festskrift for den seniore helge arild bolstad

101
-> Bruk høyrepilen på tastaturet for å bla

Upload: zwentzen

Post on 17-Nov-2014

579 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

TRANSCRIPT

Page 1: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

-> Bruk høyrepilen på tastaturet for å bla

Page 2: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 3: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

KULL: ASTRID HØYVIK

Page 4: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 5: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

Helge Arild Bolstad

Festskrift for den seniore

februar 2008 og framåt

Page 6: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

Ein skigard varar ikkje evig, veit du

Det har vore ei stor glede å arbeide med dette festskriftet til ære for deg – no som du skal bli pensjonist. Det er nesten så vi har

blitt kjend med deg på ny – den unge Helge Arild Bolstad i Oslo, profeten i Dag og Tid, språkmannen, tenkaren, poeten, venen og

medmennesket Helge Arild. Noko visste vi frå før – men langt i frå alt. Vi som er målsmenn for «dei unge» i Fiskaren (sjølv om vi

har passert dei 30 med særs god margin) har mykje å læra av ein pressemann av ditt kaliber. Vi tar med oss alt vi kan på vegen

vidare – utan vår alles Bols. Så håpar vi du dukkar opp her i lokala frå tid til annan – kanskje med en kvass kommentar eller to

under armen …

Takk for alle orda dine Bols – du inspirerar!

Helsing Ann Eileen og Ketil

Bontelabo, 8. februar 2008

Idé, redaksjon, sideutforming, sats og innbinding for dette festskriftet: Ann Eileen Ditlevsen Nygård og Ketil Svendsen

Vi takkar alle dei flotte bidragsytarane og ein særs velviljug avisleiing ved Nils Torsvik!

Page 7: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

3

InnhaldHelge Arild Bolstad (teikning i kull, Astrid Høyvik) 1

Møte(Songtekst, Helge Arild Bolstad) 5

Poetisk observatør (Harald Stanghelle) 7

Helge Arild Bolstad (teikning, Elsa Eikaas) 9

Han som tok imot oss (Olav Kobbeltveit) 11

Nynorsk Pressekontor var starten (Bjarne Myrstad) 15

Attest frå NPK (faksimile) 17

Amatørtevling (faksimile frå Dagbladet) 18

En tenker fyller år (Øyvind Thorsen) 19

Som Lenda frå land (kommentar, Helge Arild Bolstad) 21

Til lukke med helsa (kommentar, Helge Arild Bolstad) 23

Det skitne spelet (kommentar, Helge Arild Bolstad) 25

Ein Erasmus Montanus frå Eidsvold (kommentar, Helge Arild Bolstad) 29

Møtet med Bolstad-teksten (Lars Aarønes) 31

Så er dagen komen (Helga Kleiva Pedersen) 35

Fiskarens ven (Nils Torsvik) 39

Ikke helvete heller (Bjørn Tore Forberg) 41

Eit biletspråk av fin fajanse (Knut Arne Høyvik) 45

Turrare og fattigare (Peter Gullestad) 47

Med hjarta på rette staden (Johannes Nakken og Jarle Hansen) 49

Ein framand fugl (Egil Ulateig) 51

Den nesten gløymde pionéren (portrett, Helge Arild Bolstad) 55

I 60 på Aker brygge (portrett, Helge Arild Bolstad) 61

Ein villsau frå Austevoll (portrett, Helge Arild Bolstad) 69

I vidde som Østfold (kommentar, Helge Arild Bolstad) 76

Ein éin- og avspora idé (kommentar, Helge Arild Bolstad) 78

Til Reidar Stöfring (tale ved båren, Helge Arild Bolstad) 80

Kjære fräulein Liebermann (kommentar, Helge Arild Bolstad) 81

Vakne or svevnen (songtekst, Helge Arild Bolstad) 83

Blomar og blod (songtekst, Helge Arild Bolstad) 84

Då magedansen kom til Jølster (dikt, Helge Arild Bolstad) 85

Ein bohem pensjonerer seg (portrett, Kjersti Sandvik) 87

Ikkje punktum, men ; 93

Page 8: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 9: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

5

Møte

Det bryt ei båre mot bratte berget,det driv ein dis over doggvått land.Det stig eit ljos opp bak topp og tindar.Det går eit par langs ei naken strand.

Dei såg kvarandre for første gongenog dansa saman den siste dans.No går dei tause, så smått, og tenkjerat han er hennar og ho er hans.

Dei held to hender så ømt i taketog ser kvarandre og angar vår.Det første møtet er ungt som dagen og ny er sæla dei båe får.

Dei veit at lukka er ofte leikenog ikkje alltid å lite på,men kjærler frå seg dei tunge tankarog kjenner motet i bringa gå.

Han går åleine, og saknar varmenfra kroppen hennar då ho var nær.Ho ligg attende og veit så veldigat han er borte og ho er her.

Det bryt ei lengt imot tru og tvike.Det driv ein draum over bø og bol.Det veks ei von ut or mjåe natta.Det stig ei bøn opp mot morgonsol.

Det går ein ungdom i heile verdamed same lengten, frå pol til pol,med same vona i hildringsstunda,med same bøn under same sol.

Av Helge Arild BolstadTonesatt av Aftenlandetpå «Morgon i mai», 1998

Page 10: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 11: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

7

Helge Arild Bolstad er daling. Vi som komfrå bygdene kring dette kommunesentretvar lett mistruiske til dalinger, rappkjefta,sjølvtrygge og bygdebyarrogante som deiofte kunne vera.

Med Helge var det annleis. Han var oger tilbakehalden, lyttande og søkjande, menmed ei glitrande observasjonsevne, eitpoetisk sinn og ein strålande penn.

Vi møtte kvarandre ved eit av desseslumpetreffa som i ettertid viser seg å veraså viktige for livsvegen. Ikkje heime iVaksdal kommune, men på Tostrup-kjellaren, der eg hamna med same bordetsom Dag og Tid-redaktør Bolstad: «Vil duha eit vikariat i Dag og Tid,» spurde Helge,som var på veg til å senda ein av dei tojournalistane sine til militær pliktteneste.

Det ville eg meir enn gjerne. Slik fekk egjobb i Oslo. Men Helge var mykje meir ennein sjef. Han vart ein god ven, og for megogså ein døropnar til like fargerike somviktige miljø i hovudstaden.

Det var til Nynorsk Pressekontor derstyreleiar Herbjørn Sørebø og redaktørAani Rysstad heldt hus.

Og det var til skjenkestover somHandverkaren og alt nemnde Tostrup-kjellaren der Dag og Tid-redaktøren kjende

dei fleste. Helge var heimekjent både imiljøet kring Det norske Teatret, ikunstnarkrinsar og mellom mange avlandets fremste politikarar.

Det sto ein eigen respekt kring han.Både avdi han skreiv så godt og avdi hanikkje kunne plasserast i ein politisk ellerpersonleg bås. Helge er eit klokt ogsamansett menneske. Difor hadde han i sineOslo-år kontaktar og vener både hos høgog låg. Det var som om dei fleste raskt anaat Helge ikkje var den som gjekk i takt medresten av medieflokken. Han går sine eignevegar, denne urbane bygdeguten.

Helge Arild Bolstad var ein framifråredaktør. Ikkje avdi han er ein stororganisator eller elska budsjettarbeid, menavdi han ser små og store sider ved ei sakeller ein person som ingen andre ser. Slikinspirerte han oss som var hans undersåttar.Han inspirerte oss der og då, men likeviktig er det nok at Helges måte å tenkjajournalistikk på har fylgd fleire av oss heiltfram til i dag.

Det er då også desse trekka som gjer hantil den særmerkte og framifrå journalistenhan er. Helge finn mest alltid noko unikt isakene og ikkje minst i dei menneska hanskriv om.

Poetisk observatør

Page 12: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

8

Når dette vert kombinert med at han harein av landets beste pennar, ja, så vert detflott journalistikk av det.

Den vil vi nok sjå meir til. Kanskje ogsåi andre former, som når den stilsikre ogkjenslevare observatøren skriv poesi av eitslag som er til å få frysningar på ryggen av.Avdi han set ord på situasjonar og kjenslervi visste var der, men som vi ikkje sjølvmakta forma til ord.

Slikt er berre dei unt som ser skarpast ogklårast. Og det gjer Helge Arild Bolstad.

Harald Stanghelle,politisk redaktør i Aftenposten

Det sto ein eigen respekt kring

han. Både avdi han skreiv så

godt og avdi han ikkje kunne

plasserast i ein politisk eller

personleg bås.

Page 13: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

STREK: ELSA EIKAAS

Page 14: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 15: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

11

Han som tok imot ossDå vi kom til hovudstaden – som unge ogurøynde – var det Helge Arild Bolstad somtok imot oss. Han hadde alt vore der eistund, og lært seg kodane.

Det hadde sine sider å koma tilhovudstaden på 70-talet. Vi kjende osstidvis både heimlause og frendelause, og varpå leit etter einkvan som kunne visa oss veginn i uføret.

Då var det Helge Arild Bolstad dukkaopp, eg trur det var i Tostrupkjellaren. Dernykomlingane famla seg fram til baren,kunne Helge Arild sitja roleg og venta tilkelnaren kom til bordet og tok oppbestilling. Eg lærde mykje av Helge Arildførste kvelden i Tostrup. Kanskje fordi egvar lærenem. Men også fordi Helge haddeglede av å visa oss heimfødingar korleislivet arta seg i storbyen.

Så viste det seg at Helge haddekjenningar i nesten kvar ei krå. Ikkje berrepå Tostrup, men like gjerne i Hordalaget.Han inviterte oss med på treff blant utflyttehordalendingar, og etter ei tid fekk han ossmed som faste songarar i Hordakoret –under kunnig leiing av ein gåverik gut ifråArna. Og sanneleg hadde ikkje Helge einfinger med i spelet då Hordakoret kom påden tanken å setja oppå ein Jakob Sande-

kabaret. Helge har kulturelle kontaktar i såmange leirar, og Jakob Sande varbarnelærdom. Ein strålande suksess vartdet, med ei saftig blanding av solosong,frodige duettar og kor. Eg kan ta feil, menikkje rettare eg minnest var salen i kok ettersiste nummeret.

Ein annan gong tok Helge initiativet tilei meir tverrkulturell samling i regi avHordalaget. Han henta så ulikeentertainarar som Egil Ulateig og Lars-Jacob Krogh til scenen i NordahlBrunsgate. Ulateig las dikt fråGudbrandsdalen – eigne og etter karar somTor Jonsson og Olav Aukrust. Så inntokHerbjørn Sørebø podiet, og då var det«forfattaren sjølv som las». Sjølv framførteeg «Flaumen går» av alvdølen IvarMortensson-Egnund i duett med den sameKrogh frå Sør-Odal, og det vart etterpå sagtat det var ei framføring prega av stor kraftog innleving. Med Kroghs eigne ord kan egslå fast at «applausen ingen ende ville ta».Men altså – tiltaket var initiert av denmangslungne Helge Arild Bolstad. Lars-Jacob Krogh, stadig busett i Kongsvinger,helsar venen som er blitt nyslegenpensjonist.

Ein gong kom eg i skade for å bryta

Page 16: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

12

armen på Helge. Det skjedde i Teatergata 1,hos Daniel Liseth, i det som vart omtalasom «Varmestove for menn». Eg meiner åhugsa at slagsmålet galdt ei kvinne som vibegge kjende godhug for, og då hende det atdet kunne gå i det harde. Men vi vart snøgtforsonte, og saka vart endeleg oppgjort overeit glas i Tostrupkjellaren.

Dette berre som ei lita helsing til Helgenår han no skal pensjonera seg. Mangekjenner Helge som pressemann. Men Helgehar hatt eit rikt kulturelt liv ved sida avpressearbeidet. Det kunne Hordalaget iOslo – og alle vi som kjende Helge – i einperiode dra store vekslar på.

Olav Kobbeltveit,politisk kommentator i BT

Der nykomlingane famla seg

fram til baren, kunne Helge

Arild sitja roleg og venta til

kelnaren kom til bordet og tok

opp bestilling.

Page 17: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 18: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 19: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

15

Nynorsk Pressekontor var startenDen første tanken eg fekk då spørsmåletkom frå Nils Torsvik om å skrive noko isamband med at Helge pensjonerer seg, vardette: Eg var då med den gongen Helgestarta i arbeidslivet! I mellom ligg altså eitheilt yrkesliv. Du verda så fort det har gått.

Helge og eg tok våre første, famlandesteg på journalistvegen i det nyskipaNynorsk Pressekontor. Helge starta der imai 1970, eg kom i oktober 1971. Her fekkvi den journalistiske grunnopplæringa vårav redaktør Aani Rysstad. Det var ein godskule hos ein framståande journalistisklæremeister som sette det å vereetterretteleg i alt arbeid på førsteplassen.Aani vart vår nære og gode ven like til hangjekk ut av tida i 2000.

Nei, det kjennest ikkje lenge sidan Helgeog eg møttest i 1971. Men tenkjer vi påteknologien, så er det ei æve sidan. Det varsteinalderen. Rettetast på skrivemaskinahadde vi ikkje høyrt om. Telefax hellerikkje. Kvar dag sveiva vi opp sakene våre påden gamle svertemaskina hos NoregsUngdomslag to trapper ned, vi skreiv påkonvoluttar for hand til dei 60–70 avisenesom abonnerte på stoffet vårt så krampensleit i armen, og vi sleikte frimerke til vivart så tørre i munnen at vi måtte på kafé

og få oss kald drykk. Men fjernskrivarenfanst, og kvar dag laga Helge og eg kortenyhendemeldingar på nynorsk som gjekk utover NTB-nettet. Det var det førstenynorskstoffet NTB sende ut.

Helge og eg arbeidde også i lag i dennynorske vekeavisa Dag og Tid og i seinareår har vi arbeidd ut frå ulike ståstader iformidlinga av stoff om fiskeri og havbruk.

Det var likevel denne første tida i lagsom kom for meg no. Alt den gongen visteHelge særeigne skrivekvalitetar og han varfast husdiktar i Hordalaget i Oslo. Seinarehar Helge utvikla skrivekunsten og vorteein av dei fremste stilistane i norsk presse.

Helge, du er ein god ven som ikkjesviktar. Vi har hatt alvor i lag og mykjemoro. Når du no vert frikar på kaia håpareg at vi kan sjå meir til kvarandre. Og så gåreg ut frå at du enno har svært mykjeuskrive.

Bjarne Myrstad,informasjonssjef i Fiskeridepartementet

Seinare har Helge utvikla

skrivekunsten og vorte ein av dei

fremste stilistane i norsk presse.

Page 20: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

Vi sleikte frimerke til vi

vart så tørre i munnen at vi

måtte på kafé og få oss kald

drykk.

Page 21: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 22: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 23: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

19

En tenker fyller år [Saksa or festskrift frå då Helge fylde 50]

Allerede som ung, var Helge en utpregetintellektuell. Blant annet hadde han lett forå sovne, på dagtid. Om natta derimot vardet verre.

Det er vel et drøyt stykke å påstå at ensom kommer fra Dale, hadde lakenskrekk.Men putevár var han i hvert fall. Aller bestsov han i store lokaler med mye folk oghøy musikk, for da hadde han høytaleren ålene hodet mot.

Andre intellektuelle trekk var at hansjelden sa noe, eller muligens sa han det sålavt at vi ikke hørte det, og når det varheftige diskusjoner, falt han helt ut. Det varsom om strømmen hadde gått.

På grunn av denne sin sobre lavmælthetgikk Helge for å være klok ogkunnskapsrik, og dessuten skrev han leiarari Dag og Tid på en tid da vi andre i bransjenikke var kommet lengre enn til å skrivenotiser om trekkfugler. Riktig nok leste vialdri de leiarane, for vi syntes det vargivende nok å ha ham i vår midte, mennettopp derfor var det en almen oppfatningat de var svært gode.

Ja, vi hadde han i vår midte i en periode;vi leide hus på Grefsen i Oslo sammen, tre

medlemmer av Hordalaget og undertegnedefra Vestfold, og aldri har jeg sett så mangeharde osteskorper og hordalendinger somda. Huset gikk under navnet «LilleHordalaget», og det var på den tiden jegoppfant slagordet «Hordaland forhordene!» Men de ble boende.

Om Helge ellers er det å si at han vartynn og snill. Han var så snill at om hanhadde hatt den, ville han gitt bort sin siste5-øring. Men i stedet måtte han, somkulturpersoner flest den gang, låne den. Ja,det var noe hamsunsk sultaktig over ham,tilsatt en dæsj bøndestudentar, og vi andremente han kom til å nå langt og nå er handa også 50.

Vi har ikke sett Helge på lenge nå, mendet går ikke lenge mellom hver gang vitenker på ham.

For oss er han akkurat som han var for20 år siden, og han har vel neppe pussabrillene heller siden sist. For vårt indre øyeinnbiller vi oss at han er blitt en slagsbestyrer på et stort bygdetun og står ivadmel og tar i mot turister med det fjernesmilet sitt, det som han alltid brukte like førhan skulle til å sovne.

Antagelig skriver han også i avisa, ogdikter sanger som til og med er sangbare

Page 24: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

20

etter at brudeparet har gått og lagt seg. Ellerkanskje holder han på med en sværromansyklus, som skal bli filmet etter hansdød.

Og dersom han er blitt så alvorlig, da fårhan simpelthen bare tilgi oss disse velmenteminner fra en rar og litt surrete tid. Og vivil gjerne blidgjøre den gamle med denpåstand, at det kommer ikke bedre folk frabygdene nu til dags. Ja, ikke fra Bergenengang, antagelig. Gratulerer med dagen, Helge. Jeg håper du har det godt!

Fra din gamle venn Øyvind (Thorsen, altså).

[Og Øyvind skyter til, per telefon og iskrivende stund, at vi må viderebringevarme hilsener til pensjonisten Bols.]

På grunn av denne sin sobre

lavmælthet gikk Helge for å

være klok og kunnskapsrik, og

dessuten skrev han leiarar i Dag

og Tid på en tid da vi andre

[skrev] notiser om trekkfugler.

