bokn bygdablad · slikk gjekk det – s. 3 helse i kvart kast – s. 4 ny trusopplæringspedagog...

20
Helse i kvart kast – s. 4 Slikk gjekk det – s. 3 Ny trusopplæringspedagog – s. 7 www.bygdabladet.no Bokn Bygdablad Nr. 7 september 2011 – Årg. 26

Upload: others

Post on 08-Feb-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • Helse i kvart kast – s. 4 Slikk gjekk det – s. 3 Ny trusopplæringspedagog – s. 7

    www.bygdabladet.no

    Bokn BygdabladNr. 7 september 2011 – Årg. 26

  • 2 2

    Kjære sambygding Kommune- og fylkestingsvalet 2011 Etter dei tragiske hendingane 22.juli var me spente på i kva grad veljarane ville bli mobi-liserte til kommune- og fylkestingsvalet. Frammøtet var litt betre enn tidlegare, men ikkje så bra som mange hadde håpa. Positivt er det likevel at ein negativ trend er snudd. På landsbasis var frammøtet på 63,8 %. Bokn var langt betre med 73, 2 %, ein fram-gang på 4 %. Av 623 røysteføre, møtte 456 på Boknatun valdagen, mens 66 hadde føre-handsrøysta. Etter at alle tala var summer-te, blei tre jamstore og eit lite parti repre-senterte i kommunestyret. Som i alle andre kommunar var det også i Bokn hektisk aktivitet og samtalar mellom ulike parti i dagane etter valet. Etterkvart falt brikkene på plass. Posisjonar blei fordel-te, mange blei fornøyde, andre blei skuffa. Uansett håpar, og trur eg, at ein samlar den politiske viljen og energien etter konstituer-inga i oktober og ser framover. Det nye kommunestyret er samansett av vel kvalifi-serte og engasjerte politikarar innstilte på krafttak for boknafelleskapet. Kommunale avgifter

    Dei siste åra har forfallsdato på kommunale avgifter vore den 30.04 for 1.termin og den 31.10 for 2.termin. På grunn av ei omleg-ging av faktureringa og problem med ein ekstern tenesteleverandør, blir det for 2011 sendt ut tre rekningar. Dette har tidlegare blitt varsla i Bokn Bygdablad. Rekninga som blei sendt ut i august var for 1. termin 2011. Rekninga for 2.termin 2011 kjem i november. Økonomiavdelinga reknar med at dei ordinære forfallsdatoane (30.04. og 31.10.) vil bli haldne når problema med ekstern leverandør er løyste. TV-aksjonen 2011 TV-aksjonen går i år til Norsk Folkehjelp og deira arbeid med å rydda miner og klasevå-pen i ei rekke land i Afrika, Asia, Europa og Midt-Austen. I tillegg skal delar av dei inn-samla midla gå til opptrening av minehundar i Norsk folkehjelp sitt eige globale trenings-senter i Bosnia-Hercegovina. Norsk Folke-hjelp er allereie ei av verdas største humani-tære organisasjonar innan minerydding.

    Kvar dag blir uskuldige menneske drepne og lemlesta av attliggjande miner og klase-bomber. Norsk folkehjelp skal bruka penga-ne frå TV-aksjonen i sju land med mineprob-

    lem i Asia, Afrika og Europa. I alle landa skal dei innsamla midla bli brukte til konkrete mineryddingsprosjekt. Fjerning av miner og klasevåpen vil skapa tryggleik som opnar for gjenreising og utvik-ling av område som lenge har vore avsteng-de på grunn av trusselen frå eksplosiva. Norsk folkehjelp har gitt TV-aksjonen 2011 slagordet ”Fra frykt til trygghet”. Det er kringkastingssjefen som formelt tildelar TV-aksjonen etter tilråding frå NRK sitt innsam-lingsråd. I alt 10 organisasjonar søkte om å få tildelt TV-aksjonen for 2011. Norsk Folke-hjelp har fått TV-aksjonen to gonger tidliga-re, i 1983 og 1994. Bokn formannskap ynskjer å bidra og har løyvd kr. 22 per innbyggar, noko som utgjer totalt 18788 kroner til årets TV-aksjon. Eg vil oppmoda alle boknarar om å ta godt i mot bøssebærarane den 23. oktober og bi-dra med pengar til ei særs viktig sak. Ordføraren (Sjå også bakerst i bladet ang. TV-aksjonen - red.anm.)

    O RDFØRAREN RDET H A R

    Bokn Ap og Bokn H har etter årets kom-muneval underteikna ein forpliktande avtale for kommande fireårsperiode. Samarbeidsavtalen er på ei A4-side og går ut på å koma fram til semje mellom partia i fylgjande store og overordna saker for Bokn kommune:

    - Fleirbrukshall - Barnehage - Skule - Bustadtomter - Infrastruktur - Økonomi

    Ordførar og partileiar i Bokn Ap, Kyrre Lin-

    danger, seier til Bokn Bygdablad at Ap og H i Bokn har felles syn på store og viktige saker i kommunen, og at det for dei var meir na-turleg å gå inn i ein koalisjon med H enn med Sp, som i alle år har samarbeidt med Ap.

    - Ap vil ikkje eksludera Sp frå samarbeid, og kjem nok til å ha ulike standpunkt med H i enkeltsaker, men me ynskjer å finna fram til dei gode løysingane på dei store sakene som er viktige for oss, og her har Ap og H like utgangspunkt, seier Kyrre Lindanger, som nok kan sjå fram til fire nye år i ordførarsto-len.

    Samarbeidsavtalen fortel også at Ap får tre repr. i formannskapet (inkludert ordføraren).

    H får to repr. H får varaordføraren og tre repr. i forvalt-ningsstyret. Her får Ap to repr.

    Samtalar Det var H som tok kontakt med Ap i timane etter at valresultatet var klart om kvelden 12. september. Det første møtet hadde dei dagen etter valet,tysdag 13. september. 15. september signerte partia samarbeidsavta-len, og 19. september arbeidde dei fram ein samarbeidsplattform for dei kommande fire åra.

    Det høyrer med til historia at Bokn Sp også tok kontakt med Bokn Ap, dagen etter valet, men utan at det førte til møte mellom par-tia.

    Valteknisk og politisk samarbeid

    Jardar Havikbotn

    Deltakinga var akkurat lik som ved sist val. For to år sidan var 35% av dei røysteføre med på soknerådsvalet. Ved årets val sørga 209 personar for at deltakarprosenten blei den same også denne gong. Soknerådet tiltrer 1. november og skal sitja i fire år. Oversikt

    Soknerådsvalet

    Jardar Havikbotn

    Medlemmer Stemmer

    Anne Tove Øvrebø 299

    Reidar Alvestad 282

    Sonja Mikkelsen 250

    Sigrunn H. Hosaas 246

    Eivind Øvrebø 241

    Ragnhild Trosnavåg 233

    Varamedlemmer Stemmer

    Ingvild Håland 230

    Harry Vågshaug 211

    Einar Gulbrandsen 205

    Randi S. Are 204

    Heidi Aksdal 198

  • 3 3

    Kommunevalet 2011

    Jardar Havikbotn

    Kommunestyret 2011 - 2015

    Til høgre ser du eit bilde av kandidatkåringa av medlemmer til det nye kommunestyret, som skal ha konstituerande møte tysdag 18. oktober kl. 19.00 på Allrommet, Boknatun 2. etasje. Frammøteprosenten på 73,22% var 4% høgare enn ved valet i 2007. Det var 66 førehands-røyster. Prosentandel og mandat Bokn Ap fekk 34,9% av stemmene. Det er 1,5% meir enn ved førre kom-muneval. Same mandat-tal som sist. Bokn Sp går tilbake 5,5% til 29,6%. Dei mis-tar med det eitt mandat, til Bokn H. Bokn KrF går fram 2,6% til 7,9% av stemmene. Same mandattal som sist. Bokn H fekk 27,6% av stemmene, som også er ein framgang på 1,5%. Dei får også med eit mandat meir enn ved valet i 2007. Som du kan sjå av tabel-len, fordeler dei 17 kom-munestyremedlemmene seg slik: Bokn Ap: 6 mandat Bokn Sp: 5 mandat Bokn KrF: 1 mandat Bokn H: 5 mandat (”Antall slengere” i ta-bellen er namneover-føringar frå andre lister og ”Antall pers.stm” er dei kummuleringane (kryssa) ved dei ulike namna på stemme-seddelen.)

