eid venstre brosjyre val 2015

2
Alfred Bjørlo Ordførarkandidat Skal Eid og Nordfjord vere ein god og trygg plass å leve i framtida, er det no jobben må gjerast. Det er no vi må satse på skulen, born og unge. Det er no vi må ruste opp eldreomsorga. Det er no vi må legge til rette for nye bustader, nye arbeidsplassar og ny nærings- utvikling. No, i 2015, er Eid endeleg i siget. Folketalet er i vekst. Talet på nye bedrifter og arbeidsplassar au- kar. Vi er omsider i gang med dei viktige utbyggingane for framtida som i altfor mange år sto på vent: Nytt omsorgssenter, ny fleir- brukshall, nye bustadfelt og nye næringsområde. Eid er sett på kartet for alvor - det er her det skjer! Men ingenting kjem av seg sjølv. Dei neste fire åra blir avgjerande for Eid si framtid. Eit sterkt Venstre i fire nye år er garantisten for at den nye given vi no opplever vil halde fram. Eg og Venstre brenn for å ta Eid vidare inn i framtida - som ei vekstkommune som er i stand til å ta vare på både born, unge og eldre. Venstre er klare for innsats - godt val! Alfred Bjørlo ordførar og Venstre sin ordførarkandidat www.facebook.com/alfredbjorlo www.facebook.com/eidvenstre Venstre sine kandidatar i Eid Foto: Steinar Engeland 1. Alfred Bjørlo (1972) Ordførar, Nordfjordeid Brenn for nye arbeidsplas- sar, reint miljø og born og unge sine oppvekstvilkår. 2. Kirsti Ohrvik Olsen (1969) Helsefagarbeidar, Hjelle Brenn for vekst og tilflytting også ute i bygdene, og ei god eldreomsorg. 3. Arild Nøstdal (1978) Seksjonsleiar, Nordfjordeid Brenn for folkehelsearbeid, openheit i forvaltinga og best mogeleg tenester innanfor rus og psykiatri. 4. Anne Kristin V. Sundal (1997) UV/Skuleelev, Haugen Brenn for ein inkluderande skule som kan utvikle elev- ane, fleire lærlingeplassar og å ta vare på rein natur. 5. Gunvald Ludvigsen (1949) Administrasjonssjef, Nordfjordeid Brenn for ansvarleg økonomistyring og ein slag- kraftig storkommune i Nordfjord. 6. Hilde Henriksen, (1953) Nordfjordeid, bioingeniør 7. Inge A. Engebretsen (1971) Haugen, frisør 8. Sylvia Hammersvik (1949) Stårheim, sosionom 9. Knut Tore Nes Hjelle (1972) Hjelle, bonde 10. Ørjan Ryland (1995) Nordfjordeid, UV/student 11. Brit Moa (1950) Nordfjordeid, butikksjef 12. Jon Martin Holmøy (1978) Holmøyane, offshorearbeidar 13. Svein A. Henjesand (1963) Nordfjordeid, overingeniør 14. Grete Dahl Sandven (1953) Nordfjordeid, helsesøster 15. Svein Rotevatn (1954) Nordfjordeid, sivilingeniør 16. Webjørn Moa (1948) 17. Margot Aasebø (1972) 18. Steinar Furnes (1981) 19. Amalie H. Smørdal (1997) 20. Arve Dahl (1945) 21. Jorunn Breiteig (1963) 22. Jan Olav Tryggestad (1954) 23. Yngve Kjørstad (1977) 24. Solveig S. Kjesbu (1978) 25. Ole H. Ludvigsen (1977) 26. Elin Paulsen (1973) 27. Joachim Scobie (1969) 28. Linda Gotteberg (1968) 29. Geir Moldestad (1977) 30. Kari Lothe (1956) 31. Gunnar Berteig (1952) 32. Kristin Sundal (1980) 33. Vidar Rasmussen (1946) 34. Svanhild O. Lothe (1944) 35. Jon-Reidar Eikås (1957) venstre.no/eid Du finn heile Eid Venstre sitt program, meir om kandidatar og anna informasjon på Eid Venstre Vi tar Eid vidare.

Upload: eid-venstre

Post on 23-Jul-2016

235 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

I denne valbrosjyra kan du lese om Eid Venstre sine politiske saker og kandidatar til kommunevalet 2015.

TRANSCRIPT

Page 1: Eid Venstre brosjyre val 2015

Alfred Bjørlo Ordførarkandidat Skal Eid og Nordfjord vere ein god og trygg plass å leve i framtida, er det no jobben må gjerast. Det er no vi må satse på skulen, born og unge. Det er no vi må ruste opp eldreomsorga. Det er no vi må legge til rette for nye bustader, nye arbeidsplassar og ny nærings-utvikling. No, i 2015, er Eid endeleg i siget. Folketalet er i vekst. Talet på nye bedrifter og arbeidsplassar au-kar. Vi er omsider i gang med dei viktige utbyggingane for framtida som i altfor mange år sto på vent: Nytt omsorgssenter, ny fl eir-brukshall, nye bustadfelt og nye næringsområde.

