kom 02 11 2015 - gloppen · 02.11.2015 kommunestyret anniken rygg gjekk frå som ugild i saka i...

39
Side 1 GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET MØTEBOK Møtedato: 02.11.2015 Møtetid: Kl. 09:00 – 12:30 Møtestad: Kommunestyresalen Saksnr.: 060/15 - 072/15 Desse medlemmene møtte: Parti Leidulf Gloppestad Sp Magni Aa Berge Sp Jeffrey Thomas Sp Kent Øystein Hjelle Sp Bernt Reed Sp Jostein Arne Røyrvik Sp Vidar Sandal Sp Per Rune Vereide Sp Marit Straume Sp Solveig Lien Gusdal Sp Svein-Ottar Sandal Krf Arnfinn Brekke Krf Leidulf Rygg Bogstad Krf Venke Kollbotn Krf Per Ståle Husevåg Krf Audun Mundal Krf Frode Fagerli Krf Arnar Kvernevik Ap Liv Petra Holme Ap Gunnvor Sunde SD Edgar Kvernevik SD Anniken Rygg H Jan Asle Rustøen H Mariel Eikeset Koren MDG Hege Lothe SV Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Olaf Sigurd Gundersen Sp Ola Henning Ommedal Sp Bjarte Gangeskar V Sjur Atle Austrheim V Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Anniken Rygg 62/15 6, 1e) Ingen Anniken Rygg 63/15 6, 1e) Ingen

Upload: others

Post on 02-Jan-2021

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 1

GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET

MØTEBOK

Møtedato: 02.11.2015 Møtetid: Kl. 09:00 – 12:30 Møtestad: Kommunestyresalen Saksnr.: 060/15 - 072/15 Desse medlemmene møtte: Parti Leidulf Gloppestad Sp Magni Aa Berge Sp Jeffrey Thomas Sp Kent Øystein Hjelle Sp Bernt Reed Sp Jostein Arne Røyrvik Sp Vidar Sandal Sp Per Rune Vereide Sp Marit Straume Sp Solveig Lien Gusdal Sp Svein-Ottar Sandal Krf Arnfinn Brekke Krf Leidulf Rygg Bogstad Krf Venke Kollbotn Krf Per Ståle Husevåg Krf Audun Mundal Krf Frode Fagerli Krf Arnar Kvernevik Ap Liv Petra Holme Ap Gunnvor Sunde SD Edgar Kvernevik SD Anniken Rygg H Jan Asle Rustøen H Mariel Eikeset Koren MDG Hege Lothe SV Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Olaf Sigurd Gundersen Sp Ola Henning Ommedal Sp Bjarte Gangeskar V Sjur Atle Austrheim V Ugilde Sak § i forv.lova Følgjande varamedl. møtte Anniken Rygg 62/15 6, 1e) Ingen Anniken Rygg 63/15 6, 1e) Ingen

Page 2: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 2

Møteleiar: Leidulf Gloppestad Frå adm. møtte: − Rådmann Jan Kåre Fure

− Organisasjonssjef Geir Liavåg Strand − Helse- og omsorgssjef Anita Lothe − Teknisk sjef Kjell Petter Solhaug − Oppvekstsjef Olav Fure

Andre: Styreleiar i Gloppen Energi AS, Ingolf Aagård i sakene 62/15 og 63/15

Utlevert i møtet: Framlegg til uttale frå kommunestyret om E39 Byrkjelo-Sandane. Framlegget vart teke opp som eiga sak på møtet – sak 72/15

Orientering: Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Rådmannen presenterte sitt framlegg til årsbudsjett for 2016, med

økonomiplan fram til 2019 Underskrifter: Leidulf Gloppestad Jeffrey Thomas Svein-Ottar Sandal SAKLISTE Sak nr. Sakstittel

060/15 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste

061/15 Referat og orienteringssaker

062/15 Endring av generalforsamling i Gloppen Energi AS

063/15 Opptak av lån til betaling av restverdi på Gloppenstasjonane

064/15 Samarbeidsavtalar med Helse Førde - delavtalar om psykisk helse og rus, beredskap og lærings- og meistringstilbod.

065/15 Spørsmål om etablering av lokal særavtale i samband med nye reglar i arbeidsmiljølova frå 1. juli 2015

066/15 Fastsetting av namn på samanslege utval

067/15 Endringar i reglementet for administrasjonsutvalet

068/15 Val av eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne - perioden 2015-2019

069/15 Fastsetting av pris på areal i Åslyvegen

070/15 Tilbod om kjøp av gbnr 5/39 i Bukta - Øyravaulen

071/15 Etterlønn/ventelønn til folkevalde

072/15 Uttale om utbetring av E39 Byrkjelo-Sandane

Page 3: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 3

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Kommunestyret 02.11.2015 060/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 15/1368-1

Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Møteboka frå konstituerande det kommunestyremøtet den 2. oktober i år blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.

ORDFØRAREN SI TILRÅDING : 1. Kommunestyret godkjenner møteboka frå sitt møte den 2. oktober 2015 2. Kommunestyret godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 2. november 2015. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET 060/15 VEDTAK : 1. Kommunestyret godkjenner møteboka frå sitt møte den 2. oktober 2015 2. Kommunestyret godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 2. november 2015. Vedtaket var samrøystes.

Page 4: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 4

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Kommunestyret 02.11.2015 061/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Arkiv: 033 Objekt:

Arkivsaknr.: 15/1367

Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel

1 15/9687 S 25.08.2015 Løyving til opprusting av badebassenget i Hyen - omdisponering i investeringsbudsjettet

Rådmannen vil be om å få sjå på saka om mellombels opprusting av bassenget i Hyen ein gong til for å vere sikker på at vi gjer dette arbeidet i samsvar med gjeldande forskrifter. Orienteringar: Årsbudsjett 2016 og økonomiplanen Presentasjon av rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2016 og økonomiplan fram til 2019. Presentasjonen blir til slutt i møtet.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET 061/15 VEDTAK : Kommunestyret tar referatsaka til orientering. Vedtaket var samrøystes.

Page 5: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 5

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 28.10.2015 121/15 Kommunestyret 02.11.2015 062/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 255 S10

Arkivsaknr.: 15/1207-12

Endring av generalforsamling i Gloppen Energi AS Ingen vedlegg. Styret for Gloppen Energi AS si utgreiing av saka:

Bakgrunn for saka Gloppen Energi (GE) er i dag 100 % eigd av Gloppen kommune. I samband med omorganisering av kommunen sine kraftverdiar, ref sak 47/15 til kommunestyret, er det gjort vedtak om at SFE blir medeigar i selskapet GE med 30 % frå 01.01.2016. Kommunestyret er i følgje tidlegare vedtak selskapet si generalforsamling. Dette er lite hensiktsmessig når det vert fleire eigarar i selskapet. Saka gjeld endring av kven som representere kommunen på selskapet si generalforsamling. Utgreiing Ordninga med at kommunestyret er selskapet si generalforsamling vil fungere greitt så lenge kommunen er 100 % eigar av selskapet. Viktige og prinsipielle saker kan derfor leggast fram i selskapet si generalforsamling til drøfting og vedtak. Frå 01.01.2016 vil SFE bli medeigar i selskapet og noverande ordning bør derfor endrast. Omorganisering av kommunen sine kraftverdiar er eit omfattande arbeid og med mange transaksjonar mellom SFE, kommunen og selskapet og som må gjerast i rett rekkefølgje. Selskapet er i full gang med dette arbeidet. Det er muleg at ein del transaksjonar krev vedtak i GE si generalforsamling også før årsskiftet og at det må haldast fleire møte. Det kan derfor vere vanskeleg å tilpasse dette til kommunestyret sin møteplan. Det blir derfor foreslått at ordninga med at kommunestyret er selskapet si generalforsamling vert endra frå 02.11.2015. Det er naturleg at det er ordføraren som representerer kommunen i GE si generalforsamling. Det er ein føresetnad at ordføraren i viktige og prinsipielle saker sørgjer for politisk drøfting og avklaring før handsaming i selskapet si generalforsamling. Forslag til vedtak Styret i Gloppen Energi tilrår Gloppen kommunestyre å gjere slikt vedtak:

Page 6: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 6

Ordføraren får fullmakt til å representere kommunen på Gloppen Energi si generalforsamling med verknad frå 02.11.2015. Det er ein føresetnad at ordføraren sørgjer for politisk drøfting og avklaring i viktige og prinsipielle saker for kommunen og selskapet.

