bergen 29. september – 4.oktober 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå stord. debutboka...

56
FORFATTERSLEPPET BERGEN 29. SEPTEMBER – 4. OKTOBER 2014

Upload: others

Post on 30-Dec-2019

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

FORFATTERSLEPPETBERGEN 29. SEPTEMBER –

4. OKTOBER 2014

Page 2: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Litteraturen vil oppdage verdapå nytt. Under Forfattersleppetblir verda oppdaga frå scena:Forfattarane kjem! Dei gamle,dei nye, med romanar tjukkesom mursteinar, med diktsam-lingar som et seg inn i hjarta,med erkjenningar og erfaringar,draumar, sorger, gleder. Liv ogdød og hav. Dei store kjenslene.Dei store spørsmåla. Forfattar-ane kjem med denne enormespegelen som er litteraturen.Ein stad der vi ser oss sjølv oggløymer oss sjølv. Ein stad dervi kan utforske det ukjende ogein stad der vi kan reise i tid.Under Forfattersleppet eringenting umogeleg.

Page 3: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

29. september30. september

Skrivekurs – Chris TvedtØnsker du å skrive krim?

Treng du inspirasjon til eigen skriving?Norsk Forfattersentrum Vestlandets

kontorlokale, 4. etg. Litteraturhuset i BergenØstre Skostredet 5–7Kl. 18.00 – 22.00

– kurset går over to kveldarPris kr. 1700,–

BT-kort kr. 1500,-Påmelding: [email protected]

MÅNDAG OG TYSDAG

Page 4: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker
Page 5: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

kl. 19.00 – Alver,Litteraturhuset i Bergen

Kritisk KvartettKritisk kvartett er Litteraturhusetsfaste forum for litteraturkritikk.

Panelet består av Carina ElisabethBeddari (Morgenbladet),

Eirik Vassenden Morgenbladet) ogFrode Helmich Pedersen (BergensTidende). Kvar gong får dei besøk

av ein ny gjest, og tek opp fire bøkertil kritisk og begeistra diskusjon.

Kvartettgjest: Knut Hoem.

30. septemberTYSDAG

Page 6: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Kl. 19.30 – Femte i Andre,Strand Hotell

Musikalsk krimkveldGunnar Staalesen, Chris Tvedt,

Elisabeth Gulbrandsen, Trude Teigeog Per Jan Ingebrigtsen. Musikk ved

Chris Tvedt og Gjengangerne.Kr. 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

Kl. 20.00 – Norli, GallerietDebutantkveld

Oliver Opheim, Terje Sander, Eli Fossdal Vaage, Sissel Værøyvik

og Anne Helen Guddal.Gratis inngang

1. oktoberONSDAG

Page 7: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Kl. 19.00 – LitteraturhusetForfattarsamtale

Anne B. Ragde i samtale medGunnar Staalesen.

Jeg har et teppe i tusen farger

Med humor og kjærleik skildrarRagde gode og vonde dagar frå opp-veksten i Trondheim før og etter for-eldras skilsmisse, og frå åra då Annesjølv flytta heimafrå og stifta familie.Den siste tida Birte levde, var prega avunødige lidingar på ein underbemannasjukeheim. Det var rystande å sjå sieiga mor døy som ein framand-

gjort og uverdig pasient.Kr. 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

2. oktoberTORSDAG

Page 8: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Kl. 20.30 – LitteraturhusetProsakveld

Bergsveinn Birgisson, Mari Ulset,Nils Henrik Smith, Mette Karlsvik

og Anne Karin Fonneland.Pål Norheim i samtale med

Tomas Espedal.Kr. 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

Kl. 21.00 – Lille Ole Bull SceneFolk&Finn

Finn Tokvam inviterer kjende fjes ogstemmer til prat og musikk. Kveldensgjestar er mellom anna Jon Hjørnevikog Bård Ose, samt ein hemmeleg gjest.