  • 4 4

    Konfirmant-gudsteneste

    Jardar Havikbotn 4. september var det presentasjon av kommande konfirmantar, 50– og 60 års konfirmantar under gudstenesta i Bokn kyrkje. Dei yngste konfirmantane var også med å visualisera preikenteksten den-ne dagen, frå venstre: Henry Faltin Våge, Joar K. Øvrebø, Simen Havikbotn, Julie Bokneberg, Ellen G. Johannessen, Sofie Rossebø og Torgils Hognaland. 50 års konformantar Bak frå venstre: Reidar Øvrebø, Jarle Larsen, Arvid Ragnar Sønde-land (delvis skjult), Anders Kro, Arne Oddvar Grønnestad, Sigmund Grønnestad (delvis skjult) og Sig-bjørn Dagfinn Ellingsen. Framme frå venstre: Liv Karin (Sæbø) Trosnavåg, Aud Oddbjørg (Helgeland) Ågesen og Margaret (Våge) Ellingsen. 60 års konfirmantar Frå venstre: Svein Øvrebø, Jens Berdines Økland og Leif Ragnvald Våge.

    Frå det gamle Roma til Bokn; om så i boblejakke!

    Tekst: Anne Askeland - foto: J. Havikbotn

    På Bokn skal det spelast boccia framover – om så i boblejakke og hanskar. Veret viste seg no likevel frå si beste side då ei gruppe boknarar møttest 29. september for å spela boccia oppe på løpebanen ved skulen. Fleire av dei frammøtte hadde ikkje spela boccia tidlegare, men etter berre få rundar kunne underteikna bekrefte høg grad av progresjon hjå dei alle.

    Olav G. Larsen gjekk av med sigeren og på andreplass kom Sigurd Johnny Svendsen.Det vart spela totalt 12 spel.

    Boccia er eit kulespel der målet er å kaste kuler og prøve å få desse til å koma nær-mast mogleg ein liten målball. Boccia er både sosialt og kjekt og passar for alle, uav-hengig av kondisjons - og funksjonsnivå.

    Har du lyst til å vita meir om dette tilta-ket kontakt folkehelsekoordinator Anne E. Askeland, tlf. 95945908, eller boccia-entusiast Sigurd J. Svendsen, tlf. 95168365.

    Foto: Ragna Alvestad

    Foto: Ragna Alvestad

    MED HELSE I KVART KAST, f.v: Peder Alvestad, Kjell Øvrebø, Annbjørn Sunde, Sigmund Alvestad, Sigurd J. Svendsen og Olav G. Larsen.

  • 5

    Kultur Lokalt Sport

    20. september var forfattar Lene Ask på skulen i anledning ”Hele Rogaland leser”. Boka hennar, teikneserieromanen "Hitler, Jesus og farfar" frå 2006 er plukka ut til prosjektet ”Hele Rogaland leser”, og interesserte lesarar kan få boka gratis på biblioteket. Biblioteksjef Linda Ognøy fortel til Bokn Bygdablad at Bokn har fått over 200 bøker, så det skulle vera nok til lesarar som er glad i ei teikneseriebok med humoristisk snert. Boka passar for både unge og vaksne. Allsidig Lene Ask er ikkje berre forfattar, men også fotograf og illustratør. "Hitler, Jesus og farfar" er debuten hennar som teikneserieskapar. Ho har gitt ut ein teikneserieroman til, og fortel meg at ho jobbar med den tredje. 37-åringen, som er frå Stavanger, men som bur i Oslo, var på skulen heile dagen og hadde ulike opplegg for klassane. Småskulen fekk til og med sjå og høyra den nye boka ”Jo og Jenny i svømmehallen”, som skulle lanserast dagen etter i Stavanger, for 60 barne-hagebarn. Ho vil laga ein serie med Jo og Jenny, der målgruppa er 3-6 år. - Ja, eg satsar på å gi ut bok nr. 2 til neste år, avsluttar ein smilande barne-bokforfattar.

    Forfattarbesøk

    Jardar Havikbotn

    HELE ROGALAND LESER

    Det er fjerde året på rad prosjektet "Hele Rogaland leser" inviterer fylket til eit felles leseprosjekt. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sølvberget, Sta-vanger kulturhus, Rogaland fylkeskom-mune, LO Rogaland og Næringsfore-ningen i Stavanger-regionen. Lene Ask si bok "Hitler, Jesus og far-far" blei plukka ut til årets prosjekt.

    Juryen meiner boka har mulegheit til å nå eit stort publikum, har litterære kvalitetar, samtidig som ho tar opp aktuelle og viktige spørsmål. Ung-domsrepresentant, jurymedlem og superlesar, Eva Elana Saltvedt, seier at boka dessutan er underhaldane og estetisk fin. - Boka inneheld fleire morosame mo-ment som eg trur både unge og vaksne vil kosa seg med.

    Lene Ask blei i 2006 kåra til landets beste teikeseriedebutant, og fekk den anerkjende Sproingprisen for nettopp debuten "Hitler, Jesus og farfar".

    Boka kan absolutt anbefalast! Lene Ask med den nye boka si, ”Jo og Jenny i svømmehallen”, dagen før lanseringa.

    Sett av 19. des.

    Jardar Havikbotn Då inviterer Anne Tove Øvrebø til julekonsert i Bokn kyrkje med Roger Handeland m/band. Bokna-koret skal også vera med. Den travle kulturskulerektoren er ein av vokalistane i bandet, og fortel til Bokn Bygdablad at dei lagar juleplate i desse dagar, og du vil heilt sikkert få høyra musikk frå plata på julekonser-ten. I tillegg blir det anna julemusikk, også med allsong-faktor. Bandet, som har sitt utspring i ”Team Hanne” frå ”Det store korslaget”, skal spela kvar fredag og laurdag frå mid-ten av november og fram til jul. Inn imellom å vera Julebord-band på By-scenen i Haugesund, vil dei halda jule-konsertar rundt omkring på Haugalan-

    det. ”Syng med oss” Det blir også ”Syng med oss” i Audito-riet 6. november. Her vil også Anne Tove sitt kor medverka, saman med

    Barnekoret, som også var med sist Bokn Sanitetsforening arrangerte den-ne songstunda. Songglade boknarar må også setta av denne datoen.

    Boknakoret (th.) var med på mange songar då Roger Handeland m/band hadde kon-sert i gymsalen 21. mai i år. Det skal dei også vera i kyrkja måndag 19. desember.

  • 6

    Janne Elin Vatnaland vann sin klasse i Oslo Maraton 25. septem-ber.