Rådmannen si vurdering: Rådmannen har ikkje noko å legge til utgreiinga og framlegget frå styret i Gloppen Energi AS. Rådmannen legg til grunn at formannskapet – som kommunen sitt økonomiutval – i stor grad er det utvalet som ordføraren drøfter og avklarar saker med.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre gjev ordføraren fullmakt til å representere kommunen på Gloppen Energi AS si generalforsamling med verknad frå 2. november 2015. Det er ein føresetnad at ordføraren sørgjer for politisk drøfting og avklaring i viktige og prinsipielle saker for kommunen og selskapet. Kommunestyret er innforstått med at formannskapet som hovudregel er det utvalet som ordføraren drøfter av avklarar prinsipielle saker med. 28.10.2015 FORMANNSKAPET Framlegg frå Gunnvor Sunde (SD):

Gloppen kommunestyre gjev formannskapet fullmakt til å representere kommunen på Gloppen Energi AS si generalforsamling med verknad frå 2. november 2015.

Framlegget fekk ei røyst. 121/15 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart innstilt med åtte røyster. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er med i styret i Gloppen Energi AS. Framlegg frå Gunnvor Sunde (SD):

Gloppen kommunestyre gjev formannskapet fullmakt til å representere kommunen på Gloppen Energi AS si generalforsamling med verknad frå 2. november 2015.

Framlegget fekk tre røyster. 062/15 VEDTAK :

Page 7: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 7

Gloppen kommunestyre gjev ordføraren fullmakt til å representere kommunen på Gloppen Energi AS si generalforsamling med verknad frå 2. november 2015. Det er ein føresetnad at ordføraren sørgjer for politisk drøfting og avklaring i viktige og prinsipielle saker for kommunen og selskapet. Kommunestyret er innforstått med at formannskapet som hovudregel er det utvalet som ordføraren drøfter av avklarar prinsipielle saker med. Vedtaket var gjort mot tre røyster.

Page 8: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 8

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 28.10.2015 122/15 Kommunestyret 02.11.2015 063/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 255 S10

Arkivsaknr.: 15/1207-13

Opptak av lån til betaling av restverdi på Gloppenstasjonane Ingen vedlegg. Styret for Gloppen Energi AS si utgreiing av saka:

Bakgrunn for saka Gloppen kommunestyre handsama i sak 47/15 den framtidige organisering av kommunen sine kraftverdiar. Basert på vedtaket blir Gloppenstasjonane overført til selskapet Gloppen Energi (GE), aksjane i SFE blir tilbakeført frå GE til Gloppen kommune og SFE blir medeigar i GE med ein andel på 30 % av aksjekapitalen gjennom ein retta aksjeemisjon. Iverksetting vert frå 01.01.2016. I samsvar med vedtak vil GE sin balanse bli restrukturert og kommunen sine lån på ca 77 mill. kr (60 + 17 mill. kr) blir konvertert til aksjekapital. Saka gjeld låneopptak i Gloppen kommune for innfriing av restverdien av investeringar på ca 25 mill. kr som SFE har gjennomført i leigeperioden i samsvar med leigeavtala frå 1995. Forslag til vedtak i saka er i samsvar med framstilling i sak 047/15.

Utgreiing Oppgjeret for investeringane som SFE har gjort i leigeperioden er regulert i leigeavtala frå 1995 og kommunen har tidlegare vurdert at tilstanden på Gloppen stasjonane er i samsvar med avtalte vilkår ref eigen rapport frå konsulentselskapet Sweco. Restverdien på ca 25 mill. kr, som kommunen skal betale, har direkte referanse til Gloppen-stasjonane og bør derfor følgje overføring av stasjonane til GE. Advokatselskapet Lund & Co har vurdert muligheten for at Gloppen kommune låner 25 mill. kr (Kommunalbanken) til betaling av restinvesteringane på 25 mill. kr hos SFE. Dette er det høve til etter kommunelova sjølv om stasjonane blir vidareført til GE og med to alternativ: • Kommunen betaler rente/avdrag på lånet til kommunalbanken og får kompensert

sine utgifter gjennom utbytte frå GE. • Kommunen gir eit lån på 25 mill. kr til GE i samband med overføring av Gloppen

stasjonane og med vilkår som minst gir rentedekning og avdrag tilsvarande kommunen sitt lån i Kommunalbanken.

Page 9: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 9

Kommunen vil innfri kravet og utbetale beløpet til SFE etter at låneopptaket er gjennomført. Det vil såleis ikkje bli utbetalt midlar til GE, men i samband med overføring av kraftverka vil verdien bli gjort opp med aksjar og lån frå kommunen. Fordelen med dette er at selskapet/eigar får nytte av gunstig opplåning i Kommunalbanken. Ettersom det er skattemessig frådrag for renter i GE og utan at renter blir skattelagt i kommunen vil selskapet få ein skattefordel med lån frå kommunen samanlikna med alternativet med utdeling av utbytte. Samanlikna med rentenivå på opplåning i marknaden i dag vil opplåning i Kommunalbanken gje ein kostnadsreduksjon på ca kr 340.000 årleg for selskapet/eigar. For at kommunen og SFE skal vere likestilt i samarbeidet er det også avklart at SFE vil yte eit lån ( ca 10,7 mill. kr) til GE tilsvarande sin eigarandel dersom lån frå kommunen og til same vilkår. GE vil såleis samla få gode rentevilkår på sin låneportefølgje. Etter konvertering av kommunen sine lån til GE til aksjekapital har selskapet igjen eit lån til Sparebanken på 60 mill. kr. Kommunestyret har i sak 23/15, den 23. mars, gitt ein kommunal garanti for dette lånet. Kommunaldepartementet har imidlertid ikkje godkjend denne garantien med bakgrunn i kommunelova. Det er såleis ikkje aktuelt å nytte denne garantien. Det er heller ikkje høve for kommunen å overta dette lånet. Etter at emisjonen mot SFE er gjennomført og begge partar har gitt lån til selskapet vil lånegjelda i GE vere om lag slik: Restlån i Sparebanken: 20 mill. kr Lån til kommunen 25 mill. kr Lån til SFE 11 mill. kr Sum 56 mill. kr Illustrasjon av balansen for GE etter transaksjonar og emisjon samt nye lån frå SFE og kommunen: Lån frå Gloppen kommune og SFE Kraftstasjonar (inkl. skatt) 150,0 MNOK Omløpsmiddel 3,3 MNOK Gjeld til sparebanken -60,0 MNOK Gjeld til SFE 0,0 MNOK Gjeld Gloppen kommune -25,0 MNOK Verdi aksjar 68,3 MNOK Emisjonsbeløp: 29,3 MNOK Total verdi etter emisjon: 97,6 MNOK Lån gitt frå SFE til GE: 10,7 MNOK Sum "innskot" frå SFE 40,0 MNOK Tilleggsverdi konsesjon: 15,8 MNOK Retta emisjon mot SFE 6,8 MNOK

Page 10: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 10

Eigedelar: Fallrett 70,0 MNOK Kraftstasjon 100,3 MNOK Omløpsmiddel 3,3 MNOK Sum eigedelar 173,7 MNOK EK og Gjeld: Utsett skatt 20,3 MNOK Lån Sparebanken 20,0 MNOK Lån Gloppen kommune 25,0 MNOK Lån SFE 10,7 MNOK Eigenkapital 97,6 MNOK Sum EK og Gjeld 173,7 MNOK Det framgår at strukturen i balansen blir god og med akseptabel lånegjeld. Den eksterne lånegjelda, utanom lån frå eigarane vil vere ca 20 mill. kr På bakgrunn av verdiane av Gloppen stasjonane på 150 mill. kr som blir overført til GE er det liten økonomisk risiko for kommunen med eit lån til selskapet, som har ein eigenkapital på ca 55% etter at omorganiseringa er gjennomført. Det vil likevel vere naturleg at kommunen blir orientert om den økonomiske utvikling i selskapet og at kommunen vurderer sitt engasjement ved eventuelle nye låneopptak i selskapet. Til orientering er rehabilitering av stasjonane kalkulert til ca 76 mill. kr og utbygging av ny kraft til 94 mill. kr til saman ca 170 mill. kr. Begge desse tiltaka vil medføre nye låneopptak for selskapet og det vil ikkje vere høve til ny opplåning i Kommunalbanken til desse prosjekta. Konklusjon Styret i Gloppen Energi tilrår at kommunen, med bakgrunn i kommunelova, tek opp eit lån på 25 mill. kr i Kommunalbanken til innfriing av restverdi på investeringar som SFE har gjort i leigeperioden i samsvar med leigeavtala frå 1995. Avtale om lånevilkår i Kommunalbanken vert gjort i samarbeid med Gloppen Energi. Arbeidet med omorganisering av Gloppen kommune sine kraftverdiar 01.01.2016 går som planlagt. Det er eit omfattande arbeid og med ekstern kvalitetssikring av dei ulike transaksjonane både av økonomisk, skattemessig og juridisk art. Arbeidet blir gjort i nært samarbeid med SFE. I kommunestyret sitt vedtak i saka vart det teke slikt atterhald: Det vert teke atterhald om at det ikkje oppstår uønska negative konsekvensar av økonomisk og/eller skattemessig art ved kvalitetssikring av modellen og transaksjonen. Det er ein føresetnad at dersom det oppstår vesentlege endringar i avtaler, verdi etc som følgje av dette, skal saka leggast fram for kommunestyret til handsaming. Det har så langt ikkje framkome negative konsekvensar som endrar dei føresetnader som vart lagt til grunn for kommunestyret sitt vedtak. Forslag til vedtak Styret i Gloppen Energi tilrår Gloppen kommunestyre å gjere slikt vedtak:

Page 11: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 11

1. Gloppen kommune tek opp eit lån i Kommunalbanken på inntil 25 mill. kr til innfriing av SFE sitt krav på restverdi på investeringar i Gloppenstasjonane ved utløpet av leigeperioden 31.12.2015. Lånevilkår vert avtalt etter avtale med Kommunalbanken og etter samråd med Gloppen Energi.