Page 25: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

21

Som Lenda frå Land[Frå Bols si hand: kommentar i Fiskaren]

Lenda frå Land døydde fordi ho ikkje evnaå snu då ho gjekk seg skôrfast. Og er detnoko vi menneske har til liks med hesten, såer det å handle irrasjonelt i forhold til vårteige beste. Presidentkandidat, hev vore, AlGore har fått laga seg ein film med dennorske tittel Ei ubehageleg sanning. Temafor filmen er at ein utbreidd misbruk avnatur og ressursar i dag fører med segmangt vondt i verda, som stormvêr, flaumartørke, tuberkulose, SARS, virus og så vidareog vidare. Men denne sanninga er, ifølgjeGore, så ufjelg å leve med at vi menneskelet att augo for dette vi veit, eller i alle fallburde ha kunnskap nok om. Av ekspertarvert vi gong på gong fortalde at vi ikkje kanhalde fram som vi gjer, og like ofte handlarbåde vi og våre føresette på styringsplanetstikk i strid med det ekspertisen hevdar. Ogsånn er vi som blindebukkar kvar dag einny dag nærare den katastrofe ein intenstpredikerande Gore har sett seg føre å varslemed ei generøs blanding av alvor og skjemt.

Lenda frå Land døydde fordi ho ikkjeevna å snu då ho – i diktet til Vinje – gjekkseg skôrfast. Og er det noko vi menneskehar til liks med hesten, så er det å handle

irrasjonelt i forhold til vårt eige beste. Detteer soga vår så full av prov på at det ikkjeburde overraske nokon om vi, trass alleåtvaringar, held blindt fram med å sage overden grøne greina i alle fall vi i vestverda sitpå sidelangs på kloden, slik Al Gore påstår.

I etterkant av filmen vert det påstått atGore og regissøren David Guggenheim teklitt for lett på den sanninga dei promoterergjennom filmen. Den internasjonaleforskinga er ikkje så alldeles samstemt i detsynet at t.d. klimaendingane så å seie ensuite er skapte av oss menneske gjennom eistøtt aukande rovdrift på ressursar. Når dett.d. gjeld dei endringar vi ser i klima her ogder på jorda, finst det alternativeforklaringar av betydelege forskarar. Detstår likevel fast at eit stort fleirtal av deiekspertar som samlar seg om slik forsking,langt på veg gjev oss menneske skulda forbåde issmelting og nye og uventa vêrdrag.Seinast i går kom nye alarmerandemeldingar frå instituttet NASA i USA.Satelittbilete tekne denne veka syner eit holi isen nord for Alaska som er større ennHedmark fylke! Eit slikt hol er ikkje blittregistrert før i dette området, og no smeltarjamvel heilårsisen i Arktisk i eit heilt annaog større tempo enn før. Det er ikkje for

Page 26: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

22

seint å berge Arktis, men det krev einreduksjon i utsleppa av klimagassar deineste ti åra, seier James Hansen ved NASAGoddardinstituttet. Han vert rekna somden fremste klimaforskaren i USA, erkomen på kant med Bush-administrasjonenog er venteleg ein av dei fremstepremissleverandørane for det krosstoget AlGore i dag frontar verda over. Viss vi ikkjeumiddelbart snur og tek til å innskreinkevårt store søl av klimagassar, vil vi få eiklimaendring som de facto vil skape ei heiltanna verd, slær Hansen brutalt fast i einkommentar til dei nye funna. Ei ubehagelegsanning, det óg, meiner mange, medanandre promoterer si sanning, som forskarenEgil Sakshaug ved NTNU. Han meiner atstraumane i verdshava like gjerne kanforklare dei endringar vi no ser skje. For 71prosent av overflata på jorda vår er trass altdekka med vatn der dei øvste tusen metraneer i jamleg kontakt med overflata. Då seierdet seg sjølv at det som skjer i havet, har altå seie for det som skjer på land, anten detgjeld temperaturar eller nedbør. Meineraltså han. Men også Sakshaug slår fast at vi iførste omgang vil gå varmare tider i møte,og same kva ein då vel å tru er årsaka kandet vel vere smart å innrette seg også her littmeir etter føre-var-prinsippet enn det einamerikansk president og ein norskoljeminister i dag ser ut til å vere innsteld

på. Det vert elles mest litt flaut når einnorsk stats- og miljøvernminister hyllarGore, filmen og bodskapen hans medanregjeringa kommuniserer større drift av oljesom eit sesam til det norske folk. Ogsameleis litt komisk å sjå Al Gore stige inn iden eine bensindrivne bilen etter den andreav pen amerikansk standard på veg mellomforedraga sine.

Ein hest kan ikkje snu på eiga hand. Hanhar ikkje den evna. Den evna har vimenneske. Det står på viljen. Men den erskrøpeleg. Medan isen smeltar støtt meir ogsnøggare i støtt varmare vêr, kjem krava omå få bygge i strandsonen like bastante somfør frå folk og kommunar. Prektige nyevegar vert for millionvis av kroner kvart årbygde langs havkanten. Heller ikkje slikepraktiske førebuingar er vi – konfrontertmed den ubehagelege sanning – i stand til åta.

Helge Arild Bolstader journalist ved Fiskaren sitt kontor i Bergen.

Er det noko vi menneske har til

liks med hesten, så er det å

handle irrasjonelt i forhold til

vårt eige beste.

Page 27: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

23

Til lukke med helsa[Frå Bols si hand: kommentar i Fiskaren]

Fiskeriminister Svein Ludvigsen finn detnaturleg å kaste glans over kosmetiskeklinikkar i Tromsø. Det gjer han sjølsagtheilt rett i. Synet som møter han, er noklangt penere enn det på sjøbotnen i Oslohamn.

Det er snart ikkje grenser for kva tungeløft ein fiskeriminister må ta for landet.Måndag må for eksempel Svein Ludvigsenvere til kvelds att i Tromsø for å opneoffisielt ein privat kosmetisk klinikk i byen.Departementet stadfestar at dette er eit avdei mange gjeremål den travle minister harteke på seg neste veke. Seansen er booka innpå det offisielle program som kvar veke vertsett opp for ein fiskeriminister i landet. Detviser kor alvorleg Ludvigsen ser på dennekveldsøkta i Tromsø. At gjerninga ligg eitlite stykke utanfor det som strengt tatt erhans fagområde, må vi for den gode saktåle.

Det kan vel elles tenkjast at både einfiskeriminister og, for den del, ein fuskandefiskar eller fleire kan få god bruk for lyfteandletet når den tid kjem.

Det er avisa Nordlys som har sugd fettetor saka. Avisa har spadd vekk silikonen og

funne ut at fagleg leiar for klinikken ermedlem i den losje av frie murarar somSvein Ludvigsen har meldt seg ut av. Detsame er dagleg leiar i det selskapet som eiggården som huser operasjonssalane sommed nål og tråd no satsar på å finpusse folki og rundt Tromsø.

Artikkelen i Nordlys kvalifiserernaturlegvis til det gule kort for redaktøren.

Svein Ludvigsen fortel sjøl tiljournalisten at han ikkje kjenner desselegane i losjen. Så kor spekulativ går det antil å bli? No er det av naturlege årsakersjølsagt ikkje høglys dag på dei kantar avlandet i november, og då ser ein kanskjeskrømta snarare enn vanleg er. Men detburde avisfolk vel vane med mørke tider haana, og teke omsyn til.

Dessutan har vel ingen nordmann meldtseg så støyande ut or ein frimurarorden,enn det statsråd Ludvigsen har gjort. SveinLudvigsen har naturleg nok ei difor heiltanna og meir plausibel forklaring påengasjementet sitt i den gode sak i Tromsø.– Klinikken vil avhjelpe helsekøane våre.Dette er eit kjempetilbod, fortel hanoppglødd til den mistenksame trykksak iTromsø.

Det skulle no berre elles mangle at det

Page 28: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

24

ikkje er ei oppgåve for ein fiskeriminister åkaste glans over også denne delen av norskvekstnæring. Helseminister DagfinnHøybråten kan sjølsagt ikkje åleine sjå segtid til å ære den kosmetiske kirurgi med sittnærver kvar gong nye legar dreg seg ut ordet mindre lukrative helsestell i landet. Deter ikkje sikkert han vil heller.

På TV2 onsdag vart vi elles igjen minntepå kor ille det står til på eit område somstår statsråden frå Sommarøy noko nærareenn hårfeste og kvinnebryst.

Store mengder PCB ligg att på sjøbotneni norske hamner etter at firma Bayer iLeverkusen, via smått anandemålingsfabrikkar, forsynte norske båteigararmed giftstoffet i mange år. Det er ingengrunn til å tru at skolerte kjemikarar bådehjå Bayer og andre ikkje visste at dei påkynisk måte sette alt liv i havet i fåre, oggjorde store fiskemengder ikkje etandes forfolk. Det nye no er ein ny norskanalysemåte som gjer det råd å finne ut kvafor ein enkelt fabrikk som er ansvarleg forden gifta som vert graven opp or fjordanevåre. Oslo kommune vurderer difor å gå tilsak mot industrigiganten i tyskeLeverkusen som ansvarleg for ei ureiningsom gjer Sellafield så langt beskjeden.

Det er dessverre grunn til å meine atdette er fåfengt gjerning. Journalist IngunnKyrkjebø stod åleine og beundringsverdig

opp og framsa det atypiske spørsmål dåpanelet av maktmenn la framkvartalrekneskapen sin i dennemilliardindustrien. Den arrogansejournalisten frå TV2 vart møtt med, var avalt anna enn kosmetisk karakter. Det varsinne som styrde svara, – og vissa omvunnen sak.

Helsa fekk inga helsing, slik som iTromsø måndag. Mennesket veit sitt beste.Så lenge prisen er rett.

Helge Arild Bolstad er journalist ved Fiskaren sitt kontor i Bergen.

Eit område som står statsråden

frå Sommarøy noko nærare enn

hårfeste og kvinnebryst.

Page 29: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

25

Det skitne spelet[Frå Bols si hand: kommentar i Fiskaren]

Medan USA nektar å bruke blekk påKyotoavtalen, skriv landet protestar motnorsk kvalfangst med gaffel.

Det er ikkje vitet som manglar. Alt erved det same når IWC har møte, og seanseni London er difor berre ein repetisjon av deireferat aviser som Fiskaren har hatt i eit xantall sommarar no.

Alliert med land som i beste fall kan sjåkvalane springe som eit fata morgana, heldogså det nye regimet i Kvitehuset iWashington fram kritikken sin mot norskkvalfangst i ord og vendingar som burdevere eit folkemord verdig. – Norges planarvil svekke forholdet mellom dei to landavåre, seier den amerikanske representanten ikvalfangskommisjonen til storavisa NewYork Times.

Dette er i diplomatisk samanheng så passsterkt sagt at det ville ha fått busta til å reiseseg på fleire enn Sharon i Israel om det varthevda som trugsmål dit.

No trur vel ingen at administrasjonen iDet kvite hus meiner ein overtalleg bestandav kval her nord på kloden har større kravpå vern enn palestinske (og jødiske) liv.Men konklusjonen kan bli nettopp så

absurd og makaber om vi legg den varierteordbruken i desse konfliktane her og der tilgrunn.

Det vert på sett og vis viktigare for USAå stogge den norske kvalfangsten enn å fåsett ein strek over den nedslakting av sivilemenneske som kvar dag skjer medaksellererande kynisme i Midtausten.

Krutet vart oppfunne i Kina for fleirehundre år sidan.

President George W. Bush har diforikkje funne det opp. Men Bush er slett ikkjedum, og han er heller ikkje åleine i Detkvite hus i Washington. Når USA diforheld fast ved den energiske ordbruken sinmot kommersiell kvalfangst på ein slagsgenerell basis og i år forsterkar kritikken, erdet difor fristande å sjå dette i den obskuresamanheng USA sitt nei til Kyotoavtalen erein del av.

I den seriøse del av den globalemiljørørsla har USA tapt så mykje andlet atkraniet stikk nake fram.

Men kring om i verda finst óg mindreseriøse miljø- og vernegrupper som t.d.Greenpeace.

Med desse på ryggen meiner USA trulegat dei kan berge sitt miljøalibi ved å kvesterenomméet til små land som Island og

Page 30: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

26

Norge, i ein opinion som pengesterkevernelag har manipulert tilpropagandakonsumentar gjennom veldigmange år.

USA vert på det viset eit slags førandeland mot den miljøkriminalitet som vertplanlagt drive i Reykjavik, Tokyo og Oslo.

Kor langt USA og rævediltarane NewZealand, Storbritannia og Sverige(!) erviljuge til å gå i bakstrevet sitt, fekk videmonstrert på møtet i London.

Island drog seg ut or IWC i 1992 fordifrendane våre der meinte at IWC ikkjelenger held seg til den konvensjonen deninternasjonale kvalfangstkommisjonen sjølvhadde skapt seg.

I år ville islendinganer inn att ikommisjonen. Men med 18 mot 16 røystervart dei nekta dette. Ein suveren stat vart istaden skjenka status som observatør påmøtet!

No vil ikkje styresmaktene i Reykjavikfinne seg i dette vedtaket. Dei vil handlesom fullverdige medlemar, seierkvalkommisær Stefan Ásmundsson tilNTB.

Det bør dei gjere med den vilkårslausenorske støtte.

IWC kan sjølsagt ikkje ha mynde til ånekte Island eit fullverdig medlemsskap iorganisasjonen. Det er rett og slett i stridmed internasjonal lov

Men akkurat dette avslører kor langtdemokratiet USA er viljug til å gå for åkvitvaske eigen prestisje ved hjelp av deiskitnaste triks.

Det avslører óg at eit fleirtal i IWC trassall forsking i verda framleis greier åskjemme seg sjølv ut ein gong i året.

Vert utestenginga av Island ståande, måNorge gå.

Tøvet er lenge nok verna.

Helge Arild Bolstad er journalist ved Fiskaren sitt kontor i Bergen.

Det avslører óg at eit fleirtal i

IWC trass all forsking i verda

framleis greier å skjemme seg

sjølv ut ein gong i året.

Page 31: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

FOTO: O. APNESETH

Page 32: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 33: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

29

[Frå Bols si hand: kommentar i Fiskaren]

Den juniore redaktør i bladet NorskFiskerinæring er dei seinare åra blitt råka avei slags manisk førestelling om at avisaFiskaren er invadert av ei grupperevolusjonære fantastar. Som journalistarskal vi ha som fordekt strategi å ville velteom på det som som finst av samfunnslivlangs kysten. Og i kampen mot all dennefælsla har så denne fiskerinæringas DonQuijote frå Eidsvold teke i bruk sine såkallablå sider til å spreie ein smule sarkasmeover avisa i Bergen, og det skal vi vanlegviståle. Men humor er ei vanskeleg sak i eitland der stort alvor jamt over er synonymtmed den seriøse debatt. Det er, for å seie detvarsamt, difor ikkje støtt like morosamt ålese dei formuleringar som kjem ut or andreenden av ein PC i bladhuset ved Mjøsa. Ogdirekte plumt og dumt vert det nårredaktøren gjev seg til å flire over denbakgrunn ei ung kvinne har med seg inn tilStortinget i Oslo. Åsa Elvik haryrkeserfaring som slåttetaus og assistent pågamlehjem, og har studert sosialantropologiog psykologi, og einaste fiskeritilknytingahennar er at ho kjem frå Bø i Vesterålen,skriv ein redaktør som med dette skjemtet

ikkje avslører anna viktig enn detåndssnobberiet mannen sjøl har med somballast til sin dont i livet. Sjøl trur nok denøkonomiutdanna redaktør at dette også ereit intelligent åtak på Fiskaren.

For når denne avisa i år har hatt nokreintervju med den fiskeripolitiske talskvinnei SV, må årsaka vere at avisa er infisert avden same marxisme lett som Elvik er,resonnerer Tande jr. med ein slags ErasmusMontanus-logikk: Ein stein kan ikkje fly,mor Nille kan ikkje fly og ergo er morNille ein stein.

La meg berre minne redaktøren om atdet faktisk finst mange med mindre formellutdanning som har gjort større verk forNorge enn det avisfolk både her og dernokon gong vil gjere: Henrik Ibsen, EinarGerhardsen, Alf Prøysen, Trygve Bratteliog Kjell Inge Røkke, for å nemne berre eihandfull. På den andre sida finst det eirekkje cand. oecon ar og andre kanditatarsom berre dei siste åra har praktisert så storuforstand at dei har rasert både bankstell ognæringsliv i Norge.

Helge Arild Bolstad er journalist ved Fiskaren sitt kontor i Bergen.

Ein Erasmus Montanus frå Eidsvold

Page 34: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

Men humor er ei vanskeleg

sak i eit land der stort alvor

jamt over er synonymt med

den seriøse debatt.

Page 35: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

31

Møtet med Bolstad-tekstenEg arbeidde i Dag og Tid. Det gjorde ogsåHelge Arild Bolstad. Eg kom dit ein gongtidleg på 1980-talet. Den vesle nynorskavisagav plass og skriverom for ein fersking fråJournalisthøgskolen.

Det var noko med Dag og Tid. Dei somskreiv var der meir som tekst enn somfysiske framtoningar. Det var ikkje storelokala vi hadde. Folk var likevel ikkje heilttil å få auge på, ikkje heilt der. Store bunkarav dei ymsaste papir vitna om at her var liv.Men når, og korleis? Helge Arild var ein avfleire (vi var altså ikkje så mange, totalt sett)som først kom til syne for meg etter langtid. Kanskje gjekk det eit heilt år? Iallfallmeir enn ei veke. Så eg blei kjent med hangjennom tekstane før eg blei var karen.

Det var slik ein gjorde seg kjent medfolk i dette miljøet. Gjennom teksten. Velvar det von om utagerande åtferd frå fleireav redaksjonsmedlemmene. Ikkje minst nårvi hamna på Smuget kvar fredag. Ikkje detSmuget vi kjenner i dag, med store glasnedst i Rosenkrantz gate. Det var dengongen eit komplett innestengt lokale iKirkegata. Det var endå meir lufttomt ennredaksjonslokalet vi kom frå. Men overtretten halvlitrar blir du stort sett kjent medberre delar av andre personar, og kanskje

ikkje dei beste delane heller. Helge Arildtrur eg ikkje var der i det heile teke. Kvensom hadde slutta og kven som hadde kometil når Smuget blei fast vasshol, det hugsareg dårlig. Derimot hugsar eg atkonklusjonen utover fredagskveldane somregel var at vi skulle revolusjonere verdamed vår innsikt og vår journalistikk. Berrefolket vakna ville ting skje.

