mange konfirmantar - kyrkja-stord.no1. februar. han vart innsett i tenesta 14. februar med...

8
Frivilligprisen Side 3 Minimusikalen om Noah Side 4 Konfirmanttur til London Side 6 Mostraspel og 2024-seminar Side 8 Kyrkjeblad for Sunnhordland - Nr. 1 - 2016 Framleis er det mange som vel kyrkjeleg konfir- masjon i Sunnhordland. I år vart om lag 700 ung- domar konfirmerte i dei ulike kyrkjene i prostiet. På Bømlo var det ni konfirmasjonsgudstenester der dei mange som tok del fekk oppleva gode samlingar med flotte konfirmantar. I løpet av kon- firmanttida har dei unge vore med på omfattande og varierte opplegg og teke regelmessig del på gudstenester. Omfattande opplegg Det kyrkjelege konfirmantopplegget er om- fattande. I den nye trusopplæringsplanen heiter det: «Konfirmasjonstida varer over eit tidsrom på minst 8 månadar og har eit omfang på om lag 60 timar.» Ein ynskjer å gje ungdomane ei brei inn- føring i ulike sider ved vår kristne tru, der konfir- mantane får ta del med sine ulike livsspørsmål. 151 konfirmantar På Bømlo var det i år til saman 151 konfirmantar i dei fire sokna. I lag med konfirmantlærarane har dei vore igjennom eit stort og variert program. Desse har undervist: Bremnes: kyrkjelydspedagogane Laila Hansen Røksund og Trygve Leigland Lykling: kyrkjelydspedagog Trygve Leigland Bømlo: kyrkjelydspedagog Liv Merete Fylkesnes Pedersen Moster: Sokneprest Aksel Lygre Ein god start Siste helga i august drog dei på konfirmantleir på «Statsraad Lehmkuhl.» Det er tredje året dei start- ar konfirmantåret slik. I år reiste dei med buss til Stavanger der dei mønstra på. Etter at kapteinen hadde ynskja velkomen, var det tid for ein god lunsj. Så var det vakt med mannskapet, teambyg- ging og undervisning. Utføre Karmøy var sjøen litt uroleg, inn mot Langevåg roa det seg. Så bar det til Onarheim med tid til klattring i rigg. Turen avslutta med gudsteneste før dei gjekk i land. Ein konfir- mant seier: «Gjennom helga fekk med verta betre kjende med årets konfirmantar, og for ein gjeng!» Konsertar og festival Gjennom året har konfirmantane vore med på: • Konsert 21. oktober med Hans Inge Fagervik, her var og foreldra inviterte • 8. april arrangerte me i samarbeid med Skjærgårds Live Sunnhordland konsert med Paul Colman for alle konfirmantane med foreldre/føresette • 7. februar var alle konfirmantane på Bømlo med på konfirmantfestival på Langevåg. Trusopplæring Konfirmasjonen har ein sentral plass i trusopp- læringa i vår kyrkje. I «Helg & Yrke» presenterer vi i kvart nummer varierte drypp frå dette viktige arbeidet. Mange konfirmantar

Upload: others

Post on 19-Jan-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Mange konfirmantar - kyrkja-stord.no1. februar. Han vart innsett i tenesta 14. februar med gudsteneste og kyrkjelydsfest. Stord: - Åse Selsvold (43) frå Bømlo vart tilsett som kyrkjelydspedagog

Frivilligprisen Side 3

Minimusikalen om Noah Side 4

Konfirmanttur til London Side 6

Mostraspel og 2024-seminar

Side 8

Kyrkjeblad for Sunnhordland - Nr. 1 - 2016

Framleis er det mange som vel kyrkjeleg konfir-masjon i Sunnhordland. I år vart om lag 700 ung-domar konfirmerte i dei ulike kyrkjene i prostiet. På Bømlo var det ni konfirmasjonsgudstenester der dei mange som tok del fekk oppleva gode samlingar med flotte konfirmantar. I løpet av kon-firmanttida har dei unge vore med på omfattande og varierte opplegg og teke regelmessig del på gudstenester.

Omfattande oppleggDet kyrkjelege konfirmantopplegget er om-fattande. I den nye trusopplæringsplanen heiter det: «Konfirmasjonstida varer over eit tidsrom på minst 8 månadar og har eit omfang på om lag 60 timar.» Ein ynskjer å gje ungdomane ei brei inn-føring i ulike sider ved vår kristne tru, der konfir-mantane får ta del med sine ulike livsspørsmål.

151 konfirmantarPå Bømlo var det i år til saman 151 konfirmantar i dei fire sokna. I lag med konfirmantlærarane har dei vore igjennom eit stort og variert program. Desse har undervist:Bremnes: kyrkjelydspedagogane Laila Hansen Røksund og Trygve LeiglandLykling: kyrkjelydspedagog Trygve LeiglandBømlo: kyrkjelydspedagog Liv Merete Fylkesnes PedersenMoster: Sokneprest Aksel Lygre

Ein god startSiste helga i august drog dei på konfirmantleir på «Statsraad Lehmkuhl.» Det er tredje året dei start-ar konfirmantåret slik. I år reiste dei med buss til Stavanger der dei mønstra på. Etter at kapteinen hadde ynskja velkomen, var det tid for ein god lunsj. Så var det vakt med mannskapet, teambyg-ging og undervisning. Utføre Karmøy var sjøen litt uroleg, inn mot Langevåg roa det seg. Så bar det til Onarheim med tid til klattring i rigg. Turen avslutta med gudsteneste før dei gjekk i land. Ein konfir-mant seier: «Gjennom helga fekk med verta betre kjende med årets konfirmantar, og for ein gjeng!»

Konsertar og festivalGjennom året har konfirmantane vore med på:• Konsert 21. oktober med Hans Inge Fagervik, her var og foreldra inviterte• 8. april arrangerte me i samarbeid med Skjærgårds Live Sunnhordland konsert med Paul Colman for alle konfirmantane med foreldre/føresette • 7. februar var alle konfirmantane på Bømlo med på konfirmantfestival på Langevåg.

TrusopplæringKonfirmasjonen har ein sentral plass i trusopp-læringa i vår kyrkje. I «Helg & Yrke» presenterer vi i kvart nummer varierte drypp frå dette viktige arbeidet.

Mange konfirmantar

Page 2: Mange konfirmantar - kyrkja-stord.no1. februar. Han vart innsett i tenesta 14. februar med gudsteneste og kyrkjelydsfest. Stord: - Åse Selsvold (43) frå Bømlo vart tilsett som kyrkjelydspedagog

2

Redaksjon:Svein Arne TheodorsenHamnegata 48 - 5411 STORDTlf. 53 40 34 [email protected]

Helg og Yrke v/ Helge OttesenEldøyvegen 100 - 5411 STORDKontonr. 8420 05 25328

Sats og trykk: Bladet SunnhordlandSTORDOpplag: 23 000

Layout:Jan-Ove Fagerheim

Frå barnemunn

Kollega Egil Larsen har forretta mange dåp i Stord kyrkje. Ein gong han var oppteken med å døypa eit barn og heldt på å ausa vatn over hovudet til barnet, kom ein liten gut bort til Egil og spurte: «Du Jesus, kan eg dyppa handa oppi der?»Egil legg til at det vart ei god humring mellom dei som stod rundt døypefonten.