2. I samband med overføring av Gloppenstasjonane frå kommunen til Gloppen Energi vert verdiane gjort opp med aksjar i selskapet og eit lån på inntil 25 mill. kr. Vilkår for lånet vert avtalt mellom partane til marknadsmessige vilkår og fastsett etter at låneopptaket i Kommunalbanken er gjennomført. Lånevilkåra skal også samordnast med lån frå SFE på ca 10,7 mill. kr tilsvarande SFE sin eigarandel på 30% etter gjennomført emisjon.

Rådmannen si vurdering: Rådmannen har lite å legge til utgreiinga og framlegget frå styret i Gloppen Energi AS. Denne saka er ei direkte oppfølging av kommunestyret sitt vedtak frå 31. august i år, sak 47/15, der saka om framtidig eigarskap til Gloppenstasjonane vart vedteken. Innløysinga av «restverdien» på stasjonane og låneopptaket vil ikkje belaste kommunen sitt driftsbudsjett med dei føresetnadene som er lagt til grunn i saka, og som styret no følgjer opp. Transaksjonane som må gjerast som følgje av innløysinga, låneopptaket og overføringa av Gloppenstasjonane til Gloppen Energi AS vil bli innarbeidde i 2016-budsjettet.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre viser til sitt vedtak i sak 47/15, og gjer følgjande vedtak: 1. Gloppen kommune tek opp eit lån i Kommunalbanken på inntil 25 mill. kr til innfriing av

SFE sitt krav på restverdi på investeringar i Gloppenstasjonane ved utløpet av leigeperioden 31.12.2015. Lånevilkår vert avtalt etter avtale med Kommunalbanken og etter samråd med Gloppen Energi.

2. I samband med overføring av Gloppenstasjonane frå kommunen til Gloppen Energi vert

verdiane gjort opp med aksjar i selskapet og eit lån på inntil 25 mill. kr. Vilkår for lånet vert avtalt mellom partane til marknadsmessige vilkår og fastsett etter at låneopptaket i Kommunalbanken er gjennomført. Lånevilkåra skal også samordnast med lån frå SFE på ca 10,7 mill. kr tilsvarande SFE sin eigarandel på 30 % etter gjennomført emisjon.

28.10.2015 FORMANNSKAPET Under drøftinga i formannskapet vart beløpet i pkt 1 og 2 endra til 26 mill. kr. 122/15 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt med endring av at beløpet i pkt 1 og 2 skal vere 26 mill. kr. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET

Page 12: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 12

Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er med i styret i Gloppen Energi AS. 063/15 VEDTAK : Gloppen kommunestyre viser til sitt vedtak i sak 47/15, og gjer følgjande vedtak: 1. Gloppen kommune tek opp eit lån i Kommunalbanken på inntil 26 mill. kr til innfriing av

SFE sitt krav på restverdi på investeringar i Gloppenstasjonane ved utløpet av leigeperioden 31.12.2015. Lånevilkår vert avtalt etter avtale med Kommunalbanken og etter samråd med Gloppen Energi.

2. I samband med overføring av Gloppenstasjonane frå kommunen til Gloppen Energi vert

verdiane gjort opp med aksjar i selskapet og eit lån på inntil 26 mill. kr. Vilkår for lånet vert avtalt mellom partane til marknadsmessige vilkår og fastsett etter at låneopptaket i Kommunalbanken er gjennomført. Lånevilkåra skal også samordnast med lån frå SFE på ca 10,7 mill. kr tilsvarande SFE sin eigarandel på 30 % etter gjennomført emisjon.

Vedtaket var samrøystes.

Page 13: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 13

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Helse- og omsorgsutvalet 01.09.2015 027/15 Kommunestyret 02.11.2015 064/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Anita Lothe

Objekt: Arkiv: G &01

Arkivsaknr.: 12/319-51

Samarbeidsavtalar med Helse Førde - delavtalar om psykisk helse og rus, beredskap og lærings- og meistringstilbod.

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 252196 Psykisk helsetenester og rusbehandling 252197 Samarbeid og beredskap 252198 Samarbeid om lærings- og meistringstilbod Vedlegga er framlegg til delavtalar mellom Gloppen kommune og Helse Førde HF. Bakgrunn for saka: Saka er ei oppfølging av inngått rammeavtale med Helse Førde, godkjent av kommunestyret 6. februar 2012 sak 7/12. --- Saksutgreiinga nedanfor er i all hovudsak skriven etter mal frå KS Sogn og Fjordane og Helse Førde. Saksutgreiing: Det er i inngått rammeavtale mellom Helse Førde og Gloppen kommune bestemt at det skal utarbeidast delavtalar på m.a. desse områda:

• Psykiske helsetenester og rusbehandling • Samarbeid om beredskap • Lærings- og meistringstilbod

Psykiske helsetenester og rusbehandling Med bakgrunn i gjeldande rammeavtale, har partane gjennom ei felles arbeidsgruppe, utarbeidd framlegg til ein delavtale om psykiske helsetenester og rusbehandling. Avtalen omhandlar aktuelle fellestiltak og partane sitt ansvar. Dei fleste av punkta i avtalen er felles for psykiske helsetenester og rusbehandling, men det er i eit eige punkt omtalt nokre særskilte førsegner for rusbehandling. Avtaleframlegget har vore handsama i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet. Koordineringsrådet godkjende avtalen med tilkomne endringar den 20.11.14. Årsaka til at avtaleframlegget ikkje er blitt følgt opp vidare før no, er m.a. generelle kapasitetsutfordringar,

Page 14: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 14

og at ein har avventa arbeidet med andre relevante avtalar. Delavtalen går no til endeleg handsaming og underskrift hos partane. Avtalen erstattar gjeldande delavtale frå 2008 om psykiske helsetenester. Samarbeid om beredskap Også her har ei arbeidsgruppe med representantar for partane utarbeidd eit avtaleframlegg med bakgrunn i gjeldande rammeavtale. I tillegg har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane delteke i arbeidet. Avtalen utfyller pkt 5 i rammeavtalen, og vektlegg m.a. ansvar og rutinar når det gjeld varsling, psykososial omsorg og støtte, forsyningsberedskap, deling av ROS-analysar og beredskapsplanar, evaluering og oppfølging av beredskapssituasjonar og plan for felles øvingar. Avtaleframlegget har vore handsama i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet. Koordineringsrådet godkjende avtalen med tilkomne endringar den 01.06.15. Delavtalen går no til endeleg handsaming og underskrift hos partane. Lærings- og meistringstilbod Med bakgrunn i gjeldande rammeavtale og delavtale nr 2 om koordinerte tenester, har ei arbeidsgruppe med representantar for partane og brukarutvalet utarbeidd eit avtaleframlegg. Delavtalen har som føremål å avklare partane sitt ansvar for å bidra til å førebyggje, meistre og lære å leve med sjukdom/nedsett funksjonsevne - og å utvikle samarbeidet på dette området. Dette er ein viktig del av den samla rehabiliteringsverksemda. Avtaleframlegget har vore handsama i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet. Koordineringsrådet godkjende avtalen med tilkomne endringar den 01.06.15. Delavtalen går no til endeleg handsaming og underskrift hos partane. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Desse avtalane vil i seg sjølv ikkje påføre kommunen nye kostnader. Rådmannen si vurdering: Alle avtaleframlegga er ei oppfølging av føresetnader nedfelte i gjeldande rammeavtale mellom kommunen og Helse Førde. Avtalane må også vurderast som naudsynte for å kunne stette krava i helse- og omsorgstenestelova § 6 om samarbeidsavtalar mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. Rådmannen ser det difor slik at kommunen bør inngå avtalar med Helse Førde på desse områda. Avtalane har i tillegg til felles arbeidsgrupper vorte grundig vurderte i avtaleutvalet, fagrådet og koordineringsrådet, som også er felles samhandlingsarenaer for kommunane og Helse Førde. Det er ønskjeleg at desse avtalane er mest mogleg like frå kommune til kommune. Rådmannen vurderer avtaleframlegga som tenlege for å kunne fremje samhandlinga på viktige område, og ser ikkje at dei på noko punkt har eit innhald som kan slå uheldig ut for Gloppen kommune. Når det gjeld mynde til å inngå slike avtaler, så ligg det til kommunestyret. Rådmannen ser likevel at det er ressurskrevjande for kommunestyret å skulle sette seg inn i alle saker som er