Eg trur Helge Arild meinte at folk varvakne allereie. Han skreiv langt. Han skreivmykje. Helge Arild Bolstad produsertelytefrie leiarartiklar, innsiktsfullebakgrunnssaker, portrett, han produsertedei spesielle Dag og Tid-nyhenda som herstarta si ferd mot storavisene: Ein månadetter kunne det som stod i Dag og Tid bråttvere riksstoff. Men ingen anste liksom pådet med det same. Og så var det noko medsjølve måten han skreiv på. Dei var så lette ålese, Bolstad-tekstane. Avisa hadde sin fastespaltist Herbjørn Sørebø, som også skreivlett og godt. Men det var meir klo i HelgeArilds produksjon.

Når Herbjørn kom innom medmanusflaka sine, då stoppa arbeidet vårt.NRK var på den tida vårt – det norske folks– einaste etermedium. Dette faktumet haddevi respekt for, og Røysta var like klangfull

Page 36: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

32

og krevjande som på fjernsyn. Sørebøkravde eit publikum. Det fekk han. Vi lytta,nikka og lo, langt inn i lunsjen.

Eg kan ikkje hugse at Helge Arildnokon gong tok ordet på same viset. Hantok det iallfall ikkje frå nokon. Han tokheller sine eigne ord og sette dei på papir,etter kvart på dataskjerm. Grøn skrift påsvart bakgrunn. To floppydiskar. Ei sliksvart og sårbar lefse som skulle bootedatamaskina, den andre til å lagre på. Altutført på ein skjerm som ikkje er større ennden mange mobiltelefonar har i dag.Maskina var ein portabel Compaq, typeslepbar. Mykje nytt på ein gong for densom knapt hadde rørt eit kulehovud. MenHelge Arild Bolstad knydde ikkje overteknologien. Kanskje sveitta og stressa hanogså mindre enn somme av oss andre, ogkom seg unna den vonde kjensla det er å sjåhalve dagens arbeid forsvinne sporlaust ut idet digitale tomrommet, fordi du ikkjehadde fått hyppig og systematisk lagringinn i fingertuppane.

Eg tenkte eg skulle likse nokre tekstarfrå denne mannen. Det har eg også gjort. Ålikse vil seie å måle teksten, som du målerfisk i kilo og hektoliter. Men som alleFiskarens lesarar veit, er det ikkje slik dumåler kvalitet. Der har fiskarfaget ogsåpresise instrument, meir enn vi iskrivarfaget har.

Korleis skal du til dømes måle HelgeArild Bolstads vestlandsfaktor? Han ogRagnar Hovland er ikkje så ulike der. Deigøymer noko underfundig innimellombokstavane sine. Synleg? Ja. Målbart? Nei.

Kven skreiv han for? Lesarane, ja. Menmed spesiell tanke på kven av dei? Detmåtte vere eit frå før velinformertmenneske, som sette pris på at avsendarenskreiv personleg utan å vere privat.

Det er feil å skryte av folk, og særleg avflinke nynorskingar, og kanskje særleg avHelge Arild, for eg innbiller meg at haneigentleg likar stille lesarmerksemd best.Det skal han vite at han har hatt. Her og nomå han tole litt meir.

Og liksen? Har eg målt slik, etter å hagått gjennom diverse kommentarar, portrettog anna frå hans stødige hand: Han liggjamt over 45.

Liksskalaen er slik at tekstar med under25 poeng er særs lette, barnebokstoff altså.Dei mellom 26 og 35 tilhøyrar den lettareromansjangeren. Middels er frå 36 til 45, ogom lag slik som dei fleste av oss skriv. Frå46 opp til 55 er det tungt fagstoff,kronikkar og slikt som rår, medan berrerevisorar og utvalde juristar maktar å nå einliks på over 56. Helge Arild har altså mangelange ord, mange samansette ord og mangekomma, sjølv om han er temmeleg flink til åsette punktum også. Dermed er han sjølve

Page 37: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

33

provet på at det ein og annan gong finstskribentar som er uvanleg lette å lese, samekva mekanikken seier. Akkurat som humla,ho flyg fint sjøl om vitskapen seier nei.

Så hald fram du, Helge Arild. Du trengikkje å slutte å skrive fordi om du sluttar ijobben.

Lars Aarønæs (fødd 1958) arbeidde somfrilansar og fast vikar i nynorskavisa Dagog Tid i tidsrommet 1981-1998)

PS. Denne teksten har ein liks på 28,3

Korleis skal du til dømes måle

Helge Arild Bolstads

vestlandsfaktor? Han og Ragnar

Hovland er ikkje så ulike der.

Dei gøymer noko underfundig

innimellom bokstavane sine.

Synleg? Ja. Målbart? Nei.

Page 38: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

Dei var så lette å lese,

Bolstad-tekstane. Avisa

hadde sin faste spaltist

Herbjørn Sørebø, som også

skreiv lett og godt. Men det

var meir klo i Helge Arilds

produksjon.

Page 39: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

35

Så er dagen komenGode Helge Arild. Så er dagen komen. Dulegg ned pennen etter mange år i Fiskaren.Men som det skrivande og tenkjandemennesket du er, vonar eg det ikkje er forgodt. Det vil visseleg finnast oppgåver å tafatt på etter at den offentlege arbeidsdagener slutt for ein som deg. Det var no ellesreine slumpelukka at du fann deg ein plass iFiskaren. Ein vakker vårdag, slik egminnest det, gjekk eg som vanleg innomkjernen på Bryggen på mi vandring inn tilsentrum til eit møte, eller kva det no var.Der sat du ved eit bord ute og nørde degmed eit glas øl i fineveret. Så slo eg sjølvsagttil og spurde om du kunne tenke degFiskaren som arbeidsplass. Eg hadde kjentdeg gjennom pennen din i fleire år i avisaDag og Tid og i BA, der du jamvel haddeintervjua meg ein gong.

I 1987 var det hardt press påarbeidsmarknaden når det gjaldtjournalister, med utviding i NRK sinelokalredaksjonar, TV 2 og lokalradioar medmeir, som trong folk. Eg var difor glad forkontakta mi med bergenspressa desse åra,når det gjaldt å skaffe journalister til avisa.

I Fiskaren vekte du oppsikt med pennendin. Eg hugsar redaktør Odland spurdemeg kvar eg hadde fått tak i den gjeve og

dugande pressemannen. Det same gjordeKåre Valebrokk ved eit høve.

Sjølv vil eg peike på innsatsen din isamband med striden då selfangstinspektørLindberg var i mediabiletet. Likeins deiflotte intervjua med vanlege reisande påhurtigruta då du og di kjære Elsa tok julaombord langs kysten mot nord. Artiklarsom klistra seg til minnet.

Så ha takk for rike og gode dagarigjennom storm og stille i Fiskaren. Og vervelkomen i Seniorklubben i BergenPresseforening til sosialt samvær med gamlepressekolleger ein gong i månaden. Der kanvi saman dyrke vår interesse for kultur oghente kunnskap om mangt og mykje. Eglovar å halde deg orientert om møtedagar.Nett no arbeider vi for å få oppretta eitpresse/mediamuseum i Bergen.

Så vil eg til slutt ynskje deg vel møtt ipensjonisttilvære. Nytt dagane med du kan.

Venleg helsing Helga Kleiva Pedersen

Page 40: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

I Fiskaren vekte du oppsikt

med pennen din. Eg hugsar

redaktør Odland spurde meg

kvar eg hadde fått tak i den

gjeve og dugande presse-

mannen. Det same gjorde Kåre

Valebrokk ved eit høve.

Page 41: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 42: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 43: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

39

Fiskarens venAt Bols skulle ende opp i Fiskaren somskrivande fiskerijournalist var kanskje ikkjedet mest opplagte. I Fiskaren er me særslukkelege over at han valgte å kome til oss i1987 og å verte verande hos oss til no i2008, noko me og er ganske visse på atfiskarane som les oss er samde med oss i.

Å summere hans tid hos oss opp i nokrelinjer er ikkje enkelt. Det kallar på storeord, som kan skildre han som den glitrandeskribent og det reflekterte menneske han er,men også om hans sarte penn med omsutfor sine objekter.

Han får fram sider ved dei han intervjuerog omtaler som viser at han ikkje berreforstår deira situasjon, men og bryr seg omdet dei vil formidle.

Best er han når han skriv sinekommentarer som i ord og vendingar setsynspunkter i eit lys som både får oss til ådrage på smilebandet og gjev ossrefleksjonar. Her kan han både vere sart ogha snert.

Alltid i forsvar for dei svakaste, der hansengasjement alltid har lege. Som då hanrefsa den arrogante styremannen på skipetsom rente ned ein sjark der fiskarenomkom, etter at styremannen i retten gauttrykk for irritasjon over alle dei små

båtane i leia som ikke ville vike for deistore.

I ein setning kan alt seiast, slik Bolsgjorde i denne refsen av arrogansen;

«For denne skribenten er ei slikutvatning av ærleg sjømannskap først ogfremst trist å vere vitne til, – for andre ognærare den omkomne fiskaren er detsjølvsag djupt sårande, og må opplevastsom eit strødd salt i det såret eit sakn etterfar eller ven alltid er».

Men også når han bruker skjemt motfiskarhøvdingane som vil erklære krig motrussarane for manglande kontroll iBarentshavet, som denne; «Dette er eisærmelding til Reidar Nilsen og årsmøtet iNordland Fylkes Fiskarlag: Å spøke forskræmt folk har sjeldan ført godt med seg. –Glødd opp av leiar Reidar Nilsen iFiskarlaget vil fiskarane i Nordland gå tilkrig mot det russiske rike.

Kanskje bør vi teste ut stridsevna vårved Island først, no når basen er lagd ned iKeflavik?».

Bols har vore ein journalist som bådehar løfta oss i det språklege og utvida vårtinnhald. Hans gode portretter,gjennomtenkte betraktningar og snertnekommantarar, vil verte sakna. Det same vil

Page 44: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

40

hans store arbeidskapasitet verte, allenotisane, sakene han fanga opp iforskingsblada, kuriosa og kommentarerhan fekk med seg frå andre aviser, og ikkje ågløyme dei gode historiane han fanga opp i«Plukkfisk»-spalta. Og da kan dennehistoria stå som døme på det mangfaldetden gode mann frå innlandsbygda Dale hartilført oss, der han har pendla med tog til ogfrå kyst- og fiskerihovudstaden Bergen i deifleste av dei meir enn 20 åra han har vore iFiskaren;

Ein saltfiskfæskar i nord hadde vunnefem millioner i Lotto, og den aldrandesjøens mann vart intervjua av den lokaleradioen om hendinga, som med eit leiandespørsmål spurte den gamle mannen:– Du tenkjer vel på å slutte som fæskar nodå, Torkjell? Fiskaren såg undrande påradiomannen, og så kom det: – Å nei, du. Ævil no fortsetje fæsket – så lenge penganeheld.

Takk for innsatsen, Bols, og lukka til itilværet som pensjonist.

Nils Torsvik,redaktør i Fiskaren

Alltid i forsvar for dei svakaste,

der hans engasjement alltid har

lege.

Page 45: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

41

Ikke helvete hellerBols pensjonist – ikke helvete heller …Dette skrevet bare for å få med noe av denbannskapen som flommer over i ei hvernordnorsk sjel, akkurat som skummet på engod seidel med øl, den gode formen forbannskap som tilhører enhver nordnorskkjærlighetserklæring: Du mor, du mor, huhælvetes mor, som Arthur Arntzenuttrykker det.

Jeg har fått det ærerike oppdrag skriveen hilsen fra redaksjonsklubben når du nåtakker av med AFP. Det som i alle fall ersikkert, er at en slik hilsning til deg, fraredaksjonsklubben, må være breddfull bådeav kjærlighetserklæringer, lovord ogregulært skryt, i tillegg til et betydeligmonn av ydmykhet. Du er kort og godt enmester i ditt fag og i tillegg en kunstner,arbeidshest og en kjernegod kollega.

Her kunne jeg kanskje like godt ha sattpunktum. Til tross for at jeg har jobbet i lagmed deg i over 12 år, føler jeg at jeg ikke erden som kjenner deg best.

Jeg har selvsagt lest mye av det du harskrevet av glimrende portretter,kommentarer, intervjuer og artikler over etvidt spekter. Men avstanden mellomTromsø og Bergen, og en avisproduksjonsom krever alles betydelige

oppmerksomhet, har ikke gitt rom for såmye personlig kontakt.

Noe har jeg jo hørt om dine tidligeremeritter, ikke minst fra redaktørskapet iDag og Tid og noe har jeg fått med meg fradine dikt. Med denne avstanden er detkanskje det språklige uttrykket ditt somgjør sterkest inntrykk. En som har måttetklare seg med et vaklende halvdansk somskriveform, føler seg uvilkårligutilstrekkelig i forhold til din nynorsk somvirker å ha satt sjøbein for enhver brottsjøsom måtte ramme. Når et slikt språk paresmed innsikt og refleksjon gjennom ei skarpog uredd penn, ja da har vi Bols.

Den første tida jeg var i Fiskaren regjertedu på desk. Jeg minnes ett av oppslagenesom resulterte i all hurlumheien rundtsuperstatsråd Terje Rød Larsen – som tilslutt måtte gå av. Så husker jeg selvsagt alleoppslagene som førte til at rasendefiskebåtredere frasa seg alt eierskap i denuregjerlige Fiskaren. Dette førte til at vihavnet i Kåre Valebrokks konsern … og nåfusjoneres vil til storavis. Joda, det harskjedd en del. Så minnes jeg noen godesamtaler fra Fedje, Øygarden og andre byerpå kysten i randen av faglige elleravisstrategiske trefninger, eller på Børs

Page 46: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

42

Kafé. For eksempel den gangen du overtaltemeg til for første gang å prøve meg påsaudahau. Bestillinga ble kansellert fordikokken kuttet et par fingre. Det blepinnekjøtt i stedet. Men det er praten meden god kollega jeg husker og setter pris på.

Jeg husker også de godespråkgjennomgangene du hadde med ossover Fiskarens desentraliserte morramøte.Ukentlig foretok du systematiskestikkprøver, og du kunne i blant væreimponerende streng. Spesielt husker jeg dadu gikk gjennom lederartikkelen tilredaktør Nils og uttalte:

– Nils, han kan jo ikke skriva norsk …Hva er dette, tenkte jeg ved telefonen i

Tromsø.Det var dette med den uredde. Jeg har kanskje glemt de faste postene.

Skjønt vi nok kommer til å merke dem nårdu ikke lenger er i Fiskaren, eller fusjonerteFiskeribladet Fiskaren som du akkurat gårglipp av. Det var kanskje nettopp de fastepostene, som bonus i tillegg til alt detandre, jeg tenkte på da jeg valgte inngangenpå denne hyllesten:

– Ikke helvete heller. Vi trenger Bolsmed på laget, kanskje mer enn noen gang.

I hele fjor har jeg ventet på aksjonensom skulle kreve at du for all del måfortsette til du er 67. Det har ikke vært noesom helst som har tydet på at du er lei av å

være skrivende journalist. Tvert om hevdermange av de som leser deg, at penna de latertil å blomstre som aldri før. Og det i tilleggtil de faste postene.

Alle journalister vet at faste posterkrever sin tid, og kanskje vel så det.

Så takk også for de faste postene.Men det kom ingen betydelig aksjon. Jeg

spurte meg for, men de som jobbernærmere deg påstår at du har vært fastbestemt på å gå av nå. Du har forsåvidt sagtdet sjøl, og i tillegg sagt at du gleder deg tilå gå av. Og da tror vi deg og ønsker det allmulig lykke til med videre oppdrag. Du erfortsatt en ung mann med en av de allerskarpeste pennene.

Så helt kvitt deg er vi heldigvis ikke.

Bjørn Tore ForbergPå vegne av dine gode kamerater i Fiskarens redaksjonsklubb

– Nils, han kan jo ikke skriva

norsk …

Hva er dette, tenkte jeg ved

telefonen i Tromsø.

Det var dette med den uredde.

Page 47: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 48: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 49: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

45

Eit biletspråk av fin fajanseEg må innrømme – det er litt tristAt «Bolsen» skal slutte og bli pensjonistEin sikker penn om kyst og havSkal hente si løn på disken hjå NAV

Det var ikkje alltid vi jubla i korNår Bolsen var laus med sin metaforMen las det gjorde vi alle som einFrå Fiskarlagsleiar til læresvein

Vi fekk nok tidvis litt sur kritikkOm kvoter i spel og feil taktikkMen forma i skrift med Aasensk pennSå kvidde vi oss for å ta igjen.

Men Bolsen var vaken og såg sitt kartOm vindmølleparkar og seismisk fartDå kvesste han pennen til kommentarHan rista makta og krevde svar

Hans skrift er prega av eleganseEit biletspråk av fin fajanseHan kan be folk om å dra til H…På slikt eit vis at dei gler seg òg

Og skulle han ringe oss om ei sakOm sjarkekvotar og olje som lakSå var vi trygge på eit visFor Bolsen siterte heilt presis

Ein trufast berar av språk og kulturMå aldri i verda bli gøymd bak ein murOg gynge i stolen med løn frå statenNei – Bolsen må framleis skrive for maten

Han ryddar kontoret på BontelaboVi unner han fri – ei veke og toMen då må han kome ut i frå buretOg setje seg til ved tastaturet.

Vi opnar gjerne ei spalte for BolsTema er fritt – frå kvoter til kolsFor næringas beste penn og skribentMå ikkje sitje i stolen på vent.

Enn så lenge ta det med roSov til middag og les på doNyt din fridom i lange dragOg plannlegg berre frå dag til dag

Vyrdsamt Knut Arne Høyvik,informasjonsansvarleg i Norges Fiskarlag

Page 50: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

Han kan be folk om å dra til H…

På slikt eit vis at dei gler seg òg

Page 51: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

47

Helge Arild Bolstad har bestemt seg for åverte pensjonist – i allefall frå avisa«Fiskaren» som han gjennom mange år harprodusert mangfaldige spaltekilometer i.Helge Arild er både den sinte, indignerte,friske journalisten og den vittige, stilsikre,erfarne avismannen. Spennvidda er stor ogdet har vore ei glede å lese saker signert«Bolsen».

Det er mangt som sikkert kan seiast nårmarkante fiskerijournalistar trer tilbake,men Helge Arild skal ikkje skuldast for åvere av den sensasjonshungrige og tabloidesorten. Tvert om har eg opplevd han somein sannferdig og seriøs journalist, menstundom også ein irriterande journalist –slik journalistar jo gjerne ynskjer å vere.