Proste- HJØR

NET

- Neste nummer kjem i desember. Frist for innlevering av stoff er 21. november 2016.

Saman om dåp

Helsing frå prosten

Komande sundag skal eg døype seks barn i Stord kyrkje. Det gler eg meg til. I Sunnhordland prosti er det framleis mange foreldre som vel å døype barna sine. I 2015 vart 581 døypte i kyrkjene våre. Dette er vi i kyrkja svært glade for. Samtidig ser vi på landsplan at andelen barn som ikkje blir døypt er aukande. Dette er medverkande til at vi i Sunnhordland har eit ekstra fokus på dåp dette året: «Saman om dåp i folkekyrkja i Sunnhordland.»

Møte med kyrkjaKva erfaringar har foreldra av møte med kyrkja i samband med dåp? Korleis les dei våre skriftlege invitasjonar? Korleis opplever dei dåpssamtalen eller dåpsmøtet? Vart dåpshandlinga ei god oppleving? Korleis opplevde dei gudstenesta? Dette vil vi gjerne prøve å finne ut av. Og ikkje minst - prøve å gjera alt på ein slik måte at foreldra får gode opplevingar i møte med kyrkja. Talet på slekt og vener som fylgjer kvart barn til dåpen synast å vera aukande. Mange arrangerer store selskap i samband med dåpen. Har dei ei god opp-leving av gudstenesta? Kjenner dei seg velkomne i kyrkja og inkluderte i fellesskapen?

Invitasjon til dåpI Sunnhordland vil vi gjerne nå ut med ein positiv invitasjon til dåp. Samtidig vil vi gjerne ein gong til sjå kritisk over dei skriva vi har, korleis vi vender oss til foreldra med invitasjon til dåp. Det er viktig for oss å vere tydeleg på kva vi får i dåpen og samanhengen mellom dåpen og trusopplæringa. Det er viktig for oss å gje foreldra frimod til å søke dåp for sine barn.

Glad for barnebarnKomande sundag skal eg døype mitt fjerde barnebarn. Det gler eg meg til. Kristoffer vart fødd i februar. Ei stor hending for heile slekta, ikkje minst for foreldra som fekk sitt fyrste barn. Å takke for livet, å feire at eit barn er fødd, har eg stor sans for. At nokon foreldre vel å gjere dette utan å velje å døype barnet, har eg respekt for. Det kan vere ulike grunnar til eit slikt val.

«Det som skjer i dåpen gir oss trygghet» I si vakre dåpssalme: «Fylt av glede over livets under» syng Svein Ellingsen om kor trygt ein kan oppleva det når ein døyper barnet. I kyrkja vil vi gjerne bidra til at ein opplever dåpen slik. Eg er glad for at Kristoffer skal bli døypt og gler meg både til gudstenesta og festen etterpå.

Kva har eg i min dåp?Eg vart døypt i Spind kirke på Sørlandet ein fin august-sundag i 1955. Eg har høyrt at mange var glade og stolte, på morsida er eg fyrste barnebarnet. Etter gudstenesta drog alle til øya der vi budde og eg fekk gåver – mellom anna ein bankkonto i Spind Sparebank. Det var fint, men det store og avgjerande for meg var alle dei gode gåvene Gud gav meg i dåpen. Eg vart eit Guds barn, eg fekk tilgang til ein konto av gåver frå Gud.

Gratulerer med dåpenSlik er tittelen på ein enkel song om dåpen, laga av Tore Thomassen:Gratulerer med dåpenGaven som varer livet utHimmelveien ligger openVi er barn av livets Gud.

Svein Arne Theodorsen

Bømlo:Bømlo kyrkjelege fellesråd meldar fylgjande:- Aud Haldorsen er gått av med pensjon- Trygve Leigland er tilsett som ny kyrkjeverje frå 1. april, han har fått permisjon i eit år frå si stilling som kyrkjelydspedagog- Liv Merete Pedersen har gått opp til 80 % stilling som kyrkjelydspedagog (ho har fast 50 % og fått auka med 30 % i eit år)- Det er lyst ut 60 % stilling som ny kyrkjelydspedagog- Arne Salmelid, tidlegare kyrkjeverje, har fått stilling som konsulent

I Sunnhordland prosti har ein lange tradisjonar for å gje ut Kyrkjelydsbladet ”Helg og Yrke”. Bladet vert sendt til alle heimar i Sunnhordland prosti, opplaget er passert 23 000!

Mykje dugnadDet meste av arbeidet med «Helg og Yrke» vert utført på dugnad. Målet er i kvart nummer å ha med noko som er aktuelt for dei som bur i dei ulike kommunane i Sunnhordland.

Gåver einaste inntektspostenBladet vert sendt gratis til alle husstandane i prostiet. Einaste inntektsposten er gåver. Vi er svært takksame til alle som regelmessig gjev gåver til bladet. Samtidig ser vi at vi har trong for fleire gjevarar for framleis å gje ut bladet og senda det til fritt til alle. Vi minner difor om høve til å gje gåver til ”Helg og Yrke”, giroblankett ligg ved.

Nytt om personell i Sunnhordland

Trong for gåver!

Fitjar:- Fridleif Lydersen tok til som kyrkjelydsprest i Fitjar sokn den 1. februar. Han vart innsett i tenesta 14. februar med gudsteneste og kyrkjelydsfest.

Stord:- Åse Selsvold (43) frå Bømlo vart tilsett som kyrkjelydspedagog i 50 % stilling frå 15.02.2016. Åse vart innsett i tenesta 21. februar i Stord kyrkje, ho har hovudansvaret for samarbeidet kyrkja har med skulane og barnehagane i Stord kommune.

Prostiet:- Reidar Ådnanes vert innsett som sokneprest i Husnes og Holmedal sokn 29.05.16 i Husnes kyrkje.- Prostiprest Pål Dale (bilete) avsluttar si teneste i juni i år. Avskjeds-gudsteneste i Stord kyrkje 12.06.16. Grunna den økonomiske situa-sjonen i Bjørgvin Bispedømeråd vert ikkje prostipreststillinga lyst ut.

Kyrkjelydsbladetvert sendt til alle heimar i Sunnhordland

Page 3: Mange konfirmantar - kyrkja-stord.no1. februar. Han vart innsett i tenesta 14. februar med gudsteneste og kyrkjelydsfest. Stord: - Åse Selsvold (43) frå Bømlo vart tilsett som kyrkjelydspedagog

3

Under vignetten “Samtale over ein open Bibel” vil vi samtale med

einskildpersonar om ein aktuell bibeltekst.

Denne gongen har vi møtt Rannveig og Rune Petterteig.

Dei bur i Sagvåg på Stord.

Ektepar fekk FrivilligprisenProstidag i Sunnhordland prosti 22. september

I samband med Prosten i Sunnhordland si nyårs-mottaking, vart Frivilligprisen i Sunnhordland prosti for 2015 delt ut til Rannveig og Rune Petter-teig, Stord. Dette er trettande året prisen vert delt ut til frivillige medarbeidarar for trufast, kreativ og nyskapande teneste.