Page 15: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 15

så pass omfattande som desse avtalane. Det bør difor vurderast om Helse- og omsorgsutvalet i framtida kan få mynde til å inngå nye og reviderte avtalar på vegne av kommunen, når det ikkje har økonomiske konsekvensar for Gloppen kommune utover det som er budsjettert.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Gloppen kommunestyre godkjenner for sin del følgjande delavtalar med Helse Førde, i samsvar med vedlegg til saka: 1. Delavtale om psykiske helsetenester og rusbehandling 2. Delavtale om samarbeid om beredskap 3. Delavtale om lærings- og meistringstilbod Kommunestyre gjev helse- og omsorgsutvalet mynde til å inngå nye og reviderte avtalar med Helse Førde på vegne av kommunen når det ikkje har økonomiske konsekvensar for Gloppen kommune utover det som er budsjettert. 01.09.2015 HELSE- OG OMSORGSUTVALET 027/15 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Framlegg frå Gunnvor Sunde (SD):

Siste avsnitt i innstillinga går ut. Framlegget fekk to røyster. 064/15 VEDTAK : Gloppen kommunestyre godkjenner for sin del følgjande delavtalar med Helse Førde, i samsvar med vedlegg til saka: 1. Delavtale om psykiske helsetenester og rusbehandling 2. Delavtale om samarbeid om beredskap 3. Delavtale om lærings- og meistringstilbod. Kommunestyre gjev helse- og omsorgsutvalet mynde til å inngå nye og reviderte avtalar med Helse Førde på vegne av kommunen når det ikkje har økonomiske konsekvensar for Gloppen kommune utover det som er budsjettert. Første avsnitt vart samrøystes vedteke, andre avsnitt vart vedteke mot to røyster.

Page 16: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 16

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 23.10.2015 017/15 Kommunestyret 02.11.2015 065/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Rita Arlen Lilletvedt

Objekt: Arkiv: 480

Arkivsaknr.: 13/1777-13

Spørsmål om etablering av lokal særavtale i samband med nye reglar i arbeidsmiljølova frå 1. juli 2015 Ingen vedlegg. Frå tidlegare behandling av saka:

Bakgrunn for saka: Endringar i arbeidsmiljølova med verknad frå 1. juli 2015. Gloppen Arbeidarparti har sendt ein interpellasjon til kommunestyret i Gloppen der dei ber Gloppen kommune som arbeidsgjevar om å lage lokal særavtale med organisasjonane som byggjer på dei gamle reglane i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar og arbeidstid. Gloppen arbeidarparti meiner endringane i arbeidsmiljølova vil føre til at arbeidstakarane sine rettar vert svekka og utvida grenser for overtid og hyppigare søndag- og helgetidsarbeid endrar balansen mellom arbeid og fritid og vil ha negativ effekt for likestilling. Etter endringane kan arbeidsgjevar tilsette mellombels i det som er faste stillingar og avslutte arbeidstilhøve utan grunngjeving. Kommunestyret vedtok å sende saka over til administrasjonsutvalet for behandling. Saksutgreiing: Med verknad frå 1.juli 2015 er det gjort fleire endringar i arbeidsmiljølova som omhandlar mellombels tilsetting og arbeidstid: Mellombels tilsetting Det blir opna for at ein kan tilsette ein arbeidstakar mellombels i inntil 12 månadar, utan at det blir stilt krav til at det føreligg særskilte grunnar. (Ny bokstav f) i arbeidsmiljølova § 14-9 første ledd) Oppgåvene som skal utførast kan være tidsavgrensa eller varige. Tilsetting mellombels etter denne nye regelen er avgrensa til maks 15% av arbeidsstokken. Der arbeidstakar har vore mellombels tilsett i inntil 12 månader etter den nye regelen og ikkje får anledning til å fortsetje i verksemda, er det innført ein karantene på 12 månadar til å tilsette mellombels til å utføre arbeid av same art

Page 17: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 17

Gjennomsnittsberekning av arbeidstida Det er gitt utvida rammer for avtale med den enkelte arbeidstakar og tillitsvalte, samt utvida adgang for arbeidstilsynet til å gi dispensasjon til alternative arbeidstidsordningar innanfor områda helse- og omsorgsarbeid, vakt og overvakingsarbeid samt for dei med lang avstand mellom arbeidsstad og arbeidstakars bustad. Dei totale rammene for arbeidstid er ikkje utvida, men det kan avtalast å arbeide meir konsentrert i periodar mot tilsvarande fri i andre periodar Beredskapsvakt (heimevakt) utafor arbeidsstaden Tidlegare blei 1/5 av beredskapsvakta rekna med som alminnelig arbeidstid. Brøken er no endra slik at 1/7 av vakta skal reknast med i den alminnelige arbeidstida. Grensene for overtidsarbeid Det er gitt utvida rammer for avtale med tillitsvalte, samt auka rammer for arbeidstilsynet sin dispensasjonsadgang. Dei totale rammene for overtidsarbeid pr år er ikkje utvida. Søndagsfri Det kan avtalast lokalt å arbeide i gjennomsnitt annankvar søndag, men slik at vekekvilen skal falle på søn- eller helgedag minst kvar 4. veke og ikke kvar 3. veke som tidlegare. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen økonomiske konsekvensar ift tidlegare praksis. Men dei nye reglane for arbeidstid gjev meir fleksibilitet ift utarbeiding av alternative arbeidsplanar, og ei særavtale om å fylgje dei gamle reglane i arbeidsmiljølova kan såleis få ein økonomisk konsekvens i framtida. Rådmannen si vurdering: Som ein ansvarleg og seriøs arbeidsgjevar vil ikkje Gloppen kommune søke å misbruke moglegheitene som endringane i arbeidsmiljølova opnar for. Når det gjeld tilsetting i fast stilling vil kommunen i dei aller fleste tilfelle fylgje dagens praksis, men ein kan ikkje sjå vekk frå at det i enkelte tilfelle kan være føremålstenleg å tilsette mellombels etter dei nye reglane i arbeidsmiljølova. Endringane mht arbeidstid/overtid opnar for meir fleksibilitet, noko som kan komme både arbeidsgjevar og arbeidstakar til gode. Det er viktig å merke seg at dei totale rammene for arbeidstid og overtid ikkje er endra. Det er såleis lite ynskjeleg å lage ei lokal særavtale som begrensar kommunen sine moglegheiter til å nytte dei nye reglane der ein finn det fornuftig og føremålstenleg.

RÅDMANN SI TILRÅDING : Kommunestyret viser til at arbeidsmiljølova er ei vernelov som skal ivareta arbeidstakarane sine arbeidsvilkår. Bakgrunn for endringane pr 1.juli 2015 er å få eit meir fleksibelt lovverk som også skal komme arbeidstakarane til gode.

Page 18: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 18

Kommunestyret meiner difor at ein ikkje kan setje til side dei nye reglane i arbeidsmiljølova. Gloppen kommune skal vere ein ansvarleg og seriøs arbeidsgjevar med ei reflektert haldning til kva tiltak som er viktige for å sikre gode arbeidsvilkår for dei tilsette og styrke dei kommunale tenestene. 03.09.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET Framlegg frå Bjørg Skarstad (dei tilsette):

Administrasjonsutvalet utset saka utsett slik at organisasjonane får høve til å uttale seg om saka.

Framlegget vart samrøystes vedteke. Merknad frå Hege Lothe (SV):

Det må gå fram av saka at interpellasjonen kjem frå ein eller fleire av medlemmene i kommunestyret, ikkje frå eit politisk parti.

013/15 VEDTAK : Administrasjonsutvalet utset saka utsett slik at organisasjonane får høve til å uttale seg om saka. Vedtaket var samrøystes.