    Boknaren var suveren i klassen damer 18-22 år. Kanontida på 3 timar, 18 minuttar og 23 sekundar, som gir ein snittfart på 12,76 km/t, var 15, 16 mi-nuttar framfor nr. to. Ikkje nok med det, 19-åringen kom med den tida på 15. plass av 339 damer, og 230. plass av alle dei 1792 som fullførte Oslo Ma-raton 2011. I resultatlistene står ho utan klubb/sponsor.

    I "Kjekt på Bokn"-skjorte blei tida for-betra med over 11. minutt frå fjorårets maraton i hovudstaden, noko som må vera kjempemotiverande og eit flott utgangspunkt for New York Marathon i november. Bokn Bygdablad gratulerer med den store prestasjonen, og ønsker lukke til i New York!

    Også fornøgd Den andre boknaren som deltar på lange løp rundt omkring, Celina Bokneberg, sprang halvmaraton i Landsby-løpet på Randaberg 17. sep-tember. Ho fortel om ei utruleg flott løype, langs mykje sjø.

    Det var andre gong ho fullførte ein halvmaraton, og tida 1.47.22 var nokre sekundar betre enn i Haugesund 28. mai, og heldt til fjerdeplass av 16

    damer. Men då hadde ho klart å springa litt feil, og ho hadde vore to-tre minutt raskare om det ikkje hadde skjedd. Me gratulerer!

    Kjempeprestasjon!

    Tekst: Jardar Havikbotn - foto: Elise Brændhaugen Bua

    SKEISVANG-RUSS 2010 PÅ STARTSTREKEN I OSLO MARATON 2011: Fv. Morten Øy-garden (3:47), Tor Christian Meling (3:55), Janne Elin Vatnaland (3:18), Martin Nes-se (3:44) og Nils Haktor Bua (3:50).

    Lørdag 3. september arrangerte Pluggen Motorklubb den tredje runden av totalt fire i Rogalands-runden. Her deltok det over 60 del-takere fra seks forskjellige klubber i Rogaland.

    De fra 5 til 10 år fikk kjøre oppvisning, og alle fikk pokal som bevis for at de hadde kjørt. Her deltok Stian Øvrebø og Endre Øvrebø fra arrangørklubben. I Rekruttklassen deltok Kristian H. Kristiansen og fikk ein 4. Plass. Sverre Trosnavåg kjørte i RD-klassen og tok 6. plassen der. I D-klassen stilte to lokale håp, og her blei det hjemme-seier til Sander Jøsang med Bjørn Ove Jøsang på ein solid 4. plass.

    I Kiosken var det salg av grillet laks, hjemmebakt, is, kaffi, brus med mer. Rundt 30 personer stod ute i løypene som seksjonsdommere og klippere. Dette er viktige personer, for uten dis-se kan vi ikke arrangere løp. Vi vil takke alle som stilte opp denne lørdagen, både dugnadsfolk og publi-kum.

    Sammenlagt Pluggen MK har hatt deltakere på alle fire rundene: Karmøy, Randaberg, Bokn og Vaulali. Det har vært mange

    gode presentasjoner. Sander Jøsang fikk en flott 2. plass sammenlagt og Bjørn Ove Jøsang en fin 4. plass.

    NorgesCup Har også kjørt fire av seks runder i

    NorgesCupen. Bjørn Ove begynte med en flott seier på Karmøy i mai. Bjørn Ove, Sander, Kristian, Sverre og Mar-tin har alle vist god kjøring på Nor-gesCupene.

    Rogalandsrunde 3 i Trial

    Tekst: Ragnhild Trosnavåg - foto: Martin Trosnavåg

    Sander Jøsang vant D-klassen hjemme på Bokn 3. September, og Bokn Bygdablad gratulerer! Her er han i aksjon på Rogalandsrunde 4, Vaulali.

  • 7

    BOKNASPEIDARANE - SPEIDAR TIL SJØS

    Bokn Bygdablad for 20 år sidan

    FRÅ NR. 7 1991

    Fredag den 16. august la S/S ”ELIDA” ut frå Føresvik med 28 speidarar og 4 leia-rar om bord. Med Joh. 3,16. som rederi og seglmerke med 25 meter høg mast og 500 kvadratmeter seglflate og med passeleg ”sprøe” skipper og mannskap, måtte turen verta ein suksess. 25 meter høg mast – 25 meter høg bru over ”sundet” – kan nokon ha målt feil? Det gjekk godt. Sjølv om det var ein maskinist som koka, var maten topp. Og ”den åndelege føda” i bibeltime og samlingar var ikkje dårlegare. Og du verden, då alle segl var heiste og kulingen frå NV gav fart opptil 9 knop, då trur eg at det var ein (me skal ikkje nevna navn) som bestemte seg for å spørja Ragnhild om å få seg seglbåt.

    Det vart og tid til fisking (makrell – lyr – torsk – kvitling) og til bading (jentene bada mest – ingen leiarar bada) og grilling osv.

    Den første natta låg me på Halsne. Då sov muligens eit par av speidarane. Klokka fem om morgonen starta makrellfiske frå skipssida. Den andre natta var me fortøyd til eit bratt berg på ei aude øy. Då sov alle.

    Ein kjempekule tur var meininga til spei-darar og leiarar (untatt troppleiar som for det meste låg under dekk med 40 i fe-ber).

    Takk til dykk som støttar speidaren med forbøn og på praktisk måte, slik at borna og ungdommane våre kan få slike opple-vingar.

    Greta Skorpe Elverhaug begynte den 8. august i år i ein 70% stilling som kyrkjelydspedagog i Tysvær og Bokn. 20% av denne stillinga er avsett til arbeidet med trusopplæ-ring i Bokn sokn. Bokn sokn og sokna i Tysværkyrkja er saman om trusopplæringsarbeidet som går under namnet Kyrkjenær. Sjølv om det meste av det praktiske arbeidet i dei ulike årsklassane for Bokn sin del foregår her i kommunen, vil enkelte aktivitetar vera felles med Tysvær sokn eller samla saman med alle sokna i Tysvær. Førebuing og etterarbeid ut-fører Greta Skorpe Elverhaug på den faste kontorstaden sin der kyrkjeadmi-nistrasjonen i Tysvær held til. Trusopplæringa er for aldersklassane frå 0 til 18 år, sjølv om aldersgruppa 4 til 12 år er Greta Skorpe Elverhaug sine hovudgrupper i Bokn. Det er utar-beidd ein felles overordna plan for tru-sopplæringa i Bokn og Tysvær, medan kvart enkelt sokn har sin eigen lokale plan for kvart årstrinn. Invitasjon til dei enkelte aktivitetane og arrangementa i Kyrkjenær blir sendt ut frå medlemsregisteret i Den norske kyrkja. Dersom det er andre på same årstrinnet som ynskjer å delta,

    er dei velkomne til det! Som eksempel på tema for enkelte årstrinn som foregår på denne tida, kan nemnast at 7-åringane som har tema ”Takk for skaparverket” som var på Hausttakkefesten i kyrkja den 2. oktober. Den 12. og 13. november er Bibelen tema for 4-åringane. Då er det samling på lørdagen, og utdeling av barnebibel i kyrkja på sundagen. Slik er det ulike tema for dei ulike årsklas-sane året gjennom. Greta Skorpe Elverhaug er 41 år og kjem opprinneleg frå Karmøy. I 1995 busette ho og familien seg i Tysvær. Ho har arbeidd i mange år ved Førre skole, og eitt år ved Frakkagjerd bar-neskole. Ho har med seg mange gode erfaringar frå skulen, som ho vil ha god nytte av i arbeidet ho nå har gått inn i. I 2009/2010 hadde ho også eit vikariat i Førresfjorden menighet. Ho legg vekt på at arbeidet vil bli vari-ert i og med at ho skal ha ulike oppgå-ver i Bokn, Nedstrand og i Førresfjor-den. På dei to sistnemnde stadene skal ho ha hovudområde innafor barn og familie. Greta Skorpe Elverhaug har alt hatt god kontakt med folk i Bokn som ho etter kvart skal samarbeida meir med i det vidare arbeidet. Ho gledar seg til

    det, og kjenner at det er godt å skulle få arbeida i kyrkja. Ho veit at ho gjen-nom jobben vil møta mange flotte menneske, barn og vaksne, og det kjennest meiningsfullt å få vera med å formidla, dela tru og undring, kristne verdiar og fellesskap.

