forelska i feisbukk av hans sande og per dybvig

12

Upload: cappelen-damm-as

Post on 02-Apr-2016

239 views

Category:

Documents


7 download

DESCRIPTION

Ein vakker dag er vesle Feisbukk blitt den største og sterkaste bukken i Våtedalen. Ja, i heile verda! Geitene er galne etter han. Men Feisbukk går berre og trakkar for seg sjølv. Han bryr seg ikkje om å leike med geitene eller stange med dei andre bukkane. Ein morgon klatrar han heilt opp til Tindefjellet. Feisbukk må passe på sola og vinden og regnet, slik at graset kan vekse og dei andre bukkane kan overleve nede i dalen. Eller … er Feisbukk berre verdas største tullebukk?

TRANSCRIPT

Page 1: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig
Page 2: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

Materie_Feisbukk_Korr.indd 2 03.06.14 10:07

Page 3: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

Materie_Feisbukk_Korr.indd 3 03.06.14 10:07

Page 4: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

UTVALDE TITLAR AV HANS SANDE

Blå øger kan isje lyge. Ungdomsroman. Cappelen Damm 2013Pappa er sjørøvar. Bildebok (ill. Silje Granhaug). Cappelen Damm 2011

Hopp i havet, Elise! Lettlesen barnebok. Cappelen Damm 2010Er du blind i dag, Elise? Lettlesen barnebok. Cappelen Damm 2009

Då eg kom heim, var hesten borte. Bildebok (ill. Wenche Øyen). Cappelen Damm 2008Svart kalv @ kvit snø. Ungdomsroman. Damm 2006

Eline og ulven. Lettlesen barnebok. Damm 2002Kyss ein bananfrosk! Dikt for born. Damm 1995

Kneip. Lettlesen barnebok. Damm 1991

© CAPPELEN DAMM AS, 2014ISBN 978-82-02-43652-0

1. utgåve, 1. opplag 2014

Omslag og teikningar: Per DybvigDesign: Elisabeth Vold Bjone

Repro: Narayana Press, Danmark 2014Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2014

Sett i Filosofia 12/17 og trykt på 150 g Arctic Volume.

Gitt ut med støtte frå Norsk kulturfond

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen.

Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering

berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk.

Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging

og straffast med bøter eller fengsel.

www.cappelendamm.no

Materie_Feisbukk_Korr.indd 4 03.06.14 10:07

Page 5: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

HANS SANDE og PER DYBVIG

Forelska i Feisbukk

Materie_Feisbukk_Korr.indd 5 03.06.14 10:07

Page 6: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

Materie_Feisbukk_Korr.indd 6 03.06.14 10:07

Page 7: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

For ein spretten dag! Det er vår i Våtedalen, og alle geitene går rundt med eit lite kje i magen. Ingen forstår korleis dei har kome seg inn dit. Men kjea veks inne i mørkret og blir større og større. Så ein dag kjem dei ut i lyset. Ja, dei blir fødde! Og like etter kjem dei seg opp på beina.

Bortover dei bratte bakkane spring ein liten bukk som heiter Feisbukk. Han er aldri åleine. Heile dagen spring og sprett og stangar han i lag med dei andre kjea.

Materie_Feisbukk_Korr.indd 7 03.06.14 10:07

Page 8: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

Materie_Feisbukk_Korr.indd 8 03.06.14 10:07

Page 9: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

Bestevenen til Feisbukk heiter Smørbukk. Han er fødd midt i ei eng av smørblomar. Og Feisbukk, då? Han fekk namnet sitt fordi han feis tre gonger like etter at han blei fødd.

Heile flokken av geitekje og bukkekje spring hit og dit og nappar i det saftige graset.

– Kom og eeeet! ropar geitene. Då spring kjea bort til kvar si mor og får suge i seg så mykje spenevarm mjølk som dei berre orkar.

Materie_Feisbukk_Korr.indd 9 03.06.14 10:07

Page 10: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

Feisbukk og Smørbukk og alle dei andre kjea gomlar og et og veks seg større og sterkare.

Dei sluttar å drikke mjølk, og i staden et dei alt som er grønt. Langt gras og kort gras, syregras og bivregras, og bukkeblad og bjørkeblad og geitesvingel.

– Reeev! Reeeev! mekrar geitene, for alle kjea må lære å passe seg for reven og gaupa og kongeørna. Men dei farlegaste dyra går på fire hjul.

Materie_Feisbukk_Korr.indd 10 03.06.14 10:07

Page 11: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

Materie_Feisbukk_Korr.indd 11 03.06.14 10:07

Page 12: Forelska i Feisbukk av Hans Sande og Per Dybvig

Ein sommardag står Feisbukk og Smørbukk og drikk i Storelva. Dei speglar seg i det grøne vatnet. Der oppdagar dei to svære bukkar med langt skjegg og krullehorn.

– Kva har skjedd? spør Smørbukk.– Eg trur vi er blitt vaksne, svarar Feisbukk.– Vi er vel like gode for det? spør Smørbukk.

– Like gode vener?– Veit ikkje, svarar Feisbukk.

Materie_Feisbukk_Korr.indd 12 03.06.14 10:07