Nye opplysningar i saka: Saka har no vore ute til høyring hjå fagorganisasjonane. 6 organisasjonar svarte innan fristen, der alle desse støtta interpellasjonen om å lage lokal særavtale med organisasjonane som byggjer på dei gamle reglane i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar og arbeidstid. Saksutgreiing: Viser til tidlegare saksutgreiing. Rådmannen si vurdering: Rådmannen står fast ved tidlegare vurdering sjølv om fleire av organisasjonane har gitt tilbakemelding om at dei støttar interpellasjonen. Dette med bakgrunn i at arbeidsmiljølova er ei vernelov som skal ivareta arbeidstakarane sine arbeidsvilkår. Gloppen kommune kan difor ikkje avtale noko som gir dårlegare vilkår for sine tilsette. Bakgrunn for lovendringa mht arbeidstid er eit ynskje frå arbeidstakarane om meir fleksibilitet. Ei særavtale som byggjer på dei gamle reglane vil gje våre tilsette mindre fleksibilitet og såleis vere i strid med arbeidsmiljølova. Dette blir understøtta av tilbakemeldingar frå tilsette som i dag jobbar langvakter om at dei ikkje vil fortsette i stillinga dersom dei ikkje lenger får høve til det. Høve til langvakter er også eitt av fleire viktige element i prosjektet «det stor heiltidsvalet» som er politisk forankra i kommunen.

Page 19: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 19

Ei særavtale som byggjer på dei gamle reglane i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar vil også begrense delegasjonsmyndigheten til rådmann/administrasjon. Kommunestyret må ha tillit til at rådmann/administrasjonen forvaltar regelverket på ein god måte, og ikkje begrense handlingsrommet som dei nye reglane i arbeidsmiljølova gjev.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret viser til at arbeidsmiljølova er ei vernelov som skal ivareta arbeidstakarane sine arbeidsvilkår. Bakgrunn for endringane pr 1. juli 2015 er å få eit meir fleksibelt lovverk som også skal komme arbeidstakarane til gode. Kommunestyret meiner difor at ein ikkje kan setje til side dei nye reglane i arbeidsmiljølova. Gloppen kommune skal vere ein ansvarleg og seriøs arbeidsgjevar med ei reflektert haldning til kva tiltak som er viktige for å sikre gode arbeidsvilkår for dei tilsette og styrke dei kommunale tenestene. 23.10.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET Framlegg frå Kristin Sælen (Utdanningsforbundet):

Gloppen kommune som arbeidsgjevar lagar lokal særavtale med organisasjonane som byggjer på dei gamle reglane i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar og arbeidstid.

Ved alternativ avrøysting fekk − framlegget frå Kristin Sælen to røyster og − rådmannen si tilråding fire røyster. 017/15 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart innstilt mot to røyster. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Framlegg frå Arnar Kvernevik (Ap) :

Gloppen kommune som arbeidsgjevar lagar lokal særavtale med organisasjonane som byggjer på dei gamle reglane i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar og arbeidstid.

Framlegg frå Hege Lothe (SV):

Som framlegget frå Arnar Kvernevik, men med tillegg som andre avsnitt i administrasjonsutvalet si innstilling.

Det vart røysta alternativt mellom

Page 20: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 20

− framlegget frå Arnar Kvernevik, som fekk fem røyster og − administrasjonsutvalet si innstilling som fekk 22 røyster. 065/15 VEDTAK : Kommunestyret viser til at arbeidsmiljølova er ei vernelov som skal ivareta arbeidstakarane sine arbeidsvilkår. Bakgrunn for endringane pr 1. juli 2015 er å få eit meir fleksibelt lovverk som også skal komme arbeidstakarane til gode. Kommunestyret meiner difor at ein ikkje kan setje til side dei nye reglane i arbeidsmiljølova. Gloppen kommune skal vere ein ansvarleg og seriøs arbeidsgjevar med ei reflektert haldning til kva tiltak som er viktige for å sikre gode arbeidsvilkår for dei tilsette og styrke dei kommunale tenestene. Vedtaket vart gjort mot fem røyster.

Page 21: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 21

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr KULT-utvalet 13.10.2015 003/15 Kommunestyret 02.11.2015 066/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 033 &00

Arkivsaknr.: 15/168-6

Fastsetting av namn på samanslege utval

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Kommunestyret som no har gått av vedtok på møtet i juni i år å slå saman det tidlegare kultur- og miljøutvalet og teknisk og landbruksutvalet til eitt utval frå ny valperiode. Dette er også lagt til grunn ved konstitueringa av det nye kommunestyret. Namnet på det «nye» utvalet er ikkje fastsett, og det er dette denne saka dreier seg om. Rådmannen ber om litt meir tid til å legge fram eit forslag til nytt reglement for hovudutvala. Rådmannen si vurdering: Det er utfordrande å finne eit namn på utvalet som er dekkande for saksområdet utan at dette blir langt og omstendeleg. I førre periode heitte utvalet «teknisk, landbruk og kulturutvalet», og etter kvart vart dette eit innarbeidd namn, men mange hadde problem med å skrive namnet rett. Rådmannen legg ikkje stor prestisje i denne namnesaka. Mi tilråding blir KULT-utvalet, der KULT står for Kultur, Utvikling, Landbruk og Teknisk. Andre alternativ kan vere: - Kultur- og utviklingsutvalet - Teknisk og kulturutvalet - Teknisk, landbruk og kulturutvalet og viss vi tar han heilt ut: - Teknisk, landbruk, kultur- og miljøutvalet. Rådmannen inviterer til namnediskusjon…

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret fastset namnet på det nye hovudutvalet som er slege saman av tidlegare kultur- og miljøutvalet og teknisk og landbruksutvalet til «KULT-utvalet». 13.10.2015 KULT- UTVALET

Page 22: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 22

Framlegg frå Audun Mundal (Krf) :

Kommunestyret fastset namnet på det nye hovudutvalet som er slege saman av tidlegare kultur- og miljøutvalet og teknisk og landbruksutvalet til «MULTEK-utvalet».

Framlegget vart samrøystes vedteke. 003/15 VEDTAK : Tilråding til kommunestyret: Kommunestyret fastset namnet på det nye hovudutvalet som er slege saman av tidlegare kultur- og miljøutvalet og teknisk og landbruksutvalet til «MULTEK-utvalet». Vedtaket var samrøystes. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET 066/15 VEDTAK : Kommunestyret fastset namnet på det nye hovudutvalet som er slege saman av tidlegare kultur- og miljøutvalet og teknisk og landbruksutvalet til «MULTEK-utvalet». Vedtaket var samrøystes.

Page 23: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 23

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 23.10.2015 018/15 Kommunestyret 02.11.2015 067/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 033 &00

Arkivsaknr.: 15/168-5

Endringar i reglementet for administrasjonsutvalet

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 256916 Reglement for administrasjonsutvalet Frå tidlegare behandling av saka:

Bakgrunn for saka: Dette er siste møte i dette administrasjonsutvalet. Sitjande kommunestyret har vedteke at vi framleis skal ha eit administrasjonsutval, etter om lag same ordning som i dag. Ei endring blir det: Ein av dei folkevalde medlemmene i administrasjonsutvalet skal også sitje i kommunen sitt arbeidsmiljøutval. Rådmannen vil så fort det nye kommunestyret er konstituert og utvala er valde legge fram forslag til nødvendige endringar i utvalsreglementa. Dette vil også gjelde administrasjonsutvalet sitt reglement. Dagens reglement ligg ved. Rådmannen inviterer det avtroppande administrasjonsutvalet til ei meiningsutveksling om reglementet og om det er tilhøve som rådmannen bør endre på eller følgje opp når det nye utvalet kjem i arbeid.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 03.09.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET Tema som vart tekne opp: − Skal adminisatrasjonsutvalet ha noko rolle i tilsetting og eventuell oppseiing av

rådmannen? − Behov for meir opplæring av medlemmene i utvalet? − Rådmannen si rolle i utvalet.

Page 24: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 24

014/15 VEDTAK : Det vart ikkje gjort vedtak i saka.

