bankmagasinet 01.2008 - sparebanken hallingdal

32
Bank- ma gasinet 200 8 Keisarrinneleg stormannsgalskap side 8-11 Verdspremiere i Hemsedal side 14-15 Ko følk kan få se te å gjæra side 24-25 Musikalsk trivsel på Fagernes side 26-27 Finn deg ei blomstereng side 16-17 Bankmagasinet 2008: Leiar ved Knut Oscar Fleten side 2 · Ny profil i SpareBank 1 side 6 · Utdrag frå årsmelding side 30-31

Upload: promo-norge-as

Post on 16-Mar-2016

251 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

TRANSCRIPT

Page 1: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

Bank-magasinet

2008

Keisarrinneleg stormannsgalskap side 8-11

Verdspremiere i Hemsedal side 14-15

Ko følk kan få se te å gjæra side 24-25

Musikalsk trivsel på Fagernes side 26-27

Finn deg ei blomstereng side 16-17

Bankmagasinet 2008: Leiar ved Knut Oscar Fleten side 2 · Ny profil i SpareBank 1 side 6 · Utdrag frå årsmelding side 30-31

Page 2: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

2 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

EI PLIKT OG EI GLEDESpareBank 1 Hallingdal SpareBank 1 Hemsedal SpareBank 1 Valdres

Vi har eit sterkt samfunnsengasjement i banken. Ikkje berre fordi det er vår plikt gjennom sparebanktradisjonen, men også fordi det er ei stor glede for oss å kunne bidra til eit rikare organisasjonsliv i Hallingdal og Valdres gjennom økonomisk stønad.

Hallingar og Valdrisar legg kvart år ned tusenvis av av timar på frivillig arbeid i lag og organisasjonar. Så veks det då også opp unge talent innan idrett og kultur, og lokal-samfunnet vårt blir endå litt rikare å bu i. Men sjølv om viljen er stor og dugnads-timane mange trengs det ofte litt pengar for å kome i mål.

Gjennom dei som spør oss om sponsorstønad ser vi mangfaldet i lags- og organisa-sjonslivet. I løpet av eit år støtter banken alt frå eldretreff med nokre hundrelappar i annonsestønad til hundretusenar av kroner for nye kunstgrasdekke. Eit godt bilete på det rike fritidstilbodet vi har!

Med Bankmagasinet ynskjer vi å gje deg eit lite innblikk i noko av det banken har en-gasjert seg i gjennom året, og ein liten smakebit på det som kjem. I år som i fjor kan vi love at vi skal halde fram arbeidet med å bidra til det rike idretts- og kulturlivet vi har.

TUSEN TAKK TIL ALLE DE SOM DRIV MED FRIVILLIG ARBEID! DET ER EI GLEDE Å SAMARBEIDE MED DYKK!

Knut Oscar FletenAdm. banksjef

Page 3: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 3

InnhaldStasmusikk Ål kulturhus side 4-5

Ny profil SpareBank 1 i moderne drakt side 6

Beijing på åtte dagar side 8-11

Hemsedal Jazzfestival side 14-15

Fotomontasje Finn deg ei blomstereng side 16-17

Årets julegåve til Foreningen Tiltak side 19

Hallingrittet Sykkelritt på Halling side 24-25

Fagernes - Kastar glans over tilveret side 26-27

Magasinansvarlig: Stian Møllerplass

Tekst: Knut Erik Jetlund

Famsidebilete: Thor Østbye

Foto: Knut Erik Jetlund Sigmund Krøvel-Velle Torbjørn Gunhildgard Kjell Bergom Svein Rosseland Thorgeir Røer Thor Østbye Ole J. Brye

Layout: Hallingdølen AS

Trykk: Dagblad Trykk AS

Page 4: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

4 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

«Taktfast applaus frå ein fullsett sal møtte Forsva-rets Stabsmusikkorps i Ål kulturhus fredag kveld – før dei hadde spela ein einaste tone.

Det var tydeleg at publikums forventningar var høge. Og dei vart ikkje skuffa. FSMK er Norges største og fremste militære korps og dessutan for-svarets representasjonsorkester. Ikkje uventa baud dei på ein fargerik, flott og feiande konsert. Den viste kvifor korpset går under tilnamnet ’stasmu-sikken’. (…) Å sette saman fiolin og blåseorkester kan i utgangspunktet høyrast vågalt ut. Ein skulle tru at den spinkle fiolinen lett blir overdøyvd. Men i Max Bruch sin fiolinkonsert hevda Arve Tellefsen solistpartiet godt opp mot det langt meir robuste korpset.» (Sigmund Krøvel-Velle, Hallingdølen).

Arve TellefsenKjend og kjær for alle, fødd i 1936, spelt fele sidan han var seks år gamal - talentet vart sikkert lagt merke til frå fyrste bogedraget. 20 år gamal vann han Prinsesse Astrids Musikkpris, i 1962 Harriet Cohen International Award, London «Young mu-sican of the year». Dét vart òg starten på ei even-tyrleg karriere, som på ingen måte er slutt ennå; i desse dagar driv han – sikkert mellom mykje anna – og førebur Oslo Kammemusikk Festival 2008, den tjuande i rekkja. Han tok sjølv inititavet til festiva-len og er framleis kunstnerisk ansvarleg.

Arve Tellefsen har spelt over heile verda og fått uhorveleg mange prisar, gull og diamantplater for den tekniske briljansen, den unike varme og

vibrerande tonen, den lidenskaplege intensiteten. Han fengslar tilhøyrarane, kommuniserer med dei – også langt utover tonane.

Ole Kristian RuudDebuterte som dirigent med Oslo Filharmoniske orkester i 1985. Sidan har han gjesta ikkje berre alle norske, men òg orkester i Frankrike, Spania, England, USA og Japan. Frå 1987 til 1995 var han kunstnerisk leiar i Trondheim symfoniorkester, frå 2000 til 2003 hadde han same stilling for den nor-ske profilen i Stavanger symfoniorkester. I perio-den 1996-1999 var han sjefsdirigent i Norrkøping symfoniorkester. Forsvarets stabsmusikkorps kom han til i 2006.

Ole Kristian Ruud har dertil vore svært aktiv med innspeling av norsk musikk og fått strålande kritikkar. Han er professor på Norges musikkhøg-skole med ansvar for dirigentutdanninga, og kvar sommar er han leiar for Ungdomssymfonikerne under festspela i Elverum.

