aurland næringsutvikling

8
AURLAND - DRIFTIG, RAUS OG EKTE

Upload: andrea-marie-henden

Post on 25-Mar-2016

217 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

Advertisement for Aurland local county.

TRANSCRIPT

Page 1: Aurland næringsutvikling

AurlAnd- driftig, rAus og ekte

Page 2: Aurland næringsutvikling

næringsliv

2

Aurland kommune har eit mangfaldig næringsliv, der naturen, landskapet og dei rike naturressursane dannar grunnlaget for mykje av næringsaktiviteten i kommunen. Det er lange tradisjonar for småskala-landbruk og matproduksjon i Aurland. Dei frodige fjellbeita og det bratte terrenget frå fjord til fjell gir optimale tilhøve for geite- og sauehald.Dei siste åra er det dessutan bygt opp mykje kompetanse innan natur- og kulturbaserte næringar, der m.a. Sogn jord- og hagebruksskule har vore ein sentral aktør. Her finst også den einaste økologiske landslina i Noreg.

Den storslegne naturen har sett Aurland på verdskartet og dannar grunnlaget for ei sterk reiselivsnæring, med solid kompetanse. Med Flåmsbana som denstore attraksjonen, ein stadig aukande cruiseskiptrafikk,og med ein natur som lokkar friluftsinteresserte frå fjernog nær er det skapt mange arbeidsplassarinnan reiselivet.

Med Nærøyfjorden på UNESCO si verdsarvliste harområdet fått ytterlegare auka status blant besøkandefrå heile verda.

Page 3: Aurland næringsutvikling

Aurland har også store vasskraftressursar, som har gitt kommunen solide inntekter og mange arbeidsplassar. E-CO Energi driv i dag 6 kraftverk i området, og er ein av dei største arbeidsplassane i kommunen.

3

Page 4: Aurland næringsutvikling

Do you have plans to move to Norway for starting up a new future within a variety of branches? Aurland Municipality offers a wide range of work possibilities, both in the private sector and local government.

go nortH!CoMe to AurlAnd, fJord norWAY!

farmingHydro electric Powertravel trade, hotel, restaurant, guiding, salesConstructing both power plant, roads, houses retail landscape planning processes including planning preservations several jobs within the local government organization

For detailed information aboutAurland Business Development:

Olav Lühr,Phone +47 90030374E-mail [email protected] www.aurlandnu.no www.aurland.kommune.no

4

Page 5: Aurland næringsutvikling

go nortH!CoMe to AurlAnd, fJord norWAY!

oPPvekst og utdAnningDet er trygt å veksa opp i Aurland kommune. Vi har full barnehage-dekning, med fire barnehagar. Tre av desse vert drivne i regi av kommunen. I tillegg har vi Spiren barnehage, som er privat og ligg idyllisk plassert på området til Sogn jord- og hagebruksskule.

Barne- og ungdomsskulen ligg på Aurlandsvangen (1.-10. klasse), og står fram som heilt ny etter å ha vore gjennom ei totalrehabilitering. Barneskulen i Flåm (1.-7. klasse) vart renovert og utbygd for få år sidan.

De er også vidaregåande utdanning ved Sogn jord- og hagebruksskule, der det vert undervist i økologisk landbruk og gartnarnæring. Dei fleste ungdomane i Aurland tek vidaregåande utdanning i Sogndal, og for desse elevane tilbyr Aurland kommune båtskyss, slik at dei kan bu heime under utdanninga.

5

Page 6: Aurland næringsutvikling

kultur og fritid

6

Aurland har mange kultur- og fritidsaktivitetar å by på. Uansett alder vil du finne eit godt idrettstilbod gjennom Aurland idrettslag. Aurland stadion har grasbane og friidrettsbane, og i Aurlandshallen som ligg like attmed, har du mykje plass å boltre deg i. Med stor idrettshall, klatrevegg og trimrom kan du delta i både organisert treningsaktivitet eller på eige initiativ.

Aurlandshallen har og ei topp moderne innandørs miniatyrskytebane som vert drifta av Aurland Skyttarlag. Skyttarlaget har og ei flott utandørs skytebane på Loven, 5 km frå Aurlandsvangen.Musikk- og kulturskulen driv undervisning i song, ulike musikkinstrument og andre kulturformer, og har fostra fram mange flotte, unge musikk- og kulturtalent.

Page 7: Aurland næringsutvikling

Aurland er eit eldorado for friluftsinteresserte. Den flotte naturen gjev både innbyggjarar og besøkande rikt høve til å utøve eit aktivt og variert friluftsliv. Jakt og fiske er populære fritidsaktivitetar for mange, og for dei som likar å gå eller sykle, fins det mange flotte turalternativ nede i bygdene og oppe på fjellet, både sommar og vinter.

7

Page 8: Aurland næringsutvikling

Aurland Næringsutvikling AS | PB. 5, 5741 Aurland | Telefon: +47 900 30 374 | E-post: [email protected]

i sAMMArbeid Med:

www.aurlandnu.no

Bli glad i Aurland du og!

Velkomen!Noralv Distad

OrdførarLedige

kontorlokale

Ledig næringsareal

Berre du

manglar

Aurland -

kommunen som

«heile verda»

besøker.

Aurland –

blant dei 11 beste

kommunane i landet

på næringsutvikling

i 2011! Har du høyrt omein sutalaus bank før?

Ring banksjefen i Aurland Sparebank

og spør han.

Toppturar rett utanfor kjøken-

vindauge

AurlAnd

flåMgudvAngen

undredAl

kArt over indre sogn

gasta.no | Foto: w

ww

.Oransje.com

, E-CO energi, Sogn Jord og H

agebruksskule, Visit fl

åm, Finn Loftesnes, terje r

akke,google

I Gudvangenvert det utvunne

Anortositt. Her fins verdas største kjente forekomst av denne

bergart.

E-CO energi –tilbydar av

kompetanse-arbeidsplassar i

Aurland.

sognefJorden