Nye opplysningar i saka: Som ei oppfølging av adminisatrasjonsutvalet si drøfting i sak 14/15 legg rådmannen no fram forslag til nokre mindre endringar i utvalet sitt reglement. Det er kommunestyret sjølv om gjer endeleg vedtak i saka, jfr. § 5-2 i reglementet. Endringane som rådmannen gjer framlegg om er ikkje så omfattande at saka er lagt fram for organisasjonane på andre måtar enn gjennom behandlinga av saka i administrasjonsutvalet. Saksutgreiing: Endringane er: 1. Ny siste setning i § 1-2, første ledd: Leiaren skal sitje i formannskapet. 2. Nytt nummerpunkt i § 2-2, første ledd: 3. Velje utvalet sin representant på

arbeidsgjevarsida i arbeidsmiljøutvalet. 3. Siste kulepunkt i § 2-3, første ledd blir stroke. Rådmannen si vurdering: Endringa som seier at leiaren i administrasjonsutvalet skal sitje i formannskapet er ei stadfesting av gjeldande praksis. Det følgjer av § 2-1 at administrasjonsutvalet er eit hovudutval, og då skal leiaren sitje i formannskapet. Dette bør gå fram av reglementet. I det nye reglementet til arbeidsmiljøutvalet – som utvalet sjølv har vedteke – er det sagt at ein av dei tre arbeidsgjevarrepresentantane i arbeidsmiljøutvalet skal veljast av og mellom dei fire folkevalde i administrasjonsutvalet. Rådmannen håpar at kommunestyret er samd i dette, og endrar reglementet slik at det blir samsvar mellom reglementa til arbeidsmiljøutvalet og administrasjonsutvalet. Dei to utvala har på fleire område overlappande arbeidsfelt, og dette er bakgrunnen for endringa. Tilsetting og eventuell oppseiing av rådmann er prosessar der administrasjonsutvalet i praksis ikkje er involvert. Strykinga av dette kulepunktet i § 2-3 er gjort for å få samsvar mellom reglementet og det som skjer i praksis.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret vedtek desse endringane i administrasjonsutvalet sitt reglement: − Ny siste setning i § 1-2, første ledd: Leiar skal sitje i formannskapet − Nytt nummerpunkt i § 2-2, første ledd: 3. Velje utvalet sin representant på

arbeidsgjevarsida i arbeidsmiljøutvalet − Siste kulepunkt i § 2-3, første ledd blir stroke. Endringane gjeld frå vedtaksdato. 23.10.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET 018/15 VEDTAK :

Page 25: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 25

Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt med slik endring/tillegg i andre strekpunkt: − Nytt nummerpunkt i § 2-2, første ledd: 3. Velje utvalet sin representant på

arbeidsgjevarsida i arbeidsmiljøutvalet av og mellom dei fire folkevalde i utvalet. (Endringa/tillegget er understreka.) 02.11.2015 KOMMUNESTYRET 067/15 VEDTAK : Kommunestyret vedtek desse endringane i administrasjonsutvalet sitt reglement: − Ny siste setning i § 1-2, første ledd: Leiar skal sitje i formannskapet − Nytt nummerpunkt i § 2-2, første ledd: 3. Velje utvalet sin representant på

arbeidsgjevarsida i arbeidsmiljøutvalet av og mellom dei fire folkevalde i utvalet. − Siste kulepunkt i § 2-3, første ledd blir stroke. Endringane gjeld frå vedtaksdato. Vedtaket var samrøystes.

Page 26: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 26

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 28.10.2015 119/15 Kommunestyret 02.11.2015 068/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 033

Arkivsaknr.: 15/862-17

Val av eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne - perioden 2015-2019

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Etter lov om eldreråd skal det vere eit eldreråd i alle kommunar. Valperioden for eldrerådet følgjer valperioden, og det skal derfor no veljast nytt råd. I eldrerådet sit sju medlemmer. Fem av desse er valde etter framlegg frå pensjonistlaga. Dei to andre har i siste periode vore leiarane i helse- og omsorgsutvalet og kultur- og miljøutvalet. --- Etter lov om råd for menneske med nedsett funsksjonsevne skal det vere ei representasjonsordning for desse i alle kommunar. Valperioden er den same som for eldrerådet. I rådet er det fem medlemmer, der fire er valde etter framlegg frå organisasjonane. Det kommunevalde medlemmet i rådet har vore varaordføraren. Det avtroppande kommunestryet vedtok at det framleis skal vere eit eige råd i kommunen. Saksutgreiing: Rådmannen har bede pensjonistlaga og fellesorganisasjonane om framlegg til medlemmer til råda, og desse framlegga er komne inn: Til eldrerådet: Frå Gloppen pensjonistlag: − Olav Moritsgård og Maria Lundestad. Vara: Bård Vereide og Kari Isene. − Frå Breim pensjonistlag: Hans Myklebust og Olav Felde. Vara Mary-Ann Hjelle Felde og

Åse Moldestad − Frå Hyen pensjonistlag: Egil Holme, med Bergfrid Rønnekleiv som vara. Til rådet for funksjonshemma: Frå FFO* Sogn og Fjordane: − Ivar Halland (frå Hørselshemmedes Landsforbund) − Nils Eimhjellen (frå Parkinsonforbundet) − Majken Gøranson Rygg (frå Norges Blindeforbund) Frå Astma- og Allergiforbundet: − Katrine Haugerøy Heggelund.

Page 27: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 27

* FFO står for Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Rådmannen har etterlyst varafolk, men ikkje fått framlegg om dette så langt. Forhåpentlegvis har vi framlegg til vala skal gjerast. Dei kommunevalde medlemmene i eldrerådet har som sagt vore leiarane av helse- og omsorgsutvalet og kultur- og miljøutvalet, med nestleiarane som vara. I rådet for funksjonshemma har varaordføraren vore medlem, med leiaren i oppvekstutvalet som vara. Leiar og nestleiar i råda skal veljast av råda sjølve, mellom dei ikkje-kommunale medlemmene. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen, utanom møtegodtgjersle. Rådmannen si vurdering: Rådmannen har fleire gonger teke til orde for å slå saman dei to råda, utan å bli høyrd. Bakgrunnen for rådmannen sitt syn er at vi ikkje har nok sekretærressursar til to råd og at råda i stor grad behandlar dei same sakene. I tillegg kjem at det har vore vanskeleg å få folk til å møte i rådet for funksjonshemma. Ved evalueringa av utvals- og rådsstrukturen som vart gjort av det førre kommunestyret, vart det vedteke å halde fram med to råd, og dette rettar sjølvsagt rådmannen seg etter. Rådmannen gjer likevel framlegg om å endre namnet på «rådet for funksjonshemma» til «råd for menneske med nedsett funksjonsevne». Omgrepet «funksjonshemma» bør ikkje lenger brukast. --- I rådmannen si tilråding er det lagt til grunn at den folkevalde representasjonen i råda blir om lag som før, men dette er sjølvsagt heilt og fullt opp til kommunestyret å bestemme. Rådmannen ber om fullmakt til å ajourføre reglementa i samsvar med dei endringane som no vedtekne. (Rådmannen skriv «KULT-utvalet» i tilråding. Dette må rettast opp når kommunestyret har bestemt utvalsnamnet.)

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : 1. Gloppen kommunestyre vel følgjande medlemmer til eldrerådet for perioden 2015 – 2019. Frå pensjonistlaga: Medlemmer Vara Olav Moritsgård 1. Bård Vereide Maria Lundestad 2. Kari Isene Hans Myklebust 1. Mary-Ann Hjelle Felde Olav Felde 2. Åse Moldestad Egil Holme Bergfrid Rønnekleiv

Page 28: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 28

Frå kommunen: Medlemmer Vara Leiar i helse- og omsorgsutvalet Nestleiar i helse- og omsorgsutvalet Leiar i «KULT-utvalet» Nestleiar i «KULT-utvalet» 2. Kommunestyret vedtek å endre namnet på det tidlegare «rådet for funksjonshemma» til

«råd for menneske med nedsett funksjonsevne». Følgjande blir valde til rådet for perioden 2015-2019:

Frå organisasjonane: Medlemmer Vara Ivar Halland Majken Gøranson Rygg Nils Eimhjellen Katrine Haugerøy Heggelund Frå kommunen: Medlemmer Vara Varaordføraren Leiar i oppvekstutvalet 3. Rådmannen får fullmakt til å ajourføre reglementa for råda som følgje av dette vedtaket. 28.10.2015 FORMANNSKAPET 119/15 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET 068/15 VEDTAK : 1. Gloppen kommunestyre vel følgjande medlemmer til eldrerådet for perioden 2015 – 2019. Frå pensjonistlaga: Medlemmer Vara Olav Moritsgård 1. Bård Vereide Maria Lundestad 2. Kari Isene Hans Myklebust 1. Mary-Ann Hjelle Felde Olav Felde 2. Åse Moldestad Egil Holme Bergfrid Rønnekleiv Frå kommunen: Medlemmer Vara Leiar i helse- og omsorgsutvalet Nestleiar i helse- og omsorgsutvalet Eitt medlem frå MULTEK-utvalet Eitt varamedlem frå MULTEK-utvalet 2. Kommunestyret vedtek å endre namnet på det tidlegare «rådet for funksjonshemma» til

«råd for menneske med nedsett funksjonsevne». Følgjande blir valde til rådet for perioden 2015-2019:

Page 29: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 29

Frå organisasjonane: Medlemmer Vara Ivar Halland Majken Gøranson Rygg Nils Eimhjellen Katrine Haugerøy Heggelund Frå kommunen: Medlemmer Vara Varaordføraren Leiar i oppvekstutvalet 3. Rådmannen får fullmakt til å ajourføre reglementa for råda som følgje av dette vedtaket. 4. Formannskapet får fullmakt til å velje varamedlemmer til rådet for menneske med nedsett

funksjonsevne. Vedtaket var samrøystes.