Mali Smemo Hjemdal, leiar i Prostirådet, stod for prisutdelinga. Ho gjorde greie for tildelinga og sa mellom anna:Prisvinnarane i 2015 er eit ektepar med omfattande og trufast teneste spesielt for asylsøkjarar og flykt-ningar. Prostirådet vil nemne: Varierte tenester for bebuarar på asylmottak. Opnar heimen og er ei sosial støtte. Er til hjelp med praktiske oppgåver. Inviterer og kjører til samlingar. Varierte leiaropp-gåver.

Det var representantar frå Nysæter kyrkjelyd som kom med framlegget til prisvinnarar.

Prisen er eit diplom med grunngjevinga for til-delinga, laga av Per Flatøy, og eit bilete, i år laga av Magne Kjellesvik.

Prostirådsleiaren bad fylkesvaraordførar Pål Kårbø og ordførar på Stord, Harry Herstad, ta del i utdel-inga. Dei leste grunngjevinga på diplomet og kom med helsingar.

På mottakinga var det mange som gledde seg over tildelinga og ville gratulera prisvinnarane.

Foto: Magne Fitjar

Årets Prostidag vert torsdag 22. september på Stord. «Saman om dåpen i folkekyrkja i Sunnhord-land» er vårt felles fokus i Sunnhordland prosti i år. Dette vert tema på prostidagen i år.

Inspirator på dåpsarbeidI år har vi vore så heldige å få med oss ein stor res-surs på satsing på dåpsarbeid. Andreas E. Eidsaa jr. er kyrkjeverje i Sandnes. Han leier eit prosjekt for å få foreldre til å koma med borna til dåp, dei har mellom anna laga ein reklamefilm som har vore vist på kinoar i området.Eidsaa har variert erfaring og kompetanse, han har mellom anna vore utsending for Misjonsalliansen i Ecuador og Kambodsja. Han var tidlegare dagleg leiar i Storsalen i Oslo.

MålgruppeProstidagen er for alle som er opptekne av rekrut-tering til dåp. Fellesråd og sokneråd er målgruppe saman med løna og uløna medarbeidarar. Prosti-dagen tek til med middag kl. 16.00 og held fram med program kl. 16.30.

PersonalsamlingI forkant av Prostidagen vert det ei personalsamling for alle kyrkjelege tilsette. Her vil Sjur Isaksen, første-lektor på Menighetsfakultetet og stortingsprest, ta del, fokus vil vere dåpssamtalen som innleiing til trusopplæringa.

Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.

Hebrearane 13,2

I 2015 fekk dei frivilligprisen i Sunnhordland prosti spesielt knytt til deira teneste for asylsøkjarar og flyktningar. I samband med grunngjevinga for å til-dela denne prisen til Rannveig og Rune sa Nysæter sokneråd: God hjelp for Nysæter kyrkjelyd«Soknerådet vil understreke at Rannveig og Rune Petterteig har vore gode til å hjelpa kyrkjelyden til å vera klar over sitt ansvar for menneske som treng hjelp og fellesskap. Dei har på ein førebiletleg måte arbeid med intergrering og synt varm og ekte neste-kjærleik til inspirasjon for andre.»

Når «Helg og Yrke» spør Rannveig og Rune om å dela nokre tankar om deira motivasjon for denne tenesta, svarar dei fyrst at dei no har fått nok merk-semd og legg til: «Det me gjer er ikkje så spesielt. Det fylgjer av vår kristne tru, og mange andre har ei tilsvarande teneste og same engasjementet.» Slik ordla dei seg og då dei fekk Frivilligprisen.

Dei vert likevel med på ein samtale. Det bibelverset dei vil ta utgangspunkt i er Hebr 13,2: «Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.»

GjestfrieTanken om å vera gjestfrie finn me tydeleg i Bibelen. Me kan seie at det er ein sentral bibelsk tanke. Det handlar om vera opne for andre menneske, ikkje lukke seg inne i sitt eige og si eiga vesle verd. Men sjå andre menneske og sjå etter gode høve for å møta dei.

Open heimÅ vera gjestfrie handlar om å opne heimen for andre. Rannveig og Rune har mange forteljingar om gode møte i heimen – og med menneske frå andre land og kulturar. «Menneske som av ulike grunner, med ulike historier har kome til oss som flyktningar. Det skulle berre mangle at ikkje me som har fått så mykje og som lever i eit trygt og godt land skulle dele våre godar med dei som opplever krevjande tider.»

Nestekjærleik«Me tenkjer at å vere gjestfri fylgjer av den bibelske tanken om nestekjærleik. Me er kalla til å elska vår neste som oss sjølve, det kan mellom anna koma til uttrykk ved å vera gjestfri.» Englar til gjester?Rannveig og Rune er ivrige etter å fortelja om alt det gode dei sjølv har opplevd i møte med våre nye landsmenn. Det har gjeve dei mange rike opp- levingar og dei understrekar at dei har fått mange nye gode vener. «Me kan gjerne seia det slik at me har hatt englar til gjester» legg dei til.

«Noen må våke» Svein Ellingsen si fine salme er viktig for Rannveig og Rune. I denne salmen vert kallet tydeleg, mellom anna i strofa: «noen må kjempe for andres rett.» Samtidig får Ellingsen så fint fram at Jesus og her er vårt gode forbilde: «Herre, du våker i verdens natt.»

Salmen står i Norsk Salmebok nr. 738: Noen må våke i verdens natt, noen må tro i mørket, noen må være de svakes bror, Gud la din vilje skje på jord!Hjelp oss å følge ditt bud!

Noen må bære en annens nød, noen må vise mildhet, noen må kjempe for andres rett,Gud la ditt rikes tegn bli sett!Hjelp oss å følge ditt bud!

Herre, du våker i verdens natt,Herre du bor i mørket, Herre du viser oss Kristi dag!Selv under livets tyngste slag er vi hos deg, du vår Gud!Amen, amen.

Avhengig av GudRannveig og Rune avsluttar samtalen med å under-streka at for dei er det viktig å henta kraft frå Gud til tenesta. Dei minner om det gode løftet hos profeten Jesaia: «Han gjev den trøytte kraft, og den som ikkje har krefter, gjev han stor styrke.»Jes 40, 29

Prisvinnarane Rannveig og Rune Petterteig. Det nystarta tensingkoret «SingSing» frå Stord song i Nyårsmottakinga.

Page 4: Mange konfirmantar - kyrkja-stord.no1. februar. Han vart innsett i tenesta 14. februar med gudsteneste og kyrkjelydsfest. Stord: - Åse Selsvold (43) frå Bømlo vart tilsett som kyrkjelydspedagog

Palmelaurdag kom atten forventningsfulle 4. klass-ingar til Reksteren kyrkje utstyrt med soveposar og liggeunderlag. Det var tid for å vera LYS VAKEN ei heil helg. Nokon av oss hadde litt sommarfuglar i magen, men dei forsvann ut i det blå. Me blei kjent med kvarandre og med kyrkja, me hjelpte Jørgen med å lage gudsteneste, fekk høyra historia om Samuel som vart lys vaken for Guds ord. Me fekk

taco til kvelds som gjekk ned på høgkant, etterfylgt av beinhard trim og maling på koppar. Rebusløp tilbake til kyrkja der me såg film, åt popkorn og lør-dagsgodt. Til slutt vart det bålbrenning med gril-ling av marshmallows og oppsending av lanterne før me krøyp ned i soveposane og roa oss ned med ein godnatthistorie.

