handlingsprogram 2019-2022 · gjennomføre ein årleg av og til - kampanje av 2020 og g kampanje...

28
HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 Kommuneplanen sin samfunnsdel SAMMENDRAG Handlingsprogram 2019 - 2022 er ei konkretisering av mål og strategiar i nyleg vedteken samfunnsdel, og angjev korleis kommunen og lokalsamfunnet vil følgje dei opp dei fire påfølgjande åra. Handlingsprogrammet skal reviderast årleg. Rådmannen Vedteken i kommunestyret – 27. februar 2019

Upload: others

Post on 25-May-2020

8 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 Kommuneplanen sin samfunnsdel

SAMMENDRAG Handlingsprogram 2019 - 2022 er ei konkretisering av mål og strategiar

i nyleg vedteken samfunnsdel, og angjev korleis kommunen og

lokalsamfunnet vil følgje dei opp dei fire påfølgjande åra.

Handlingsprogrammet skal reviderast årleg.

Rådmannen Vedteken i kommunestyret – 27. februar 2019

Page 2: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

1

Innhold Foto framside: Ronny Solheim ................................................................................................................................................................................................. 1

1 PLAN OG STYRINGSSYSTEM ................................................................................................................................................................................................... 2

2 GLOPPEN SIN VEDTEKNE POSISJON ....................................................................................................................................................................................... 3

3 HOVUDSTRATEGIAR I KOMMUNEPLANEN SIN SAMFUNNSDEL .............................................................................................................................................. 3

3.1 I FORKANT ...................................................................................................................................................................................................................... 3

3.1.1 Dette skal vi gjere i lag: ............................................................................................................................................................................................ 4

3.1.2 Gloppen kommune skal: .......................................................................................................................................................................................... 5

3.2 RIKE OG RAUSE LIVSMILJØ .............................................................................................................................................................................................. 9

3.2.1 Dette skal vi gjere ilag: ........................................................................................................................................................................................... 10

3.2.2 Gloppen kommune skal: ........................................................................................................................................................................................ 14

3.3 NÆRING OG ARBEID ..................................................................................................................................................................................................... 19

3.3.1 Dette skal vi gjere ilag: ........................................................................................................................................................................................... 20

3.3.2 Gloppen kommune skal: ........................................................................................................................................................................................ 25

Foto framside: Ronny Solheim

Page 3: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

2

1 PLAN OG STYRINGSSYSTEM

Plan og bygningslova (PBL) §11-1 4.ledd pålegg kommunane at «kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som angjev korleis planen skal

følgjast opp dei fire påfølgjande år eller meir, og reviderast årleg». Handlingsdelen bygger på følgjande nyleg vedtekne kommunedelplanar:

«Kommuneplan for Gloppen, med samfunnsdel og arealdel, er saman med økonomiplanen og årsbudsjetta kommunen sitt viktigaste

styringsdokument. Den legg langsiktige føringar for kommunen si verksemd og tydeleggjer kva rolle Gloppen kommune skal ha i utviklinga

av lokalsamfunnet, regionen og omverda.

Posisjon, framtidsmål og strategiar i planen skal vere førande for alle sektorar i kommunen, inklusiv prioritering i økonomiplan og budsjett»

Henta frå Samfunnsdelen si innleiing

Page 4: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

3

2 GLOPPEN SIN VEDTEKNE POSISJON I arbeidet med samfunnsdelen legg kommune opp til å ta posisjonen - «Ein rikare kvardag – midt i verda», i samarbeid med privat og frivilleg sektor. Vi

ønskjer å strekke oss for at innbyggarane våre skal få ein rikare kvardag, utan å rangere oss som rikare i forhold til andre. Å vere midt i verda handlar ikkje

om å vere meir sentralt plassert enn andre plassar, men at vi ikkje ser på kommunen vår som ein utkant, men som ein stad som er tett på omverda. «Midt i

verda» handlar om å ta i bruk ny teknologi men også om våre haldningar.

3 HOVUDSTRATEGIAR I KOMMUNEPLANEN SIN SAMFUNNSDEL

3.1 I FORKANT Det å vere i forkant handlar om å ha ein utviklingskultur som fangar opp signal og tar fatt i det handlingsrommet som ligg i

samfunnsendringane. Dette må kommunen, næringslivet og frivillige skape i lag – ein utviklingskultur basert på «samskaping». Her bringer vi

kompetanse og ressursar saman med næringsliv og innbyggjarar, og i fellesskap utviklar vi løysingar.

Som tenesteytar har Gloppen kommune som mål å vere i forkant, både i møte med den einskilde og på systemnivå.

Foto: Siv Kvalsvik Haugen Foto: Mona barnehage

Page 5: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

4

3.1.1 Dette skal vi gjere i lag:

3.1.1 STRATEGIAR –

Dette skal vi gjere ilag:

TILTAK 2019 TILTAK 2020 - 2022

A Ta til oss impulsar frå omverda og samarbeide om å ta i bruk ny teknologi, både når det gjeld kompetansebygging og fasilitetar.

B Tilby gode og spennande arbeidsplassar, både private og offentlege, der dei tilsette har høve til å utvikle seg og ta i bruk ny kunnskap.

Synleggjere kva vi har å tilby ved å delta på karrieremesser

Fokus på vidareføring av trainee-ordninga til Framtidsfylket

Auke andelen heiltidsstillingar i kommunen

Tilby læreplassar/praksisplassar

Synleggjere kva vi har å tilby ved å delta på karrieremesser

Fokus på vidareføring av trainee-ordninga til Framtidsfylket

Auke andelen heiltidsstillingar i kommunen

Tilby læreplassar/praksisplassar

Page 6: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

5

3.1.2 Gloppen kommune skal:

3.1.2 STRATEGIAR –

Gloppen kommune skal:

TILTAK 2019 TILTAK 2020 - 2022

A Gripe fatt i utfordringar tidleg, før dei veks seg store – førebyggje framfor å reparere.

Fornye samhandlingsarenaene mellom einingane og sektorane.

Styrke fokus på psykisk helse i skulane.

Vidareutvikle lågterskeltilbod for dei som har lettare psykiske plager og/ eller rusproblem så tilbodet vert aktuelt å nytte for ei større brukargruppe. Utvikle felles psykolog-teneste for Nordfjord saman med dei andre kommunane.