Page 30: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 30

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 28.10.2015 118/15 Kommunestyret 02.11.2015 069/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Roar Henden

Objekt: Arkiv: 611

Arkivsaknr.: 15/903-9

Fastsetting av pris på areal i Åslyvegen

Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 251597 Kart over ønska kjøp av areal - Åslyvegen Bakgrunn for saka: Rai-Invest AS v/Geir Atle Bolseth har gjort avtale om kjøp av tomt nr 5 i Åsly-prosjektet (gbnr 77/703) av Åsly Bygg AS. Det er også ynskjeleg å kjøpe arealet aust for tomta som er avgrensa av Åslyvegen og stikkvegen inn til Åslyvegen 21-23. Dette arealet er på ca. 273 m2 og er ein del av kommuen si tomt 77/287 med adresse Åslyvegen 16. Saksutgreiing: Tilleggsarealet som Rai-Invest AS ynskjer å kjøpe vil gjere det mogleg å utnytte tomt nr 5 betre og få til ei god tilpassing mellom hus og terreng. Rammeløyve for utbygginga er gitt. Rai-Invest AS bydde først 65 kr/m2 for tilleggsarealet. I forhandlingar med rådmannen er ein blitt einige om ein pris på 200 kr/m2 med atterhald om politisk godkjenning. Taksten på tomta er høgare, men kommunen ynskjer ikkje å vere prisdrivande. Tilleggsarealet ligg på andre sida av vegen i forhold til det kommunale bustadhuset på tomt 77/287. Arealet blir ikkje brukt verken av kommunen eller leigetakarane, og eit sal vil difor ikkje få kjente negative konsekvensar. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen. Kjøpesummen på om lag 55.000 kroner blir tillagt kommunen sitt investeringsfond. Rådmannen si vurdering: Rådmannen stiller seg positiv til sal av det omsøkte tillleggsarealet for å tilrettelegge for ei betre utnytting av tomt nr 5 i Åsly-prosjektet. Men vi må forsikre oss om at opparbeiding og utnytting av tilleggsarealet ikkje får negative konsekvensar for kommunen si tomt 77/287, leigetakarane våre og naboane.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING :

Page 31: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 31

Kommunestyret sel delar av tomt med gbnr. 77/287 på 273 m2 til Rai-Invest AS. Avtalt pris er 54 600 kr (200 kr/m2 x 273 m2). Rai-Invest AS er ansvarleg for alle kostnader forbunde med sal, overdraging, opparbeiding og andre uføresette kostnader forbunde med tomtesalet. 28.10.2015 FORMANNSKAPET 118/15 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET 069/15 VEDTAK : Kommunestyret sel delar av tomt med gbnr. 77/287 på 273 m2 til Rai-Invest AS. Avtalt pris er 54 600 kr (200 kr/m2 x 273 m2). Rai-Invest AS er ansvarleg for alle kostnader forbunde med sal, overdraging, opparbeiding og andre uføresette kostnader forbunde med tomtesalet. Vedtaket var samrøystes.

Page 32: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 32

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 28.10.2015 120/15 Kommunestyret 02.11.2015 070/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Knut Roger Berge Nesdal

Objekt: Arkiv: L82 &50

Arkivsaknr.: 15/1105-3

Tilbod om kjøp av gbnr 5/39 i Bukta - Øyravaulen Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Heimselshavar Bjørg Sande ynskjer å selje «Øyravaulen», gnr 5 bnr 39 i Gloppen kommune. Kommunen har tinglyst forkjøpsrett på området. Kommunen har mottatt tilbod om å kjøpe arealet. Til grunn for tilbodet ligg ei forenkla verdivurdering. Saksutgreiing: Området «Øyravaulen» er i dag ein del av området som Gloppen Camping nyttar. Gloppen Camping har leigd dette området dei siste 15 åra. På området er det bygd svømmebasseng, barnebasseng, pavaljong og administrasjonsbygg med leiligheter for campingen. Administrasjonsbygget står delvis plassert på gnr 5/bnr 39 og gnr 5/brn 11. Eigedomen som omhandlar resten av campingen, gnr 5 bnr 11 og gnr 5 bnr 37 er eigd av Gloppen kommune. Gloppen Camping leiger i dag dette området vederlagsfritt av Gloppen kommune. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Området «Øyravaulen» er på 3.238,1 m2. Tilbodet vi har fått er å kjøpe dette for kr 295.000.-. Kjøpesummen skal oppjusterast etter SSB sin konsumprisindeks frå juni 2015 fram til betalingstidspunkt. Seljar ber kommunen betale alle kostnader ved heimselsskiftet, slik som dokumentavgift. Kjøpet av dette området vil gi ein m2 pris på kr 91,10 pluss justering for konsumprisindeksen. Viss kommunestyret seier ja til tilbodet, vil rådmannen legg kjøpet inn i framlegget til budsjett for 2016. Rådmannen si vurdering: Området «Øyravaulen», ilag med gnr 5 bnr 11 og 37, området som utgjer Gloppen Camping. Kommune vil med dette kjøpet ha kontroll over heile campingområdet slik det er i dag. Dette vil gje leigetakar sikker og føreseieleg tilgang til heile campingplassen. Driftar av campingplassen har i dag ein ikkje tinglyst leigeavtale med kommunen. Avtalen gjev driftar rett til vederlagsfri bruk av kommunen sin eigedom, mot at folk flest har fri tilgang til området. Leigeavtalen bør supplerast med ein festeavtale, og etter rådmannen sitt syn bør driftar betale ei årleg festeavgift som dekkjer kommunen sine kapitalkostnader med det grunnkjøpet vi no har tilbod om.

Page 33: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 33

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret i Gloppen takkar ja til tilbodet om kjøp av gbnr 5/39 i Gloppen slik dette er presentert i rådmannen si saksframstilling. Kostnaden med kjøpet blir innarbeidd og finansiert i 2016-budsjettet. 28.10.2015 FORMANNSKAPET 120/15 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET 070/15 VEDTAK : Kommunestyret i Gloppen takkar ja til tilbodet om kjøp av gbnr 5/39 i Gloppen slik dette er presentert i rådmannen si saksframstilling. Kostnaden med kjøpet blir innarbeidd og finansiert i 2016-budsjettet. Vedtaket var samrøystes.

Page 34: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 34

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet 14.10.2015 111/15 Kommunestyret 02.11.2015 071/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Objekt: Arkiv: 082

Arkivsaknr.: 15/1009-2

Etterlønn/ventelønn til folkevalde

Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Kommunestyret gjorde i sak 6/14 slikt vedtak:

1. Kommunestyret viser til rådmannen si utgreiing i saka og vedtek at Gloppen kommune framleis skal ha ei pensjonsordning for folkevalde. Ordninga skal omfatte alle folkevalde som har meir enn 1/3 av ordføraren si godtgjersle i fast godtgodtgjersle

2. Kommunestyret vel å knyte dei folkevalde i Gloppen til den ordinære pensjonsordninga for kommunalt tilsette i KLP. Ordninga skal også gje dei folkevalde medlemmene rett til avtalefesta pensjon frå 62 år

3. Kommunestyret ber rådmannen legge fram eit revidert framlegg til reglement om godtgjersle til folkevalde der det er innarbeidd reglar om og satsar for ei avgrensa ettergodtgjersle til ordføraren når ho eller han sluttar i vervet.

Denne saka gjeld oppfølging av pkt 3 i vedtaket. Saksutgreiing: Gloppen kommune har i dag ikkje ei ordning med etterlønn eller ventelønn til ordføraren. KS tilrår at kommunane har ei slik ordning, og skriv i heftet Økonomiske vilkår for folkevalgte:

Som et ledd i arbeidet med å styrke de folkevalgtes arbeidsvilkår, anbefaler KS at folkevalgte som har det å være folkevalgt som sin hovedgeskjeftigelse gis slik ettergodtgjøring ved valgperiodens utløp: − 1 ½ måned dersom vedkommende har en jobb å komme tilbake til etter endt tjeneste − 3 måneder dersom vedkommende ikke har en jobb å gå tilbake til.

