her kan du laste ned artikkelen barndom i krigsåra av einar holm

3
73 Ein trygg og god barndom i ein heim med fem sysken, foreldre og besteforeldre i andre høgda og barnerike huslydar som grannar; det var trygt og godt å vekse opp på eit lite småbruk med rikeleg med leikeareal og med elva like ved. Sorglause og gode år der ein såg fram til hausten då ein skulle byrje i fyrste klasse. Vi borna forstod nok at brått var det noko dramatisk som var i ferd med å skje. Grannane møttest, og dei snakka stilt og samla seg kring radioen. I vår kveldsbøn vart det lagt inn nye ord og ynske; “- så Gud må du passe på landet vårt så det ikkje kjem i krig. Og så Gud må du passe på far og alle dei andre som er på sjøen ...”. Alvoret kom nærare, og minna i dag frå dei fem krigsåra er mange. Utanom alvoret i heimen, mellom Barndom i krigsåra Av Einar Holm Tyske soldatar på Ytre Hareid under siste krig.

Upload: vodat

Post on 31-Dec-2016

229 views

Category:

Documents


1 download

TRANSCRIPT

Page 1: Her kan du laste ned artikkelen Barndom i krigsåra Av Einar Holm

73

Ein trygg og god barndom i ein heim med fem sysken, foreldre og besteforeldre i andre høgda og barnerike huslydar som grannar; det var trygt og godt å vekse opp på eit lite småbruk med rikeleg med leikeareal og med elva like ved. Sorglause og gode år der ein såg fram til hausten då ein skulle byrje i fyrste klasse.

Vi borna forstod nok at brått var det noko

dramatisk som var i ferd med å skje. Grannane møttest, og dei snakka stilt og samla seg kring radioen. I vår kveldsbøn vart det lagt inn nye ord og ynske; “- så Gud må du passe på landet vårt så det ikkje kjem i krig. Og så Gud må du passe på far og alle dei andre som er på sjøen ...”.

Alvoret kom nærare, og minna i dag frå dei fem krigsåra er mange. Utanom alvoret i heimen, mellom

Barndom i krigsåra Av Einar Holm

Tyske soldatar på Ytre Hareid under siste krig.

Page 2: Her kan du laste ned artikkelen Barndom i krigsåra Av Einar Holm

74

grannane, er det minna frå dei første krigsdagane, frå mobiliseringa, som sit i. Eg hugsar enno då mange frå Hareid vart innkalla til å gå i krig med tyskarane. Dei vart samle på indre Hareid kai, der møttest alle som skulle reise saman med foreldre, sysken og slektningar. Det skulle takast avskjed.

Gråt og klemmarVi borna fl okka oss rundt, men vi fekk ikkje kome heilt ned på kaia. Eg trur nok at dei fl este av oss hadde vanskar med å forstå situasjonen, der var mykje gråt og klemming. Det var ein taus barnefl okk då rutebåten la til kaia - og dei som skulle reise, gjekk om bord. På kaia stod ein samla fl okk og vinka heilt til båten var komen ut mot Kvitneset.

Fly og bomberEg ser det enno for meg. Så var krigen komen nær også her. Ålesund bomba, vi såg raude elden over Sulafjellet. Og medan vi var oppe i elva og leika med båtar, vart to bomber sleppte oppe i Melshornet, fl yet fl aug så over hovudet på oss og sleppte dei neste bombene utanfor Korsneset. Vi sprang det vi makta for å kome oss ned i næraste kjellar. Dei vaksne sa at fl ygarane sikkert ikkje ville treff e hus og folk, og difor sleppte bombene i fjellet og på sjøen.

Hausten 1943 kom, og mitt fjerde skuleår tok til. Ein dag vi er på heimveg frå skulen, ser vi to fl y

i luftkamp, og brått ser vi røyk ut av det eine fl yet, og det stupte mot sjøen. Og så ser vi ein fallskjerm falde seg ut. Vi sprang ned på kaia, ein båt gjekk ut frå Hareid og plukka opp fl ygaren som overlevde. Eg hugsar dei sa at det var ein tyskar.

Etter kvart fekk også vi merke at det var stor aktivitet ute i Brandal, på Kvitneset. Det var ikkje uvanleg at medan vi sat på skulebenken, så kom det tyskarar marsjerande – ofte syngjande – forbi skulen og til Trudvang. Dei vaksne sa at der viste dei fi lm. Dei kunne vel vere opp til 40–50 i fl otte uniformer, dei var svært fl inke til å syngje.

KrigsfangarMen vi fekk også ofte oppleve ei anna gruppe, som regel kom dei i lastebil for å hente krigsutstyr frå båtar som låg ved kaia. På lasteplanet sat dei i all slags vêr, lurvete kledde, triste å sjå på.