Forsvarets StabsmusikkorpsEr landets viktigaste representasjonsorkester og deltek ved parader som Kongen, Regjeringa og Forsvaret arrangerer. Oppgåvene er mange i både inn- og utland. Korpset samarbeider mellom anna med Den Norske Opera, og dei 39 fast tilsette musikarane held eit svært høgt nivå. Repertoaret omfattar både klassisk og samtidsmusikk, jazz og populærmusikk.

Forsvarets Stabsmusikkorps, representasjonskorpset framfor no-kon – på høgde med dei profesjonelle symfoniorkestra, Ole Kristian Ruud – internasjonalt etterspurd dirigent med fantastiske kritikkar, Arve Tellefsen – verdsartisten. Den 16. februar i 2007 kom dei også inn på merittlista til Ål kulturhus!

Stasmusikk

Drog lasset saman: Frå høgre: Solist Arve Tellefsen, kulturhusleiar Thor Olav Fjellhøi, Stian Møllerplass og Jostein Sørbøen frå SpareBank 1 Hallingdal.Foto: Bjørn Halfdansen.

Forsvarets Stabsmusikkorps. Foto: Forsvarets Stabsmusikkorps. Spelt i 65 år: Han begynte då han var seks år, nå er han 71. Foto: Forsvarets Stabsmusikkorps.

Page 5: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 5

 Flamenco de mi AlmaDet bør bli rift om billettane til forestilinga i Ål kulturhus den 13. april. Då kjem unge flamencoartistar frå toppeliten i Spania!Mellom dei er også Marco Flores, vinnaren av den prestisjetunge konkurransen «Concurso Nacional de Arte Flemenco de Córdoba». Karen er mykje omtalt i spansk presse for tida og er ein ettertrakta artist over heile verda. Det kjem truleg til å koke i kulturhuset denne kvelden.

Høyr berre:Flemenco har røttene sine i Andalucia i Sør-Spania. Opphavet er songen åt sigøynarane, som etter kvart fekk fylgje av gitaren og dansen som ein del av det totale uttrykket vi kjenner i dag. Flamenco er den komplette opplevinga av ei særeigen musikkform med temperamentsfull og sensuell dans, akkompagnert av karakteristisk sjelfull song og gitarspel. Uttrykket blir fullendt med suggererande rytmar frå «pal-mas» (klapping i hendene) og spontane «jaleos» (tilrop). Samspelet skaper ei kjensleladd og lidenskapleg atmosfære, som uttrykt i tittelen på forestillinga: «Flamenco frå mi sjel».

Forestillinga vil by på alt dette – gjennom solonummer og koreografert dans med musikarar på både eiga hand og i samspel med heile ensemblet.

Gled deg!

FLAMENCO«de mi Alma»

Ål kulturhus- 13. april 2008 -i samarbeid med Sparebank 1 Hallingdal

Artister:Marco Flores – dans/Spania(Årets prisvinner av «Concurso Nacional de Arte Flamenco de Córdoba»)Jesús Fernandez – dans/SpaniaJuan Manuel Mora – sang/SpaniaPedro Obregon – sang/SpaniaAntonia Jiménez – gitar/SpaniaJesús Morente – gitar/Spania-Norge«Elena» – dans/Norge

Et forrykende flamencoshow med fantastiske flamencoartister fra Spania, i samarbeid med flamen-codanser «Elena» fra Centro de Flamenco i Oslo!

Til denne produksjonen har jeg valgt å invitere et spesielt utvalg av unge, etablerte flamencoartister fra toppeliten i Spania. Spesielt vil jeg presentere flamencodanser Marco Flores, som er årets vinner av den prestisjetunge konkurransen, «Con-curso Nacional de Arte Flamenco de Córdoba», som går av stabelen hvert tredje år. Denne elegante og kraftfulle danseren er for tiden mye omtalt i spansk presse og er en ettertraktet artist både i Spania og på scener verden over. Flores og de andre utøverne vil garantert få salen til å koke denne kvelden!

Flamenco er en kunstart med røtter fra Andalucia, Sør- Spania. Opprin-nelig startet det med sigøynernes sang, deretter ble gitaren og dansen en viktig del av det totale uttryk-ket. De fleste assosierer gjerne flamenco med den ildfulle dansen, som igjen har vært sterkt medvir-kende til at flamenco idag er utbredt verden over. En komplett opplevelse av denne særegne musikkformen består av temperamentsfull og sensuell dans, akkompagnert av karakteristisk sjelfull flamencosang og gitarspill. Uttrykket blir fullendt med suggererende rytmer skapt gjennom palmas (håndklapping) og spontane jaléos (tilrop). Gjennom dette samspillet skapes det en fol-kelig, følelsesladd og lidenskapelig atmosfære! Eller for å uttrykke det gjennom vår tittel - «Flamenco de mi Alma» (fra min sjel)

Forestillingen er bygget opp av en harmonisk blanding av solonumme-re og koreograferte dansenummere. Musikerne vil gjennom hele forestil-lingen briljere i egne solonummer og i samspill med hele ensemblet. Denne spektakulære forestillin-gen vil ha en varighet på ca 2 x 45 minutter.

Thor Olav Fjellhøi, kulturhusleiar.

Foto: Centro de Flamenco.

Ål kulturhus, 13. april:

Page 6: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

6 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

Det store kvite eittalet med den raude myntranda rundt er for mange syno-nymt med den lokale kvalitetsbanken. Designet har tent oss godt desse åra. Likevel endrar vi det i 2008.

I takt med tidaVi er og skal alltid vera ein bank i utvikling – moderne og spennande. Då må det grafiske uttrykket vera i takt med tida, slik at nye kundar finn lettare fram til oss. Men det må òg vera slik at du kjenner oss att, du som veit at banken fyrst og fremst er dei menneska som arbeider der – servicen du får og tenestene dei tilbyr.

TraustMålingar viser at merkevara SpareBank 1 blir oppfatta som traust. Ein positiv verdi, det òg, men han må ikkje få

skyggje for at på både produkt og kom-petanse er vi minst på høgde med dei store finanskonserna i Norge. I tillegg er det jo hyggeleg å snakke med ein rådgjevar som kjenner deg, ikkje sant?

Ikkje keisarens nye kledeI internettsamfunnet er tolv år nesten som ei lita æve. Berre eit fåtal entusi-astar brukte internett som ein del av dagleglivet i 1996. I dag har vi attpå til fått fleire andre tekniske vidunder til å kommunisera med.

Den gamle logoen vår vart ikkje de-signa med tanke på elektroniske flater - dataskjermar, mobiltelefonar, TV-ar, GPS-ar... Dette stiller andre krav til utsjånad – til skrifttyper og fargar for å kunne vera godt leseleg.