Søndagsmorning rydda me, fekk god frukost og øvde til gudstenesta. Alle deltok og gjorde sitt til at det blei ei fin gudsteneste og ikkje minst ei kjempe-kjekk Lys Vaken helg.

Tekst: Trusopplæringsmedarbeidar Heidi Hollekim Foto: Kari Elin Brandt

Lys Vaken, Tysnes

Nattcafé på Husnes 16. mai Nattcaféen på Husnes bedehus har i mange år samla bra med ungdommar frå 8. klasse og oppover om fredagskveldane. På samlingane i den ny-oppussa bedehuskjellaren kan ein få med seg kafé, biljard, bordtennis, Playstation, ein god prat, andakt og song.

På det tradisjonelle ”kvelden-før-dagen”-arrange-mentet 16. mai hadde ein også mange artige aktivitetar utandørs; Ein kunne t.d. utfordre kvar-andre og sjå kven som kunne få spikeren ned i planken på færrast mulig slag? Kor mange Non-stop var det i glaset? Kor lenge kunne ein klare å halde 5 store ballar i bevegelse utan å miste kontrollen? Samtidig med desse aktivitetane gjorde grillmeistrane seg klare med grillmat av ulikt slag. Det var god stemning både ute og inne.

Mot slutten av kvelden drog me i gong ein programdel inne med m.a. song, andakt og premiering. På kvar aktivitet ein var med på, fekk ungdommane også eit lodd, og på samlinga trakk me vinnarane av ulike gåvekort og andre flotte gevinstar. Me har lyst til å seie takk til alle som stakk innom og vart med på Nattcaféen sitt rusfrie ungdoms-arrangement også dette året!

4 av ungdommane på Nattcafeen tar ein artig selfie.

4

Page 5: Mange konfirmantar - kyrkja-stord.no1. februar. Han vart innsett i tenesta 14. februar med gudsteneste og kyrkjelydsfest. Stord: - Åse Selsvold (43) frå Bømlo vart tilsett som kyrkjelydspedagog

Samlinga starta med lystenning i globen. Her fekk kvart barn tenna sitt eige lys. Mini-musikalen fortel historia om Noah gjennom for-teljing, song og leik. Det heile vert konkretisert mellom anna ved bruk av både båt og mange dyr. Det var tydeleg at dette fall i smak hos småborna.

Særleg populære var rytmeinstrumenta og dyra. Dyrelydane og namna på dyra som dei kunne, for-talde dette tydeleg. Vi song også mange fine songar ilag. Borna hjelpte til med å få dyra trygt inn i den store båten, og ut igjen. Etterpå kunne dei kosa seg med frukt og anna grønt, kaker og bollar. Borna fekk saft å drikka, medan dei vaksne fekk kaffi.

Eid, Uskedal, Valen og Kvinnherad kyrkje fekk besøk av Minimusikalen om Noah. Bileta er tekne i Uskedal kyrkje, fotograf Gunnar Hestad.

Med venleg helsingKristine HestadEiningsleiar Trusopplæring i Kvinnherad

Mykje leven då Noah slapp dyra ut av arken! Minimusikalen om Noah er ein del av trusopplæringa i Kvinnherad. - Foto: Gunnar Hestad - Den er berekna på dei yngste i kyrkjelyden.

5

10

1. Alt er Gud sittLes Mark 12,1–12

Har du nokon gong opplevd å bli stole frå? Det er provoserande når nokon ikkje respekterar eigendomen til andre, men berre valsar inn og forsyner seg. – Noko så frekt! Jesus fortel ei sterk forteljing, og dette er et bilete på den store forteljinga om Gud og menneska. Vingården er den verda Gud har skapa, som vi men-neske kallar for vår. Vi har overteke ho, og det er få som har respekt for at det heile er Guds verk. Huskar du å takke han for det?

2. Smått kan bli stortLes Mark 12,41–44

Vi lar oss lett imponere av det som er stort. Folk som gir mykje pengar eller gjer store ting for andre, får ofte mykje merksemd. Då er det lett å tenkje: «Eg kan aldri gjere noko stort. Det eg får gjort, er så lite!» Denne teksta visar oss at Jesus ikkje tenkjer slik. Nei, det som er smått i våre auge, kan verte stort når vi gjer det til Jesus. Berre tenk på dei fem brøda og dei to fiskane som vart mat til minst fem tusen!

3. No skjer det!Les Mark 13,1–11

Ei jente eg nett snakka med, fortalte at ho nesten ikkje orka å sjå nyheite-ne om dagen. Ho syns berre det var om jordskjelv, krig, sult og folk som lid. I tillegg vert mange kristne for-følgde rundt om i verda. Ho vart redd og lei seg av å høyre om det. Jesus varslar her om at nett dette skulle hende, og kallar det for den store trengsla. Dette er noko av det som skal kome før Jesus kjem att for å gjere alle ting nye. Han vil hjelpe oss og leie oss, men vi må vere vakne!

4. Jesus kjem attLes Mark 13,24–27

Kva tenkjer du om framtida? Når vi ser på all forureininga og alt det von-de i verda, kan vi verte redde. Men Jesus har ein plan for det heile, og ein dag skal han kome att og hente oss til sitt fullkomne rike. Der skal det ikkje vere verken vondskap, krig, sjukdom, gråt eller smerte. Alt skal bli berre godt! Det er berre så viktig at alle vi kjenner får vite om det, så dei òg kan få vere med! Korleis kan vi fortelje andre om Jesus?

5. Sjå på teiknaLes Mark 13,28–37

Liker du overraskingar? Å verte over-raska av noko godt, kan vere både deilig og morosamt, men det er nokre overraskingar vi helst vil unngå. Det er ikkje godt når det skjer ubehagele-ge ting vi ikkje er forberedt på.Vi veit ikkje når Jesus kjem att, men at han kjem, bør likevel ikkje kome som ei overrasking på oss kristne. Jesus har varsla det, og sagt kva som skal hende før han kjem. Vi må berre sjå på teikna. Er du klar til å ta imot han?

1. Kjærleik og fornuftLes Mark 14,1–9Det er laurdag og tid for utbetaling av vekepengar. Du står der med pen-gane i handa og må velgje: Skal du gå rett til butikken og kjøpe det du har lyst på? Eller skal du spare dei? Dei fleste av oss er oppdregne til å vere fornuftige og spare, og til ikkje å sløse med det vi har. Men av og til er det er viktigare å følgje hjartet enn å vere fornuftig. Dette var ein sånn situasjon. Når Jesus ber oss om å følge ham, må vi ofte følge hjartet i staden for fornufta.