    Endeleg ny trusopplæringspedagog i Bokn

    Reidar Alvestad

    Greta Skorpe Elverhaug utanfor Aksdal kyrkje.

  • 8

    Eg seie meg så

    Birger Lindanger Ser

    ie

    1. ein kvednaknaur eit utriveleg vesen som budde i kverna, sist sett under kverna på Hognaland.

    2. ei påbretla noko ein breier på, t.d. eit stoppeteppe

    3. eit staffidl brukt i uttrykket ”An sto så eit staffidl” som tyder ”Han sto som eit anna staffe-li”. Det vil seia ein som var særs sta. Grunntydinga av staffidl er eigentleg

    4. vågsmad ein våg er ein lang staur som blir nytta til å vippa opp store steinar. Vågemad er ein mindre stein som blir lagt under stauren or å få moment til å vippa opp den større steinen.

    5. å vera lagabrende kjøt eller fisk som har fått for lite salt på seg i laken og difor blir øydelagt.

    6. eit snotthodn ein sur og vanskeleg person

    7. å vera tioge fin og rask, i godt hald, t.d. om fisk

    8. dillene tauverk mellom hesten og reiskapen, t.d. for å dra ei harv.

    9. ei hegla ein ring til å tre børetauet gjennom, t.d. då ein bar høy inn på ryggen.

    10. ei mokstreloga ei luke ein måka kumøkka gjennom

    Resultatlista denne gongen var då fylgjande:

    Dagsenteret Ni av ti Andor Borgenvik Åtte av ti Sjukestova Seks av ti Som me ser, var dei gamle eldst også denne gongen. Nå må dei unge ta seg saman!

    Dagsenteret slår til igjen! Denne gongen serverte me nokre særs utfordrande uttrykk. Med tanke på kor vanskeleg denne runden var, er redaksjonen djupt imponert over i kor stor grad deltakarane i konkurransen likevel var i stand til å finna rette svar. Særleg imponert er me for Dagsenteret som jamvel visste å fortelja kven kvednaknauren var for ein.

    Eldre boknarar fortel at då dei var små, hende dei blei skræmde med kvednaknauren. Det var eit utyske som budde under kverna, og som gjorde fant med dei som låg og mol korn. Mellom anna kunne dei få steinane til å skjæra seg. Eit ”normalisert” namn på kvednaknauren, er ”kvernknurr”. Elles var det moro å sjå at relativt unge folk veit kva dille-ne og vågsmad var.

    MÅNADENS UTTRYKK

    Kva betyr… 1. håttalause 2. å vera klagje 3. å vera kòve 4. å oga 5. å sampa seg 6. idle 7. ein sobeleist 8. sådel 9. å ågra på 10. å fly (i fiske)

    Forslag til forklaringar kan leverast Bokn Bygdablad innan 15. oktober. Skriv då ned nr. med forklaringa bak.

    Du kan senda inn på fleire måtar:

    MAIL [email protected]

    SMS 98 22 15 08

    BREV Bokn Bygdablad Boknatun 5561 Bokn

    Så forklaringa til dei førre uttrykka:

    Om det ikkje blei full pott denne gongen, er det like-vel ingen grunn til å for-tvila. Det er det samla resultatet som tel.

    Er "sådel" det sama som eit lite hus, det såkalla "litlahuset"?

    Teikning: BL

  • 9

    Gratulerer!

    Send bilde og tekst til [email protected] eller MMS til 98 22 15 08

    Line Øvrebø 3 år, 27. september Gratulerer med dagen! Endelig er det din tur, du har ventet lenge på det. Hilsen Sofie, Stian, pappa og mamma

    Ida Havikbotn 12 år, 7. oktober Gratulera så mye med dagen! Klem fra Simen, mor, far og bestemor

    Karoline Hammer 1 år, 22. september Me vil gratulere den lille solstrålå vår med ettårsdagen. Klem fra mormor og morfar. Casper hilser også ;)

    Eiril W. Lie 5 år, 19. september Hipp hurra for vår lille prinsesse! Gratulerer så masse med femårsdagen din. Kjempemasse glad i deg. Hilsen Hedda Amilde, pappa og mamma

    Torgils Hognaland 14 år, 15. sept. Gratulerer så masse med fjortis dagen din ;) Masse hilsener frå mamma, pappa og Malena

    Ingvild Våge 30 år, 14. september Jeg vil så gjerne få gratulera mi gode venninne så kjempemye med 30 års dagen. Hipp Hipp Hurra! Glad i deg! Stor klem fra Irene

    Karianne Svendsen Sandnes 1 år, 11. okt. Gratulerer med ettårsdagen til vår alltids smilende godjente. Knip og kyss fra mamma og pappa

    Marielle Alvestad 5 år, 2. september Gratulerer så masse med dagen som var, kjære go´jenta vår.

    Masse glad i deg. Klem fra storebror William, mamma og pappa :)

    Karoline Hammer 1 år, 22. september Gratulera så masse med dagen din, lille venn:) Klemmar fra tante, Adrian, Martine og Noah

    Noah Hesthammer 3 år, 5. september Sende ein forsinka gratulasjon te go' gut-ten vår. Klem Adrian, Martine, mamma og pappa

    Omsetning av eigedomar

    i Bokn kommune

    Gnr 9, bnr 14, seksjon 10 er solgt for kr 835.000 fra Bygg og Kaianlegg as til Frank Bloch Sandved (17.08.2011)

    Gnr 19, bnr 76 er overdradd for kr 5.000 fra Torleif Jøsang til Trygve Rasmussen

    (29.08.2011)

    Kjelde: Statens kartverk

    Gnr 9, bnr 14, seksjon 3 er solgt for kr 950.000 fra Bygg og Kaianlegg as til Kvc Invest as (17.08.2011)

    Gnr 11, bnr 54 er solgt for kr 380.000 fra Mag-ne Alvestad til Daghild Alvestad (16.08.2011)

    Fra barnemunn: Vitaminer er egentlig lus som de lager tabletter av i en presse. Så setter de til orange farge og gir dem til barn. Lus du lissom! Har jeg hatt tabletter i håret da? Er det det du prøver å innbille deg? Fordøyelse er noe man gjør i fordøyelsesparker.