Sjølv om det ikkje var noka overfl od heime, så hadde vi ofte med mat, brød, grønsaker osb. som vi heiv opp i lastekassa til desse russiske fangane. Ein gong hugsar eg at lastebilen brått stoppa i KL-svingen, og ut kom to tyskarar i fullt sprang etter oss. Det var vel fordi vi gav russefangane mat.

Ei anna hending som har brent seg fast, er då radioane skulle sendast frå Hareid. Alle husstandar hadde levert inn sine radioar, det var forbode å ha radio. Radioane var innleverte på lensmannskontoret.

Radioar om bordOg ein dag oppdaga vi at båten Fangst – som var rekvirert av tyskarane – låg nede ved kaia. Og der begynte dei å frakte kasser med radioar frå lensmannskontoret og om bord i Fangst. Sikkert mange hundre radioapparat. Dette var spanande for oss gutungane. Så om kvelden – då dei hadde fått alt om bord og skalka lukene – og tyskarane var samla i lugarane, oppdaga vi fem vaksne karar frå Hareid, vi kjende dei alle: Dei går om bord, opnar ei luke og plukkar med seg kvar sin radio og spring oppover kaia.

Det dei ikkje visste, var at vi låg under kaidekket og såg det heile. Det var kveld, så det hadde teke til å mørkne. Så følgde vi dei på avstand og såg kvar dei gøymde radioane. Ein fór inn på Mylna, guanofabrikken til Teigene, ein inn i K.L.-naustet, ein inn i Bellaskogen og ein opp i kyrkja. Så heilt fram til freden visste vi kvar desse radioane var, og vi såg ofte at dei vaksne gjekk dit for å lytte, sjølvsagt etter at det var mørkt. Det vart sagt at dei hadde hjelp av skipperen på Fangst for å gjennomføre hentinga av radioane. Så vidt eg veit, var det Dagbart Hareide som var skipper.

Page 3: Her kan du laste ned artikkelen Barndom i krigsåra Av Einar Holm

75

Kalla inn og åtvaraEtter kvart frettest det at vi visste om radioane. Ein dag vart vi kalla inn til el-verkssjefen, og der vart vi sterkt åtvara mot å seie noko. Eg hugsar at han sa: – De kan bli skotne om tyskarane får vite at de stal radioar. Og vi heldt stilt, vi forstod alvoret. Men vi kika ofte på radioane under krigen, utan at dei vaksne visste det.

Ein vindfull haustdag, eg trur det var i 1944, var det stor oppstandelse i Hareid sentrum. Nede på stranda, omtrent der trafikkterminalen er i dag, låg der ei stor hornmine og rulla. Dei som budde nærast, flytte ut av husa sine. Og ein dag kom det tyske ekspertar og skulle uskadeleggjere mina. Eg hugsar at vi gutungane gjekk heilt opp til Løysingsteinen, med god utsikt og i trygg avstand såg vi at mina vart gjort ufarleg. Her sat vi og venta på at det skulle smelle. Men eg kan ikkje seie at vi håpte på det.

Fann revolvarSame hausten gjorde vi eit stort funn inne i steingarden på austsida av kyrkja. Råsa heim gjekk langs med den steingarden. Og ein dag eg og min beste kamerat var på veg heim frå skulen, ser vi ein grå striebit stikke ut mellom steinane. Vi

drog i enden og ut kom først ein stein, og så kom striesekken, og til vår store forskrekking var der ein innepakka revoltar og 50 skot. Vi putta det heile i skuleveska og sprang opp i Eliasskogen og gøymde han godt. Vi pussa og stelte den revolveren, sjølvsagt utan at nokon fekk vite det.

Då krigen var slutt, henta vi revolveren fram, og det heile vart kjent. Eljan Brekke var eigaren, og han fekk revolveren tilbake. Han hadde vore med dei første krigsdagane og tok med seg revolveren heim etter at Noreg hadde kapitulert.

Fred og gledeSå hugsar eg fredsdagane, den utrulege gleda, men også sorga som mange møtte. Men det sterkaste minnet eg likevel har frå fredsdagane, er då mor og far samlar oss borna rundt flaggstanga nede i hagen, og far for første gong på mange år heiste det norske flagget. Og med oss syskena og far rundt seg, sende mor ei takkens bøn for freden og fordi vi hadde overlevd krigen for til slutt å take med at alle dei som ikkje hadde vore så heldige, måtte få hjelp og trøyst.

Artikkelforfattaren

Einar Holm, f. 12. august 1933 på Hareid. Han er utdanna lærar, men har og drive fiske og fangst. Han var i meir enn 40 år vore ein sentral politikar både lokalt og regionalt. Mellom anna har han fire periodar bak seg som orførar i Hareid, han har sete i fylkestinget i mange periodar, ein av dei som fylkesvaraordførar. Einar har eit breitt samfunnsengasjement, er historisk interessert og har vore medlem av Hareid historielag heilt sidan starten. Han har òg skrive artiklar i årsskriftet tidlegare. Han har Kongens fortenestemedalje i gull.