Sånn umiddelbart vil difor tanken på atHelge Arild Bolstad no blir pensjonist føretil at norsk fiskeripresse blir både turrare ogfattigare – og Fiskaren misser ein nestorsom yngre journalistar kan lære mykje av.

Helga Arild vert nok for mange oppfattasom vitseredaktøren som morar folk påkysten med muntre stubbar. Med miavgrensa kjennskap til vitsespalter vil eglikevel tru at standarden på vitsane på sistesida i Fiskaren ligg godt overgjennomsnittet for vitsespaltar elles i norsk

avisflora. Eg veit til dømes at vitseboka«Plukkfisk» som Helge Arild i si tidredigerte står katalogisert som faglitteratur ibokhylla til kommunikasjonssjefen iFiskeridirektoratet.

Men det er ikkje berre vitsar ogfiskerisaker som kjem frå Helge Arild sinpenn. Han er også poet ogsongtekstforfattar. Det er vel gjerne dendelen av vår litterære verd som han no vilbruke meir tid på.

På vegne av meg sjølv og resten avfiskeribyråkratiet vil eg få lov til å takke foreit godt samarbeid og ynskje Helge ArildBolstad lukke til som pensjonist.

Peter GullestadFiskeridirektør

Eg [har] opplevd han som ein

sannferdig og seriøs journalist,

men stundom også ein

irriterande journalist

Turrare og fattigare

Page 52: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

At Helge Arild Bolstad no

blir pensjonist føre til at

norsk fiskeripresse blir både

turrare og fattigare

Page 53: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

49

Med hjarta på rette stadenMange i Noreg likar godt den engelskefjernsynsserien Heartbeat. På norsk hardenne serien fått namnet «Med hjarta pårette staden». Dersom ein med få ord skalkarakterisera Helge Arild Bolstad somjournalist så må det nettopp vera at han erein person med hjarta på rette staden. Detgjeld både i forhold til den næring han harhatt som lodd å skriva om, dei personanesom utgjer denne næringa og det som mekan kalla kystkultur generelt.

Journalistar har ei stort samfunnsansvar iforhold til å fylgja med kva som skjer isamfunnet vårt og å påpeika det som ikkje ersom det skal vera. Den nye generasjonjournalistar synest ikkje å vera nøgde berremed å få fram saka og sett søkjelys på den. Itillegg skal nokon stillast til ansvar. Allerhelst skal nokon ta sin hatt og gå som fylgjeav det som vert skrive. Då har ein verkelegfått eit trofé å vera stolt av.

Helge Arild Bolstad har sjølvsagtgjennom eit langt virke som journalist måttateke opp saker som den som kom i søkelysetikkje har likt. Me har likevel aldri kunnaobservera nokon ondsinna undertone. Dethar meir vore i tråd med utsagnet om «denman elskar den tugter man». Kritiskjournalistikk er som alt sagt viktig. Men det

er også viktig å få fram dei positive nyhendesjølv om dei ikkje skulle kvalifisera dei storeoverskriftene. Det er få som meistrar det åkunna skildra folk sitt kvardagsliv så godtsom Helge Arild Bolstad. Ein kjedeleg oggrå kvardag kan vera grunnlag for ein godhistorie når Helge Arild Bolstad får trekkjafram lyspunkta. Og her nermar me oss detandre mest framtredande karaktertrekketved Helge Arild Bolstad, ein glitrande godpenn. Sjølv innfødde bergensarar tykkjernynorsk er vakkert når det kjem fra HelgeArild Bolstad sin penn. Sjølv om HelgeArild Bolstad no vert pensjonist i høve til sistilling i Fiskaren så ser me ikkje føre oss athan skal gå over i stabilt sidelege. Me reknarmed at han fortsatt vil ha god sving påpennen og ser fram til det som måtte komafrå den kanten. Me ynsjer han ein aktivpensjonisttilverelse.

Johannes Nakken og Jarle Hansen,Norges Sildesalgslag

Page 54: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

Det er få som meistrar det å

kunna skildra folk sitt

kvardagsliv så godt

Page 55: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

51

Ein framand fuglFarvel til eit arbeidsliv i strevsam teneste iden viktigaste av våre statsmakter. Ja, det vilseia at da eg vanka i den lett anarkistiske,bohemske og ofte fordrukne krinsen i ogkring Dag og Tid, for ikkje å forgløymeNynorsk Pressekontor, ville vel nokreheilage pietistar frå vestlandske fjellhyllerknapt nok ha nytta det ofte misbrukteomgrepet Arbeid om det vi fylte daganemed. Nettene var noko anna; nettene kunnevera strevsame, men aller mest morgonane.Jau, om det ikkje nett var arbeid i borgarlegforstand, var det ofte eit slit som tok på,sjølv for kroppen og sjela til unge menn fråfjord- og fjellbygder.

Ingen bygutar blanda seg med oss, ja,dersom ein ikkje reknar Lars-Jacob Kroghfor urban da. Det var sagt at han heldt til iKongsvinger, men det stadige nærværethans i Oslo sentrum underbygde ikkje detteryktet.. Eg har ofte i ettertid undra megover at Dag og Tid i perioder kom ut, tilglede for nokre nynorskfolk og ruraleåndssnobbar, og til irritasjon for kanskjefleire. Det kan dei takka fyrst og fremstHelge Arild Bolstad for. Eg vil kalle han eitslags mirakel i nynorsk presse, ein tagalmann som både høyrde til iblant oss, og varein framand fugl, som ofte la ut på vide

tokter i einsame luftlag. Landingane kunnevera brutale. Dette hende i dei fjerne 70-åra,og eg trur at vi ikkje visste kva det skulle blitil med oss; berre noko meir, men kva?

Helge Arild var eit naturtalent somjournalist. Eg har snakka med meir enn eitintervjuobjekt, som framleis ikkje fattar korhan i det heile teke fekk noko på trykk. Eingong sovna han under intervjuet, ogobjektet rekna det som mislukka. Men detstod eit langt intervju på prent, signertHelge Arild Bolstad, og objektet var oppiunder om kor noggrant han hadde attgjeveorda, og enda meir meiningane hans, ellervar det hennar? Det er vemodig å skrivedesse orda, sjølv om det på langt nær er einnekrolog, og eg vonar at du arbeider vidaremed dikta og songane dine, gode ven. Mendet kjem aldri meir i norsk pressehistorie eitid for slike ansvarslause menneske som oss,i den tida. Og eg kan så godt som garantereat det aldri kjem att ei slik fri sjel somHelge Arild Bolstad.

Egil Ulateig,sauebonde, journalist og forfatter

Page 56: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

Eg vil kalle han eit slags mirakel i

nynorsk presse, ein tagal mann som

både høyrde til iblant oss, og var ein

framand fugl, som ofte la ut på vide

tokter i einsame luftlag.

Page 57: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 58: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 59: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

55

Den nesten gløymde pionéren[Frå Bols si hand: portrett i Fiskaren]

I 1943 heng ein 27 år gamal nordmannmedvitslaus etter beina og slær hovudetgong på gong mot ein flykropp i stor fartover Skottland. To dagar seinare kjem hantil seg sjølv. Då drikk han kaffe med einprest i London. Namnet er Arne Ratchje.

Ein katastrofe har råka heimen til Ruth ogArne Ratchje den dagen Fiskaren er innom.Hannkatten Jobis er borte. No skal jokrabaten ha ni liv, og 83 åringen fråHestvika søraust på Hitra er difor meirtrippande uroleg enn direkte bekymra.Dette veit Ratchje nemleg noko om.Politimannen som vart første formann i detnorske oppdrettarlaget, har sjølv brukt oppeit par-tre slike liv under mannsferda motalders dom. Attåt dette har han brukt år avlivet sitt til å slåst mot den uforstandpionerar gjerne møter når dei går fortarefram enn det flokkane rundt finn fornuftig.Tilskott han var lova, vart gjeld. Merda hanlaga, fekk anna folks namn. I ei bok omføregangsmennene i norsk oppdrettsnæring,er han nemnd med eit snes ord berre. Avpengar tente han lite. Men likevel påstårmannen med røter attende til dansktyske

Schleswig Holstein at han er meir sorgsamenn bitter.

– Nei, eg har ikkje brydd meg så mykjeom dette dei seinare åra. Det er så lite du – iettertid – kan gjere med ein litt van lagnad.Og det var mykje moro undervegs.

Humøret har Arne Ratchje passa på somden skatt eit godt lune er i motgang. Han ermeir merkt fysisk enn psykisk avopplevingar som ville ha knasa menneskemed mindre vilje som lus under trampandestøvlar. Gangen er rett nok ustø. Med tohender rundt pennen kan han på gode dagarskrive ned namnet sitt. Minnet fêr og kjem.Høyrsla får no hjelp frå eit digitalt apparatsom omskapar svake lydar til ord han medmøye forstår.

– Dei ville invalidisere meg då fredenkom, forklarar han. – Men då nekta egplent!

Lensmannsbetjent Arne Ratchje lånteein fiskebåt då inntrengjarane kom i 1940og gjorde det uråd å vere ein heiderlegnorsk lovmann også på Hitra. Han utstyrtebåten med kvalkanon og anna nødvendigutstyr og dreiv litt kvalfangst utanforFrøya. Men han vart snart ein mannetterretninga inne i Trondheim fekk stor littil. Han fekk difor ordre om å gå til

Page 60: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

56

England med folk som måtte vekk, mendesse møtte ikkje opp. Dei var arresterteavreisedagen, og gjennom kontaktane sinefekk Ratche kunnskap om at Gestapo satmed opplysningar som knytte hans namn tildet illegale arbeidet. I ein fart fekk ArneRatche tak i eit par andre vener – einkystlos og ein styrmann – og saman rømdedesse hals over hovud til Skottland medskøyta. Der vart han snart kontakta av einLord i Secret Service som fortaldenordmannen at dei nett då hadde utviklanokre nye mini-ubåtar. Ville Ratche føre toav desse ubåtane på skøyta si til Norge?

Det både ville og kunne han gjere,meinte 26-åringen, og han var eit bel etterpå veg attende til heimlandet saman med toubåt-pilotar og ein telegrafist. Målet var eitsabotasjeoppdrag i Trondheim.

Men så langt kom dei aldri. Då deiskulle gå inn Ramsøyfjorden stod skutabrått baug i baug med ein tysk vaktbåt, menkom seg uborda vidare, drog nordaforFrøya og innover til trondheimsleia denvegen.

– Vi skulle møte ein frakteskippar herved Hestvika som frakta fisk til Trondheim.Denne fiskebåten vart aldri kontrollert, ogdet var meininga at han skulle ta lasta vidareinn mot byen. Men då vi nærma oss Hitra,kom meldinga frå Shetland om at bådedenne skipparen og mange andre no var

tekne i ein rassia. Oppdraget laut brytast av.Etter avtale med Shetland skulle båten

søkkjast. Men det måtte altså no skje inærleiken av ei større tysk forlegning. Detvar august og slagskugge og Ratchje køyrdebåten nattes tid med full fart mot einbergvegg. Men båten var bygd av solid eikog furu og var like heil og uskadd. Då dettok til å lysne, var situasjonen mildt sagtugrei – med tyskarar over alt rundt dei.Ratchje treiv ein maskinpistol medlyddempar og skaut hol i båten. – Det varnok den einaste allierte båten som vartsenka på den måten, meiner han med eingod flir.

Dei sov stuptrøytte ute på øya Storaneste natta. Om morgonen vart dei vekte avein heil skuleklasse på bærtur!

– Å få ungane til å teie med det deihadde sett, såg vi på som uråd. Vi flytta ossdifor vidare til Aunøya og låg ei veke derog observerte til vi – via omvegar – varthenta attende til Shetland medshetlandsbussen Hitra og vidare tilSkottland.

– Vi hadde då vore i ny stor fåre,forklarer Ratchje om den hastige returen.Tyskarane hadde oppdaga same slagsbritiske mini-ubåtar på Møre, og hadde fåttkunnskap om at det fanst slike også her itraktene. Difor måtte vi attende – snarastråd.

Page 61: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

57

Då dei vende attende til Storbritanniarapporterte Ratchje elles dei to pilotane forfeigskap. Medan dei låg i løynd ved Hitrahadde det ankra opp ein større tysk konvoilike ved. Han hadde bede pilotane om å gåtil åtak med ubåtane sine, men dei fann påall slags orsakingar for å la vere. Anten vardet for mykje morild i sjøen, eller så tulladei det bort med at batteria var for veike.

Dei to vart degraderte.No vart Arne Ratchje innrullert i

legendariske kompani Linge, og vartutdanna som sprengstoffekspert, sabotør ogfallskjermjegar. Då dei skulle gjere sisteprøvehoppet frå fly gjekk det så alldelesgale. Sersjant Ratchje var den siste somskulle hoppe av ei rekkje på 44 mann, ogminnest lite frå bykset.

– Eg var som vanleg litt for snar ikroppen, fortel han. – Då eg kasta meg ut,vart eg difor hengjande fast med føtene isnorene til dei som hadde hoppa før meg.Folk fortel at eg vart hengjande slik ei godstund og slå hovudet gong på gong motflykroppen. Mannskapen ombord fekk tilsist drege meg opp att. Sjølv hugsar egingen ting, men eg skal i ørska ha sagt at egkjende meg klar til nytt hopp, og slik vartdet. Eg kom til sans og samling att to dagarseinare. Då sat eg og drakk kaffe med einprest. Frå det hoppet fekk eg dei skadene eghar slite med i alle år seinare.

Rikstrygdeverket erklærte meg etter krigensom krigsinvalid, men det ville eg slett ikkjevere med på, seier den offisielt invalide sometter krigen held fram i arbeidet sitt somlensmannsdreng på Hitra – og eit beltiltakssjef!

Den ivrige innlandsfiskar og lovensmann frå Hestvika på Hitra var i 1958 påtur til Danmark då han fekk den førstekjennskapen til det danske dambruk.Ratche fekk kjøpe med seg to spann medbefrukta aure-rogn heim til Norge, ogplasserte denne i det klekkerietfiskerikonsulenten Victor Olsen hadde påLundamo. Oppi nokre kummer han haddefått laga seg same vinteren, sleppte hanyngelen. Fôret var kval-lever malt i vanlegkjøtkvern og silt gjennom ein duk før detvart gjeve som mat til dei små individa ioppvekstkummene.

Rettleiingstenesta hadde på si side fåttden idéen at aureyngelen måtte tilvennastopphaldet i sjø med med tilførsle avinnpumpa sjøvatn i kummene. Arne Ratcheprotesterte så smått. Han meinte å haobservert at settefisken vart smoltifisertutan sjøvatntilsetjing, og slike pumper kostapengar.

– Eg møtte tilfeldigvis fylkesmann dengongen Skrindo, seinare arbeidsminister,som lova å gje meg eit tilskott på 50.000kroner til eit arbeid han fatta stor interesse

Page 62: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

58

for – og eg sette i gang. Men i staden for eittilskott, kom det eit tilbod om lån på vel17.000 kroner frå det nye DistriktenesUtbyggingsfond. Vilkåret var at det måttestillast garanti av kommunen, at eg måttestille som sjølskyldnarkausjonist og at detskulle vere eit prøveanlegg for heile fylket!

Ein vonbroten oppdrettar registrerte forførste gong at eit ord ikkje støtt er eit ord imøte med det norske byråkratiet, men 6.august 1962 var i alle fall tida komen for åsleppe dei første settefiskane fråoppvekstkummene på land og ut i tjønna.Fordi dei etter alt å døme unødvendigebensinpumpene hadde stogga om natta, varmykje av settefisken krepert. Men i alle fallkring 3000 fisk vart sette i sjøen og symdesnart med godt mot rundt bak inngjerdingai utløpet.

Men dei praktiske erfaringane skullesnart syne seg å bli langt større enn denøkonomiske vinsten desse første åra. Eitsamarbeid med bonden Dagfinn Strøm endadå eit jagarfly kutta høgtspennlina slik atheile Hitra vart utan straum. Pumpene somskulle hente sjøvatn inn i kara og bassengetstogga, og eit naudaggregat dei hadde skaffaseg, verka slett ikkje som lova. All fiskendøydde.

Etter pålag 5 års strev der det einepraktiske og økonomiske problemet følgdeetter det andre, valde Arne Ratche å avslutte

denne verksemda. Men interessa foroppdrett stod ved lag. I1966 starta han oppmed nytt anlegg som han i 1971 selde tilbrørne Sivert og Ove Grøntved då dei varkomne i gang med Havlaks, og sjølv gjekkhan inn i eit nytt samarbeid med to andreaktørar som med kvart skulle bli det langtstørre og viktigare AtlanticSalmon/Regnbuen Fiskeanlegg.

Og tente for første gong pengar påoppdrett.

– Som eigar og dagleg leiar kunne eg nota ut løn for det arbeidet eg gjorde. Detdreide seg om kring 60.000 kroner kvart år!

Nei, det låg liksom ikkje i korta at denneføregangsmannen skulle tene pengar påstrevet sitt ved havkanten.

Arne Ratchje hadde midt på 60-talet fåtthjelp frå grannane Johan Udsetø ogHjalmar Næss til å konstruere eit åttekantafôringsbasseng som skulle plasserastfrittflytande i sjøen. Interesse var ikkje stori byrjinga for denne nyvinninga, men dåbrørne Grøntvedt seinare fekk låneteikningane og elles fekk nødvendig hjelp tilå bruke denne merda, kom det fart iomsetnaden av også slike merder. Eit smuleirritasjonsmoment for oppfinnaren iHestvika var imidlertid at han sjølv ingenting fekk att for det han hadde laga til avgodt nytt for næringa. I staden måtte hansjå på at hans merd no vart teken i bruk

Page 63: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

59

både her i landet og, med kvart, i utlandetogså som den støtt meir vidgjetneGrøntvedtmæra.

– Ja, vedgår han, det var litt rart å sjå denmerda eg hadde konstruert, bli brukt også iSkottland. Med ein annan manns namn.Men pytt, i dag bryr det meg ikkje...

I 1976 reiste Arne Ratchje så like tilJapan for å studere åleoppdrett med sikte påå hente idéen derfrå attende til Noreg. Detinnsåg han ville bli for dyr ein prosess fornorske forhold. Men der møtte han einitaliensk godseigar med ein landeigedom på3.700 dekar under alpane, vingard,fiskeanlegg for aure og eiga kyrkje medplass til 250 menneske.