Den nye drakta vår er altså på ingen måte keisarens nye klede.

Det vi ynskjer skal bli varig, må vi endraSanneleg har det ikkje snart gått tolv år sidan SpareBank 1 såg dagsens ljos i 1996. I dag er denne alliansen ei av Norges sterkaste merkevarer.

Page 7: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

Labb og Line Spareklubb

Trygg start på livet– heilt gratis!

• Fødselsgåve

• God innskotsrente

• Bursdagshelsingar og gåver

• Aktivitetar med Labb og Line

La barnet ditt oppdage

verdien av å spare

saman med Labb og Line.

Hugs at grunnlaget for ein

sunn økonomi legg ein gjerne

i barne- og ungdomsåra.

Page 8: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

8 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

Beijing på åtte dagarI fjor haust arrangerte SpareBank 1 Hallingdal den aller fyrste kundeturen sin – til sommarens OL-land. Berre vellukka, så truleg vart han starten på ei lang rad spennande reisemål – med Cuba som det neste. Og deretter? Kvifor ikkje vin- og fjellvandring i Italia!

På muren: Glade vandrarar på Den Kinesiske Muren. Frå venstre: Atle Fosse, Tordis Fosse, Ola Bøygard, Elise Røysi, Eirik Røysi og Margit Øygard. Hattane kjøpte dei på mu-ren og forma dei slik dei sjølve ville ha dei. Foto: Kjell Bergom.

Page 9: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 9

Page 10: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

10 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

Marmorbåten: Berre til stas og eit utslag av keisarrinneleg stormannsgal-skap. Alle foto frå Beijing: Kjell Bergom.

Snurrig bord: Det er alltid velfylte bord i Kina, og det er berre å snurre dei rundt så kjem maten til deg. Frå venstre: Arne Moslåtten, Bernt Liland (reiseleiar) og Svein Steinbråten.

Keisarpalasset: Berre ein liten del av Keisarpalasset med sine 9999 rom.

Morgontrim: - Eg så ikkje einaste tjukk kinesar, fortel Kjell Bergom. Kanskje er dette grunnen: Dagleg morgontrim klokka sju. Thai Chi er også åndeleg føde.

Page 11: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 11

Slettes inga sjølvfylgje, dette, når ein skal besøkje den gigantiske hovudstaden i Midtens Rike, ein av dei mest forureina byane på heile kloden. Men der-med var også suksessen sikra, for alt det andre som vedkom opplegg og opplevingar, visste reiseverten ville halde mål.

- Operatøren Norsk Tur har godt ord på seg, og vi hadde både norske og kinesiske guidar, fast sjåfør og i det heile teke berre flinke folk over alt, forsi-krar Kjell.

Åtte døgnDei 46 deltakarane gjorde unna både hovudstaden og Den Kinesiske Muren. Dei fekk med seg «alt» på dei åtte døgna dei var heimafrå: Den Himmelske Freds Plass – verdas største torg, Den Himmelske Freds Port, Maos Mausoleum, Folkets Store Hus og Monumentet for Folkets Helter, for å nemna mykje men ikkje alt! Våre eigne stadnamn blir sanneleg puslete til samanlikning. Merkeleg at dette folket et maten sin med små trepinnar.

9999 romKontrastane er store i Beijing – breie gater og enor-me bygningar vegg i vegg med små hytteliknande buområde. Keisarpalasset, kalla Den Forbodne By, er den største attraksjonen. Her skal vera 9999 rom. 9 var både eit heilag tal og talet til keisaren, som det budde 24 generasjonar av i palasset – i ufatteleg rikdom.

MarmorbåtenSommarpalasset er også verd eit besøk – med Den Lange Korridor, 800 måleri taket og Marmorbåten som ei av keisarrinnene absolutt ville ha i den kun-stige innsjøen sin.

Her dominerer også fantastiske hageanlegg og kunstig landskap. Her er fleire palass og tempel.

Kanskje hugsar reisefylgjet likevel best det bug-nande kinesiske ritualmåltidet med Pekingand som den store finalen?

MurenSidan gjekk turen til «Udødelighetens Vei» der 13 Ming-keisarar ligg gravlagde. Deretter til Den Ki-nesiske Muren, verdas største byggverk, meir enn 6 000 kilometer lang. Det er forresten ikkje sant at han er synleg frå månen!

Trafikken– Det var uhorveleg mange filer i breidda – 13 minst. Eg såg rundkøyringar med opptil åtte – utan trafikkreglar, altså heller inga høgrevikeplikt! Sy-klistane måtte tråkle seg i slalåm mellom bilane og håpa på det beste. Alt gjekk så utruleg roleg for seg, fortel Kjell som var like forundra over korleis dei greidde å stappe bussane fulle.

PrutekulturenGod handel kan ein gjere på mangt i den kinesiske hovudstaden, særleg på klede. Pruting er ein sjølv-fylgje. Målet er å kjøpe for ein fjerdedel av prisen. Då er du på omkring tiandeparten av kva same merkevara kostar i Norge. Det er ei kjend sak at når kinesarane har gjort ferdig det bestilte kvantumet til den utanlandske oppdragsgjevaren, lurer dei seg til å lage ein del ekstra som dei sel sjølve i heim-landet.

Men pass deg når du får tilbod om ti «Rolex»-klokker for 300 kroner. Dei ser nok ekte ut, men du er heldig om éi av dei går – ei stund!

Beijing på åtte dagar– Vi var heldige med veret; regnet dei siste dagane hadde reinska lufta til vi kom, og vi såg sola dagstøtt, fortel reisevert Kjell Bergom når vi spør han om korleis han hadde det i Beijing i fjor haust. Typisk: Etepinnar, Mao er

framleis på pengesetelen og den uforståelege skrifta, som i dette tilfellet betyr Kjell! Illustrasjon: Knut Erik Jetlund.

Reiseverten: Kjell Bergom er ein reiseglad bankmann. I oktober tek han kundar med seg til Cuba. Foto: Knut Erik Jetlund.

Kanskje hugsar reisefylgjet likevel best det bugnande kinesiske ritualmål-tidet med Peking-and som den store finalen.

Page 12: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

13t18 – for deg mellom 13 og 18

Ta kontrollen– heilt gratis!NettBank, Mobilbank og Visa-kort

gjer det enklare å bruke banken

og ha kontroll over økonomien din.

Det krev også større sjølvdisiplin.

Er du klar for fridomen og

ansvaret?