Etablere samarbeids-arenaer for å sikre god tverrfagleg innsats og samordna tiltak for dei minoritetsspråklege.

Utgreie om det er aktuelt å omorganisere seg slik at tilsette frå psykisk helseteneste er tilgjengelege også på kveld og helg.

Utvikle kvalitet på tenestene i miljøarbeidartenesta med fokus på kvardagsmeistring.

Jobbe med livsmeistring som tema både i fagfornyinga i skulane og rammeplanen i barnehagane.

Utvikle gode gruppetilbod for brukarar med psykiske lidingar.

Vurdere å auke kapasiteten til hukommelses-teamet i tråd med auka tal eldre. Oppgåva er å kartlegge, legge til rette i kvardagen med hjelpemiddel samt gje råd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre tenesteytarar.

Vidareutvikle dagaktivitets-tilbod for heimebuande med demens. Vurdere samarbeid med private og frivillige om tilbod som femnar om områda Sandane, Breim og Hyen.

Styrke avlastningstilbodet til pårørande som gjer ein stor innsats for sine heimebuande demente. Kapasitet, alternative og fleksible tilbod er viktige stikkord.

Auke tal heildøgnsbemanna omsorgsbustader som er godt tilpassa pasientar med demens.

Page 7: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

6

Forts. Gripe fatt i utfordringar tidleg, før dei veks seg store – førebyggje framfor å reparere.

- Informere om viktigheita av fysisk og psykisk

aktivitet er for å førebygge utvikling av demens.

Utarbeide gode retnings-linjer og system for oppfølging av personar med demens og deira familiar. Samarbeid mellom einingar i kommunen og med andre instansar må setjast i system.

Auke kompetansen på demens blant dei tilsette i alle einingar. Vidare-utdanning innan dette feltet skal prioriterast.

Vurdere å etablere ei ordning med ressurspersonar i dei ulike heimetenesteområda, jmf. ressurspersonar i kvardagsrehabilitering.

Utnytte det breie musikktilbodet i kommunen som ein ressurs og del av tilbodet til demente.

B Styre kommuneøkonomien slik at vi kan handtere dei utfordringane kommunen og lokalsamfunnet står overfor.

Følgje opp budsjettvedtaket om 0,5 % overskot Ha som mål å arbeide for 1-2 % budsjettoverskot i

perioden.

C Utvikle ein tilpassingsdyktig organisasjon, som evner å møte utfordringar og behov på nye måtar. Planlegge langsiktig, og arbeide systematisk på tvers av fag og sektorar for å levere godt samordna tenester av høg kvalitet.

Jobbe vidare med å sette eit større utviklingsfokus i organisasjon. Dyrke fram tverfaglege fora og jobbe heilskapleg.

Vidareføre og utvikle det systematiske tverrfaglege arbeidet/ arenaene, som t.d. leiarforum, rusfagleg forum, bustadsosial styringsgruppe og politirådet.

Jobbe vidare med å sette eit større utviklingsfokus i organisasjon. Dyrke fram tverfaglege fora og jobbe heilskapleg.

Vidareføre og utvikle det systematiske tverrfaglege arbeidet/ arenaene, som t.d. leiarforum, rusfagleg forum, bustadsosial styringsgruppe og politirådet.

Page 8: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

7

D Halde fram med å ta i bruk ny teknologi i utvikling av tenestene.

Ta i bruk velferdsteknologi i større omfang.

Utgreie og utvide bruken av elektronisk dørlås.

Følgje med på utviklinga og ta i bruk velferdsteknologi i større omfang.

E Ta initiativ og vere ei drivkraft i samarbeidet mellom Nordfjord-kommunane gjennom utvikling og marknadsføring av ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion, dele kunnskap og utvikle gode tenester på tvers av kommunegrenser.

Støtte opp om og delta på Framtidsfylket sine karrieremesser – messevegg med felles profilering av Nordfjord

Oppdatere profil og heimeside for Nordfjord-rådet

Vurdere oppstart av felles plansamarbeid/ planstrategi for Nordfjord.

Vidareutvikle allereie etablerte fag-/leiarnettverk i Nordfjord.

Støtte opp om og delta på Framtidsfylket sine karrieremesser - messevegg med felles profilering av Nordfjord

Vidareutvikling av plansamarbeidet i Nordfjord

Vidareutvikle allereie etablerte fag-/ leiarnettverk i Nordfjord.

F Sørgje for at berekraftig utvikling vert eit overordna prinsipp i kommunen si planlegging og verksemd, og etterspørje miljøvennlege løysingar ved kjøp av varer og tenester.

Innanfor kommunal planlegging:

Arealdisponering som reduserer klimagassutslepp

Jobbe med tiltak som gir reduksjon i klimagassutlepp

I lag med samarbeidsparter etablere prosjekt mot innbyggjarar for gjenbruk og reduksjon av avfall

Søke midlar frå Miljødirektoratet sin klimasatsordning for å redusere klimagassutslepp i vår kommune

Etterspørje og dokumentere redusert energiforbruk på nye bygg

Innanfor kommunal verksemd:

Vurdere alternative energikjelder ved planlegging av nye bygg.

Vurdere ein ny innkjøpsstrategi der klima- og miljø er eit av tildelingskriteria

Innanfor kommunal planlegging:

Arealdisponering som reduserer klimagassutslepp

Jobbe med tiltak som gir reduksjon i klimagassutlepp

Søke midlar frå Miljødirektoratet sin klimasatsordning for å redusere klimagassutslepp i vår kommune

Etterspørje og dokumentere redusert energiforbruk på nye bygg

Innanfor kommunal verksemd:

Vurdere alternative energikjelder ved planlegging av nye bygg.

Vurdere ein ny innkjøpsstrategi der klima- og miljø er eit av tildelingskriteria

Page 9: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

8

Forts.: Sørgje for at berekraftig utvikling vert eit overordna prinsipp i kommunen si planlegging og verksemd, og etterspørje miljøvennlege løysingar ved kjøp av varer og tenester.

Skifte ut 2 kommunale fossile tenestebilar til el-bilar (personbilar)

Etablere 10 ladestasjonar til kommunale tenestebilar

Som ledd i sykkelstrategien vår etablere ei utleige/leasing/abonnementsordning for elsyklar, gjerne i samarbeid med privat næringsliv.