– Det var ei overveldande oppleving,fortel Ratche – men denne turen til nord iItalia, skulle også bli byrjinga på slutten foroppdrettaren Arne Ratchje. Underopphaldet i Italia vart han alvorleg sjuk.Etter ei dramatisk reise via Venezia, Milano,Frankfurt og København fekk han krekt segheim til sjukehus der det vart konstaterthjernehinneverk. Tap av minne og nedsettarbeidsevne gjorde at han drog seg attendesom eigar i Atlantic Salmon/RegnbuenFiskeanlegg. I dag har han takka ja til denkrigsinvalidepensjonen han hadde rett påetter opphaldet på dei britiske øyane underkrigen, og har det, seier han, godt samanmed Ruth som han gifta seg med i 1946.

Den første Ratchje kom frå SleswigHolstein til Bergen for 200 år sidan. Hanvart snikkar på Bryggen. Oldefar til Arneflytta til Hitra som handelsmann. Faren varlensmann i bygda – og det var arven etterfar sin Arne Ratchje tok opp då han etterungdomsskole og handelsskole iTrondheim, la vegen til Oslo ogpolitiskolen der.

– I dag er vi berre to Ratchje r att ilandet. Bror min – krigsinvalid han óg – ogeg. Vi har ikkje vore flinke til å øksle oss islekta. Ei kusine døydde sommangemillionær i USA, barnlaus ho óg. Hotestamenterte formuen til kyrkja og fekkbåde fred og godt ettermæle på dei kantarav kloden.

Ettermælet til Arne Ratche er kanskjeførst og fremst krigsmedaljen forfortenstfull innsats – signert kong Haakonden sjuande av Norge. Den førsteformannen i det laget bøndene påskipingsmøtet i Sykkylven våren 1970 villekalle Norsk Dambruk , er elles på sett ogvis blitt den gløymde pioner her heime.Men når Norske FiskeoppdretteresForening no samlar seg til jubileumsmøte iTrondheim, er mannen som dei tre førsteåra leidde og gav namn til laget, gledelegnok invitert, og vi vil tru at det no ogsåendeleg vil drysse æres ord over mannen.Det har han ikkje, seier han, spekulert så

Page 64: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

60

mykje over. Han vonar berre at konsulent,hev vore, Lars Bull Berg i Det kongeligeSelskab for Norges Vel er beden med og vilfå dei godord den mannen har krav på.Ikkje noko anna menneske har norskoppdrettsnæring så mykje å takke somdenne Bull Berg, meiner Arne Ratchje – ogdå har 83-åringen slett ikkje gløymdveterinær Håstein og professor Møller, toav dei andre hjelpesmennene som i eivanskeleg pionertid og framover var med påå setje fagmerka sine på arbeidet, og sommot dei veldig mange odds utvikla næringatil det ho er i dag.

– Er det ikkje litt merkeleg at akkurat dustår attende som den på mange måtargløymde føregangsmannen i norskoppdrettsnæring? I ei stor bok omveteranane er du så vidt nemnd.

– Tja. Eg har vel vore litt for mykje sjukheile tida til å markere meg godt nok i eitselskap av taleføre menn. Eg var jo hellerikkje blant dei som lukkast bestøkonomisk. Då Fiskeoppdretternes Salgslagblei etablert, vart eg rett nok ei tid inviterttil alle slags møte. Eg fekk tilbod om frireise og fritt opphald og tusen kroner kvardag i tapt arbeidsforteneste. Dette varmeiningslaust mykje, tykte eg, den gongen,– og eg sa vel frå om det også litt for høgt.Det er ikkje godt å bli for stor på det,meinte eg. Men så gjekk dei jo konkurs, óg.

– Det gjorde ikkje du?– Nei. Men særleg vel situert vart eg

aldri. Snarare tvert om.– Plagar det deg?– Ikkje i dag. Eg har ein god pensjon frå

krigstida – faktisk 100.000 kroner meir ennstatspensjonen. Og kona har ei bra trygdsom lærar, seier Arne Ratchje då vi ringermannen attende eit par dagar seinare ogtakkar for praten. – Og så er her jo såmangt anna å gle seg over i alderdomen.

– F. eks. kva?– At katten kom heim att!

Ho testamenterte formuen til

kyrkja og fekk både fred og

godt ettermæle på dei kantar

av kloden.

Page 65: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

61

I 60 på Aker brygge[Frå Bols si hand: portrett i Fiskaren]

– Vi tek sjølvsagt fisk, seier Asbjørn Eksebestemt. – Skal vi prøve eit måltid iskaldt?

– Bør det ikkje, prøver vi, vere i alle falllitt lunka?

– Eg sa ikkje iskaldt, smiler grosserarenog legg fram ein enno ikkje ferdigprentamatsetel – diger og altså fersk som einkaffeskrei på sjølve Skrova.

– Eg sa isgalt!

Og slik alldeles ubudd sit vi snart, somnokre av dei første i riket, og legg i oss eitutsøkt måltid steikt kjøt av det slaget fiskhavsens fangstmenn har sett på meir somein tilnærma pest og ei plage enn matnyttigbifangst.

Saman med Møreforskning har pionerenpå Aker brygge (og Furuset) utvikla eingastronomisk orgasme av ein kvitfisk somVårherre i ei kanskje surbitter stund harvanskapt med så spiss snute og så lang haleat han må opplevast som sjølve skrømtetblant blåkveite og andre medskapningarsom sym rundt på dei større djup i farvatnavest for Noreg.

Fiskegrossisten Asbjørn Ekse meinerdette må vere eit av dei mest undervurderte

fiskeslag som finst. Det er, seier han, ikkjeutført noko estimat av bestanden, men deter påvist mykje isgalt mellom anna på 650-800 meters djupn i Norskehavet.

Det førekjem då óg til dels storemengder av isgalt som bifangst på norskefiskefartøy, og med den teknologien vi har idag for prosessering og fangst, meinerstørre ekspertar enn jamvel Ekse, at det vilvere råd å utvikle eit kommersielt fiske etterarten dersom marknaden vert lagd til rette.Fiskekjøtet er lyst og velsmakande og kanfaktisk minne om dei godt betalte skaldyr.

I kjellarglaset heime i bonde- oglaksebygda Evanger i Hordaland låg bunkerav gummierte merkelappar påprenta W.Køltzow, Oslo. Berre Oslo. Inga nærareadresse. Dette imponerte ungguten. Oslovar ein svær by, visste han. Mykje størreenn jamvel Voss. Denne Køltzow måttevere ein storing av ein kar – som alle i Oslokjende!.

Pappa Ekse fiska laks i Vosso og levertetil Køltzow. Difor desse merkelappane ikjellaren.

Ein og ein vart laksar, ofte opp mot 20kilo og over, lagde på trebrett og pakka inni lauv for å halde på veta. Då Asbjørn Ekseein mannsalder seinare møtte

Page 66: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

62

forretningsmannen Wilhelm Køltzow tilsamtale om arbeid, gjekk mannen ennorundt med dei same lappane i brystlomma.På lageret kunne Ekse kjenne, så å seie, atttrebuskene frå liene heime. Ringen var påein måte slutta for sonen åtjernbanemannen og laksefiskaren frå noVoss kommune. Han var på sett og viskomen heim. Og i grossistfirmaet W.Kølzow A/S vart han verande – som tilsettog seinare eigar. Dei siste ti åra har han voremajoritetseigar, saman med Pan Fish iÅlesund. I dag runder mannen som i snarttretti år i tale, skrift og handling har sett sittpersonlege preg på norsk omsetnad av fiskog skaldyr, sine 60 første år. I firmaet vertdette markert utan stort styr med at einsvigerson tek steget opp frå driftssjef tildagleg leiar.

Kva Asbjørn Ekse sjølv skal gjere?– Eg tek til meg tittelen arbeidande

styreformann. Og så gjer eg det eg før ogstøtt har gjort, seier han.

– Framleis og i mange år enno. Einlivsstil er vond å vende.

I ingen av dei stjerner som den gongenspegla seg i vatnet på Evanger stod detskrive at ein ung Ekse med røter høgst tilfjells i Eksingedalen, skulle hamne somsterkt profilert og, må vi tru, vel ståandefiskehandlar i hovudstaden. For ein ungmann på dei kantar stod yrkesvalet rett

etter krigen gjerne mellom jernbane,telegraf eller post. Asbjørn Ekse tokpostskolen og sat, som han sjølv seier, medeigen diktafon og svara på nøye og misnøyemed det kongelege postverk fram til 1963.Då var den pianissimo spenning postverketmåtte ha å tilby ein ambisiøs ung mann,forlengst oppbrukt. Han hamna i detfranske datafirmaet Bull AS, fekk reise tilFrankrike ei tid og lære seg fransk, og tokseinare Marknadsføringsskolen i Oslo påfritida. På skolen var ein steson av ein noaldrande Wilhelm Køltzow rektor. Det vardenne som sette Asbjørn Ekse i kontaktmed ein grossist som stod utan viljugearvingar til sjefsstolen, og sidan 1970 harevangermannen, busett i Rælingen, førstmindre og så meir og meir, styrt det firmaetsom Wilhelm Køltzow – ætta frå aust iEuropa – grunnla berre 16 år gamal i 1916.

Året etter fekk også Asbjørn Ekse sineførste laksar frå Vossavassdraget – frå einbror og ein onkel. Med lappar merktKøltzow. Utan andresse.

I dag er det slutt på laksen i Vosso. BerreVårherre og, muligens, Rieber Mohn veitno om storlaksen nokon gong kjem att i detfreda vassdraget. Asbjørn Ekse er lei seg ogfortvila av både profesjonelle ogsentimentale årsaker. Laksen er einfantastisk fisk, meiner han. Det er ein fisksom har tålt ufatteleg mykje juling opp

Page 67: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

63

gjennom åra. Og sjølv om laksen i dag erbillegare enn mange andre fiskeslag påmarknadar verda rundt, har den ein nimbusog eit velleta rykte ingen artsfrende kanmåle seg mot. Økonomisk kanforretningsmannen imidlertid leve bra utanvillaksen.

Som den første i hovudstaden tok hanalt i 1971 til å selje oppdrettslaks. I fire årvar han, kanskje ikkje rart, åleine om å seljeein fisk ingen då ville ha. Ekse vedgår atstarten vart tregare enn godt var for hjartettil ein mann som kvar dag overlever av eikassadagbok i det håpefulle pluss. Men hangav aldri opp trua på oppdrettsfisken som eiframtidsretta vare. Og framtida gav hansmått om senn og seinare veldig fort rett.

Asbjørn Ekse har engasjert seg sterkt iorganisasjonslivet. Han har hatt ulike verv idet som den gongen heitte NorgesFerskfiskomsetnings Landsforening og harvore styremedlem i NorskeSjømatbedrifters Landsforening. Størstevonbrotet opplevde han dåOpplysningsutvalet for fisk brått og brutaltvart avretta og erstatta med Eksportutvaletfor fisk. Med alle piggar langt ute kjempaEkse ein fånyttes kamp mot å plassere detteutvalet i oslofjerne Tromsø. I dag ser han atdette utvalet er på veg mot å gjere nyttigarbeid også for seg og sine på vår sida avriksgrensa, men framleis meiner han at

innlandsmarknaden altfor ofte vert skjøtamed harelabbens mildmjuke poter.

– Eksportutvalet har, ære vere dei fordet, etter kvart kome til at dei også målansere fiskeoppskrifter retta motmarknaden her heime. Men eg saknar veldigsterkt den nære fysiske kontakten den ifarta støtt farande direktør Holst iopplysningsutvalget skapte mellomhandelsmann og kunde.

Asbjørn Ekse og firma W. Køltzow haretter ikkje heilt fattig evne freista å erstattenoko av tapet ved å gje ut eigne blad ogskrifter som vert distribuerte over disk påAker brygge.

Men han saknar samarbeidet. Det somkjenneteikner innlandsomsetnaden av fisk,er mange og små bedrifter. Det er ingensom har folk mange nok til å utgjere eitnødvendig korps av til dømesdemonstrasjonspersonale i rekkja av viktigesentra ein laurdag mellom ti og fjorten. 70til 75 prosent av alle middagskjøp skjerspontant i butikken, viser alle granskingar.Det fortel kor viktig det vil vere for norskfiskerinæring å ha fagfolk på plass kring omi butikkane. Når desse no manglar, tapernæringa altfor lett i konkurransen medpizza fra Møre og salte supper frå Toro.

Av eksportørane i dag er det berre Lerøyi Bergen som også har tattinnlandsmarknaden på noko alvor, meiner

Page 68: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

64

Ekse. Den gongen opplysningsutvalet ogmarknadsrådet for laks enno var gåandeoppe, fekk distributørane dele utgiftene sinetil stands og markeringar. Dette var eipraktisk marknadsføring som ikkje berrekom oss grossistar og butikkane til gode,men heile næringa, meiner Ekse. Han sersjølv kvar dag kor viktig den butikken ogfiskebaren grossistfirmaet W Køltzow nodriv på elegante Aker brygge, er for firmaettotalt sett.

Det er, seier han, ein utpost der vi kvardag møter forbrukarane. Her får vinaudsynte tilbakemeldingar på det vi gjerog står for.

Det er ikkje berre eit utstillingsvindaugefor produkta våre, men óg einkommunikasjonssentral. Veldig viktig foross har vore å ha den nødvendigekunnskapen bak disken. Frå vi tok til medeigen butikk, har vi hatt kring 90kokkelærlingar tilsette her hjå oss. Vi har ógheilt medvite tilsett ferdig utdanna kokkar idenne utovervende delen av verksemda vår.Når folk kjøper fisk i butikken, skal dei ógkunne få dei aller beste råd om korleis densjømaten dei kjøper, skal lagast til vedomnen heime.

Kvar einaste dag skal kunden vite at detstår ein kokkekyndig person bak diskensom kan spørjast når ukunna kanskje harmeldt seg..

Departementet har Asbjørn Ekse kalladen vesle fiskebaren som også har plass ilokalet. Den observante gjest skjønar strakskvifor.

Det ville vel vere eit svik mot estetikkenå påstå at eit snes grått dressa menneskepyntar opp veggen. Men her heng i alle falllandets fiskeristatsrådar frå Reidar Carlsentil Peter Angelsen i glas og påkosta råme. Ja,jamvel Gunnhild Øyangen sitt tre vekerlange innsmett er hugsa over statsrådbordet.Bordet ved sida av heiter forværelset , og påtilnærma barkrakkar ein halv meter overalle oss andre sit fiskerioppsynet og briskarseg med sikt til alle kantar.

Med adresse her på brygga er det ikkjeakkurat småkårsfolket i hovudstaden sommå reknast til stamgjestane. Her kjem einKjell Inge Røkke gjerne innom for å hentemed seg ei varm kake eller tre på veg frå deteine aksjesalet til det neste. Eller ein BjørnRune Gjeldsten som i lett stressa fartslurpar i seg ei suppe med brød mellom tobortforklaringar på TV.

Småkårsfolket her, som andre stader ilandet, må nøye seg med fårekjøt og kål. Iein nasjon med meir hav enn land er fiskenno blitt så dyr at sjølv katten skjønaralvoret og legg utan eit mjau om matvananesine. Asbjørn Ekse vedgår gjerne at god fiskikkje lenger er mat for mons. Men han vilikkje vere med på at det er han og felagane

Page 69: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

65

hans i dei mange handelsledd som skal hastørste skulda. – Det er både urettvist ogdumt, seier han, når prisen på fin filét i einbutikk på Hammersborg vert samanliknamed pris til fiskar. Ei meir naturlegsamanlikning ville ha vore den rundesmåtorsken til 29 kroner per kilo. Mendenne vil ingen ha.

– Norsk fiskerinæring er ekstremteksportorientert, minner Ekse oss på.

– Fiskehandlarane her heimekonkurrerer heile tida med ein godtbetalande utanlandsk marknad. Kampen områstoffet er blitt skjerpa. Dette er ein trendsom heilt opplagt vil halde fram – med deikonsekvensar det vil få for fiskeprisane ogsåher heime. Vi som sel fisk og skaldyr iNoreg må no melde oss endå sterkare på ikapplaupet om å skaffe kundane våre deibeste varene. At vi er nær fiskeria våre,betyr ikkje nødvendigvis at vi har førsteretten til å velge.

Den beste fisken går til den som betalarbest. God kvalitet og låg pris er eitsamfenge som høyrer soga til også i Noreg.Det må forbrukaren no berre venne seg til,meiner Ekse, som med stadig større blå talli boka nøgd kan konstatere at forbrukarenhar gjort nettopp det. Bruken av sjømat erjamt aukande i Noreg.

Så kan neppe noko anna matvare gje eit,menneske så mange og varierte

smaksopplevingar som fisk og skaldyr.Dessutan er det svært greitt å lage til.

Ekse roser dei norske kokkane som gjerdet så glupt i utlandet med sjømat som basisfor eit vellukka måltid.

– Når dette vert kjent her heime, veks ógetterspurnaden, seier han.

Grosseraren på Aker brygge (ogFuruset) opplevde dette veldig sterkt då einung kokk frå Sunnfjord vann seg heimmedalje med den før så prestisjefrie seien.Då skulle også dei finare fruer frå Oslomest vest så brått ha sei.

– Så har då også Oslo det bestefisketilbodet i landet, slær Ekse fast. Han erikkje viljug til å gjere det ringaste unntakfor meir havnære byar som Tromsø,Ålesund og Bergen.

– Det er marknaden som avgjerkvaliteten på fisken – ikkje nærleiken tilbåten, seier han. – Dei fleste restaurantar iOslo har i dag meir fisk enn kjøt påmenyen. Også det etniske mangfaldet somhar prega hovudstaden dei siste tjue åra harvore med på å auke interessa for sjømat.Det skal finnast 100 etniske restaurantar heri byen.

Med desse er nye og eksotiske fiskeslagogså blitt ein del av kvardagen for vanlegenordmenn. Vi importerer no tunfisk,sverdfisk og jamvel st. petersfisk som aldrifør her i firmaet hjå oss.

Page 70: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

66

Det seier seg sjølv at ein slik mathug mågå utover noko. At han først og fremst vilråke sex-livet var nytt for oss. Men slik erdet, skal vi tru Asbjørn Ekse.Framtidsforskarar har no funne ut at matenmed stunder vil overta den rolle detkjønnslege samvær har hatt somhøgdepunkt i livet. Pornoindustrien vil så åseie falle smått om senn i fisk – og gjenorske sjømatprodusentar i vidaste forstandei ny og stoltare reisning.

