kapittel 12: noreg - «den nøytrale allierte»

9
Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte» Elevane skal kunne – gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet NYNORSK

Upload: ramona-robles

Post on 03-Jan-2016

54 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

NYNORSK. Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte». Elevane skal kunne – gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet. Norsk nøytralitet. – Noreg var nøytralt under den første verdskrigen (1914−1918). - PowerPoint PPT Presentation

TRANSCRIPT

Page 1: Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

Elevane skal kunne

 

– gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet

NYNORSK

Page 2: Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

Norsk nøytralitet

– Noreg var nøytralt under den første verdskrigen (1914−1918).

 

– Landet var under sterkt press frå krigsmaktene, som ville sikre seg

norske råvarer til militære og sivile formål.

 

– Mange unge norske sjømenn mista livet i krigshandlingar.

 

– Krigen skapte forsyningsvanskar og varemangel i Noreg.

Page 3: Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

Under press frå krigsmaktene

- Noreg ville stå utanfor stormaktspolitikken, og ikkje blandast inn i

forholdet mellom «krigsmaktene» i Europa.

 

- Den norske handelsflåten var den tredje største i verda og tente inn

ein tredel av eksportinntektene til Noreg.

 

- Interessekonflikt:

 

25 % av eksporten gjekk til Storbritannia

 

32 % av importen kom frå Tyskland

 

- Spionar og agentar kom, folk blei mistenksame.

Page 4: Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

«Business as usual»

- Handel kunne i prinsippet gå føre seg som før.

 

- Norsk skipstransport og industri tente på krigen til å begynne med.

 

- Men det meste av flåten kom i britisk teneste, og britane skaffa seg

nærmast vetorett over norsk handelspolitikk.

 

- Britisk krigsøkonomi og kapital trengde langt inn i det norske

samfunnet.

Page 5: Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

Krigen krev liv

- Skip som frakta krigsviktige varer, kontrabande, kunne bli tekne av

motparten.

 

- Som svar på den britiske totalblokaden erklærte Tyskland i februar

1917 total ubåtkrig.

 

- Heile 900 norske skip, og livet til 2000 norske sjøfolk, gjekk tapt i

krigsforlis.

 

- Krigen skapte varemangel, og motsetnadene mellom ulike grupper

auka.

Page 6: Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

Dyrtid, jobbetid og tvangstid

- For vanlege folk: «dyrtida»

 

dyrare mat og bustad

 

- For aksjespekulantar: «jobbetida»

 

bedrifter gjekk godt på grunn av dyre varer – aksjar blei attraktive

 

- For bondefamiliane: «tvangstida»

 

bøndene pålagde tvangsdyrking

Page 7: Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

Offentleg innsats

- Forsyningsproblema kravde sterkare innsats frå det offentlege.

 

- Dei offentlege budsjetta auka, og staten måtte ta opp store lån i

utlandet for å dekkje utgiftene, skaffe forsyningar til landet og betale

for dei. Slik auka statsgjelda.

 

- I januar 1918 blei det innført rasjonering av ein del matvarer.

Page 8: Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

Økonomien i krise

- Krona kom ut av kontroll.

 

- Staten trykte fleire setlar og fristilte krona frå gullet (pari kurs).

 

- Sterk inflasjon.

 

- Statsgjelda blei den største av alle utfordringar som dei norske

regjeringane stod overfor i mellomkrigstida.

Page 9: Kapittel 12: Noreg - «den nøytrale allierte»

Frykt for verda utanfor

- Spanskesjuka tok mange liv.

 

- Den store krigen hadde ført med seg varemangel, spionasje og tap

av liv.

 

- Utryggleik og skepsis i befolkninga.