UGLY3 a) Kvar var Jesus då han

fortalte om den store trengsletida?

3 b) Kva for eit tre er det vi skal lære av?

WWJD?Hva ville Jesus ha gjort?

Dei fleste matvarar har ein dato som viser kor lenge dei er haldbare. Etter den datoen ét vi mat-en på eigen risiko. I tekstane vi har lese, snakkar Jesus om dei tidene som skal kome. Ein dag skal Jesus kome att. Då skal noko bestå, men andre ting vert borte. Kva i livet ditt er haldbart etter at Jesus kjem att, og kva vert borte?

Sett eit kryss ved det du har lese!

Skribent: Jorunn Singstad Djupvik

Vi les frå: Markusevangeliet

11

BIBELVERS FOR VEKA

Mark 13,31:«Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.»

(Henta fra Bibel 2011)

SØV DU, BJØRN?Ein er bjørn og ligg på golvet i midten og let att augo, mens dei andre står i ring kring bjørnen, og seier: «Søv du, bjørn?» høgare og høgare. Plutseleg, og utan varsel, vaknar bjørnen, reiser seg og spring ut for å fange nokon. Den som blir fanga, vert bjørn neste gong.

SAMTALE:• Korleis likar de å bli overraska?• Kva er gode og hva er dårlege

overraskingar?• Korleis går det an å forberede

seg så ein ikkje blir satt ut av dårlege overraskingar?

Les Mark 13,28–33 saman• Jesus seier at ingen skal vite

kva for ein dag eller time han kjem att. Men han har likevel gjeve oss nokre teikn så vi ikkje skal bli overraska når han kjem. Kva for teikn har han gjeve?

• Kva er det som kan gjere oss sløve slik at vi ikkje er førebudd når han kjem?

• Kva vil det seie å halde seg vaken?

• Korleis kan vi førebu oss på at han kjem?

FINN UT OG TEIKN!

Veit du korleis eit fikentre ser ut? Google fikentre, og finn ut korleis det ser ut om vinteren, våren, sumaren og hausten. Lag ei flott teikning av treet dei fire

årstidene.

FRÅ STOL TIL STOL:

Skriv eitt og eitt ord av bibelverset på ark. Fest arka på stolryggar, og sett stolane litt hulter til bulter slik at det går an å gå frå stol til stol, og gå gjenom bibelverset. Når første person har beina på første og andre ord, sett andre person beinet på første ord. Gå i rekke etter kvarandre frå stol til stol og beveg dykk framover i takt.

VEKSE SAMAN

– Aktivitetar du kan gjere saman med familien din, eller andre du er glad i. <3

Markusevangeliet

Page 6: Mange konfirmantar - kyrkja-stord.no1. februar. Han vart innsett i tenesta 14. februar med gudsteneste og kyrkjelydsfest. Stord: - Åse Selsvold (43) frå Bømlo vart tilsett som kyrkjelydspedagog

Konfirmanttur til London

For tredje gongen har konfirmantleiarar frå Stord og Nysæter teke med seg 30 konfirmantar til Sjø-mannskyrkja i London. Det var og 16 konfirmantar frå Domkirken menighet i Bergen. Me overnatta i Sjømannskyrkja i London. Me spurde to av kon-firmantane om å fortelja om sine opplevingar i London. Her er kva dei hadde å seia om turen.

Me ankom Gatwick flyplass i London onsdag kl. 10.15 etter ei lang reise som starta kl. 06.00 på Sandvikvåg ferjekai. Då me kom fram til kyrkja etter ein busstur på vel ein time fekk me ein varm velkomst av dei hygge-lege leiarane. Ei av dei var Vigdis Alte, som jobbar på kontoret til Sjømannskyrkja i Bergen. Ho har fylgt oss heile tida medan me har vore Londonkonfirmantar. Ho var og med på enkelte undervisningstimar på Stord. Ho var veldig hyggelig, og sørgja for at me fekk eit fint opphald på turen. Etter at me hadde lagt koffertane på plass og funne oss til rette, prøvde alle konfirman-tane å finna fram på undergrunnen. Me kom raskt inn i systemet. Den første turen førte til London Eye. Utsikten frå toppen var nydeleg og me fekk sjå heile London derifrå. Seinare same kvelden kom konfirmantane frå Bergen som me skulle vera i lag med på leiren. Me gjekk verkeleg inn for å ha det kjekt i lag og bli kjent på tvers av kyrkjelydane.

Torsdagen starta med litt undervisning i kyrkja om Les Miserables som me skulle få sjå som musikal seinare på kvelden. Så var det å koma seg ut på byen og bli kjent med den store hovudstaden. Turen gjekk til Westmin-ster. Her fann me Big Ben, Parliament og Downing street no. 10. Tungt væpna vakter kunne fortelja oss at stats-minister Cameron dessverre ikkje var heime, så då gjekk me og såg på Horse guard parade i staden. Vaktskiftet her går jammen høgtideleg for seg. Soldatane brølte ordre til kvarandre som me ikkje forstod, men hestane og uniforma var fine. Turen gjekk vidare gjennom St. James Park, kor det var mange tamme og søte ekorn. I enden av parken ligg Buckingham palace. Været var dessverre ikkje det beste og inviterte ikkje til å stå lenge og betrakta det flotte slottet. Turen gjekk vidare til Nati-onal Gallery på Trafalgar Square kor ein av prestane frå Bergen synte oss kjente bilete av kunstnarane Caravag-gio og Rembrandt. Motiva var henta frå Bibelen. Mellom anna Emmausvandrarane av Caravaggio, der Jesus viste seg for to av læresveinane.

Sånn gjekk dagane. Det var om å gjera å få med seg dei sentrale tinga som London har å by på av attraksjonar og historie. Innimellom vart det eitt og anna besøk på McDonalds, Starbucks, Pizzahut og kinarestaurantar i China town.

Torsdag kveld var det endeleg musikal og me fekk sjå og oppleva Les Miserables live frå scenen. Historia om Dei elendige har vore gjennomgangstema for undervis-ninga dette året. Sitatet alle konfirmantane måtte hugse er: «To love another person is to see the face of God»Etter musikalen vart det enkel kveldsmat på kyrkja. Det hadde vore ein lang dag med mykje trasking og mange inntrykk. Så legginga gjekk av seg sjølve. Det vart snart ro.

Fredagen starta igjen med undervisning. Om sjø-mannskyrkja og London si historie. Sjømannspresten i London Torbjørn Holt, hadde konfirmantane sin fulle oppmerksomhet med spanande historier om korleis sjømannskyrkja i London vart ein realitet.