Det ville vel vere eit svik mot

estetikken å påstå at eit snes

grått dressa menneske pyntar opp

veggen. Men her heng i alle fall

landets fiskeristatsrådar frå

Reidar Carlsen til Peter

Angelsen i glas og påkosta råme.

Ja, jamvel Gunnhild Øyangen

sitt tre veker lange innsmett er

hugsa over statsrådbordet.

Page 71: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 72: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 73: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

69

Ein villsau frå Austevoll[Frå Bols si hand: portrett i Fiskaren]

– Eg har då skaffa fram eit par hundrearbeidsplassar etter at eg kom heim att fråStortinget.

– Det var då svært …– Ja, ikkje åleine altså!

Magnus Stangeland har aldri hatt for vane åhente fram skjeppa dei gongane han harkveikt lyset. Den høgt og, ikkje minst,frittalande stortingsmann, har vore, fråAustevoll i Sunnhordland har støtt snakka istore og større bokstavar, ispedd eit og annaropeteiknet – og når han no innlemmergrannar og gode vener i den velstandsvekstøyriket har merka kanskje meir enn andre ilandet, må vel det vere eit akutt tilfelle avpost-parlamentarisk smålåtenskap.

Men nei, seier Magnus og ber om å blitrudd: Han har alltid vore ein samarbeidetsmann. – Det er ikkje så rart, meiner han.Austevoll er tufta på dugnad – bygd opp avmenneske som visste å hjelpe kvarandre, omdet var sjukdom i heimen, eller om detberre var eit siste lite lass høy som måttebergast frå ein regnskur på veg frå vest. Hanminner oss på dei første spe forsøk medoppdrett i kommunen som i dag er leiande i

slikt slag. Det var lag der folk flest haddelutar som sette næringa i gang. Han harheller ikkje problem med å dokumentereopphopinga av arbeidsplassar som folkfleire stader i Sunnhordland i dag har å veljei. Som sjef for DOF Industrier har den noabdiserte politikar med skyttelens travelheitpendla frå og til eit kontor på Storebø for årøkte veksten. Siste skota på næringsgreinaer to verft som Stangeland ogmedarbeidarane hans såg seg syn med åberge – det på Halsnøy og eit på Fitjar. – PåFitjar var det 12 arbeidsplassar då vi tokover.

I dag er det mellom sytti og åtti,forklarar han, faktisk utan å øse seg opp –som om slikt er noko sjølvsagt på deikantar av kloden.

Det er i dag rundt 700 menneske somarbeidar innanfor det Stangeland kallarDOF-systemet – eit konsern av ulikeverksemder som Magnus, vi hadde nær sagtsjølvsagt, var med på å etablere før han drogpå tinget, den gongen også austevollinganehadde oppdaga at det fanst anna enn fisk ihavet – og med stort mot sette i gangAustevoll Supply og District Offshore for åhente i land sin del av rikdomen frå oljen

District Offshore var meint å vere eit

Page 74: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

70

slags kystaksjeselskap der folk så langt nordsom til Sunnmøre vart trekte med. Menkorkje på Herøy eller i Måløy hadde deidagars aksjonærer ein nødvendig ballast avis i magen, det vart vanskeleg å hente inn nyrisikovillig kapital og ei tid såg det rettelegstygt ut.

Men når nauda er størst, er hjelpa somregel nærast og i Austevoll fanst AlfMøgster med sønene Helge og Ole. Og somei anna Marte Svenkerud tok dei alle sju ,vart storaksjonærer, posisjonerte segsentralt i verksemdene, henta først inn einbror Stangeland (Oddvar) og seinare einannan (Magnus) – då den karen hadde fåttnok av livet i Karl Johansgate 22. – I dagkan familien Møgster lene seg trygt attendeog sjå at den smule risiko det er å få nokotil også i Austevoll, er vel verdt å ta.Bruttoomsetnaden var i fjor 1,2 milliarderkroner.

Knusktørre fakta, sprita litt opp, fortelat den administrerende ved DOF Industrierer 57 år ung, son av fiskar Nils JohanStangeland og Borghild Stenevik. Gifta segmed lærar Kari Berner-Terkelsen gjorde hansame året som han tok eksamen vedlærarskolen i 1966 med matematikk somfremste fag.

To år seinare kjende han seg sprek noktil å ta eit grunnfag i gymnastikk, og sjå ógom ikkje mannen har både handelsskole og

studier i pedagogisk rettleiing på en listeover meritter som nødvendigvis måtte føremannen inn i skolen som både lærar ogrektor i heimbygda gjennom ti år – tilveljarane i det gamle venstrelandet ytst mothavet i 1976 fann på at dei ville ha ungeStangeland frå det forlengst omskolertebondepartiet som ordførar på full tid. TilStortinget vart Magnus Stangeland valdrepresentant frå 1985 til han sa takk for segi fjor haust – ei hending som gjorde atlarmen frå partigruppa over natta gjekk nedmed eit stort antall desibels styrke.

– Å vere litt stor i kjeften var eit bevisstval frå mi side då eg kom på Stortinget. Dukan ikkje snakke med sordin dersom duskal synast i samfunnsdebatten. Einpolitikar må skape debatt om det han vil ogmeiner er rett.

Det er ordskiftet som får sakene til årulle, meiner mannen som innrømmer athan fekk meir å svare for enn godt var, dåhan ein gong let seg intervjue om detdaglege fiskarliv nørdst i landet. – Men,seier han, eg vart misforstått av både pressaog andre som fann grunn til å forsvareyrket nord for Tromsø. – Eg har sjølvsagtaldri sagt at fiskarane i Finnmark er late. Egpeika berre på at det er ulike kulturar i nordog i sør – og at denne kulturskilnadenkunne vere ei årsak til at ikkje alt gjekk såbra for næringa i landsluten. Mitt poeng var

Page 75: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

71

at næringa nordpå hadde meir einforedlingskultur enn ein fiskarkultur.Medan fiskarane på Vestlandet tidleg gjekkut på havet for å finne fisken der han var –også nord til Barentshavet, såg du sjeldaneller aldri at fiskarar frå Finnmark tok ibruk t.d. felta i Nordsjøen.

Berre ein gong held også MagnusStangeland heilt kjeft. I dag – 22 år seinare –fortel han utan blygsel om den rolla hanspela då halve bygda søkte om å fåkonsesjon for oppdrett av laks. Det var velknapt den holme eller vik i kommunen somi 1977 ikkje fekk telefon frå ordføraren medei slags befaling om å søkje dei gullkantapapira som skulle gje bygda aukandevelstand.

Då fristen var ute låg det 48 søknadar fråAustevoll på bordet hjå dei armetildelarane. I Fiskerdepartementet fekk deidet Stangeland karakteriserer som heilthetta. Telefonen hjå ordføraren gjekk varm.Ambisjonane var både for mange og forstore – og etter litt snakk fram og tilbakevart dei ansvarlege både her og der samdeom at søknadane laut slåast saman – menikkje meir enn at dei sat att med 18 søkjararfrå ein og same kommunen. På juridiskkorrekt vis vart det semje om at dessekonsesjonane måtte delast ut med seks omåret. Første året gjekk greitt. Andre årettiltok den departementale murringa i

styrke, men også desse seks fekk til sluttpapira sine. Tredje året sette dei ansvarlege iFiskeridepartementet foten forsiktig ned –men Stangeland og kolaboratørane ikommunehuset stod på sitt. Dei var buddepå å gå til rettssak mot staten dersom deiikkje óg fekk dei seks siste konsesjonane påplass, og departementet bøygde av. Detmåtte berre ikkje snakkast om, ogaustevollingane – med ordførar MagnusStangeland i brodden – heldt klokeleg kjeftom avtalen både året ut og i alle år seinare.

Lenger vest kjem du ikkje her i landet,fortel Magnus Stangeland. Vi står utanforbarndomsheimen hans på den vesle øyaStolmen.

Neste granne vestover snakkar engelsk. Ibåtnaustet ligg stabla sildekassar fråAberdeen og andre relikvier fråinternasjonal skipsfart – alt saman vrakgodssom er funne langs stranda og teke vare påsom prov på det vestaveret som meir ennein gong har tømd pollen for vatn, og vaskabåde bergsidene og husveggane reine forskit og jord.

På vegen ut hit har vi passert den nyeStolmenbrua som i nokre veker no har gjortlivet ein smule lettare for dei – etter sentralmålestokk – nokså få sjelene som framleistrassar Vårherres argaste vêrlag og klamrarseg til lyng og einer i eit landskap somkanskje gjev ei dvergbjørk ly i den

Page 76: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

72

gudsjelovtida då dagane og nettene er milde.Riksmedia har då heller ikkje gløymt å

fortelje at samferdslepolitikaren Stangelandsat sentralt på tinget då brua til ein kostnadper hovud nokre, særleg austpå, finn istørste laget, vart vedteken bygd. Detteirriterer mannen, fordi han meiner ei slikgyting av vondord, botnar i ei temmelegavslørande kunnskapsløyse. -Etter tolv år iOslo har eg sett ei heilt anna sanning. Dutreng ikkje argumentere for ein veg austpå.Dei kjem av seg sjølve. Bak kvart vedtakom ein vegstubb i Nord-Norge eller her påVestlandet ligg det ein krafttak av hardasteslaget.

Kritikken er urettvis og – inasjonaløkonomisk samanheng – dum. Deiverdiane som vert skapte her i landet, vertstort sett skapte ute i distrikta, ikkje minstlangs kysten. Energien landet brukar, vertomgjort frå vind og vatn i små og ofte liteframkomelege bygder vest- og nord iNoreg.

Då må ingen undrast over at også deisom skapar velstanden vår, vil ha litt att forstrevet i form av eit noko enklare liv.Dessutan kan vegar og bruer vere eit vilkårfor at verdiveksten kan halde fram i eitsamfunn som elles kan stå i fare for å misteden viktigaste ressursen vi har; nemleg deifolka som bur og arbeider i utkantane avlandet vårt. Vi har sett klart her i Austevoll

kva gode kommunikasjonar har å seie forvelferda vår. Det vert lettare å skape nyearbeidsplassar. Og folketalet veks. Dessutanbetalar vi det meste av gildet sjølve. Berre30 prosent av utgiiftene til Stolmen brukom frå staten. Resten tok kommune ogfylke på si kappe.

Magnus Stangeland vart fiskar 15 årgamal. Skikken var slik på Austevoll som iså mange andre bygdelag langs kysten. Einung mann skulle bli konfirmert, ta til årøykje og gå med hatt. Så var valet anten toår til sjøs på fjernare vatn eller ei første øktombord i fiskebåten. For Magnus var valetlett, han vart med far sin på fiske ved Islandom vinteren og i fraktefart langs kysten nårsommaren kom.

Når det seinare vart ein noko utvidaskolegang i forhold til venene, var det moraå takke. – Ho masa mykje om at eg måtte fåmeg ei utdanning, minnest Magnus. På dentida var dette meir sjeldsynt enn vanleg ibygda.

Det største ein ung austevolling avmannekjønnet kunne bli, var skippar ellerbas. -Det var langt meir gåverike gutar enneg i klassen, memorerer han. – Nokre årseinare stod dei gjerne ombord i eigen ellerandres båt. Det finst mange professoralehovud på dekk og i styrhus ombord inorske fiskebåtar. Etter kvart som denteknologiske utviklinga ombord har skote

Page 77: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

73

fart, er jo også dette blitt heilt nødvendig.Ruteplanen viser at snøggbåten brukar ti

minuttar lengre tid frå Huftarøy til Bergenenn vice versa. Onde eller, som ein ser det,gode tunger vil ha det til at det er MagnusStangeland som har fått istand også detkunststykket. Han ville gjere det meirattraktivt å reise til Hufthamar ferjekai ennbort og inn til byen. Om meininga var åhalde på ungdomen, skal han ha lukkastgodt – alle fall når det gjeld gutane. Jenteneer nok framleis noko mindre solidariske, ogeit feminint underskot på øyene plagarmannen.

Dei har ikkje vore flinke nok til å skapearbeidsplassar i heimbygda til dei ungekvinnene som vender heim att med dusk ogsvart huve. Vi er nok litt for einsidig knytteopp mot fiske og anna sjørelatert verksemd,meiner han.

Heilt ute av fisket er Stangelandforresten ikkje – noko som har gjeve hanein heller ærelaus plass på det såkalla nettet.Slår nokon opp namnet Magnus Stangelandpå Internet, er det ikkjesamferdslepolitikaren som smiler mot deg,men rovfiskaren.

Det var salig Greenpeace som for eit parår sidan oppdaga at stortingsrepresentantenfor det distriktsvenlege Senterpartiet iNoreg, var medeigar i ein båt ikkje akkuratvelståande kystfiskarar i Chile meinte tok

levebrødet frå dei. Saka vekte naturleg nokein del oppsikt og vart pensla breidt utoversidene også i norske aviser.

– Eg likte det dårleg, vedgår Stangeland.– Nettopp fordi eg var stortingsmann, vartmitt namn trekt inn i saka som det sentrale.Det gjorde ikkje saka betre at artikkelen varfull av påstandar langt til sides for sanninga.Vi arbeidde i landet slik styresmaktene iChile ville vi skulle gjere. Påstandane vartdå også bastant korrigerte og til dels avvistei eit motsvar til Greenpeace. Men det liggikkje på nettet, seier den uthengte luteigar,som straks etter bedyrer at dette aldriskapte problem for han i partiet på nokoplan.

– Partiet stolte på meg, ikkje påGreenpeace.

Partiet stolte óg på Magnus Stangeland ispørsmålet om norsk medlemskap i EU –jamvel om det i gangar og korridorer gjekkdei fælaste rykte om at stortingsmannen fråAustevoll var ein slags uhelbredeleg skap-europear

Det ville i så fall kanskje ikkje vere sårart – i alle fall ikkje om mannen hadde einbrennande hug til ny tillit blant dei heimesom hadde slege seg opp til seks siffrainntekt frå norsk laks. Stangeland vedgårimidlertid ingen skjulte lyster i retningBrussel.

– Eg korkje har vore eller er vorten

Page 78: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

74

tilhengar av norsk medlemskap i EU. Egvar derimot ein svoren tilhengar av å få tilein avtale og leve med denne, slik vi fekkden gjennom EØS. Eg ser mange meiner atvi no har knytt oss så tett til EU, at vi likegodt kan gå med i samskipnaden. Men egser no likevel ein svært viktig politiskskilnad. I dag er vi herre nok i eige hus til åta farvel dersom integreringa går altforlangt.

Eg forstår sjølvsagt dei oppdrettaranesom opplever ein aukande proteksjonismefrå einskilde land i EU, som eit trugsmål.Eg kan likevel ikkje få meg til å leggjeavgjerande vekt på det. Viktigare for meg erressurssppørsmålet. Retten til å forvalte ogdisponere ressursane våre er og blir årsakatil mitt bastante nei, seier Stangeland tilFiskaren.

Han vedgår at han heller ikkje fullt utskjønar alt dette maset om at vi må inn for åkunne foredle og skape arbeidsplassar herheime. Vi er eit lite folk. Kvar skal vi skaffearbeidskraft frå til all denne foredlingaenkelte har så store tankar om? Vi har nokofiskeindustri her i Austevoll, men for å fådenne industrien til å gå rundt, lyt viimportere arbeidskraft frå søta bror. Dethar aldri vore noko skam å gjere det som vier best til.

Råvareproduksjonen vår skapergrunnlag for gode arbeidsplassar i eit EU

som treng slike. La oss halde fram med det.Ja, la oss berre bli endå flinkare til å gjeredet vi no er flinke til.

Magnus Stangeland har i dag trekt segheilt ut av politikken. Nokre organisasjonarsom Redningsselskapet har han omsut for –og ein styreplass der ser han på som såviktig at han vil bruke ein del av den ledigearbeidskrafta si til å skape ei tryggareferdsle langs kysten for både lystbåtfolketog den maritime næring.

Altfor mange liv går unødvendig tapt.Redningsselskapet må i sterkare grad ennfør, satse tid og pengar påholdningsskapande arbeid blant alle delar avbåtfolket, meiner han. Umusikalsk gjort ,seier han om regjeringa Bondevik sittforslag om å ta vekk verftsstøtten. Hanmeiner regjeringa burde ha sett at eit sliktframlegg ville måtte møte kraftig motstandlangs kysten – rett og slett fordi det varuklokt. Men elles har han bestemt seg for åhalde mest mogleg kjeft i politiskespørsmål.

– Eg skal sjølvsagt aldri samannliknemeg med ein mann som Willoch. Men egsåg sjølv på Stortinget korleis leiande folk iHøgre bala med å ha ein sjuande farhengande i horn på veggen.

12 år på Stortinget var nok, meinte han ifjor vinter og takka nei til attval. Mangeting hadde han fått gjort som han ville,

Page 79: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

75

men, pussig nok, tenkjer han i dag kanskjemeir på dei bitre nederlaga. Det allerbitraste var Gardermoen lufthamn.Gardermoen har ført til den største og mestomsynlause folkeforflyttinga i moderne tidi Noreg, meiner han – og tenkjer då både påtilsette og reisande som nå må leggjeomvegen om flatbygdene på Romeriket forå kome seg vidare rundt i landet og verda.Akkurat det nederlaget har eg vondt for åsvelgje.

– Hadde du og dine lidd nederlag i sakaom storflyplass med ein annan statsråd ennKjell Opseth på taburetten?

– Nei. Då ville resultatet blitt eit heiltanna. Opseth er ein likandes kar – men einuvanleg hard negl.

– Kva gjer at ein administrerandedirektør i ei større industribedrift framleiskjenner seg sterkt knytt til Senterpartiet?

– Sjå der, seier Stangeland, og peikar motein beitande masse i synsranda:

– Eg held meg med ville sauer. Utemjande, dei óg.

Etter tolv år i Oslo har eg sett ei

heilt anna sanning. Du treng

ikkje argumentere for ein veg

austpå. Dei kjem av seg sjølve.

Bak kvart vedtak om ein

vegstubb i Nord-Norge eller her

på Vestlandet ligg det ein

krafttak av hardaste slaget.

Page 80: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

76

[Frå Bols si hand: kommentar i Fiskaren]

Når vår nye oljeminister snakkar omfornybar energi, skal ein norsk fiskar medstor merksemd lytte. For her kan det snartbli snakk om ein skog av master, av skrogein mur , som diktaren sa etter slaget vedSvolder. Vindparkar til havs, er det nyehocus-pocus i norsk energiforsyning.