Prosjekt i barnehagar og skular med konkrete klimatiltak i kvardagen

Skifte ut 8 kommunale fossile tenestebilar til el-bilar (personbilar).

Innan 2025 skal alle kommunale tenestebilar (personbilar) vere el-bil

Etablere 25 nye ladestasjonar til kommunale tenestebilar

Prosjekt i barnehagar og skular med konkrete klimatiltak i kvardagen

G Jobbe systematisk med skade- og ulykkesførebygging på tvers av offentleg, privat og frivillig sektor. Halde fram med å vere godkjent som eit «Trygt lokalsamfunn», blant anna gjennom å bli godkjent som ein trafikksikker kommune i løpet av 2018

Følgje opp og implementere utarbeida rutinar og strategiar i trafikktryggingsarbeidet - Trafikksikker kommune.

Utvikle samarbeidet med lag og organisasjonar omkring skade- og ulykkesførebyggjande arbeid med særleg vekt på barn og unge og eldre.

Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje

Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge lokalsamfunn for kommunestyreperioden 2019 – 2023.

Formalisere samarbeid med lag og organisasjonar omkring skade- og ulykkesførebyggjande arbeid med vekt på vedtekne satsingsområde.

Gjennomføre ny «Ung data»-undersøking i 2020

Rullere «Rusmiddelpolitisk handlingsplan» i løpet av 2020 og gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje

H Ha fokus på beredskapsmessige omsyn og samfunnstryggleik i all planlegging, og ha gode system og rutinar for oppdatering av beredskapsplanen. Sikre at beredskaps-arbeidet blir godt innarbeidd i organisasjonen, og eit godt samarbeid med andre offentlege og private aktørar.

Ferdigstille og vedta overordna beredskapsplan og ROS-analyse.

I løpet av 2019 utarbeide lokale beredskapsplanar for alle barnehagane og skulane våre.

Gjennomføre minimum to årlege møte i Politirådet

Gjennomføre PLIVO-øving for fleire kommunar i Gloppen

Gjennomføre eit årleg møte i beredskapsrådet

Vurdere kommunen sin branntekniske ressursar opp imot forslag til ny organisering i fylket/region.

Årleg rullering av overordna beredskapsplan

Rullere eksisterande plan for veg, vatn og avløp med vekt på handtering av overflatevatn

Gjennomføre eit årleg møte i beredskapsrådet

Page 10: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

9

3.2 RIKE OG RAUSE LIVSMILJØ For at folk i alle aldrar skal kunne meistre kvardagen sin og delta i samfunnet yter Gloppen kommune ei mengde ulike tenester, men rike og

rause livsmiljø er noko vi berre kan skape i lag. Det handlar om korleis vi som kommune bruker ressursane våre, leverer tenester og prioriterer

bruk av arealet vårt, men det handlar like mykje om korleis vi omgås kvarandre og legg til rette for ein rikare kvardag gjennom gode relasjonar

og opplevingar. Vi ynskjer at folk skal ha lyst til å flytte hit, og dei skal kjenne at her høyrer dei til.

Foto: Trivselskogen Foto: Geir Skagen

Page 11: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

10

3.2.1 Dette skal vi gjere ilag:

3.2.1 STRATEGIAR –

Dette skal vi gjere ilag:

TILTAK 2019 TILTAK 2020 - 2022

A Ta vare på organisasjonsliv og dugnadskultur. Syte for at alle grupper vert inviterte og inkluderte.

Ha årlege møte med lag og organisasjonar, og utvikle og utfordre til dømes gjennom idrettsrådet og møteplass for kulturlivet.

Fremje inkludering gjennom å tenke nytt om bruken av støtte-, fritids- og treningskontakt.

Ha årlege møte med lag og organisasjonar, og utvikle og utfordre til dømes gjennom idrettsrådet og møteplass for kulturlivet.

B Skape gode møteplassar mellom folk frå ulike nasjonar.

Utvikle møteplassar som fremjar inkludering og fellesskap på tvers.

Vidareføre «Strikkeklubben» i regi av Frivilligsentralen som ein viktig møteplass på tvers av ulike kulturar.

Gjennomføre «Internasjonal fest» i Trivselshagen i nært samarbeid med Røde Kors omsorg.

C Kyrkja i Gloppen er aktiv, open og inkluderande.

Sette i verk tiltak i tråd med strategiplan for Gloppen kyrkjelyd, der eit av måla er at kyrkja skal bidra aktivt i å inkludere flyktningar som kjem til Gloppen.

Evaluere språkkafèen som har vore regelmessig gjennomført på open skule ved Firda vg.skule kvar mnd. i haust og vinterhalvåret 2017 og 2018.

Halde fram med å invitere nye glopparar inn i etablerte medliturggrupper.

Page 12: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

11

D Skape lokalsamfunn som styrkar og tek omsyn til familiar og einslege sine behov.

Bevisstgjering omkring uønskte konsekvensar av for høgt aktivitetsnivå i familiar, og legge meir til rette for medverknad frå barn, unge og foreldre.

Legge til rette for fleire uformelle møteplassar rundt om i lokalsamfunnet på tvers av alder og livssituasjon.

Bevisstgjering omkring uønskte konsekvensar av for høgt aktivitetsnivå i familiar, og legge meir til rette for medverknad frå barn, unge og foreldre.

Legge til rette for fleire uformelle møteplassar rundt om i lokalsamfunnet på tvers av alder og livssituasjon.

E Sikre at alle barn har høve til å delta i fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt.

Utfordre frivillige lag og organisasjonar til å sette temaet på dagsorden gjennom idrettsrådet og møteplass for kulturlivet.

Evaluere ordninga med opplevingskortet, og vurdere om vi har gode nok ordningar for familiar med låg inntekt.

F Styrke og utvikle samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar med fokus på innbyggarar som treng støtte til å halde fram med å delta i sosiale aktivitetar.

Vidareføre halvårlege møter i regi av helse og omsorg og Frivilligsentralen med frivillige lag og organisasjonar

Vidareføre halvårlege møter i regi av helse og omsorg og Frivilligsentralen med frivillige lag og organisasjonar

G Snakke fram dei ulike lokalsamfunna sine kvalitetar, vise fram særpreg, attraksjonar og kulturminne.

Tema på halvårlege fellesmøte med utviklingslaga i kommunen.