Første etappe ute på byen gjekk til Madame Tussaud. Her var det mange som fekk tatt ein selfie med seg og ein kjendis. Seinare gjekk ein gruppevis til dei stadene ein hadde lyst å besøka. Nokre reiste til dei ulike mark-nadene: Cambden market, Portobello road og Covent Garden. For andre blei det ei «pilegrimsferd» til Emirates stadium – Arsenal sin heimebane. Kl 17 var det oppmøte ved Westminster Abbey. Her skulle me få oppleva Evening song. Her var det ikkje lov å laga ein lyd og alle måtte sitta fint gjennom heile gudstenesta. I den engelske kyrkja gjer dei ikkje alt på same måte som oss. Ting er kanskje hakket stivare og høgtidlegare. Men vakker song frå eit jentekor i ein vakker katedral gjorde utvilsomt inntrykk på fleire av oss. Mange hadde til og med fått med seg kva tekstane som vart leste på engelsk hadde handla om. Så var det underholdningskveld på kyrkja om kvelden. Det var leikar og quiz og god stemning. Og me vart enda betre kjent med konfirmantane frå Bergen.

Så vart det endeleg den store shoppingdagen! På lørdagen skulle alle konfirmantane få ta seg ut i Oxford street og dei andre handlegatene. Her var det fleire av oss som hadde mykje krefter igjen til ein skikkeleg inn-sats i dei ulike butikkane. Leiarane avtala oppmøtestad med konfirmantane og nytta høvet til å finna seg ein kafé eller restaurant.

Søndagen måtte alle tidleg opp. Kyrkja måtte klargjerast til gudsteneste kl. 11. Og alle jentene hadde jo over-natta i kyrkjerommet. Så det var å hiva i seg frukosten, pakka alt og stikka ut i parken. No skein og sola, så det var som bestilt. Fleire av dei vaksne var igjen for å gjera klart til gudsteneste.

Etter eit par timar med Bom 50 i vårsola var det klart for gudsteneste. Dette var ei gudsteneste me kjente igjen frå heime, men me sat like fint for det. Etter gudstenesta var det tid til ein tur langs Themsen, eller ein siste hand-letur før det var tid for avreise.

På Flesland seint om kvelden var det tid for å ta avskil med alle dei kjekke ungdommane frå Bergen og kl. 02.00 om natta sette me endeleg beina på fast grunn i Sandvikvåg. Stemninga var framleis god og alle var einige om at det hadde vore ein strålande tur.

Erle Sirnes Yttredal og Madeleine Pedersen

I Sjømannskyrkja. Frå venstre: Erle Sirnes Yttredal, Martine Mellemstrand, Linnea Aaserud, Maylinn Folgerø Husa, Annie Myhre, Madeleine Pedersen.

Framfor Piccadilly Cirkus: F.v.: Therese Fjæra Almås, Erle Sirnes Yttredal, Martine Mellemstrand, Oda Rolfsnes, Linnea Aaserud Hystad og Tuva Thorkildsen Solhaug.

Framfor Buckingham palace: F.v.: Andreas Bolkan, Marius Lerøy, Johannes Isdahl Føyen, Jakob Morvik, Ole Jørgen Vinsjevik Rogne og Mathias Matre.

6

Page 7: Mange konfirmantar - kyrkja-stord.no1. februar. Han vart innsett i tenesta 14. februar med gudsteneste og kyrkjelydsfest. Stord: - Åse Selsvold (43) frå Bømlo vart tilsett som kyrkjelydspedagog

Nye fellesråd i Sunnhordland prosti

Bømlo:19.06: Bremnes kl. 11.00 Bømlo kl. 17.0003.07: Moster kl. 11.0010.07: Bremnes kl. 11.0017.07: Lykling kl. 11.0024.07: Bømlo kl. 11.00 Espevær kl. 15.0029.07: Moster gamle kyrkje kl. 19.0031.07: Bremnes kl. 11.0007.08: Lykling kl. 11.0014.08: Moster kl. 11.00

Etne: 19.06: Etne kl. 19.0026.06: Fjæra kl. 11.00 Frette kl. 17.0003.07: Etne kl. 11.0010.07: Ikkje gudsteneste17.07: Skånevik kl. 11.00 Etne kl. 19.0024.07: Gjerde kl. 11.00 Fjæra kl. 17.0031.07: Etne kl. 11.0007.08: Stødle kl. 11.0014.08: Etne kl. 11.00

Fitjar:19.06: Fitjar kl. 11.00 26.06: Fitjar kl. 11.0003.07: Fitjar kl. 11.0010.07: Fitjar kl. 11.0017.07: Fitjar kl. 11.0024.07: Fitjar kl. 11.0031.07: Fitjar kl. 11.0007.08: Fitjar kl. 11.0014.08: Friluftsgudsteneste på ”Sjøsio” kl. 11.00 i s.m. Fitjarfestivalen

Fjelberg og Eid:26.06: Fjelberg kl. 11.0003.07: Eid kl. 11.0010.07: Friluftsgudstenste i s.m. Øydagane24.07: Eid kl. 11.00

31.07: Halsnøy Kloster kl. 15.00 Friluftsgudsteneste14.08: Eid kl. 11.00

Husnes og Holmedal: 19.06: Holmedal gamle kyrkjestad kl. 14.00 26.06: Valen kl. 11.0003.07: Holmedal kl. 19.0010.07: Husnes kl. 11.00 31.07: Holmedal kl. 11.0007.08: Husnes kl. 11.00

Uskedal:17.07: Uskedal kl. 11.0014.08: Uskedal kl. 19.00

Kvinnherad:19.06: Ølve kl. 11.0026.06: Kvinnherad kl. 11.00 Ænes kl. 15.00 (Med KFUK/KFUM)03.07: Varaldsøy kl. 11.0010.07: Kvinnherad kl. 11.0017.07: Ølve kl. 19.00 24.07: Ikkje gudsteneste31.07: Ænes kl. 19.00 07.08: Kvinnherad kl. 11.0014.08: Varaldsøy kl. 15.00 Ølve kl. 19.00

Stord:19.06: Stord kl. 11.0026.06: Nysæter kl. 11.0003.07: Stord kl. 11.00 10.07: Nysæter kl. 11.0017.07: Stord kl. 11.0024.07: Nysæter kl. 11.00 Huglo kl. 11.00 Friluftsgudsteneste31.07: Stord kl. 11.0007.08: Nysæter kl. 11.00 14.08: Stord kl. 11.00

Sveio: 19.06: Eikeland kl. 11.0026.06: Sveio kl. 11.0003.07: Førde kl. 11.0010.07: Sveio kl. 11.0017.07: Ikkje gudsteneste24.07: Ikkje gudsteneste29.07: Valen kapell/ Kirkegården ved havet kl. 19.0031.07: Valestrand kl. 11.0007.08: Eikeland kl. 11.0014.08: Førde kl. 11.0014.08: Sveio kl. 13.00

Tysnes: 19.06: Friluftsgudsteneste

Solstråleøya kl. 12.00 Båtskyss frå Våge kai26.06: Tysnes kl. 11.00 03.07: Ikkje gudsteneste04.07: Gudstenestefest Uggdal kyrkje kl. 11.00 Tilrettelagt for born frå 0 - 10010.07: Tysnesfestgudsteneste i Bermudateltet kl. 12.0017.07: «Open gard» med gudsteneste i Gamlaløo Gjøvåg kl. 11.0024.07: Tysnes kl. 11.0031.07: Olsokmesse Onarheim kl. 19.00 07.08: Tysnes kl. 11.00 14.08: Solheimsdal stemne på Skartveit kl. 11.00