Det skal ha skore seg mellom miljørørslaog partileiar Kristin Halvorsen i SV. Dettehar regjeringskollega Åslaug Haga hattforstand til å utnytte til sin fordel. På strakarm inviterte den nye olje- ogenergiminister frå Sp landets miljøandlet tilseg og sine i eit forsøk på å skape ein slagsidèdugnad, der Hagas første bidrag m.a varein idè om vindparkar til havs somrepresentanten Heikki Holmås frå SVhadde lansert i stort format nokre dagar før.Og då kan me nok berre vente på den dagdå statsminister Jens Stoltenberg ógproklamerer eit slikt mølleverk til havs somsitt partis nye kongstanke for landet.

Det kollegiale samkvem kringkongsbordet vitnar ikkje akkurat om deneventyrlege idyll me kjem i hug frå detSoria Moria slott som for eit par år sidanvar mal og mønster for det nye norske hus.

Statsråd Åslaug Haga har, sant nok,ikkje predikert slike havparkar for vindkraftsom det einaste salege for landet. Men kringtema fornybar energi er ho hardt pressa fråbåde miljø- og industriside. Her har Naturog Ungdom funne seg godt selskap hjåskipnaden Norsk Industri og leiaren der,Stein Lier Hansen. For vindmøller til havser nettopp det han peikar på som detfornybare satsingsfelt, slik den bergenskesparringpartnar Holmås gjer gjennom eitbreidt oppslag i avisa Dagbladet. Så når vårnye oljeminister snakkar om fornybarenergi, bør ein norsk fiskar med stormerksemd lytte. Det kan bli både dyrt,trongt, vanskeleg og farleg på fiskefelt iNordsjøen den dagen vindkrafta derfrå skalsupplere den oljen og gassen som sanneleghar gjort det brysamt nok frå før å verefiskar.

For det er slett ikkje småtteri Holmås(og SV?) ser føre seg. Møllene skal strekkjeseg 150 meter over havyta, og sjølvehovudet skal ha ein diameter på opptil 90meter. Energiforskarar meiner det det skalvere muleg å plassere over 3000 slikehavmøller til havs på eit 50 gonger 80kilometer stort område, og at desse i så fallkan produsere 7000 TWh kvart år. Dette

I vidde som Østfold

Page 81: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

77

tilsvarar i så fall sju gonger den vasskraft-produksjonen som er i Norge i dag, om einser det den vegen. Ser ein derimot på kvaareal dette vil oppta for fiskeri og annansjøverts trafikk, vil ein 4000kvadratkilometer vindpark bli på storleikmed Østfold fylke (4183), eller ti gonger såstor som Jan Mayen, for dei som er kjendeder. Og då har dei hovud som har forskafram dette, neppe rekna med deisikringssonar som sjølvsagt vert heiltturvande på eit havstykke der det attåtdagleg fiske går føre seg ein omfattandeperson- og nyttetransport som får nye fårerå forholde seg til dei netter og dagar uvêretspinn ekstra kroner inn til norskekraftselskap. Forskarane ivrar for prosjektetogså fordi ein slik norskutvikla teknologikan bli ei suksessrik eksportvare. Ja, detskulle i så fall ta seg ekstra godt ut formiljøet; at danskar og britar kjem på densame idè og plassere sine monster avvindparkar i det matfatet me deler meddesse.

Det er beint fram rart korleis ein sliksådd idè så tankelaust får spre seg ogsåblant presumtivt vituge folk. Frå å vere eithugskott ut i lause lufta eine dagen, vertbegrepet vindparkar til havs så å seieprogramfesta av ein statsråd via media denneste. Ingen bryr seg om å spørje t.d.sjøfarande folk kva slike meiner om nokre

parkar til havs som, om dei skal ha denutforska effekt, vil oppta eit så stort stykkehav at det bokstavleg tala er uråd å sjå detføre seg her frå land. Den amerikanskeklimaforskaren Jesse Ausubel har, ifølgjeNewscientist, peika på at m.a. vindkraft ermed på å valdta naturen , fordi slikenergiproduksjon krev ein massivinfrastruktur med stål, metall, røyr, kablar,betong og kommunikasjonar. Viss målet erå minimisere klimaskadene, er den besteløysinga auka effektivitet, naturgass medCO2-fangst og atomkraft, skriv han.

Her heime er professor Egil Lillestøl iBergen nett tildelt Forskningsrådet sinformidlingspris. Han er ein ivrig talsmannfor det radioaktive grunnstoffet thorium ikraftverk, fordi dette ikkje gjev frå seg eitstrålingsfarleg kjernefysisk avfall. Thoriumfinst i vårt land i rikt mon. Men på dettefeltet talar den prisløna formidlar framleisfor dauve øyre.

Helge Arild Bolstad er journalist ved Fiskaren sitt kontor i Bergen.

Page 82: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

78

Ein éin- og avspora idé[Frå Bols si hand: kommentar i Fiskaren]

Viss alle nordmenn flyttar inn i høghussørover frå Grorud, har me for vår delrydda opp i dei klimatiske utfordringarNorge står overfor. Det høyrest for galt uttil å vere sant i jamvel vårt rare land. Menein professor frå Oslo ser ut til å meinedette i fullt alvor.

Aftenposten har i ein serie artiklar rettasøkjelyset mot korleis me her i landet kanfå vårt forbruk av klimavandaliserandetiltak under ein meir anstendig kontroll.

I ein av desse artiklane har dei hentafram ein ætling av bondesonen RasmusBerg, - hjå Holberg betre kjend somErasmus Montanus. Ein stein kan ikkjeflyga, ergo er mor Nille ein stein , sa somkjent denne studerande i København, ogmed sin logikk har så denne personasjengjennom eit par hundre år mora menneske iteatersalar både i vårt land og i det danske.

Klimaproblemet kjem av transport.Kollektivtrafikken på bygdene er ikkje godtnok utbygd. Ergo er distriktspolitikkenmiljøfiendtleg , slær den brave professormed litt andre ord fast i sitt svar på korleisNorge kan bli så reint for CO2, NOx oganna uttyske at vårt land kan bli ståande

som det lysande eksempel i det mørke somein støtt meir nedsota klode i dag er tullainn i.

Tor Fredrik Rasmussen heiterprofessoren i samfunnsgeografi. Han månemnast med namn. Rasmussen får ellesselskap av professor Rune Sørensen ved BI,i Oslo det óg. Så er dei to som kan dele påtøvet.

Kanskje av mangel på meir fornuftigeoppgåver, har dei to professorane leika segmed tal frå Statistisk Sentralbyrå. Tala viserat klimautsleppa i Oslo i 2004 var berre 2,5tonn per innbyggar. I kommunar med meirenn 50.000 innbyggarar var utsleppa eitttonn meir per innbyggar, medan dei ibygdelag utover landet har funne eit snittpå 12,3 tonn i desse mindre kommunane.

No skulle ein jo tru at dei samla utsleppai slike geografisk avgrensa område var minstlike interessante å rekne seg fram til. Menslik reknekunst er fråverande i dettalmaterialet som dei to har funne grunn tilå publisere i ei framstelling som i all sintoskeskap også er så tendensiøs at ein kanbli freista til å tru at desse to vitskapsfolkaførst og fremst har ein politisk agenda fordet dei hevdar er forsking.

Som kjent for folk flest, er både

Page 83: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

79

prosessindustri og anna industriell verk-semd av noko omfang plassert utover landeti ofte små samfunn. Det same er landbrukog fiskeri. Verksemder som kjem bådeoslofolk og anna byfolk til gode, vert i denprofessorale reknekunst belasta desse småkommunane. Professorane kunne såleismeir korrekt konkludert med at ein i vårtland burde leggje ned det meste avnæringsverksemd, for å få utsleppa ned.

Same tendensiøse framstelling ser me nårdet gjeld biltrafikken. Utslepp frå trailararpå veg med nødvendige gode for oslofolkog anna byfolk, vert utlikna på dei småkommunar bilane må passere på veg fråproduksjon til forbruk. Ja, jamvel byfolk påveg til hytta i SUV-ane sine, må bygdefolketsvare sin store del for, har Nationen funneut. Derimot er flytrafikken ikkje teken medi reknestykket. Det finst nemleg statistikksom viser at byfolk reiser langt meir medfly enn folk utover landet. Ein artikkel iNationen fortel at oslofolk reiser mest tregonger så ofte med fly til utlandet som detdei gjer nord i Trøndelag.

Så alt dette rekna med, er det slett ikkjerart at folk utover på bygdene, med kreativmatematikk, kan framstellast som dei verstemiljøsvin per hovud i landet.

Rasmussen og Sørensen ser føre seg eisentralisering med små og store bysamfunni Norge også for å kunne satse meir på

biobrensel. Men heller ikkje med den bestevilje kan eit par professorar i Oslo fåskogen til å spasere inn til byen av seg sjølv.Så kanskje ser dei føre seg ei framtid derfolk frå Oslo, Drammen eller Kragerøsjølve dreg med sag på skogen, og elles helddenne i så pass hevd at det vert trevyrkenok til slik brensel også for dei generasjonarsom kjem?

Idèen dei to forfektar er både èin- ogavspora. For det er er forbruket vårt somførst og fremst og meir og meir utfordrarklimaet.

Me kan, rett nok spare noko på å reisekollektivt til dagleg, eller flytte til mindrehusvære, slik folk i det urbane Norge harbest høve til. Men vert desse penganebrukte på flyreiser til eksempelvis Kreta,har denne utslepps-spinninga i løpet av åretgått meir enn opp i vinninga, forklarar einannan professor på BI, Jørgen Randers.

Det finst til alt hell ymse med også slikstatus i landet.

Helge Arild Bolstad er journalist ved Fiskaren sitt kontor i Bergen.

Page 84: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

80

Til Reidar Stöfring

Strengane tagna i feladå bogen vart brått slegen vekk.

Eit hjarte har slutta å spela.Ha takk for dei slåttar vi fekk.

Ha takk for dei blåe tonarsom tvinga oss alle med

i sorgmuntre vibrasjonardå stunda baud opp til det.

Ha takk for det rytmiske drivetsom lokka oss med på leik

i jublande ja til livetom viljen var aldri så veik.

Ha takk for den omsut og varme som låg i kvar tone vâr.

Ha takk for din rettkjende harmeMot liding uskuldige bar.

Strengane tagna i feladå bogen vart brått slegen vekk.

Eit hjarte har slutta å spela,men slåttane varer og rekk.

Helge Arild Bolstad

Page 85: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

81

Kjære fräulein Liebermann[Frå Bols si hand: kommentar i Fiskaren]

Kjære fräulein Liebermann,Herbertstrasse,St. Pauli,Hamburg.

Eg vart svært heppen då eg i går tok imotbrevet ditt, dagsett 30. mai i år. Sjølv er egein snart gamal nordmann som trudde egvisste det meste om all den faenskapen somgår føre seg i verda. På TV her heime kan vikvar kveld sjå krig, svolt og anna naud råkeslekta vår i land kloden over. No skjønar egat det skjer langt verre ting nær strendeneher i Noreg. Eg er veldig glad for at du safrå til nettopp meg om dette, og på ein slikpersonleg måte. At eg må dele dei djupetankane med ein halv million andrenordmenn, skal du slett ikkje ta så ille opp.Eg skjønar at du, fräulein, har skrive berredette eine brevet til ein mann du personlegvisste var veldig villfaren. Den milde ogforsonande tonen i brevet ditt rørde megdifor sterkt. Eg låg, skal eg seie deg, lengeden natta svevnlaus og tenkte på kva detmeir lytefrie folk på dine kantar, i dag måbale med av blodtørste norske villmenn.

Du imponerer meg, fräulein, voldsomt.

Det var beint fram forbausande å sjå dengrundige kunnskap ei ung jente nord iTyskland har om kval og kvalfangst.Sterkast inntrykk gjorde det, når du så klartsa meg kor klokt tenkjande dette dyret er.Då skjønar eg óg lettare at kvalen kan gåseg så fast opp mot land når det ikkje ermat nok i havet. Det er vel ei bøn omkokfisk.

Du har eit poeng der. Vi dummenordmenn skjønar ikkje slikt. Vi har vissttrudd at vi bør gjere med kvalen, som bådede tyske og vi norske gjer med elgen nårbeitet vert smått, bestanden for stor ogdyret kan pinast av svolt. Skyte det ned –og så tene noko meir pengar som set ossendå litt betre i stand til å hjelpe óg deiborna som vert sette i læger for å døy avmangel på mykje. Vi kan då ikkje sjå på atfolk døyr – for å spare eit dyr. Har vi tenkt.I fleire tusen år.

- Ja, fräulein, eg veit godt at de har einnoko annan tradisjon i ditt land. Men dånokre av dine landsmenn vitja landet vårtfor meir enn 50 år sidan, var det nettoppfisken og dyra i havet som berga oss frå denverste nauda. Saman, sjølvsagt, med dentyske eksporten av norske kvinner og menntil kulturlandet sør for Flensburg. Den

Page 86: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

82

gjorde at det vart nokre færre her oppe ådele den knappe maten med. Vi forstodberre ikkje den gode tanken bak – dengongen.

Vi dumme nordmenn.Du skriv til meg at vi må slutte med

kvalfangsten i respekt for dei internasjonalesemjer.

Vi er eit dårleg døme for andre land,skriv du óg. Ja, vi har mangt å svare for hernord i Noreg, forstår eg no. Men, fräulein,eg var før ikkje klar over at den pinefulleleiken med oksar i ein kant av EU-riketditt, var eit så direkte resultat av dennenorske kvalfangsten.

Ikkje har eg heller, fräulein, visst at detbritiske adelsskapet var så mentalt smitta avkvalfangsten, då dei i si tid tok til å sprengerevar med hund og hest og bøsse.

Det er, skjønar du, så mykje meir du veitom alt slikt enn det vi heimfødingar gjer hernord.

Eg har jo aldri tenkt på at alle dei kyrnei EU-landa som dreg magane etter seg langsbakken, må leve livet slik fordi bøndene iditt grannelag har fått søla til vetet sitt påReine og Skrova og Røst.

Frå Berlin såg eg her om dagen bilete avmarsjerande menn utan hår. Men jakkeneog støvlane var store. Dei hadde visst settfyr på eit asylmottak.

Eg skjønar at det vert fleire og fleire av

desse der du er. Det er godt då – for deg ogdine – at dei aldri vil drepe kval.

Så dyr som portoen no er blitt.Hels din ven Greenpeace.Vyrdsamt Helge.

Helge Arild Bolstader journalist ved Fiskarensitt kontor i Bergen.Dato: 04. 06. 1999

Dei hadde visst sett fyr på eit

asylmottak.

Eg skjønar at det vert fleire og

fleire av desse der du er.

Det er godt då – for deg og dine

– at dei aldri vil drepe kval.

Så dyr som portoen no er blitt.

Page 87: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

83

Vakne or svevnen

Vakne or svevnen,sjå dine augo,

høyre din lått.Alt eg har fått

er så godt.Nærast i verda

kjærast i liveter gleda vi saman har ått.

Vakne or svevnen,kjenne din varme,føle di ro.Alt eg forstoddå du lo.Nærast i dagen,kjærast i timener venskapen mellom oss to.

Vakne or svevnen,møte din neve,leike eit bel.Alt eg får deli er vel.Nærast i tida,kjærast i stundaer kroppar i sanselaust spel.

Av Helge Arild BolstadTonesatt av Aftenlandetpå «Morgon i mai», 1998

Page 88: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

84

Du spelar musikk på mi harpeog gjer mine ord til dikt,og eg syng ein song om kjærleik,om voner og lengt og slikt.Og songen tek av i crescendotil tvika i hugen fêr:– Eg elskar deg, elskar deg, elskar deg ikkje,eg elskar deg ikkje, eg gjer!

Blomar og blod, blomar og blod,vi leikar med liding og skakar med ro.Kjærleik skal såast og kjærleik skal groi senger av blomar og blod.

Du rekkjer meg handa om kveldeneg bed meg på sanseflukt,og gjev meg den våte varmesom trollar bort tôl og tukt.Så høyrer eg klokkene kimeog dagen or svevnen fêr:– Eg elskar deg, elskar deg, elskar deg ikkje,eg elskar deg ikkje, eg gjer!

Blomar og blod, blomar og blod,vi leikar med liding og skakar med ro.Kjærleik skal såast og kjærleik skal groi senger av blomar og blod.

Du skjenkar meg vin ut av kalkenog gjev meg Messias’ brød,og eg står som berget Peterså trufast til morgonrød,og sansar det kroppane lovatil rusen or minnet fêr:– Eg elskar deg, elskar deg, elskar deg ikkje,eg elskar deg ikkje, eg gjer!

Blomar og blod, blomar og blod,vi leikar med liding og skakar med ro.Kjærleik skal såast og kjærleik skal groi senger av blomar og blod.

Av Helge Arild BolstadTonesatt av Aftenlandetpå «Morgon i mai», 1998

Blomar og blod

Page 89: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

85

Då magedansen kom til JølsterDet breidde seg urokring tunet hjå Elseein dag det vart kjentat ei danserinnestod der i hagen– med beina i ro –og dansa med magen!Og det i ei bygdder valsen vart helsamed fyord og jammersom fare for frelsaog sjela og kroppenog sjølvaste helsa.Nei, dette var toppen!

Sjå dei går innat,jamra ein koneog peika på Astrupog Ludvig med fela.No skal han vel spelafor nakne kroppen.Nei, dette er toppen!Og så denne Perenav finaste slekta!No er han vel hekta og gløymer å fekta mot Belsebubs ladenog styggaste gjeren.Frels han frå skaden!

Men inne i stovaved peisen hjå ElsaVårherre dei takkarfor vinen og dansensom nyar opp helsai aldrande frakkar.Tjo hei, ropar Perenog slær seg på hælenså katten vert fælenog rømer på loftet.Sjå for ei hofte,slær Ludvigen fastmed fela mot kroppenNei, dette var toppen!

Helge Arild Bolstad

Page 90: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 91: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

87

Helge Arild Bolstad, fødd 22. januar 1946på Dale i Hordaland.

1970 – Journalist Nynorsk Pressekontor.1974 – Redaktør Setesdølen, Bygland.1975 – Redaktør Dag og Tid, Oslo.1985 – Frilansjournalist.1986 – Journalist Bergensavisen.1987 – Journalist Fiskaren, Bergen.