Ei rask undersøking med dei andre kommunane i Nordfjord viser følgjande: − Hornindal kommune har ikkje slik ordning − Stryn kommune har diskutert saka, men har ikkje nok formell ordning i dag − Eid kommune har ei ordning med 3 månader ettergodtgjersle − Selje kommune har utbetalt 3 månader tidlegare som er personleg ordning, men har ikkje

dette som ei fast ordning − Vågsøy kommune innfører KS til tilråding i samband med skifte av ordførar i år − Bremanger kommune betalar 3 månader ettergodtgjersle.

Page 35: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 35

Økonomiske konsekvensar for kommunen: Med dagens satsar er månadsgodtgjersla til ordføraren om lag kr 61.300,-. Med pensjon og arbeidsgjevaravgift blir kostnaden per månad om lag kr 78.000,-. Tre månader blir då om lag 235.000,- og 1 ½ månad halvparten av dette (knapt 120.000,-). Sidan Gloppen kommune i dag ikkje har ei ordning med ettergodtgjersle, har vi sjølvsagt heller ikkje rekna med dette i budsjettet for 2015. Rådmannen si vurdering: Oversynet frå dei andre kommunane i Nordfjord viser at dei fleste har ei eller anna ordning med ettergodtgjersle for ordføraren. Tidlegare ordførar blir 62 år på slutten av 2015. I samsvar med kommunestyret sitt vedtak i sak 6/14 kan han då ta ut avtalefesta pensjon (AFP). For å kunne gjere dette må han ved fylte 62 år ha eit tilsettingsforhold til kommunen på minimum 20 % av full stilling. Ei ordning med ettergodtgjersle slik KS tilrår vil sikre tidlegare ordførar rett til AFP ved ei godtgjersle på 100 % i oktober og 25 % i november og desember. Dette gjev 1 ½ månad ettergodtgjersle. Her skal det leggast til at rådmannen har gjort avtale med tidlegare ordførar om m.a. folkevaldopplæring i etterlønnsperioden, slik at utbetalinga ikkje blir rein etterlønn. --- Kostnaden med ordninga vil kome igjen anten som underskot i 2015 – og då dekka av disposisjonsfondet – eller redusert overskot.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og vedtek å innføre ordning med ettergodtgjersle til ordføraren slik KS tilrår, dvs: − 1 ½ månad dersom ordføraren har ein jobb å kome tilbake til etter avslutta teneste − 3 månader dersom ordføraren ikkje har ein jobb å gå tilbake til. Dersom ordføraren kan gå av med pensjon etter avslutta teneste, blir pensjon rekna som «jobb» slik at etterlønna då utgjer 1 ½ månad. 14.10.2015 FORMANNSKAPET 111/15 VEDTAK : Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET 071/15 VEDTAK :

Page 36: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 36

Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og vedtek å innføre ordning med ettergodtgjersle til ordføraren slik KS tilrår, dvs: − 1 ½ månad dersom ordføraren har ein jobb å kome tilbake til etter avslutta teneste − 3 månader dersom ordføraren ikkje har ein jobb å gå tilbake til. Dersom ordføraren kan gå av med pensjon etter avslutta teneste, blir pensjon rekna som «jobb» slik at etterlønna då utgjer 1 ½ månad. Vedtaket var samrøystes.

Page 37: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 37

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Kommunestyret 02.11.2015 072/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Leidulf Gloppestad

Objekt: Arkiv: Q12

Arkivsaknr.: 15/1332-4

Uttale om utbetring av E39 Byrkjelo-Sandane Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Saka vart teken opp i møtet.

RÅDMANNEN SI TILRÅDING : ……. 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Felles framlegg basert på eit utkast frå Svein-Ottar Sandal (Krf) til uttale til transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget:

KRAV OM UTBETRING AV STREKNINGA BYRKJELO-SANDANE PÅ E39 Gloppen kommunestyre krev at det på statsbudsjettet for 2016 vert sett av tilstrekkeleg planleggingsmidlar til å gjennomføre opprustning av strekninga Byrkjelo-Sandane på E 39. E39 Byrkjelo-Sandane-Nordfjordeid vil vere E39 – hovudvegen nord/sør på Vestlandet i mange år framover. Den har ein ÅDT på over 2.200, og er såleis ein svært trafikkert veg. 20 min avgangar på ferja Anda-Lote på E39 Frå 2018 har Stortinget bestemt at det blir 20 min avgangar for ferjestrekninga Anda-Lote, noko som vil bety at trafikken langs dagens trasé Byrkjelo-Sandane kjem til å auke. Statens vegvesen har allereie lyst ut anbod for null- og lågutslippsferje på strekninga Anda-Lote. Flaskehalsar må utbetrast straks Fleire stader på strekninga Byrkjelo-Sandane er vegen smal, svingete og ulykkebelasta og har ein standard slik den vart bygd på 1930-talet. Det gjeld i særleg grad flaskehalsane i Gullkista i Breimsfjellet og Jarbru-Eide.

Page 38: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 38

Auken i tungtrafikk gjer flaksehalsane til eit aukande problem for næringslivet lokalt og regionalt. Dersom flaskehalsane vert fjerna er det eit stort potensiale for ein vidare sterk auke i godstrafikken og derav verdi for lokal og regionalt næringsliv. Gang og sykkelveg Strekninga og trafikken gjennom Reed representerer ei svært stor belastning for dei mjuke trafikantane, særleg med omsyn til tryggleiken til borna i området og deira behov for trygg skuleveg og transport til og frå barnehage og fritidsaktivitetar. Tida for gang- og sykkelveg i dette området er overmoden. Planen bør tilretteleggast for syklande på heile strekninga. For Gloppen kommunestyre er det svært viktig å understreke at strekninga E39 Byrkjelo-Sandane treng opprusting no! Kommunestyret krev at det vert gjeve klarsignal i statsbudsjettet for 2016 til at Statens Vegvesen skal bruke planleggingsmidlar til utbetring av strekninga Sandane-Byrkjelo. Dette har også full støtte i Stamvegutvalet for E39 i Sogn og Fjordane og i alle politiske parti i fylket.

072/15 VEDTAK : KRAV OM UTBETRING AV STREKNINGA BYRKJELO-SANDANE PÅ E39 Gloppen kommunestyre krev at det på statsbudsjettet for 2016 vert sett av tilstrekkeleg planleggingsmidlar til å gjennomføre opprustning av strekninga Byrkjelo-Sandane på E 39. E39 Byrkjelo-Sandane-Nordfjordeid vil vere E39 – hovudvegen nord/sør på Vestlandet i mange år framover. Den har ein ÅDT på over 2.200, og er såleis ein svært trafikkert veg. 20 min avgangar på ferja Anda-Lote på E39 Frå 2018 har Stortinget bestemt at det blir 20 min avgangar for ferjestrekninga Anda-Lote, noko som vil bety at trafikken langs dagens trasé Byrkjelo-Sandane kjem til å auke. Statens vegvesen har allereie lyst ut anbod for null- og lågutslippsferje på strekninga Anda-Lote. Flaskehalsar må utbetrast straks Fleire stader på strekninga Byrkjelo-Sandane er vegen smal, svingete og ulykkebelasta og har ein standard slik den vart bygd på 1930-talet. Det gjeld i særleg grad flaskehalsane i Gullkista i Breimsfjellet og Jarbru-Eide. Auken i tungtrafikk gjer flaksehalsane til eit aukande problem for næringslivet lokalt og regionalt. Dersom flaskehalsane vert fjerna er det eit stort potensiale for ein vidare sterk auke i godstrafikken og derav verdi for lokal og regionalt næringsliv. Gang og sykkelveg Strekninga og trafikken gjennom Reed representerer ei svært stor belastning for dei mjuke trafikantane, særleg med omsyn til tryggleiken til borna i området og deira behov for trygg skuleveg og transport til og frå barnehage og fritidsaktivitetar. Tida for gang- og sykkelveg i dette området er overmoden. Planen bør tilrettelegge for syklande på heile strekninga. For Gloppen kommunestyre er det svært viktig å understreke at strekninga E39 Byrkjelo-Sandane treng opprusting no!

Page 39: KOM 02 11 2015 - Gloppen · 02.11.2015 KOMMUNESTYRET Anniken Rygg gjekk frå som ugild i saka i medhald av § 6, 1e) i forvaltningslova sidan ho er ... Advokatselskapet Lund & Co

Side 39

Kommunestyret krev at det vert gjeve klarsignal i statsbudsjettet for 2016 til at Statens Vegvesen skal bruke planleggingsmidlar til utbetring av strekninga Sandane-Byrkjelo. Dette har også full støtte i Stamvegutvalet for E39 i Sogn og Fjordane og i alle politiske parti i fylket. Vedtaket var samrøystes.