klokka seks dansar sola på vallsetåsen

1
Harald Hamre (Rolv esen) Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen Dikt i utval ved Ole Karlsen Harald Hamre (Rolv esen) Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen ISBN 978-82-7518-174-7 Rolv esen alias Harald Hamre (1896 – 1966) er ein klassikar i norsk bokheim. Alt i unge år byrja han å skrive om bøker og vart ein av dei mest sentrale og respekterte kritikarane i førre hundreåret. Mest kjend er nok esen som litteraturforskar, og trilogien hans om Arne Garborgs dikting (1933 – 1939) er ennå ufråkommeleg innan Garborg-forskinga. esen tok dr.graden på det fyrste bandet i denne trilogien, og ei folkeutgåve av verket i eitt band kom i fleire opplag. esen fekk aldri stilling ved universitetet, men vart likevel ein av dei mest produktive litteraturforskarane i samtida med bøker og artikkelsamlingar om mellom anna Olav Duun, Tore Ørja- sæter og Johan Falkberget. esen brevveksla og var omgangsven med mange av dei viktigaste for- fattarane i si tid: Hulda Garborg, Kristofer Uppdal, Aslaug Vaa, Halldis Moren og Tarjei Vesaas, Johan Falkberget, Rolf Jacobsen m.fl. Som lyrikar debuterte esen under pseudonymet Harald Hamre fyrst i frigjeringsåret 1945. Til saman vart det tre kritikarroste diktbøker, Etter stormen (1945), og Trass i alt (1949) og Men ringen renn i hop (1963). Dei tre bøkene kan lesast som ein trilogi bygd på sjølve livsgangen, frå barndom- men i Moskenes og Lofoten til alderdommen på Hedmarken. Dette kjem òg fram i det fyldige utvalet av dikt som Ole Karlsen gjort til Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen. Barndommens opplevingar går att i alle dikt- bøkene til Hamre, og likeeins utgjer «mennesket og maktene» ein sentral tematikk i biletrike dikt både i frie og tradisjonelle, metriske vers. Utvalet er utstyrt med innleiing av Ole Karlsen og etterord av Jan Olav Gatland. Ole Karlsen, dr.art., professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgsko- len i Hedmark. Har skrive Fansmakt og bergsval dom. En studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi (2000), Ekfrasen i moderne norsk lyrikk (2003) og Streifys. Om norsk og nordisk lyrikk (2006). Har skrive ei rad artiklar, særleg om moderne norsk lyrikk, redigert ei rad vitskapelege antologiar om lyrikklesing, nordisk lyrikk og norske etterkrigslyrikarar. Siste bøker: Volds linjer (2011, saman med orstein Norheim) og Poesi og bildekunst. En antologi (2011). Om Trass i alt Nokre av dikta i boka har det element av fullkommenskap i seg som gjer dei klassiske. Johs A. Dale i Norsk Tidende. Om Men ringen renn i hop … av klassisk art i all si ypperlege utforming. Har både smil og tårer, — humor, fin humor dessmer og det er sjeldan vare i nynorsk lyrikk. Tore Ørjasæter i Nationen. Sigmund Skard om Rolv esen: Med sitt stillfarande lag var Rolv esen eit kjempande menneske, med spaningar og sterke kjensler (…) I verset braut det djupe og varme i sinnet ope fram, det som han i kvardagslaget dulde bak sin vare og liksom leitande smil. Om Etter stormen Ein les seg varm når ein les Hamre, kjenner seg trygg på at det er verkeleg lyrikk (…) Best og mest personlege er dei dikt som har rimlause frie vers. Tormod Skagestad i Dagbladet Jeg undres på om det ikke er første gang at selve barndommen har fått en så stor plass i en norsk diktsamling. De fleste av disse diktene er ledige prosadikt i en frisk og uanfektet stil, som rett som det er på en over- raskende måte minner om Duun. Inger Hagerup i Friheten Om Trass i alt Alle diktene har sikker kunstnerisk holdning. Alle eier de personlig tone. Det finnes ikke et likegyldig dikt i samlingen. Harald Beyer i Bergens Tidende