Kr. 190 pluss avgift

2. oktoberTORSDAG

Page 9: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Kl. 19.00 – LitteraturhusetForfattarsamtale

Kjell Askildsen i samtale med Alf van der Hagen. Van der Hagen gjengirlevande og elegant Askildsens livs-åskoding og syn på samfunn, politikk

og religion, kunst og litteratur i biografien Kjell Askildsen. Et liv.Kr. 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

Kl. 20.30 – LitteraturhusetProsakveld

Tom Rasmussen, Ingri Lønnebotn,Øyvind Vågnes, Tommy Skoglund,

Lars Ove Seljestad.Gunnhild Øyehaug og Frode Grytten

i samtale med Jan Landro.Kr. 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

3. oktoberFREDAG

Page 10: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Kl. 18.00 – LitteraturhusetLyrikk vs. Musikk

Forfattaren Henning H. Bergsvågsnakkar med musikaren FredrikSaroea, Datarock. Er det slik at

musikktekstar har ein annan posisjonenn dikta? Kva er forskjellen pådagens poesi og musikktekstar. Frode Grytten leiar samtala.

Kr. 80/50 (stud./honnør/BT-kort)

4. oktoberLØRDAG

Page 11: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Kl. 20.00 – LitteraturhusetPoesikveld

Erlend O. Nødtvedt, Kjartan Hatløy,Per Olav Kaldestad og Anna Kleiva.Kvart menneske ber på si historie.Og den historia inneheld kjærleik,smerte, glede og sorg. Høyr RuthLillegraven snakkar om sitt nye bokprosjekt, Manilahallen, – om

å forme levd liv til poesi.Kr. 100/70 (stud./honnør/BT-kort)

4. oktoberLØRDAG

Page 12: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Med atterhald om endringar i programmet.

Presentasjonar av alle dei medverkandeligg på www.forfattersentrum.no

Billettsal hjå Norli Galleriet, tlf: 97 47 82 41 fram til 1 time før arrangementet eller i døra.

Norli sel forfattaranes bøker under arrangementa.

Info

Page 13: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Chris Tvedt er ein prisløna krimforfattarfrå Bergen, som tidlegare jobba som advo-kat. Han har skrive fleire bøker med advo-kathelten Mikael Brenne i hovudrolla, oghar sidan halde fram med Kripos-etter-forskar Edvard Matre. Dei to siste bøkenehar han skrive saman med ElisabethGulbransen.

FOTO: FREDRIK

ARFF

Page 14: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Bjørn Sortland debuterte i 1992, og harseinare skrive ei lang rekke bøker i ulikesjangrar for vaksne og barn. Han har fåttsærleg stor merksemd for bøker medkunstformidling for barn, og har fåttprisar både i inn- og utland for forfattar-skapen sin. I år er han aktuell med den14. boka i serien om Kunstdetektivane –Trondheim-mysteriet.

FOTO: JA

NNE SOLGAARD

Page 15: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Tor Arve Røssland skriv bøker for barn ogunge, og er mellom anna kjent for barne-bokserien om den vesle guten Pode ogfor grøssarserien om Svarte-Mathilda forungdom. Han kjem til Forfattersleppetmed sci-fi-grøssaren Soledad og ungdoms-boka Snatch.

FOTO: SAMLAGET

Page 16: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

FOTO: HELGE S

KODVIN

Gunnar Staalesen skriv krim, og er mestkjend for bøkene om Varg Veum. Bøkenetil Staalesen er omsette til ei rekke språk,mange har blitt filmatiserte og nokre harblitt utgitte som teikneseriar. Staalsenskriv også dramatikk, og er i haust aktuellmed oppføringa av Hellemyrsfolket på DenNationale Scene. Til Forfattersleppet kjemhan med årets krimroman Ingen er såtrygg i fare.

Page 17: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Elisabeth Gulbrandsen er utdanna gull-smed og jurist, og har mellom anna jobbafor Rafto-stiftinga. I 2013 debuterte hosom forfattar med boka Den blinde guden,som ho har skrive saman med Chris Tvedt.Dei kjem begge til Forfattersleppet medei ny bok om etterforskaren Edvard Matre.Boka har fått tittelen Djevelens barn.

