barfot hovrØkt og

4
BARFOT HOVRØKT OG med Sigbjørn Ånes på Sogn Jord- og Hagebruksskule 7. – 9. mars 2008 Vil du : Ha ein glad og arbeidsvillig hest At hesten din skal ha eit mest mogeleg naturnært uteliv. Ha ein holistisk og økologisk tilnærming til hestehaldet Lurar du på: Korleis er hoven oppbygd? Korleis verkar ein hov? Kva som skal til for at ein hest skal vera høgtytande og barfot? www.handnesgarden.n o Ved å observere hestar i naturen kan vi læra kva som skal til for at hestane har eit innhaldsrikt liv og held seg friske

Upload: dane

Post on 04-Jan-2016

41 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

BARFOT HOVRØKT OG. NATURLEG HESTEHALD. med Sigbjørn Ånes på Sogn Jord- og Hagebruksskule 7. – 9. mars 2008. Lurar du på: Korleis er hoven oppbygd? Korleis verkar ein hov? Kva som skal til for at ein hest skal vera høgtytande og barfot ?. Vil du : Ha ein glad og arbeidsvillig hest - PowerPoint PPT Presentation

TRANSCRIPT

Page 1: BARFOT HOVRØKT OG

BARFOT HOVRØKTOG

med Sigbjørn Ånes på Sogn Jord- og Hagebruksskule

7. – 9. mars 2008

Vil du :Ha ein glad og

arbeidsvillig hest

At hesten din skal ha eit mest mogeleg naturnært

uteliv.

Ha ein holistisk og økologisk tilnærming til

hestehaldet

Lurar du på:

Korleis er hoven oppbygd?

Korleis verkar ein hov?

Kva som skal til for at ein hest skal vera høgtytande og

barfot?

www.handnesgarden.no

Ved å observere hestar i naturen kan vi læra kva som skal til for at hestane har eit innhaldsrikt liv og held seg friske

Page 2: BARFOT HOVRØKT OG

Naturleg hestehald er ei holistisk, vitenskapeleg metode med utgangspunkt i anatomi, fysiologi og atferdslære. Metoden vart utvikla parallellt i Tyskland av veterinæren Hiltrud Strasser og i USA av hovslagaren Jamie Jackson på 1980-talet. Begge tok aukande helseproblem hos tamhestar på alvor. Menneske sin uforstand hadde ført til eit ekstremt unaturleg liv der hestar bur store delar av livet i små bur og får jernsko spikra på hovane for i det heiletatt kunne bevege seg. Med kvart sitt utgangspunkt, den eine frå veterinærmedisin og den andre frå studier av ville mustanger har dei tilsaman gitt viktig kunnskap.

Handnesgarden har med sin mangeårige erfaring utviklet sin egen variant som i større grad er tilpassa norske forhald. Å arbeide med hestar i ei naturleg ramme vil seie at ein søkjer svar på deiutfordringane ein får i hestehaldet, nettopp i naturen. I størst mogleg gradlegg ein tilrette for at dei organiserande kreftene som alle levende vesenhar, får fungere godt. Gjennom dette oppnåer ein størst mogleg velvere fysisk og psykisk for hesten. Ein partnar i arbeid, sport, og fritid som har overskott og arbeidslyst.

økologisk gard og senter for naturleg hestehald

Påmelding til Hannah Jane WoodTlf: 97541566

E-post: [email protected]

Kursavgift 1000,-

Page 3: BARFOT HOVRØKT OG

 Kurset er for den bevisste hesteeigar som vil ha meir kunnskap om kva som skal til for å gi hesten eit sunt og naturleg hesteliv.

Kurset gir ei større forståing av kva krav hesten stiller til bustad, fôr, stell og sosial kontakt med artsfrender. Dei fleste vil kunne på grunnlag av kurset kunne utføre ein vedlikehaldstrim på eigen hest.

Kursplan for 1 helg

Vi er innom desse tema:Barfot hovtrimTrimming av kadaverbein og levande hestarHoven sin anatomi, fysiologi og funksjonOppsetting og vedlikehald av utstyrHandtering av hesten ved hovrøktÅrsaker til halting og hovproblemerKonsekvensar av jernskoenGenerell helseTemperaturreguleringForingUtegangFlokkliv

Page 4: BARFOT HOVRØKT OG

Sigbjørn Ånes er under utdanning som Hoofcare Specialist etter Strassermetoden og vil ta eksamen i februar 2008, norsk hovslagareksamen frå 2005 og har hovkurs med Pete Ramey. Ellers utdanning innafor hestefag, vegleiing i friluftsliv, treskjæring og møbelsnekring. Sigbjørn har erfaring med hestar sida tenåra og trimma vår første hest barfot i 1986. Vi trudde på den tida at det var nødvendig å sko hestane om dei skulle brukast mykje fordi hovane ville slitast ned. Erfaring synte imidlertid at det uannsett var nødvendig å trimme hovane fordi dei vart lange.

Trass sporadisk skoing og dårleg samvet for skolause hestar i mange år kunne vi ikkje ta barfot som metode heilt på alvor. I 1996 Kom vi over ei bok av J.Jackson og vart overbevist at hestar i aktiv bruk kunne fungere utan sko ved rett hovtrim. Over 10 år seinare veit vi at dette er eit faktum.

For å dele vår kunnskap og erfaring med fleire starta Sigbjørn saman med kona si i 2003 Handnesgarden - senter for naturleg hestehald der hesteeigarar kan få kunnskap om både klikkertrening, utegang og barfot hovtrim. Idag trimmar Sigbjørn regelmessig nærare 100 hestar. I tillegg tar vi inn hestar med hovsjukdomar og problem slik at dei ved hjelp av utegang og barfottrim kan gjennvinne helsa.

På garden har vi ca 20 hestar og vi er godkjent lærlingebedrift i hestefaget.

Vi har god erfaring med at hestar som lir av forfangenheit, hovsenebeinsbetendelse, hovbeinsrotasjon, nedsenka hovbein, hovsprekkar og separasjonar, hovråte, strålesopp, kontraherte hovar, liten framdrift, dårlege rørsler, snubling, fyllinger, mugg og raspe, sjukeleg fedme, problem med å bygge hald, tvangshandlingar og agressivitet kan bli hjelpt ved å få leve ute i flokk, få naturleg

økologisk fôr og få trimma hovane barfot.