Å bli 13t18 kunde hjå oss vil seie

at bruk av banken ikkje koster

noko.

Er du allereie kunde hjå oss,

men ikkje med i 13t18?

Ring oss på telefon 03202 eller

kom innom lokalbanken din.

Page 13: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

18t30 – for deg mellom 18 og 30

Kom i gang– heilt gratis!

Med 18t30

treng du ikkje betale

for å bruke banken.

Bruk kortet ditt

så mykje du vil i

Norge og utlandet

og betal rekningane

dine i NettBank

– heilt utan kostnad.

Ring oss på 03202

for å bli 18t30-kunde

Page 14: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

14 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

Opphavsmannen er ikkje i tvil om at dalen, vatna, fossane, ufsene og urdene skaper klang og farge som ingen annan stad. Ei sjølvkonstruert gamme på hi sida av Hemsila er også konsertlokale.

- Publikum måtte stiltra seg over ei hengjebru medan saxofontonar fylgde dei frå skogen og inn i gamma til ei ugløymeleg stund, fortel han og drøymer seg tilbake til den fyrste festivalsomma-ren 2006.

Utfordrande musikklab- Men dei utanlandske musikarane som skal få spela her, må ha noko å tilføre, og dei må vera genuint interesserte i å utforske den norske sam-tidsjazzen med vindauge mot verda. Her skal vera ein utfordrande musikklab for både utøvarane og tilhøyrarane, den skal utvikle seg under sitt abso-lutte særpreg, understrekar han og er sjølvsagt glad for attraktiviteten.

Potensial for kommunenSvein er også svært glad for den økonomiske støtta han har fått tidlegare. Nå håpar han at både kom-munen og næringslivet ser seg i stand til å bli med vidare og støtte eit tiltak det tek tid å etablere.

– Eg er er klar over at eg må innrette ambisjonsni-

vået etter kva dei kan gå inn med av sponsormidlar – ut ifrå deira eigen økonomi og eiga interesse. Men eg veit også at båe er genuint opptekne av å utvikle eit reisemål prega av kvalitet, mangfald og særpreg. Då må vi ha både breie og smale tilbod. Det nyt eg godt av, seier han og legg til:

– Målet er ikkje å bli stor. Festivalen skal vera liten, men betydningsfull. Her skal ingen konsertar gå parallelt; publikum skal kunne få med seg alt, og musikarane skal få høyre kvarandre.

VerdspremiereTomas Strønen er internasjonalt anerkjend kompo-nist og den fyrste europeiske trommeslagaren med kontrakt på det prestisjetunge selskapet ECM, og har vore med på eit førtitals plateinnspelingar. Han deltek berre på dei festivalane der særpreget stem-mer med hans eigen musikalske integritet. I fjor var han «Artist of Recidence» i Hemsedal.

Til overmål spelte han saman med to andre av stort internasjonalt format, den norske saxofonis-ten Tore Brunborg og den nederlandske cellisten Ernst Reijseger.

Her snakkar vi altså om tre så internasjonalt kjende musikarar at dette vart omtalt som ei verds-premiere.

Det jazzar i Hemsedal- Musikarar frå alle verdshjørne har spora opp Hemsedal Jazzfestival. Og det berre halvanna år etter at vi starta. Like gledeleg er det at dei som har vore her før, ber om å få koma att, seier Svein Rosseland – alias Mr. Jazz Hemsedal.

Gründaren: Til sommaren arran-gerer Svein Ros-seland den tredje festivalen sin.

Page 15: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

Dei som var der, gløymer det ikkje; den magiske stunda framfor det store vindauget på Skarsnuten Hotell, med regn og skodde utanfor, som så letta – akkompagnert av den fantastiske musikken.

Hemsedal bibliotek er òg ei av scenene, forresten lovprist av songarrinna Anne Lise Berntsen for framifrå akustikk. På Hemsedal café tonar ma-instream 60-talsjazz, eit lite avvik frå særpreget, kanskje, men viktig for sine entusiastar.

I draumen til Svein er ein konsert ved Hydalsvat-net!

Workshop for ungdom- Eigentleg det viktigaste arrangementet. Tre dagar med kurs for dei frå 15 år og oppover, som vil lære meir improvisasjon og samspel. Kurset er for alle – same kva musikalsk bakgrunn dei har. Fleire av instruktørane er internasjonalt kjende artistar, smiler den optimistiske festivalgründaren.

Nå håpar han at både kommunen og næringslivet ser seg i stand til å støtte eit tiltak det tek tid å etablere.

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 15

Hemsedal Jazzfestival 2008: 26.-29. juni. Det er ennå eit stykke att før alt er klart, men at det blir ungdoms-workshop, er heilt sikkert. Og «Artist of Recidence» er like klar:

Ole Morten VåganFødd i Brønnøysund i 1979Eit av Norges største talent på kontrabass

Utdanna på Jazzlina på NTNUHan debuterte i jazzsamanheng i Nord-Norsk Ungdomsstorband på slutten av 90-talet, som førte til både turné og radiokonsert for NRK P2. Han har leia bandet Motif og fått NOPAs komponistpris og Young Nordic Jazzcomets-pris i København. Han er med i Maria Kannegaards Trio og har vore med på fleire plateutgje-vingar med Tore Johansen. Ole Morten Vågan har mellom anna også vore bassist i A Tribute to Lars Gullin, har samarbeidd med Roger Kellaway, Frode Nymo, Atle Nymo, Jonas Kullhammar, Knut Riisnæs og Vigleik Storaas. Nemnast må også at han samarbeider på fast basis i Bugge Wesseltofts «New Concep-tion of Jazz».

Alt går anIkkje noko er gale, og ingen ting er rett når barn får utfalde seg slik det fell dei inn. Og alle kan spele musikk. Geilingen Terje Isungset – tromme-slagar, perkusjonist, multiinstrumen-talist og komponist – tok dei med inn i sitt heilt eigne musikalske univers.

Han hadde ikkje på førehand bestemt innhaldet i konserten, det måtte barna vera med og styre. Må-let var å skape god musikk. Fekk dei det til? Ja, det vart ein suksess!

Verdspremiere: Tre store musikarar spelar saman for fyrste gong. Frå venstre Tomas Strønen, Tore Brunborg og Ernst Reijseger. Foto: Svein Rosseland.

Hemsedølar: Are Rosseland (23) har nettopp kome inn på Jazzlina på NTNU. Kristin Andresen (25) er tidlegare student der. Foto: Torbjørn Gunhildgard, Hallingdølen.