FOTO: RUNE N

IELSEN

Page 18: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Ole Røsholdt er forfattar og dramatikar,og jobbar som gymnaslektor i norsk. Hanhar skrive ei lang rekke bøker, og er i åraktuell med boka Yngstemann på Eids-voll, der vi følgjer dei historiske hending-ane i 1814 opplevd av den 17 år gamleThomas Konow.

FOTO: GAUTE SIN

GSTA

D

Page 19: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Thor Soltvedt er norsklærer og forfattar.Han begynte å skrive fordi han gjerne villemotivere elevar på yrkesskulen til å lese,og har skrive fleire ungdomsbøker medgjennomgangsfigurane Glenn-Anton ogHyPer. Dei to siste romanane hans,Nedtelling og Voksesmerter, har vore forvaksne, mens årets bok Levende vegg erein ungdomsroman.

FOTO: KAPABEL FORLAG

Page 20: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Roald Kaldestad er kunsthistorikar, låt-skrivar og barnebokforfattar frå Stord.Debutboka Heavykatten, Dicodansemusaog Pinnsvinet Philip kom i 2000, sidanhar det blitt tre bøker om desse humorist-iske figurane, illustrert av Ella K. Okstad.I 2006 gav han ut biletboka Englefjell ilag med Øyvind Torseter. Kaldestad er ogsåfrilans musikar og spelar mellom annamed Odd Nordstoga, Magnet og SigridMoldestad. Årets bok heitar Hevykattenog gitaren.

FOTO: AT

LE H

ANSEN

Page 21: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Renate Nedregård er utdanna tv-journalistog jobba i mange år i TV2 og NRK, før hobestemte seg for å leve ut fofattardraumen.I 2011 kom debutromanen Mirakel, ogetter å ha ført bloggen «Fra ord til bok» omskriveprosessen, gir ho i år ut «den vanske-lege andreboka», ungdomsromanen Deter min tur nå.

FOTO: JO

AR E

.M. KLETTE

Page 22: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Hans Sande debuterte i 1969 med dikt-samlinga Strime, og fekk Tarjei Vesaasdebutantpris. Han er utdanna psykiater,og har jobba mange år i helsevesenet.Sande skriv for alle aldrar, og kjem tilForfattersleppet med biletboka Forelskai Feisbukk.

FOTO: CHR. HANSEN

Page 23: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Reidar Kjelsen har illustrert barnebøkerfor Jostein Gaarder, Jon Ewo og fleireandre, men er best kjend for sine eigneutgjevingar, med titlar som Gammel dameer vond å vende og Trøffelhelt. Han deltarpå barnebok-seminaret med presentasjonav eit opplegg for skulebesøk – «Damerog demoner».

FOTO: SVIN

EPELSEN

Page 24: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Sigbjørn Mostue skriv bøker for barn ogungdom, og er særleg kjend for serianeAlvetegnet og Den siste magiker. Han harskrive to kriminalromanar for vaksne isamarbeid med politi-spanaren JohnnyBrenna. I år kjem han til Sleppet for åfortelje om sin nye ungdomsroman I mor-gen er alt mørkt – Brages historie.

FOTO: TA

NYA

HANZALOVA

WIBYE

Page 25: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Trude Teige er best kjent som journalist,og har jobba i TV2 sidan starten tidleg på90-talet. I 2002 debuterte ho som for-fattar med den historiske romanen Havetsyng. Sidan har ho blitt forfattar på heil-tid, og har etter kvart spesialisert seg på hardkokt krim med den tøffe tv-jour-nalisten Kajsa Coren i hovudrolla. I haustkjem Jenta som sluttet å snakke, fjerdebok i denne serien.

FOTO: ASCHEHOUG

Page 26: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Per Jan Ingebrigtsen er forfattar, teater-instruktør, lærar og dramatikar. Han erbusett på Stord, der han til dagleg jobbarpå vidaregåande skule. Som forfattardebuterte han allereie i 1975, med dikt-samlinga Rotbløyte, sidan har han gittut bøker i ulike sjangrar. I haust kjemhan med spenningsromanen Offer, omkva som skjer når ei norsk-somalisk jenteforsvinn frå skulen.