Upload: tor-odd-engen

Post on 22-Mar-2016

219 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

Omslag for diktsamling av Harald Hamre 2011. Utgitt av Oplandske Bokforlag

TRANSCRIPT

Page 1: Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen

Harald Hamre (Rolv Thesen)Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen

Dikt i utval ved Ole Karlsen

Harald H

amre (R

olv Thesen)

Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen

ISBN 978-82-7518-174-7

Rolv Thesen alias Harald Hamre (1896 – 1966) er ein klassikar i norsk bokheim. Alt i unge år byrja han å skrive om bøker og vart ein av dei mest sentrale og respekterte kritikarane i førre hundreåret. Mest kjend er nok Thesen som litteraturforskar, og trilogien hans om Arne Garborgs dikting (1933 – 1939) er ennå ufråkommeleg innan Garborg-forskinga. Thesen tok dr.graden på det fyrste bandet i denne trilogien, og ei folkeutgåve av verket i eitt band kom i fleire opplag. Thesen fekk aldri stilling ved universitetet, men vart likevel ein av dei mest produktive litteraturforskarane i samtida med bøker og artikkelsamlingar om mellom anna Olav Duun, Tore Ørja-sæter og Johan Falkberget.

Thesen brevveksla og var omgangsven med mange av dei viktigaste for-fattarane i si tid: Hulda Garborg, Kristofer Uppdal, Aslaug Vaa, Halldis Moren og Tarjei Vesaas, Johan Falkberget, Rolf Jacobsen m.fl.

Som lyrikar debuterte Thesen under pseudonymet Harald Hamre fyrst i frigjeringsåret 1945. Til saman vart det tre kritikarroste diktbøker, Etter stormen (1945), og Trass i alt (1949) og Men ringen renn i hop (1963). Dei tre bøkene kan lesast som ein trilogi bygd på sjølve livsgangen, frå barndom-men i Moskenes og Lofoten til alderdommen på Hedmarken. Dette kjem òg fram i det fyldige utvalet av dikt som Ole Karlsen gjort til Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen. Barndommens opplevingar går att i alle dikt-bøkene til Hamre, og likeeins utgjer «mennesket og maktene» ein sentral tematikk i biletrike dikt både i frie og tradisjonelle, metriske vers. Utvalet er utstyrt med innleiing av Ole Karlsen og etterord av Jan Olav Gatland.

Ole Karlsen, dr.art., professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgsko-len i Hedmark. Har skrive Fansmakt og bergsval dom. En studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi (2000), Ekfrasen i moderne norsk lyrikk (2003) og Streif ys. Om norsk og nordisk lyrikk (2006). Har skrive ei rad artiklar, særleg om moderne norsk lyrikk, redigert ei rad vitskapelege antologiar om lyrikklesing, nordisk lyrikk og norske etterkrigslyrikarar. Siste bøker: Volds linjer (2011, saman med Thorstein Norheim) og Poesi og bildekunst. En antologi (2011).

Om Trass i altNokre av dikta i boka har det element av fullkommenskap i seg som gjer dei klassiske.

Johs A. Dale i Norsk Tidende.

Om Men ringen renn i hop… av klassisk art i all si ypperlege utforming. Har både smil og tårer, — humor, fin humor dessmer og det er sjeldan vare i nynorsk lyrikk.

Tore Ørjasæter i Nationen.

Sigmund Skard om Rolv Thesen:Med sitt stillfarande lag var Rolv Thesen eit kjempande menneske, med spaningar og sterke kjensler (…) I verset braut det djupe og varme i sinnet ope fram, det som han i kvar dagslaget dulde bak sin vare og liksom leitande smil.

Om Etter stormenEin les seg varm når ein les Hamre, kjenner seg trygg på at det er verkeleg lyrikk (…) Best og mest personlege er dei dikt som har rimlause frie vers.

Tormod Skagestad i Dagbladet

Jeg undres på om det ikke er første gang at selve barndommen har fått en så stor plass i en norsk diktsamling. De fleste av disse diktene er ledige prosadikt i en frisk og uanfektet stil, som rett som det er på en over-raskende måte minner om Duun.

Inger Hagerup i Friheten

Om Trass i altAlle diktene har sikker kunstnerisk holdning. Alle eier de personlig tone. Det finnes ikke et likegyldig dikt i samlingen.

Harald Beyer i Bergens Tidende