Foto: Sigmund Krøvel-Velle.

Page 16: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

16 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

Når sommaren kjem, må du òg finne deg deg ei vakker blomstereng i fjell-bjørkeskogen. Set deg på kne, kjenn og sjå artsrik-domen: grasartane, eng-soleia, skogstorkenebbet, engsmella, tyrhjelmen, skogstjerneblomen ..., sommarfuglane og alle dei andre insektene ho lokkar til seg.

Page 17: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 17

1. rekke f.v:Brun blåvingeBrunflekket perlemorvingeEngringvingeFjellblåvingeFjellperlemorvingeFløyelsringvinge

2. rekke f.v:IdasblåvingeMyrblåvingeMyrgulvingeMyrperlemorvinge

3. rekke f.v:OransjegullvingePiggsvinspinnerVanlig blåvinge

Foto: Thor Østbye

Page 18: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

Nyt livet

Nyt livet– heilt gratis!

Nyt livet er vårt

beste tilbod til deg

som har passert 64 år.

Vi hjelper deg med

å gjere banktenestane

enklare så du kan bruke

tida di på det du har lyst til.

Legg opp faste rekningar

med AvtaleGiro og motta

andre fakturaer i nettbanken

din. Så kan du gjere det du

vil, og la banken segle sin

eigen sjø.

Med Nyt Livet kostar det

ikkje noko å bruke banken,

dersom du gjer det på

smartaste måte.

Page 19: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 19

Foreningen Tiltak Kreft- og Hjertesyke barn

Dette er ei uavhengig foreining som samlar inn pengar til spennande opplevingar for alvorleg sjuke barn. Besøk i Oslo Spectrum, fotballkam-par, konsertar, kino, teater og revyar for å nemne noko av det dei inviterer til. Akkurat nå er foreininga i ferd med pusse å opp leikerommet på augeavdelinga på Ullevål sjukehus. Og så må vi sjølvsagt nemne Langedrag Naturpark, som er eitt blant mange reisemål.

Reisemål: Langedrag Naturpark. Foto: Sigmund Krøvel-Velle.

Kvar jul gjev SpareBank 1 Hallingdal ei gåve til ein nasjonal humanitær sak. I 2007 gjekk ho til Foreningen Tiltak for Kreft- og Hjertesyke barn.

Page 20: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

20 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

KUNDESENTERDesse møter du på tlf. 03202

Dei som jobbar herVi byrjar å bli ein stor gjeng!

Her finn du bilete av alle som har jobben sin i Spare-Bank 1 Hallingdal. Du kan også sjå kor dei jobbar og kva dei driv med. Nokre fjes er ganske nye, mens andre har vore med i ei årrekkje. Sjansen er stor for at du finn nokon du kjenner.

Ål

Sunniva Vikøy Berg

kundemedarbeidar

SisselEiklid

kundemedarbeidar

Ann CathrinErga

kunderådgjevar

GunvaldFrydenlund

kundemedarbeidar

KåreGåsbakk

Avd. banksjef

VidarIsungset

leiar daglegbank

HallePerstølen

kundemedarbeidar

Siv HanneSøla

kunderådgjevar

MaritTormodsgardkunderådgjevar

Liv G.Bjella

kunderådgjevar

Valhall

PålBraathen

bedriftsrådgjevar

Kari AnitaBrenna

bedriftsrådgjevar

Bjørnar Hallset

bedriftsrådgjevar

LarsLindmo

bedriftsrådgjevar

HallgeirMythe

Avd. banksjef

UnniSundt

bedriftsrådgjevar

KnutSandåker

bedriftsrådgjevar

VeraMagnussen

bedriftsrådgjevar

Mona Øino Øen

bedriftsrådgjevar

Hanne Øverby

bedriftsrådgjevar

Tove Kinnebergbråtenavd. banksjef

Bjørg Jordetkunderådgjevar

Kari Gjerdalenkunderådgjevar

Anne Karin Langehaugkunderådgjevar

Heidi Ringstadkunderådgjevar

Gro H. Storebråtenkunderådgjevar

Else Birgit Østrokunderådgjevar

Page 21: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 21

Gol

KristinBakke

kunderådgjevar

KjellBergom

kunderådgjevar

BjørnHermundsgårdkundemedarbeidar

GerdEngebakkenkunderådgjevar

Wibekke-HelénViken

kunderådgjevar

Nelly K.Bjørnebråtenkunderådgjevar

EllenIntelhus

kunderådgjevar

ArveKinnebergbråten

Avd. banksjef

WencheKøso

kundemedarbeidar

GuriSøndreli

leiar daglegbank

Stab/administrasjon

Knut OscarFleten

adm. banksjef

Marit MedhusBreie

rekneskapsmedarb.

ToveBusethinnkjøpar

BjarneDokk

administrasjonssjef

Sigrid AnnaGrøthe

controller

ErlingHagen

økonomisjef

StianMøllerplassmarknadssjef

Ann KarinOppheim

personalsjef

Knut ArneSvartebergikt konsulent

Marit HefteVindegg

rekneskapssjef

ØysteinWalle

banksjef kunderetta verksemd

Depot

LudvigMunkejord

depotsjef

Gerd S.Arnegard

depotmedarbeidar

Ann-karinNytvedtdepotsjef

WencheEngene

depotmedarbeidar

BirgitHallingstad

depotmedarbeidar

Fagsjefar

Leif OveHelling

plassering

BjørgBaklienforsikring

StianRygg

banksjef fagretta verksemd

VidarSolheim

kunderelasjon

GroHaugstad

betalingsformidling

Fagernes

BodilRudlang

Avd. banksjef

Ola HermannBakken

kunderådgjevar

Ann KristinBakkene

kunderådgjevar

LivBrestad

kunderådgjevar

Hemsedal

Anja LangehaugRukke

kundemedarbeidar

JohannesHaraldsenavd. banksjef

MarteHole

kunderådgjevar

SiwJostad

kunderådgjevar

FrodeKristoffersenkunderådgjevar

MonaLimbodal

kunderådgjevar

Ellen M.Mythe

kunderådgjevar

Marit StoreskarBråten

kunderådgjevar

Bente MoeSvoldal

kunderådgjevar

VigdisThorset

kundemedarbeidar

Steinar Hagen

teknisk medarbeidar

Fra 1. april er Jan Fransson

tilsett som kunde-rådgjevar i

Hemsedal og Hege Nyhus som kunderådgjevar

på Ål.

Page 22: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

KF6

2 D

INA

MO

Fo

to: L

ars

Bot

ten

Bank. Forsikring. Og deg.