FOTO: TORILL TVERBORGVIK

Page 27: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Oliver Opheim, debutant, frå Kringlebotn,bur i London der han tar master i littera-turvitskap ved King’s College. Han er kjendfor å ha fått kontrakt på bokutgjeving viatwitter. Boka heiter Mann går på bar oghandlar om mannen som kallar seg JohanOlsen, og hans iherdige forsøk på å drikkeseg i hel.

FOTO: KVALSHAUG FORLAG

Page 28: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Terje Sander, debutant, kjem frå Fana iBergen og arbeider som lærar ved Oddavidaregåande skule. I haust kjem han utmed si første bok. Daudmannaland er eiscience fiction-roman der Skuggesjåaraneog den eldgamle Ordenen er to av kreftenesom kjempar om makta under ein svarthimmel av endelaust regn.

FOTO: TOVE K

. BREIS

TEIN

Page 29: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Eli Fossdal Vaage, debutant, fødd påLeirvik i Stord, og bur i Bergen. Hoarbeider med ein master i litteraturvit-skap på UiB, og jobbar som journalist iNRK. Ho har bakgrunn frå Skrivekunst-akademiet, og hadde fleire dikt med iantologien Signaler allereie i 2010. I år kom hennar første utgjeving, dikt-samlinga Hekla myter.

FOTO: ANNA JULIA

GRANBERG

Page 30: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Sissel Værøyvik, debutant, kjem frå Vær-landet i Sunnfjord, men bur på Nesttun iBergen. Ho er ei av to som skriv ned livs-historier for andre gjennom nettstadenDin historie. Tidlegare i år kom debut-romanen Rakels bok, som knyter fortidog framtid, New York og Bergen samanidet to kvinner møtest.

FOTO: HELGE S

KODVIN

Page 31: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

FOTO: MATHIA

S D

ANBOLT

Anne Helene Guddal, debutant, er stipen-diat på Institutt for lingvistiske, litteræreog estetiske studiar. Ho er også redak-sjonsmedlem i tidsskriftet Vagant. Ogsådet uforsonlige finnes er ei diktsamlingog hennar første bok.

Page 32: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

FOTO: ASGER SIM

ENSEN

Anne B. Ragde har sidan debuten i 1986markert seg som ein av Norges mest popu-lære forfattarar, med Berlinerpoplene ogdei to påfølgande bøkene med det samepersongalleriet som den førebels størstesuksessen. I år har ho fått mykje merk-semd og varm mottaking for romanenJeg har et teppe i tusen farger.

Page 33: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Mari Ulset er frå Straumsnes på Nord-møre, men er busett i Bergen der hojobbar som gartnar. Ulset har vore redak-sjonsmedlem i fanzinene Ikkje til hjem-lån og Distribusjon. Sjølv debuterte holitterært i 2011 med romanen Biltur, ogi år har ho komme ut med Juni, juli,august.

FOTO: ALEXANDER G

IAILOGLOU

Page 34: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Nils Henrik Smith fekk Tarjei Vesaas debu-tantpris for Manhattan skyline i 2007,og følgde opp med romanen Austerriketo år seinare. Smith har bakgrunn fråSkrivekunstakademiet og Universitetet i Bergen, og har fått svært gode omtalerav sine romanar. Han kjem til Forfatter-sleppet med La ilden lyse.

FOTO: KATERYNA B

ABKIN

A

Page 35: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Bergsveinn Birgisson er ein islandsk for-fattar og doktor i norrøn filologi. I 2012vart han nominert til Nordisk Råds Littera-turpris for romanen Svar på brev frå Helga.I år har Pelikanen forlag omsett debut-romanen hans frå 2003, Soga om véret.

FOTO: BJA

RTUR

Page 36: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Anne Karin Fonneland er frå Sunde iSunnhordaland, og har gitt ut seks dikt-samlingar. Den første, Marmormjølk, komi 1996. Ho har også medverka i fleirebarnebøker. I år kjem ho til Forfatter-sleppet med sin første roman, Apalgard.