Gudstenester i Sunnhordland prosti sommaren 2016

Uggdal kyrkje

Fitjar kyrkje

Bømlo kyrkjelege fellesrådRoald Stautland - leiarBerit Hallaråker - nestleiarElisabeth D. Håland Bjørnevik Odd Kåre SakseidSolfrid Kjellaug Lønning Trygve Totland Elin Taranger Mona Ingvaldsen HodneSammy Olsen - kommunal representantAsbjørn Gundersen - geistleg representant

Varamedlemer:Bremnes 1. vara Anne Berit T. Hope2. vara Per NygårdLykling1. vara Sissel Steinsland Gåsland2. vara Leif Steinar SakseideMoster1. vara Rune Sivertsen2. vara Per Harald GjerdeBømlo1. vara Odd Ingvar Nilssen2. vara Elin VoldOlava Gilje Nord - kommunal vararepr. Roald Drønen – geistleg vararepresentant

Etne kyrkjelege fellesrådJørgen Hopland – leiarReidar Leknes – nestleiarReidun Holmen Jostein Lygre Sjur Aakra – kommunal representantPer Hjemdal – geistleg representant

Varamedlemer:Inger Mari Melkeraaen Silje Malene GarvikGrethe Tesdag Anne Jorunn LindevikLars Ebne – kommunal vararepresentantStein Ove Skadal – geistleg vararepresentant

Fitjar kyrkjelege fellesrådRasmus Fitjar – leiarTerje Havro - nestleiarHelga Olsen Aadland Sigrid Marie FangelSindre AarbøGunnvald AarbøMette Elisabeth LambachBodil NesseSigurd Andrè Maraas - kommunal repr.Olav Johannes Oma – geistleg representant

Varamedlemer:Peder Rygg DrønenArne PrestbøSolbjørg Larsen TverderøyTove Helen Løland AarskogAase Rygg NøttveitAgnar Aarskog – kommunal vararepr.Svein Arne Theodorsen – geistleg vararepr.

Kvinnherad kyrkjelege fellesrådTorstein Aarthun - leiarLars Johan Næs - nestleiarAud Irene FlatebøMøyfrid KristoffersenErik Johan FurdalAirin Helene ZimmerTone B Johansen

Randi HaukenesJohannes SolheimTorgils Samland Våge - kommunal repr.Reidar Ådnanes - geistleg representant

Varamedlemer:Ann Merethe JakobsenSunniva TveitoSvanhild HauglandOddrun BergeKari Kristin LjostveitLinda Raa AlvheimHaktor AakreEinar OppedalKarianne BjørnstadLise Rørvik – kommunal vararepresentantJan Ove Totland – geistleg vararepresentant

Stord kyrkjelege fellesrådNils Dale Elde, leiarMarit Stalheim Grimstad, nestleiarKjellaug Stautland EideLovise Sæbø HeimroLiv Kari Eskeland – kommunal representantArnt Johan Vistnes – geistleg representant

Varamedlemer:Heine KaldefossLiv Jorunn AlvsåkerTorbjørn Brosvik – kommunal vararepr.Svein Arne Theodorsen – geistleg vararepre-sentant

Sveio kyrkjelege fellesråd Ragnhild Elise Lysen - leiar Tor Helge Hardeland - nestleiarBent Rune Hansen Sinnes

Astrid Farestveit GaneKjell Gunnar Nymark - kommunal repr.Arild Steinsland – geistleg representant

Varamedlemer:Sveio:1. vara: Hildur Larsen2. vara: Haldis Økland LierValestrand og Førde:1. vara: Monica Sakkestad2. vara: Eirik EriksenSvein Arne Theodorsen – geistleg vararepr.

Tysnes kyrkjelege fellesrådLeiv Magne Hovland - leiarJohanne Dalland - nesteleiar Endre O. EplandKjell Arild Lien Kari Elin Brandt Arvid Økland Kristin T. Gjerstad Kleppe - kommunal repr.Marit Isaksen Espedalen – geistleg repr.

Varamedlemer:Tysnes:1. vara: Olav Teigland2. vara: Åse Enes Uggdal og Reksteren: 1. vara: Jan Økland2. vara: Elisabeth SandvenOnarheim:1. vara Magne Storesætre2. vara Grethe BarmenMagnar Solheim - kommunal vararepr.Jørgen Knudsen – geistleg vararepr.

I september var det kyrkjeval. Då vart det vald sokneråd i dei 23 sokna i prostiet. I kvar kom-mune skal det vere eit kyrkjeleg fellesråd. Sokneråda valde i haust medlemer til kyrkjeleg fellesråd. I tillegg har kommunen ein represen-tant og biskopen har ein prest i fellesrådet.

Fellesrådet sitt ansvar og oppgåver fylgjer av § 14 i Kyrkjelova:

«Kirkelig fellesråd skal ivareta administrative og økonomiske oppgaver på vegne av soknene, utar-beide mål og planer for den kirkelige virksomhet i kommunen, fremme samarbeid mellom menig-hetsrådene og ivareta soknenes interesser i forhold til kommunen.»«Kirkelig fellesråd er ansvarlig for:a) bygging, drift og vedlikehold av kirkerb) anlegg, drift og forvaltning av gravplasser

c) opprettelse og nedleggelse av stillinger som lønnes over fellesrådets budsjettd) anskaffelse og drift av menighets- og prestekontorg) anskaffelse av lokaler, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæring

Kirkelig fellesråd foretar tilsetting av og har arbeidsgiveransvaret for alle tilsatte som lønnes over fellesrådets budsjett.

Medlemer og vara-medlemer i dei 7 kyrkjelege fellesråda i Sunnhordland. For leiarane er det og med eit bilete:

Foto

: Ole

Ska

ten,

Bl

adet

Tys

nes

7

Page 8: Mange konfirmantar - kyrkja-stord.no1. februar. Han vart innsett i tenesta 14. februar med gudsteneste og kyrkjelydsfest. Stord: - Åse Selsvold (43) frå Bømlo vart tilsett som kyrkjelydspedagog

27. mai har Bømlo Teater urpremiere på sogespelet I slik ei natt. I 2015 vart Mostraspelet – Kristkongane på Moster av Johannes Heggland, sett opp for 31. gong. Fram til 2013 gjekk spelet kvart år i 30 år, noko som gjer spelet til det lengst levande i Noreg etter Stiklestadspelet. Mange har gjennom desse åra sett Mostraspelet. I slik ei natt er heilt nytt. Det har nytt manus, ny historie, ny musikk, nye kostymer og ny scenografi.

I slik ei natt er skrive av Svein Tindberg, ein av Noregs frem-ste skodespelarar og tekstformidlarar og i fleire år skode-spelar og regissør for Kristongane på Moster. Hans bror Ivar Tindberg har regien. Far deira Snorre Tindberg var med å teikne Moster Amfi.