Eid er sett på kartet for alvor - det er her det skjer! Men ingenting kjem av seg sjølv. Dei neste fi re åra blir avgjerande for Eid si framtid. Eit sterkt Venstre i fi re nye år er garantisten for at den nye given vi no opplever vil halde fram.

Eg og Venstre brenn for å ta Eid vidare inn i framtida - som ei vekstkommune som er i stand til å ta vare på både born, unge og eldre. Venstre er klare for innsats - godt val! Alfred Bjørlo ordførar og Venstre sin ordførarkandidat www.facebook.com/alfredbjorlo www.facebook.com/eidvenstre

Venstre sine kandidatar i Eid

Foto

: Ste

inar

Eng

elan

d

1. Alfred Bjørlo (1972) Ordførar, Nordfjordeid Brenn for nye arbeidsplas-sar, reint miljø og born og unge sine oppvekstvilkår.

2. Kirsti Ohrvik Olsen (1969) Helsefagarbeidar, HjelleBrenn for vekst og tilfl ytting også ute i bygdene, og ei god eldreomsorg.

3. Arild Nøstdal (1978) Seksjonsleiar, Nordfjordeid Brenn for folkehelsearbeid, openheit i forvaltinga og best mogeleg tenester innanfor rus og psykiatri.

4. Anne Kristin V. Sundal (1997) UV/Skuleelev, Haugen Brenn for ein inkluderande skule som kan utvikle elev-ane, fl eire lærlingeplassar og å ta vare på rein natur.

5. Gunvald Ludvigsen (1949) Administrasjonssjef, Nordfjordeid Brenn for ansvarleg økonomistyring og ein slag-kraftig storkommune i Nordfjord.

6. Hilde Henriksen, (1953) Nordfjordeid, bioingeniør

7. Inge A. Engebretsen (1971) Haugen, frisør

8. Sylvia Hammersvik (1949) Stårheim, sosionom

9. Knut Tore Nes Hjelle (1972) Hjelle, bonde

10. Ørjan Ryland (1995) Nordfjordeid, UV/student

11. Brit Moa (1950) Nordfjordeid, butikksjef

12. Jon Martin Holmøy (1978) Holmøyane, offshorearbeidar

13. Svein A. Henjesand (1963) Nordfjordeid, overingeniør

14. Grete Dahl Sandven (1953) Nordfjordeid, helsesøster

15. Svein Rotevatn (1954) Nordfjordeid, sivilingeniør

16. Webjørn Moa (1948) 17. Margot Aasebø (1972) 18. Steinar Furnes (1981) 19. Amalie H. Smørdal (1997) 20. Arve Dahl (1945) 21. Jorunn Breiteig (1963) 22. Jan Olav Tryggestad (1954) 23. Yngve Kjørstad (1977) 24. Solveig S. Kjesbu (1978) 25. Ole H. Ludvigsen (1977) 26. Elin Paulsen (1973) 27. Joachim Scobie (1969) 28. Linda Gotteberg (1968) 29. Geir Moldestad (1977) 30. Kari Lothe (1956) 31. Gunnar Berteig (1952) 32. Kristin Sundal (1980) 33. Vidar Rasmussen (1946) 34. Svanhild O. Lothe (1944) 35. Jon-Reidar Eikås (1957)

venstre.no/eid

Du fi nn heile Eid Venstre sitt program, meir om kandidatar og anna informasjon på

Eid Venstre

Vi tar Eid vidare .

Page 2: Eid Venstre brosjyre val 2015

Venstre vil gje fridom til den enkelte, samtidig som vi skal ta vare på fellesskapet og miljøet. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstyre for å skape eit godt samfunn.

Venstre har vore største parti i Eid dei siste fire åra. Eid er no omsider inne i ein sterk vekstperi-ode. Folketalet har passert 6.000. Nye store næringsetableringar og viktige satsingar for eldre, born og unge er på gang.

Eid Venstre sine 35 kandidatar på lista til kommunevalet 2015 er no klare for å gjere Eid til ein endå betre kommune å bu i. Ein kom-mune som gir omsorg når du treng det, er ein god stad å vekse opp, og legg til rette for nyskaping, nye arbeidsplassar og grøn vekst.

Vi skal vidare - saman skal vi ta Eid inn i framtida.

Røyst Venstre ved kommunestyrevalet i Eid 2015.