Og puuuh.

Kasko.

Bonus.

Page 23: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

Kjøp og salg av bolig og fritidseiendom

En handel du skal leve med

Kjøp og salg av bolig

eller fritidsbolig er blant de

vik tigste avgjørelsene du tar.

Derfor er det viktig å velge en

megler som du kan stole på.

EiendomsMegler 1 har

lang erfaring og god kunnskap

om markedet i Hallingdal.

Du fi nner oss i Hemsedal,

Geilo og Gol.

Velkommen til å kontakte oss!

HEMSEDAL tlf 3205 5200GEILO tlf 3208 7360GOL tlf 3202 9900

E-post: [email protected]

www.eiendomsmegler1.no

Page 24: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

24 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

Hallingrittet 2007 - noko lortut!I år va det ikkji mykje tå noko tå det nei. Det va blautt både ovante og nedante. Nokre tryna slik at det vart vått frå sia me! Hutte me tu, ko følk kan få seg te å gjæra. Mang ei kjæring og mor vart nok noko arg i dag ja, førr sykkelkleudn dei lyt nok vaskast ette 42 km på gjørmutte vega og stiga...

510 deltakeraOmlag trædve Andebarkjera sykla Hallingrittet på Golsfjellet. Totalt va det rundt rekna 510 deltakera på sjølve rittet, noko som e ein durable bra vekst frå fjorårets 300. Om detta fortsett, ja då bi`re trøngt på parkeringa og i dusjen på Oset.

DETTA E ANDEBARKJI TSKAndebarkji TSK er ein terrengsykkelklubb for Hallingdal, og har rundt 220 medlemma.«Andebarkji» er eit originalt hallinguttrykk. «Ande» tyder å puste.«Barkjen» kan oversetjast med tungpusta, ein som geispar etter luft.Andebarkji TSK vart offisielt skipa 6. juni 1998 på Tørpo. Klubben har per dags dato stor akti-vitet og era medlem i Norges Cykleforbund.

Sykkelritt på hallingmål

Kan du tenkje de noko bære enn å sita på sykkelen å trø i sumarværmen, turre fine vega og ei strålandes sol som gjer kroppen brun og ven? Ja, kan livet bi noko særle bære enn som so? Vel, det kan nøk ikkji dei trædve Andebarkjeradn som sykla Hallingrittet svara deg på.

Alle foto: Thorgeir Røer.

Page 25: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 25

Kjelde: Henta på heimesida til An-debarkji terrengsykkelklubb. Du finn mykje meir på www.andebarkji.com

Labb og Line sykkelfestivalSundagen ette lurdagen med Hal-lingrittet arrangerte Andebarkji på vegne tå SpareBank 1 Halling-dal Labb og Line sykkelfestival på Golsfjellet.

Det var blautt frå absolutt alle kanta. Vatnet som fyst kom ovan-te seig so inn neante, samstundes som ivrige unga spruta frå sia. Me are ord, alt låg te rette førr eit skikkele gødt arrangement.

Storkosa segIsbjødnadn Labb og Line kom sprettandes som om dei voro blod-dopa, båe to i gummistøvla. Mule valet tå skoty skyldes den globale uppværminga som gjer at polisen smelta, men det veta

me ikkji heilt sikkert. Ungadn, heile 38 stykk, storkosa seg ute i regnet. Regnet slutta faktisk te og me, slik at dei vaksne ikkji vorto so blaute som dagen fyriåt.

Dei minste sykla ein runde gjønnom ulike hinder, fyri dei la ut på ein strabasiøs runde på baksida tå hotellet.

Førr dei eldste ungadn kan det nøk ha vørte lite kjedele, sidan me måtte legga om traseen på grunn tå alt vatnet. Te neste år sko me laga ei bære løype førr dessa me.

Dugnadsgjengen gjorde ein framifrå jobb. So bra voro dei at Eirik Hesla frå Gol sa te mor si at: «Line e jo heilt galen i dag!».

Sykkelritt på hallingmål

Labb trødde til: Ingeborg Olsøybakk kom heilt frå Trondheim for å sykle om kapp. Var godt å få litt starthjelp av Labb

Moro: Eirik Hesla Berget i godt selskap mellom Line og Labb.

Page 26: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

26 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

Korpset sjølv blir hundre i 2011, eller kanskje er det i 2013; ingen er heilt sikker. Nokre år låg det også nede, men ildsjeler fekk det på føtene att. I dag tel mannskapet 30. Gjennomsittsalderen ligg mellom 35 og 40.

– Vi strevar litt med rekrutteringa, men låner frå andre korps – og det er alle partar tent med. Vi blir fleire, musikarane får meir utfordringar og har med seg erfaringar tilbake til eigne korps, fortel leiar Birgitta Eraker.

Mange prisarOg kvaliteten er god. Alle har som mål å gjera sitt aller beste. Flotte resultat har dei også oppnådd: I 1986 gjekk dei til topps i 3. divisjon i norgesmeisterskapen. I 2005 var dei nede i 4. divisjon, men vann. I 2007 gjekk dei til topps i 3. divisjon på den internasjonale Grenland Brass Festival, dit dei reiser kvart einaste år. Dåverande dirigent Tor Arthur Hagen vart kåra til divisjonens beste dirigent, Marte Skattebo til beste solist.

Musikken betyr mest– Konkurransane er viktige. Dei gjer at vi skjerpar oss. Mest betyr dei nok for ungdommane, som vil ha noko å strekkja seg etter, fortel korpsleiaren, men understrekar at det sjølvsagt er musikken som betyr mest.

– Og så koblar du så godt av, gløymer alt anna, legg ho til– Eg gjer dette for å kaste glans over tilveret for andre, seier veteranen

Svein Gyldenskog spøkefullt. Men han meiner det nok, kva hadde nasjo-naldagen vore utan ...?

Ny konkurranse– I skrivande stund er det hardøving fram mot årets Grenland Brass Festival i dagane 25. til 27. april det handlar mest om. Melodien Three Gentle Gigants går om att og om att. Målet er å terpe seg fram til det perfekte – og kanskje ny siger!

Sidan går det slag i slag med 1. mai og 17. mai. Siste laurdagen i mai er dei med i vertskapet når Garden kjem til Fagernes. Sidan er det fullt haustprogram, mellom anna med showkonsert på Fagernes Hotell i no-vember. På menyen står pop- og filmmelodiar. I fjor var det full sal!

