Skiløyper, skiløyper og skiløyper ... Så etter dette skal ikkje hyt- teeigarforeiningane i Etnedal bli overraska om rådmann Kai Egil Bachér kjem med forslag om å auke skiløypetilskotet med eit par hundre tusen kroner. Vil gje meir til skiløyper Meir pengar: Rådmann Kai Bachér ser behovet for auka løypetilskot.

Upload: others

Post on 30-Dec-2019

6 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

NYHETER4 TIRSDAG 7. OKTOBER 2014

ETNEDAL: Ein av hytteeigarane sa under dialogmøtet fredag at han hadde rekna ut at hytteeigarane bidreg med om lag 5,5 millionar kroner i eigedomsskatt i Etnedal.

Rådmann Kai Egil Bachér seier dette talet kanskje er noko høgt, men at det totale eigedomsskatt-budsjettet i år er på 6,5 millionar.

– Ved innføring av eigedoms-skatten kom 75–80 prosent av inntektene frå dei 2200 hyttene i Etnedal. Marknadsverdien av-gjer, og det er klart den ofte er hø-

gare på hytter enn på hus.Bachér seier det er umuleg å

svara på kor mykje kommunen bidreg med overfor hytteeiga-rane, men han seier store delar av den kommunale administrasjo-nen er innretta mot hyttefolket: 80–90 prosent av teknisk saksbe-handlinga er retta mot hyttene.

Assisterande rådmann, Siri Ødegård, seier kommunen har auka beredskap på mange om- råde på grunn av mange hytter.

Hyttene bidreg med mykje i eigedomsskatt

som han meinte var viktig for kontakt med bygdefolket.

Ordførar Toril Grønbrekk sa det no er lite aktivt, men at det er ynskjeleg å få det i sving att.

Hytteforum vil komaArne Braadland sa ein for å koma vidare må samle seg om eit felles samarbeidsforum med kommu-nen, og at ein då kan spara ein stor organisasjon på Valdres-nivå.

– Ja, eg saknar veldig eit slikt organ, som kan brukast til å høyre hytteeigarane. Så ynskjer de det, er me i kommunen veldig interes-serte i å få det til, sa rådmannen.

Møtet munna ut i at det bør bli etablert eit dialogorgan, kanskje

med fem personar, som kan føre samtaler med kommunen.

Sender snart invitasjonDet vart diskutert å oppnemne eit interimsstyre alt fredag, men dette vart utsett. Kommunen vil i nær framtid sende brev og skrift-leg invitere dei 15 hytteeigarfo-reiningane i Etnedal til å delta i dialogforumet.

Toril Grønbrekk seier det er viktig at foreiningane sjølve finn ut korleis dei skal vera repre-senterte. Geografi blir viktig. Ho seier kommunen er særs positiv til dialog med hytteeigarane, som ikkje minst bidreg stort i potten for eigedomsskatt.

FAKTAHyttedialog i Etnedal:

■■ Etnedal kommune inviterte fredag til felles dialogmøte med dei 15 hytteeigarforeiningane.

■■ Rundt 30 personar deltok på møtet, der stemninga var god.

■■ Det er 2200 hytter og 1400 innbyggjarar i Etnedal kommune.

■■ I nær framtid vil Etnedal kommunen invitere hytteeiga-rane til å velja sine representan-tar til eit dialogforum for nærare samarbeid med kommunen.

På eit møte fredag vart det konkludert med at Etnedal kommune inviterer dei 15 lokale hytteeigarforeininga-ne til eit dialogforum.HELGE [email protected]

BRUFLAT: Det var god og fortetta stemning i kommunestyresalen på Bruflat fredag ettermiddag då til saman rundt 30 personar frå hytteeigarforeiningane i Etnedal møtte offentlege tenestemenn til dialogmøte.

Samarbeid på dagsordenenEtnedal kommune inviterte til møtet, etter å ha hatt kontakt med fleire av foreiningane i for-skjellige saker. Kommunen bad i forkant om innspel, og fleire slike kom. Dei danna grunnlag for programmet, som omhandla hyt-teprosjekt for Valdres, løyper-sti-gar-jakt-fiske, vatn-avløp-reno-vasjon og det vidare samarbeidet.

Ombod eller dialogforum?Rådmann Kai Egil Bachér sa i si innleiing at mykje av det som har kome fram, syner at det er lite usemje, og at ein ofte tenkjer likt.

Han sa det har vore nemnt eit hytteombod i møtet med kom-munen – noko han gjerne såg på.

– Me ynskjer godt samarbeid med dykk. Kommunen arbeider med ein serviceplan, og me vil gjerne ha ein hytterepresentant inn i dette servicerådet, særleg for å kommentere planarbeid.

– Kvar er turlaget?Jan-Morten Kjelstad spurte kvar det har vorte av Etnedal turlag,

Etnedal stiftar hytteforumGodt frammøte frå hytteeigarforeiningane då kommunen inviterte til dialog

God stemning: Dei mange hytteeigarane som møtte opp fredag, uttrykte glede over invitasjon til auka dialog med Etnedal kommune, og takka for det.

Dialog: Etnedalsordførar Toril Grønbrekk (i midten) tok imot hyttefolket fredag, mellom andre godt supplert av rådmann Kai Egil Bachér.

BRUFLAT: – Eg trur rådmannen kjem til å spela inn eit forslag om auka tilskot til løypekjøring i Et-nedal under den komande bud-sjettbehandlinga.

Dette sa nettopp rådmann Kai Egil Bachér til «Valdres» i ein samtale etter møtet med hyttefol-ket på Bruflat fredag.

– Eining, repliserte ordførar Toril Grønbrekk, og la til: – Eg trur det dermed er vedteke ...

Etnedal kommune bidreg i år med rundt 325.000 kroner til dei 300 kilometrane med løypekjø-ring i kommunen. I tillegg har

dei løyvt 100.000 kroner til for-betring av løypenettet. Det går også med noko meir pengar til bygging av klopper etc.

Under møtet var det ein av hyt-teeigarane som sa det for dei er tre viktige ting i forhold til kom-munen: Skiløyper, skiløyper og skiløyper ...

Så etter dette skal ikkje hyt-teeigarforeiningane i Etnedal bli overraska om rådmann Kai Egil Bachér kjem med forslag om å auke skiløypetilskotet med eit par hundre tusen kroner.

Vil gje meir til skiløyper

Meir pengar: Rådmann Kai Bachér ser behovet for auka løypetilskot.