FOTO: TERJE

FONNELAND

Page 37: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Mette Karlsvik er ein prislønt norsk for-fattar og journalist som kjem frå Frei påNordmøre. I 2005 fekk ho Tarjei VesaasDebutantpris for Vindauga i matsalenvender mot fjorden, sidan har ho gitt utbøker i mange sjangrar og hatt bidrag ifleire antologiar. I 2011 vart ho nominerttil Brageprisen for Bli Bjørk. I år kjem hout med romanen Den beste hausten eretter monsun.

FOTO: TOVE K

. BREIS

TEIN

Page 38: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Pål Norheim er ein norsk forfattar og essayist, med tre skjønnlitterære ut-gjevingar bak seg. Han var medlem avVagant-redaksjonen på 1990-talet, og harjobba som forlagskonsulent og bokmeldar.Norheim gir i år ut boka Oppdateringer,ei samling dagboksnotat som tidlegareer publiserte på Facebook.

FOTO: SELFIE

Page 39: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Tomas Espedal har vore nominert tilNordisk Råds Litteraturpris to gonger for bøkene Gå eller kunsten å leve et viltog poetisk liv (2006) og Imot kunsten(2009), og har i tillegg mottatt ei rekkelitterære utmerkingar og prisar for for-fattarskapen sin. Espedal var Festspel-diktar under Dei Litterære Festspela i2011. I år deltar han på Forfattersleppetmed den nye romanen Mitt privatliv.

FOTO: HELGE STODVIN

Page 40: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Kjell Askildsen kjem til Forfattersleppetfor å snakke om biografien Alf van derHagen har skrive om han til 85-årsdagen.Biografien er forma som ei samtale mellomdei to. Askildsen er kjend for sin kresneskrivestil, og novellesamlinga Thomas Fssiste nedtegnelser til almenheten (1983)blei i 2006 kåra av Dagbladet til denbeste norske skjønnlitterære boka deisiste 25 åra.

FOTO: FIN

N S

TÅLE FELBERG

Page 41: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Alf van der Hagen er ein norsk redaktørog forfattar. Frå 2003 til 2012 var hanansvarleg redaktør og administrerandedirektør i vekeavisa Morgenbladet. I fjorvann han Kritikerprisen for sakprosa forsin intervjubaserte biografi om Dag Sol-stad. I år har han skrive ein biografi omKjell Askildsen.

FOTO: TRUDE ENG

Page 42: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Tom Rasmussen har gitt ut to bøker underpseudonymet Asbjørn Krag. I år kjem hantil Forfattersleppet med romanen Lands-moderen, som i følgje han sjølv kan karak-teriserast som «lun skittensurrealisme».

FOTO: PRIVAT

Page 43: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Ingri Lønnebotn er ein norsk forfattar.Ho har tidlegare jobba som journalist ogundervist på Åsane Folkehøgskule. Lønne-botn har skrive både dramatikk, romanarog lyrikk. I år kom romanen En av de andresom i VG blei omtalt som «en stor leser-opplevelse og en tankevekkende påmin-nelse om at det finnes historier om sisteverdenskrig som både bør og skal for-telles.»

FOTO: BJØ

RN THUNÆS

Page 44: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Øyvind Vågnes er ein norsk akademikarog forfattar. Han debuterte i 2003 medromanen Ingen skal sove i natt. i 2005fekk han nynorsk litteraturpris for romanenEkko. I år har han gitt ut ei fagbok omteikneseriar, Den dokumentariske teikne-serien og romanen Sone Z.

FOTO: EIVIN

D SENNERSET

Page 45: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Tommy Skoglund debuterte i 2009 medprosadiktsamlinga Våkne som en del avnaturen. Han fekk svært gode kritikkar fordebuten, og i år gir han ut romanen Fraensomhetens lønnkammer. Skoglund hargått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

FOTO: ESPEN K

JELLIN

G

Page 46: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

FOTO: ASCHEHOUG

Lars Ove Seljestad brakdebuterte i 2005med romanen Blind. Seinare har hanskrive fleire bøker i ulike sjangrar. I årkjem han til Forfattersleppet medromanen Kjære bror.