Fekk du lyst til bli med? I så fall er du hjerteleg velkommen. Sjå meir på www.fagernesmusikkorps.no

Ein av verdas besteFagernes har fostra fleire musi-karar som har blitt rekruttert til norske elitekorps. Den frem-ste så langt er Tormod Flaten, opprinneleg frå Vestre Slidre. Han har etablert seg mellom dei

fremste i verda på euphoni-um, og har nettopp lansert sin tredje solo-CD, From the Deep.

Kvalitet, konkurranselyst og trivsel står i høgsetet hos Fagernes Musikkorps

Kastar glans over tilveretKorpsets «grand old man», Svein Johansen, er 75 og skal snart blåse sin syttande mai nummer 64. Yngstemann, Einar Rime, er 14 og har spelt i seks. Dei synest det er like moro båe to.

«Konkurransane er viktige. Dei gjer at vi skjerpar oss. Mest betyr dei nok for ungdom-mane, som vil ha noko å strekkja seg etter.» Birgitta Eraker

Page 27: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 27

Røyrklokker: Nataniel Eraker Hjønne-våg i full konsentrasjon.

Trombonar: Anne Bråten Tvenge (t.h.), Ingvild Vidste og Tonje Kolsrud. I bakgrunnen Kent Hømanberg på tuba. Kanskje like greit å skjera vekk sistemann?

Kornettrekkje: Bjørn Magne Nyha-gen, Marina Eraker Hjønnevåg, Hege Marit Gyldenskog, Birgitta Eraker, Anne-Grethe Kolstø og Anette Gun-derhuset.

Trivsel: Korpsleiaren mellom yngste- og eldstemann i korpset. Foto: Knut Erik Jetlund.

Page 28: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

28 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

Kryssord

Problem:Hvor mange hvite prikker mangler på den soppen vsom ikke har noen prikker?

Oppgulp

Kakuro

SuDoku

Hjernetrim

Tips:-1

Regler:1. Hvert av kvadratene med 3x3 ruter må fylles med noen av tallene fra 1 til 9.2. Hver vannrett og hver loddrett linje må også inneholde alle tall fra 1 til 9.3. Et tall skal ikke forekomme mer enn en gang per rad (vannrett og loddrett) eller kvadrat.

Regler:Hvert av de hvite feltene skal inneholde et av tallene fra 1 til 9 (null er ikke tillatt).Når tallene i de hvite feltene legges sammen, skal sum-men tilsammen være som angitt i det svarte feltet.Som hjelp for å komme igang, er noen av tallene i de hvite feltene allerede på plass.For hver sum må alle tallene i de hvite feltene være for-skjellige. For eksempel kan summen 4 med to tall skrives enten 1+3 eller 3+1 (2+2 blir ikke godkjent, fordi det er samme tall).

Løsninger

Løsning Hjernetrim:8. Den minste soppen har alltid én prikk mindre enn den store.

Av Lars Lauvik

Page 29: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 29

© BullsSudoku CC0001

© BullsSudoku CC0002

Bompibjørnene

Sudoku Kryssord

Tiger

Marvin

Page 30: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

I løpet av året er eit nytt selskap kome til, EiendomsMegler 1 Geilo AS (tidlegare Terra Eiendomsmegling Geilo AS) der banken har kjøpt 85 % av aksjane.

Banken skal profilerast som ein lokalbank med evne til å framstå som nær og dyktig med behovstilpassa løysingar for kundane. Vidare skal banken vere ein aktiv og sterk samarbeidspartnar for næringsliv og offentleg sektor, og i tillegg ein aktiv støttespelar som gir verdi for lokalsamfunnet.

Strategisk samarbeid i SpareBank 1-alliansenSpareBank 1-alliansen har som overordna målsetting å produsere og levere konkurransedyktige finansielle tenester og produkt, samt å ta ut stordriftsfordelar i form av lågare kostnader og/eller høgare kvalitet, slik at privatpersonar og bedrifter opplever lokal forankring, dyktigheit, og ein enklare kvardag.

SpareBank 1 Hallingdal si verksemd i 2007I 2007 har vore nok eit år med markant utlånsvekst. Spesielt innafor bedriftsmarknaden merka banken høg etterspørsel etter finansielle tenester. Den tiltakande veksten me såg mot slutten av 2006 har held fram i 2007. Innafor privatmarknaden har veksten avteke noko, men er framleis på eit nivå som er over den private kredittveksten i Noreg.

Plasseringsområdet har vore prega av ein uroleg børshaust og Terra-saka som verserte i media i lengre tid. Dette har sett ekstra fokus på ulike plasseringsprodukt. Spesielt strukturerte produkt har vorte trekt fram som eit spareprodukt som er komplisert for kundane og stiller store krav til rådgjeving. Ein marknad med stigande rente og dårlegare børsavkastning har også forsterka risikoen med slike plas-seringar, dersom den er lånefinansiert.

Som eit ledd i å betre kvaliteten på rådgjeving av kundane start ban-ken i 2007 med segmentering av kundar etter bidrag og produktbreid-de. I tillegg blir rådgjevarane tildelt ei portefølje som skal følgjast opp for å knytte sterkare band mellom bank og kunde. Arbeidet har starta i Hemsedals-avdeling og blir sett i verk på dei andre kontora i 2008. Oppfølging av kundar ved spesielle hendingar har vore ein suk-sess. Det viser seg at SpareBank 1 Hallingdal mistar færre kundar i alderen 18-30 år enn andre SpareBank 1 bankar. Det godskriv me den oppfølginga me gjer overfor denne kundegruppa.

SpareBank 1 Boligkreditt AS er eit selskap som er etablert med føremål å overta dei beste bustadlåna frå bankane, lån innafor 75 % av takst. Med sikkerheit i slike lån kan selskapet utstede såkalla «særskild sikra obligasjonar» (covered bonds) i den norske eller

internasjonale marknaden til god pris. Dette blir difor eit finansier-ingsinstrument for bankane som delvis kan erstatte ordinære innlån, og samstundes vere med på å sikre at banken kan gje lån med god sikkerheit til ein konkurransedyktig pris også i framtida. Banken har førebudd overføring av lån til selskapet i 2007 og vil starte overføring for fullt i 2008.