    Kilde: Internett

  • 10

    Oktober 09. Bingo kl. 16.00, arr. Bokn musikkorps 10. Bibellesing på bedehuset kl. 19.00 13. Møte i Bokn senior/brukarråd kl. 18.00 14. Kino i Auditoriet 16. Gudsteneste kl. 11.00 20. Kontaktmøte på bedehuset kl. 18.00 21. Basar på skulen kl. 10.00, til inntekt for TV- aksjonen 2011 22. Auksjon kl. 11.00, arr. Bokn musikkorps 23. ABR-senteret har møte på bedehuset kl. 19.00 24. Bibellesing på bedehuset kl. 19.00 26. Soknerådsmøte, Bokn bedehus kl. 19.00 27. Bokn Pensjonistforening har møte i Allrommet, Bokna tun kl. 17.30 28. Kino i Auditoriet 30. Familiespeiding i Loden, hummarfiske. Oppmøte: kai ved Svein Ove November 04. Kulturkveld på bedehuset kl. 19.00 06. Gudsteneste kl. 11.00, Allehelgenssundag 06. Familiemøte på bedehuset kl. 16.30 06. ”Syng med oss” i Auditoriet, med Barnekoret og Boknakoret - arr. Bokn Sanitetsforening 07. Bibellesing på bedehuset kl. 19.00 11. Kino i Auditoriet

    13. Gudsteneste kl. 15.00, Fireårsbok 13. Bingo kl. 18.30, arr. Bokn musikkorps 17. Soknerådsmøte, Bokn bedehus kl. 19.00 19. NMS har misjonsmesse på Soknahuset i Tysværvåg kl. 11.00 20. NMS har møte på bedehuset kl. 19.00 21. Bibellesing på bedehuset kl. 19.00 24. Bokn Pensjonistforening har møte i Allrommet, Bokna tun kl. 17.30 25. Kino i Auditoriet 27. Gudsteneste kl. 18.00, Lysmesse/speidarane Desember 06. Grautfest på skulen kl. 18.00 for heile speidaren 08. Soknerådsmøte, Bokn bedehus kl. 19.00 09. Kino i Auditoriet 11. Gudsteneste kl. 11.00 11. Luciafest kl. 18.30, arr. Bokn musikkorps 18. Juletrefest på bedehuset kl. 15.00 - arr. Sundags- skulen og familiespeidaren 19. Julekonsert i Bokn kyrkje 24. Gudsteneste kl. 14.00 26. Gudsteneste kl. 11.00 28. Juletrefest på bedehuset kl. 18.00 - arr. Bedehus- styret og frelsesarmeen 31. Gudsteneste kl. 16.00

    Kulturkalenderen Endringar og nye arr. er utheva.

    Sak 044/11 Søknad om dekning av merforbruk - Bokn Sokneråd. Formannskapet vedtok: det blei vedtatt at soknerådet får dekka meirutgiftene til bygging av bårehus på kr. 70.165,-. Beløpet vert dekka av reservert løyving. Sak 047/11 Midler til utarbeiding av ny tomtedelings-plan i Knarholmen. Formannskapet vedtok: I samband med at det skal lagast tomtedelingsplan for næringsområdet i Knarholmen, løyver formannskapet kr 50.000,- frå næringsfondet til arbeidet. Sak 049/11 Søknad om tilskott frå næringsfond. Formannskapet vedtok: å stetta søknaden med 50.000,-. Sak 050/11 Søknad om støtte frå næringsfondet. Formannskapet vedtok: å stetta søknaden med 30.000,-. Sak 051/11 TV-Aksjonen 2011 – Norsk Folkehjelp – støtte frå Bokn kommune. Formannskapet vedtok: vedtok støtte frå Bokn kommune

    til TV-aksjonen 2011 med kr 22,- pr innbyggjar pr. 01.07.2011, dvs. kr 854 personar.

    Sak 034/11 Gnr 9 bnr 12 Ingjerd Ellingsen/Augustin Thuestad - utlegging av utriggar.

    Forvaltningsstyret vedtok: det blei vedtatt å ikkje god-kjenna utlegging av omsøkt utriggar. Forvaltingsstyret ser ikkje at ein kan taka opp saka på nytt før oppsitjarane har arbeid ut samla plan for det indre hamneområdet i Føresvik

    Sak 035/11 Søknad om frådeling av tomt til gardshus, gnr. 3 bnr. 12.

    Forvaltningsstyret vedtok: Forvaltingsstyret gjev etter § 12 i jordlova samtykke til at bebygd parsell på gnr. 3 bnr. 12 blir frådelt.

    Sak 036/11 Meldingssaker. Forvaltningsstyret vedtok: Meldingssakene blei tatt til etterretning.

    Formannskapsmøte 6. september

    Forvaltningsstyremøte 13. september

    Formannskap Forvaltningsstyre

  • 11

    Ordet fritt

    Spørsmålet stilles på bakgrunn av par-tier som blir skvist ut, eller blir slukt av tverrpolitisk samarbeid uansett valgre-sultat. I regjeringssamarbeidet har for ek-sempel SV smertelig fått erfare at de-res politiske saker har druknet i iveren i å komme til makt. Nå har egne vel-gere snudd ryggen til, som vi ser av valgresultatet. I forrige valg på Karmøy førte tverrpo-litisk samarbeid til at det partiet som faktisk var suverent størst i valget, ikke fikk ordførervervet. Skal ikke si noe om hva som var fornuftig, men folkets vilje ble faktisk undergravd. Etter dette kommunevalget leser jeg i nettutgaven av Bokn Bygdablad at det

    foregår samtaler på kryss og tvers mellom partiene. Når jeg i tillegg ikke står fritt til å velge parti, i mangel av lister for SV, FrP, Kystpartiet eller hva det måtte være, stiller jeg spørsmålet om det er riktig med partilister ved lokalvalg i Bokn. Mener at direkte valg av ordfører og bygdeliste er nærmere det folk i realiteten gjør ved kommune-valget. Er det for eksempel riktig at lokale partiprogrammer, med mer eller mind-re fornuftige/gjennomførbare saker, skal avgjøre om jeg ønsker den ene eller andre som ordfører? Ordføreren skal uansett gjøre en best mulig jobb for Bokn kommunes innbyggere. Vet av egen erfaring at ting i livet for-

    andrer seg fort, og at en i etterpåklok-skap forstår hvor kortsiktig en tenker. Tror at det ofte er andre faktorer enn politikken som avgjør hvor stemmene går, som egeninteresser, yrke, alder, familiesituasjon, helse, personlig kjennskap og vennskap, dessverre også postadressen, osv. Eventuelle samarbeider tverrpolitisk på Bokn må jo medføre at en del kameler må svelges, med eller mot hårene. Stikkord kan være kommunesam-menslåing, Rogfast, skole/barnehage/idrettshall, ungdomspolitikk, nærings-politikk, etc. All respekt til lokalpolitikerne. Lykke til!

    Fungerer demokratiet lokalt/nasjonalt?

    Trond Vatnaland

    Senterpartiet i Bokn vil gjerne takke alle velgere for god støtte i kommune-valget, og vil fortsette å jobbe mot gode løsninger. Dette forutsetter at man gjør grundige utredelser på alle områder før en satsing, og dermed også vurderer alle aktuelle alternativ for å komme fram til en best mulig løs-ning. Ap har valgt å samarbeide med Høyre. Alle partiene er enige om at Bokn kommer til å bli en attraktiv kommune for egne innbyggere og innflyttere etter hvert som Rogfast kommer på plass. Senterpartiet foreslo utvidelse av bar-nehagen i begynnelsen av inne-værende periode uten å få gjennom-slag for dette. I dag har dette blitt en av de viktigeste sakene i Bokn. Nå ser man at skolen er i samme situasjon, og vi mener derfor det er riktig med en utredelse for ny skole. I områdene rundt oss blir skoler på samme alder erstattes med nybygg fordi det blir sett på som mer økonomisk i forhold til de høye driftskostnadene på eldre bygg. Det er tverrpolitisk enighet om å bygge en flerbrukshall. Et faktum er at en samlokalisering med skole og hall i et bygg vil gi stor gevinst, både drifts-messig og kostnadsmessig. Dette er en løsning ansvarlige politikere må utrede grundigere for før man bestemmer seg.