Page 47: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Gunnhild Øyehaug er aktuell med båderoman og film. Suksessromanen Vente,blinke frå 2009 blir filmatisert i år og harpremiere neste år. Til Forfattersleppetkjem ho for å presentere romanen UndisBrekke.

FOTO: MAGNE S

ANDNES

Page 48: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Frode Grytten er årets Festspeldiktar. Haner ein allsidig kunstnar og formidlar, somdei siste åra har gjort stor lukke med FrodeGrytten Beatband. I vår hadde han ogsåsuksess med teaterstykket Sånne som osspå Den Nationale Scene i Bergen. PåForfattersleppet snakkar han om twitter-boka Vente på fuglen.

FOTO: FRODE GRYTTEN

Page 49: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

FOTO: SØREN B

RUUN

Jon Hjørnevik er forfattar og komikar fråVoss. Han debuterte med den humorist-iske diktsamlinga I ein sofa frå Korea i2003, og har seinare gitt ut fleire bøkeri same sjanger. Han er ein populær for-midlar av eigne dikt, som ofte blir framførti ei musikalsk ramme. Heimekontor i grav-ferda er hans siste diktsamling.

Page 50: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Henning Bergsvåg er utdanna frå Skrive-kunstakademiet i Bergen og Litterär Ge-staltning ved Göteborgs Universitet. Denførste diktsamlinga hans, Newfoundland,kom i 2000, sidan har det blitt fire til.Den engelske hagen kom ut i fjor. Bergs-våg er i tillegg svært aktiv formidlar, ogvartar mellom anna opp med Poesidiggein gong i månaden.

FOTO: GYLDENDAL

Page 51: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

FOTO: ASCHEHOUG

Erlend O. Nødtvedt fekk stor merksemd dåhan debuterte med diktsamlinga Harudesi 2008, og har sidan fått gode kritikkarog fleire prisar for denne og neste bok,Bergens beskrivelse, som kom i 2011. I årkjem Trollsuiten, hans tredje diktsamling.

Page 52: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Kjartan Hatløy kjem frå Hyllestad i Sogn,og har sidan debuten Solreven i 1996 gittut fleire kritikarroste lyrikkbøker. ForKjøkkendikt i 2012 vart han nominert tilBrageprisen. Årets utgjeving heiter Mimeinings hus.

FOTO: ODDLEIV APNESETH

Page 53: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

FOTO: NORSK FORFATTERSENTRUM

Per Olav Kaldestad er ein prisløna barne-bokforfattar busett på Stord. Han harskrive bøker i ulike sjangrar sidan 1973og er i tillegg eit ivrig organisasjons-menneske. I år er han aktuell med Diktog dramatiske monologar i utval, ei om-setjing av Robert Brownings lyrikk.

Page 54: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

FOTO: PAAL A

UDESTAD

Ruth Lillegraven kjem frå Granvin i Har-danger, og har arbeidd både i Samferdsle-departementet og i Samlaget. I fjor varthennar siste bok Urd tildelt Brageprisen,og i tillegg vart ho kåra til Årets namn2013 av lesarane til avisa Hordaland.Lillegraven har sidan debuten Store styggedikt i 2005, gitt ut ei roman, og tre bilet-bøker om Mari og Magnus.

Page 55: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker

Anna Kleiva er oppvaksen på Vinstra iGudbrandsdalen, er busett i Oslo og hartidlegare vore student både ved Forfattar-studiet i Bø og Skrivekunstakademiet iBergen. I 2011 gav ho ut si første dikt-samling, Ti liknande versjonar. I år komden andre boka hennar, Vårar seinare.

FOTO: YNGVILD G

OTAAS

Page 56: BERGEN 29. SEPTEMBER – 4.OKTOBER 2014 · skrivar og barnebokforfattar frå Stord. Debutboka Heavykatten, Dicodansemusa og Pinnsvinet Philipkom i 2000, sidan har det blitt tre bøker