Utvikle ein samarbeidsform der representantar for planavdelinga rykker ut på etterspørsel og bistår utviklingslaga i møte med innbyggarane.

Tema på halvårlege fellesmøte med utvikllingslaga i kommunen.

Page 13: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

12

H Nyte, skryte av, dyrke og foredle det breie kultur- og idretts-tilbodet vi har i Gloppen. Både det som skjer i nærmiljøa, i Trivselshagen, i regi av lag og organisasjonar, i barnehagane og skulane – som blir utøvd av barn og vaksne, av amatørar og profesjonelle. Skape nettverk og møteplassar mellom dei ulike aktørane.

Sikre at alle innbyggarane har tilgang på kulturtilbod av høg kvalitet.

Få til ei felles nettside der alt som skjer i kommunen blir lagt ut, til dømes vidareutvikle gloppen.no

Lage eit årshjul over aktiviteter og arrangement som kjem igjen kvart år på faste tidspunkt.

Sikre at alle innbyggarane har tilgang på kulturtilbod av høg kvalitet.

Få til ei felles nettside der alt som skjer i kommunen blir lagt ut, til dømes vidareutvikle gloppen.no

Lage eit årshjul over aktiviteter og arrangement som kjem igjen kvart år på faste tidspunkt.

I Utvikle nye samarbeidsformer og idear når det gjeld tilrettelegging av naturen, -slik at merkte turstiar, stisykkel- og skiløyper, vegar og parkeringsplassar vil gjere det lett å kome seg på tur i Gloppen òg i framtida.

Sette i verk tiltak i tråd med vedteken «Plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet». Planen legg m.a. vekt på samarbeid mellom ulike aktørar både når det gjeld anlegg og andre tiltak.

Inngå avtalar om vedlikehald og rèmerking av turstiar med aktuelle lag og organisasjonar.

Vurdere og gjennomføre merking av fleire turstiar i kommunen.

J Kommunen og utviklingslaga skal utvikle gode samarbeidsformer for å fremje utvikling i grendene.

Halvårlege fellesmøte med utviklingslaga i kommunen, og einskildvis ved behov.

Jobbe vidare med å utvikle ein kultur for samskaping med eldsjelar og utvikllingslaga i kommunen.

Halvårlege fellesmøte med utviklingslaga i kommunen, og einskildvis ved behov.

Jobbe vidare med å utvikle ein kultur for samskaping med eldsjelar og utvikllingslaga i kommunen.

K Sikre ei heilskapleg utvikling av fjordlandsbyen Sandane, gjennom samskaping med grunneigarar, næringar i sentrum og regionale aktørar, både gjennom arbeidet med ny områdereguleringsplan og i oppfølging av den.

Vidareføre «Landsbyrådet» som eit fagleg samarbeid mellom eksterne utviklingsaktørar, og jobbe vidare med utvikling av fjordlandsbyen Sandane.

Det skal lagast ein årleg aktivitetsplan for fjordlandsbyen som skal politisk vedtakast.

Gjennom landsbyrådet - jobbe med kunnskapsbygging og utvikling av sentrum innan handel, arbeidsplassar og bustadbygging, og aktivisering for å skape eit meir levande sentrum med varierte møteplasser.

Page 14: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

13

L Fremje større variasjon i bustad-massen med tanke på pris, storleik og eigarform. Det bør vere variasjon innanfor same bustadområde for å fremje sosial utjamning, gjere det enklare å «prøvebu» og for at eldre skal få høve til bli buande lenger i nærmiljøet sitt.

Få på plass nye bustader for utleige til vanskelegstilte familiar i tilknyting til etablerte bustadområde.

Ha fokus på å skaffe fleire gjennomgangsbustader og rimelegare bustader til sals i alle tettstadane våre.

Bustadpolitisk handlingsplan skal rullerast i 2020/ 21.

M Framsnakke klimasmart matproduksjon Vidareføre Landfrag-prosjektet

Page 15: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

14

3.2.2 Gloppen kommune skal:

3.2.2 STRATEGIAR –

Gloppen kommune skal:

TILTAK 2019 TILTAK 2020 - 2022

A Gje alle barn høve til å utnytte potensialet sitt ut i frå sine føresetnader, og styrke fokuset på inkludering i barnehagar og skular.

Fremje deltaking og inkludering av barn og unge med nedsett funksjonsevne i kulturskulen.

Meir fokus på tilpassa opplæring og mindre på spesialundervisning

Avklare om det i Gloppen skal gjennomførast forsøk med leksefri skule.

Fremje deltaking og inkludering av barn og unge med nedsett funksjonsevne i kulturskulen.

Meir fokus på tilpassa opplæring og mindre på spesialundervisning

B Jobbe tverrfagleg for å redusere sosial ulikskap, særleg med tanke på barn og unges oppvekstvilkår.

Tilby foreldrerettleiing for innvandrargrupper etter ICDP metoden. Kurse og bruke innvandrarar med ulike morsmål som medkurshaldarar.

Sjå spesielt på korleis vi arbeider med psykisk helse inn mot innvandrarfamiliar, og korleis vi handterer barnefattigdom.

Styrke det tverrfaglege samarbeidet på tvers av sektorar og tenester, og auke kjennskapen til kva dei ulike einingane kan bidra med.

Gloppen har fått midlar til å kurse og gjennomføre foreldrerettleiing som allment tiltak for å styrke foreldrerolla.

Jobbe for høg barnehagedekning blant innvandrarfamiliane våre.

C Arbeide for eit ope, inkluderande og trygt arbeidsmiljø, som speglar mangfaldet i befolkninga.

Tilby arbeidsutprøving og språkpraksis

Kontinuerleg oppfølging av sjukmeldte i tråd med interne rutinar.

Tilby arbeidsutprøving og språkpraksis

Kontinuerleg oppfølging av sjukmeldte i tråd med interne rutinar.

Page 16: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

15

D Sikre gode overgangar i heile livsløpet til glopparane.

Som del av at Gloppen er ein «Språkkommune» skal det lagst ein ny plan for overgangane mellom helsestasjon, barnehage og skule.

Utvikle samhandlings-arenaene vi har mellom einingar og sektorar

Stikkorda frå «Språkkommune» arbeidet med tidleg innsats, overgangar og lærande organisasjonar er levande i Gloppen.