    En samlokalisering med hall og skole vil utløse store spillemidler i finansie-ring av bygget, - i praksis en tredjedel av alle rom som bygges etter retnings-linjer for tildeling av spillemidler. Hallen skal bygges nå og kan gi store tilskudd til en ny skole om de prosjek-teres sammen. Bygges hallen alene forspilles sjansene for å få en tredjedel av en ny skole gratis. Når man i tillegg kan holde disse kost-nadene innenfor en felles administra-sjon ved å ha skole og hall i en bygning, vil man kunne spare inn betydelig på driftskostnadene i fram-tiden. Senterpartiet vil bygge en ny skole med flerbrukshall på Fyren hvor det er god plass. Sentralt i forhold til planlag-te nye byggefelt, og tilnærmet lik av-stand for skoleelever fra Føresvik, Austre-Bokn og Alvestad. Her kan man utnytte varme fra sjøen til oppvar-ming, noe som er både miljøvennlig, økonomisk og i samsvar med kommu-nens klimaplan som er enstemmig vedtatt. Lokaliseringen er likevel diskuterbar og ikke hovedpoenget. Resultatet av dette er mye frigitt bygningsmasse: Kulturhus, førskole-avdeling og flytting av administrasjo-nen som igjen frigir arealer på Bokna-tun til Samhandlingsreformen er bare noen av de mange mulighetene dette gir. En slik løsning med skole og hall kan

    bli krevende å få til, og det kan være lett for politikere å velge minste mot-stands vei. Avkjørselen fra E39 er like-vel et eksempel på en sak som Sp sammen med Høyre fikk gjennom når andre ville gi opp og ikke lenger trodde det var mulig. Mange politikere innrømmer at presset om kommunesammenslåing blir stadig større. Med Høyre som den desidert store vinneren på landsbasis vil kommunesammenslåing igjen bli et hett tema i gangene. Om vi vil fortset-te som egen kommune må vi satse og investere deretter. Saken står i fare for å bli et eksem-pel på kortsiktig politikk hvor man bruker litt penger av gangen og utgiftene til slutt blir dobbelt så store fordi man ikke har evne til å tenke langsiktig og helhetlig.

    Bokn Senterparti

    Har Senterpartiet tatt feil?

  • 12

    Norsk Bibliotekforening (NBF) er gjort kjent med at biblioteket i Bokn fra 12.9 reduserer sine åpningstider. Dette er etter vår mening ikke veien å gå.

    I en tid der det fokuseres på lesing og språkutvikling er det viktig at biblio-tekene styrkes for å kunne bidra til en ønskelig utvikling i kommunen. Det gjelder både skole- og folkebiblio-tekvirksomheten.

    Norsk Bibliotekforening ønsker å peke på at folkebibliotekets kjerne er ikke

    materialet. Kjernen utgjøres av kom-petent personale som har handlings-rom til å drive formidling. Bibliotekets rolle som samfunnsaktør bør ikke undervurderes: Barn og unge under utdanning får innføring i kilde-kritikk og øver opp informasjonskom-petanse. Voksne får hjelp til å gjen-nomføre deltidsstudier og etterutdan-ning. Seniorer får introduksjon til PC/internett og klarer å ivareta sine de-mokratiske rettigheter i et digitalt samfunn. Satsing på bibliotek er å støtte oppunder livslang læring og

    lokalt nærings-/samfunnsliv - for de kommunene som velger å legge vekt på kunnskap. Vi håper dere som folkevalgte i Bokn kommune fortsatt vil satse på framtida og utvide åpningstidene ved Bokn bib-liotek.

    Med beste hilsen

    Svein Arne Tinnesand

    Ope brev til politikarane frå Norsk Bibliotekforening:

    Sats på framtida

    - Kvifor har ikkje kommunen råd til å senda ut lappar i postkassane til folk når vassleidningsnettet skal spylast, når dei har råd til å legga på 700 kr. i halvåret på kommu-nale avgifter?

    Dette spørsmålet kjem frå ein som

    ikkje fekk med seg at vassleid-ningsnettet skulle spylast, men som fekk ”skittvatn” i vaskemaskinen då kvitvasken skulle utførast.

    Det er ikkje alle som er på internett eller ser på oppslagstavla ved Coop Marked Bokn. Spylinga var heller ikkje

    annonsert i augustnr. av Bokn Bygda-blad, pga. ei mistyding. Men alle husstandane i Bokn er ikkje abonnentar på Bokn Bygdablad, og innringaren minner om at den einaste måten å informera samtlege inn-byggjarar på er å senda ut lappar i postkassane.

    Ein boknar har ringt inn dette spørsmålet:

    - Har ikkje kommunen råd?

    I oppfinnsomhetens ånd arranger-te vi Cupcakekonkurranse på Petra Fritidsklubb fredag 23. september.

    Det gikk ut på at ungdommen parvis eller hver for seg fikk pynte muffins som undertegnede og noen kjekke jen-ter hadde laget tidligere på kvelden. Inne på bakrommet bugnet det med godsaker og dekoreringsutstyr til ung-dommenes disposisjon.

    Vi stilte med tre kategorier: - den søteste - den morsomste - den mest orginale

    Alle tre kategoriene ble premiert.

    Med 21 påmeldte (13 jenter og 8 gut-ter) og 63 pyntede muffins anslår vi kvelden og arrangementet for å ha vært en suksess.

    Vinnerene av de ulike kategoriene ble: - Den søteste: Benedicte M og Maria

    B med sin ”Hello, Kitty!”-cupcake. - Den morsomste: Amalie, Marita og

    Mari med sin ”Pusur”-cupcake. - Den mest orginale: Annelin og

    Isein med sin eh, søppeldynge-monster-kreasjons-cupcake.

    Det ble en trivelig og veldig søt kveld!:)

    Cupcakekonkurranse på Petra

    Turid Askeland

    Boknakryss!

    På neste side kan kryssord-entusiastar prøva seg på eitt av beste heimelaga sort.

    Løysinga kjem i neste blad.

    Lukke til!

    Den søteste Den mest originale

    Den morsomste

  • 13

  • 14

    Kommunal info Lokalt

    Hugs - gratis juridisk hjelp i servicetorget

    Gro Sørensen

    Du kan få gratis juridisk hjelp i servicetorget også hausten 2011.