Musikken er skriven av Kjetil Bjerkestrand, ein av Noregs best renommerte komponistar av film- og teatermusikk. I slik ei natt er eit fullstendig nytt teaterstykke utan anna samanheng med Kristkongane på Moster enn at begge delvis er bygd over hendinga på Moster i 1024. På og bak scena står Bømlo Teaters eigne frivillige skodespelarar, godt styrka av nokre profesjonelle aktørar. Omlag 150 lokale eldsjeler er engasjert i arbeidet med å planlegge og gjennomføre spelet.

Det nye spelet fortel om Olav Haraldsson sitt liv og reise før han kom til Moster og om når han sette Kristenretten her i 1024. Kristenretten var ei hending som blir sagt å ha definert Noreg som rettsstat i overgangen frå norrøn til kristen religion og lovsystem.

Me følgjer det unge kongsemnet, etterkomar etter Harald Hårfagre, gjennom dei føregåande opplevingane som

endrar han frå ein nådelaus viking og drapsmann til den kristne legenda seinare kjent som Olav Digre, Heilag Olav og Rex perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge. Hand-linga føregår på Moster, i England, i Frankrike, ombord på skipa, på Selja og i Cádiz. Me møter eit rikt persongal-leri og Tindberg har på meisterleg vis fletta vågal humor saman med grunning over eksistensielle spørsmål om tru, liv og død. Problemstillingane er gjort like relevante for menneske i dag som den gong, anten det gjeld tru eller menneskeverd.

Olav Haraldsson er det enkeltmennesket som har betydd mest for Noreg som nasjon og som har gjort Noreg mest kjent i den store verda. Han er myteomspunnen og opphav til ei mengd legender. Me veit så mykje om han og samstundes så lite. Tindberg har funne ein moderne veg inn i eit slags mysteriespel som blir styrka av Bjerke-strand sin musikk, Ivar Tindberg sin regi og det visuelle uttrykket til scenograf og kostymedesiger Gjermund Andresen.

Blant skodespelarane finn vi Rolf Kristian Larsen som Olav Haraldsson, Svein Tindberg som Tore Hund, mannen som drap Olav på Stiklestad. Andre er Randolf Walderhaug, Anderz Eide, Kadir Talabani, Nina Sele, Brynjar Stautland, Geir Ersland, Vilde Stokke, Ingunn Rolfsnes og mange fleir.Det er ein unik scene på Bømlo: Moster Amfi. Eit utandørs amfiteater med omlag 1100 sitjeplassar. Scenen vart bygd for urpremieren til Kristkongane på Moster i 1984, i ei ned-lagt marmorgruve og etter modell frå dei antikke, greske amfiteatra. Amfiet er no nyrenovert med nye benkar med ryggstø og utbedra scene.

I samband med Mostraspelet 2016, vil forfattar Maria Parr få tildelt Tora Mostrastongprisen. Dette skjer på ”Toratref-fet” laurdag 28.05 kl. 15.00 i Amfisalen.

Maria Parr får prisen som kulturformidlar – særleg retta mot barn og unge. Gjennom bøkene sine løftar ho fram

kulturarven vår i språk, miljøskildring og kommunikasjon mellom generasjonar.

I tillegg til prisvinnaren tek forfattar Bjørn Sortland og Damekoret Corona del.

Nytt 1000 – års jubileumVi ser fram til eit nytt 1000 – års jubileum. I 1024 fekk Olav Haraldsson med god hjelp av biskop Grimkjell vedteke Kristenretten på Mostratinget, eit nytt juridisk system med nye verdiar. Styret i MA har vedteke å invitera til eit årleg seminar fram mot 2024. Det fyrste seminaret kjem siste helga i mai. Her vert det foredrag ved Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved det juridiske fakultet ved Universi-tetet i Bergen. Det vert musikk ved Barbro Høyland Andersen, fløyte og Bjarte Aadland, piano. Møteleiarer Svein Arne Theodorsen. For påmelding, sjå http://www.bomlo.net/omtale/?s=j8a3lx

Frå Sinai til SiggjoProfessor Sunde skriv m.a. dette om temaformuleringa:«Dei ti bodorda vart gjevne til Moses på Sinais fjell som rettleiing for det jødiske folket. Dei hadde forlate det vel-organiserte egyptiske riket, og trengte nye strukturar som rammeverk for det samfunnet dei sjølve skulle skapa seg på vegen til det lova landet. Dei ti bodorda tente som eit verdimessig fundament for dette nye samfunnet. På byrjinga av 1000-talet var kristninga av Noreg kome så langt at kristendomen gjekk frå å vera eit verdimessig fundament for einskildpersonar til å verta det for heile samfunnet. Vedtakinga av kristenretten på Moster i 1024 var eit viktig steg i den retninga. Det kan sjå ut som at kristenretten var ein del av ei vidare reform av heile retten i Gulating. Som ein del av reforma henta ein inn reglar frå mosaisk rett. Og ein ser ut til å ha nytta nokre av dei ti bod-orda som verdimessig fundament for den nye retten.Behovet for eit nytt verdifundament på 1000-talet skuldast endringar i religiøse førestillingar, og endringar i sjølve statsdanninga. Som jødane i Sinai 1200 f.Kr, var ein på veg bort frå ei samfunnsordning til ei anna som enno ikkje hadde noko form. På 1000-talet var ein på veg bort frå ættesamfunnet mot den gryande statsdanninga. I dag er ein på veg frå ein nasjonalstat til ein transnasjonal stat der samkvemmet mellom dei gamle nasjonalstatane er sterkt aukande. Men ein har enno ikkje formulert eit verdimessig fundament for dei nye samfunnsstrukturane. Skal ein handskast med finans- og flyktningkrise, og kom-ande utfordringar, må ein ha eit verdifundament å treffa sine val ut i frå.»

Urpremiere på Mostraspelet ”I slik ei natt”

Moster 2024-seminar Sundag 29.05 kl. 15.00 Amfisalen, Moster Amfi og Kyrkjehistoriske Senter (MA)«Frå Sinai til Siggjo. Gud og menneske i fortid og framtid.»

Spelet om Kristkongane som kom på land på Moster og krossen på Vetahaugen til minne om kristenretten, som vart sett her i 1024, har vore ei ramme rundt mostraspels- gudstenesta, ofte feira i pinsa. I år vert gudstenesta 29. mai kl.13. Same dagen skal professor Jørn Øyrehagen Sunde ha seminar kl.15 – «Frå Sinai til Siggjo» -, og det nye mostraspelet «I slik ei natt» vert framført på kvelden. Amfiet er renovert dei siste månadane. På gudstenesta i år får kyrkjelyden sitja på nye benkar – med ryggstø.

Talar på gudstenesta vert Herman Inge Aadland. Dei lokale prestane frå Bømlo medverkar. Bømlo Janitsjar spelar, og kyrkjekora frå Moster og Bremnes leier oss gjennom salmane, dirigert av kantor Øystein Skullerud. Me håpar at mange frå Sunnhordland vil finna vegen til Moster Amfi søndag 29. mai, til fellesskap om Guds ord, bøn, lovsong og for å feira at landet vårt har fått vorte forma av kristen tru og kristne verdiar. Velkomen!

Aksel Lygre,Sokneprest

MOSTRASPELS- GUDSTENESTE Søndag 29. MAI

Toratreffet 2016

8