E Utarbeide ein ny helse- og omsorgsplan, som skal sikre gode og framtidsretta helse- og omsorgstenester til innbyggarane. Planen skal òg tydeleggjere den einskilde innbyggar sitt ansvar for eiga helse, og fremje samarbeid med ulike samfunnsaktørar.

Kommunen og leiar for Frivillegsentralen skal ta ansvar for å vidareføre ordninga med faste møtepunkt med frivillige ein gong i halvåret.

Vidareføre samarbeidet mellom kommunen og Frivillegsentralen i nye aktuelle utviklingsprosjekt.

Sikre medverknad frå dei frivillige i planlegging av aktivitetar og prosjekt.

Arrangere seniorsamling for aldersgruppa 72-74 år i 22020 og 2022 med mål om å gje råd og rettleiing for å planlegge for eigen alderdom.

Kommunen og leiar for Frivillegsentralen skal ta ansvar for å vidareføre ordninga med faste møtepunkt med frivillige ein gong i halvåret.

Vidareføre samarbeidet mellom kommunen og Frivillegsentralen i nye aktuelle utviklingsprosjekt. Sikre medverknad frå dei frivillige i planlegging av aktivitetar og prosjekt.

F Ta initiativ til og utvikle samarbeidet med næringsliv, utviklingslag og andre lag og organisasjonar på område der vi i lag kan skape ein rikare kvardag for alle i Gloppen.

Invitere til minimum to fellesmøte med utviklingslaga i Gloppen med fokus på arealdelen og lokal tettstadutvikling.

Gjennomføre 3-4 møte i arbeidsgruppa «Gloppen 2030» med representantar frå næringsliv, frivillig sektor, kulturlivet og adm. og pol. Jobbe for å få ungdomsrådet med i arbeidsgruppa.

Page 17: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

16

G Løfte fram og vidareutvikle samspelet mellom Gloppen kulturskule, distriktsmusikarane i Gloppen, Gloppen Folkebibliotek, Firda vgs, festivalane og det frivillige kulturlivet som ein viktig ressurs for kommunen.

10 år i Trivselhagen - Feire og fornye

Debatt- og arrangements-serie «Mauren i mold»

Mulig vidareføring av «Newtonklubben»

Utvide tilbodet av arrangement og aktivitetar

H Sikre eit breitt tilbod i kulturskulen, der barn og unge kan utvikle seg i ulike sjangrar.

Delta i samlingar lokalt og på Eid fram mot framsyninga «Fargespel 2019» i april saman med Opera Nordfjord og alle kommunane i Nordfjord.

Tilsette ny distriktsmusikar i folkemusikk

I Utvikle Gloppen Folkebibliotek som møteplass og verkstad for oppleving og læring i kvardagen, både fysisk og digitalt. Styrkje arbeidet med aktiv formidling av kunnskap og kultur inn mot alle aldersgrupper.

Nye nettsider (biblioteket)

Planlegge nytt skule- og folkebibliotek i «nye Hyen skule», og fortsetje fornyingsarbeidet ved Byrkjelo filial.

Vidareføre Bibkafé: Møteplass dagtid m/lese- og digitale tips

SommarLes: Leseaksjon for barn

Prosjekt: Bibliotektimar 1.,2., og 3.trinn grunnskule

Generelt: Fokus på kvalitet og utvikling i kvardagen

Hyen filial: Lage eit nytt bibliotek i «Nye Hyen skule», som kan fungere godt både som skule- og folkebibliotek, saman med Hyen skule.

Faste bibliotektimar for 1.-3.trinn grunnskule innarbeidd

Generelt: Fokus på kvalitet og utvikling i kvardagen

Page 18: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

17

J Sette av areal til uformelle møteplassar i tettstadane våre. Møteplassane skal ha universell utforming, kunne brukast av folk i alle aldrar og tilretteleggast for fleirbruk. Menneske med ulik etnisk bakgrunn og livssyn skal ha gode møteplassar i Gloppen.

Utvikle samarbeidet med landsbyrådet og utviklingslaga i Breim og Hyen rundt tema tettstadutvikling.

K Regulere for fortetta bustadbygging i nærleiken av barnehagar og skular.

Støtte opp om private reguleringsplanar som legg til rette for dette.

Nye område og eventuell utviding av eksisterande bustadområde vil bli konkretisert når ny arealdelen er vedteken.

Prioritere nye bustadfelt i gang- og sykkelavstand til skule i arealdelen

L Arbeide for samanhengande gang- og sykkeltrasear mellom bustadområde, barnehage, skule og arbeidsplassar gjennom oppfølging av kommunen sin Trafikktryggingsplan og ved å utarbeiding av ein sykkelstrategi.

Midlar til planlegging av gang- og sykkelveg frå Vonheim til Fitje vedteke i fylkestinget 2017.

Gjennom arbeidet med arealdelen greie ut om det er mogleg å lage ein gang-/og sykkelveg frå Evebø til Åsen.

Utarbeide ein sykkelstrategi som tydeleggjer kommunen sine prioriteringar og beskriv tiltak som er med å bygge oppunder intensjonane i samfunnsdelen.

Jobbe for finansiering og ferdigstilling av ny gang- og sykkelveg frå Vonheim til Fitje.

Gjennom arbeidet med arealdelen sette av areal til gang- og sykkelveg mellom Reed og Byrkjelo.

M

Kommunen skal ha ein offensiv bustad-politikk og til ei kvar tid ligge i forkant med bustadtilbod i heile kommunen. Ha god oversikt over, og i samarbeid med private utbyggarar og utviklingslag, marknadsføre ledige tomter i kommunale og private bustadfelt.

Kommunen skal gjennom arbeidet med arealdelen legge til rette for utvikling og vekst i tilknytting til alle tettstadane våre, der dette ikkje alt ligg inne i gjeldande arealdel.

Sette i gang reguleringsplanarbeid for nye kommunale felt

Sette i gang reguleringsplanarbeid for nye kommunale felt.

I samarbeid med utviklingslaga og utbyggarar marknadsføre nye bustadtomter.

Page 19: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

18

M Forts. Kommunen skal ha ein offensiv bustad-politikk og til ei kvar tid ligge i forkant med bustadtilbod i heile kommunen. Ha god oversikt over, og i samarbeid med private utbyggarar og utviklingslag, marknadsføre ledige tomter i kommunale og private bustadfelt.