Omsorg når du treng det I haust startar bygginga av nytt omsorgssenter - ei kampsak for Eid Venstre i mange år. Venstre vil også i åra framover sørge for at helse og omsorg i Eid ikkje berre blir "store ord", men at vi faktisk klarer å gi god omsorg til dei som treng det - når dei treng det.

Eid Venstre vil: ✔ Bygge ferdig nytt omsorgs-

senter, og starte arbeidet med å samlokalisere omsorgstenes-tene der i neste byggesteg

✔ Styrke satsinga på heimebasert omsorg og omsorgsbustader

✔ Samordne og utvikle betre tenester innanfor rus og psyki-atri

✔ Bygge fleire bustader for ut-leige og sosiale bustadføremål

✔ Få på plass gode dagsentertil-bod - også for demente

✔ Styrke folkehelsearbeidet - tet-tare samarbeid med idrettsliv, bygdelag og frivillige organ-isasjonar

✔ Styrke Nordfjord sjukehus med nye tenester og meir aktivitet

Ein god stad å vekse opp Eid skal vere ein stad det er godt å vekse opp for born og unge. Ven-stre vil halde fram og styrke sat-singa på kvalitet i skulen, og løfte ungdommen i Eid sterkare fram.

Eid Venstre vil: ✔ Prioritere kvalitet i skulen. Auke

ressursane til lærartimar på skulane

✔ Legge til rette for etter- og vidareutdanning av lærarar

✔ Utvikle vidare tilbodet i kultur-skulen

✔ Legge betre til rette for frivillige lag og organisasjonar - særleg for born og unge

✔ Bygge ny, stor fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule. Nytte høva

det gir til å styrke idrettstilbo-det til born og unge i heile Eid

✔ Fleire gode møteplassar for ungdom - gjere "Gymmen" tilgjengeleg for ungdom på ettermiddag/kveld

✔ Styrke satsinga på helsestasjon for ungdom

✔ Opprette fleire lærlingeplassar i Eid kommune

✔ Fleire sommarjobbar for un-gdom gjennom samarbeid næringsliv/kommune

✔ Vidareføre røysterett for 16-åringar og prøve ut "Ung-dommens kommunestyre"

✔ Innføre ein «Familiepakke» for Eid med utvida tilbod til småbarnsfamiliar

Med Eid inn i framtida.

Nyskaping og grøn vekst Venstre vil halde fram den sterke satsinga dei siste åra på å legge til rette for ny bustadbygging, nye bedrifter og arbeidsplassar.

Eid Venstre vil: ✔ Ha byggeklare tomter i alle

krinsar. ✔ Utbygging av nye bustadfelt på

Nordfjordeid og Stårheim i 2016 - deretter kommunalt bustad-felt på Hjelle

✔ Klargjere fleire nye nærings- areal og næringsbygg for bedriftsetableringar

✔ Tettare oppfølging av gründerar ✔ Samarbeide med landbruks-

næringa i Eid om å utvikle land-bruket som vekstnæring

✔ Få på plass samla plan for fiber- og breibandsutbygging i Eid

✔ Gjere Eid til føregangskom-mune på energi, klima og grønt næringsliv

✔ Belønne miljøvennlig bygging/oppgradering av bustader

✔ Bygge gang- og sykkelveg på Stårheim raskast mulig etter Hjelle-Nor bru og legge betre til rette for sykling i sentrum.

✔ Arbeide for å få bygd manglan-de sykkelveg mellom Skårhaug og Haugen. På sikt samanhen-gande gang- og sykkelveg frå Kjølsdalen til Hornindalsvatnet

✔ Satse på vidare utvikling av Nordfjordeid som attraktiv tettstad og handels-/ reiselivsmål

✔ Realisere Sagastad

Ein sterkare region Venstre vil arbeide for ein sterkare samla region i Nordfjord, der vi står saman for vekst, utvikling og nye arbeidsplassar.

Eid Venstre vil: ✔ Byggje Nordfjordbrua Anda-

Lote. Få plangrunnlag og nødv-endige vedtak på plass i komande periode

✔ Stø opp om planane om bru- kryssing av Voldsfjorden (ferje-avløysing Volda-Folkestad)

✔ Arbeide for etablering av minst 100 nye statlege arbeidsplas-sar i Nordfjord innan 2020

✔ Styrke Eid vidaregåande skule som utdanningssenter, med sterkt samarbeid kommune/vidaregåande skule

✔ Betre busstilbodet i Nordfjord. Mål om "timesekspress" aust/vest og nord/sør

✔ Vidareutvikle Nordfjord Vekst til eit felles selskap for næringsutvikling i Nordfjord.

✔ Sikre sterkt nærpoliti og lens-mannskontor på Eid

✔ Arbeide for eit samla Nordfjord i den varsla kommunereforma