    Utover hausten blir dette desse onsda-gane kl. 13.30 - 15.30:

    12. oktober 16. november 14. desember

    Tenesta er uavhengig av inntekt og formue og du kan nytte deg av ord-ninga fleire gonger pr. år. Det er

    advokatfrima Vik Vestly AS som gir advokattenester og målet er at inn-byggjarar i Bokn skal få hjelp til å løyse enkle juridiske problem på ein rask og effektiv måte, utan å måtte oppsøkje advokatkontor. Advokaten har inga tilknytning til kommunen. Vil du nytta deg av ordninga - ring servicetorget på tlf. 52752500 el-ler send ein e-post til [email protected]

    Ledige kommunale bustadar

    Bokn kommune har for utleige: - 1 kommunal bustad i Føresvik, som er ledig omgåande. - 1 ungdomsbustad på Austre Bokn, som er ledig frå 1. nov. 2011 Søknadsfrist på ungdom-sbustaden blir sett til 15. oktober 2011 For spørsmål i høve bustadane, kan ein venda seg til Tore Bøe Olsen, tlf. 52 75 25 34

    Informasjon fra legekontoret

    Grunnet ferieavvikling og kurs steng-er legekontoret følgende datoer høs-ten 2011: • Mandag 10/10 - fredag 14/10 (vi er vikar på Hegren) • Fredag 21/10 (kurs) • Fredag 28/10 (kurs) • Tirsdag 1/11 - onsdag 2/11 (kurs) • Mandag 7/11 - fredag 25/11 (ferie) Som vanlig er Hegren Legesenter i Aksdal vikar de dagene vi har stengt og det er mulig å få time der ved be-hov. Men spesielt før vi stenger uke 45-47 anbefales våre pasienter få ordnet alt som kan ordnes, resepter, rutineprøver osv. slik at Hegren pri-mært benyttes til akutte tilstander. Uke 41 er vi vikar på Hegren legesen-ter og alle våre pasienter får time der ved behov. (Dette er del av vår gode gjensidige vikarordning der vi er på Hegren 1 uke hvert halvår). Du kan ringe Bokn Legevakt 52 74 85 22 hele døgnet om du ikke når fram på legekontoret vårt el-ler hos vikar. AMK på sykehuset besvarer legevakttelefonen og formidler kontakt med dr Rønne-vik eller hans vikar.

    Fjernsynsserien Norskekysten

    Sundag 4. september starta TV-serien på NRK1der det vil koma innslag frå Bokn i program nr. 8 (23. okt.). Bokn er med i program nr. 8. Dette blir sendt sundag 30. okto-ber og ikkje 23. oktober som tidlegare varsla. Det er TV-aksjonen 23. Oktober som er grunn til dette. 11. august i fjor blei det gjort opptak m.a. på Boknafjellet, Oksebåsen og i sjøhusmiljøet i Alvestadkroken.

    Me gler oss!

    Dag Lindebjerg intervjuar Jens Are om bord i M/S Arsbuen

    Kulturmidlar 2011

    Jardar Havikbotn

    Bokn formannskap fordelte i møte 6. september årets kulturmidlar. Aktivitetar for barn og unge, musikk og idrett med vekt på aktivitetsnivå, med-lemstal og årlege utgifter blei prioriterte.

    Kr. 150.000 blei fordelte slik: Samtlege søkjarar, bortsett frå Bokn båtforening og Bokn pensjonistforening, fekk det dei søkte om. Bokn båtforening fekk i år ein god auke i støtta si.

    § 7 - støtte til eit spesielt tiltak Søkarar:

    Bokn Røde Kors - Innkjøp av toalettvogn til ulike tilstelningar i kommunen Bokn skyttarlag - Aktivitetsdag på den nye skytebanen (innkjøp av leirduekastar)

    7-midlane gjekk til Bokn skyttarlag; aktivitetsdag på den nye skytebanen (innkjøp av leirduekastar)

    Oversikt:

    LAG/ORGANISASJON FORDELING 2011 FEKK 2010 Bokn barnekor 2.000 2.000 Bokn bedehus 2.500 2.500 Bokn båtforening 11.000 2.000 Bokn Gatebilklubb 6.000 10.000 Bokn historielag 1.500 1.500 Bokn idrettslag 50.000 43.000 Bokn KFUK/-M Speidarane 20.000 17.500 Bokn musikkorps 15.000 17.500 Bokn mållag 1.500 1.500 Bokn pensjonistforening 1.500 1.500 Bokn Røde Kors 20.000 15.000 Bokn skyttarlag 7.000 18.000 Bokn vevstove 2.000 2.000 Bokn skyttarlag 10.000 §7 - spesielt tiltak

  • 16

    Har du noko arbeid du skulle ha gjort, vedlikehald, vaktmeistertenester m.m.

    Spør oss!

    Tlf. 99 51 39 72 - 52 74 81 65

    Har du avlagde kler, sko og leiker?

    Kunne du tenkje deg å gi dei til eit godt føremål?

    Me har innsamling på Kyrkjebygd kulturhus, i Petra/Artep sine loka-le, kvar onsdag kl. 16-20.

    Du kan levere i berepose eller i bossekk, og alt må vere reint og heilt.

    For at det skal kome fram til dei som treng det, ber me om kr. 10,- for ein berepose, og kr. 50,- for ein bossekk.

    Vil du gjerne levere noko frå deg, men har ikkje moglegheit ein ons-dag? Ring ein av oss, så kan me avtale ei anna tid og dag.

    Innsamlinga er i samarbeid med THK-stiftinga på Karmøy - www.thk.no/

    Annette Bokneberg (91 32 82 58) og Elisabet Taraldlien (46 95 95 13)

    Annonser

    KFL bil og utleige Utleige av stillas frå 500 kr. veka Utvendig lakkrens av bil frå 2500 kr. Innvendig reingjering frå 500 kr. Skinnpleie frå 500 kr. Desinfisering av klimaanlegg 500 kr. Kjell Frode 907 83 797 John Magne 909 24 964 Epost: [email protected]

    * Noen få ledige plasser på ridekurs for barn/ungdom og voksne (nybegynnere og viderekomne).

    * Skole/fritidstilbud med hest/hestestell for aldersgruppen 8-14 år etter nærmere avtale.

    * Lørdagsrideleir 22. oktober og 12. november.

    * Tilrettelagt ridetilbud for personer med funksjonshemming mandager og onsdager (formiddag).

    * Klatretrening på innvendig klatrevegg for grupper.

    FOR MER INFORMASJON, SE www.kro-hest.no, tlf. 91120801 / 95114786 Kari Christensen / Olav G. Larsen

    Prøv ein annonse i Bokn Bygdablad

    KROVÅGEN HESTESENTER

    5561 Bokn - www.kro-hest.no

  • 17

    Utleige av minigraver 2500 kg

    Pris døgn kr. 1.000,- + mva Pris veke kr. 5.000,- + mva Pris pusseskuffe kr. 150,- + mva 3.500 kg hengar, døgn kr. 400,- + mva

    Kontaktpersoner: John Magne Lie 909 24 964 Kjell Frode Lie 907 83 797

    Velkommen til Hårsmiå.

    Har åpent alle hverdager kl. 08.00 - 20.00 Lørdager kl. 10.00 - 14.00

    Kan også få tatt øre og nese-piersing.

    Salg av Macadamia natural oil-serien.

    52 74 86 47 / 46 44 29 20

    Med vennlig hilsen Mona på Hårsmiå

    HÅRSMIÅ

    BOKN LEGEKONTOR

    Kvar tysdag og fredag samt onsdagar i partallsveker. Opningstider 08 – 15.30. Telefontider 08-11 og 13-14. Telefon 52 75 25 40.

    Ved behov for øyeblikkeleg hjelp, ring Bokn Legevakt 52 74 85 22 (heile døgnet).

    Ved livstruande tilstand, ring 113. Timebestilling på internett eller SMS, sjå www.bokn.no for meir info.

    Lista blir fylt opp, men det er framleis ledig kapasitet! Dag-Helge Rønnevik - lege

    JORDMORTENESTA

    Jordmor vert å treffa på fysioterapirommet mandag i oddetallsuker.

    Du kan kontakta jordmor Bodil på tlf. 40 41 12 61 Timebestilling: Ta kontakt på helse-stasjonen!

    Bodil Ljones Auestad - jordmor

    HELSESØSTER

    Helsestasjonen er open måndagar, tysdagar og onsdagar kl. 8-15.30 - Tlf: 52 75 25 43

    Du kan ellers kontakta Henriette på mobil 46 93 69 65

    Henriette S. Lindanger - helsesøster

    BOKN FYSIOTERAPI

    Onsdag og torsdag og enkelte mandagar.