I samarbeid med utviklingslaga og utbyggarar marknadsføre nye bustadtomter, og stimulere utbyggarar til å tilby gjennomgangsbustader/ utleige.

- Stimulere utbyggarar til å tilby

utleigebustader/ gjennomgangsbustader

N Investere i private bustadprosjekt i sentrum av tettstadane våre, utifrå kommunen sine behov for bustader, for å bidra til at dei blir gjennomførte og for å kunne tilby kommunale bustader i fleire av tettstadane våre.

Bygge 4 – 6 bueiningar på kommunal tomt på Øyrane.

Kjøpe ein seksjon dersom Sandane hotell vert ombygd.

O Planlegge langsiktig og skape føreseielege rammer for dei som vil flytte til og etablere seg i Gloppen.

Kommunen skal satse på kultur som ein viktig faktor for å få folk til å busette seg å drive nærings-verksemd, og som gjer det attraktivt og godt å bu i kommunen.

Følgje opp og realisere vedtekne kommunedelplanar.

Kommunen skal halde fram å satse på kultur som ein viktig faktor for å få folk til å busette seg å drive nærings-verksemd, og som gjer det attraktivt og godt å bu i kommunen.

Følgje opp og realisere vedtekne kommunedelplanar.

P Vere pådrivar for eit betre kollektivtilbod i kommunen.

Arbeide for å få til eit korresponderande rutetilbod frå Skei til Sandane for bussar som kjem t.d. frå Oslo

Arbeide for å få tilpassa rutetider til Hyen

Page 20: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

19

3.3 NÆRING OG ARBEID Næringslivet i Gloppen har kundar over store delar av verda. Dei leverer teknologi i verdsklasse og set nasjonal og

internasjonal standard innan e-helse. Delar av næringslivet vil gjere Gloppen til Noregs kompositt-hovudstad, mens ein

annan del levere kortreist mat og drikke av høg kvalitet. Her er bedrifter leiande i teknologien innan det grøne skiftet, og

små nisjebutikkar du ikkje finn andre stadar. Gloppen er storprodusent og forvaltar av rein fornybar energi og er i tillegg

fylket sin største landbrukskommune. Dei naturbaserte opplevingane står i kø, og som reisemål har kommunen det som

skal til for å syne att på kartet. Alt dette gjer at det kan vere smart å etablere seg i Gloppen. Vi som kommune ønskjer å

legge til rette for dette skjer.

Foto: Sverre Hjørnevik/ Brødrene Aa Foto: Siv Kvalsvik Haugen

Page 21: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

20

3.3.1 Dette skal vi gjere ilag:

3.3.1 STRATEGIAR – Dette skal vi gjere ilag:

TILTAK 2019 TILTAK 2020 - 2022

A Legge til rette for bruk av ny kommunikasjonsteknologi og ligge forkant av den digitale utviklinga i etablering og utvikling av arbeidsplassar. Teknologien skal opne for samhandling med kollegaer, kundar og marknader i heile verda. Du skal kunne bu i Gloppen og jobbe kvar du vil.

Nordfjordrådet held fram å ha fokus på å utvikle samspelet mellom næringslivet, offentleg sektor og FOU- miljø.

B Saman med resten av Nordfjord jobbe for å behalde flyplassen vår, som er ein viktig føresetnad for vidare utvikling av kultur- og næringslivet i Gloppen og regionen, og som opnar for å bu landleg og jobbe nasjonalt og internasjonalt.

«Flyplassgruppa» - beståande av lokale politikarar og næringsliv i Nordfjord tek initiativ til møte med Avinor når nye anbod skal lysast ut eller rutetilbod står i fare.

«Flyplassgruppa» - beståande av lokale politikarar og næringsliv i Nordfjord tek initiativ til møte med Avinor når nye anbod skal lysast ut eller rutetilbod står i fare.

C Jobbe for utbetring av vegar som er viktige for at Gloppen skal vere ein del av eit større og meir dynamisk bu- og arbeidsområde, som E39 på strekninga Byrkjelo-Sandane, fylkesveg 615 og bygging av bru Anda-Lote.

Kommunedelplan for E39 – Byrkjelo – Grodås skal vedtakast i kommunane.

Gloppen kommune og Midtvegen 615 AS jobbar som pådrivarar for å få sette i gang arbeid med ny kommuneplan Hyen – Høgemuren.

Fylkestinget har vedteke at det skal settast av planleggingsmidlar i 2019 til bygging av gang og sykkelveg mellom Vonheim og Fitje.

Gloppen kommune og Midtvegen 615 AS jobbar som pådrivarar for å få sette i gang arbeid med ny kommuneplan Hyen – Høgemuren.

Jobbe vidare for å skaffe midlar til utbetring av fylkesveg 615 mellom Vonheim og Fitje, og ved Hopsstranda.

Page 22: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

21

Forts. Jobbe for utbetring av vegar……

Nordfjordbrua AS jobbar vidare med forprosjekt for teknisk bruløysing mellom Anda – Lote.

Nordfjordbrua AS jobbar med godkjenning for vidare detalj-planlegging, anbodsgrunnlag og finansiering.

D Utruste skuleelevane med kunnskap om nye teknologiar og digitalisering. Kompetansebygginga må starte tidleg i grunnskulen, og utviklast i eit tett samarbeid mellom skule og lokalt næringsliv.

Halde fram å oppgradere IKT utstyret og sikre kompetansen til tilsette i bruken.

Nytt oppvekstadministrativt system som vil gje nye mogelegheiter til digitalisering.

Ta i bruk Office365 for alle elevar

-Nærme oss målet om at alle elevar har tilgang til ein digital eining å jobbe med til ei kvar tid.

«Kidsa koder» - valfag med fokus på IKT og robotisering

E Innføre mentorordning for nyetablerarar og gründerar, og skape kultur for å heie fram dei som tek initiativ og som tør å satse.

Næringslivet stiller med mentorar i ulike roller og fag, dersom nyetablerarar har behov for dette.

Tilby kontorfellesskap og kompetansemiljø i nytt NTU-bygg i Mona

Vere ein aktiv vertskommune for NoMil.

Næringslivet stiller med mentorar i ulike roller og fag, dersom nyetablerarar har behov for dette.