KompetansehevingMorbanken held i 2007 fram med si satsing på kompetanseheving. Fleire tilsette deltok på vidareutdanningsprogram, i hovudsak innafor BI-systemet. I 2005 var banken delaktig i å få på plass eit utdanningsprogram innafor alliansen, læringshuset PM (privatmark-naden). Implementering av dette er gjennomført og det er eit stort kompetanseløft som er gjennomført i banken på dette området dei to siste åra, blant anna: 671 e-læringsmodular er gjennomført og bestått.Alle tilsette (inkl. lengre vikariat) har gjennomført 1,5 dagers kurs i Etikk og god rådgjevingsskikk. Alle tilsette (inkl. lengre vikariat) har godkjent og bestått e-lærings-modul for den nye Kvitvaskingsloven, samt at alle i kundeposisjon har gjennomført minimum 1 times internopplæring i temaet. 30 tilsette har gjennomført 2 dagars kurs i Sparing i rentemarked29 tilsette har gjennomført 2 dagars kurs i Porteføljeteori17 tilsette har gjennomført eit 6 månaders selgerutviklingsprogram31 har godkjent systemtrening i Skadeforsikring PM38 har godkjent systemtrening i Personforsikring PM35 har godkjent systemtrening i Finansiering PM42 har godkjent systemtrening i Betalingsformidling PM33 har godkjent systemtrening i Plassering PM51 har godkjent systemtrening i rådgjevingsverktøyet Rådgiver PM

Banken er ein av dei SpareBank1-bankane som har kome lengst i im-plementeringa av kompetanseløftet. Kompetanseløftet vil halde fram i dei komande åra. Banken sine lokale er i tur og orden rusta opp dei siste åra gjennom fleire ut- og ombyggingar. I 2007 vart ombygginga i Hemsedal ferdigstilt og har gjort dette bygget meir tidsmessig og funksjonelt

Resultatet for 2007 i morbankDriftsresultatet før tap og skatt i morbank vart 50,4 mill. kroner eller 1,1 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital. I høve til 2006 er dette ein auke frå 40,5 mill. kroner, eller 1,0 %. Resultatbetringa skuldast i hovudsak auka renteinntekter som følgje av høg utlånsvekst og høgare rentemargin.

Resultatet før skatt er på 44,7 mill. kroner og uendra frå 2006. Etter

UTDRAG FRÅ STYRET SI ÅRSMELDING

30 BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal

Page 31: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

BANKMAGASINET SpareBank 1 Hallingdal 31

fleire år med netto inntekter frå tapspostane gjennom reduksjon i avsetningane, har banken i år bokført 5,6 mill. kroner i tap.

Resultat etter skatt enda på 31,8 mill. kroner mot 32,7 mill. i 2006. Dette gir ein eigenkapitalrentabilitet etter skatt på 4,8 %, og er som forventa, men noko lågare enn banken si målsetting i strategisk plan.

Banken har gjort store investeringar dei siste åra. På personalsida gjennom fleire tilsette og satsing på kompetanseheving, bygnings-messig gjennom nye og moderne lokale tilpassa ønskje om ei kvali-tativt betre rådgjeving av kundane. Styret forventar at desse investe-ringane skal gje auka inntekter i åra framover og har godkjent noko høgare kostnader ei periode.

Utsiktene for 2008Etter betydeleg renteoppgang i Noreg dei to føregåande åra, er det venta ei utflating i 2008. Dette vil kunne føre til sterkare konkurranse på innskots- og utlånsvilkår, spesielt frå nyetablerte bankar med smalare produktspekter.Aktivitetsnivået er venta å blir høgt i entreprenørbransjen i 2008 et-tersom ordrereservane er gode. Fleire store eigedomsprosjekt frå 2007 blir vidareført i 2008 og mange førehandsselde hytter skal førast opp.

Vintersesongen 2007/2008 vil bli svært god. Førehandsbestillingane er 15%-20% opp frå i fjor, og det er ein god indikasjon på forventa vekst for heile vintersesongen. I tillegg er svært gode snøtilhøve med på å auke trafikken.

Prisnivået på fritidsbustader er forventa å halde seg på dagens nivå i 2008. Høgare rentenivå er ikkje venta å påverke prisane vesentleg. Etterspørselen er også forventa å vere god ut året.

Banken har lykkast med si satsing på eigedomsmekling i Hallingdal. Med nytt kontor i Hemsedal og oppkjøp av Terra Eiendomsmegling AS på Geilo er EiendomsMegler 1 vorte den største meklaren i Hal-lingdal. Denne posisjonen vil forsterkast i 2008.

Innafor jordbruket har banken fått ein leiande posisjon på finansier-ing av omstillingar. Banken har ei målsetting om å oppnå same posi-sjon innafor energisektoren og då relatert til minikraftverk.

Den omtala interne satsinga på kompetanseheving der rådgjevarane handterer heile produktspekteret er venta gje ein positiv inntektsef-fekt som blir meir synleg i året som kjem. Banken forventar i 2008 eit resultat på i overkant av 50 mill. kroner før skatt.

I løpet av året er eit nytt selskap kome til, EiendomsMegler 1 Geilo AS (tidlegare Terra Eiendomsmegling Geilo AS) der banken har kjøpt 85 % av aksjane.

Page 32: Bankmagasinet 01.2008 - Sparebanken Hallingdal

Kanskje unødvendig å si det så stort, men de

kommer, rynkene. Enten vi vil det eller ikke. Akkurat

som den siste arbeidsdagen. Da kan det være godt å tenke

på summen som har vokst frem av din månedlige sparing

de siste årene. Hadde du spart 1000 kroner i måneden

i ODIN Norden de siste 15 årene, hadde pengene i

dag vokst til 605 851 kroner. Et behagelig tilskudd til

pensjonen din. Går du med planer om å gjøre noe med

sparepengene dine, eller med planer om å spare penger,

skal du vite at ODINs aksjefond historisk kan vise til

gjennomgående gode resultater. Dette mener vi skyldes

grundighet, tålmodighet og dyktighet. Kontakt oss på

telefon 22 01 02 04, så forteller vi deg mer om langsiktig

sparing og om avkastningen i våre aksjefond.

ODIN Forvaltning AS. Gjennomsnittlig årlig avkastning for spareavtale i ODIN Norden siste 15 år har vært 14,80%. Tall pr. 31.03.2008. Historisk

avkastning er ingen garanti for fremtidig avkastning. Fremtidig avkastning vil bl. a. avhenge av markedsutviklingen, forvalteres dyktighet, fondets risiko,

samt kostnader ved tegning, forvaltning og innløsning. Avkastningen kan bli negativ som følge av kurstap.

www.odinfond.no

KF62 D

inamo

Sats

/Mon

tasj

e: H

allin

gdøl

en A

S - T

rykk

: Dag

blad

Try

kk A

S - T

illeg

g til

Hal

lingd

ølen

8. a

pril

2008

.