    52 75 25 33 - 91 61 23 91

    Ta kontakt for avtale.

    Smerter i muskler og ledd? Ta direkte kontakt.

    Geir Austvik - fysioterapeut

    DAGSENTERET

    Ope kvar torsdag kl. 10.00 - 14.00 Treng du skyss, blir du henta på døra.

    Nye brukarar blir spesielt ønska velkomne.

    Påmelding på tlf. 93 09 39 98

    Mariann Skjelde - aktivitør

    LANDBRUKSKONTORET

    Kontordag kvar torsdag på Boknatun kl. 08.00 - 12.00

    Direkte nummer: 52 75 25 11

    Avtale etter kl 12 må gjerast særskilt.

    Bjørn Bruaset: 52 75 71 75 Emilie Moi Eikje: 52 75 77 69

    SERVICETORGET

    Tlf.: 52 75 25 00 kvar dag 08.30– 15.00

    Me kan t.d. hjelpa deg med:

    - generell informasjon om ulike tenester - kontakt med rett saksbehandler i kommunen - utdeling av skjema - utleige av kommunale lokaler eksl. bustader - informasjon om utval, møter og dokumenter - endring av skattekort - utfylling og innlevering av flytteskjema - innlevering av selvangivelser og kontakt med likningskontoret - bustøtte – Husbanken - økonomisk gjeldsrådgivning - innsyn i kommunens dokumenter/arkiver - sal av bygdabøker, boknaspennå, krus, m.m. - kopiering

    Direkte nr.: 52 75 25 10 - 52 75 25 11 E-post: [email protected]

    VENNEKJØRING

    Er du pensjonist/uføretrygda og treng skyss til å komma deg frå ein stad til ein annan? - t.d. til lege, ulike tilstelningar, handla på butikken, m.m.

    For å avtala tid, ring 94 14 47 35 - helst dagen før eller lengre tid på førehand.

    Dei som brukar tenesta betaler til sjåføren.

    - Kr. 3,50 pr. km + kr. 0,50,- pr. km for kvar ekstra passasjer. - Minstepris kr. 100,-

    NAV BOKN

    Kontortid kl. 9.00 – 14.30

    Kundesenteret: tlf. 815 81 000

    Unn A. Mustaparta - leiar

    Mån. 16 - 19 Ons. 16 - 19 Tys. 10 - 13.30 Tors. 10.- 13.30

    Bokn bibliotek Opningstider:

    Mine åpningstider er tirsdag-fredag

    Oddetalsuker: kl. 09-16

    Partallsuker: fleksible åpningstider

    Hilsen fra Anita

    99 32 55 34 - 52 74 85 34

    FRISØRROMMET

    PÅ BOKNATUN

    BOKN FOTTERAPI

    Kvar tysdag kl. 08.30 - 14.00

    Timebestilling tlf. 99 70 74 28 Direktenr. tysdag: 52 75 25 33

    Rita Bokneberg - fotterapeut

    Prøv ein annonse i Bokn Bygdablad

    Næringsliv Div. tenester på Boknatun, m.m. Bokn legevakt: 52 74 85 22

  • 18

    www.bygdabladet.no - [email protected]

    Blir laga og gitt ut av Bokn kommune. Bladet kjem ut 10 gonger i året. Frist for innlevering av stoff er etter avtale med redaktøren. Eit abonnement (papir eller PDF) kostar kr. 350,- pr. år, 500,- for både papir og PDF. Abonnementa er gratis for bortebuande skule-elevar og studentar. Redaktør: Jardar Havikbotn, tlf. 52 75 25 08 - 98 22 15 08 E-post: [email protected]/[email protected] Medarbeidarar: Annette Bokneberg/Gro Sørensen Bygdabladnemnd Johannes Nilssen Ellen Nedrebø Lars Norekvål

    Gjeldande annonseprisar (netto) Heilside kr. 625,- Halvside kr. 375,- Kvartside kr. 188,- 1/8 side kr. 125,- Privatann. kr. 63,- Fast-/fargeann. etter avtale

    Foto, omslag: Stephan Haram

    STORT FRAMSIDEBILDE:

    Soloppgang i Arsvågen

    Foto: Unni W W Høivik

    Møteplanar, kommunale styre og utval

    Bokn kommunestyre Tysdag 18. oktober kl. 19.00 (Boknatun 2. etg.) (konstituerande møte) Bokn sokneråd Onsdag 26. oktober kl. 19.00 (Bokn bedehus) Torsdag 17. november kl. 19.00 (Bokn bedehus) Torsdag 8. desember kl. 19.00 (Bokn bedehus) Bokn senior/brukarråd Torsdag 13. oktober kl. 18.00 (Boknatun 1. etg.) Politiske møte blir gjort kjende gjennom oppslag på Coop Marked Bokn og kommunen si heimeside ei veke før møtet går av stabelen. Sakspapira blir utlagde til offentleg ettersyn samstundes i Servicetorget og Bokn bibliotek. Det kan bli sett opp ekstramøte ved behov.

    TV-aksjonen NRK Norsk Folke-hjelp 23. oktober: VI RYDDER FOR LIVET Årets TV-aksjon går til Norsk Folkehjelp og arbeidet med å fjerne miner og klasebomber som ligger igjen etter krig og konflikt. Når Norsk Folkehjelp rydder en mine, er den borte for alltid. Hver eneste dag drepes og lemlestes uskyldige mennesker av miner- og klasevåpen. Dette er en forferdelig trussel for menneskene som bor i disse områdene. Miner og klase-bomber ligger gravd ned på over alt. Det er ikke uvanlig å finne eksplosiver på skoleveier, lekeplasser, dyrket mark eller langs veien. Bare i Laos ligger det igjen 70 millio-ner klasebomber etter Vietnamkrigen. Pengene fra årets TV-aksjon skal gå til å rydde vekk denne trusselen. Norsk Folkehjelp graver frem og uskadeliggjør miner og klasebomber hver dag i 15 ulike land. Det er et tidkrevende arbeid, hvor hver kvadratmeter blir søkt gjen-nom før arealet kan overlates til lokalbefolkningen. Det finnes ikke én løsning på rydding av miner og klase-bomber. Hvert område har spesielle utfordringer og egen-skaper, avhengig av konfliktens omfang, lengde og type. Landskap, klima og infrastruktur setter også betingelser. Derfor har Norsk Folkehjelp utviklet en komplett verktøy-kasse for mine- og eksplosivrydding: Kartlegging av prob-lemet, manuell rydding, minehunder og mekanisk rydding.

    Tegnekonkurranse på Artep!

    28. september ble det lansert en stor tegnekonkurranse i regi av Artep Kulturkafè, som holder til på Kyrkjebygd kulturhus (Petrahuset). Man kan tegne akkurat det man vil, men arket skal være i normal A4 størrelse. Man velger selv om man vil bruke tegnestifter, farger, maling, osv. Det vil bli valgt en vinner i 3 kategorier: - 0 år til 4. klasse. - 5. klasse - 7. klasse - 8. klasse – 100 år Vinnerene vil alle få fine premier og vil få bildene sine med i Bygdabladet! Det koster ingenting å være med, og man kan komme til Artep og låne fargeblyanter og ark der i åpningstiden. Frist for innlevering av bilder er 19.10.11 (første onsdagen etter høstferien) på Artep. Det kan leveres bilder på Artep hver onsdag kl. 16-20 til Turid.

  • 19

  • A-BladReturadresse:

    BOKN KOMMUNE5561 BOKN