Vere ein aktiv vertskommune for NoMil.

F Jobbe for å styrke og utvikle Firda vidaregåande skule som er svært viktig for både kommunen og næringslivet i Gloppen. Utnytte potensiale for tilflytting og rekruttering av kompetanse som ligg i både Firda vgs og Nordfjord folkehøgskule.

Styrke alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord gjennom eit tettare samarbeid.

Innføre faste årlege møte mellom kommuneleiinga og leiinga på Firda vidaregåande skule

Utvikle felles prosjekt mellom kommune og Firda.

Legge felles strategi i høve utviklinga av Firda i det nye Vestland fylke.

Styrke alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord gjennom eit tettare samarbeid.

Gjennomføre årlege møte mellom kommuneleiinga og leiinga på Firda vidaregåande skule

Utvikle felles prosjekt mellom kommune og Firda

G Støtte opp om musikk - dans - drama ved Firda vidaregåande skule som einaste i fylket, og det viktige samspelet med det profesjonelle musikklivet i kommunen – kulturskulen og distriktsmusikargruppa.

Få på plass ei ny distriktsmusikar-stilling innan folkemusikk, søke tilskot frå fylket og sette av delfinansiering av stillinga frå hausten 2019.

Page 23: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

22

H Utvikle næringspotensialet i kulturlivet i Gloppen, og ta initiativ til nettverksbygging med andre kulturaktørar i regionen.

Bevisstgjere næringslivet på kva eit godt kulturtilbod har å seie for attraktiviteten til kommunen, både når det gjeld busetnad og etablering av næringsverksemd.

Halde fram med det gode samarbeidet mellom Nordfjordkommunane

I Styrke og marknadsføre Gloppen som ein av landets fremste kulturkommunar. Setje Gloppen på kartet gjennom fyrtårnsarrangement.

Markere Kulturhuset Trivselshagen sitt 10 år- jubileum med jubileumskonsertar m.m. og Musikklinja sitt 40 årsjubileum.

Halde fram med støtteordningar til festivalane

Våren 2019 gjennomføre «Fargespel» i samarbeid med alle Nordfjord-kommunar og Opera Nordfjord

Halde fram med støtteordningar til festivalane.

Arbeide for at lag og organisasjonar har gode rammevilkår for aktivitet

Våren 2020 gjennomføre eit stort prosjekt i Jølet i samarbeid med museet og mange andre kulturaktørar i kommunen i, både profesjonelle og frivillige.

J

Legge til rette for utvikling av småskalaturisme, kortreiste matopplevingar, aktivitetar og kulturtilbod for besøkande. Gloppen skal marknadsføre Nordfjord som aktivitets- og opplevingspark for tilreisande, og bidra med opplevingar som styrker Nordfjord sin profil.

Vidareføre og utvikle festivalane våre.

Bønder og reiselivsaktørar i Kandal samlar seg om å bygge merkevara Kandal.

Reko-ringen er etablert: Lokalmatprodusentar i Gloppen styrker sin posisjon innan kortreist mat og drikke

Jobbe for å få fleire utleigeeiningar i form av utleigehytter, bubil-/campingplassar og anna overnattingskapasitet.

Ferdigstille Eggenipa – rehabilitering av sti og utvikling av parkeringsplassar.

Jobbe for å få fleire utleigeeiningar i form av utleigehytter, bobil-/campingplassar og anna overnattingskapasitet.

Marknadsføre Gloppen som ein turistdestinasjon

Page 24: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

23

J Forts. Legge til rette for utvikling…… Marknadsføring og ferdigstilling av stisykkelsenter på Vereide.

Ta i bruk og marknadsføre Trivselsskog-område «Trygg i naturen» som vart opna hausten 2018 og ferdigstille fosseteater og tryggingstiltak ved Holvik-fossen.

Marknadsføre Gloppen som ein turistdestinasjon.

Lansere «Nordfjordryggen» som ei vandrerute frå Utvikfjellet til Sandane via Trivselsskogen.

K

Sikre verdifulle kulturminne og kulturmiljø for komande generasjonar gjennom oppfølging av kulturminneplanen. Det skal leggast større vekt på formidling av kulturminne, i samspel med reiselivsaktørar, privat personar, skule og frivillige lag og organisasjonar. I Gloppen har båtbyggjartradisjonen ein unik historisk verdi som immaterielt kulturminne.

Ferdigstille og vedta kulturminneplanen

Støtte opp om prosjektet bevaring av Holvikejekta

Gjennomføre merking av historiske bygg og stader i samarbeid med Sogelaget

Gjennomføre prosjektet bygging av Nordfjordfæring – vidareføring av kompetanse/ handverkstradisjon.

-Sette i verk tiltak i tråd med kulturminneplanen

-Støtte opp om prosjektet bevaring av Holvikejekta, og sjå på om det er mogleg å etablere eit maritimt miljø (nordfjordfæring) i område.

Page 25: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

24

L Utforske og utnytte handlingsrommet som ligg i det «grøne skiftet» og framveksten av nye teknologiar.

Fleire bedrifter i Gloppen ligg i forkant innan det grøne skifte – som t.d. Brødrene Aa, Strukturplast, Tine meierier, SFE og NoMil.

Vidareføre Energinettverk Nordfjord

Arrangere ein «Grøn næringsutviklings-konferanse»

Utviklingsprosjekt Biogass-anlegg NoMil – Landbruket som leverandør av råvarer/ husdyrgjødsel, og får i retur biorest/ biodiesel

Vidareføre landbruksprosjekt «Landfrag»

Stimulere fleire næringar i Gloppen til å ligg i forkant innan det grøne skifte

Vidareføre Energinettverk Nordfjord

Grøn næringsutviklings-konferanse

Revidere Nordfjordrådet sin strategi og handlingsplan.

Vidareføre landbruksprosjekt «Landfrag»

M Gjennom prosjektet «Grøn skule» skal barnehagane og skulane i Gloppen ta ei aktiv rolle i det grøne skifte i samarbeid med «Klima og miljø» ved Firda vgs og næringslivet. Målet med prosjektet er auka kunnskap om klima og klimasmart matproduksjon hos komande generasjonar.

Tydeleggjere kva som meinast med klimasmart matproduksjon – fokus på lokal mat.

Innføre kortare spreiefrist for å redusere utslepp.

