eit viktig vegval - lo.no€¦ · seriøst arbeidsliv sosial dumping og arbeidslivskriminalitet er...

8
Eit viktig vegval Bruk stemmeretten ved valet 2019 NYNORSK

Upload: others

Post on 26-Jan-2021

7 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • Eit viktig vegvalBruk stemmerettenved valet 2019

    NYNORSK

  • Eit viktig vegvalKven som styrer i kommunane og fylka er viktig for velferda vår, for jobben vår og for staden der vi bur. Kommunane har ansvar for at barn og unge får ein trygg oppvekst og ein god skole, at eldre får ein verdig alderdom og at alle innbyggarar får den grunnleggande velferden dei treng for å leve gode liv. Kommunane er også dei største arbeidsgivarane i landet, med ansvar for korleis tusenvis av arbeidstakarar, mange av dei LO-medlemmer, har det på jobben. Og kommunane og fylka spelar ei viktig rolle for lokalt næringsliv og arbeidsplassar, som rollemodell, som stor innkjøpar av varer og tenester og fordi dei legg til rette for næringsverksemd.

    Lokalvalet i haust er et viktig vegval for Norge. LO har rundt 935 000 medlemmer. Vi kan påverke kven som skal styre i kommunane og fylka. LO har spurt partia på Stortinget kva dei meiner om LO sine viktigaste saker. Nokre av svara finn du her. I dei tilfella der partia ikkje har svart klart på spørsmåla, har vi vald “støttar ikkje” som svar.

    Les alle svara på www.lo.no.

  • Støttar Støttar ikkje

    Seriøst arbeidslivSosial dumping og arbeidslivskriminalitet er eit stort problem i enkelte bransjar. Norske kommunar og fylkeskommunar er store innkjøparar av varer og tenester. For å luke ut dei useriøse og kriminelle aktørane, har rundt 180 kommunar innført kontraktsvilkår blant anna med krav om bruk av lærlingar ved innkjøp/anbod. Det verkar!

    Spør partia i din kommune om dei vil stille konkrete krav om lærlingar ved kommunale anbod.

    Vi har spurt dei politiske partia på Stortinget om dei vil medverke til at kommunar og fylkeskommunar innfører krav om 10 prosent lærlingar ved kommunale anbod.

  • Støttar Støttar ikkjeHeile stillingarMange arbeidstakarar, særleg kvinner, jobbar deltid. Heiltidsarbeid og ei sjølstendig inntekt ein kan leve av, er avgjerande for kvinner si likestilling. LO meiner at politikarane må legge til rette for at heile stillingar blir hovudregelen. Det gjeld også i dei kvinnedominerte delane av arbeidslivet, som for eksempel innanfor helse og omsorg.

    Spør partia i din kommune om dei vil auke stillingsprosentane slik at heile stillingar blir hovudregelen.

    Vi har spurt partia på Stortinget om dei vil medverke til at kommunane lagar planar for at heile stillingar blir hovudregelen.

  • Støttar Støttar ikkjeFast jobbFor dei aller fleste av oss er norsk arbeidsliv ein trygg stad å jobbe. I delar av arbeidslivet er det likevel stadig meir mellombelse stillingar, konsulentar og innleigd arbeidskraft. Mellombelse tilsettingar tyder meir makt til arbeidsgivar og utrygge jobbar. Høgreregjeringa endra Arbeidsmiljølova i 2015, og opna for å tilsette mellombels sjølv der behovet var permanent.

    Spør partia i din kommune om dei vil tilsette mellombels berre der det er eit mellombels behov.

    Vi har spurt partia på Stortinget om dei vil medverke til at norske kommunar tilset mellombels berre der det er eit mellombels behov.

  • Støttar Støttar ikkjeNei til profitt i velferdaLO er imot privatisering og konkurranse-utsetting av offentlege velferdstenester og profitt i velferda. Helse, eldreomsorg og skole skal eigast og drivast av det offentlege eller i samarbeid med ideelle aktørar. Fellesskapets pengar skal gå til velferd, ikkje til profitt til private.

    Spør partia i din kommune om dei vil at kommunen skal drive tenestene sjølv, eller sette dei ut på anbod.

    Vi har spurt partia på Stortinget om dei støttar å klart avgrense kommersielle aktørar sitt høve til å ta ut profitt på velferdstenestene.

  • Støttar Støttar ikkjePensjon frå første kroneI dag må ein tene nesten 100 000 kroner før ein har krav på å starte opptening av pensjonspoeng – obligatorisk tenestepensjon. Det rammer ein million arbeidstakarar i privat sektor, først og fremst låglønte og kvinner. Dei som har låg løn vil få ein mykje lågare del av løna si spart til pensjon enn dei som har høg løn. Det er frykteleg urettferdig, og aukar ulikskapane inn i pensjonisttilværet.

    Spør partia i din kommune om dei vil gå inn for pensjon frå første krone for alle arbeidstakarar.

    Vi har spurt partia på Stortinget om dei støttar at alle arbeidstakarar skal ha krav på obligatorisk tenestepensjon frå første krone dei tener.

  • Di stemme telLes partia sine svar på dei 18 spørsmåla

    frå LO på www.lo.no

    Utgjeven juli 2019 av LO

    Norge. O

    pplag, nynorsk utgåve: 25 000 eks.