– Eg kan gjera det sjølv, sa Bols då eg spurteom å få lage eit portrettintervju til avisa påden siste arbeidsdagen hans.

Det kunne han heilt sikkert, mykje betreòg, enn underteikna, men når Bols ein gonghar bestemt seg for å slutte i Fiskaren, fårhan finne seg i at andre tar over oppgåverhan elles hadde vore sjølvskriven til åutføre.

Me møtes på Wesselstuen i Bergen einregntung onsdag ettermiddag. Bols helsarpå ein og annan kollega frå langt størreredaksjonar. Nokre av dei er for lengst oversin mest produktive alder og fyllerarbeidsdagane med å skrive notisar fråandre aviser. Bols skriv òg notisar. Før meandre har rukke å stå opp om morgonen sithan allereie på toget frå Dale og er på plass i

Fiskaren sine lokale før klokka i sju ommorgonen. Når me andre kjem, har hanlevert ei lang remse notisar, andre fastepostar, og er i full gang med nye artiklar.Bols er ikkje berre journalist mellomklokka åtte og fire. Kommentarane kladdarhan ofte kvelds- og nattetid.

– Ein stad eg i alle fall ikkje kan skrivekommentar, er på kontoret.

Det Bols heller ikkje kan, er å skrivereiserekningar, eller overtid.

– Eg har eit syndrom som gjeld dettemed skjema. Eg får det berre ikkje gjort.Heime har eg ein helt plastpose medkvitteringar Nils skulle ha attestert.

– Kva skjer med dei når du sluttar?– Nei, eg veit ikkje. Eg brenn dei vel

opp, kanskje?Er det rart at avisleiinga og me kollegaer

er leie for at han nå vil gjere det slutt medoss?

– Ein skal gi seg medan ein er på toppen,seier Bols. – Er det ikkje det idrettsfolkgjer?

På topp har han vore lenge. Det harFiskaren sine lesarar fått merke, særleggjennom alle dei portrettintervjua ogkommentarane han har skrive for avisa.

– Det var den beste tida mi i Fiskaren da

Ein bohem pensjonerer seg

Page 92: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

88

eg fekk skrive eit portrett i veka. Me haddefått nye eigarar og det skulle mellom annasatsast på kultur. Men det tok ikkje mangeåra før portrettintervjua blei sett på som eindyr luksus me ikkje lenger kunne sjå ossråd til. Dessverre. I staden blei dei erstattamed det meir tabloide «Navn i uken». Eitjournalistisk misfoster ei avis som Fiskarenburde halde seg for god til å presentere somåndsverk. Å spørje eit menneske kva fiskhan vil vere, er slik eg ser det, reine litteræretoskeskap. Sjølv om humor i dag er einmangelvare i norsk presse, bør den veretilnærma intelligent, skal han ha plass.

At Bols skulle jobbe 21 år i ei fiskeriavis,var ikkje sjølvsagt. Heime på Dale var hanmeir interessert i dikta til André Bjerke ogArnulf Øverland enn å springa etter laksen iDaleelva. Heller ikkje bestefaren sin 27,9kilo tung laks var stor nok til å konkurreraut forfattarar som Agnar Mykle og KnutHamsun. Bols reiste til hovudstaden for åbli student. Tok forberedande prøver ogskreiv seg inn på det juridiske fakultet. Menden unge studenten fann seg heller ikkjeheilt til rette blant medstudentar medadresser i Holmenkollåsen og Vindern, ogmed langt finare etternamn enn han sjølv.For å spe på studielånet, jobba han med ålaste og losse båtar på brygga, og her treftehan folk han kom godt overeins med. Hanfekk tilbod om jobb i Nynorsk Presse-

kontor. Eit halvt årsverk. Valet var ikkjevanskeleg. Bols slutta med jusstudia etterknappe eit år, og sidan er detjournalistikken han har livnært seg på.

– Der var det ein redaktør som heitteAani Rysstad. Ein setesdøl som etter eistund sendte meg til heimbygda si for å vereredaktør for det nystarta bladet Setesdølen.

På den tida, i 1974, budde det cirka 2900menneske i dei fire kommunane avisa dekte.Etter eitt år med unge Helge Arild Bolstadsom redaktør hadde Setesdølen eit opplagpå litt over 3000.

Frå Nynorsk Pressekontor blei hanhanka inn til vekeavisa Dag og Tid. Herfylgde nesten ti gode år, og mange godevenskap han har halde på seinare. Hervanka han saman med NRK-veterananeLars Jacob Krohg, Bjørn Hansen ogHerbjørn Sørebø. Med fast plass iStortingets presselosje lærte han eit og annaom journalistikk frå desse folka, som ikkjehar med teft å gjere. Bols blei òg tilbuddandre jobbar. Både i Dagbladet og NRK,men takka nei.

– Eg har alltid trivs mykje betre somgullfisk i ei lita bolle, enn hai på det storehav. Ein blir meir synleg i ei bolle.

Det spørs vel òg om Dagbladet villetillete at han skreiv nynorsk. Fobien motnynorsk er sterk i desse elles så tolerantemiljøa. Men om han ikkje har søkt

Page 93: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

89

prestisjetunge jobbar, legg Bols mykje ære idet han leverer frå seg. Han er oppteken avrytmen i språket og tenkjer at orda er somnotar i musikken. Målet er å gjere ein tekstbetre enn utgangspunktet. Kan hende gjelddet òg når intervjuobjektet ikkje er såspanande. Det går rykte om at unge Bolstadskal ha sovna under eit intervju ein gong.Likevel var det som kom på trykk såframifrå at ikkje minst den som bleiintervjua vart forundra.

– Jo, det stemmer visst det. Det varHelge Rabben, mangeårig Italia-korrespondent for Dagbladet, eg intervjua.Nå trur eg ikkje det gjaldt han, men det erikkje alltid intervjuobjekta har like mykjeinteressant å fortelje heller, og då kan einvel lett sovne av litt.

Bols ser seg om, trommar litt medfingrane på bordet.

– Du har visst snakka med mange du?– Ja. Mellom anna var det ein som kom i

skade for å brekke armen på deg ein gong?I eit slagsmål om ei dame?

Bols ler.– Olav Kobbeltveit, ja, tidlegare politisk

redaktør i Bergens Tidende. Det stemmerdet. Etter verk i tre dagar måtte eg ta ein turpå legevakta. Det er første og siste gang eghar brote noko.

– Kva med dama?

– Nei, ho forsvann for oss begge.Men som oftast var det Bols som

forsvann frå damene. Etter ei stund ville deidisiplinera han og oppdra han litt, og dåstakk han, kan andre fortelje.

– Eg har aldri lagt skjul på at eg lever littbohemsk. Saman med likesinna. For meghar det vore viktig komme og gå når detpassar meg.

Derfor har kan hende heller aldrifamilielivet lokka, og vener sine havarerteekteskap auka ikkje akkurat trua på at detvar noko han sjølv ville gå inn i. Likevel erdet ei dame Bols ikkje har klart å laforsvinne. Ei kunstnarvenninne frå Jølsterer alt han vil seie om henne. Men det var hosom fekk han tilbake frå Oslo til Bergen.

– Ja. Det var nok det. Ho skulle studerekunsthistorie og eg blei med.

Seinare flytta ho til heimbygda Jølster,og det har blitt mange turar mellom Daleog Jølster.

– Me har eit svært godt venskapelegforhold. Når eg pensjonerer meg blir egnok verande der i periodar. Eg har fåttinnreia ei skrivestove der oppe, kor eg kansitte, sjå ut vindauge og kanskje få til åskrive noko.

Dei andre røystene på Wesselstuen harauka i volum. Eg legg merke til at nokre avdei har ein svært familiær tone medserveringsdamene. Og her sit eg, med Bols,

Page 94: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

90

min kollega i nesten ti år og drikk øl. Dethar vi ikkje gjort ofte. Faktisk har eg tenktpå det i det siste, kor lite eg eigentlegkjenner denne mannen eg har sett nestendagleg i så mange år.

– Du er ikkje av dei som slepp folk lettinnpå deg?

– Nei, du har nok rett i det.– Samstundes når eg les det du skriv,

ikkje minst i dikta dine, får eg ikkjeinntrykk av at du held tilbake. Tvert om.Då gir du av deg sjølv.

Bols ser framleis alle andre stader enn påmeg. Trommar litt på bordflata.

– Du meiner at eg opnar meg meir i deteg skriv?

– Ja.– Ja. Det kan stemme det.Den vesle pausen er akkurat passe kort

til at eg ikkje rekk å gripe ordet for åsnakke om noko anna. For første gongunder intervjuet ser Bols meg i augo ogheld blikket.

– Eg skal fortelje deg noko. Du veit eghar skrive tekstar til visegruppa Aften-landet. Der er det ein song som heiterBlomar og blod. Ein gong eg sat på kafé heri Bergen, kom det ei vilt framande ung jentebort til meg og spurde om eg var HelgeArild Bolstad. Om det var eg som haddeskrive den songen Blomar og blod. Eg svaraja. Då sette ho seg ved sidan av meg. Takka

meg oppi handa og sa at eg hadde reddalivet hennar. Ho hadde tenkt å ta livet sitt,men så hadde ho høyrt den songen og dethadde redda henne. Like etter forsvann ho,og eg anar framleis ikkje kven ho var, ellerkorleis ho visste kven eg var. Det er klart atsånt noko gjer inntrykk. Antakeleg haddedenne unge jenta kjærleikssorg, så oppdagaho at ho ikkje var åleine i verda med slikekjensler. Det er ganske sterkt når nokonseier du har redda livet deira med det duhar skrive. Ord betyr noko.

Denne unge jenta er ikkje den einastesom har fått merke verknaden av orda tilBols. Han er den sjølvskrivne talar entendet er ein kollega som fyller 60 år, eller einven som har gått bort. «Reidar, Reidar,Kvifor måtte du ha det så travelt – dennegongen òg. Vi var så mange som ville sjådeg. Helse på. Du gav oss så dårleg tid», lasBols med høg, stø, røyst ved båra til venenReidar Mathistad. Folk som var til stades igravferda hugsar ennå, meir enn 12 årseinare, kor gripne dei var over desse orda.Men kven er det som har gjort inntrykk påBols?

– Mange av dei eg har intervjua. Mellomanna ein eg nyleg skreiv minneord om,Simon Øvretveit. Han hadde vore i samefangeleir i Tyskland, som Arnulf Øverland.Å få møta ein person som har opplevd atArnulf Øverland sit i underkøya og kladdar

Page 95: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

91

dikt på dopapir. Det tykkjer eg er stort. Ein annan mann, Earl Hyman, som

mange vil hugse som bestefar Cosby, møtteBols ved fleire høve.

– Ein gong var på teaterbåten Innvik,kor Hyman spelte teater på nynorsk. Hanhadde ikkje desse fobiane mot nynorskenmange nordmenn har. Det var om haustenog det var begynt å bli litt mørkt ute. Mesto ute på dekk i Gudvangen. Der er detsom kjent fjell på begge sider og Hyman slout med handa og sa: «Italia er skapt avmenneske. Norge er skapt av Gud».

Bols kikkar på klokka. Han må nå eittog heim til Dale. Vil det seie at intervjueter over? Men det var jo meir eg ville snakkemed han om. Den nye avisa, til dømes,korleis ser du på denne fusjonen av dei tofiskeriavisene?

– Med stor velvilje. I utgangspunktet.Men dei må gjere noko med namnet.Fiskeribladet Fiskaren er like vinglete somein halt fiskar på eit dekk med slo. Kviforikkje ta steget ut og kalle den nye avisaKyst og næring? Det er eit kort, godt ogrytmisk namn. Bols har fleire bekymringarfor den nye avisa. På vegne av lesarane hanhar kontakt med.

– Eg er redd den ekstra satsinga påbegrepet «nordområdet» uroar mangetrufaste tingarar Fiskaren har frå Trøndelagog søraustover. Frå mine kjelder har eg fått

ein del signal om at mange no er redde forat tyngdepunktet i norskfiskerijournalistikk vil bli flytta nordoverog ta farge av ein redaktør plassert iTromsø. Så sterkt som staben nordover ilandet vil bli i den nye avisa, burderedaktøren utan større gnissingar mellomnord og sør kunne bli plassert her i Bergenfor å signalisere at den nye avisa også skalha omtanke for dei næringsfolk som finstvest, sør og aust i landet. Og ein ting til:Fobien mot nynorsken eg synes å sjå iFiskeribladet. Jamvel pressemeldingar frådepartementet kan i Harstad bli omsette frånynorsk til det dansknorske målet mangenordmenn framleis held seg med. Dette børdei ansvarlege ha i tankane når eg no sluttarog andre kjem til i ei avis som skal tale heilekysten si sak. Mange tingarar vil reageresterkt dersom ein ny avisskipnad vert heiltfri for det tale- og skriftspråk dei brukar tildagleg.

Bols har reist seg og tredd hua godtnedover øyrene. Han har blitt intervjua forandre gong i sitt liv, den første var då hanslutta i Dag og Tid, og me har begge tokome gjennom det utan at nokon av oss harsovna.

Ein bohem har pensjonert seg. For å fåtid til å vere meir bohem.

Av Kjersti Sandvik

Page 96: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

Eg har alltid trivs mykje betre

som gullfisk i ei lita bolle, enn

hai på det store hav.

Ein blir meir synleg i ei bolle.

Page 97: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

93

[Bols si siste kommentar i Fiskaren]

Etter 21 år i Fiskaren er det emosjoneltvanskeleg å setje punktum. Så derfor let egdette brevet til lesarane ende med eitsemikolon, – eit pusterom som betyr atkontakten må få halde fram. På eine ellerandre viset. Det trur eg óg eg vil få høve til.

I dag vert mykje tid brukt til å ryddekontoret mitt her på Bontelabo i Bergen.Siste faste arbeidsdagen min var, når korrektskal vere, i går. Men etter 21 år somjournalist i Fiskaren er det vanskeleg å setjepunktum. Så mange kjensler og minnepressar på og gjer sjauen i dag tyngre enntrudd då eg i fjor gjorde det valet å lahovudet få meske seg med andre tankaretter fylde 62 år.

Først og fremst går tankane nett i dag tildei mange menneske arbeidet i avisa hargjeve meg høve til å møte, anten personlegeller gjennom reflekterte innlegg i avisa. Såmange nye kjenningar har eg skaffa megdesse åra, at eg helst skulle ha handhelsa pådei alle på ein dag som denne, både dei her iavishuset som har kome og gått og deimange ute i det store vi som på kvart sitt viskan innlemmast i det som heiter norskfiskeri- og havbruksnæring. I desse

næringane finst nokre av dei mesttenkjande, taleføre og inspirerandemenneske i landet. Det er menneske somframleis i dag baserer sin teoretiske viten påerfaring og praktisk kunnskap. For medanstatsskuta meir og meir vert styrd avmenneske med pålag same erfaring frånorsk næringsliv som ein narkomandirektørson frå Montebello Terasse, er vårefiskebåtar framleis folka med menn – ognokre kvinner – som har lærd seg yrket oglivet å kjenne gjennom arbeid og ofte slit.Ja, dette er, slik eg ser det, faktiskgrunnlaget for den suksess den marinenæring i Norge er. At «direktørsønene» iOslo sjeldan har evna å innsjå detteøkonomiske fundamantet i landet, har ikkjestogga korkje fiskarane eller pionerane inorsk oppdrett frå å jobba vidare med sitt,diskutere seg imellom, endre syn når tidavar inne for slikt skifte og vere i denforkant av ei utvikling som er turvande forall suksess.

21 år er inga lang tid om me tenkjer ossattende. Det er 14 år sidan dei olympiskeleikar ved Mjøsa og 17 år sidan muren fall iBerlin, – hendingar som dei fleste av ossogså i dag har eit nært forhold til. Men tidami i Fiskaren følest lengre enn ho er, fordi

Ikkje punktum, men ;

Page 98: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

94

den teknologiske utvikling har aksellerert såkraftig sidan 1987, både internt i avisa og inorsk fiskerinæring i vid tyding. Så mangtnytt og spennande har skjedd.

Då eg vart henta til avisa sat ein stabstaute menn i Noregs Sildesalslag og skreivned for hand kvar einaste fangst som bleimeld inn til kontoret. Mykje av tida iredaksjonen gjekk med til å skrive inn dessemengdene av tal på maskinar og diskettarsom i dag har fått sin museale plass i norskteknologisk historie. I dag rullar bådedenne informasjonen og mangt anna inn ikolonner i avisa, – ei opphoping av tal ogbokstavar så å seie urørd avmenneskehender. Den tid var Fiskaren eiavis så tett knytte til sine eigarar i næringaat denne journalisten no og då kjende seg ipinlegaste laget ufri. For eigarmakta vart imeste laget brukt, også til å påverke deimeiningar og synspunkt som Fiskarenskulle ha i den løpande debatt i landet.

Struktureringa har skote støtt større fart,– på godt, men óg på litt vondt, vil egmeine. For 21 år sidan var det tre salslag ipelagisk sektor. I dag er det eitt. Alle slagslag og salslag er blitt færre og har nok meddét fått større slagkraft. Men det blir frå dagtil dag óg færre fiskarar – også under denminister som rår med eit anna utgangspunkti dag. For 21 år sidan fanst det framleis einrest av den tenking at fiskeripolitikken

burde vere ein del av norsk distrikts-politikk. I dag ser ei sjølvforsterkandeutvikling ut til å ha gravlagd alt slikttankegods i Norge. Det kan ein óg gjeresine tankar om etter 21 år i Fiskaren.

Og så er kvinnene blitt meir synlege.Fiskarkvinnelaget med si omsut for miljøog tryggleik har rett nok hatt sinerekrutteringvanskar i eit meir moderneNorge. Men det er kome sterke kvinner inni leiande roller, særleg då på land og kanskjemest innanfor oppdrett. Mange andretrendar kunne òg ha vore nemnde på eindag som denne. For etter 21 år i Fiskaren erdet emosjonelt vanskeleg å setje punktum.Så derfor let eg dette brevet ende med eitsemikolon, – teiknet som seier «pågjensyn».

Helge Arild Bolstad var journalist ved Fiskaren sitt kontor i Bergen.

på gjensyn

;

Page 99: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad

FOTO: HELGE HANSEN

Page 100: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad
Page 101: Festskrift for den seniore Helge Arild Bolstad