Vidareføre «Landfrag» - prosjektet

Sette i gang utviklingsprosjekt – meir dyrking av frukt, bær og grønt.

«Alle har ein kjøkenhage»

Vurdere etablering av parsellhagar/ andelslandbruk

N Tidleg identifisere behovet for nye område eller lokale for industri og næring, gjennom tett dialog mellom kommune og næringsliv.

Vurdere behov og sjå på plassering av nye næringsareal i samband med vedtak om ny E39-trasè gjennom Byrkjelo.

Drøfte eventuelle nye næringsareal i Hyen og i området rundt Gloppefjorden.

Page 26: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

25

3.3.2 Gloppen kommune skal:

3.3.2 STRATEGIAR – Gloppen kommune skal:

TILTAK 2019 TILTAK 2020 - 2022

A Gjennomføre kommunestyret sitt vedtak om fiber til alle i Gloppen innan 2020.

Sluttføre prosjektet – «Fiber til alle» - Ferdigstille legging av fiber til resten av Sørstranda, gardane på nordvestsida av Hyefjorden og Nordstranda.

B Vere ei drivkraft i samarbeid med næringslivet i å ta i bruk ny kommunikasjonsteknologi.

Ingen konkrete tiltak planlagt så langt!

Sette tema på agendaen i møte med Gloppen næringsorganisasjon i 2019.

Ingen konkrete tiltak planlagt så langt!

C Jobbe aktivt for å rekruttere fleire ungdomar inn i næringar som er store i Gloppen, t.d. kompositt, bygg og anlegg, landbruk og mekaniske fag.

Delta på rekrutterings-messer i lag med Nordfjordkommunane.

Oppmode lokale bedrifter i Gloppen til å ta inn fleire lærlingar

D Jobbe for at lokale vidaregåande skular på Sandane, Eid, Stryn og Førde tilbyr dei utdanningane vi treng i Gloppen.

Utvikle samarbeid mellom dei 4 vidaregåande skulane i Nordfjord.

Basert på dei ulike skulane sine fortrinn, jobbe for å oppretthalde og styrke dei fire skulane i regionen.

Utgreie behovet for ein partnarskapsavtale mellom Nordfjordrådet og fagopplæringsnemnda i fylket for å auke tal læringsplassar.

Utvikle samarbeid mellom dei 4 vidaregåande skulane i Nordfjord

Basert på dei ulike skulane sine fortrinn, jobbe for å oppretthalde og styrke dei fire skulane i regionen.

Vidareføre samarbeidet mellom Nordfjordrådet og fagopplæringsnemnda i fylket for å auke tal læringsplassar.

Page 27: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

26

E Vere ein god vertskommune, og legge til rette for utvikling av nye næringar som tilfører kommunen eit større mangfald av spennande, framtidsretta arbeidsplassar.

Kommunen etablerer ein plan for opparbeiding av næringsareal (Dette vil bli ivareteke i arbeidet med ny arealdel og i ny strategiplan for næring og reiseliv).

F Kjempe for å få statlege arbeidsplassar til Nordfjord.

Gjennom politiske parti og felles fokus i Nordfjordrådet.

Etablere ein strategi for å vere i posisjon for utflytting av statlege/offentlege arbeidsplassar.

Gjennom politiske parti og felles fokus i Nordfjordrådet.

Etablere ein strategi for å vere i posisjon for utflytting av statlege/offentlege arbeidsplassar.

G Halde oppe og utvikle mangfaldet vi har av gode kultur- og idrettsarenaer, og sikre at Trivselshagen Bad og Idrett er ein attraktiv arena for nasjonale og regionale arrangement.

Auke stillingsprosent til gjennomføring av arrangement/aktivitet i Trivselshagen (heile Trivselshagen).

Vere ein attraktiv arena for regionale og nasjonale stemner/arrangement.

Halde fram med driftsstøtte til ulike kulturtilbod.

Biblioteket og kulturskulen har jamleg samarbeidsprosjekt, og dette vil vi halde fram med.

Søke å utvikle anlegget i tråd med idrettens endringar/behov for å framleis vere ein attraktiv arena for regionale/nasjonale arrangement

Større fokus på marknadsføring av totalpakkar, utvide aktiviteten i badeanlegget

Fokus på samhandling eigar/leigar for å kunne utnytte kapasiteten betre.

H Utnytte utviklings- og næringspotensialet som ligg i at Byrkjelo blir eit sentralt knutepunkt i fylket, og ved E39.

Følgje opp «Kommunedelplan for E39 Byrkjelo – Grodås», når trasèval er gjort og planen er vedteken. Invitere til dialog med næringar i område.

Vurdere nye næringsareal i samband med revidering av arealdelen.

Page 28: HANDLINGSPROGRAM 2019-2022 · Gjennomføre ein årleg Av og Til - kampanje av 2020 og g kampanje Søke re-godkjenning som Trafikksikker kommune og vedta nye satsingsområde for Trygge

27

I Sikre framtida gjennom å ta vare på matjord, både gjennom kommunale vedtak og i arbeidet med å påverke statlege avgjersle. Der dyrka jordbruksareal må takast i bruk, skal dette erstattast i form av gjenbruk av matjorda på jordbruksareal i aktiv drift eller ved nydyrking.

Oppdatere kjerneområde landbruk i samband med rullering av arealdelen.

Vurdere etablering av «jordfonn» – der reguleringsplan tek mykje jord – må det betalast for nydyrking.

Vurdere etablering av «jordpool» - fordele fulldyrka jord til andre som treng den.

Oppdatere kartet etter det som står i retningslinene - meir detaljert.

J Gjennom ny sentrumsplan sette av areal til framtidsretta næringsutvikling i sentrum av Sandane, i kombinasjon med bustader og nye møteplassar

Vert ivareteke i ny «Områdereguleringsplan for Sandane sentrum», som etter planen skal vedtakast seinast juni 2019 (rekkefølgjekrav).

Ta opp utbyggingsavtaler som tema i forhandsmøte med utbyggarar ved private reguleringsplanar.

Ta opp utbyggingsavtaler som tema i forhandsmøte med utbyggarar ved private reguleringsplanar.

K Så langt mogleg handle lokalt og på den måten fremje lokalt næringsliv.

Vurdere ein ny innkjøpsstrategi